Herfindalen

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 13:05, 9 januar 2024 by Rolferik (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald


Gards og ættesoge for Herfindal.


GNR. 15 HERFINDAL


Innhaldsliste

INNLEIING

Denne garden ligg i ein dal rett aust for Vaksdal. Det gamle gardstunet låg 350 m.o.h. På alle kantar er det høge fjell. I nord ligg Bjørnsnipa 699 m.o.h. og Sedalshesten 809 m.o.h. I sørvest ligg Bogafjellet Saualegdna 633 m.o.h. I sør og søraust ligg Blåfjellet med toppar frå 782 til 792 m.

I desse fjelltraktene er det fleire store vatn: Krosstjørnane, Svartavatnet, Smørtjørna, Klenavatnet, Flatavatnet, Fossavatnet og Buhellervatnet. Dei har avlaup til elva som renn framom Herfindalen og ut i fjorden ved Vaksdal. Elva renn gjennom ein trong dal, Ardalen. 7 km. i nordaust, på grensa mot Samnanger, ligg det store vatnet Herfangen 681 m. o.h. Frå dette vatnet renn ei elv gjennom Klungerdalen til Kvitingen i Samnanger.

Gardsnamnet var skrive Herfangsdalir 1340, Hærfangxdale 1463, Herfangxdalen 1490, Herfossdal 1610, Herfotzdall 1620, Herfundsdall 1611, Herfindsdallen 1667 og Herfindall 1723. I nyare tid finn ein skriftformene Herfendal, Herfindal og Herfindalen. Bygdemålsuttalen er hæ'rfendalen. Dei som har gardsnamnet som slektsnamn, brukar forma Herfindal.

Namnegranskarane har vore uvisse på korleis dei skulle tolka fyrstelekken i namnet. Den vanlege tydinga av ordet herfang er rov, krigsbyte. Det synest ikkje å gje brukande meining i eit stadnamn, meinte Magnus Olsen. Men herfang kan også tyda harejakt eller harefangst. Både Oluf Rygh og Magnus Olsen tykte det gav betre meining. Dei var klår over at det låg eit vatn som heitte Herfangen eller Store Herfangen i fjellet nordaust for garden. Men dei la vekt på at elva frå Herfangen rann ein annan veg. Det meinte dei tala imot teorien om at garden var oppkalla etter vatnet.

Det gjekk ein gamal ferdsleveg framom Herfangen. Ferdafolk og fedrifter frå Hallingdal, Indre Sogn og Voss brukte denne vegen når dei skulle fara over land til Bergen. Ei grein av denne vegen gjekk framom Herfindalen og ned til Vaksdal. Sjå, Den gamle driftevegen, av Åsmund Hatlestad.

Det finst fleire segner om garden og gardsnamnet. Ei segn fortel at dei fyrste som slo seg ned her, var to jenter frå Voss. Dei var jaga heimanfrå og skulle halda seg løynde for folk to år. Dei heldt til under ein heller. Ein mann frå Samnanger fann desse jentene ein gong han for i fjellet. Han slo seg i lag med dei. Bustaden deira skulle vera Arsgota, eit par km. innanfor tunet i Herfindalen.

I Samnangerboka er det attgjeve ei segn: Ein nesjakonge frå Samnanger og ein nesjakonge frå Voss møttest i fjellet for å gjera opp ei usemje. Dei var mannsterke, så det vart eit stort slag. Det enda med at samningane vart kringsette og nedhogne på eit vatn. "Dalen og vatnet heiter sidan Herfindalen eller Herfangdalen etter di vesserne tok so mykje herfang der." Sjå Samnanger I s. 461 og 462. Segna om slaget på Herfangen kjende dei gamle her i bygda også godt til. Dei var opptekne med å finna minne om det store slaget. Ein av brukarane i Herfindalen hadde funne perler i ein gravhaug ved Herfangen, fortaldest det.

Då Vaksdal Mølle dreiv med dambygging i fjellet i 1890-åra, dreiv eit par av arbeidarane i fritida og grov ut nokre haugar ved Herfangen. Dei trudde det kunne vera gravhaugar. Men dei fann ingen ting som kunne stadfesta det.

På Herfangsfetæ er det merke etter grunnmurar, truleg etter seterhus.

Namnet Ardalen kjem truleg av det gamalnorske ordet for elv, á. Ardalen var dalen der elva rann. Herfangsdalen var dalen der vegen til Herfangen gjekk. Og frå Herfangen kunne dei koma seg vidare etter fjellvegar både mot Bergen, Samnanger, Hardanger, Voss og landet lenger aust. Desse fjellvegane var viktige samferdsleårer i gamal tid. I Bergsdalen var det ein gravhaug på Hatlestad, like ved den gamle ferdslevegen. Då dei grov ut haugen 1953, fann dei eit leirkar frå 400-talet. Sjå Gamal busetnad, av Åsmund Hatlestad.

Ferdsla etter fjellvegane styrkte busetnaden i fjellbygdene. Fjell-folk og ferdafolk hjelpte kvarandre med handelsvarer, husrom, tilsyn og mat for folk og fe. For busetnaden i Herfindalen har desse tilhøva hatt mykje å seia. Kva tid dei fyrste fastbuande slo seg ned her, er det vanskeleg å slå fast. Her er ikkje fornfunn. Segna om dei to vossajentene gjev heller ikkje noko haldepunkt for tidfesting. Kor mykje sanning det elles er i denne segna er det ikkje lett å slå fast.

Det eldste skriftlege vitnemålet er eit dokument frå Munkeliv kloster i Bergen 1340. Innhaldet er attgjeve i eigarsoga nedanfor. Brevet gjev eit eineståande og levande bilete: Garden har lege øyde 10 år og er mykje overvaksen av skog. No har klosteret gjort avtale med ein mann, Eirik Einarsson, om å rydja garden på nytt og setja opp nye hus. På visse vilkår skulle Eirik verta eigar av halve garden. Dette dokumentet vart skrive 10 år før Svartedauden herja landet og la mange gardar øyde. Vart Herfindalen liggjande øyde på nytt?

Gamle Mikjels-Olav Herfindal f. 1862 fortalde at då Svartedauden kom, løyste dei beista og let dei gå til fjells. Dei folka som var friske, strauk og til fjells. Dei måtte røma frå dei sjuke for å berga livet. I dei skriftlege kjeldene finn me ikkje noko sikkert prov for at Herfindalen vart liggjande øyde på 1400- og 1500-talet. Men kjeldene er knappe. I jordeboka åt Munkelivklosteret er garden nemnd 1427, 1463 og 1480-90. I leidangslistene finn me garden 1590. Ein gard Dall er med i lista 1563, men det kan vera Sedalen. Oppgåvene syner nedgang i landskylda frå 5 laupar 1340, 3 laupar på 1400-talet og heilt ned til 1/2 laup 1626. Dette tyder på at eigaren hadde store vanskar med å få bygsla bort garden.

" Ingen herligheed till Men er en Scharp Field Jord och ringe til Korn" skriv landkommisjonen 1661. I matrikkelen 1723 finn me dette: " Herfindal 2 Mænd landskyld 2 pd. Smør. Opsidderne ejer hver Helften. Ingen Huusmandspladser. Intet Sæter. Brendeveed. 1 flomqværn. Intet fiskerie. Ligger 1/2 Miil fra Søen, og 4 1/2 Miil fra Bergen meget aarvant til Korn og temmelig til Høe. Saar havre 1 t. Afler 3 t. 9 Kiør 3 Ungnød 12 faar 1 Hest. Lever allene av Qvægetz avling." Den fyrste kjende brukaren etter Eirik Einarsson heitte Jon. Han er nemnd i fleire kjelder 1610. 1630 var her 2 brukarar. Dei hadde kvar si helvt av garden.

Brukarane fekk kjøpa bruka sine 1721. Etterpå skaut bruksdelinga fart. Den eine av brukarane, Johannes Knutsson, delte bruket sitt mellom to søner 1730. Sjå bnr. 5 og 6. Den andre brukaren, Eirik Monsson, miste kona si 1737. I arveskiftet vart jorda delt mellom enkjemannen og 3 born. Dette førde til ei deling i 2 jamstore bruk, odelsløysing og samanslåing att i åra 1752- 1770. Men etter 1770 var todelinga fast. Sjå bnr. 1 og 8.

Oppdelinga heldt fram på 1800-talet. Eit nytt bruk, Haugen eller Ytstehaugen, vart utskilt i felles utmark 1836. Sjå bnr. 9. 1862 vart bnr. 1 delt i to jamstore partar. Sjå bnr. 1 og 4. 1864 vart ein liten part skilt ut frå bnr. 6. Sjå bnr. 7.

Sist på 1800-talet var det 7 gardsbruk i Herfindalen.

I daglegtalen heitte bnr. 1 Joane, bnr. 4 Mikkjelsgarden, bnr. 5 Monsane, bnr. 6 Ådnegarden, bnr. 7 Kristibrekka eller Perahaugen, bnr. 8 Erikane og bnr. 9 Haugen eller Ytstehaugen. Bnr. 7 og 9 låg i gamal utmark framme på høgda mot den djupe Ardalen. Det siste bruket som vart frådelt låg nede i Ardalen. Der var det eit gamalt husmannsplass i felles utmark. 1877 fekk ein brukar i Sedalen kjøpa dette plasset. Sjå bnr. 2.

Dei andre 5 brukarane budde i det gamle tunet som låg på grunn jord midt i innmarka. Øvst stod ei rekkje med stovehus: Fyrst stova åt bnr. 5 Monsane, så stova åt bnr. 6 Ådnegarden, så kom stova åt bnr. 1 Joane. Sist i rekkja kom kårstova åt bnr. 4 Mikkjelsgarden. Innåt denne stova stod det ei lita løe med eit skjol attåt. Stovehuset åt bnr. 4 stod framfor og nedanfor kårhuset. Stovehuset åt bnr. 8 Erikane stod nede i bakken, midt framfor stova åt bnr. 6.

Det eldste huset i tunet var ei rotstove som bnr. 1 åtte. Innåt rotstova var det gang og bu med svalgang på oppsida. Stovehuset åt bnr. 4 var røykstove med gang og bu, og vedskjol i den eine enden av huset. På bnr. 6 hadde dei stove, gang og kammers, med vedskjol på nordsida.

Nedst i tunet stod det 2 løer med florar under. Bnr. 8 hadde den eine. Den andre åtte bnr. 1 og 4 i lag. Desse to bruka hadde høyrt i hop til 1862. Løene åt bnr. 5 og 6 stod lengst nord. Midt i tunet hadde bnr. 8 eit lite geithus.

Stovehusa hadde tak av never og torv. Dei fleste løetaka var av store steinheller. Til kledning på løene brukte dei både brake, bord og steinheller. Hellene var ofte over ein kvadratmeter store. Heller var også brukte til brulegging og trappesteinar. Ein kjenner ikkje til kvar dei henta desse hellene. Det er ikkje funne noko fjellparti med merke etter hellebrot.

