Skaftå

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald


Gards og ættesoge for Skaftå.


GNR. 149 SKAFTÅ


Innhaldsliste

INNLEIING

Skaftå ligg ved Sørfjorden omlag 1 1/2 km nord for Vik. Ein trong dal går frå sjøen rett mot nord opp mot Vindegga som skjer dalen tvert av. Gjennom Skaftådalen renn ei elv som har eit svært beint elvelaup. Berre nede ved sjøen gjer elva ein sving. Både namnegranskarar og bygdefolk held det rimeleg at det er denne elva som har gjeve namn til garden. Gardsnamnet er samansett av inkjekjønnsordet skaft og hokjønnsordet å.

Gardsnamnet vart skrive Skappthaa 1535, Schaffthann 1567, Schafftun 1610, 1611 og 1620, Schaftun 1667 og 1723, Skaftun 1853, Skaftaa 1886. Etter 1920 har gardsnamnet vore skrive Skaftå. Bygdemålsuttalen er Skaptå Fleire av dei som har dette gardsnamnet til etternamn (familienamn), brukar skrivemåten Skaftun.

Skaftå grensar til Vik i sør og Hekland i nord. Mot aust er Sørfjorden grense for gardsområdet. Mot vest og nordvest grensar Skaftå mot fleire gardar i Gjerstad. Grensa mot Vik og Hekland vart tinglyst 1826 i samband med minneleg utskifting av innmarka på Skaftå. 1922 vart det tinglyst grenseregulering av grensa mellom Skaftå og Vik og deling av gjerdeplikt, i samband med utskifting på Vik. 1947 vart det tinglyst grensegang av stølsmarka åt Skaftå, Revheim og fleire gardar.

Frå gamalt var fjorden det viktigaste vegsambandet både til grannegardane og til Bergen. 1908 vart det vedteke å byggja bygdeveg mellom Stokke og Bruvik kyrkje. Dokument om fri grunn til dette vegbygget på Skaftå vart tinglyst 1909. 1926 var brua ved Skaftå ferdig. 1927 fekk dei telefon på Brøkstranda.

Jordsmonnet på Skaftå er heist sandjord. Den eldste skildringa av garden finn me i matrikkelen 1723: "Ligger ved Søen, meget tungvunden og farlighed af field skreed undergivet. Ligger 3 3/4 Miil fra Bergen. Intet Sætter elle Skoug. 1 flomquærn intet fiskerie. Lever allene af Gaardens avling."

Her er ikkje gjort noko fornfunn som kan fortelja om kva tid garden vart rudd. Skaftå er truleg eldre enn grannegardane Vik og Hekland. 1535 finn me Skaftå nemnd i Vincents Lunges jordebok: "Item Skappthaa øde renter 6 sh. oc 1/2 løb smør - VII." Denne opplysninga skulle tyda på at Skaftå var ein av dei gardane som vart liggjande øyde etter svartedauden. Men 1563 er ein brukar på Skaftå, Olav, oppførd i skattelista. Midt på 1600-talet hadde garden 3 brukarar. Den eine sat med halve garden, dei 2 andre hadde kvar sin fjerdepart.

Oppdelinga av garden i 3 bruk heldt seg til ut på 1700-talet, men på slutten av 1700-talet minka brukstalet til 2. Det eine bruket var noko større enn det andre. Det minste bruket hadde løpenr. 219. Det største bruket hadde løpenr. 220.

Utover på 1800-talet vart det ei ny oppdeling i fleire bruk. Den fyrste delinga skjedde 1826. Då vart 1/3 av løpenr. 220 fråskilt som eige bruk. Det nye bruket fekk løpenr. 220 b, seinare 434 (bnr. 2). Det gamle bruket hadde løpenr. 220 a, seinare 433. 1868 skjedde ei ny delingsforretning. Då vart løpenr. 433 delt i to jamstore bruk. Sjå bnr. 4 og 5.

Det minste av dei to gamle bruka frå slutten av 1700-talet, løpenr. 219, var eitt bruk til 1858. Då vart det frådelt ein liten part på 3 merker smør som vart lagt til bnr. 2. Det gamle bruket fekk i den nye matrikkelen 1886 bnr. 1. 1890 vart det utskilt ein part på 0,30 skm. frå bnr. 1. Denne parten fekk bnr. 3. Bnr. 3 og 5 hadde same eigar og vart drive som eit bruk.

Det har ikkje vore offentleg utskifting på Skaftå. 1899 vart det tinglyst ei utskifting (privat teigebyte) mellom bnr. 2 og bnr. 5. Bnr. 3 og 5, som vart drive som eitt bruk, sjå ofr., fekk då innmarksteigane sine samla i ein teig. Bnr. 2 har 6-7 teigar på innmarka med ymse storleikar. Bnr. 4 har 3 innmarksteigar.

Bnr. 1 vart i daglegtalen kalla Oppane. Bnr. 2 var Heimabruket eller "dar heima". Bnr. 4 kalla dei Dalen eller Dalsane. Bnr. 3 og 5 kalla dei Ytsteteigane. Den gamle tunstaden låg der bnr. 2 no har husa sine.Husa var samla i eit stort klyngjetun. Ei av løene var delt mellom bnr. 4 og bnr. 5.

Bnr. 4 var det fyrste som flytte ut frå gamletunet. Dei flytte ned i Dalen i byrjinga av 1870-åra.

Ved det gamle tunet var det ein humlegard, omlag 5 m nordafor det nordlegaste stovehuset. Humlegarden kom vekk då marmordrifta tok til. Sjå nfr.

I 1860-åra vart åkervidda på garden rekna til 17 1/5 mål. 5 mål var god åker, 6 1/5 mål var middels god, resten var ring. Storåkeren åt bnr. 2 ligg inni teigen åt eit av dei andre bruka. Nede ved elva er det ei klen åkerreine med særskild eigar. Grunnen til dette skal vera at det står så mykje almestuvar der. Almeborken vart brukt til folkemat i hungersår, og ellers mykje brukt til krøterfor.

Bøgarden skil mellom innmarka og heimeutmarka. Gjerdeplikta i garden var deli etter skylda på dei einskilde bruk. Fjellgarden kalla dei gjerdet som skil mellom heimeutmark og fjellhage. Arbeidet med å halda fjellgarden i stand vart gjort i felleskap utan omsyn til skylda på dei ulike bruka.

Fjellgardane var heist stein. Bøgarden var for det meste skigard eller risgard. Skigarden vart laga av 1 m lange skier, sette ned i jorda med 5-6 tommars mellomrom. Skiene var bundne saman med bjørkeband. Skiene i skigarden var helst av ask, for den stod lengst. Dei skov ask om vinteren, og då laga dei stokkar som vart brukte til skigardar, hesjestaurar og hesjer. Til skigardane brukte dei kløyvde stokkar.

Some stader i bøgarden var det vanskeleg å setja opp skigard. Der hogde dei ris og laga risgard.

I heimehagen er skogen delt i teigar, men beitet er felles. Det er mange skogteigar til kvart bruk. Slåttene er også teigdelte. Ein del markaslåtter slo dei berre annakvart år, for då fekk dei meir høy der.

Her var gardsskog nok til ved og hustømmer og til never og bork. 1563 vart det opplyst at dei kunne selja ved for 3 spdl. netto årleg. Men ein del av bruka hadde mindre ved enn andre, og lite og inkje bork. Skav, beit og lyng gav så mykje for at det svara til eitt sauefoster og 3 kufoster. Tangstranda gav også noko for, og vart ved matrikuleringa i 1860-åra verdsett til 1 1/2 spdl.

Engvidda var i 1860-åra rekna til knapt 90 mål. 27 mål var god eng, 51 mål var ring eng. Resten var middels god. Garden var noko skrinnlendt og tungbrukt, og ved matrikuleringa vart det teke omsyn til dette.

Om beitemarka skriv matrikuleringskommisjonen i 1860-åra: "Ved Gaarden, meget god og fuldkommen tilstrækkelig." 1873 vart det tinglyst eit kommisjonsforlik mellom brukarane på Stokke, Vik, Hekland, Ytre-Bruvik og Skaftå om ikkje å ta framande krøter i hamnegang. Dette forliket må ha sin bakgrunn i at nokre brukarar på ein eller fleire av desse gardane hadde teke mot leigekyr, og at dette gjorde at beitet vart i knappaste laget.

Det finst ingen opplysningar om husmannsplass på Skaftå før 1864. Då vart det tinglyst ein festesetel på teigen Porsdalen frå brukaren på bnr. 4 til Jens Monsson Vik og kona. Porsdalen låg like ved grensa mot Vik, og på den andre sida av gardgrensa hadde Jens Vik og kona fått bygsla ein teig, Buskarhaugen. Plasset vart i daglegtalen kalla Revurda. 1899 vart plasset sjølveigande og skilt ut med sjølvstendige bruksnr. Sjå Vik og Skaftå bnr. 6.

Til å byrja med var det berre eitt hits på plasset Revurda. Det var eit stovehus med kjellar under. Der hadde dei husdyra, ei ku og nokre sauer. Høyet hadde dei på ein naustskukke heilt nede med sjøen. Dei bar det opp den bratte og ulende vegen til Revurda etter kvart som dei fora om vinteren. Ein del av kledningen på det gamle stovehuset var steinheller. Ei av hellene på oppsida var særskilt stor. Stova var så kald at dei laut ha sengeplassane sine over båsane og bingane i kjellaren. Der trekte varmen frå dyra opp gjennom golvet, slik at det var noko lunare der. Enno står murane og skorsteinen att etter den eldste stova. Skorsteinen og grua er mura av gråstein. Ei stor kledningshelle ved nordre tverrveggen står enno, men den store kledningshella på oppsida av huset er knust. Stovehuset som no står i Revurda er eit vilkårshus som vart kjøpt på auksjon på Skaftå eller Vik. Her er også flor og løa. Floren er fint mura av gråstein. Løa ligg oppå floren. Ho er kledd med steinheller, bord, einer og bylgjeblekk. Taket er tekt med steinheller.

Steinhellene som dei gjorde seg så god nytte av både til taktekkjing, veggkledning, tropper, bruar o. a., er nemnde som eit særskilt lunnende til garden i 1863. Tangstranda er nemnd som eit anna lunnende som det vart teke omsyn til ved matrikuleringa. Men det som fekk mest å seia for arbeidslivet på garden etter 1860 var marmor og kalk, som finst i fjella der. Marmorgangen er synberr i dagen frå Vikaneset i sør, nordover til Skaftådalen. 1867 og 1868 vart det tinglyst 2 kontrakter mellom eigarane av Skaftå pa den eine sida og P. G. Rieber i Bergen på den andre sida. Den eldste kontrakta er udatert, men ho tok vistnok til å gjelda frå 1860. Den kontrakta gav P. G. Rieber rett til å to ut kalkstein på visse strekningar for 120 spdl. Han kunne overdraga retten til kven han ville. Ei ny kontrakt datert og tinglyst 1868 sette betalinga til 1 spdl. for kvar kubikkfavn stein. Betalinga skulle delast likt mellom eigarane.

Firmaet P. G. Rieber & Søn tok til å driva ut både kalkstein og marmorblokker. Men det viste seg at kalksteinen var for mager, og at marmorblokkene ikkje høvde til gravminnesmerke, slik tanken var. 1888 tok dei opp drift etter marmor på ein annan stad. Då vart resultatet noko betre. Det vart også teke opp marmordrift i humlegarden, omlag 5 m nordafor det nordlegaste bustadhuset i tunet.

1878 let brukaren på bnr. 1, Johannes J. Skaftun, tinglysa ei kontrakt der han overdrog til sakførar H. Bonnevie Angel retten til å vinna ut marmor på bnr. 1. Kontrakta gjaldt også rettar til å byggja vegar, baner, vannleidningar, bryggjer, bygningar o.s.v. Erstatning for dette skulle fastsetjast av 4 uvildige menn. Elles var avgifta 200 kr. året. Denne kontrakta vart avlyst 1889. Då vart det oppretta ny kontrakt mellom eigaren av bnr. 1 og P. G. Rieber & Søn. Firmaet fekk einerett til å to ut marmorstein på heile bnr. 1 for ei årleg leige, og dei fekk løyve til å setja opp dei anlegg som trongst mot erstatning.

1889 fekk P. G. Rieber & Søn også tinglyst ei kontrakt på utvinning av marmor i utmarka åt alle hovudbruka, og løyve til å setja opp dei anlegg som trongst til drifta.

Marmordrifta varte ikkje lenge, men drifta av kalkstein auka på. Kalksteinen på Skaftå var av svært god kvalitet. I åra mellom 1890 og 1906 vart det teke ut og lasta over på båtar omlag 3000 tonn kalkstein for året. Det vart bygt lastekai ved sjøen. Steinen vart send ned til kaien på ein dobbelspora anleggsjarnveg.


Tunet på Skaftå kring 1910. Togbanemaster og kolbrot ovanfor tunet.  Foto: H. Baugstø.
Tunet på Skaftå kring 1910. Togbanemaster og kolbrot ovanfor tunet.

Foto: H. Baugstø.


1907-1908 vart ein heil del av dei områda der kalkdrifta gjekk føre seg, skilte ut som eigne bruksnr. Sja bnr. 9-15. A/S P. G. Rieber & Søn fekk arvefeste på bnr. 9, 10 og 11. A/S Vestlandske Kalkbrudd og Eiendomskompani fekk arvefeste på bnr. 12-15. Karbidfabrikken i Odda hadde kome inn i bilete. Det kom nye, store utbyggjingar av anlegga på Skaftå. 1926 fekk Odda Smelteverk A/S arvefeste eller skøyte på dei fleste av dei bnr. som gjaldt desse anlegga. I åra 1908-1937 vart det teke ut 1.300.000 ton kalkstein. Lønsemnda ved kalkbrotet var svært god. I 1930-åra hadde kalkbrota på Skaftå betre lønsemnd enn noko anna kalkbrot i landet. Arbeidsstokken var kring 50 mann. Ved nyanlegg var arbeidsstokken noko høgre.

Då konsesjonssøknaden frå Odda Smelteverk var oppe i Bruvik Heradsstyre, var det framlegg om at eit av vilkåra for konsesjonen skulle vera at bedrifta berre skulle nytta innabygds arbeidskraft. Det vart semje om å endra dette konsesjonsvilkåret slik at mest mogeleg av arbeidsstokken skulle hentast frå Bruvik Herad. I dei fyrste driftsåra var det difor ein del utabygds arbeidarar som arbeidde på Skaftå, men seinare vart det så og seia berre innabygds folk som arbeidde der. Dei fleste budde på Brøkstranda mellom Olsnes og Stokke. Kalkdrifta førte til at det vart utskilt mange bustadtomter.

Kalkverket var i full drift til 1. juli 1961. Då var ikkje kalkgangen drivverdig lenger.

Skaftå og Hekland er saman i ei gravarote. Bytesarbeid hadde dei heist med dei gardane der dei hadde slekt. På bnr. 1 gjorde dei bytesarbeid i spoda med slektningar på Boge, Hana og Hekland.


SKYLD, SKATT, FØDNAD, AVLING OG FOLKETAL

Gamalt matr.nr. 75 i Mjelde skipreide. 1838: Nytt matr.nr. 77. 1853: Matr.nr. 110. 1886: Gnr. 3 i Bruvik Herad.

Gamal landskyld 1 laup smør, 1/2 tunne malt. Matrikkeltakst 1666 og skatteskyld: 1 laup 18 merker smør. 1838: Ny skyld 4 dl. 2 ort 22 sk. 1886: 7,83 skm.

Leidang 1567: 1 geiteskinn, 1 kalveskinn. 1590-91: 1 geiteskinn, 1 saueskinn, 1 kalveskinn. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 4 mark 3 sk. Småtiend: 1 sk. Kandtiend: 1 mark 1 mele. Fødnad 1657: 11 kyr, 2 kviger, 20 sauer, 16 geiter. 1665: 11 storfe. 1723: 16 kyr, 2 kviger, 18 sauer. 1863:26 kyr, 6 kviger, 83 sauer. 1865: 33 storfe, 83 småfe, 2 griser. 1875: 26 kyr, 3 kviger, 83 sauer, 33 geiter, 1 gris.

Sånad 1665: 3 tunner. Avling: 9 tunner. 1723: Sånad 4 1/2 tunne havre. Avling: 15 3/4 tunne. 1863: Sånad 10 tunner havre, 9 tunner poteter. Avling: 42 1/2 tunne havre, 52 tunner poteter, 1720 våger høy, 304 våger halm. Frå slåttene fekk dei 445 våger høy. Skav og anna attåtfor gav 3 kufor og 1 sauefor. På det eine bruket måtte dei kjøpa høy svarande til 8 sauefor.

1863 var åkervidda 17 1/5 mål. 5 mål var god åker, 6 1/5 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 88 1/2 mål. 27 mål var god eng, 51 mål var ring eng, resten var middels god.

Folketal 1801: 19. 1865: 31. 1875: 37.


EIGARAR

Vincents Lunges jordebok 1535 gjev oss den eldste opplysning om kven som åtte garden. Vincents Lunge var ein dansk adelsmann, som kom til Noreg 1523. Ved ekteskapet sitt med Margreta, eldste dotter åt fru Inger til Austråt, fekk Vincents Lunge store jordeigedomar. Han vart statthalder på Bergenhus og rådde over store deler av Vest-Noreg. I samband med reformasjonen kjøpte han deler av det gamle kloster- og kyrkjegodset. Vincents Lunge åtte også ein part av Fossmark. Sjå Fossmark, eigarar.

Børge Juel er oppført som eigar 1647. Han var skipskommandør og eigar av Lungegården i Bergen. Han åtte ei mengd gardar i Hordaland. Dei fleste av dei må ha høyrt til godssamlinga åt Vincents Lunge. 1692 er fru Margreta Juel oppført som eigar. 1694 var det arvingane hennar som åtte garden. Anne Idevartz er oppført som eigar 1700. Mellom 1700 og 1705 må Anne Idevartz ha gjeve skøyte på garden til Baste Olsson Ryskeland på Osterøy. Han skreiv ut bygselsetel til ein av brukarane på Skaftå 1705. Sonen åt Baste, Olav, vart brukar på Kyrkje-Bruvik kring 1700. Ved skiftet etter faren fekk Olav utlagt Skaftå.

1748 gav Olav Bastesson Kyrkje-Bruvik skøyte til sonen Olav på ein part i Skaftå. Olav kom hit og vart brukar på bnr. 1. Skiftet 1751 etter Kristi Samuelsdtr., kona åt Olav Olsson, viser at dei då åtte heile garden. Dei hadde ei einaste dotter, Brita, som var eineerving. Sjå bnr. 1.

Ved skiftet 1793 etter Brita Olsdtr. fekk sonen Anders utlagt halve garden. Sjå bnr. 1. Sonen Thomas og dottera Kristi fekk utlagt hi helvta. Mannen åt Kristi, Anders Kyrkje-Bruvik, gav skøyte på hennar part til broren Thomas 1794. Sjå bnr. 2.


BRUKARAR FØR 1750

1563 og 1590-91 finn me Olav Skaftå i skattelistene.


1535 låg garden øyde. Olav var kanskje den fyrste brukaren her etter øydejordstida.


1603 var Mons brukar på Skaftå. Han er også nemnd i skattelistene 1611 og 1620. 1618-19 finn me han i sakefallregisteret. Han fekk då ei pengebot på 1 rdl. for "wliudighed med fordringschab".

Fordringschab vart ofte bruka om den skyssplikta som bøndene hadde, eller om den skatten som dei måtte betala som avløysning for skyssplikta. Mons hadde soleis vore uviljug til å oppfylla desse pliktene.


1611 er Nils Skaftå nemnd mellom husmenn. 1620, 1630 og 1638 finn me Nils Skaftå mellom halvegardsmenn, øydejordsmenn, husmenn og drenger. 1645 var det 3 brukarar på garden. Skattematrikkelen 1647 gjev nærare greie for kor store bruk dei hadde.


Nils Nilsson f. om lag 1613 sat som brukar på halve garden frå om lag 1645 til 1666. Nils og kona Marta hadde desse borna:

  1. Ingebjørg 1632-1721.
  2. Olav 1641-, brukar her, sjå nfr.
  3. Johannes 1649-, brukar her, sjå nfr.
  4. Lars 1653-, sjå leigebuarar.
  5. Nils 1656-.


Per Samsonsson og kona Guri var brukarfolk her 1645 og 1647. Bruket deira var 1/4 av garden. Ein kjenner ikkje til at dei hadde born.


Rasmus Monsson var den 3. brukaren 1645. 1647 er bruket hans oppgjeve til 1/4 av garden. Rasmus f. om lag 1612 og kona Agathe hadde desse borna:

  1. Mons 1654-, sjå Stavenes bnr. 3,
  2. Olav 1661-.


1661 var Olav Nilsson Skaftå brukar på 1/4 av garden. Olav 1641-, var g., men namnet åt kona er ikkje kjent.

Born:

  1. Synneva 1662-1730, ug.
  2. Nils 1667-, brukar her, sjå nfr.
  3. Erik 1669-, b. Hekland bnr. 1.
  4. Kari 1678-, g.m. Magne Olsson Vatle, brukar her. Sjå nfr.


1694 var Johannes Nilsson 1649-1722 brukar her. Johannes var g. 3 gonger. Namnet åt 1. kona er ikkje kjent.

Borna frå 1. ekteskap var:

  1. Nils 1690-,
  2. Lars f. og d. 1693.

Johannes g.2.g. 1698 m. Anna Olsdtr. Revheim 1657-1716.

Born:

  1. Ingebjørg 1704-1725,
  2. Sigrid 1706-, g.m. Jakob Monsson Olsnes, sjå Olsnes bnr. 1.
  3. Marta 1711-, g.m. Lars Haldorsson Langhelle, sjå Langhelle bnr. 5.

Johannes g.3.g. 1717 m. Brita Olsdtr. Sandvik 1686-1747.

Barn:

  1. Anna 1720-, g.m. Knut Larsson Rødberg, sjå Rødberg bnr. 1.

Enkja Brita Olsdtr. g.2.g. 1722 m. Nils Markusson Olsson 1680-1750. Då Brita døydde 1747 måtte Nils lata bruket frå seg. Han flytte då til sonen Markus på Indre-Boge.

Born:

  1. Markus 1722-, sjå Herfindalen bnr. 1 og Indre-Boge.
  2. Nils 1723-,
  3. Barbro f. og d. 1725,
  4. Johannes 1726-1756,
  5. Barbro 1728-1729,
  6. Ingebjørg 1730-1750.


1694 var Nils Olsson brukar her. Nils 1667-1703, sjå ofr., var g. 2 gonger. Namnet åt 1. kona er ikkje kjent.

Born:

  1. Nils 1692-1693,
  2. Rasmus 1693-,
  3. Mons 1693-.

Nils g.2.g. 1696 m. Brita Olsdtr. Vatle. Sjå Haus s. 139.

Born:

  1. Marta 1697-, g. 1741 m. Lars Larsson Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik, leigebuarar.
  2. Johannes f. og d. 1699,
  3. Brita 1702-1762, ug.


1705 bygsla Eirik Henriksson Jamne 1/4 av garden hjå Baste Olsson Ryskeland. Eirik gifte seg same året m. Brita Olsdtr. Skaftå, truleg enkja etter Nils Olsson. Sjå ofr.

Born:

  1. Nils 1706-, g. 1734 m. Anna Samuelsdtr. Skulstad, b. Midt-Mjelde i Haus.
  2. Henrik 1708-, sjå Ytre-Bruvik bnr. 8.
  3. Ingebjørg 1712-, g.m. Johannes Olsson Skaftå. Sjå nfr.


1746 bygsla Johannes Olsson 1/4 av garden hjå Olav Bastesson Kyrkje-Bruvik. Johannes 1720-1812 var g.m. Ingebjørg Eiriksdtr. Skaftå 1712-1793. Dei var barnlause. Ved skiftet etter Ingebjørg var arven skift mellom enkjemannen og dei 2 brørne hennar, Nils Eiriksson Mjelde og Henrik Eiriksson Ytre-Bruvik. Nettoen i buet var 36 rdl. 3 mark 6 sk.


1704 bygsla Magne Olsson Vatle 1/4 av garden hjå Baste Olsson Ryskeland. Magne 1670-1751 gifte seg med Kari Olsdtr. Skaftå 1678-1751. Sjå ofr. og Haus s. 139.

Barn:

  1. Brita 1707-, g.m. Jon Monsson. Sjå bnr. 2.


BRUKARAR

BNR. 1

Daglegnamn: Oppane.

Gamalt løpenr. 219. Nytt løpenr. 432. Gamal skyld 1 bismarpund, 13 1/2 mork smør. 1838: Ny skyld 2 dl. 1 ort 4 sk. 1858: Gamal skyld 1 bismarpund 10 1/5 mork Ny skyld 2 dl. 6 sk. Dette var etter at løpenr. 432 b var skilt frå 1886: 3,26 skm. 1956: 3,01 skm.

1863 hadde bruket 6 1/2 mål åker. 2 mål var god åker, 2 1/2 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 41 1/2 mål. 14 mål var god eng, 1 1/2 mål var middels god, resten var ring.

Sånad: 4 tunner havre, 3 1/2 tunne poteter. Avling: 17 tunner havre, 20 tunner poteter, 680 våger høy, 119 våger halm. I slåttene hausta dei 180 våger høy. Skav, beit og lyng svara til 1 kufor og 1 sauefor. Fødnad: 11 storfe, 3 ungfe, 30 småfe.

1865: Sånad 4 tunner havre, 4 tunner poteter. Fødnad: 12 storfe, 31 småfe.

1875: Sånad 4 tunner havre, 5 tunner poteter. Fødnad: 8 kyr, 2 kalvar, 32 sauer, 2 kje.


1748 skøyte til Olav Olsson Kyrkje-Bruvik 1699-1759. Olav var den fyrste sjølveigaren på dette bruket. Han fekk skøyte hjå faren Olav Bastesson Kyrkje-Bruvik på ein del av garden, og vart seinare eigar av heile Skaftå. Sjå eigarar ofr. Olav hadde før vore eigar og brukar på Ytre-Bruvik bnr. 1. Det bruket vart teke att på odel.

Olav g.1 .g.m. Marta Pedersdtr. Ytre-Boge f. 1707 d. om lag 1738.

Born:

  1. Baste 1732-1733,
  2. Nils 1734-1737,
  3. Brita 1736-, g.m. Johannes Thomasson Hana, brukar her. Sjå nfr.

Olav g.2.g.m. Kristi Samuelsdtr. Skulstad 1705-1751. Sjå Haus s. 285.

Born:

  1. Marta 1739-1740.
  2. Samuel f. og d. 1740.

Ved skiftet etter Kristi Samuelsdtr. 1751 vart det ved skifteregistreringa slege fast at buet åtte heile garden Skaftå, verdsett til 80 rdl. I garden Horsås i Hamre åtte buet halve garden. Det var eit bruk som var bygsla bort til Olav Jonsson, skyld 1 pund smør, 12 kanner malt, verdsett for 16 rdl. 3 mark. Enkjemannen Olav Olsson ervde heile jordegodset med løyve av dei andre ervingane.


1753 skøyte til Johannes Tomasson Hana, g.m. einaste dotter åt Olav Olsson, sjå ofr. Skøyte lydde på 1 pund 4 4/5 merker smør, 9 3/5 kanner malt, og kjøpesummen var 36 rdl.

Johannes Tomasson Hana bnr. 1, 1733-1817, var g. 1753 m. Brita Olsdtr. Skaftå 1736-1793. Brita var einearving etter faren og ved skiftet etter Olav Olsson 1760 vart heile Skaftå og eit bruk i Horsås utlagt til mannen hennar, Johannes Tomasson. Ved skifte 1793 etter Brita Olsdtr. fekk eldste sonen Anders utlagt halve garden. Han vart brukar på bnr. 1. Hi helvta vart delt mellom sonen Tomas og dottera Kristi. Sjå bnr. 2.

Born:

  1. Kristi 1754-, g.m. Anders Fabiansson Kyrkje-Bruvik, sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 2.
  2. Anders 1756-, brukar her.
  3. Tomas 1759-, sjå bnr. 2.
  4. Brita 1763-, d. før 1793.
  5. Synneva 1765-, g.m. Tomas O. Hana, Dale bnr. 11.
  6. Olav 1766-, sjå Hekland bnr. 1.
  7. Marta 1767-, g.m. Olav A. Fokstad. Sjå Fokstad/Faugstad, brukarar før 1836.


1793 skifteskøyte til Anders Johannesson i skiftet etter mora på 1 bismerpund 10 merker smør, 10 kanner malt. Dette svara til halve garden og var det bruket som faren hadde hatt. Kårbrev til faren Johannes Tomasson vart tinglyst same året.

Anders 1756-1842 var g.m. Magdeli Johannesdtr. Fossmark 1758-1827 Sjå Fossmark bnr. 5.

1791 fekk Anders Johannesson skøyte på Vaksdal bnr. 28. Dette bruket selde han 1801.

Born:

  1. Johannes 1780-, brukar her. Sjå nfr.
  2. Johannes 1783-,
  3. Tomas 1784-, brukar på ØvsteMjelde. Sjå Haus s. 49.
  4. Marta 1787-, g. 1806 m. ekm. Johannes M. Hartveit. Sjå Gjerstad s. 329.
  5. Olav 1790-, brukar i Rødberg bnr. 1.
  6. Nils f. og d. 1794.
  7. Nils f. og d. 1795.
  8. Nils 1799-, g.m. enkja Maria Larsdtr. Tveiterås. Sjå Gjerstad s. 364.


1808 skøyte til Johannes Andersson 1780-1828, g.m. Brita Tomasdtr. Stokke bnr. 5, 1781-1849. Dei hadde vore brukarfolk på Rødberg før dei kom hit. No overtok Johannes farsgarden. Foreldra fekk kår. Johannes var medhjelpar for presten i Bruvik og fleire gonger lagrettemann. Ved skiftet etter Johannes 1829 var bruttosummen i buet 343 spd. Nettoen var vel 287 spd. Dette bruket var verdsett til 230 spd. Buet åtte også ein part i garden Hole i Arna Skipreide, utlagt i skiftet 1823, verdsett til 25 spd.

Born:

  1. Magdeli f. og d. 1804.
  2. Magdeli 1806-, g.m. Jakob A. Stokke. Sjå Vik bnr. 5.
  3. Johannes 1808-, brukar her. Sjå nfr.
  4. Brita f. og d. 1812.
  5. Anders 1815-, brukar på Indre-Boge bnr. 1.
  6. Brita 1819-, g.m. Helge Larsson Hekland, sjå Hekland bnr. 2.
  7. Tomas 1824-, brukar på Vaksdal bnr. 1 og Indre-Boge bnr. 4.


1829 skifteskøyte til Johannes Johannesson i skiftet etter faren, for takstsummen 230 spd. Mora, Brita Tomasdtr. fekk kår. Johannes 1808-1876 var g.m. Helga Johannesdtr. Vik 1804-1875.

Born:

  1. Marta 1830-, g.m. Knut Jakobsson Vik, sjå Vik bnr. 5.
  2. Johannes 1833-, brukar her.
  3. Johannes 1836-, sjå bnr. 2.
  4. Jakob f. og d. 1840.
  5. Brita 1841-, g.m. Mons N. Hana. Sjå Stavenes bnr. 3.
  6. Madli 1843-, g.m. Olav T. Hekland, sjå Hekland bnr. 1.
  7. Jakob 1846-, brukar på Indre Takvam. Sjå Haus s. 409.


1858 skøyte til eldste sonen, Johannes Johannesson, for 200 spd. og kår til foreldra. Dei skulle også ha kår av løpenr. 432 b, som dei hadde skilt ut og gjeve skøyte på til nesteldste sonen. Sjå bnr. 2 nfr.

Johannes Johannesson 1833-, var g. 1858 m. Magdeli Helgesdtr. Hekland bnr. 2, 1840-.

Born:

  1. Helga 1859-, g. 1879 m. Knut Andersson Indre-Boge, sjå Indre-Boge bnr. 1.
  2. Brita 1862-, g.m. Håkon Baugstø. Sjå bnr. 3 og 5.
  3. Ingebjørg 1864-,
  4. Brita 1865-,
  5. Johannes 1866-, brukar her.
  6. Helga 1869-.
  7. Jakob 1870-, sjå Stokke bnr. 4.
  8. Berta 1874-, g.m. Johannes J. Vik, sjå Vik bnr. 2.
  9. Malena f. og d. 1876.
  10. Ingebjørg 1876-,
  11. Malena 1878-, g.m. Berentin Boge. Sjå bnr. 24 nfr.
  12. Hilda 1882-, g.m. Tørres Baugstø. Sjå bnr. 31 nfr.


1890 skøyte til Johannes Johannesson 1866- 1962, g.m. Ingeborg 1869-1961, dtr. åt Kari og Johannes Hekland bnr. 2.

Born:

  1. Johannes Martin 1890-1913 (eller 1896-1913), gruvearbeidar, ug.
  2. Jakob 1899-1955, sjå nfr.
  3. Madli 1892-1942, ug., hushjelp.
  4. Harald 1897-, sjå bnr. 8.
  5. Konrad 1902-, sjå bnr. 47.
  6. Trygve 1904-, sjå bnr. 41.
  7. Helga 1908-, husmor, b. Naustdal i Sunnfjord, g.m. sokneprest Olav Vaksdal.


Jakob Johannesson 1899-1955 elektrikar, g.m. Jørgina 1902-, dtr. åt Margit og Gjertin Knutsen, Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne. Vaksdal og Ytre Arna s. 142.

Born:

  1. Johannes 19**-, sjå nfr.
  2. Gunnar 19**-, mekanikar, b. Garnes. Sjå bnr. 6.


1957 skøyte til Johannes Jakobsson Skaftun 19**-, frå farfaren Johannes Johannesson 1866-, sjå ofr. og bnr. 15 og 30. Johannes er målar, b. Arnatveit, g.m. Anna f. 19**, dtr. åt Borghild og Ludvig Kvinge, Masfjorden.

Barn:

  1. Kristine 19**-.


1975 skøyte til Gunnar Skaftun f. 19** på bnr. 1, 15 og 30 i felleseige med broren Johannes. Gunnar er mekanikar, g.m. Ragnhild Johanna 19**-, husmor og ekspeditrise, dtr. åt Gjertrud og Nils Tunestveit, Herland. Sjå Haus s. 393.

Born:

  1. Jane 19**-,
  2. Nils Inge 19**-,
  3. Per Gunnar 19**-.


BNR. 2

Daglegnamn: Dar heima.

Gamalt løpenr. 220 a, nytt løpenr. 433. Gamal skyld 1 pund 11 merker smør. 1838: 1 dl. 2 ort 20 sk. 1858 fekk dette bruket eit tillegg. Då vart det skilt ut ein part av bnr. 1 med gamal skyld 3 merker smør, ny skyld 22 sk. Løpenr. 432 b. I den nye matrikkelen 1886 er 432 b og 434 slegne saman til eitt bnr. (bnr. 2) med skyld 1,89 skm.

1863 var det på bruket 4 7/10 mål åker, 1 1/2 mål var god åker, 2 1/2 mål var middels god. Resten var ring. Engvidda var 21 mål. 4 mål var god eng, 4 mål middels god, resten var ring. Sånad: 2 1/2 tunne havre, 2 tunner poteter. Avling: 10 1/2 tunne havre, 12 tunner poteter, 450 våger høy, 80 våger halm. I slåttene hausta dei 100 våger høy. Skav og beit svara til 1 kufor. Fødnad: 8 storfe, 28 småfe.

1865: Sånad 2 1/2 tunne havre, 3 tunner poteter. Fødnad: 8 storfe, 30 småfe, 1 gris.

1875: Sånad 3 tunner havre, 4 tunner poteter. Fødnad: 6 kyr, 26 sauer, 10 geiter, 1 kje.


1733 bygsla Jon Monsson Olsnes 1/4 av garden hjå Olav Bastesson Kyrkje-Bruvik. Jon 1703-1763 var g.1.g.m. Brita Magnesdtr. Skaftå 1707-1742.

Born:

  1. Kari 1734-1760,
  2. Mons 1742-1751,

Jon g.2.g. 1743 m. Gjertrud Jakobsdtr. Mjelde 1713-1760. Sjå Haus s. 65.

Born:

  1. Brita 1745-1746,
  2. Magne 1747-, brukar på Hekland bnr. 1.
  3. Jakob f. og d. 1749,
  4. Mons 1752-.

Ved skiftet etter Gjertrud Jakobsdtr. 1760 var bruttoen i buet vel 75 rdl. Nettoen vel 67 rdl. Buskapen er ved registreringa verdsett. til 32 rdl. 3 mark. Enkjemannen og sonen Mons, 8 år gamal, er dei einaste arvingane i dette skiftet. Dette skulle tyda på at sonen Magne, som vart brukar på Hekland, var frå 1. ekteskapet. Han må truleg vera fødd om lag 1740.

Jon g.3.g.m. Sigrid Olsdtr. Langhelle bnr. 1 f. 1739.

Barn:

  1. Olav 1761-.


1763 bygsla Mons Pedersson Langhelle. Han gifte seg året etter med Sigrid Olsdtr., enkja etter den førre brukaren. Mons 1737-1796 var frå Langhelle bnr. 3. Han var lagrettemann i Mjelde skipreide 1771.

Born:

  1. Jon f. og d. 1765.
  2. Per f. og d. 1766.
  3. Anna 1768-1772.
  4. Anna f. og d. 1772.
  5. Johannes 1773-, brukar på Hartveit, g.1.g.m. Anna Johannesdtr. Bruvik. G.2.g.m. Marta Andersdtr. Skaftå. Sjå Gjerstad s. 329.
  6. Jon 1775-1784, d. ved ulukke i fjellet.
  7. Per 1779-, brukar på Mele, g.m. Anna Andersdtr. Litun. Sjå Gjerstad s. 388.


1793 og 1794 skøyte til Tomas Johannesson. Det 1. skøytet fekk han i skiftet etter mora, Brita Olsdtr. Då fekk han utlagt 10 2/3 merker smør, 3 5/9 kanner malt i dette bruket. Resten av bnr. 2 vart utlagt til systra Kristi, g.m. Anders Kyrkje-Bruvik. 1794 fekk Tomas skøyte hjå verbroren Anders på parten åt Kristi, som var 13 1/3 mork smør, 4 4/9 kanner malt. Kjøpesummen var 55 rdl.

Tomas Johannesson fekk også skøyte på bnr. 4 1793. Dette bruket hadde han bygsla 1787. Frå 1794 var han eigar og brukar på halve garden. Enkja etter Mons Pederssen, Sigrid Olsdtr., fekk kår av dette bruket frå 1796.

1814 var Tomas utsending frå Bruvik sokn til valtinget i Bergen, som skulle velja utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll.

Tomas Johannesson 1759-1826 var g.1.g. 1786 m. Maria Olsdtr. Romslo 1747-1806. Sjå Haus s. 348.

Born:

  1. Brita 1787-, g.m. Anders O. Fokstad. Sjå Fokstad/Faugstad, brukarar før 1836.
  2. Unna 1789-, g.m. Ingebrigt Haldorson Dale bnr. 1. Sjå Dale bnr. 1.
  3. Synneva 1793-, g.m. Anders O. Fokstad, sjå Fokstad/Faugstad brukarar før 1836.
  4. Marta 1796-1818, ug.
  5. Johannes 1799-, sjå bnr. 4,
  6. Olav f. og d. 1803.
  7. Olav 1805-, brukar her. Sjå nfr.

Tomas g.2.g. 1812 m. Brita Olsdtr. Fokstad f. 1787. Sjå Fokstad/Faugstad, brukarar før 1836.

Born:

  1. Maria 1816-, g.m. Haldor Ingebrigtsson Dale bnr. 1. Sjå Dale bnr. 1.
  2. Tomas 1818-, brukar på Vaksdal bnr. 5.

Ved skiftet 1796 etter brukaren Mons Pedersson var bruttosummen i buet 67 rdl. Nettoen 26 rdl. Arven vart delt mellom enkja og dei 2 sønene Johannes Monsson Hovden og Peder Monsson, som då var 17 år gamal.

Ved skiftet 1806 etter Maria Olsdtr. var bruttosummen i buet 325 rdl. Nettoen var 300 rdl. Jordegodset i buet var halve garden Skaftå, verdsett til 150 rdl.

Ved skiftet 1826 etter Tomas Johannesson var bruttosummen i buet 310 spd. Nettoen var 157 spd. Mellom sylvsakene var det ei sylvkanne verdsett til 10 spd. Jordegodset i buet var ein part i garden Horsås i Hamre, verdsett til 60 spd.

Ved skiftet 1806 etter Maria Olsdtr., 1. kona åt Tomas Johannesson, vart halve jordeigedomen utlagt til enkjemannen. Resten vart delt mellom dei 6 borna, 4 døtrer fekk kvar ein part på 2 5/8 merker smør, 7/8 kanner malt. Dei 2 sønene fekk kvar partar på 5 1/4 mark smør, 1 3/4 kanne malt.


1826 skøyte til Olav Tomasson for 50 spd. frå faren Tomas Johannesson. Medrekna det Olav hadde ervt i skiftet etter mora 1806 åtte han no 14 merker smør, 4 2/3 kanner malt. Broren, Johannes, som fekk skøyte på bnr. 4 same året, fekk ein noko støne part. Ved utskiftningsforretning 1826 vart det fastsett kva for teigar kvart bruk skulle ha. Tomas Johannesson og kona fekk kår både av bnr. 2 og bnr. 4.

Olav 1805-1852 var g.m. Brita Olsdtr. Hekland bnr. 1, 1809-. Dei selde dette bruket og flytte til Indre-Boge. Huslydopplysningar: sjå Indre-Boge bnr. 6.


1839 skøyte til Anders Johannesson Skaftå for 350 spd. Anders var brukar på Indre-Boge bnr. 1, og var truleg ikkje busett her.


1840 skøyte til Anders Vikingsson Thunes for 350 spd. og kår. Anders 1804-1876 var g.m. Kari Einarsdtr. Havrå 1805-1879. Sjå Haus s. 266, 268 og 443.

Born:

  1. Marta 1841-, g.m. Johannes Johannesson Skaftå, brukar her. Sjå nfr.
  2. Johannes 1846-.


1858 skøyte til Johannes Johannesson frå verfaren Anders Vikingsson for 300 spd. og kår. Eit stovehus var unnanteke i salet. Johannes Johannesson 1836-1902 var nesteldste son på Skaftå bnr. 1. Han fekk skøyte på ein liten part av farsgarden 1858. Parten hadde løpenr. 432 b. Med matrikuleringa vart det gamle løpenr. 434 og 432 b slegne saman til bnr. 1. Sjå ofr.

Johannes var g.m. Marta Andersdtr. 1841-, dtr. åt den førre brukaren her.

Born:

  1. Anders f. og d. 1861,
  2. Anders 1862-1864,
  3. Ingebjørg f. og d. 1864,
  4. Johannes 1865-, brukar her, sjå nfr.
  5. Karolina 1868-,
  6. Anders 1869-,
  7. Helga 1874-,
  8. Johan Martin 1876-,
  9. Einar f. og d. 1878.
  10. Helga 1878-, sjå bnr. 26,
  11. Brita 1881-, sjå bnr. 26,
  12. Einar 1884-, d. ved ulukke 1890.
  13. Anna 1890-1963, sjå bnr. 26.

1896 skøyte til Johannes Johannesson 1865-1935, garbrukar, g.m. Ingebjørg 1865-, dtr. åt Anna og Josef M. Stokke bnr. 3.

Born:

  1. Anna 1895-1968, hushjelp, b. her,
  2. Marta 1898-, g.m. Ingvald Bruvik, sjå Indre-Bruvik bnr. 10.
  3. Helga 1898-1918,
  4. Einar 1903-, brukar her, sjå nfr.


1935 skøyte til Einar Johannesson 1903-1962, ug. gardbrukar. Systera Anna fekk tinglyst burett.


1964 skøyte til Johannes Skaftun Bruvik f. 19**, kjøpmann, son åt fabrikkeigar Ingvald Bruvik og kona Marta f. Skaftun, g.m. Britt 19**-, dtr. åt Edith og Bernt Braathun, Bergen. Sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 45.

Born:

  1. Ingunn 19**-,
  2. Erlend 19**-.


BNR. 3

Skilt frå bnr. 1 1890. Løpenr. 432 c. Skyld: 0,30 skm.


1890 skøyte til Falcon Tørresson Baugstø 1859-1945, gruvearbeidar, g.m. Brita 1862-1952, dtr. åt Magdeli og Johannes J. Skaftun. Sjå bnr. 1.

Born:

  1. Alice Malene 1884-, g.m. Anders Olsnes. Sjå bnr. 42 og 43.
  2. Hilda Maria 1886-, b. Radøy, g.m. lærar Johan Martinusson Myrtveit.
  3. Tora 1888-, g.m. Tørres Nonås. Sjå bnr. 36 nfr.
  4. Josefine 1889-, g.m. Harald Skaftun. Sjå bnr. 8.
  5. Helga 1891-, ug., sjukepleiar, b. Bergen.
  6. Trygve 1893-1904,
  7. Håkon 1895-, ingeniør, b. Bergen, g.m. Gunvor Rimmereide.
  8. Ingolf 1897-, brukar her. Sjå nfr.
  9. Bergljot 1901-, g.m. Johan Olsnes. Sjå bnr. 37 og 40.
  10. Astrid 1903-, oldfrue, b. Bergen, g.m. Rolf Olsen.


1952 skøyte til Ingolf Håkonsson Baugstø 1897-, ug., kontormann.


Festenr. 1 under bnr. 3.

1923 feste på hyttetomt til bokhandler Johan Magnussen.


BNR. 4

Daglegnamn: Dalen.

Gamalt løpenr. 220 a, nytt løpenr. 433. Seinare 433 a. Gamal skyld 25 merker smør. 1838: Ny skyld 1 dl. 2 ort 20 sk. 1886: Gamal skyld 3 ort 22 sk. (bnr. 5 var då delt ny skyld 1,19 skm. 1956: 1,11 skm.

1863 var det på bruket 6 mål åker. 1 1/2 mål var god åker, 1 1/2 mål middels god, resten var ring. Engvidda var 26 mål. 9 mål var god eng, 5 mål middels god, resten var ring. Sånad: 3 1/2 tunne havre, 3 1/2 tunne poteter. Avling: 15 tunner havre, 20 tunner poteter, 590 våger høy, 105 våger halm. I slåttene hausta dei 165 våger høy. Skav, beit og lyng svara til 1 kufor. Fødnad: 7 kyr, 3 ungfe, 25 småfe.

1865 finn me desse oppgåvene i folketeljinga: Sånad 3 1/2 tunne havre, 3 tunner poteter. Fødnad: 12 storfe, 20 sauer, 1 gris.


1826 skøyte til Johannes Tomasson Skaftå for 125 spd. og kår til foreldra. Skylda som er oppgjeven i skøytet var 28 merker smør, 9 1/3 kanne malt. Ein del av dette åtte Johannes frå før. I skiftet etter mora 1806 hadde han fått utlagt 5 1/4 mork smør, 1 3/4 kanne malt.

Johannes 1799-1855 var g.1. gong 1825 m. Brita Tomasdtr. Stavenes bnr. 1, 1803-1841. I skiftet etter Brita 1841 var dette bruket verdsett til 300 spd. Bruttosummen i buet var vel 474 spd. Nettoen vel 364 spd. Enkjemannen fekk bruket utlagt for takstsummen.

Born:

  1. Tomas 1826-, brukar her, sjå nfr.
  2. Maria 1829-, g.m. Anders Isaksson. Sjå Stavenes bnr. 5.
  3. Ingebjørg 1833-, b. Indre-Bruvik.
  4. Tomas 1835-1880, ug., tenar på Indre-Bruvik.
  5. Johannes f. og d. 1838,
  6. Brita 1840-, g.m. Nils Johannesson Ytre-Boge, sjå Ytre-Boge bnr. 4.

Johannes g.2.g. 1842 m. Brita Tomasdtr. Stavenes bnr. 1 f. 1821.

Born:

  1. Olav 1844-, sjå Vik bnr. 1.
  2. Johannes 1847-.


1847 skøyte til Tomas Johannesson for 380 spd. og kår til faren Johannes Tomasson og 2. kona Brita Tomasdtr.

Tomas 1826-, var g. 1854 m. Anna Nilsdtr. Hana 1830-. 1854 gjorde dei makeskifte med Tomas Johannesson Indre-Boge, og flytte til Indre-Boge bnr. 4. Huslydopplysningar: Sjå Indre-Boge bnr. 4.


1854 makeskøyte til Tomas Johannesson Boge, f. på Skaftå bnr. 1 1824, g.m. Brita Knutsdtr. Stokke bnr. 5 1822-1882.

1865 delte Tomas bruket mellom sonen Johannes og dottera Brita. Sjå nfr.

Born:

  1. Johannes f. og d. 1845-.
  2. Johannes 1847-, brukar her.
  3. Brita 1849-, sjå bnr. 5.
  4. Magdeli 1851-,
  5. Magdeli 1853-, g.m. mylnar Søren Larsen. Sjå Ytre-Boge bnr. 7.
  6. Olina 1858-1877
  7. Nils 1863-.


1865 skøyte til Johannes Tomasson for 200 spd. Dette var halve farsgarden. Resten fekk systera Brita. bnr. 5. 1873 vart det tinglyst kårbrev til Tomas Johannesson og kona Brita Knutsdtr. på kår av bnr. 4 og 5.

Johannes 1847-1903 var g.m. Marta Nilsdtr. Stokke bnr. 2 1843-1914.

Born:

  1. Brita 1870-1952, ug., arbeidde i Bergen.
  2. Olina 1873-, b. Bergen, g.m. møbelsnikkar Kristensen.
  3. Andreas 1876-, sjå nfr.
  4. Nils 1881-, b. Canada, g.m. Marie Juul frå Trondheim.
  5. Tomas 1884-, b. Chicago, U.S.A.
  6. Bergitta 1887-, sjå nfr.


1904 skøyte til Andreas J. Skaftun 1876-1959, ug. gardbrukar og gruvearbeidar.


1953 skøyte til Bergitta J. Skaftun 1885 eller 1887, d. 1961, ug. b. her.


1964 skøyte til Johannes H. Rolland på bnr. 4 og 38. Sjå også bnr. 13. Johannes Rolland f. 1914 er son åt Maria og Henrik Rolland, Dale, g.m. Astrid 1908-, dtr. åt Magnhild og Johannes Solhaug, Vik bnr. 7.

Born:

  1. Reidun Marie 19**-, b. Fedje, g.m. Arvid Stormark.
  2. Torild 19**-, b. Asane, g.m. platearbeidar Atle Bokkøy.


BNR. 5

Skilt frå bnr. 4 1868. Løpenr. 433 b. Gamal skyld 17 1/2 mork smør. Ny skyld 23 ort 22 sk.

1886: 1,19 skm. 1956: 1,04 skm.


1865 skøyte til Brita Tomasdtr. Skaftå for 290 spd. Brita var f. 1849 på bnr. 4. Ho fekk dela farsgarden med broren Johannes. Brita flytte til Bergen og gav skøyte til neste brukar.


1873 skøyte for 400 spd. til Jon Monsson Stokke. Same året vart det tinglyst kårbrev frå Jon Monsson og brukaren på bnr. 4, Johannes Tomasson, til dei gamle brukarfolka, Tomas Johannesson og Brita Knutsdtr. Jon f. 1837 på Stokke bnr. 3 var g. 1862 m. Agate Johannesdtr. Indre-Bruvik bnr. 1 f. 1825. Dei hadde dette bruket berre nokre år. Seinare budde dei på Indre-Bruvik bnr. 9.


1874 skøyte til Lars Larsson Reigstad for 400 spd.


1875 skøyte til Jon Monsson Bruvik for 400 spd.


1878 skøyte for 1500 kr. til Olav Nilsson Hana d. y.


1882 skøyte for 1500 kr. til Lars Helgesson Hekland 1848-1939, f. på Hekland bnr. 2, g.m. Dordi Johannesdtr. Ytre-Bruvik bnr. 7 1857-1938. Dei busette seg seinare på Øvste-Mjelde. Sjå Haus s. 63.

Born:

  1. Helge 1884, brukar på Øvste-Mjelde, g.m. Berta Olsdtr. Øvste-Mjelde. Sjå Haus s. 55.
  2. Hilda Kristina 1886-1942, b. Oslo g.m. Olav Johannesson Åsheim. Sjå Haus s. 55.
  3. Johannes 1889-1909, ug., Øvste-Mjelde.
  4. Brita 1891-, b. Dale g.m. August Petersen. Sjå ættesoge for Dale.
  5. Johan 1894-, b. Hamar.
  6. Andreas 1896-, smed, b. Kristiansand, g.m. Josefina Bruvik.
  7. Anna 1899-, g.m. gardbrukar Ivar K. Øvste-Mjelde. Sjå Haus s. 56.
  8. Inga 1902- 1910.


1899 skøyte til Håkon Tørresson Baugstå. Sjå bnr. 3.


1952 skøyte til Ingolf Baugstå på bnr. 3, 5 og fleire bruk.


BNR. 6

Solhaug.

Skilt frå bnr. 4 og 5 1899. Skyld 0,01 skm.

Denne eigedomen vart dreven saman med Vik bnr. 7.


1899 skøyte til Johannes Jensson Solhaug (Skaftun?) f. 1870 el. 1871. son åt Brita og Jens Vik, bnr. 7, g.m. Ragnhild Amalie Litle Lindås, 1881-1948. Huslydopplysningar: Sjå Vik bnr. 7.


1946 skøyte til Johannes H. Rolland. Sjå Vik bnr. 7 og II s. 359.


1974 skøyte til Rolf Solhaug 19**-. Sjå Vik bnr. 7.


BNR. 7

Skilt frå bnr. 5 1907. Skyld: 0,01 skm.


1907 skøyte til Martin Vaksdal 1877 -1933, anleggsarbeidar, son åt Siri og Jakob Fossdal, Jamne bnr. 7, g.m. Anna Eltvik 1865-1938, dtr. åt Anders G. Trollebø 1835-1920.

Born:

  1. Jakob Severin 1900-, fiskar, b. Seattle, U.S.A., g.m. Petra frå Harstad.
  2. Sigrid 1901-1924, ug., fabrikkarbeidar, b. Samnanger.
  3. Anders 1903-, sjå nfr.
  4. Amund Johannes 1904-, b. Seattle, U.S.A., g.m. Gina?
  5. Olav 1904 el. 1906-, prest, g.m. Helga Skaftun f. 1908.
  6. Alfred 1908-1948, gardbrukar i Vanylven, g.m. Gudbjørg Tunheim.


1952 skøyte til Anders Martinsson Vaksdal, 1903-, sjå ofr., gruvearbeidar, g.1 .g.m. Berta Agathe 1898- ca. 1952, lærar, dtr. åt Anna og Johannes Stokke bnr. 8.

Barn:

  1. Sigmund 19**-, tekstilarbeidar, b. Loddefjord, g.m. Aud Ellingsen.
  2. Anders g.2.g.m. Hjørdis Krystad d. 1969, dtr. åt Sivert Støverstein frå Hornindal i Nordfjord.

    Anders g.3.g.m. Borgny Hannisdal f. 1931.


    BNR. 8

    Lossestasjon. Skilt frå bnr. 1 1907. Skyld 0,03 skm.


    1907 arvefestebrev til A/S P.G. Rieber & Søn.


    1926 feste til Odda Smelteverk A/S.


    1968 skøyte til Harald Skaftun 1897-, elektromontør, son åt Ingeborg og Johannes Skaftun. Sjå bnr. 1 ofr. G.m. Josefine 1889-1974, dtr. åt Brita og Håkon Baugstå. Sjå bnr. 3 ofr.

    Barn:

    1. Jørund 19**-, sjå nfr.


    1974 skøyte til Jørund Skaftun 19**-, elektroingeniør, b. Bergen, g.m. Annfrid 19**-, dtr. åt Ivar Knutsson Aadland og kona Anna f. Bolstad, Bergen.

    Born:

    1. Helge 19**,
    2. Frode 19**-.


    Festenr. 1 under bnr. 8 og 49.

    1972 festekontrakt til A/S Norvako på 99 år, mot årleg leige kr. 1000.00.


    BNR. 9

    Lastestasjon. Skilt frå bnr. 2 1907. Skyld 0,01 skm.

    1907 arvefeste til A/S P.G. Rieber & Søn.

    1926 arvefeste til Odda Smelteverk A/S.


    BNR. 10

    Naustviken. Skilt frå bnr. 4 1907. Skyld 0,01 skm.

    1907 arvefeste til A/S P. G. Rieber & Søn.


    BNR. 11

    Naustviken. Skilt frå bnr. 5 1907. Skyld 0,01 skm.

    1907 arvefeste til A/S P. G. Rieber & Søn.

    1952 skøyte til Ingolf Baugstå på bnr. 3, 5, 11 m.fl. bnr.


    BNR. 12

    Stølshaugen. Skilt frå brn. 5 1908. 0,02 skm.

    1908 arvefeste til A/S Vestlandske Kalkbrudd og Eiendomskompani.

    1952 skøyte på bnr. 3, 5, 11, 12 m.fl. bruk til Ingolf Baugstø.


    BNR. 13

    Stølen. Skilt frå bnr. 4 1908. 0,01 skm.

    1926 skøyte til Odda Smelteverk A/S.

    1967 skøyte til Johannes Rolland.


    BNR. 14.

    Stølsheim. Skilt frå bnr. 2 1908. 0,02 skm.

    1908 arvefestebrev til A/S Vestlandske Kalkbrudd og Eiendomskompani.

    1926 skøyte til Odda Smelteverk A/S.


    BNR. 15

    Fyllingen. Skilt frå bnr. 1 1908. 0,03 skm.

    1908 arvefestebrev til A/S Vestlandske Kalkbrudd og Eiendomskompani.

    1926 arvefestebrev til Odda Smelteverk A/S.

    1957 skøyte til Harald J. Skaftun 1897-. Sjå bnr. 8

    1968 skøyte til Johannes Skaftun 19**-. Sjå bnr. 1 og 30.

    1975 skøyte til broren Gunnar Skaftun f. 19** på bnr. 1, 15 og 30 som er felleseige for dei to brørne. Huslydopplysningar: Sjå bnr. 1.


    BNR. 16

    Solbakken. Skilt frå bnr. 1 1911. 0,01 skm.

    1911 skøyte til Alice Malene Baugstå 1884-1958, dtr. åt Brita og Håkon Baugstå, g.m. smed Anders S. Olsnes 1889-1965. Sjå bnr. 3 ofr.

    1968 heimel til testamentsarvingane Håkon Olsnes, Jørund Skaftun og Else Berit Birkeland.

    1968 skøyte til Harald Worren f. 1892 og Jenny Worren f. 1898 på bnr. 16, 42 og 43.


    1973 skøyte til Berta Magdalena og Martin K. Hope på bnr. 16, 42 og 43.

    Martin 1902-, snikkar, er son åt gardbrukar Knut Hope, Haukeland, og kona Brita Larsdtr. Berta Magdalena 1888-, er dtr. åt jernbaneformann Johann Henrikson Wärn og kona Brita f. Stavenes. Sjå Arna s. 210 og 214.

    Born:

    1. Betzy Beate 1926-1970, ug.
    2. Anna Haldise 19**-, kontorarbeidar, b. Bergen, g.m. konsulent Sverre Magdalon Isaksen f. 19**.


    BNR. 17.

    Nybroen. Skilt frå bnr. 1-5 1912, 0,05 skm.

    1912 Arvefeste til A/S Vestlandske Kalkbrudd og Eiendomsselskap.

    1952 skøyte til Ingolf Baugstå på bnr. 17 m.fl. bruk. Sjå bnr. 3.

    1957 skøyte frå Johannes J. Skaftun og kona Ingeborg til sonen

    Harald Skaftun f. 1897 på hans ideelle anpart av dette m.fl. bruk.


    BNR. 18

    Nybroen. Skilt frå bnr. 1-5 1915, 0,06 skm.

    1915 arvefeste til A/S Vestlandske Kalkbrudd og Eiendomsselskap.

    1952 skøyte til Ingolf Baugstø på bnr. 18 m. fl.

    1957 skøyte frå Johannes J. Skaftun til Harald Skaftun 1897-, på hans ideelle anpart av dette m.fl. bnr.


    BNR. 19

    Kjerret og Kjerregaren. Skilt frå bnr. 1-5 1915, 0,04 skm.

    1915 arvefeste til A/S Vestlandske Kalkbrudd og Eiendomsselskap.

    1952 skøyte til Ingolf Baugstø på bnr. 19 m.fl. bnr.

    1957 skøyte frå Johannes J. Skaftun til Harald Skaftun 1897-, på hans ideelle anpart på dette m.fl. bnr.


    BNR. 20

    Nordre Utgjerdet. Skilt frå bnr. 4 1916, 0,01 skm.

    1916 arvefestebrev til A/S Vestlandske Kalkbrudd og Eiendomskompani.

    1926 arvefestebrev til Odda Smelteverk A/S.


    BNR. 21

    Lambakken. Skilt frå bnr. 1-5 1916, 0,04 skm.

    1952 skøyte til Ingolf Baugstø på bnr. 21 m.fl. bnr.

    1957 skøyte frå Johannes J. Skaftun til Harald Skaftun 1897-, på hans ideelle anpart av dette m.fl. bnr.


    BNR. 22

    Utgjerdet. Skilt frå bnr. 5 1916, 0,01 skm.

    1916 arvefestebrev til A/S Vestlandske Kalkbrudd og Eiendomskompani.

    1952 skøyte til Ingolf Baugstø på bnr. 22 m.fl.bnr.


    BNR. 23

    Seljelien. Skilt frå bnr. 1-5 1916, 0,04 skm.

    1916 arvefestebrev til A/S Vestlandske Kalkbrudd og Eiendomskompani.

    1952 skøyte til Ingolf Baugstø på bnr. 23 m.fl. bnr.


    BNR. 24

    Nesheim. Skilt frå bnr. 1 1917, 0,01 skm.

    1917 skøyte til Berentin Boge 1883-, gruvearbeidar, son åt Ingebjørg og Johannes Tomasson Indre-Boge bnr. 5, g.m. Malena 1878-1950, dtr. åt Magdeli og Johannes J. Skaftun. Sjå bnr. 1 ofr.

    Born:

    1. Ingeborg 1906-, b. Bergen g.m. Røyrleggjar Georg Engelsen.
    2. Margit 1909-, b. Stavenes bnr. 17, g.m. Sigvald Stokke.
    3. Gjermund 1910-, målar, b. her.
    4. Hjørdis 1914-, hushaldar, b. her.


    1958 heimel til Ingeborg Engelsen, Margit Stokke, Gjermund Boge og Hjørdis Boge.


    BNR. 25

    Kvammen. Skilt frå bnr. 1 1917, 0,02 skm.

    1922 skøyte til A/S P.G. Rieber & Søn.


    BNR. 26

    Porshaug. Skilt frå bnr. 2 1917, 0,02 skm.

    1934 skøyte til Helga Skaftun 1878-, Brita Skaftun 1881-, og Anna Skaftun 1890-1963.

    Dei var ugifte døtrer åt Marta og Johannes J. Skaftun. Sjå bnr. 2.


    1964 skøyte til Svein J. Bruvik frå ervingane etter Anna J. Skaftun. Huslydopplysningar: Sjå Indre-Bruvik bnr. 10.


    1971 skøyte til Magnus Songstad f. 19**.


    BNR. 27

    Lille Kvamme. Skilt frå bnr. 4 1917, 0,01 skm.

    1922 skøyte til A/S P. G. Rieber & Søn.


    BNR. 28

    Kaien. Skilt frå bnr. 3 og 5 1917, 0,01 skm.

    1922 skøyte til A/S P. G. Rieber & Søn.


    BNR. 29

    Gråurden. Skilt frå bnr. 1 1918, 0,01 skm.

    1924 arvefestebrev til A/S Vestlandske Kalkbrudd og Eiendomskompani. Seinare festebrev til Odda Smelteverk A/S.

    1957 skøyte til Harald J. Skaftun 1897-. Sjå bnr. 8, 15 m. fl. bnr.


    BNR. 30

    Lindleitet. Skilt frå bnr. 1 1919, 0,02 skm.

    1926 skøyte til Odda Smelteverk A/S.

    1965 skøyte til Johannes Jakobsson Skaftun. Sjå bnr. 1 og 15.

    1975 skøyte til broren Gunnar Skaftun på part i eigedomen. Sjå bnr. 1 og 15.


    BNR. 31

    Lyng. Skilt frå bnr. 1 1921, 0,02 skm.


    1957 skøyte til Tørris Baugstø 1883-, handelsreisande, son åt gardbr. Lars Baugstø og kona Marie, g.m. Hilda 1892-, dtr. åt Magdeli og Johannes Skaftun. Sjå bnr. 1.

    Born:

    1. Marie 19**-, lektor, b. Bergen, g.m. Eirik Berge. Sjå nfr.
    2. Johan Mogens 19**-, sjefsingeniør, g.m. Alvhilda Thorsen.


    1973 skøyte til Eirik Berge 19**-, son åt gardbr. Ingebrigt Berge og kona Margrete f. Stedje, Kyrkjebø, g.m. Marie 1916-, lektor, dtr. åt Hilda og Tørris Baugstø. Sjå ofr. og bnr. 50.

    Born:

    1. Trond Inge 19**-, tannlækjar
    2. Morten Eirik 19**-, tannlækjar


    BNR. 32

    Spisebarakke tomt. Skilt frå bnr. 1 1928, 0,01 skm.


    1928 skøyte til Odda Smelteverk A/S.


    1962 skøyte til Robert Bruvik på bnr. 32, 35 og 44 frå Odda Smelteverk. Huslydopplysningar: Sjå Indre-Bruvik bnr. 49.


    1962 skøyte til Irving Hekland på bnr. 32, 35 og 44.

    Irving 19**-, er son åt Maria og Ingvald J. Hekland. Sjå bnr. 33 nfr. G.m. Johanna Maria 1917-, poststyrar, dtr. åt Synneva og Gudmund Stamneshagen. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

    Born:

    1. Marit Irene 1940-2010, sjukepleiar, b. Lørenskog, g.m. typograf Rune Johannessen.
    2. Gunnar 19**-, snikkar, b. Espeland, g.m. Tove Gjerde 1943-.
    3. Saima 19**-, g.m. Terje Stokseth. Sjå Ytre-Bruvik bnr. 19.
    4. Ingvald 1956-1979, snikkar, b. Bergen, g.m. Elin Margrete Olsnes. Sjå Olsnes bnr. 7.


    BNR. 33

    Utsikten. Skilt frå bnr. 1 1928, 0,01 skm.


    1928 skøyte til Ingvald Hekland 1884-1956, gruvearbeidar og postopnar, g.m. Maria 1896-, dtr. åt snikkar Isak Saari, Finland, og kona Alice.

    Born:

    1. Irving 19**-, gruvearbeidar. Sjå bnr. 32 ofr.
    2. Karl 19**-, sjå Stokke bnr. 7 og 9.
    3. Søren 19**-, snikkar, b. Haukeland, g.m. Conni Knutsdtr. Grønsdal. Sjå Arna s. 349.
    4. Jim Normann 19**-, arbeidsformann, b. Bergen, g.m. Elly Olsen.
    5. Erling 19**-, montør, g.m. Åse Larsen.
    6. Inga 19**-, b. Espeland, g.m. Alf Vik. Sjå Arna s. 385.


    BNR. 34

    Nyheim. Skilt frå bnr. 2 1930, 0,01 skm.


    1930 skøyte til Odda Smelteverk A/S.


    1968 skøyte til Bjarne Vik 19**-, sjømann, son åt Nelly Karina og Magnus M. Vik bnr. 4, g.m. Ingeborg Molly 19**-, dtr. åt kommunearbeidar Jakob Andersen, Bergen, og kona Marie.

    Born:

    1. Bjørn Inge 19**-,
    2. Svein Eirik 19**-,
    3. Leif 19**-.


    BNR. 35

    Spisebarakke tomt. Skilt frå bnr. 1 1938, 0,01 skm.

    1938 skøyte til Odda Smelteverk A/S.

    1962 skøyte til Robert Bruvik. Sjå bnr. 32.

    1962 skøyte til Irving Hekland. Sjå bnr. 32.


    BNR. 36

    Høgtun. Skilt frå bnr. 5 1938, 0,01 skm.


    1938 skøyte til Tora Nonaas 1888-1976, dtr. åt Brita og Håkon Baugstø, sjå bnr. 3 ofr., g.m. lærar Tørres Nonaas 1886-1937, b. Vaksdal, son åt smelteverksstyrar Peder Tørresson Baugstø og 1. kona Kari Monsdtr. f. Njaastad. Sjå Hosanger I del 1 s. 112-113 og ættesoge for Vaksdal og Jamne. Tora og Tørres Nonaas var barnlause.


    1972 skøyte til Else Berit Birkeland 19**-, sjukepleiar, dtr. åt Bergljot og Johan Olsnes. Sjå bnr. 37 nfr. G.m. sjukepleiar Borgvald Birkeland, son åt anleggsarbeidar Rasmus Birkeland og kona Ingeborg f. Gattland b. Mjelstad.

    Born:

    1. Rune 19**-,
    2. Tove 19**-.


    BNR. 37

    Oppheim. Skilt frå bnr. 1 1939, 0,01 skm.


    1941 skøyte til Johan S. Olsnes 1900-, gruvearbeidar, son åt Elen Maria og Sjur J. Olsnes bnr. 1, g.m. Bergljot 1901-, dtr. åt Brita og Håkon T. Baugstø. Sjå bnr. 3 ofr.

    Born:

    1. Håkon 19**-, sjå nfr.
    2. Else Berit 19**-, g.m. Borgvald Birkeland. Sjå bnr. 36 ofr.


    1972 skøyte til Håkon Johansson Olsnes 19**-, sjå ofr. reparatør, b. Ytre-Boge. Huslydopplysningar: Sjå Ytre-Boge bnr. 20.


    BNR. 38

    Løtun. Skilt frå bnr. 7 1939, 0,01 skm.

    1940 skøyte til Andreas Skaftun. Sjå bnr. 4 ofr.

    1964 skøyte til Johannes Rolland på bnr. 4 og 38. Huslydopplysningar: Sjå bnr. 4.


    BNR. 39

    Midtbø. Skilt frå bnr. 2 1940, 0,01 skm.

    1940 skøyte til Bruvik Handelslag.


    BNR. 40

    Nybø. Skilt frå bnr. 5 1941, 0,05 skm.

    1946 skøyte til Bergljot Olsnes og Johan Olsnes. Sjå bnr. 37 ofr.


    BNR. 41

    Kvammen. Skilt frå bnr. 1 1947, 0,01 skm.


    1948 skøyte til Trygve J. Skaftun 1904-, gruvearbeidar, son åt Ingeborg og Johannes J. Skaftun. Sjå bnr. 1 ofr. G.1.g.m. Karolina 1909-1945, dtr. åt Margit og Gjertin Knutsen, Vaksdal.

    Born:

    1. Myrthild 19**-, b. Ytre Arna, g.m. fabrikkarbeidar Tormod Pettersen.
    2. Edith 19**-, b. Hattland. g.m. fabrikkeigar Dagfinn Riple.

    Trygve g.2.g.m. Olga 19**-, dtr. åt smed Jakob Espe, Samnanger, og kona Margit f. Bjørnås.

    Barn:

    1. Terje 19**-, billettør, b. Haus, g.m. Anne Margrete Brekkhus.


    BNR. 42

    Solbakken. Skilt frå bnr. 1 1949.

    1949 skøyte til Anders Olsnes 1889-1965, sjå bnr. 16 ofr.

    1968 heimel til testamentsarvingane etter Anders Olsnes: Håkon Olsnes, Jørund Skaftun og Else Berit Birkeland.

    1968 skøyte til Harald Worren f. 1892 og Jenny Worren f. 1898 på bnr. 16, 42 og 43.

    1973 skøyte til Magdalena Hope 1888- og Martin Hope 1902-, på bnr. 16, 42 og 43. Sjå bnr. 16.


    BNR. 43

    Solbakken. Skilt frå bnr. 4 1949, 0,01 skm. Eigarar: Sjå bnr. 42 ofr.


    BNR. 44

    Boligbarakke tomt. Skilt frå bnr. 1 1950, 0,01 skm.

    1950 skøyte til Odda Smelteverk A/S.

    1962 skøyte til Robert Bruvik på bnr. 32, 35 og 44.

    1962 skøyte til Irving Hekland på bnr. 32, 35 og 44. Huslydopplysningar: Sjå bnr. 32.


    BNR. 45

    Bjørkhaug. Skilt frå bnr. 3 og 5 1952, 0,01 skm.

    1952 skøyte til Bruvik Handelslag.


    BNR. 46

    Fredtun. Skilt frå bnr. 4 1954, 0,01 skm.


    1954 skøyte til Birger Rognø 1911-, sporveisformann, Bergen, son åt maskinist David Rognø og kona Johanna Johannesdtr. Hekland bnr. 2, g.m. Marta 1912-, dtr. åt brannmeistar Ole Erstad, Bergen, og kona Anna f. Kartveit.

    Barn:

    1. Elin 19**-. Sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 42.


    BNR. 47

    Hauen. Skilt frå bnr. 1 1957, 0,01 skm.


    1957 skøyte til Konrad Skaftun 1902-, handelsstyrar, son åt Ingeborg og Johannes Skaftun, sjå bnr. 1. G.m. Erna Houge Fuhrmeister 1904-, dtr. åt kontorist Otto Fuhrmeister, Bergen, og kona Anna f. Houge.

    Born:

    1. Ingrid 19**-, b. Fana, g.m. elektromontør Ingvald Skorpen.
    2. Jan 19**-, lærar, b. Stavanger, g.m. Ingeborg Andersen.
    3. Tor 19**-, karosseriarbeidar, b. Haus i Hordaland, g.m. Liv Stokke.
    4. Kjell 19**-, platearbeidar og sveisar, b. Haus i Hordaland, g.m. Britt Maurset.


    BNR. 48

    Hauen I. Skilt frå bnr. 2 1957, 0,01 skm.

    1957 skøyte til Konrad Skaftun. Sjå bnr. 47.


    BNR. 49

    Myra. Skilt frå bnr. 1 1957, 0,50 skm.

    1957 skøyte til Harald J. Skaftun 1897-, på bnr. 49 m. fl. bnr. Huslydopplysningar: Sjå bnr. 8.

    1974 skøyte til Jørund Haraldsson Skaftun 19**-, på bnr. 8 og 49.


    BNR. 50

    Flåten. Skilt frå bnr. 49 1964, 0,01 skm.

    1966 skøyte til Eirik Berge 19**-, sjå bnr. 31.


    BNR. 51

    Fredtun II. Skilt frå bnr. 3 1967, 0,01 skm.

    1971 skøyte til Birger Rognø. Sjå bnr. 46.


    LEIGEBUARAR

    Lars Nilsson Skaftå 1653-, sjå brukarar før 1750, og jenta Ingebjørg Ivarsdtr. fekk ein son 1687. Den tid var det bot for å få barn utanfor ekteskap, så dei vart stemnde for tinget og bøtelagde. Ingebjørg hadde ikkje noko å betala med, så Lars måtte betala bøtene for dei båe. Namnet åt sonen er ikkje kjent, heller ikkje kjenner ein til korleis det seinar gjekk med Ingebjørg og Lars.

    1785 vart Berte Katrine Mikkelsdtr. døypt i Bruvik Kyrkje. Faddrar var 4 frå Skaftun og 1 frå Hekland. Foreldra åt jenta var sjømann Mikkel Pedersson og jenta Anna Knutsdtr. Anna budde til vanleg i Sandviken ved Bergen hjå ein fiskar som heitte Mons Jonsson, men ho var på Skaftå då dottera var fødd.

    Brita Markusdtr. HerfindalV f. 1753 budde på Skaftå 1832. I 1780-åra budde ho heime i Herfindal. 1796 budde ho på Olsnes.

    Born:

    1. Knut 1785-. Far hans var Johannes Rasmusson Tysso.
    2. Brita 1796-. Faren var Mons Jakobsson Olsnes bnr. 1 1771.

    3. © Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

      Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy