Gnr. 19 Fossmark
Frå Vaksdal Historielag
< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band II
Gards og ættesoge for Fossmark.
INNLEIING
Garden ligg i ei bratt vestvend li på austsida av Sørfjorden. Det er om lag 3 km til Skreien, som er næraste grannegard i sør. Til næraste grannegard i nord, Stanghelle, er fråstanden litt lenger.
Gardsnamnet vart skrive Ffossmarwigh 1535, Fossmarck 1563, 1567, 1610 og 1620, Fossmarch 1667 og Fosmarch 1723. Namnet er ei samansetjing av hankjønnsordet foss og hokjønnsordet mark. Den eldste tydinga av det siste ordet er skogsmark som lagar grenseskilje mellom to landskap. Det høver godt på denne strandstrekninga. Fossen som fyrste namnelekken er knytt til, var ein stor foss i elva som renn frå Fossdalsvatnet ned til Sørfjorden. Når det var flaum i elva, var denne fossen synleg lang veg. Då Vossebana vart bygd, vart det gjort noko reguleringsarbeid i elvelaupet. Frå den tid gjorde fossen mindre av seg. Etter at Bruvik Elektrisitetsverk regulerte Fossdalselva 1917 og leidde vatnet gjennom røyrgate ned til kraftstasjonen ved fjorden, er fossen synleg berre når det er overvatn i Fossdalsvatnet. Fossmark grensar mot Stanghelle, Jamne og Skreien. Grensa går heile vegen i utmark. Mange stader er det mest uframkomeleg. I utskiftningsdokumentet frå 1837, der grensa er skiftfest, finn me denne merknaden om terrenget:
«Forøvrigt maa det bemærkes, at man ei kunde tage nogen riktig og nøyaktig Opmaaling af Gaardens Grændser, da Nye og steile Bjerge samt ufremkommelige Klipper næsten overalt lagde Hindringer i Veien for Sammes riktige Opmaaling, og kun med største Besværlighed og lange Omveie kunde man først komme frem til de Steder hvor Grændsemærket som oftest skulle bestemmes.»
Grensa mot Stanghelle tek til ved sjøen i Merkesflena om lag 2 km nord for tunet. Meir om denne grensa under Stanghelle. I Øykemyrskaret oppe pa fjellet er det eit punkt der grensene mellom Fossmark, Stanghelle, Helle og Jamne møtest. Grensa mellom Jamne og Fossmark vart skriftfest og tinglyst 1833 i samband med utskifting på Jamne. Denne grensa tek til i Budalskaret og går derfrå innetter frå sudaust til nordaust til Skagehjellbruna. Her har grensebrevet ein merknad om at alt som er bugjengt innanfor Skagehjellbruna høyrer til Fossmark, og det som er bugjengt ovanfor høyrer til Jamne. Frå Skagehjellbruna går merket til Myrbærheia der det står ein stor merkestein med 2 vitne. Frå denne merkesteinen går grensa oppetter høgaste rusta like til Øykemyrskaret, der Jamne, Helle, Stanghelle og Fossmark møtest.
Grensa mellom Skreien og Fossmark tek til i Budalsskaret og går mot sør ut under Merkjelea like ned til Uredalsberget der det er hogge ein kross. Derfrå vender grensa mot vest og går ned til Furehaugen der det både er ein kross med ring omkring og ein merkjestein med 2 vitne og kol lagt under. Frå Furehaugen går merket ned til Fossdalselva der det er kross i ein bergnakke. Deretter fylgjer grensa elvefaret ned til sjøen.
Om denne grensa var det tvist 1816 etter at plasset Fossdalen var teke opp. Han som hadde busett seg der, hadde fått bygselkontrakt hjå brukarane i Skreien. Men ein av brukarane i Fossmark stemde saka for forlikskommisjonen for å få kontrakta gjort om inkje. Det var halde synfaring, og då saka kom opp att på forlikstinget, vart det semje om at plasset Fossdalen høyrde til Fossmark.
Det er ikkje gjort fornfunn på garden, og gardsnamnet gjev heller ikkje noko serleg haldepunkt om kva tid garden vart teken opp. Det eldste skriftlege vitnemålet finn me 1535 i jordeboka åt Vincents Lunge i Bergen. Då er gardsnamnet skrive Ffossmarwigh. Det er truleg ei av vikane langs stranda på innmarka det her er tenkt på. Namnet Fossmark var frå fyrst av eit reint utmarknamn, og då her vart fast busetnad, vart ordet vik sett attåt som kjenneteikn for sjølve garden. Seinare har denne samansetjingsleden falle bort.
Frå 1723 har me denne skildringa av garden: «Ingen Sætter god BrendeVeed Skoug 2 flomqwær(ne) ligger ved søen og 5 Mile fra Bergen, meget tungvunden og noget aarvant til Korn ... lever af Qvægets avling og at selge Brendeveed.»
Innmarka er brattlend og jordsmonnet svært skiftande. Mange stader kjem grunnfjellet fram i dagen. Innmarka må ha vore oppdelt i mange teigar også den tid då garden berre hadde ein brukar. Kring 1650 vart garden delt i 2 jamstore bruk. Kvart av dei to bruka var oppdelt i mange små teigar. Denne teigdelinga skulle dei freista rette på ved ei minneleg utskifting 1837. I utskiftingsdokumentet heiter det m.a.: «Man begav sig derpaa efter givet Paavisning udover Marken for at tage Brugene i Besiktigelse, samt forat samle ethvert Brugs mindre Teiger i større og om mueligt i et samlet Stykke; men dertil lagde Naturaarsager aldeles Hindringer i Veien, idet Jordbunden ikke overalt er lige god, hverken til at afgive Græs eller Korn. Paa Grund deraf fandt man det ikke overensstemmende med Ret og Billighed at samle ethvert af Brugene i et Sammenhængende Stykke, da det ene Brug saaledes kom til at bestaa af de allerbedste Teiger og det andet derimod af de Allersletteste. Af den Aarsag fandt man det derfor nødvendigt at fordele Brugene i Parceller, forat enhver af Opsidderne kunde faa Lodder saavel af det Ringere som bedre.»
Det gamle tunet låg om lag midt i innmarka, 20 m.o.h. Stovehusa på bnr. 1 og 5 låg ved sida av kvarandre med eit trongt smog imellom. Ovanfor desse husa var det to andre bustadhus. Det eine var kårhus. Det andre var bustadhus på bnr. 3. Stovehuset på bnr. 5 låg lengst sør. Midt i huset var det ein stor skorstein, minst 3 m på kvar kant. Då dei reiv dette huset 1856, let dei skorsteinen stå og bygde det nye huset kring den gamle skorsteinen. Huset var vel 13 m langt og 8 m breitt. Det vart måla då det var nytt, og skulle vera det fyrste huset i Sørfjorden som var kvitmåla. Seinare vart stovehuset på bnr. 1 også kvitmåla. Dei to husa var nokså like. Båe hadde ein høg grunnmur på framsida med mura trapp opp til inngangsdøra, som var midt på huset. Husa var på 1 1/2 høgd med ei ark på framsida over inngangsdøra. Ved sørveggene var det bygt attåt vedskukkar. Framfor Monsahuset (bnr. 5) var det ein inngjerd hage med frukttre og bærbuskar. Dette bustadhuset var det einaste som vart ståande att i tunet etter utskiftinga. 1932 vart huset rive og eit nytt tohøgda hus vart bygt på same tomta som det gamle.
Det eldste huset som står på garden no er løebygningen på bnr. 5. Det er ein stavbygning med innåtbygde skutar på oppsida. Under løa er det ein mura flor med ei vasskjelde i nordre enden. Inngangsdøra til floren er i søre enden. På nordsida var det attåtbygt ein møkskut. Slike var det også på dei andre bruka. I floren på bnr. 5 var det tillaga ein trekum til å samla opp land. Kummen låg under golvet ved den vestre langveggen. Denne floren vart før berre brukt til storfe. Til gris og sauer var det serskilde hus.
I løa er det ei stor høytuft i nordre enden og ei noko mindre korntuft i sørenden. Mellom tuftene er treskelåven. I golvet er det nytta ein del gamalt hustømmer. Skuten ved korntufta vart nytta til lagerplass for kornstaur.
I slutten av 1860 var her 48 mål naturleg eng og 11 1/2 mål åker. 7 mål var god åker, 3 mål var middels god, 1 1/2 mål var ring åker. Av enga var 18 mål god, 16 mål middels god, 14 mål ring. Kvart bruk hadde like mykje av dei ulike slag åker og eng, og dei hadde 3 innmarksteigar kvar. Kvar teig tok til ved bøgjerdet i aust og gjekk ned til sjøen i vest.
Bnr. 1 vart kalla Joane. Til dette bruket høyrde Husateigen, Haugeteigen og Grennebergsteigen. Det andre bruket, bnr. 5, hadde Tresmyrteigen, Myrteigen og Haugeteigen. Dette bruket vart før kalla Olane, i seinare tid Monsane.
1865 vart bnr. 1 delt i to jamstore luter. Det nye bruket, bnr. 3, vart kalla Nilsane. Alle brukarane budde ihop i det gamle gardstunet til 1926. Då vart det halde offentleg utskifting. Bnr. 1 og 3 flytte ut or tunet. Berre Monsane vart att, og bruket vert difor ofte nemnt «dar heima». Bnr. 1 fekk den sørlegaste delen av innmarka. Dei flytta husa til ein stad dei kalla Haugen, og dette namnet vert no ofte nytta som bruksnamn. Bnr. 3 flytte nordover til Flotane. Frå dette bruket vart det 1932 og 1949 skilt ut 2 parsellar, bnr. 9 og 10. Desse parsellane som var 1/3 av bnr. 3 vart slegne saman 1949. Sjå bnr. 10 Solvang. Dette bruket har husa sine mellom det gamle tunet og Flotane. I tillegg til desse bnr. er det skilt ut ein del hus- og hyttetomter. Sjå bnr. 4, 7 og 14.
Også før utskiftinga 1926 hadde det skjedd store omskifte på garden. Ekspropriasjonen av grunn til Vossebana 1876 delte gardsområdet på langs og øydela ein stor del av innmarka mellom tunet og fjorden. Avdi lendet var så bratt, vart det store skjeringar og fyllingar. Men jarnbana skapte i alle fall betre vegsamband. Før hadde all ferdsle gått på fjorden. No kom det ein stoppestad for lokaltog nedanfor tunet.
Køyreveg til gards kom det fyrst i 1965, då riksvegen Vaksdal-Stanghelle var ferdig hit. Veglina over innmarka går mellom bøgarden og gardshusa. Også her er det store skjeringar og fyllingar. I tillegg til det arealet som gjekk med til veganlegget, har NSB også auka sitt areal i samband med ombygginga av Vossebana. Gardsbruka har etter kvart minka så sterkt at ingen av dei lenger kan seiast å vera hovudnæring.
Skogen har vore ulikt verdsett til ulike tider. Landkommisjonen 1661 har denne merknaden om tilhøva på garden: «Ingen Herlighed Uden Ringe Brende Schouff til Husbehoff.» Men ein ny kommisjon i 1860-åra slo fast at her var nok skog til ved og hustømmer, og at dei ved Å selja ved kunne ha ei nettoinntekt på 12 spd. for året. Hustømmer laut dei likevel kjøpa. Til stovehuset som vart bygt på bnr. 5 1856 vart det kjøpt tømmer på Voss. I seinare år er det på bnr. 1 og 5 planta om lag 150.000 gran. Ved den minnelege utskiftinga 1837 vart skogen delt med 4 teigar på kvart av dei to bruka. Joane fekk Blomliteigen, Storefjellsteigen, Fossnesteigen og Midtliteigen. Monsane fekk Hetteteigen, Storliteigen, Eiteråteigen og Grånosteigen.
Om beitet heiter det 1863: «Ved Gaarden af god Beskaffenhed og fuldt tilstrækkelig. NB. En Deel Sæterhavn omtrent 1/2 Miil borte, men omtrent sammenhængende med Hjemmehavnen.» Ved utskiftinga 1837 vart det ikkje gjort endringar når det galdt beitet. Det vart berre slege fast at det skulle vera som det hadde vore frå gamal tid, d.v.s. at det skulle vera sams for båe bruk. Beitinga var skipa slik at storfeet fyrst gjekk i heimehagen, deretter 2 veker i Fossdalen. Frå Fossdalen førde dei buskapen til setra, der dei til vanleg låg 8 veker. Deretter var det 2 veker beiting i Fossdalen før buskapen vart sleppte i heimehagen att. Når kyrne gjekk i Fossdalen, gjekk budeiene opp dit både kveld og morgon. Til setra gjekk dei opp om kvelden og låg over til neste morgon.
Fossmarksetra ligg på fjellbruna ovanfor garden, om lag 620 m.o.h. Like ved setra er det ei lita tjørn. Litt lenger aust ligg Kraksåvatnet. Det gamle seterhuset var sams for båe bruk. Dei åtte kvar sin ende av huset. Setervegen er bratt og tung. Der er 6 faste kvilestader: Einhaugen, Sveen, Krukje, Sesstølen, Lavhaugen og Skaret.
Vegen til slåttene var tung, meinte matrikuleringskommisjonen av 1863. På den tid hausta dei i slåttene 400 våger høy. Beit, skav og lyng bruka dei så mykje av at det svara til 2 kufor for året. Det vert fortalt at ei av konene på garden rodde heilt inn i Eidsfjorden etter attåtfor. Ho skar lyng i Vommæ ved Stornes. Sjå Myster, Stornes.
Veiding vert det fortalt om både i den munnlege tradisjonen og i gamle dokument. 1752 møtte brukaren på Monsajorda, Olav Olsson, på tinget på Nedste Mjelde i Haus og synte fram skinnet av ein bjørn. Det var Johannes Monsson, tenestguten hans, som hadde skote bjørnen. Elles vart bjørnen ofte drepen ved sjølvskot. Dei gjekk også manngard etter bjørnen, gjorde bjørneraak, som dei kalla det. Om dette fortalde Mons 0. Fossmark:
Ved manngard var det visse grender som arbeidde i lag. Eldre, røynde skyttarar vart sette på stader der dei trudde bjørnen tok leida når han vart utråka. Yngre folk og mindre dugande skyttarar vart sette til «skrellarar», dei skaut med laust krut og skreik og huja.
Ein gong gjorde dei bjørneråk. Dei byrja ute i Fossdalen. Der er ein stor heller med smal og trong inngang, men vid som ei stove inn-i. Der såg dei alltid etter om der var vister etter bjørnen. Han Johannes Nilsson Stanghelle stakk hovudet inn i bjørnebølet og ropa: .Eg tenkje' d'æ best du he' deg ut no». - Dei venta minst at det var nokon bjørn der då, og han Joans kjende seg trygg. Brått kom bjørnen byksande ut. Joans slengde seg til sides, og bjørnen for i tanande laup utan å sjå etter skrellaren, medan han Joans vart liggjande att vitskræmnd ei stund. Bjørnen tok inn-etter Fossdalen. Der inne sat skyttarane Joans 0. Fossmark, Sjur Sædalen, Bakka-Hansen o. fl. Han Joans 0. Fossmark var den fyrste som såg bjørnen, og bjørnen stevja beint på han. Men han Sjur Sædalen, Gofar-Sjur, var ikkje god til å venta. Endå han var eit par skotføre frå bjørnen, sette han i å skjota. Bjørnen bråstogga med same, og han Joans 0. Fossmark var han so nære at han såg kor ragget lufsa på han. Då tok bjørnen av frå leida so brennsnøgt at Joans 0. Fossmark ikkje fekk tid skjota. Bjørnen sette til fjells. Men på denne leida sat Bakka-Hansen. Han skaut, men han hadde rive fengdotten og fengkrutet av fengpanna, og skotet gjekk ikkje av. Han gav seg ikkje, men han sette etter bjørnen og kappsprang med han opp ei bratt brekka, og alt med han sprang, spente han hanen på byrsa og vilde skjota, for han hugsa ikkje i farten at fengkrutet var borte. So fekk bjørnen undanmun og kom seg frå dei innover mot Dale-setra. Der og var folk med i bjørne-råket, for gardane Vaksdal, Sæterdal, Skreia, Fossmark, Fossdalen, Stanghella, Helle og Dale var med i ein bjørneråk-krins eller bjørnerota. Bjørnen kom seg frå dei.
Ein annan gong hadde dei og råka ein bjørn frå bjørnehiet under Bjørnafjellet og Bjørnahellarane. Bjørnen tok ut, men dei fekk ikkje skot på han der. Han kom seg inn til Dale-fjelli. Der kom han framom han Sjur i Sædalen og han Brygt i Skreiene. Han Go'far-Sjur Sædalen hadde ladt byrsa si med tri kulor. I dag skulde han veida bjørnen. So snart bjørnen kom på høveleg føre til dei, sa han Brygt: «Ja, no får du Sjur, skjota fyrst.» Sjur Sædalen skaut, og då det small, vart han kasta attende bort i ei hola med noko av byrsestakken att i nevane. Resten av byrsa visste han ikkje kvar det vart av. «Du skaut som ein skit,» sa Brygten til han. So skaut han Brygt, og skotet råka bjørnen i ryggen, so han gjekk av. Bjørnen rulla ut over fjellet. Dei fann han att der og køyrde han heim til Dale. Hudi gav dei til Brøk-kyrkja. Der vart ho liggjande lenge. Gamle folk fortalde kor lurvutt hudi vart til slutt av di dei hadde kasta ho att og fram millom kyrkjestolane. (Oppskrive av Johannes Leiro.)
I eldre tid skaut dei jamt hjort om hausten. Hjorten kunne koma heilt ned i fjøra, og dei såg han rett som det var. Ein stad på innmarka heiter Hjortevikjæ den dag i dag. I dei siste åra har hjorten teke til Å syna seg att. Hausten 1970 skaut brukaren på Monsajorda 2 hjortar.
Det vert også fortalt om mårkattfangst med feller og fuglefangst med snarer. Det var trast og rjupe som heist vart tekne i snarer. Orrfuglen skaut dei oftast på spelplassane om våren eller når han beita i tretoppane om vinteren. Mange lausekarar hadde sin beste leveveg av veiding om vintrane. Fuglen avhenda dei i Bergen. Ein haust selde kona på bnr. 1 så mykje trast at ho kom heimatt med dalarsetlar nok til Å løysa inn jorda, vert det fortalt. Denne segna let seg langt på veg stadfesta av dei skriftlege kjeldene. Sjå eigarsoga nedanfor.
Revhus finst det fleire stader i utmarka. Det er mura feller som kan stengjast med ei steinhelle i den eine enden. Hella verkar som ein fallem og er festa til ei stong som rekk heilt til inste enden i revhuset. Der feste dei agnet, som kunne vera innmat frå slakt. Fleire av revhusa var i bruk etter fyrste verdskrigen, og sume av dei er enno i fullt brukande stand. Men dei gamle fangstreiskapane har i seinare tid vorte avløyste av revesakser og skytevåpen. Sakser vart også brukte til å fanga oter. Ein god fangstplass for oter var Eiteråneset. Denne fangstplassen vart borte 1917 då kraftstasjonen vart bygd.
Her har vore drive ein god del fiske både i fjorden og i Fossdalsvatnet, men det har helst vore til husbruk. Innkoma av fisket i eldre tid ser ikkje ut til å ha vore så stor at matrikuleringsnemndene fann det verdt å ta med når garden skulle takserast. I Fossdalsvatnet var det fin aure før vatnet vart oppdemt. I seinare år har det vore sett ut yngel i vatnet.
Fisket i fjorden har helst vore garnfiske, men her har også vore drive brislingfiske med kastenot. Garnfiske etter laks vert no drive kvart år. Lakseplassar har også vore bortleigde. I 1770-åra åtte ein av Fossmarkmennene eit bruk på Langhelle. Til dette bruket, Langhelle bnr. 6, høyrde det lakserett. Då bruket vart bygsla bort 1790 heldt eigaren unna lakseretten. Han må då ha drive dette fisket sjølv. Sjå bnr. 5 nfr. I fjorden har dei og drive ein del ålefiske med teiner.
Fleire bekker og elvar renn gjennom gardsområdet. Over innmarka renn Eiteråbekken, Haugabekken og Kvernhusbekken. I Kvernhusbekken like nord for tunet var kvernstøet. Fyrste gongen kvernane er nemnde, er i 1723. Garden hadde då 2 flaumkvernar. Riksvegen går no over det gamle kvernstøet.
Vassrettane i Fossdalsvatnet og Fossdalselva vart selde 1874, men vassdraget vart ikkje utbygt før under 1. verdskrigen. Sjå bnr. 2.
Husmannsplass er det ikkje opplyst noko om før 1816. Då vart det teke opp eit plass i Fossdalen, ved sørgrensa åt garden. Eit anna plass, Knulten, låg på innmarka eit lite stykke nord for tunet. Fyrste festesetelen vart tinglyst 1889. Sjå nedanfor.
SKYLD, UTREIDSLER, FOLKETAL, FØDNAD OG AVLING
Gamalt matr.nr. 16 i Arna skipreide. 1838 matr.nr. 17, 1835 matr.nr. 130. 1886 gardsnr. 30 i Bruvik herad. 1964 gardsnr. 19 i Vaksdal herad.
Landskylda var 1/2 laup = 36 merker smør 1590-91, 3 spann = 54 merker 1626, 2 pund = 48 merker + 1 mele korn 1648 og 1665. Leidang 1567 og 1590-91 1 saueskinn. Fredtoll vart i 1590-åra betalt kvart 8. år. 1665 Kandtiend 3 melar. Småtiend 4 skilling 1 hvid, Fredtoll, leidang, gjengjerd og vedpengar 4 mark 8 skilling. 1723: Skatteskyld 1 laup 12 merker = 84 merker smør. Ny matrikkelskyld 1838: 4 dl. 3 ort 22 sk.. 1886: 8,06 skyldmark.
Folketal: 1865: 28 menneske. 1967: 19 menneske.
Sånad og avling: 1665 sådde dei 3 t. korn og hausta 7 1/2 t. 1723 sådde dei 3 og avla 10 t. havre. 1863 sådde dei 8 t.havre,10 t. poteter og avla 34 t. havre, 52 t. poteter. Dei hausta 1782 v. høy og 238 v. halm. Frå slåttene 400 v. høy. Beit, skav og lyng til 2 kufor. Ved til sal for 24 spd. netto årleg. I tillegg til avkastinga på sjølve garden, kom plasset Fossdalen. Der vart det 1863 avla 2 t. poteter. Der var 16 mål middels god bø og ei slåtte som gav 24 v. høy. Garden var middels lettbrukt, men der var tung veg til slåttene.
Fødnad: 1657 1 hest, 13 kyr, 4 kviger, 27 geiter, 40 sauer. Dei betalte 13 m. 18 sk. i husdyrskatt. 1665 1 hest, 16 storfe. 1723 1 hest, 12 kyr, 4 ungfe, 32 småfe. 1863 21 storfe, 10 ungfe, 65 småfe. 1865 35 storfe, 31 sauer, 14 geiter.
EIGARAR.
Den fyrste kjende eigaren er den danske adelsmannen Vincents Lunge. Han kom til Noreg 1523 og vart gift med Margreta, eldste dotter åt fru Inger til Austråt. Ved dette ekteskapet fekk Vincents Lunge store jordeigedomar og ei sterk stode i den norske adelen. Han vart statthaldar på Bergenhus og rådde over store deler av Vest-Noreg.
Vincents Lunge miste stathaldarstillinga 1527, avdi han hyste ein svensk opprørsleiar, daljunkaren Jøns Hansson. Etter at Frederik I var død 1533 fylgde nokre år med krig før sonen Christian III vart norsk konge 1537. I desse stridane stod Vincents Lunge på Christian III si side, mot det nasjonale katolske partiet som hadde Olav Engelbrektsson til førar. 1536 vart Vincents Lunge drepen i Nidaros etter ordre frå Olav Engelbrektsson.
Vincents Lunge opplevde ikkje den endelege sigeren åt lutheranarane, men i dei siste leveåra hans, då den katolske kyrkja miste mykje av eigedomane sine, auka jordegodset åt Vincents Lunge monaleg. Han overtok m.a. jordegodset og bygningane åt Nonneseter kloster i Bergen. Hovudbygningen let han byggja om. Huset vart seinare heitande Lungegården, og det same namnet vart knytt til godssamlinga åt Lunge.
Fossmark er nemnt i Vincents Lunges jordebok 1535. 1598 er garden nemnd i ei liste over innkomene åt soknepresten i Haus. 1626 er både Lungegården og prestebolet oppgjevne som eigarar, og seinare på 1600-talet vert det opplyst at dei eig ein halvpart kvar.
1637 fekk Børge Juel skøyte på parten åt Lungegården. Eigedomen gjekk seinare over til fru Margreta Juel. 1689 skreiv Margreta Juel og Villiam Slot ut skøyte til brukaren Jens Nilsson, som no vart sjølveigar. Sjå bnr. 5.
I leiglendingstida var det vanleg at dersom ein gard hadde fleire eigarar, var det den som åtte mest som rådde for bortbygslinga til leiglendingane. Men dersom ein gard hadde to eigarar, og kvar åtte like mykje, rådde kvar eigar for bortbygslinga av sin part. Slik vart det gjort med Fossmark fram til 1637. Men etter at Børge Juel overtok halve garden, stod han for all bortbygsling. Dette vert stadfest av lensrekneskapane 1648 og 1655.
I ein merknad til jordegodslista åt Haus prestebol 1666 klagar sokneprest Oluf Jonsson Jamt over dette. Han kunne heller ikkje føra kontroll med avkastinga av eigedomen: «Vidis icke egentlig huor meget paa prestebolens part saais och fødis efterdi det ligger u-steent blant andet gods . . .» Garden var no delt i to jamstore bruk. Men etter prestens meining var det ikkje klårgjort om eigedomsdeling og bruksdeling fylgdest åt. Brukaren Jens Nilsson meinte noko anna. Då han hadde fått skøyte på halve garden 1689, rekna han seg som eigar av dei teigane som høyrde til bruket hans.
Magister Niels Hierman, som var sokneprest i Haus frå 1691, meinte at prestebolet hadde krav på halv landskyld av bruket åt Jens. Då Jens nekta å betala landskyld til prestebolet, vart han stemnd for retten av soknepresten. Jens møtte for retten 1694. Han hevda at han åtte heile bruket sjølv, og la fram skøytet sitt som prov for at han ikkje var skuldig presten noko landskyld. Saka vart utsett til neste ting for at sokneprest Hierman skulle få tid på seg til å leggja fram jordeboka over prestegodset. Den endelege dommen vantar me utskrift av, men retten må ha kome til at bruksdelinga og eigedomsdelinga fylgdest åt, slik at bnr. 5 var sjølveigande bruk og bnr. 1 var leiglendingsbruk under Haus prestebol.
Ålmugen i Haus prestegjeld sende inn klage på sokneprest Hierman. Då saka kom for retten 1706, vitna alle leiglendingane i Bruvik sokn og la fram dei harde vilkåra dei hadde hatt under sokneprest Hierman. Han hadde kravt uvanleg store summar i bygselpengar. Det var ei eingongsavgift som skulle betalast når bygselsetelen vart skriven ut. Leiglendingane freista pruta, men Hierman skreiv ikkje ut bygselsetlar før han hadde fått den summen han gjorde krav på. Landskylda og dei andre ytingane som leiglendingane måtte ut med, var også høgre under Hierman enn under dei prestane som hadde vore før han.
Johannes Nilsson, som då var brukar på bnr. 1, vitna også i saka mot Hierman. Han fortalde at han måtte betala 1 rdl. 1 ort i landskyld av bruket sitt og 20 skilling årleg i arbeidspengar. I staden for fløtning måtte han anna kvart år ut med ei båtlast ved som var verd 1 rdl.
1821 vedtok Stortinget at gardar som hadde vore ein del av innkoma åt geistlege embetsmenn, såkalla benefisert gods, skulle seljast. Pengane som kom inn i statskassa ved sal av slike eigedomar skulle gå til eit fond som fekk namnet Opplysningsvesenets Fond. Av rentene går 1/3 til Universitetet i Oslo og 2/3 til kyrkje- og skulestellet.
På denne måten fekk leiglendingane høve til å kjøpa gardane sine, så sant dei makta å reisa kjøpesummen. 1838 vart Fossmark bnr. 1 innløyst av brukaren Lars Johannesson. Segna fortel at det var kona hans, Madli Nilsdotter, som ordna med dette. Dei hadde fanga uvanleg mykje trast i Fossmark ein haust, og Madli drog til Bergen med fuglefangsten. Ho kom heimatt med ei tine mest full av papirdalarar. Det var i den tida pengane var lite verd. Det var desse pengane dei brukte til å løysa inn landskylda på bruket.
Ei segn fortel om korleis det gjekk til at eigedomsretten til garden vart delt: «Den siste mannen som åtte heile garden hadde to døtrer og ingen søner. Han delte garden og gav kvar av døtrene ein halvpart. Dei vart båe gifte, men den eine systra var barnlaus. Systrene kunne ikkje semjast, og den barnlause ville ikkje at den andre systra skulle erva henne. Difor gav ho parten sin til kyrkja. Såleis vart den eine gardparten bondegods og den hin kyrkjegods.» (Fortalt til Johannes Leiro av Mons O. Fossmark.)
Som nemnt ovanfor vart garden delt i 2 jamstore bruk ved midten av 1600talet, men todelinga av eigedomsretten hadde gått føre seg tidlegare. Det er ikkje utenkjeleg at Fossmark kan ha vore delt i to bruk i høgmellomalderen, og ha vorte slegen saman att etter svartedauden.
I boka Bruvik kyrkjor og kristenliv s. 17-18 skriv Joh. Litleskare om eigartilhøva i Fossmark:
«Me veit at helvti av Fossmark alt i millomalderen høyrde til Nonneseter kloster i Bergen. Um den andre helvti av garden fraa fyrst hev høyrt til Bruvik prestebord, veit me ikkje. Det rettaste er vel at Fossmark hev høyrt til det mødrene jordegods som Magnus Lagabøter i 1227 gav til Nonneseter, og so kan klostret seinare hava gjeve noko av Fossmark til Haus prestebord eller til ein av Haus-prestane personleg.» Litleskare peikar på at i Bjørgvinjar Kalskinn er ikkje Fossmark nemnd mellom eigedomane åt Haus prestebol 1360-1370. Kva kjelde han byggjer på når det gjeld eigedomane åt Nonneseter kloster i mellomalderen, er det ikkje opplyst noko om.
BRUKARAR FØR 1650
1563 er Endrett po Fossmarck nemnd i skattelista. Han var leiglending og betalte 1 rdl. for året i skatt.
1590 heitte brukaren Nils.
1603 var Anders brukar. Etter skattelistene å døma var han brukar til midten av 1630-åra. Ein av sønene heitte Lars. Han var med i major Storms liste over vernepliktige soldater, men han hadde ikkje gjort teneste. Andre born kjenner ein ikkje til. Anders og kona Marta er med i kopskattemanntale 1645. Anders er då kalla husmann. Denne nemninga vart også brukt i tydinga kårmann. Det er mest truleg at Anders og Marta hadde kår 1645.
1638 var Nils Johannesson brukar. Han ser ut til å ha vore einaste brukar til i 1650-åra, då garden vart delt. Etter den tid var Nils brukar på bnr. 1. Sjå nedanfor.
BRUKARAR
BRUK 1
Daglegnamn: Joane, i seinare tid Haugen.
Gamalt løpenr. 47. 1853: nytt løpenr. 515. Landskyld 1666 1 pund smør 6 kanner korn. 1694-1838 42 merker smør. 1838: Matrikkelskyld 2 dl. 1 ort 23 sk. 1865: 1 dl. 1 ort. 1874: 1 dl. 19 sk. 1886: 1.94 skyldmark. 1863 var her 5 3/4 mål åker. 3 1/2 mål var god, 1 1/2 mål middels god, resten var ring åker. Bøen var 24 mål. 9 mål var god bø, 8 mål middels, 7 mål ring. Sånad 4 t. havre, 5 t. poteter. Avling 17 t. havre, 25 t. poteter, 956 v. høy, 119 v. halm. Skav til 1 kufor. 200 v. høy i slåttene. Nok skog til ved og hustømmer. Kan selja ved for 12 spdl. netto årleg. Fødnad 1657: 1 hest, 7 kyr, 2 kviger, 18 geiter, 24 sauer. 1863: 11 kyr, 7 ungfe, 25 småfe.
Nils Johannesson var fyrste brukaren her etter at garden var delt i to jamstore bruk på 1650-talet. Nils var lagrettemann i Ama skipreide 1646-1654. Men 1655 vart han sjølv stemnd for retten fordi han hadde halde bryllaup fleire dagar enn det som var tillate. Dette må ha vore eit bryllaup som Nils heldt for eitt av borna sine. Det var truleg eldste dottera, som me ikkje kjenner namnet åt, men som er nemnd i kopskattemanntalet 1645. Kona åt Nils heitte Sigrid. Ho er nemnd i manntalet 1645 og er oppførd som brukar 1661. Sigrid må då ha vore enkje.
Born:
- Ei dotter fødd før 1645.
- Nils 1647-, brukar her.
- Johannes 1650-, brukar her.
1666 hadde Nils Nilsson overteke bruket. Han var då berre 19 år gamal. Han er ikkje nemnd seinare, og har truleg drive garden heller stutt tid.
Johannes Nilsson overtok bruket etter broren. Det må ha vore i 1670-åra eller i 1680-åra. 1689 var han brukar her. 1706 vitna Johannes i saka som ålmugen hadde reist mot sokneprest Hierman. Sjå framanfor under eigarsoga.
Johannes 1650-1714 g. m. Ingebjørg Bessesdtr. Fossmark bnr. 5. Då ho vart enkje, flytte ho til sonen Johannes på Stanghelle og budde der til ho døydde. Ved skiftet etter Johannes Nilsson 1714 var bruttosummen i buet vel 30 rdl. Nettosummen var vel 18 rdl.
Born:
- Nils f. omlag 1670, brukar i Åsen. Sjå Hesjedal, Dale sokn, brukarar før 1820.
- Anna 1672-, g. m. Mons J. Helle, sjå Helle bnr. 3.
- Brita 1679-,
- Johannes 1680-, sjå Stanghelle bnr. 3.
- Sigrid g. 1703 med Tomas Andersson Gjerde. Sjå Samnanger I s. 370 og 434.
- Besse -1714.
1705 kom Lars Andersson Stamnes hit og vart brukar saman med verfaren. Lars 1666-1720 g. m. Brita Johannesdtr. 1679-1722, sjå ofr. Dei var brukarfolk på Stamnes før dei kom hit. Sjå Stamnes, brukarar, der ein finn opplysningar om borna deira. Då Lars var avliden, gifte enkja seg att med neste brukar.
1721 vart Olav Simonsson Dale gift med enkja Brita Johannesdtr. Brita døydde stutt tid etter giftarmålet, og dei hadde ikkje born i lag. Olav 1689-1747 g. 2. g. 1723 m. Dordi Larsdtr. Stokke 1689-1724.
Born:
- Brita f. og d. 1724.
Olav g. 3 g. 1725 m. enkja Brita Bastesdtr. Garnes 1698-1746.
Born:
- Simon 1726-1730.
- Brita 1728-1791, ug.
- Marta 1731-, g. 1753 m. gardbrukar Johannes J. Dale. Sjå Dale bnr. 6.
- Simon 1734-
- Olav 1736-
Dordi 1742 g. 1. g. 1771 m. Besse S. Herfindal, g. 2. g. 1791 m. Nils N. Teigland.
Ved skiftet etter Brita Bastesdtr. 1746 ervde sønene Simon og Olav 9 rdl. 5 m. 9 sk. kvar. Døtrene Brita, Marta og Dordi fekk kvar sine lutar på 4 rdl. 5 m. 12 1/2 sk. Arven vart betalt med lausøyre, ikkje pengar.
Olav g. 4. g. 1746 m. Agot Gulleiksdtr. Øyo bnr. 1 1714-1786. Sjå Øyo bnr. 1. Ågot var enkje etter Jon Ørjansson Vaksdal som døydde 1741.
Born:
- Nils 1738-
Olav og Ågot fekk sonen Olav 1747-, brukar på Indre Bruvik, g. m. Marta Magnesdtr.
1747 bygsla Johannes Jonsson Dale. Johannes 1726-1802 g. m. enkja etter førre brukar, Ågot Gulleiksdtr.
Born:
- Brita f. og d. 1749.
- Jon 1750-, brukar på Herland. Sjå Haus s. 388.
- Brita f. og d. 1752.
- Brita f. og d. 1753.
- Marta 1754-, g. m. neste brukar. Marta hadde ein tvillingbror som døydde ved fødselen.
- Lars 1760 -
- Anna 1771-, g. m. Sjur Knutsson Vaksdal. Sjå Blomdal.
1772 bygsla Jon Olsson. Jon 1745-1814 var frå Olsnes bnr. 5. Han gifte seg med ei av døtrene her på bruket, Marta Johannesdtr. 1754-1833.
Born:
- Olav 1773-1850 g. 1800 m. enkja Guri Olsdtr. Tunes. Sjå Haus s. 442.
- Johannes 1775-, brukar her.
- Anna 1778-, g. m. Sjur Knutsson Sandvik.
- Ågota 1780-, g. m. Olav Nilsson Fossmark bnr. 5.
- Marta 1783-, g. m. Olav Andersson Olsnes bnr. 5.
- Brita 1785-1862, ug. Jon 1787-, sjå Blomdal bnr. 3.
- Maria 1789-, g. m. Johannes J. Nedste Mjelde. Sjå Haus s. 89.
- Ivar 1792-, g. m. Kari Olsdtr. Fokstad, b. på Horsås i Hamre.
- Anna 1795-, g. m. gardbrukar Johannes O. Blomdal. Sjå Blomdal brukarar.
- Ingebjørg 1797-1824, g. m. Olav O. Faugstad. Sjå Fokstad/Faugstad, leigebuarar og strandsitjarar.
- Knut 1799-1809.
1810 bygsla Johannes Jonsson. Han skulle svara kår til foreldra som hadde vore brukarfolk her. Johannes 1775-1851 var gift med Kari Hansdtr. Dale bnr. 9 1778-1869. Før dei overtok dette bruket, var dei ei tid paktarfolk på Indre Bruvik hjå lensmann Faugstad.
Born:
- Lars 1804- brukar her.
- Jon 1806- g. m. Kari Johannesdtr. Helle, b. på Votlo. Sjå Haus s. 147.
- Synneva f. og d. 1808.
- Hans 1809- b. i Kongshavn ved Bergen.
- Mons 1811- b. på Morland i Fjell, g. m. Marta Olsdtr. Aldal, Evanger.
- Knut 1814- ug. b. her.
- Eirik 1816- b. på Morland i Fjell, g. m. Magdeli Monsdtr. Stanghelle bnr. 1.
- Johannes 1820- fargar, postopnar og gjestgjevar i Salhus.
- Olav 1822- b. på Utsikten ved Bergen, dreiv bygdemylne og gardsbruk.
1823 bygsla Lars Johannesson. Han skulle svara kår til foreldra. Lars 1804-1885 g. 1. g. 1825 m. Kari Monsdtr. Dale bnr. 9 1791-1827. Dei var barnlause, og i skiftet etter Kari vart nettosummen 33 spd. 4 ort 4 sk. delt mellom enkjemannen og mor og syskin åt Kari.
Lars g. 2. g. 1830 m. Magdeli Nilsdtr. Stanghelle bnr. 1 1807-1898. Ho var sers dugande og tiltaksam, og folk sa at ho «styrde både stakkjen og brokjæ».
1838 fekk Lars kongeskøyte på bruket for 300 spd. og ei årleg jordavgift til Haus prestebol på 1 tunne og 1 fjerdingkar bygg. Det vert fortalt at det var Madli som skaffa pengar til å løysa inn bruket. Sjå eigarsoga framanfor.
1865 vart det halde skylddeling og bruket vart delt mellom dei to eldste borna. Sjå nfr. og bnr. 3.
Born:
- Kari 1832-, sjå bnr. 3.
- Nils f. og d. 1837.
- Jon 1840-, brukar her.
- Mons 1842-, b. Indre Ama, g. m. Brita Sjursdtr. Audland. Sjå Arna s. 118.
- Ivar 1846-, b. i USA.
- Hans f. og d. 1850.
1865 skøyte til Jon Larsson for 200 spd. og del i kåret åt foreldra. Kåret var verdsett til 93 spd. 90 sk. for 5 år. Kårytinga vart delt mellom bnr. 1 og 3. Jon 1840-1911 dreiv med ymse arbeid attåt gardsbruket. Han var med då Vossebana vart bygd. Jon g. m. Åsa Monsdtr. Olsnes bnr. 7 1842-1924. To av syskena åt Åsa, Brita og Johannes, vart også busette i Fossmark. Sjå bnr. 5 og plasset Knulten.
Born:
- Ingeborg 1864-, g. m. Knut Nilsson Bruvik, b. i USA.
- Madli 1872-, sjå bnr. 4.
- Lars Andreas 1875-, brukar her.
- Mons Martin 1886 sjå bnr. 4.
1906 skøyte til Lars Andreas Jonsson for kr. 1000.- og kår verdsett til kr. 500.- Lars Andreas 1875-1954 g. m. Anna Davidsdtr. Hesjedal bnr. 2 1883-1953.
Born:
- Åsa 1907-1966, sjå Bjarne Rønhovde, ættesoge for Dale.
- Andreas 1909-, brukar her.
- John 1909-, anleggsarbeidar ved NSB,sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne., g. m. Borghild Monsdtr. Bruvik.
- Sigrid 1911-, butikkdame, g. m. Ove Hansen, Vaksdal, Nesttun.
- Alma 1912-, g. m. spinnerimeister Arnfinn Johan Fotland, sjå ættesoge for Dale.
- David Martin 1916-1969 banereparatør ved NSB, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne., g. m. Brynhild Hanevik.
- Andreas f. og d. 1918.
- Birger Johan 19**-, banereparatør ved NSB, sjå ættesoge for Stanghelle.
- Lars 19**-, lagerformann ved NSB, Indre Arna, g. m. Liv Nansi Sulebust, Borgund.
- Johannes 19**-, sjå bnr. 14.
- Ingeborg 1930-, g. m. mekanikar Reidar Norheim, Voss.
1957 skøyte til Andreas Andreasson frå medarvingar for kr. 5000,- Andreas 1909- er banereparatør ved NSB, g. m. laboratorieassistent Sønneva Malena Albertsdtr. Fotland, Dale, 19**-
Born:
- John-Endre 19**.
BRUK 2
Dette bnr. omfattar vassrettane i Fossdalsvatnet og Fossdalselva. Det vart skilt ut frå bnr. 1, 3 og 5 1874. Gamal skyld 3 3/27 m. smør. Ny skyld etter matrikkelen 1838 21 skill, 1886: 0.29 sk.
1874 skøyte til Hermann Seifert og Erik Olai Corneliussen for 2000 spd. Etter skøytet hadde kjøparane rett til å demma opp Fossdalsvatnet, endra elvelaupet, byggja dam og sluser m.m. Dei hadde også rett til byggjegrunn, til å leggja gangstigar og vegar, og til å henta høveleg byggjevyrke (ikkje trevyrke) i utmarka.
1900 skøyte til Hermann Seifert frå Hanna Corneliussen på den parten som E. O. Corneliussen hadde ått i dette bruket. Det vart bygt elektrisitetsverk i vassdraget 1917. Verket vart seinare utvida til 1200 kw. Heile Bruvik kyrkjesokn hadde elektrisk kraft frå dette verket ei tid.
1953 skøyte etter oreigning til Bruvik Elektrisitetsforsyning for kr. 29.600,-
BRUK 3
Daglegnamn: Nilsane.
Løpenr. 515 b. Skilt frå bnr. 1 1865. Gamal skyld 21 m. smør. Ny skyld etter matrikkelen 1838 1 dl. 23 skill. Etter at bnr. 2 var utskilt 1874: Gamal skyld 20 6/27 m. smør, urevidert ny skyld 1 dl. 18 sk., revidert 1 dl. 1 ort 14 skill. 1886: 1,93 skm. 1956: 1.28 skm.
1865 skøyte til Johannes Johannesson Blomdal for 200 spd. og part i kåryting. Kårbrev til verforeldra Lars Johannesson og Magdeli Nilsdtr. vart tinglyst same år. Sjå bnr. 1. Johannes 1826- g. m. eldste dottera på bnr. 1, Kari Larsdtr. 1832- Dei hadde vore husfolk på bnr. 1 før jorda vart delt og dei fekk overta dette bruket. 1886 selde dei bruket og drog til Amerika.
Born:
- Johannes 1853-, b. i USA, g. 1877 m. Anna Nilsdtr. Stanghelle bnr. 1.
- Johannes 1861- .
- Olav 1871-, b. i USA.
- Jon f. og d. 1874.
- Madli 1876-
1886 skøyte til Johannes Nilsson Jamne for kr. 2800,- Johannes 1834-1911 var frå Jamne bnr. 1, g. 1. g. 1859 m. enkja Anna Tomasdtr. Stanghelle f. Hekland 1835-1877. Sonen hennar frå 1. ekteskap, Johannes 1856- var berre 3 år då han fekk skøyte på Stanghelle bnr. 3. Johannes Nilsson Jamne dreiv bruket til styksonen var vaksen, og han fekk kår av bruket 1883. Sjå Stanghelle bnr. 3.
Born:
- Anders 1860-1861.
- Anders 1863-, b. i Amerika. Tomas, b. i Amerika.
- Nils 1869-, brukar her.
- Olav 1872.
- Kari f. og d. 1874.
- Mons Olai f. og d. 1876.
1897 skøyte til Nils Johannesson Fossmark for kr. 1450,- og kår til foreldra, verdsett til kr. 500 for 5 år. Ved sida av gardsbruket hadde Nils vaktarteneste på jarnbana omlag 40 år. Nils 1869-1956 g.1894 m. Marta Larsdtr. Rivenes 1870-1951. Sjå Haus s. 170.
Born:
- Johannes 1895-, sjå bnr. 10.
- Anna Amanda 1896-, g. m. Nils Helle, sjå Helle bnr. 7.
- John 1899- sjå ættesoge for Stanghelle.
- Maria 1902-, sjå bnr. 7.
- Sigurd 1904-, brukar her.
1949 skøyte til Sigurd og Augusta Fossmark for kr. 2000,- og kår til hans foreldre. Augusta Ivarda 19**- er dotter åt Josefina Askildsdtr. Vare, Hosanger, og Bjarne Vikøren, Sogn. Sjå Hosanger I, 1. del. s. 56.
Born:
- Marit 19**-, g. m. elektrikar Åge Trulsen, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
- Liv Nansy 19**-, g. m. John Øyvind Skaftun, sjå nfr.
1973 er det under fråskiljing av dette bnr. hustomt til John Øyvind Skaftun 19**-, bygningsarbeidar, son åt Einar Skaftun og kona Agnes f. Møster, g. m. Liv Nansy f. Fossmark 19**-, sjå ofr. og eigarliste Stanghelle bnr. 111.
Born:
- Frode 19**-
- Wenche 19**-
- Hege 19**-
- Siv 19**-
BRUK 4
Daglegnamn: Klubben før jarnbana kom, sidan heist Holo.
Skilt frå bnr. 3 1888. Skyld 0.01 skm.
1888 skøyte til Anders Andersen for kr. 120,- Han var av svensk ætt og var jarnbanearbeidar. Seinare vart han baneformann på Dale. Han flytte til Dale og bygde seg hus der. Sjå Dale bnr. 13.
Born på Fossmark:
- Stina Maria 1887-
- Martha Sofie 1889-
- Anders 1891-
1891 skøyte til banevaktar Sjur 0. Stanghelle. Han flytte seinare til Stanghelle bnr. 7 og bygde hus der.
Gudmund Johannesson Vedå var den neste som budde her. Han var frå Veo bnr. 5 og hadde ei tid vore brukar i Elvik på bnr. 1. Sjå Veo bnr. 5 og Elvik på bnr. 1. Gudmund 1855- g. m. Karoline Johannesdtr. 1870- frå Veo bnr. 2. Systra Anna var gift her på bnr. 5. Gudmund var smed, notbas og dreiv med ymse anna arbeid medan dei budde her. Fram mot 1920 kjøpte dei garden Oppheim i Ølen, Sunnhordland og busette seg der.
Born:
- Olav 1893-
- Johannes d.e., b. i Ølen.
- Johannes d.y. b. i Ølen.
- Gudrun 1900- g. m. Andreas O. Blomdal, sjå Blomdal bnr. 5.
- Borghild, b. i Ølen.
- Alvhild 1905-
- Anna, b. i USA.
1919 skøyte til Mons Martin Fossmark frå Gudmund Johannesson Vedå med samtykke frå Sjur Olsson Stanghelle.
1924 skøyte til Madli Jakobsen med atterhald om gjenkjøpsrett for seljaren. Madli 1872- sjå bnr. 1 ofr., g. m. maskinist Herman Jakobsen, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
1934 skøyte til Mons Martin Fossmark, 1886-1959, sjå bnr. 1, jarnbane- og fabrikkarbeidar, ei tid b. i USA, g. m. Kari Johannesdtr. Rivenes 1901- sjå Haus s. 171.
BRUK 5
Det gamle bruksnamnet: Olane. Seinere er bruket kalla Monsane. Etter utskiftinga ofte kalla dar heima.
Gamalt løpenr. 48. Nytt løpenr. 516. Gamal landskyld 1 bismarpund 18 m. smør (= 42 m. smør). Ny matrikkelskyld 1838: 2 dl. 1 ort og 23 skill., seinare revidert til 2 dl. 3 ort 17 skill. 1886: 3,89 skm. 1956: 3,85 skm. 1863 var her 5 3/4 mål åker. 3 1/2 mål var god åker, 1 1/2 mål middels god. Resten var ring åker. Bøen var på 24 mål. 9 mål var god, 8 mål var middels god, 7 mål var ring bø. Dei sådde 4 t. havre, 5 t. poteter og hausta 17 t. havre, 25 t. poteter, 726 v.høy, 119 v.halm. Frå slåttene fekk dei 200 v.høy. Beit, skav og lyng til 1 kufor. Nok skog til ved og hustømmer. Kan selja ved for 12 spd. netto årleg. Fødnad 1657: 6 kyr, 2 kviger, 9 geiter, 16 sauer. 1709 hadde bruket denne fødnaden: 7 unge og 3 gamle kyr, 2 kviger, 3 fjorkalvar, 4 bukkar, 14 geiter med kje. 12 sauer med lam, 6 fjorlam. 1809: 9 kyr, 2 kviger, 1 okse, 11 geiter, 11 lamsauer, 2 sauer utan lam. 1863: 8 storfe, 2 ungfe, 30 småfe.
1657 var Besse Tørresson Vaksdal brukar. Han var lagrettemann i Ama skipreide 1664 og fleire gongar seinare. Besse var leiglending på dette bruket, men han åtte ein part i garden Øvsthus i Hosanger. I odelsskattelista 1676 hadde denne parten ei landskyld på 1 pund smør 16 kanner malt. Besse 1624-1693 og kona Barbro Olsdtr. - 1693 flytte til Skreiæ kring 1680 og vart brukarfolk der.
Born:
- Marta, g. m. neste brukar.
- Ingebjørg, g. m. Johannes N. Fossmark bnr. 1.
- Anna, g. m. Tomas Nilsson Langeland frå Samnanger, brukar i Sedalen.
- Tørres 1691-, brukar i Skreiæ.
1689 skøyte til Jens Nilsson -1699, frå fru Margreta Juel og Villiam Slot. Jens var mellom dei fyrste sjølveigarane i Bruvik sokn etter leiglendingstida. Kvar Jens Nilsson ætta frå, er ikkje kjent. Han kom til dette bruket då han gifte seg med Marta Bessesdtr., eldste dottera åt den førre brukaren.
Born:
- Sigrid -1709 g. m. Olav F. Fokstad, brukar her.
- Besse 1698-1699.
Enkja Marta Bessesdtr. g. 2. g. 1701 m. Nils Olsson Langeland. Sjå Samnanger I s. 547.
1699 transport til Olav Fabiansson Fokstad frå vermora Marta Bessesdtr. Ho skulle ha kår av bruket. Dokumentet som vart oppsett i samband med denne overdraginga er eitt av dei eldste kjende skriftlege vitnemål om kåryting i denne sokna. Marta skulle ha mat, klede og tilsyn i levetida og «en ærlig begravelse» når ho var død. Kåret vart avlyst 1717. Sjå nfr.
Olav Fabiansson 1677-1718 g. 1. g. med Sigrid Jensdtr. Fossmark - 1709.
Skiftet etter Sigrid syner at dei var velstandsfolk. Samla eige i buet var verdsett til vel 146 rdl., og buet var heilt gjeldfritt. Der var ikkje anna jordegods enn dette bruket, som var verdsett til 20 rdl. Men der var mykje verdfullt lausøyre og mange husdyr. Eit sylvstaup på 17 lodd var verdsett til 8 rdl. 3 stølebelte var verdsette til 10, 7 og 6 rdl. (Husdyra er tekne med framanfor under oversynet over skyld, fødnad m.m. på dette bruket.)
Born:
- Marta 1700-1764 g. 1732 m. Guttorm Larsson Hundhamar. Dei vart skilde 1751.
- Brita 1702-, g. m. Eirik Bastesson, brukar på Fokstad/Faugstad.
- Jens 1703-1704.
- Olav 1704-, brukar her.
- Synneva 1707-, g. m. Lars Torsteinsson Langeland. Sjå Samnanger I s. 548.
Olav Fabiansson g. 2. g. 1712 m. Magdeli Johannesdtr. Øvste Mjelde 1690-1778. Sjå Haus s. 42. Johannes Øvste Mjelde var lensmann i Mjelde skipsreide. Han samla mykje jordegods, og Magdeli var eit av dei rikaste gifte i heile Haus prestegjeld. Olav og Magdeli fekk 1717 skøyte på dette bruket hjå Nils Langeland som var gift med Marta Bessesdtr. I skøytet vert det gjort greie for at bruket tidlegare er overdrege til Olav Fabiansson mot kår til Marta, men no vert bruket kårfritt, avdi Olav har betalt ein sum som dei har vorte forlikte om. Kor stor pengesummen er, er ikkje nemnt.
Olav og Magdeli fekk to born:
- Sigrid 1713-, g. 1732 m. Mons Einarsson Rivenes, brukar på Øvste Mjelde, Haus.
- Anders 1716-, brukar på Fokstad/Faugstad.
Magdeli Johannesdtr. g. 2. g. 1720 m. Nils Monsson Raknes 1675-1733. Nils var frå Hole i Hosanger, men tok namnet Raknes då han gifte seg 1. g. 1705 m. Hille Olsdtr. Raknes. Sjå Hosanger I, 1. del s. 380. Nils fekk bygselsetel på Fossmark bnr. 5 hjå ervingane etter Olav Fabiansson. 1725 fekk han skøyte på Dale bnr. 11. Ein merknad i presteboka for Haus 1732 kan tyda på at soknepresten tykte Nils var påhalden: «Dend 31te oktobris var Brudvigs taksigelses prædicken for jordens velsignede vext holdt, men Nils Fosmark var tilsagt at holde nattehold efter sædvane, som det havde nægted, derfor ieg holdt selv.»
I dei 13 åra Magdeli og Nils var gifte fekk dei 7 born:
- Helga 1720-, sjå Stanghelle bnr. 1.
- Olav f. og d. 1723. :Mons 1724-, brukar på Helle bnr. 3.
- Olav 1726-, brukar på Hana.
- Nils 1727-, brukar på Helle bnr. 7.
- Johannes 1729-, brukar her.
- Anna f. og d. 1731.
Magdeli g. 3. g. 1734 m. Anders Nilsson Helle. Sjå Helle bnr. 1. Borna frå 2. ekteskapet fylgde med mora til Helle og vaks opp der.
1733 skøyte til Olav Olsson frå medervingar i skiftet etter Olav Fabiansson 1718. Olav 1704-1786 var eldste son og hadde best odelsrett. Skøytet åt Olav er eitt av dei mange gamle gardspapir som er tekne vare på på dette bruket. Det har denne ordlyden:
«Kiendes Vii undertegnede, nafnlig Magdeli Johansdatter Fosmarch, Eric Fogstad paa egne og min Verbroder Anders Olsøns Vegne, Villum Nielssøn Langeland, Johannes Anderssøn Langeland, Mogns Einersøn Øfste Mielde, og Guttorm Hundhammer, at have soldt skiødet og afhændet til ærlige og Velagte Ole Olsøn, som vj og i Kraft af dette voris udstedde Skiøde, aldelis selger, skiøder og afhænder fra os og vore Arvinger til bemt Ole Olsøn voris anpart i Gaarden Fosmarchen i Nordhordlehns Fogderie og Arne Skibrede Beliggende, og det saaledis jeg Magdelie Johans-Datter Fosmarch selger og skiøder ham i bemte Gaard Fosmarken 9 L Smør 4 1/2 Kande Malt, og vj andre til sammen nemlig jeg Eric Fogstad paa egne og min Verbroder Anders Olsøns Vegne, jeg Villum Nielssøn Langeland, og jeg Johannes Andersøn Langeland, og jeg Mons Einersøn Øfste Mielde, og jeg Guttorm Hundhammer, alle for een og een for alle at have soldt og skiødet endbemt Ole Olsøn udj ernæfnte Gaard Fosmarken 7 L Smør og 4re Kander Malt; dets undtagen er titnæfnte Ole Olsøn arvelig tilfalden udj samme Gaard Fosmarken 8 L Smør, 3 1/2 Kande Malt, saa hand nu udj alt bliver Ejer for 1 pd. Smør og 12 Kander Malt udj Gaarden Fosmarchen, hvilke Et pund Smør og tolv Kander Malt udj tit berørte Gaard med Bøxel Odel og Herlighed Ole Olsøn nu straxens for et frit og frelst Odel og Eiendom maa tiltræde og annamme, samt hand og hands Arvinger hereffter for et fast og uryggeligt Odel og Eiendom maa have bruge og beholde med første Bøxel, Landskyld og tredietage, Ager og Eng, Skov og Mark, Vandfald og Græsgang, Vejd og Vejdestæder, intet undtagen i noen Maader af al den Herlighed, som enten Gaardeparten nu tilligger, eller og af Alders Tiid tilligget haver, og kiender vi os og vore Arvinger fra undertegnede Dato ingen ydermeere Lod, Deel eller Rettighed at have til eller udi forbemelte Gaardpart i nogen Maade, men samme efterdags at følge og tilhøre bemelte Ole Olsøn og hans Arvinger til evindelig Odel og Ejendom uigienkaldet af os eller voris Arvinger, efftersom hand os derfor effter Foreening og Accordt haver fornøjet og betalt mindste med meeste Skilling. Saa vj takker hannem for god Betaling i alle Maader, thi forpligter vj os og Voris Arvinger at være endberørte Ole Olsøn og Hans Arvingers rette og trygge Hiemmelsmænd, samt at gaa imellem Sagen og alle dem, som noget paa dette Kiøb kunde have at sige eller indvende. Dette til Stadfæstelse under voris Brugelig Boemærker, samt mulig ombedet Velagte Danne Mænd Ole Siurssøn Garnæs og Johannes Nielssøn Øfste Mielde dette med os til Vitterlighed at stadfæste. Actum paa Tingstædet Yttre Arne dend 11te Aprilis 1733.»
Olav Olsson g. m. Kari Monsdtr. Helle bnr. 3 1697-1782. Dei var tremenningar. Oldefar deira var Besse Tørresson som var brukar her frå 1650-åra. Olav og Kari måtte søkja om kongeleg bevilling til giftarmålet, for etter den tids lov kunne ikkje tremenningar gifta seg med kvarandre. 1722 bygsla dei eit bruk på Helle. De eldste borna vart fødde der.
Born:
- Sigrid 1724-
- Marta 1726-
- Olav (tvillingbror åt Marta) f. og d. 1726.
- Jorunna 1727-1741.
- Anna 1730-, g. 1751 m. Nils Mikkelsson Songstad. Sjå Haus s. 371 og brukar Olav Nilsson nfr.
- Sigrid 1733-, g. 1754 m. Knut Andersson Kvisti. Sjå Haus s. 232.
- Marta 1737-, g. m. neste brukar.
1757 bygsla Johannes Nilsson, son åt Magdeli Johannesdtr. og Nils M. Raknes. Sjå ofr. Johannes 1729-1797 g. m. yngste dotter åt den førre brukaren, Marta Olsdtr. 1737- Dei fekk ikkje skøyte på dette bruket, truleg fordi Marta var yngst, og dei eldre systrene hadde betre oldelsrett. Men Johannes hadde eigedomsrett i andre gardar. 1770 fekk han skøyte på 13 1/2 m. smør i Langhelle bnr. 6. Året etter fekk han skøyte på ein part i Vaksdal, verdsett til 60 rdl. Han åtte også partar i Skaftå i Bruvik og Mjelde i Haus. Til bruket på Langhelle høyrde det laksefiske. I eit bygselbrev 1790 tok Johannes unna denne lakseretten for å bruka han sjølv. Ved skiftet etter Johannes 1797 vart parten i Langhelle skift mellom døtrene Anna og Kari.
Born:
- Magdeli 1758-, g. m. Anders Johannesson Skaffå, sjå Skaftå bnr. 1.
- Kari 1760-, g. m. Johannes Monsson Helle, sjå Helle bnr. 3.
- Olav 1765-, brukar på Vaksdal bnr. 1 og Dale bnr. 6.
- Anna 1771-1774.
- Anna 1775-, g. m. Mons J. Songstad. Sjå Haus s. 382.
- Lars 1759-, gjestgjevar på Indre Bruvik.
1781 skøyte til Olav Nilsson Songstad frå morfaren Olav Olsson Fossmark. Sjå framanfor. Han skulle ha kår av bruket. 1796 vart det dessutan tinglyst kår åt den førre brukaren og kona. Det var truleg på denne tid Olav Nilsson kom hit og overtok bruket. Mellom det utstyret han førde med seg frå Songstad var ein stor gilså. Denne gilsåen er på bruket enno.
Olav Nilsson 1762-1852 g. 1. g. 1791 m. Anna Katrina Jensdtr. Romslo 1771-1808. Sjå Haus s. 372. Ved skiftet etter Anna Katrina 1810 var dette bruket verdsett til 100 rdl. Buskapen var verdsett til 88 rdl. Bruttosummen var vel 303 rdl., men frå dette gjekk gjelda som var på 140 rdl. Den største kreditoren var Anders Johannesson Stanghelle. Han hadde 80 rdl. til gode. Han fekk utlagt ein stor part i dette bruket, 9 4/5 m. smør og 4 4/5 k. malt. Resten av bruket vart delt mellom Olav og dei 5 døtrene.
Born:
- Anna 1793-, g. m. Mons Johannesson Herfindal, sjå Herfindalen bnr. 5.
- Margreta 1797-, g. m. Johannes Jonsson Indre Bruvik.
- Kari 1799-, g. m. Olav Nilsson b. på plasset Sauviksneset, Langhelle.
- Jens 1801-1804.
- Barbro 1803-, g. m. Magne Monsson, b. på plasset Nålhaugen, Olsnes, seinare b. Tunes i Haus.
- Marta 1804-, g. 1826 m. Johannes J. Vik, Bruvik, b. Solberg i Gjerstad sokn.
- Jens f. og d. 1808.
Olav g. 2. g. m. Ågota Jonsdtr. Fossmark bnr. 1 1780-1863. Ved skiftet etter Olav 1853 var nettosummen i buet 202 spd. Buet var så å seia gjeldfritt, og det hadde til gode hjå ymse låntakarar vel 96 spd. Av ervingane var sønene Nils og Jon busette i USA. Dei var mellom dei fyrste Amerikafararane frå Bruvik sokn. Dei fekk seg jord i Wisconsin, og vart gifte med kvar si syster frå Bjørgås i Evanger. Mellom etterkomarane deira er misjonær Ågoth Fossmark.
Born:
- Katrina 1810-, g. m. Mikkel N. Dale, sjå Dale bnr. 18.
- Johannes 1812-, brukar her.
- Marta 1815-1838, g. 1837 m. Johannes Simonsson Tunes, sjå Haus s. 446.
- Nils 1816-, b. USA, sjå ofr.
- Ingebjørg 1818-, g. m. Nils Jonsson Sæterdal bnr. 1, sjå Dale bnr. 8.
- Jon 1821-
- Jon 1822-, b. USA, sjå ofr.
1831 skøyte til Johannes Olsson Fossmark frå dei som åtte partar i bruket etter skiftet 1810. Kjøpesummen var 120 spd. og kår til foreldra. Johannes var med i heradstyret og møtte som representant for Bruvik sokn i formannskapet i Haus. Han var med og førde dei vanskelege tingingane med dei private eigarane av Bruvikkyrkja i 1860-åra. Han var også ein kjend spelemann. Sjå Joh. Litleskare: Bruvik kyrkjor og kristenliv s. 34 ff. og Arne Bjørndal: Ole Bull og norsk folkemusikk s. 51.
Johannes Olsson 1812-1898 g. m. Anna Knutsdtr. Indre Boge bnr. 1 1814-1874.
Born:
- Ole 1836-, brukar her.
- Marta 1840-, g. m. Mons Monsson Olsnes, sjå Olsnes bnr. 7.
- Knut 1847-1853.
- Nils f. og d. 1850.
- Kari 1851-, g. m. Jakob Sjursson Olsnes, sjå Olsnes bnr. 1.
1864 skøyte til Ole Johannesson for 250 spd. og kår verdsett til 180 spd. for 5 år. Ole 1836-1927 g. m. Brita Monsdtr. Olsnes bnr. 7 1840-1931.
Born:
- Ingeborg 1863-, g. m. lokomotivførar Reidar Bjelland. Sjå plasset Knulten.
- Anna, døydde som barn.
- Ågoth 1874-, g. m. kalkverksarb. Jakob Skaftun, sjå Stokke bnr. 4.
- Johannes 1877-1906.
- Anna 1879-1965, dreiv hotellverksemd i Odda, Dale, Ytre Ama og Leirvik på Stord. Sjå nedanfor.
- Mons 1884-1963 brukar her.
1905 skøyte til Mons Olsson for kr. 2000 og kår til Ole Johannesson og Brita Monsdtr. verdsett til kr. 600 for 5 år. Broren Johannes skulle også ha kår av bruket. 1934 vart det tinglyst eit nytt kårbrev til systra Anna. Det var eit såkalla kjøpekår, betalt med kr. 5000. Anna skulle ha rett til å ta ut eit halvt mål jord til hustomt, med veg- og vassrett, eller vederlagsfritt disponera 2 rom i bustadhuset på bruket så lenge ho levde. Dessutan skulle ho ha tilsyn og pleie.
Mons Olsson var med og sette i gang Den Vestlandske Træsko og Trævarefabrik og var leiar for denne verksemda i ei årrekkje. Sjå bnr. 6. I 1930- åra var han fleire periodar medlem av heradstyret og kommunale nemnder.
Mons 1884-1963 g. m. Anna Johannesdtr. Vedå 1884- Sjå bnr. 4 ovanfor og Veo bnr. 2.
Born:
- Marit 1906-1932, g. m. jarnbanearbeidar Konrad Solberg, Bergen. Sjå neste brukar.
- Bergit 1908-, g. m. montør Willy Marx. Sjå Manfred Marx, sjå ættesoge for Stanghelle.
- Astrid 1911-, g. m. Arnfinn Lilleskare. Sjå nfr.
- Solveig Olivia 1914-, g. m. byggmeister Klaus Holdhus, Sjå bnr. 17.
1968 skøyte til Reidar Magnus Solberg 1932-1969, styrar ved Dale ungdomsskule, son åt Konrad Solberg, Bergen, og kona Marit Monsdtr. Fossmark 1906-1932, sj, ofr. Reidar g. m. Ann 19**-, lærar, dtr. åt Torgunn og Olav Borgvin, Mo i Rana. Då Reidar var død, busette enkja og borna seg i Bergen.
Born:
- Stig Martin 19**-
- Line-Marit 19**-
1970 skøyte til Astrid og Arnfinn Roald Lilleskare 1914-, lagersjef ved DF, er son åt Olav Lilleskare, Dale, sjå ættesoge for Dale.. Astrid 1911-, er dtr. åt Anna og Mons Fossmark. Sjå ofr. og eigarliste Dale bnr. 172.
Born:
- Åse Marie 19**-, sjå Bjørn Øistein Faugstad, ættesoge for Dale.
- Øystein Fossmark 19**-, leiar for konsulentfirmaet Fossmark Associates Economic Consultants, Albuquerque, New Mexico, USA.
BRUK 6, DEN VESTLANDSKE TRÆSKO OG TRÆVAREFABRIK.
Skilt frå bnr. 5 1918, skyld 1 øre. Med den utskilde parsellen fylgde strand- eller sjørett, rett til vegar og til å leggja vassleidningar m.m.
1918 skøyte til Martin Fossmark, Johan Torkildsen, Johannes Vedå, Fridtjov Bjelland og Mons Fossmark. Dei bygde fabrikkbygnad tett ved sjøen og tok til med treskoproduksjon.
1934 skøyte til Vestlandske Træskofabrik A/S for kr. 4000,- Den nye eigaren var eit familieaksjeselskap under leiing av Mons Fossmark.
1956 skøyte til Astrid Lilleskare for kr. 2000,- Sjå bnr. 5. Etter at treskoproduksjonen tok slutt, vart fabrikkbygnaden ombygt til sumarbustad.
BRUK 7 FOSSHEIM.
Utskilt 1923 i den felles utmarka åt bnr. 1, 3 og 5. Skyld 0.01 skm.
1923 skøyte til Johan Torkilsen. Han bygde bustadhus her. Johan 1890-1969, var maskinist ved elektrisitetsverket i Fossmark, son åt baneformann Torkel Jonsen og kona Dordi Olsdtr. Hana, b. Hana bnr. 3. Johan g. m. Maria Nilsdtr. Fossmark bnr. 3 f. 1902.
Born:
- Normann 1925-, sjå nedanfor.
1971 skøyte til Normann Torkilsen 1925-, driftsassistent, g. m. Solveig 19**-, dtr. åt gbr. Johan Sæterdal og kona Ragnhild f. Johnsen.
Born:
- May Britt 19**-
- Torill Helen 19**-
BRUK 8 FRYDENLUND.
Skilt frå bnr. 5 1926 med skyld 0.0 skm. Ikkje tinglyste skøyte.
BNR: 9 SOLBAKKEN.
Skilt frå bnr. 3 1932. Skyld 0.10 skm. Med eigedomen fylgde bruksrett til vegar, beiterett i utmarka for buskapen som kunne vinterforast på bruket, bruksrett til skogteigen Vårstøllia, rett til å grava brunn og leggja vassleiingar. Samanføydd med bnr. 10 1949. Sjå nedanfor.
BNR: 10 SOLVANG.
Skilt frå bnr. 3 1949 med skyld 0.55 skm. Samanføyd med bnr. 9 1949. Samla skyld 0.65 skm. Dyrka jord omlag 10 mål.
1949 skøyte til Johannes Nilsson Fossmark og kona Samueline på bnr. 9 og 10 for kr. 2500 og kår, verdsett til kr. 300 for 5 år. Kårytinga skulle svarast til Nils og Marta Fossmark bnr. 3. Johannes Nilsson 1895- jarnbanevaktar, g. 1. g. m. Kristi, dtr. åt målar Nils Jamne, Vaksdal, og kona Anna. Johannes g. 2. g. m. Sofia Maria 1893 -1925, dtr. åt Sivert J. Askeland og kona Marta f. Rivenes, b. Øvste Mjelde. Sjå Haus s. 54. Johannes g. 3. g. m. Samueline 1898- dtr. åt Nils J. Grønsdal og kona Helene f. Gjerde, Samnanger.
Born:
- Nils 19**-, jarnbanefullmektig, sjå Helle bnr. 8.
BRUK 11 TANGNESET.
Skilt frå bnr. 5 1954. Skyld 0.02 skm.
1954 skøyte til Arnfinn Lilleskare.
1954 skøyte til Astrid Lilleskare.
BRUK 12 SJØTUN.
Skilt frå bnr. 3 1957. Skyld 0.01 skm.
1957 skøyte til Olav Ferdinand Andersen 1920-1968, g. m. Nelly Karina 19**-, sjå Rasmus Olai Takvam, ættesoge for Dale.
Born:
- Kari Reidun 19**- sjå nfr.
1970 skifteskøyte til Kari Reidun Alvheim 19**-, g. m. Odd Birger Alvheim, sjå ættesoge for Stanghelle.
BRUK 13 KVELVET.
Skilt frå bnr. 1 1957. Skyld 0.01 skm.
1957 skøyte til David Martin Fossmark 1916-1969, banereparatør ved NSB, g. m. Brynhild f. Hanevik 19**-
1970 skifteskøyte til Brynhild Fossmark f. Hanevik.
BRUK 14 GARBOGEN
Skilt frå bnr. 1 1957. Skyld 0.04 skm.
1957 skøyte til Johannes Å. Fossmark 19**- sjå bnr. 1, banereparatør ved NSB, g. m. Ragnhild 19**-, dtr. åt gardbrukar Johan Sæterdal bnr. 2.
Born:
- Magne 19**-
- Ashild 19**-
- Johan 19**-
BRUK 15 GRANHEIM.
Skilt frå bnr. 5 1957. Skyld 0.01 skm.
1957 skøyte til Bergit Marx f. Fossmark 1908- Sjå bnr. 5.
BRUK 16. STRANDHEIM.
Skilt frå bnr. 10 1959. Skyld 0.02 skm.
1959 skøyte til Georg O. Larsen.
BRUK 17 LEITET.
Skilt frå bnr. 5 1961. Skyld 0.01 skm.
1961 skøyte til Klaus Holdhus 1907-, byggmeister, son åt Oliva og Knut Holdhus, Samnanger, g. m. Solveig Olivia 1914-, dtr. åt Anna og Mons Fossmark. Sjå bnr. 5.
Born:
- Øyvind 19**-
- Eli 19**-
BRUK 18 BJØRKELUND.
Skilt frå bnr. 3 1961. Skyld 0.01 skm.
1961 skøyte til Magne Langø.
1966 skøyte til Karl Larsen.
BRUK 19 BEKKETUN.
Skilt frå bnr. 3 1961. Skyld 0.01 skm.
1961 skøyte til Anton O. Langhelle f. 1913.
BRUK 20 HETTELI.
Skilt frå bnr. 5 1965. Skyld 0.01 skm.
1966 skøyte til Olav Midtun, f. 1905, b. Nesttun.
BRUK 21 GRANHEIM TILLEGG.
Skilt frå bnr. 5 1970. Skyld 0.01 skm.
1970 skøyte til Bergit Marx.
BRUK 22 LINJEGRUNN.
Skilt frå bnr. 3 1969. Skyld 0.01 skm.
1971 skøyte til Norges Statsbaner.
BRUK 23 LINJEGRUNN.
Skilt frå bnr. 5 1969. Skyld 0.01 skm.
1971 skøyte til Norges Statsbaner.
PLASSET FOSSDALEN.
Dette plasset låg ved sørgrensa åt garden, ved elva som renn frå Fossdalsvatnet. Plasset låg høgt oppe i lia, 378 m.o.h.
Johannes Nilsson Myster var den fyrste som budde her. Han var frå Myster bnr. 3, sjå Myster bnr. 3. Johannes var med i krigen mot svenskane 1808-1809. På sine eldre dagar fortalde han kor vondt soldatane hadde det. Dei svalt og fraus mest forderva.
Før Johannes drog ut i krigen, gifte han seg med Brita Larsdtr. Fosse frå Bergsdalen. Johannes og Brita budde på Fosse dei fyrste åra dei var gifte. Anna, syster åt Brita, var jordagjente, Anna gifte seg med Olav Myster, bror åt Johannes. Han fekk skøyte på farsgarden åt kona, og sat med bruket til 1813.
På denne tid busette Brita og Johannes seg i Fossdalen. Dei fekk tinglyst bygselsetel frå brukaren i Skreien 1815 på eit stykke av utmarka, kalla Floten og Fossdalen. Men 1816 vart brukarane i Skreien stemnde for forlikskommisjonen av Olav Nilsson Fossmark. Han meinte at Fossdalen høyrde til Fossmark, og ville ha husmannskontrakta omstøytt. Då saka kom opp på forlikstinget, vart partane samde om å velja 2 mann kvar til å to ei synfaring og koma med ei fråsegn. Lensmann Faugstad skulle vera oppmann. Den 6. november 1816 var saka oppe på nytt, og det vart då semje om at Fossdalen høyrde til Fossmark. Johannes Nilsson, som hadde sett opp hus på plasset, skulle få halda fram som husmann under Fossmark.
1863 vart leiga for plasset oppgjeven til 6 dagsverk for året. (Det er noko uklårt om husmannen skulle svara 6 dagsverk på kvart av dei 2 hovudbruka i Fossmark, eller om det var 6 dagsverk i alt). Fossdalen hadde no vore i bruk omlag 50 år. Dei fødde 2 kyr, 1 ungfe og 12 sauer og avla 2 tunner poteter. Bøen var 16 mål og var middels god. Til plasset høyrde også ei slåtte der dei hausta 24 våger høy. Åkeren var ein «Slot Ager» på 300 kvadratalen.
Kornet mognast sjeldan og aldri i Fossdalen. Nemninga «Slot Ager» tyder truleg at dei avla grønfor. Dei fyrste åra dyrka dei heller ikkje poteter. Johannes hadde mykje slit med å skaffa heim mat til huslyden sin, vert det fortalt. Han rodde til Bergen og selde høy og avdrått, slik at han kunne kjøpa heimatt mjøl og det andre dei trong. Dette laut då berast på ryggen den bratte vegen opp frå sjøen.
Johannes Nilsson 1783-1875 g. 1. g. m. Brita Larsdtr. Fosse d. 1831.
Born:
- Haldor 1808-, g. m. Helga Olsdtr. Kallestad bnr. 1, sjå Vaksdal bnr. 1.
- Sigrid 1810-
- Sigrid 1811-, g. m. Tomas Ingebrigtsson Helle, b. på Helle og Vaksdal.
- Anna 1812-, g. m. Johannes Kolbeinson, b. i Vikahagen. Sjå Vik, Stamnes, Vikahagen.
- Nils 1815-, g. 1844 m. Ågot Mikkelsdtr. Tunestveit. Sjå Arna sokn s. 274.
- Anna 1816-, g. 1843 m. Sjur Eiriksson Skreien.
- Lars 1819-, g. 1856 m. Marta Eiriksdtr. Lid, Hosanger.
- Synneva 1822-
Johannes Nilsson g. 2. g. 1832 m. enkja Maria Olsdtr. Blødal 1804-1877.
Born:
- Brita 1833-
- Johannes 1834-, sjå nfr.
- Jakob 1839-, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
- Ingebjørg 1842-
- Hans 1842-1843.
- Olav 1845-, pensjonatvert i Bergen.
1860 omlag overtok Johannes Johannesson plasset. Ved folketeljinga 1865 var det 6 menneske i Fossdalen: Johannes, kona hans og den eldste sonen, dei gamle brukarfolka, som no var føderådsfolk, og ei tenestgjente, Marta Olsdtr. 44 år gamal. Johannes dreiv plasset til 1883. Då kjøpte han Jamne og flytte dit med huslyden sin.
Johannes 1834-1922 var g. m. Helga 1840-1918, dtr. åt Olav Andersson Langhelle bnr. 1 og kona Sigrid Mikkelsdtr. f. Hundhamar.
Born:
- Ole 1864-1942 anleggsarbeidar ved NSB, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne., g. m. Synneva Brekkhus frå Evanger.
- Johannes 1866-1934, anleggsarbeidar ved Bergen kommune, b. Tysse i Samnanger, g. m. Karina Kvittingen.
- Martines 1870-1951, smed ved Bergen kommune, g. m. Erika Edvardsen frå Romsdalen, b. Bergen.
- Mikkel 1873-1951, fabrikkarbeidar, b. Tysse i Samnanger, g. m. Jakobine Leidesund frå Sunnmøre.
- Sigrid 1874-1959, b. Bergen, g. m. skipstømrar Karl Olsson Strømsnes frå Askøy.
- Marta Maria 1876-1956 b. Tysse i Samnanger, g. m. snikkar Samuel Åbotnes frå Sundvor.
- Ole 1878-1954, brukar på Jamne bnr. 7, g. m. Kari Anna Skjellevik frå Tysnes.
- Ingeborg 1882-, g. m. Edvard Refsgård, skipsbyggjar ved Bergens Mek. Verksted, dreiv gardsbruk på Revsgard, Meland.
- Johanna 1886-1973 b. på gnr. 17 bnr. 7 i Masfjorden, g. m. Arne Nordland, d. under arbeidsopphald i USA.
PLASSET KNULTEN.
Festenr. 1 under bnr. 5 Knulten låg på innmarka nord for tunet. Driftsbygnaden åt bnr. 10 ligg no like ved husgrunnane.
Johannes Monsson Olsnes f. 1835 på Olsnes bnr. 7 fekk festesetel på Knulten 1889. To av systrene hans, Brita og Åsa, var gifte i Fossmark. Sjå bnr. 1 og 5.
Johannes og kona Brita f. Løtveit bnr. 4 1838 var barnlause. Dei hadde nokre slåtter i Olsnesberget på andre sida av fjorden. Det var truleg slåtter som høyrde til farsgarden åt Johannes og som han fekk leiga. Johannes dreiv med kipebinding og ymse andre bygdehandverk som attåtnæring.
1925 tinglyst gåvebrev til Gyda Bjelland frå Ole J. Fossmark. Gyda g. m. ingeniør Bernhard Bjelland, son åt Reidar Bjelland og kona Ingeborg f. Fossmark. Sjå bnr. 5. Det var tanken å nytta plasset til sumarbustad, men då Gyda og Bernhard Bjelland busette seg i Oslo, vart dette ikkje noko ay. Etter utskiftinga 1926 vart denne delen av innmarka lagd til bnr. 3.
LEIGEBUARAR.
1706 budde Mons J. Soldalen her. Han var legdsoldat. 1708 døydde kona hans, Marta Olsdtr. Ho var då 40 år gamal. Eitt av borna deira var gravfest 1706.
1722 var Anna Larsdtr. Stavenes busett her. Ho døydde 1722 og let etter seg 2 døtre, Ingebjørg og Gunnhild. Det vert opplyst at Anna hadde vore gift, men namnet åt ektemaken er ikkje kjent.
1764-1794 budde Olav Eiriksson Fokstad her. I skattelistene vart han kalla «en meget fattig husmann». Men i yngre år var han ein velstandsmann. Han var då brukar på Veo bnr. 2. Sjå Veo bnr. 2.
I 1870- og 1880-åra budde her mange jarnbanearbeidarar.
1877 var Johan Berentsson Liholm 1851-, g. m. Brita Arnesdtr. Herfindal 1855-, busett her.
1878 budde banearbeidar Fredrik Nilsson her. Kona Anna Andersdtr.
Born fødd i Fossmark:
- Charlotte Sofie.
1879 vart Ole Pedersson Engedal 1838-, g. m. Elvira Malena Ellingsen 1856- Ole var frå Rakkestad. Elvira var frå Verøy.
Born fødd i Fossmark:
- Peder Anton 1880-.
1880 budde handelsmann Simon Gitlesen her saman med kona Anna f. Gundersen.
Born fødd i Fossmark:
- Gustav Andreas 1880-.
1881 fekk banearbeidar John Henrik Johnsen og kona Anna Simonsdtr.
Born fødd i Fossmark:
- Johan Henrik.
1882 gifte banearbeidar Johan Andersson seg med Ingeborg Anna Olsdtr. Skjerstad 1856- Johan 1854-, var frå Skareborg i Sverike.
Born fødd i Fossmark:
- Olga Marcelia 1882-
1883 budde banesmed Johannes Andersson Fonn her med kona Guri Boletta Andreasdtr.
Born fødd i Fossmark:
- Karl Ananias 1883-
1885 fekk baneformann Johan August Jonasson og kona Johanne Larsdtr. sonen Julius. Johan var frå Sverike.
1892 budde baneformann Johan August Jonasson her, saman med kona Johanne Larsdtr.
Born fødd i Fossmark.
- Julius 1892-
1893 fekk banevaktar Jan Peter Olsen og kona Kari Eiriksdtr. Jan Peter Olsen var frå Sverike.
Born.
- Klara
© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org