"Garden ligger for høit tilfjelds til at Kornet kan modnes". Dette sitatet er henta frå Herredsbeskrivelsen av 1863. Likevel freista dei å dyrka korn. 1665, 1723 og 1863 er det oppgåver over sånad og kornavling. Sjå avlingsoppgåvene nedanfor. 1863 var åkervidda 20 mål. 5 mål var god åker. 4 3/5 mål var middels god. 10 2/5 mål var ring åker. Engvidda var vel 104 mål. 23 mål var god eng. 22 mål var middels god. 59 mål var ring eng. Høyavlinga var 2660 våger. 1080 våger høy kom frå slåttene.

Offentleg utskifting over innmarka vart tinglesen 1945. Før utskiftinga var det mykje teigblanding.

"Næsten intet Brænde ikke Husveed", står det å lese i Herredsbeskrivelsen av 1863. Men dei hadde noko torv som kunne nyttast til brensel. Her er mange myrar der det syner merke etter torvtaking. I 1860-åra bygde Mikkel Olsson nytt stovehus på bnr. 4. Han fekk hogd tømmer på Grønsdal i Samnanger. Han frakta tømmeret på vinterføre over fjellet til Herfindalen. På høgda over Herfindalen er det ein haug dei kallar Tømmerhaugen. Namnet skal koma av at Mikkel lagra stovetømmeret sitt der.

Skogmengda har veksla mykje fram gjennom tida. Ein gong vaks det stor og grov fureskog i dalen. Både på innmarka og i utmarka finst det mange furerøter. 1977 hadde Vaksdal Mølle gravingsarbeid i gang på Flatenga nord for tunet. Dei grov då opp ein stor furestomn med rot på. Stomnen låg i våt svartjord og var frisk i veden. 1340 var garden mykje skogvaksen, står det i avtalen mellom Munkeliv kloster og Eirik Einarsson. Dei 10 åra då garden hadde lege øyde, hadde skogen fått veksa i fred. Dei meiner at stort husdyrtal og beiting har halde skogen nede i seinare tid.

Ei segn fortel om korleis den store fureskogen kom vekk. Dei sette eld på skogen for å røykja ut fredlause folk som hadde gøymt seg der.

I seinare år har dei planta noko gran. Villfurer tek også til å spira. Elles er det mest lauvskog.

"Omtrent 3/4 Miil meget daarlig Gangstievei til Søen og derfra 4 1/2 Miil Søvei til Bergen." Slik var gardsvegen i 1860-åra. Den vanlege vegen tok opp lia frå Sedalen, gjekk om Sjoaleitet, Juvet og Lona, vidare over Heia og ned i Herfindalen. Dei hadde ein snarveg gjennom Ardalen. Då tok dei seg sørvestover frå Herfindalen over høgder og fjellbruner ned mot Ardalen. Der var det ei stokkbru over elva. Snarvegen gjekk over Tolåsen, langs skoglia heim til Vaksdal. Dei måtte kryssa elva to gonger. Når elva var stor, var ikkje snarvegen farande.

Kring 1900 hadde Vaksdal Mølle arbeid i gang med kraftverksdam oppe ved fjellvatna. Dei forbetra vegen frå sjøen til Sedalen og bygde ei provisorisk bru over Sedalselva. 1901 fekk Bruvik kommune søknad om gardsveg. Søknaden vart stetta. Brukarane i Herfindalen tok på seg pliktarbeid på vegen i 10 år. Dei store bruka skulle yta 60 dagsverk for året, dei små bruka 40 dagsverk. Vegen var ferdig 1912. Seinare vart vegen utvida ein del i samband med anleggsarbeida åt Vaksdal Mølle.

Kvernstøet var ved Kvednhushølen innved Sauehølsfossen. 1723 var det 1 kvern på garden. Seinare vart det fleire kvernar, etter kvart som brukstalet auka. Oftast åtte fleire bruk kvern i lag.

Vassrettane i Herfindalen er viktige for møllebruka på Boge og Vaksdal. 1866 fekk Gerdt Meyer tinglyst eit dokument som gav han rådevelde over 3 vatn i utmarka. Rett til oppdemming av vatna vart tinglyst 1875. 1878 vart eit stykke felles utmark utskilt og selt til Gerdt Meyer. Sjå bnr. 3.

1884 og 1892 vart det tinglyst dokument om stemmene ved Flatavatnet og Klenavatnet. 1899 fekk eigarane av Vaksdal Mølle rett til å leia avlaupet fra 4 vanntjørn til Flatavatnet. 1942 vart det tinglyst kontrakt mellom brukarane i Herfindalen og Vaksdal Mølle om regulering av Varatjørnane og utnytting av nedslagsdistriktet deira. Eigarane av Boge Mølle fekk rett til å demma opp Krosstjørnane 1898. I desember 1912 vart det gjort semje om at arbeidet med utbygging av vassdraget kunne setjast i gang straks. Semjene vart tinglyste 1954. 1913 vart Vaksdalsvassdraget skilt ut som eige bruksnummer. Sjå bnr. 10. Etter skøytet som vart tinglese 1916 hadde eigaren av Vaksdal Mølle rett til å ta i bruk turvande grunn til alle anlegg som stod i samband med utbygging av vassdraget, m.a. til kraftlinjer. Kjøparen hadde plikt til å levera kvar av seljarane 2 hk. Kraftstasjonen står på Ardalsflatane. Tomta vart utskild frå bnr. 2 1914. Sjå bnr. 11.

Bruka i Herfindalen var små, og det var naudsynt med attåtnæring. Fleire av herfindølene slo seg på handel. Det var visst Olav Persson Grauo frå Voss som var den fyrste. Han vart gift med enkja på Eriksbruket 1812. Olav vart tidleg kårmann. Han dreiv skreppehandel saman med sonen Per. Styksonen Knut dreiv storfehandel. Sjå bnr. 7 og 8.

Olav Olsson på bnr. 9 dreiv både fehandel og hestehandel.

Endå om dei skaffa seg attåtinntekter, var det vanskeleg å brødfø alle som budde på garden. Ein vinter i 1840-åra budde her 75 menneske, vert det fortald. Folketeljingar og andre oppgåver syner at det jamtover budde 50-60 menneske i Herfindalen i tida 1850- 1910. Mange yngre folk drog til Amerika.

I Lake Park, Minnesota, var det ei bygd dei kalla Herfindalen avdi det budde så mange herfindøler der.

Mange flytte til Vaksdal, Boge eller andre bygder i nærleiken. Der var det gardar til sals og arbeid å få i industrien. Då Vaksdal Mølle bygde ut kraftverket i Ardalen, arbeidde fleire herfindøler der. Arbeid utanfor garden gjekk over frå attåtyrke til hovudyrke. I 1960-åra var gardsdrifta nedlagd på dei fleste bruka.

Vaksdal Mølle eig no fleire av gardsbruka. Vaksdal Mølle fekk skøyte på bnr. 4 1916, bnr. 6 1953, bnr. 8 1959. Det er også gjort fleire makeskifte. Sjå bnr. 12, 13 og 14.


SKYLD, - SKATT, FØDNAD, AVLING OG FOLKETAL

Landskyld 1340: 5 laupar smør, 1427 og 1480- 1490: 3 laupar, 1626: 1/2 laup smør (= 35 merker), 1648- 1837: 2 pund smør (= 48 merker). Ny skyld 1838:1 dalar 4 ort 16 sk. 1886: 2,98 skm.

Leidang 1590- 1591: 1 kalvskinn. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 2 m. 6 sk., kandtiend 1 mele, småtiend 5 sk. 1 hvid. Fødnad 1657: 2 hestar, 1 okse, 10 kyr, 4 kviger. 15 geiter, 35 sauer. 1665: 14 storfe, 1 hest. 1723:9 kyr, 3 ungfe, 12 sauer, 1 hest. 1863: 36 kyr, 12 ungfe, 61 småfe. 1865: 50 storfe, 65 sauer, 26 geiter, 2 griser.

Sånad 1665: 1/2 tunne korn, avling 2 1/2 tunne. 1723: Sånad 1 tunne, avling 3 tunner. 1863: Sånad 8 3/4 tunner havre, 17 tunner poteter, avling 27 tunner havre, 50 tunner poteter, 2660 våger høy, 158 våger halm. I slåttene hausta dei 1080 våger høy.

Folketal 1865: 57. 1910: 53.


EIGARAR

Mikaelsklosteret i Bergen åtte garden 1340. Dette går fram av eit brev som var sett opp i Bergen 11. juli 1340. Brevet har dette innhaldet:

"Alle menn som ser eller høyrer dette brevet sender bror Hogne med Guds tolmod Abbed ved Mikaelsklosteret i Bergen og alle konventbrørne i klosteret Guds og si helsing Fadervår.

Me gjer kjent for dykk at på Benediktsmessedag om sommaren i det året då det var gått 1340 vintrar frå Vår Herre Jesu Kristi fødsel vart denne kontrakta inngått mellom oss og Eirik Einarsson om ein jordeigedom på 5 månadsmatbol i leige, som ligg i Bruvik kyrkjesokn i Oster, og heiter Herfangsdal. Denne garden har lege øyde i 10 vintrar, og er mykje overvaksen av skog. Me gjer kjent at me overdrog denne garden til Eirik Einarsson på den måten at Eirik skal rydja garden på nytt og setje opp hus på eigen kostnad. På desse vilkår blir Eirik og hans arvingar eigarar av halvparten av garden. Til vederlag for dette skal Eirik og arvingane hans svara full åbot, og for all framtid halda alle hus på garden i leigefør stand. Fyrste året Eirik driv garden, skal Abbeden og brørne ha 3 laupar smør i leige, og jamnleg sidan så mykje meir som garden aukar i verde. Verdeauken blir fastsett av skjønsmenn som blir lovleg innkalla. I samsvar med deira skjøn skal garden auka i landskyld og i leidang for kongen."

Mikaelsklosteret i Bergen er best kjent under namnet Munkeliv Kloster. I jordeboka åt klosteret 1527 er Herfindalen sett opp med ei landskyld på 3 laupar smør. I staden for at landskylda hadde auka etter 1340, hadde ho minka. Viktigaste grunnen til dette var nok Svartedauden 1349. Den førde til eit fall i landskylda og gjorde at mange gardar vart liggjande øyde. Om Herfindalen var øydegard ei tid er uvisst. Men fallet i landskylda kjem tydeleg fram i oppgåvene frå 1600-talet. Munkelivklosteret er framleis oppført som eigar, endå garden var statseige etter reformasjonen. Men Munkelivsgodset var ei eiga forlening. Dei som førde bøkene heldt på den gamle nemninga, også etter at godset var drege inn under kruna.

Som så mykje anna krungods vart Herfindalen seld i siste halvpart av 1600-talet. Dei fyrste private eigarane er nemnde 1676. Det var Ludvik og Rasmus Stud. 1694 var rådmann Christian Henningsen eigar av garden, 1718 var Henninge Smidt eigar. 1721 gav Henninge Smidt skøyte til dei 2 brukarane. Etter den tid har dei fleste brukarane vore sjølveigarar.


BRUKARAR FØR 1750

Den fyrste kjende brukaren var Eirik Einarsson. Etter den skriftlege kontrakta som vart oppsett 11. juli 1340, skulle Eirik Einarsson rydja oppatt garden som hadde lege øyde i 10 år og byggja nye hus. Sjå Eigarsoga ofr. Ved denne kontrakta vart Eirik Einarsson og etterkomarane hans eigarar av halve garden. Korleis det gjekk med Eirik og etterkomarane hans er ikkje kjent. 1427 åtte Munkelivsklosteret heile garden, så det er truleg at det ikkje har gått slik det var tenkt då kontrakta vart sett opp 1340.

Den neste brukaren som er nemnd i dei skriftlege kjeldene heitte Jon. I Landskattelista 1611 finn me han mellom øydejordsmenn som betalte 1/1 dalar kvar i skatt. I tillegg til denne opplysninga finn me ei annan opplysning om Jon i Sakefallregisteret 1610- 1611. Jon fekk då ei mulkt på 4 dalar fordi han hadde hatt buande hjå seg ein mann som var ettersøkt for ulovleg jakt.


Morten er neste brukar. Han finn me i skattelista 1620. I Landskattelista 1630-31 finn me Eirik og Guttorm Herfindal mellom øydejordsmennene. Eirik er truleg den Eirik Bastesson som er nemnt nfr.


Eirik Bastesson f. om lag 1606 d. før 1670 var brukar på halve garden frå 1630-åra. Eirik og kona Marta er nemnde i Koppskattemanntalet 1645. Marta levde til etter 1670.

Born:

  1. Eirik 1644-, brukar på Jamne.
  2. Brita 1647-, g.m. Mons Hekland, b. Hekland bnr. 1.
  3. Mons ca. 1660-, sjå nfr.


1721 skøyte til Mons Eiriksson. Han hadde vore brukar sidan 1694. Mons fekk skøyte 8.1. 1721 og gav skøyte til sonen Eirik 8.6. same år. Mons Eiriksson f. om lag 1660 d. 1737 var gift, men namnet åt kona er ikkje kjent. Ved skiftet etter Mons 1737 vart arven delt mellom døtrene Dordi, Ingebjørg og Cecelia. Dei fekk berre lausøyre. Det vart verdsett til 1 dalar og 6 skilling til kvar arving. To av dei andre borna, Eirik og Anna, er nemnde i skiftet, men ikkje som arvingar. Eirik hadde fått skøyte på farsgarden, og Anna var gift til Indre-Boge. Anna hadde vel fått heimanfylgje då ho gifte seg.

Born:

  1. Johannes 1680-.
  2. Anna 1691-, g.m. Eirik Monsson Indre-Boge, sjå Indre-Boge bnr. 6.
  3. Eirik f. og d. 1693.
  4. Marta 1694-.
  5. Eirik 1697-, brukar her.
  6. Dortea f. og d. 1696.
  7. Dortea 1697-.
  8. Eirik f. og d. 1700-.
  9. Brita 1701-.
  10. Marta 1704-, g.m. Mikkel Ørjansson Vaksdal, b. Fyllingslid. Sjå Fylingslid, husfolk.
  11. Cecelia 1707-, g.m. ekm. Magne Bastesson Ytre-Bruvik, b. Jamne.
  12. Brita f. om lag 1706-1766, g.1.g.m Fabian Olsson Løtveit, b. Hakenes. Sjå Gjerstad s. 222 og 223. G. 2. g. m. Lars Larson Olsnes 1692-1772, sjå Sjå Olsnes Brukarar før 1700 og Sjå Ytre-Bruvik bnr. 9.
  13. Sjur 1726- 1772, ug.


1721 skøyte til Eirik Monsson 1697- 1766, g.1 .g.m. Brita Pedersdtr. Ytre-Boge bnr. 1 1700- 1737.

Ved skiftet etter Brita Pedersdtr. 1737 vart jordgodset, i alt 24 merker smør, verdsett til 20 rdl. Buet hadde ikkje anna jordegods enn eigedomen i Herfindalen. Enkjemannen ervde halvparten, slik at han no åtte ein fjerdepart av garden, mot før ein halvpart. Den andre fjerdeparten vart utlagt til sønene Nils og Mons og til dottera Ingebjørg. Dette arveskiftet førde til ei bruksdeling. Sjå bnr. 1 og bnr. 8.

1746 tok Eirik odelslysing på vegne av borna sine til ein gardpart i Ytre-Boge. Sonen Nils vart brukar der. Sjå Ytre-Boge bnr. 1.

Born:

  1. Johannes 1723- 1737.
  2. Knut 1725- 1737.
  3. Ingebjørg 1727-, g.m. Markus Nilsson, sjå bnr. 1.
  4. Nils f. og d. 1730.
  5. Nils 1731-, brukar på Ytre-Boge, sjå Ytre-Boge bnr. 1.
  6. Ingeborg f. og d. 1734.
  7. Mons 1735-, sjå bnr. 1 og 8.

Eirik Monsson g.2.g.m. Anna Knutsdtr. Kallestad 1701- 1735. Sjå bnr. 8.


På andre helvta av garden var Jon Pedersson og kona Brita brukarfolk 1645. Jon var fødd om lag 1594. Han var føderådsmann i 1666, og var då 72 år gamal.

Barn:

  1. Nils 1634-, sjå nfr.


Nils Jonsson f. 1634 vart brukar etter faren. Nils var gift, men namnet åt kona er ikkje kjent. 1657 hadde dei ein fødnad på 1 hest, 6 kyr, 1 kvige, 6 geiter og 14 sauer.

Born:

  1. Mons 1654-, brukar i Sedalen.
  2. Peder 1655-, sjå Ytre-Boge bnr. 1.
  3. Knut 1656-, brukar her.
  4. Johannes 1659-.
  5. Oluf 1662-.
  6. Jon 1664-.
  7. Nils 1665-, sjå [[[anghelle]] bnr. 6.
  8. Kristi 1674-, g. 1713 m. Andreas Eiriksson Mele, Nordre Veset. Sjå Haus s. 23.
  9. Brita g. 1722 m. Lars Monsson Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  10. Kari g. 1730 m. Rasmus Nilsson Brakvatn, Hamre.
  11. Inga 1683- 1733, ug.


Knut Nilsson 1656- 1719 vart brukar om lag 1690. Knut overtok den helvta av garden som faren Nils Jonsson hadde hatt. Knut var gift 2 gonger. Namnet åt fyrste kona, som døydde 1699, er ikkje kjent.

Born:

  1. Johannes 1685-, brukar her, sjå nfr.
  2. Nils 1689- 1708.
  3. Olav 1693-, brukar i Kvitingen, Samnanger, g.m. Kari Olsdtr. Sjå Samnanger I s. 576.
  4. Anna 1698- 1755.
  5. Sjur f. og d. 1699.

Knut g.2.g.m. Marta Sjursdtr. 1642- 1733.


1721 skøyte til Johannes Knutsson på den helvta av garden som faren og farfaren hadde hatt. Johannes hadde drive denne jorda frå om lag 1710. I Major Storms kompanirulle av 1711 står det om Johannes at han var 30 år gamal, hadde tent som postkar i 30 år, var gift, var gardbrukar og hadde 1 barn.

Johannes 1685- 1751 gifte seg 1708 med Anna Danielsdtr. Vaksdal d. 1764.

Johannes delte jorda mellom dei to eldste sønene Sjur og Olav. Sjå bnr. 5 og 6.

Born:

  1. Sjur 1709-, sjå bnr. 5.
  2. Olav 1714-, sjå bnr. 6.
  3. Magdeli 1719-, g.m. Sjur Ørjansson Vaksdal, brukar på Vaksdal.
  4. Knut f. og d. 1722.
  5. Kristina 1742- 1749.
  6. Jon 1743- 1817.

BRUKARAR

BNR. 1.

Daglegnamn: Joane.

Gamalt løpenummer 57. Nytt løpenummer 1853: 499.

Gamal landskyld og skatteskyld 12 merker smør. 1838 ny skyld 2 ort 10 sk. Ved frådelinga av bnr. 9 minka skylda på dette bruket med 1 1/2 mork smør, eller 7 sk. Frådelinga vart gjort 1836, men var tinglyst 1851. I den reviderte matrikkelen 1853 er alle hovudbruka oppførde med 10 1/2 mork smør i gamal skyld, 2 ort og 3 sk. i ny skyld. 1886: 0,31 skm. 1956: 0,26 skm.

1863 var det på dette bruket 1 3/5 mål åker. 1 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 9 4/5 mål. Det var 2 1/2 mål god eng, 1 1/2 mål middels god, resten var ring. Sånad: 1 tunne havre, 1 1/2 tunne poteter, Avling: 3 tunner havre, 5 tunner poteter, 270 våger høy, 21 våger halm. I slåttene hausta dei 120 våger høy.

Fødnad: 3 kyr, 2 ungfe, 7 sauer. Det var lite ved til bruket, og ikkje hustømmer, men dei hadde noko brenntorv. Desse opplysningane er frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 har dette bruket ein fødnad på 5 storfe, 9 småfe, og sånaden var 1/2 tunne korn og 2 tunner poteter.


1752 skøyte til Markus Nilsson Skaftå frå verfaren Eirik Monsson, Brukar og sjølveigar frå 1721. Eirik gav skøyte på vegne av sønene Nils og Mons. Dei ervde 4/5 av dette bruket i skiftet etter mora 1737. Ingebjørg Eiriksdtr. ervde 1/5. Då mannen hennar 1752 fekk skøyte på partane åt brørne hennar, kunne Ingebjørg og Markus overta bnr. 1 som sjølveigarar. Før dei overtok dette bruket hadde dei budd til leige på Indre-Boge.

1765 tok Mons, bror åt Ingebjørg, bruket att på odel. I brukarregisteret 1768 finn ein denne merknaden om huslyden: "Husmannen Markus Nielsen Herfindal har for 3 år sidan ikke hatt gårdebruk, og er med hustru og små børn i yderste fattigdom."

Markus Nilsson 1722- 1798 og Ingebjørg Eiriksdtr. 1726- 1798 hadde desse borna:

  1. Nils f. og d. 1749.
  2. Nils 1751-, b. på Skulstad, g.m. Magdeli Andersdtr. Skulstad. Sjå Haus s. 287.
  3. Brita 1753-, sjå Skaftå, leigebuarar.
  4. Ingebjørg 1756-, g.m. Olav Haldorsson Langhelle, sjå Langhelle bnr. 5.
  5. Anna 1757-, d. før 1832.
  6. Eirik 1759-, d. før 1832.
  7. Olav 1762-, d. før 1832.
  8. Knut 1769- 1816, ug.


1765 skøyte til Mons Eiriksson for 20 rdl. I skøytet er det gjort merksam på at Mons Eiriksson hadde odelsrett til denne jorda nest etter broren Nils. Dessutan eig og bur han på ein halvdel av jorda. Seljaren Markus Nilsson skal bu på garden og hjelpa til med arbeidet der.

Som nemnt i skøytet hadde broren Nils Eiriksson, brukar på Ytre-Boge bnr. 1, betre odelsrett enn Mons. Nils let lysa odelsretten sin 1770 og gjorde kjent at han ville løysa inn jorda seinare. Det ser ikkje ut til at dette vart noko av.

Mons var eigar og brukar både på bnr. 1 og bnr. 8 1765- 1770. Han hadde fått skøyte på bnr. 8 1758. Men dette bruket selde han 1770 til Sjur Monsson Vaksdal.

Mons Eiriksson 1735- 1812 var g.1.g.m. Magdeli Mikkelsdtr. 1735- 1791.

Born:

  1. Eirik f. og d. 1759.
  2. Mikkel 1760-, brukar her.
  3. Brita 1762- 1772.
  4. Knut f. og d. 1766.
  5. Gunhild 1767-.
  6. Anna 1770-.
  7. Eirik f. og d. 1773.
  8. Brita 1776-, g.m. Lars Johannesson Indre-Boge, sjå Indre-Boge bnr. 1.

Mons g.2.g. 1792 m. Dortea Johannesdtr. Toskedal bnr. 2 1759-1812. Sjå Toskedal bnr. 2.

Born:

  1. Magdeli 1795-.
  2. Mons 1798-, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


1786 skøyte til Mikkel Monsson for 40 rdl. 1781 og 1784 let Mikkel lysa odelsretten sin til bnr. 8. Mikkel g.1.g.m. Marta Olsdtr., Herfindalen bnr. 6, 1752- 1822. Det var ingen born i dette ekteskapet.

Mikkel g.2.g. 1825 m. Kari Eiriksdtr. f. om lag 1780 d. 1853. Mikkel og Kari hadde fått 3 born saman før dei gifte seg. Kari var frå Sedalen.

Born:

  1. Olav 1806-, brukar her.
  2. Mikkel 1819-, sjå leigebuarar nfr.
  3. Marta 1824-, g. 1858 m. ekm. Kristian Larsson Bjørndal.
  4. Eirik f. og d. 1827.


1827 skøyte til Olav Mikkelsson for 80 sp. og kår til faren og stykmora.

Olav og jenta Magdeli Larsdtr. Indre-Boge bnr. 6 f. 1804 fekk 1829 dottera Brita g. 1857 m. Johannes J. Holsen, Førde.

Olav Mikkelsson 1806- 1873 var g.m. Magdeli Andersdtr. Sandvik 1.809 - 1888.

Born:

  1. Anders 1829-, brukar her.
  2. Kari -, g.m. Olav Johannesson, Herfindalen bnr. 9.
  3. Mikkel 1834-, sjå bnr. 4.
  4. Sigrid 1836-, g.m. Jakob Johannesson Fossdal, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  5. Marta 1842-, g.m. Olav Bessesson, Skreiæ, sjå Skreiæ bnr. 3.
  6. Brita 848 -g. 1872 m. Ole Jakobsson Kalleklev. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  7. Dortea 1849- 1854.
  8. Mons 1851- 1874, ug.


1858 skøyte til Anders Olsson for 150 spd. og kår til foreldra. 1861 gjorde Anders makeskifte med Jon Magnesson og overtok Vaksdal bnr. 6. Sjå Arna s. 431, og Vaksdal bnr. 6, der ein finn slektsopplysingar.


1861 makeskøyte til Jon Magnesson. Jon var frå Ytre-Bruvik bnr. 1. Han kom hit frå Vaksdal bnr. 6, som han hadde drive sidan 1855. Før den tid var han nokre år på Løtveit bnr. 5. Jon delte bruket i Herfindalen med Mikkel Olsson, bror åt den førre brukaren. Sjå ofr. og bnr. 4.

Jon Magnesson 1822- 1881 var g.m. Ingeborg Johannesdtr. Ytre-Bruvik bnr. 6 f. 1821.

Born:

  1. Magdeli 1866-, g.m. neste brukar.


1887 skøyte til Johannes Eiriksson Løtveit bnr. 3 1854- 1924, g.m. Magdeli Jonsdtr. 1866- 1928, dtr. åt den førre brukaren.

Fosterdotter:

  1. Margit Maria 1891-, g.m. neste brukar, dtr. åt Johannes Jakobsson Aldal og Maria Mikkelsdtr. Kallekleiv. Sjå Ytre Arna s. 93.


1923 skøyte til Oliver Olsson 1902- 1959, g.m. fosterdtr. åt den førre brukaren, Margit Maria 1891- 1973. Oliver var frå Herfindalen.

bnr. 9. Born:

  1. Obert 19**-, snikkar, b. Bergen, g.m. Karen Hustig.
  2. Johannes 19**-, sjå nfr.
  3. Ingeborg Gjertina 19**-, g.m. Odd Hansen, sjå bnr. 23.
  4. Mary 19**-, b. Dale, g.m. Georg Bakke. Sjå bnr. 24 nfr.


1965 skøyte til Johannes Oliversson Herfindal f. 1920-d. 1995, mylnearbeidar.


BNR. 2.

Ardalen.

Skilt frå bnr. 1, 4, 5, 6 og 8 1877. Løpenummer: (499 a, 499 b, 500, 501 a, 502 a.) Gamal skyld 10 sk. Ny skyld 1886: 0,12 skm. 1956: Skyld 0,05 skm. etter at bnr. 17 var skilt frå.

Ardalen var husmannsplass frå fyrst av.

1863 vert det opplyst at bygselavgifta på plasset var 38 spd. og den årlege avgifta 1 spd. og 3 ort. Avlinga var 1 tunne havre og 4 tunner poteter, og fødnaden 3 kyr og 4 sauer. Desse opplysningane er frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 finn me desse tala: Fødnad 4 kyr, 10 sauer, 2 geiter, 1 gris, sånad 1/2 tunne havre, 2 tunner poteter.


Plasset vart oppteke 1787 av Nils Olsson Herfindalen bnr. 6, 1746-1826 og kona Brita Mikkelsdtr. f. Skulstad 1737- 1819. Sjå Haus s. 286. Dei var gifte 1770 og budde til leige i Herfindalen ein del år. 1787 fekk dei bygselsetel hjå dei 4 brukarane i Herfindalen på dette plasset, som då var felles utmark. Fyrstegongsavgifta var 4 rdl. Den årlege avgifta var 9 arbeidsdagar årleg på hovudbruka.

Nils Olsson og Brita hadde desse borna:

  1. Anna f. og d. 1770.
  2. Kari 1772-, g.m. neste brukar.
  3. Mikkel d. 1780.


Knut Knutsson Herfindalen bnr. 6, 1783- 1816 var neste brukar her. Han var g. 1805 m. dotter åt den førre brukaren, Kari Nilsdtr. 1772.

Born:

  1. Brita-, g.m. neste brukar.
  2. Knut 1807-1854, sjå leigebuarar.
  3. Nils 1809-, sjå leigebuarar.
  4. Olav 1812-, handelamann, (Olav Ardal), Stanghelle. Sjå Sjå ættesoge for Stanghelle.

Enkja Kari g.2.g. 1817 m. Johannes Larsson Risnes 1788- 1840. Sjå Haus s. 331.


1827 festesetel til Olav Monsson Indre-Boge bnr. 2 1807-1847, g.1.g.m. Brita Knutsdtr. 1806- 1840, dotter åt den førre brukaren her.

Born:

  1. Olav 1826-.
  2. Kari 1829-, g.m. neste brukar.
  3. Brita 1831-.
  4. Knut 1834- 1847.
  5. Anna f. om lag 1835.
  6. Mons f. og d. 1837.
  7. Mons f. og d. 1838.
  8. Mons f. og d. 1839.
  9. Mons 1839-, b. Sedalen bnr. 8.

Olav Monsson g.2.g. 1846 m. enkja Marta Sjursdtr. Austre Kleppe, Hosanger f. 1806. Marta var dotter åt Sjur Olsson Løtveit, Hosanger.

Ho var g.1.g.m. Johannes J. Birkeland b. Austre Kleppe. Sjå Hosanger I 1. del s. 566 - 567, og 616 - 617.


1856 festesetel til Johannes Johannesson Kleppe. Kårbrev til enkja Marta Sjursdtr. vart tinglyst samstundes med festesetelen. Denne festesetelen vart avlyst 1863.


1861 festesetel til Johannes Arnesson og kona Kari Olsdtr. Kari f. 1829 var dotter åt ein tidlegare brukar her. Johannes Arnesson var truleg frå Herfindalen bnr. 8. Sjå også Sedalen bnr. 6.

Born:

  1. Johannes 1859-.
  2. Arne 1863-.
  3. Arne 1866-.
  4. Andreas 1870-.


1877 skøyte til Anders Olsson Sæterdal for kr. 560 frå Jon Magnesson, Johannes Arnesson, Johannes Monsson, Mikkel Olsson og Olav Arnesson, brukarar på hovudbruka i Herfindalen. Anders Olsson var brukar i Sedalen på bnr. 9. Det har også dei seinare eigarane vore. Slektsopplysingar vil ein difor finna under Sedalen bnr. 9.


1879 skøyte til Olav Andersson Sæterdal på dette bruket og Sedalen bnr. 9 for kr. 600 og kår verdsett til kr. 300 for 5 år.


1913 skøyte til Anders Olsson Sæterdal på dette bruket og Sedalen bnr. 9 og 12.


BNR. 3.

Utskilt 1878 frå bnr. 1,2,4,5,6,7,8 og 9. Skyld 3 sk. Ny skyld 1886: 0,04 skm. Løpenummer (499 a b, 500, 501 a b, 502, 503 a).


1878 skøyte til Gerdt Meyer for kr. 1350. Eigedomen var eit stykke av den felles utmarka. Bnr. 3 vart fråskilt utan at skylda på dei andre bruka gjekk ned. Salet til Gerdt Meyer hadde samanheng med at han 1866 hadde fått rett til å demma opp 3 vatn i Herfindalen si utmark. 1875 vart det tinglese eit nytt dokument datert 28.12 1875 og 15.1 1875, der rettane frå dokumentet frå 1866 vart utvida og ein del nye oppdemmingsrettar vart slegne fast. Vederlaget for dette var 800 spd.


1887 vart det tinglyst makeskiftekontrakt mellom Gerdt Meyer m. fl. og eigaren av bnr. 2, Olav Andersson Sæterdal. Sjå bnr. 2.

1915 skøyte til A/S Gerdt Meyer på dette m. fl. bnr. Sjå Vaksdal bnr. 1.

1919 skøyte til Den Norske Stat.

1956 skøyte til A/S Vaksdal Mølle.


BNR. 4.

Daglegnamn: Mikkjelsgarden.

Dette bruket vart 1862 skilt ut frå bnr. 1, som då vart delt i 2 like parter, kvar part med gamal landskyld 5 1/4 mork smør, ny skyld: 1 ort 2 sk. Dette fekk løpenummer 499 b. 1886: Ny skyld: 0,31 skm. 1956: 0,26 skm.

1863 var her 1 3/5 mål Aker. 1 mål var middels god, 3/5 mål var ring åker. Engvidda var på 9 4/5 mål. 2 1/2 mål var god eng, 1 1/2 mål middels god, resten var ring. Her var ikkje dyrkingsjord. Sånad 1 tunne havre, 1 1/2 tunne poteter. Avling 3 tunner havre, 5 tunner poteter, 279 våger høy, 21 våger halm. I slåttene hausta dei 120 våger høy. Fønad: 3 kyr, 2 ungfe, 7 sauer. Desse tala er frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 er det opplyst at dei på dette bruket fødde 6 storfe, 11 småfe og 1 gris, og at sånaden vat- 1 tunne havre og 2 tunner poteter.


1862 skøyte til Mikkel Olsson for 200 spd. frå Jon Magnesson, brukar på bnr. 1.

Mikkel Olsson 1834- 1883 var frå Herfindalen bnr. 1, sjå ofr., g.m. Anna Monsdtr. Jamne 1834- 1898. Ho var frå plasset Nethovdane under Jamne.

Born:

  1. Ole 1862- 1950, brukar her, sjå nfr.
  2. Mons 1865- 1927, b. U.S.A., var gift der og hadde 6 døtre.
  3. Magdeli 1890- 1929, ug. b. her.
  4. Knut 1872- 1873.
  5. Kari 1875-, g.m. Johannes K. Ulevik, brukar her 1906, sjå nfr.


1887 skøyte til Ole Mikkelsson for 800 kr. og kår åt mora, Anna Monsdtr. Det var Anna Monsdtr. som gav skøyte til sonen. Ho var då enkje og sat i uskift bu. I skøytet var det teke dette atterhaldet: "De Huse Sælgersken bebor med tilstødende lade og fjøs tilhører hende." Huset som Anna tok unna hadde mannen hennar, Mikkel Olsson, sett opp då bruket vart utskilt. Det vert fortalt at Mikkel hogg tømmeret til det nye huset i Grønsdalen i Samnanger, og førde tømmeret over fjellet og ned i Herfindalen. Huset hadde rotstove i den eine enden, dør eller gang i midten, og bu i den andre enden. Det var lem over bua. Det er noko uklårt kva som er meint med "tilstødende lade og fjøs". Truleg var det eit lite fjøs og ei løe eller skytje som stod innåt den endeveggen som vende frå dei andre husa i tunet. Dette huset var det siste i ei rekkje med 4 stovehus øvst i tunet. Sjå ofr. under tunskildringa.

Ole Mikkelsson 1862- 1950 var g.m. Magdeli Olsdtr., Herfindalen bnr. 9, 1859- 1889. Ole dreiv farsgarden til 1906. Då selde han garden og flytte til Vaksdal.

Born:

  1. Mikael 1884-, anleggsarbeidar. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  2. Anna 1886- 1924, ug. industriarbeidar. Sonen Martin f. 1905 b. Bergen.
  3. Ole Andreas 1888-, sjå bnr. 8.


1906 skøyte til Johannes Knutsson Ulevik f. 1874, g.1.g.m. dottera på dette bruket, Kari Mikkelsdtr. 1875- 1910. Johannes var både gardbrukar og mylnearbeidar til 1916. Då selde han bruket til Vaksdal Mølle og flytte til Vaksdal med huslyden sin. Slektsopplysingar: Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


1916 skøyte til Gerdt Meyer, sjå Vaksdal bnr. 1.

1919 skøyte til Den Norske Stat.

1956 skøyte til A/S Vaksdal Mølle.


BNR. 5.

Daglegnamn: Monsane.

Gamalt løpenummer 58 i Arna Skipreide, nytt løpenummer 500.

Gamal landskyld og skatteskyld 12 merker smør. 1838: 2 ort og 10 sk.

Då frådelinga av bnr. 9 vart tinglyst 1851, vart skylda på dette bruket sett til 10 1/2 mork smør, eller 2 ort 3 sk. 1886: Gamal skyld 1 ort, 23 sk. Ny skyld 0,59 skm.

1863 var åkervidda på bruket 4 2/5 mil. 2 mål var middels god åker, resten var ring. Engvidda var 19 3/5 mål. 5 mål var god eng, 3 mål middels god, resten var ring. Her var ikkje dyrkingsjord.

Sånad: 1 3/4 tunner havre, 3 tunner poteter. Avling: 5 tunner havre, 10 tunner poteter, 540 våger høy, 35 våger halm. I slåttene hausta dei 240 våger høy. Fødnad: 7 kyr, 2 ungfe, 12 sauer.

Desse tala er henta frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 vert det opplyst at fødnaden er 8 storfe, 10 sauer, 1 geit, sånaden 1 tunne korn, 2 tunner poteter.


1728 skøyte til Sjur Johannesson frå faren Johannes Knutsson, som hadde fått skøyte på halve Herfindal 1721. Sjå ofr. Ein yngre bror, Olav, fekk skøyte på resten av farsgarden 1738. Sjå bnr. 6. Sjur let tinglysa odelsretten sin til bnr. 6 1748, men det førde ikkje til at han løyste ut bruket åt broren.

Sjur Johannesson 1706- 1790 var g.m. Borgny 1707- 1765, dtr. åt Tomas Nilsson Langeland og kona Anna Bessesdtr. Dei var brukarar i Sedalen.

Born:

  1. Anna f. og d. 1730.
  2. Tomas 1731-, brukar her.
  3. Johannes 1734-, g. 1765 m. enkja Marta Johannesdtr. Vevle. Sjå Gjerstad s. 423.
  4. Daniel 1736-, sjå Langhelle bnr. 6.
  5. Ingebrigt 1739-, sjå Løtveit bnr. 3.
  6. Nils 1742-, sjå bnr. 8.
  7. Olav 1745-, brukar på Dale bnr. 6 og Sedalen bnr. 9.
  8. Besse 1748- 1772, g. 1771 m. Dordi Olsdtr. Fossmark. (Dordi g.2.g. 1791 m. ekm. Nils Nilsson Teigland. Sjå Gjerstad s. 370.
  9. Anna 1750-, g.m. Arne Mikkelsson Skulstad, sjå bnr. 8 nfr.


1761 skøyte til Tomas Sjursson for 20 rdl. I skøytet heiter det at faren overlet odelsretten sin til denne garden til eldste sonen, på vilkår av at han og kona skal bu på garden så lenge dei lever, og ha sin leveveg der.

Tomas Sjursson 1731- 1785 var g.m. Synneva Johannesdtr. Dale bnr. 14 1726- 1798. Sjå Dale bnr. 14. Tomas og Synneva hadde vore brukarar på Langhelle bnr. 6 før dei kom hit og overtok farsgarden hans.

Born:

  1. Borgny 1759-, g. 1796 m. ekm. Lars Nilsson Reistad. Sjå Samnanger I s. 343.
  2. Ingebjørg 1762-, g.m. Olav Halvorsson Furnes. Paktarfolk på Vaksdal kring 1800.
  3. Anna f. og d. 1766.
  4. Anna 1767-, g.m. Tørres Johannesson Vaksdal, sjå Vaksdal bnr. 5.
  5. Johannes 1754-, brukar her.

Ved skiftet etter Tomas Sjursson 1785 vart jordegodset delt med ein halvpart til enkja, 1/5 til sonen Johannes og 1/10 til kvar av dei 3 døtrene, Borgny, Ingebjørg og Anna.


1787 skøyte til Johannes Tomasson på partane som systrene åtte. Samstundes vart det tinglyst kårbrev til den gamle brukaren Sjur Johannesson frå Johannes og mor hans, som no åtte kvar si helvt av dette bruket. Johannes fekk skøyte på parten åt mora 1796. Då vart det tinglyst kår til mora Synneva.

Johannes Tomasson 1754- 1832 var g.m. Marta Monsdtr. Olsnes bnr. 3 1756- 1823.

Born:

  1. Synneva 1787-.
  2. Marta 1787-, g.m. Brynjulv Persson Alvøen.
  3. Tomas 1791- 1792.
  4. Mons 1793-, brukar her, sjå nfr.
  5. Tomas 1796-, sjå leigebuarar nfr.
  6. Borgny 1800-, g.m. Knut Knutsson, sjå leigebuarar nfr.

1824 vart det halde skifte etter Marta Johannesdtr. Det var ikkje jordegods i buet, fordi dette bruket var overdrege til eldste sonen 1818. Men buet hadde til gode det som han skulle betale for farsgarden, 160 sylv-spd. Bruttoen i buet var vel 198 spd. Nettoen 152 spd. Enkjemannen ervde helvta. Den andre helvta vart delt mellom sønene Mons og Tomas, som kvar ervde 21 spd. 3 ort, 14 sk. og døtrene Marta og Borgny, som kvar ervde 10 spd. 4 ort og 8 sk.


1818 skøyte til Mons Johannesson for 160 sylv-spd. og kår til foreldra. Mons 1793- 1872 var g.m. Anna Olsdtr. Fossmark 1793-1854. Sjå Fossmark bnr. 5.

Born:

  1. Katrina 1820-, g.m. Knut K. Stokke, sjå Stokke bnr. 1.
  2. Marta 1822-, g.m. Mikkel N. Dale bnr. 18, sjå Dale bnr. 18.
  3. Agate 1825-, g.m. Mons I. Dale bnr. 9, sjå Dale bnr. 9.
  4. Marta 1828-.
  5. Johannes 1831-, brukar her.
  6. Margreta f. og d. 1833.
  7. Margreta 1834- 1852.
  8. Anna 1838- ca. 1930, b. i U.S.A. til ca. 1918, sidan b. her.
  9. Synneva f. om lag 1840, sjå leigebuarar nfr.
  10. Marta 1843-.


1860 skøyte til Johannes Monsson for 150 spd. og kår for faren. Johannes 1831- 1907 var g.1.g.m. Magdeli Iversdtr. Dale bnr. 9 1839- 1866. Sjå Dale bnr. 9.

Born:

  1. Anna 1860-, b. Dale bnr. 10, g.m. Nils Hellestræ. Sjå Dale bnr. 10.
  2. Mons 1863-, brukar her, sjå nfr.
  3. Anna 1866-, b. Ytre-Boge bnr. 7, g.m. Mikael Vaksdal.

Johannes g.2.g.m. Marta Monsdtr. Jamne frå plasset Nethovdane f. 1842 d. om lag 1920.

Born:

  1. Mons 1875-, b. Tunes, g.m. Emma Karlsdtr. Nyseter. Sjå Haus s. 457.
  2. Madli 1877-, g.m. Anders Sæterdal. Sjå Sedalen bnr. 10.
  3. Knut f. og d. 1878.
  4. Kari 1879- 1956, ug.
  5. Katrina 1881-, b. U.S.A.
  6. Johanna 1882-, b. Vaksdal, g.m. Enevald Herfindal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne. og bnr. 8.
  7. Margreta 1884-, d. ug. om lag 1905.


1894 skøyte til Mons Johannesson 1863-1922, g.m. Brita Johannesdtr. Langhelle bnr. 6 1874- 1972.

Born:

  1. Maria 1905-, industriarbeidar, b. Espeland, ug.
  2. Johannes 1908-, brukar her, sjå nfr.
  3. Johan 1909-, snikkar, b. Fana.
  4. Anna 1909-, g. og b. i Canada.
  5. Malvin 1912- 1913.
  6. Malvin 19**-, b. Nesttun, g.m. Aslaug.
  7. Klara 19**-, b. Vaksdal, g.m. Anfin Hagebø.


1947 skøyte til Johannes Monsson f. 1907 d. 1983, gardbrukar og mylnearbeidar, b. på Vaksdal frå om lag 1955, g.m. Anna f. 1917 d. 2002, dtr. åt Olina og Elias Hagebø, Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


BNR. 6.

Daglegnamn. Ådnegarden.

Gamalt løpenummer 59, seinare 59 a. Nytt løpenummer 501, seinare 501 a. Gamal landskyld 12 merker smør. Ny skyld 1838: 2 ort 10 sk.

Etter at frådelinga av bnr. 9 var tinglyst, gjekk skylda ned til 10 1/2 mork eller 2 ort og 3 sk. Etter at bnr. 7 vart frådelt, var skylda på dette bruket 1 ort og 14 sk. 1886: 0,57 skm. 1956: 0,55 skm.

1863 hadde bruket 4 2/5 mål åker, 2 mål var god åker, resten var ring. Engvidda var 10 mål, 5 mål var god eng, 3 mål middels god, resten var ring. Sånad: 1 3/4 tunner havre, 3 tunner poteter. Avling: 5 tunner havre, 10 tunner poteter, 486 våger høy, 35 våger halm. I slåtten hausta dei 160 våger høy. Fødnad: 6 kyr, 2 ungfe, 10 sauer. Desse tala er frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 finn me desse opplysningane: Fødnad 8 storfe, 10 sauer, 1 Beit, sånad 1 tunne havre, 2 tunner poteter.


1738 gåvebrev til Olav Johannesson frå faren Johannes Knutsson. Han hadde sete som brukar av halve garden, men delte bruket sitt mellom sønene Sjur og Olav. Sjur som var eldst fekk bnr. 5.

1748 let Sjur tinglysa odelsretten sin også til bnr. 6. Han ville ha rett til å kjøpa dette bruket når han fekk pengar. Denne innløysinga vart det ikkje noko av. Olav og etterkomarane hans vart sitjande med dette bruket i fleire generasjonar.

Olav 1714- 1798 var g.m. Kari Mikkelsdtr. Kvitingen d. 1773. Sjå Samnanger I s. 576.

Born:

  1. Knut 1736-, brukar her.
  2. Marta 1740-, g. 1767 m. ekm. Sjur Olsson Borge. Sjå Gjerstad s. 78.
  3. Johannes 1743-.
  4. Nils 1746-, sjå bnr. 2.
  5. Jon f. og d. 1749.


1761 skøyte til Knut Olsson f. 1736, g.m. Anna Eriksdtr., Sedalen bnr. 3, 1743- 1830.

Born:

  1. Kari f. og d. 1761.
  2. Erik f. og d. 1762.
  3. Erik f. og d. 1763.
  4. Ole f. og d. 1764.
  5. Erik f. og d. 1765.
  6. Borgny 1767- 1768.
  7. Olav 1768-, brukar her.
  8. Erik 1770, truleg d. som barn.
  9. Johannes 1772-, sjå bnr. 8.
  10. Erik 1775-, g.m. Anna Knutsdtr. Vaksdal. Sjå Sedalen, leigebuarar.
  11. Ei dotter f. og d. 1778.
  12. Marta 1780-.
  13. Knut 1783-, sjå bnr. 2.
  14. Marta 1791- 1812.
  15. Brita 1792- 1803.


1792 tinglyst skøyte datert 1790 til Olav Knutsson for 99 rdl. Olav 1768- 1856 var g.1.g. 1791 m. Ragnhild Olsdtr. Kvitne frå Voss 1740- 1819. Dei var barnlause. Olav g.2.g. 1820 m. Anna Olsdtr. frå Sedalen bnr. 9, 1778- 1836.

Olav g.3.g. 1837 m. Brita Einarsdtr. Dale 1791- 1865. Sjå Dale bnr. 14. Olav var kårmann då han gifte seg siste gongen. 1851 let han tinglysa eit dokument, der han gjorde kjent at kona Brita skulle eiga kårbygningen når han sjølv fall frå. I kårbygningen var det stove, kjøken og bu. Ved skiftet etter Olav 1856 var nettoeiga 107 spd.


1828 skøyte til Arne Johannesson for 160 spd. og kår til Olav Knutsson og kona Anna Olsdtr. Arne som var brorson åt seljaren, var f. på bnr. 8 1802- 1878, g.m. Ingebjørg Johannesdtr. frå Sedalen bnr. 6 1809- 1976. Dei let garden frå seg til sonen 1860. I folketeljinga 1875 var dei kårfolk, men hadde ein fødnad på 3 kyr, 1 ungfe, 6 sauer og sådde 1 tunne poteter.

Born:

  1. Johannes 1829-, brukar her.
  2. Olav 1831- 1832.
  3. Olav f. og d. 1833.
  4. Kari 1835-, g.m. Olav Jonsson, sjå Sedalen bnr. 2.
  5. Anna 1843- 1873.
  6. Brita 1855-, g. 1877 m. jarnbanearbeidar Johan Berntson Liholm, b. Fossmark.


1860 skøyte til Johannes Arnesson for 150 spd. og kår til foreldra. Johannes 1829- 1916 var g.m. Kari Magnesdtr. Ytre-Bruvik bnr. 1 1834- 1925.

Born:

  1. Arne 1858-, brukar her.
  2. Brita 1860- 1943, ug. tenar på Romslo i Haus.
  3. Ingebjørg 1863-, b. U.S.A.
  4. Olav 1865-, b. U.S.A.

Det var visstnok fleire born i denne barneflokken, m.a. Anders, som skulle vera busett i U.S.A.


1894 skøyte til Arne Johannesson 1858- 1927, g.m. Olina Larsdtr. Straume f. 1866. Då Arne var avliden, flytte Olina med huslyden til Romslo. Sjå Straume, Sprakateigen og Haus s. 359 og 360.

Born:

  1. Ingeborg Karoline 1890-, b. Indre Arna, g.m. gardbrukar Anton Johan Småland.
  2. Johannes 1891- 1950, gardbrukar og kalkverksarbeidar, b. Romslo, g.m. Marta M. Kjetland, sjå Haus s. 362.
  3. Lars 1893-, elektrikar, b. Dale, sjå ættesoge for Dale.
  4. Kari 1895-, b. Espeland, g.m. Ludvig K. Hope. Sjå Arna s. 214.
  5. Knut f. og d. 1897.
  6. Johan 1898-, b. Indre Arna, g.m. Gudrun Kristina Jansen. Sjå Arna s. 81.
  7. Alfred Johan 1900-, b. Indre Arna.
  8. Martin 1903-, sjå nfr.
  9. Magnus Bertin 1905-, Romslo, g.m. Aslaug Karolina Borge. Sjå Haus s. 363.
  10. Amanda Olivia 1907-, g.m. Olav O. Listøl. Sjå Arna s. 538.
  11. Arthur 1909-, g.m. Cecelia Sjursdtr. Li. Sjå Arna s. 145.


1950 skøyte til Martin Arnesson Herfindal 1902-1958, kalkverksarbeidar, b. Romslo, g.m. Ruth Augustdtr. Blomberg. Sjå Haus s. 338, der ein finn opplysningar om borna deira.

1953 skøyte til Den Norske Stat.

1956 skøyte til A/S Vaksdal Mølle.


FESTENUMMER UNDER BNR. 6


Hyttetomt festa 1968 for 50 år, eventuelt lengre, til Johannes Ulevik. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


FESTENUMMER 2 UNDER BNR. 6

Hyttetomt festa 1968 for 50 år, eventuelt lengre, til Reidar Ulevik f. 19**-, son åt Konrad Martin og Olina Georgina Ulevik. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


BNR. 7.

Daglegnamn: Kristibrekka eller Perahaugen.

Løpenummer 501 b, skilt frå bnr. 6 1864.

Gamal skyld 2 1/10 mork smør, ny skyld 10 sk. 1886: 0,09 skm.

Då bruket var nytt, hadde det 600 kvadratalen åker. Engvidda var 9 mål. Av det var 2 mål middels god eng, resten var ring. Her var ikkje dyrkingsjord. Sånad 1 tunne poteter. Avling 2 tunner poteter, 167 våger høy. I slåttene hausta dei 80 våger høy. Fødnad: 2 kyr, 4 sauer. Desse opplysningane er frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 finn me desse tala: Fødnad 2 kyr, 1 sau. Sånad 1 tunne poteter.


1864 skøyte til Per Olsson f. 1820, for 100 spd. Per var kramkar. Han reiste med skreppa heile vintrane, sameleis som faren, Olav Persson Grauo. Sjå bnr. 8. Per og kona Brita Andersdtr. hadde drive eit bruk på Lid i Bergsdalen før dei kom hit og fekk kjøpa eit utmarksstykke av bnr. 6. Bruket har sidan yore kalla Perahaugen. Sjå Li øvre, tun 1 bnr. 1, Bergsdalen.

Born:

  1. Brita 1849-, g.1.g.m. Nils A. Sæterdal, g.2.g.m. Sten Johan Nyheim, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne. og Sedalen bnr. 10.
  2. Olina 1851-, g.m. Sjur J. Olsnes. Sjå leigebuarar Olsnes.
  3. Olav 1854-, brukar her. Sjå nfr.
  4. Anders 1858-, b. U.S.A.
  5. Gunhildug. b. Bergen.
  6. Borgny 1861-, g.m. Olav Einarsson Songstad. Sjå Haus s. 376. Pernille g. og b. på Bruvik.


1904 skøyte til Olav Persson 1854- 1937, g.1.g.m. Larsina 1864-1918, dtr. åt Kari Olsdtr. Toskedal og Lars Jonsson Straume. Olav g.2. g.m. Oleanna Gjesdal frå Jølster i Sunnfjord, 1884- 1945.

Fosterdotter:

  1. Anna Elida f. 1894-, sjå nfr.

1954 skøyte til testamentsarving Anna Elida Herfindal 1894-1972, dotter åt Jakob Bertin Olsen og kona Olina Olsdtr. f. Herfindal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

Anna Elida dreiv dette bruket saman med fostermora Oleanna 1937- 1945. Sidan dreiv ho bruket åleine til ca. 1960. Då flytte ho til ein pleieheim. Sidan den tid har bruket ikkje vore i drift.


BNR. 8

Daglegnamn: Erikane.

Gamalt løpenummer 60, nytt løpenummer 502.

Gamal landskyld 12 merker smør, ny skyld 1838 2 ort 10 sk. 1853 gamal skyld 10 1/2 mork smør, ny skyld 2 ort 3 sk. 1886: 0,59 skm. 1956: 0,57 skm.

1863 var det på bruket 4 2/5 mål åker. 2 mål var god åker, resten var ring. Engvidda var 19 3/5 mål. 5 mål var god eng, 3 mål var middels god, resten var ring. Her var ikkje dyrkingsjord. Sånad: 1 3/4 tunne havre, 3 tunner poteter. Avling: 5 tunner havre, 10 tunner poteter, 540 våger høy, 35 våger halm. I slåttene hausta dei 240 våger høy. Fødnad: 7 kyr, 2 ungfe, 12 sauer. Desse tala er frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 finn me desse opplysningane: Fødnad 9 storfe, 8 sauer, 9 geiter, såand 1 1/2 tunne havre, 2 tunner poteter.


1755 skifteskøyte til Eirik Monsson i skiftet etter Anna Knutsdtr. 1701- 1755.

Skøytet lydde på 12 merker smør, verdsette til 12 rdl.

Eirik Monsson hadde fått skøyte på halve garden 1721. Sjå Brukarar før 1750. 1752 vart bnr. 1 frådelt. Eirik sat då som brukar på bnr. 8 til han gav skøyte til sonen. Skifteskøytet 1755 er det fyrste formelle skøytet på bnr. 8.


1758 skøyte til Mons Eiriksson f. 1735. Han fekk skøyte på bnr. 1 1765, og åtte såleis halve garden fram til 1770. Huslydopplysningar: Sjå bnr. 1.


1770 skøyte til Sjur Monsson Vaksdal. Han hadde vore brukar i Kvitingen før han kom hit. Sjå Samnanger I s. 577.

Sjur 1726- 1772 var son åt Mons Monsson Hekland og 1. kona Kari Sjursdtr. Jamne. Dei var brukarfolk på Vaksdal frå år 1700. Sjur var g.m. Brita Knutsdtr. 1730- 1815.

Born:

  1. Olav 1758-, sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 8.
  2. Knut 1764-, sjå Sedalen bnr. 6.
  3. Mons 1767.
  4. Kristi.
  5. Brita 1770-, g.m. Johannes Mikkelsson Kyrkje-Bruvik, sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 8.

1775 skøyte for 70 rdl. til Nils Sjursson f. 1742. Sjå bnr. 5. Nils selde bruket 1781 og flytte til Skreiæ. Der budde han med huslyden ei kort tid. Dei flytte seinare til Flatøy.

Nils f. 1742 var g.m. Gjertrud Bessesdtr. f. 1754. Sjå Skreiæ, brukarar før 1774.

Born:

  1. Marta 1777-.
  2. Anna 1778-.
  3. Borgny 1779-.
  4. Lars 1782-.

Besse f. om lag 1785 g. 1808 m. Helga Andersdtr. Sjå Sedalen, leigebuarar.


1781 skøyte til Nils Knutsson. Han sat med garden nokre få år. Ein kjenner ikkje noko til huslyden hans. I samband med gardkjøpet lånte han 120 rdl. hjå Jon Simonsson Fandneland i Hardanger. Det vart tinglyst panteobligasjon på denne summen i 1781. Dette kan tyda på at Nils Knutsson var av hardingætt.

Mikkel Monsson let lysa odelsretten sin til dette bruket 1781 og 1784. Sjå bnr. 1.


1784 skøyte til Eirik Sjursson. Kjøpesummen var truleg 180 rdl. Denne summen vart det tinglyst pantebrev på i 1784 til Sjur Bergesson og Berge Brynjelsson Væte. Dette at långjevarane var frå Voss kan tyde på at Eirik Sjursson var av vossaætt. Men opplysningane i Vossaboki er for knappe til at ein kan seia noko visst om dette. Sjå [1] Væte s. 79 og Ytre Flage s. 91.


1787 skøyte til Arne Mikkelsson Skulstad. Same året vart det tinglyst ein pantobligasjon til Eirik Monsson Myrdal på 81 rdl., med 1. prioritets panterett i dette bruket og 4 kyr. Panteobligasjonen vart avlyst 1802.

Arne Mikkelsson 1740- 1838 var g. 1777 m. Anna Sjursdtr. f. i. Herfindalen på bnr. 5 1750. Anna og Arne rudde husmannsplasset Dyrhovden under garden Grønsdal i Samnanger. 5. mai 1782 var Arne Mikkelsson og Anders Johannesson, odelsguten i Grønsdal, saman på orreveiding. Anders miste då livet ved ei vådeskotsulukke. Endå det vart prova at det var eit vådeskot, vart Arne Mikkelsson dømd til å betala ei bot på 40 lodd sylv eller 20 rdl. Dette gjorde at han flytte frå Dyrhovden til Herfindalen i 1787. 1791 vart det tinglese kjøpebrev frå Arne Mikkelsson til Kristoffer Kristoffersson Valland frå Kvam på husa i Dyrhovden for 60 rdl. og for rudningsarbeidet som var gjort på plasset for 20 rdl. Sjå Haus s. 286 og Samnanger I s. 564 og 567.

Born:

  1. Gunhild 1775-.
  2. Borgny 1778-, g.m. Johannes Knutsson, brukar her. Sjå nfr.
  3. Marta 1778
  4. Sjur 1781- 1808, sjå Sedalen, leigebuarar.
  5. Mikkel 1781-.
  6. Gunhild 1785-, g.m. Anders Johannesson, Skreiæ, sjå Skreiæ bnr. 1.
  7. Anna 1787-, g.m. Olav Nilsson Helle, b. Trengereiddal. Sjå Haus s. 306.
  8. Mikkel f. og d. 1792.
  9. Mikkel 1793-, husmann i Sedalen.


1802 skøyte til Johannes Knutsson frå verfaren Arne Mikkelsson. Sjur Arnesson hadde gjeve odelsskøyte til verbroren 1800. 1802 vart det tinglyst vilkårsbrev til Arne Mikkelsson og kona Anna Sjursdtr. Johannes Knutsson 1772- 1810 var frå Herfindalen bnr. 6, g. 1799 m. Borgny Arnesdtr. f. på dette bruket 1778- 1855. Johannes gjorde garnisonsteneste i Bergen då han døydde 1810. Ved skiftet etter Johannes 1810 vart dette bruket verdsett til 180 rdl. Bruttosummen i buet var 261 rdl. 2 ort og 12 sk. Nettoen var 168 rdl. 3 ort og 15 sk. Jordegodset vart delt slik: Til Mikkel Danielsson Boge for gjeld 2 43/45 merker smør, til verfaren Arne Mikkelsson 1 1/3 mork smør, til enkja Borgny Arnesdtr. 3 11/15 mork smør, til sønene Knut, Arne og Olav 1 23/45 mork smør kvar.

Born:

  1. Knut 1799-, brukar her.
  2. Arne 1802-, sjå bnr. 6.
  3. Olav 1805-, sjå bnr. 9.
  4. Sjur f. og d. 1809.


1812 vart Olav Persson Grauo frå Voss g.m. enkja Borgny Arnesdtr. Olav hadde gjort militærtenesta i Bergen saman med Johannes Knutsson. Det vert fortalt at Olav vart send til Herfindalen med bod om at Johannes var død. Då Olav vart gift med enkja Borgny, vart han også eigar av 1/3 i dette bruket. Olav og Borgny fekk kår av bruket 1821, då eldste sonen hennar frå 1. ekteskap overtok. Om slekta åt Olav Persson, sjå [2] s. 240 og 241. Olav Persson f. ca. 1780, vart i grenda her kalla Gamlevossen. Han dreiv mykje som skreppekar om vintrane saman med sonen Per. Sjå bnr. 7 ofr. Dei reiste rundt i fjordbygdene med robåt. Pengar til å kjøpa inn varer for fekk dei låna hjå Anders Sandvik. Han overtok robåten då dei gav opp handelen.

Born:

  1. Johannes 1812-, sjå Sedalen bnr. 8.
  2. Brita 1815-.
  3. Per 1820-, sjå bnr. 7.
  4. Anders f. og d. 1823.


1821 skøyte til Knut Johannesson for 50 spd. frå stykfaren Olav Persson på parten som enkja Borgny Arnesdtr. hadde fått utlagt i skiftet 1811. 1812 hadde Knut Johannesson fått skøyte hjå Mikkel Danielsson Boge m.fl., slik at han åtte 8 4/5 merker smør i dette bruket. Etter skøytet 1821 var han eigar av heile bruket. Mora og stykfaren fekk kår.

Knut f. 1799-, g. 1823 m. Anna Andersdtr., Skreiæ bnr. 1, f. 1804. 1849 fekk Anna og Knut kår på Vaksdal bnr. 24, som sonen Johannes hadde kjøpt. Dei vart då buande på Vaksdal. Knut Johannesson dreiv fehandel. Han kjøpte opp storfe og småfe i Evanger og på Voss, og dreiv bølingen over fjellet til Herfindalen og Vaksdal. Slaktinga gjekk føre seg i Vaksdalsvågen. Slaktet førde dei til Bergen med robåt .

Det vert fortalt at då Borgny Knutsdtr. gifte seg med Elias Steinestø, kom han med seglbåt til Vaksdal for å henta henne. Ho hadde ei ku og mykje heimanfylgje og utstyr med seg i båten. Dei fekk slikt styggever på vegen at dei kollsiglde straks utfor Steinestø. Borgny og Elias berga seg til lands, men dei miste alt dei hadde med seg i båten.

Born:

  1. Johannes 1824-, sjå Vaksdal bnr. 24.
  2. Borgny 1827-, b. Steinestø, g.m. Elias Steinestø.
  3. Anders 1830- 1832..
  4. Anders 1832-, sjå Vaksdal bnr. 16.
  5. Gunhild 1835- 1841.
  6. Ole 1840-, sjå Vaksdal bnr. 24.
  7. Ole 1845- 1846.
  8. Ole 1846-, g. 1871 m. enkja Sigrid Knutsdtr. Nordre Veset. Sjå Haus s. 26.


1849 skøyte til Erik Nilsson Børdal for 300 spd. Erik f. 1822 var frå Samnanger, g. 1849 m. Marta Johannesdtr. Tveit. Sjå Samnanger I s. 646. Dei fekk 2 born medan dei budde her, Siri f. 1849 og Nils f. 1851. Dei vart seinare buande på Haga i Samnanger.


1855 skøyte til Arne Andersson for 200 spd. Arne Andersson 1811- 1884 var frå Skreiæ bnr. 1, g.1.g.m. Brita Johannesdtr, Skreiæ bnr. 1, 1814-1845. Dei fekk festesetel på Skreiæ bnr. 3 1836, og budde der til 1839. Då fekk dei skøyte på Sedalen bnr. 6.

Born:

  1. Anders 1836-.
  2. Johannes 1838- 1839.
  3. Johannes 1840-, sjå bnr. 2.
  4. Olav 1843-, brukar her.

Arne Andersson g.2.g.m. Kari Johannesdtr., Skreiæ bnr. 1, f. 1822.

Born:

  1. Johannes 1846- 1847.
  2. Johannes 1848-.
  3. Jon 1851-.
  4. Bertil f. og d. 1852.
  5. Brita 1853-.
  6. Anna 1856-.
  7. Gunnhild f. og d. 1858.
  8. Gunnhild 1861-.
  9. Ingeborg 1864-.


1870 skøyte til Olav Arnesson for 200 spd. og kår verdsett til 135 spd.

Olav Arnesson 1843- 1896 var g.m. Anna Arnesdtr., Herfindalen bnr. 6, 1843- 1893.

Born:

  1. Anna 1867-.
  2. Brita 1869-.
  3. Olina 1870-, g.1.g.m. Jakob Bertin Olsen. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.G.2.g.m. Hans J. Totland, Bergen.
  4. Arne 1873-, sjå leigebuarar.
  5. Anders 1875-, mylnearbeidarar. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  6. Ingebrigt 1877-, bygningsmann og steinarbeidar. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  7. Anna Karina 1880-.
  8. Alfred f. og d. 1884.
  9. Karolina 1886-, b. U.S.A.
  10. Ingeborg 1888- 1889.


1896 skøyte til Erik Eriksson Sæterdal 1861- 1917. Han hadde vore brukar på Vaksdal bnr. 16 frå 1886. Etter at han i nokre år hadde drive Herfindalen bnr. 8, flytte han med huslyden sin til Hermundsdalen i Evanger. Dei kom attende til Vaksdal. Huslydopplysningar: Sjå Vaksdal bnr. 16.


1908 skøyte til Ole Andreas Olsson frå Herfindalen bnr. 4 1888-1953, g.m. Dagmar f. 1910, dtr. åt Jannike og Tomas Sæterhaug, Samnanger.

Born:

  1. Margit Oliva 19**-, g.m. Gulbrandsen.
  2. Trygve Johan 1938-1939.

Dagmar g.2.g.m. Alfred Bauge, Ølensvåg, Sunnhordland. Bnr. 8 vart då liggjande øyde.


1959 skøyte til A/S Vaksdal Mølle.


BNR. 9.

Daglegnamn: Haugen eller Ytstehaugen.

Gamalt løpenummer (57, 58, 59, 60)b, nytt løpenummer 503. Utskilt 1836 frå dei 4 gamle hovudbruka.

Gamal skyld 6 merker smør, ny skyld 1 ort 4 sk. revidert 1 ort 5 sk. Delings-og skyldsetjingsforretninga vart tinglesen 1851.

1863 var det på dette bruket 2 mål ring åker. Engvidda var 26 1/3 mål. 3 mål var god eng, 7 mål var middels god, resten var ring.

Sånad: 1 tunne havre, 2 tunner poteter. Avling: 3 tunner havre, 4 tunner poteter, 378 våger høy, 21 våger halm. I slåttene hausta dei 120 våger høy. Fødnad: 5 kyr, 2 ungfe, 6 sauer. Her var ikkje dyrkingsjord. Desse opplysningane er henta frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 finn me desse tala: Fødnad 6 storfe, 8 sauer, 8 geiter, 1 gris, sånad 1 tunne havre, 1 1/2 tunne poteter.


1837 skøyte til Olav Johannesson frå eigarane av hovudbruka på eit utmarkstykke for 82 spd.

Olav Johannesson 1805- 1890, gardbrukar og fehandlar, var frå Herfindalen bnr. 8, g.1.g.m. Anna Jonsdtr., Sedalen bnr. 1, g. om lag 1813- 1849.

Ved skiftet etter Anna Jonsdtr. 1850 vart dette bruket verdsett til 150 spd. og utlagt til enkjemannen. Bruttosummen i buet var 243 spd. Nettoen var vel 25 spd.

Born:

  1. Anna 1836-, truleg d. før 1850.
  2. Johannes 1837-, sjå Sandvik bnr. 1.
  3. Jon 1841-.
  4. Olav 1845-, b. Minnesota, U.S.A.
  5. Johannes d.y. 1847-, b. Minnesota, U.S.A.
  6. Borgny 1848-.

Olav Johannesson g.2.g. 1851 m. Kari Olsdtr. frå Herfindalen bnr.1 1832- 1895.

Born:

  1. Olav f. og d. 1853.
  2. Olav 1853-, brukar her.
  3. Anna 1857-, g.m. Knut Torgilsson Dyrhovden, b. Grønsdal. Samnanger I s. 568.
  4. Magdeli 1859-, g.m. Ole Mikkelsson, sjå Herfindalen bnr. 4.
  5. Dortea 1862- 1864.
  6. Anders 1864-, b. Minnesota, U.S.A.
  7. Dortea 1870-, b. Minnesota, g.m. Jon Mattson f. i Noreg 1855.
  8. Jon 1872-, b. Minnesota, vaks opp i Sandvik hjå halvbroren Johannes. Jon kalla seg Sandvik.
  9. Olai 1874-, b. U.S.A.


Neste brukar var Olav Olsson, son åt den førre brukaren. Olav dreiv mykje med fehandel og hestehandel. Etter kvart som borna vaks til, hjelpte dei mora med å driva garden, for Olav var ute på handelsferder det meste av året. I yngre år dreiv han hestehandel i Hardanger, Sogn, Hallingdal og Valdres. Han gjorde mange turar med hestedrifter over Fillefjell frå Vang i Valdres til Lærdal i Sogn. Hestedriftene var ikkje alltid greie å halda styr på. Det hende at hestane rauk i hop i slagsmål og at somme kom til skade på ferda over fjellet.

Olav Olsson 1853- 1931 var g.m. Gjertrud Johannesdtr. Ytre Bruvik bnr. 12 1860- 1937.

Born:

  1. Ole Johan 1883-, brukar her, sjå nfr.
  2. Johannes 1884-, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  3. Anna Maria 1886-, g.m. Tørres Knutsen. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  4. Karolina 1889
  5. Sofia 1891-, g.m. Anton Johan Samuelsen. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  6. Olai Dortin 1897- 1970, b. Fana, g.m. Malena Dortea Frotveit frå Birkeland i Fana.
  7. Johannes 1895-, brukar her, sjå nfr.
  8. Alfred Martin 1900-, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  9. Oliver 1902-, sjå bnr. 1.


1890 skøyte til Ole Johan Olsson f. 1883 frå farfaren Olav Johannesson. Ole Johan Olsson Herfindal var busett på Vaksdal og hadde huseigedom der. Sjå bnr. 23 og ættesoge for Vaksdal og Jamne.


1950 skøyte til Johannes Olsson Herfindal f. 1895, g.m. Anna Mathilde f. 1897, dtr. åt Lars Andreas Drageide, Hålandsdal, og kona Ellen Margrete Olsdtr. f. Sævereid. Johannes og Anna Mathilde hadde drive denne garden frå 1931.

Fosterson:

  1. Roald Folgerø f. 19**. Sjå nfr.


1974 skøyte til Roald Folgerø f. 19**, mylnearbeidar, b. Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


FESTENUMMER 1 UNDER BNR. 9.

Helgabu.

Feste tinglyst 1971 til Olav Søreide.


BNR. 10

Skilt frå bnr. 1 og 4 - 8 1913 med skyld 0,08 skm.

1919 skøyte til Den Norske Stat.

1956 skøyte til A/S Vaksdal Mølle.


BNR. 12

Smiteigen. Skilt frå bnr. 4 1945. Skyld 0,04 skm.

1955 skøyte til Oliver O. Herfindal mot vederlag i bnr. 13 og 14.


BNR. 13

Fitjalia. Skilt frå bnr. 1 1945, skyld 0,02 skm.

1955 skøyte til Den Norske Stat mot vederlag i bnr. 12.

1956 skøyte til A/S Vaksdal Mølle.


BNR. 14

Høysteinsfetæ. Skilt frå bnr. 1 1945, skyld 0,02 skm.

1955 skøyte til Den Norske Stat mot vederlag i bnr. 12.

1956 skøyte til A/S Vaksdal Mølle.


BNR. 15

Knatten. Skilt frå bnr. 9 1949.

1966 skøyte utan vederlag til Olav 0. Herfindal og Gunvor Oliva Olsnes. Dei er borna åt Ole Johan Herfindal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


BNR. 16

Skilt frå bnr. 9 1954, skyld 0,01 skm.

1955 skøyte til A/S Vaksdal Mølle.. I skøytet vart det teke med vilkår om erstatning og betaling for grunn til utbygging og grunn som vert sett under vatn, vederlag for skogrydding, for skade på skog og skoggrunn m.m., og levering av ei viss mengd elektrisk kraft til seljarane.


BNR. 17

Stasjonstomt. Skilt frå bnr. 2 1957, 0,01 skm.

1957 skøyte til A/S Vaksdal Mølle..


BNR. 18

Inntaksdam I, skilt frå bnr. 9 1957.

1957 skøyte til A/S Vaksdal Mølle.


BNR. 19

Inntaksdam II, skyld 0,01 skm. Skilt frå bnr. 5 1957.

1957 skøyte til A/S Vaksdal Mølle.


BNR. 20

Inntaksdam III, skyld 0,01 skm. Skilt frå bnr. 8 1957.

1957 skøyte til A/S Vaksdal Mølle.


BNR. 21

Inntaksdam IV, 0,01 skm. Skilt frå bnr. 7 1957. Heimel har Anna Jakobssen Herfindal.


BNR. 22

Utsikten. 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1958.

1958 skøyte til Johannes Jenssen Juvik.


BNR. 23

Skogly. 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1960.

1960 skøyte til Ingeborg Herfindal Hansen f. 19**, dtr. åt Oliver og Margit Maria Herfindal, g.m. Odd Johan Hansen. Sjå Ytre Arna s. 188 og Herfindalen bnr. 1.


BNR. 24

Heimtun. 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1960.

1960 skøyte til Mary Herfindal Bakke f. 19** på bnr. 1, b. Dale, g.m. elektrikar Georg Bakke.

Born:

  1. Åshild 19**-.
  2. Gerd 19**-.
  3. Gunnar 19**-.
  4. Øystein 19**-.

1970 skøyte til Åshild, Gerd, Gunnar og Øystein Bakke.


BNR. 25

Fjellbu. 0,01 skm. Skilt frå bnr. 9 1966.

1966 skøyte til Alfred Bauge og Margit Gudbrandsen.


BNR. 26

Frilund 0,01 skm. Skilt frå bnr. 9 1966.

1966 skøyte til Oluf Herfindal f. 1912.


BNR. 27

Smågjerde. 0,01 skm. Skilt frå bnr. 9 1966.

1960 skøyte til Alfred Martin Herfindal f. 1900 d. 1976. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

1973 skøyte til Reidar Olai Herfindal f. 19**. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


LEIGEBUARAR

Tomas Johannesson f. 1796 på bnr. 5 vart g. 1823 m. Sigrid Larsdtr. Øye frå Bergsdalen f. 1801. Dei budde til leige her. Tomas dreiv med lønsarbeid av ymse slag.

Born:

  1. Magdeli f. om lag 1825-, fekk 1850 dottera Ingeborg. Far: Anders Tomasson Stavenes.
  2. Marta 1833-.


1833 vart Nils Knutsson Ardal g.m. Agate Johannesdtr. Holme frå Meland sokn. Nils Knutsson 1809- 1901 var frå Herfindalen bnr. 2. Nils og Agate flytte til Frekhaug 1840. Seinare fekk dei eit gardsbruk på Holme i Meland.

Born:

  1. Knut 1833- 1834.
  2. Knut f. og d. 1835.
  3. Eli 1835-, g. 1868 m. Johannes K. Frekhaug.
  4. Johannes 1837-.
  5. Kari 1839-, g. 1870 m. Sivert A. Hopland.
  6. Knut 1842-.
  7. Marta 1845-.


Knut Knutsson 1807- 1854 og kona Borgny Tomasdtr. 1800-1854 var leigebuarar her. Sjå bnr. 2 og 5.

Born:

  1. Johannes 1824-, g. 1849 m. Brita Jonsdtr. frå Sedalen f. 1826.
  2. Knut 1854-.


Mikkel Monsson f. 1819 g.1 .g.m. Synneva Tomasdtr. 1827- 1855. Sjå Herfindalen bnr. 1 og Sedalen bnr. 3.

Barn:

  1. Kari 1851-.

Mikkel g.2.g. 1857 m. enkja Kari Sjursdtr. Unnelandsneset f. om lag 1824.


Johannes Johannesson Dale og Synneva Monsdtr. frå Herfindalen bnr. 5 f. om lag 1840 fekk eit barn: Johannes 1859-.


Arne Olsson frå Herfindalen bnr. 8 1873- 1908 og Magdeli Mikkelsdtr. frå Herfindalen bnr. 4 1870- 1929 fekk eit barn:

  1. Anton Martin 1898- 1956, sjømann.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy