Øyo
Frå Vaksdal Historielag
< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III
Gards og ættesoge for Øyo.
Innhaldsliste |
INNLEIING
Ligg 1/2 km aust for Vikavatnet, om lag 2 km nord-nordaust for Vik, 2,3 km sør-søraust for Hesjedal (måla er i luftline). Ein sidedal, Øyadalen, går aust og nordaust-over opp til fjells til Gavatnet, som ligg 526 m.o.h. Om lag midt i dalen ligg Tresvatnet 242 m.o.h. Dalen fylgjer bratt ned mot ein vid botn. Her ligg innmarka på Øyo om lag 110 m.o.h.
I matrikkelen 1723 vert «Situation og Beleilighedh» skildra slik: «Ligger 1/2 Miil fra Søen, er Mislig till Korn, overgaas aarlig af Vandløp fra Fieldet og tungvunden.»
1863: «Betydeligt frostlændt samt utsat for Oversvømmelser.» Sjoarvegen har frå gamalt gått til Vikastoæ, der garden har båtstø og naust. 1723 vart det tinglyst ein bygselsetel til brukaren på bnr. 2 frå sokneprest Gerdt Gelmeyden på ein naust-grunn, som det skulle svarast 1 sk. årleg avgift for. 1922 vart det teke opp arbeid på køyreveg frå Vik til Øyo og Hesjedal. Brukarane hadde mange pliktdagar på denne vegen, som no er ferdig.
Gardsnamnet vart skrive Øiene 1626 og 1802, Øye 1638, 1648, 1774, Øyen 1802. Bygdemålsuttalen er øy'ane, dativform øy'o. Namnet er fleirtal, bunden form av hokjønnsordet øy, her bruka om flate strekningar ved ei elv. Den bundne forma synest å tyda på at garden har vorte teken opp i siste del av mellomalderen.
Øyo grensar til Vik, Hesjedal, Stamnes og Straume. Grensene vart skriftfeste ved minneleg utskifting 1832. Grensa mot Vik, sjå under Vik.
Grensa mot Hesjedal tek til i Bjørneskarrusta, der det er hogge kross i eit berg, og går mot nordaust opp til Snaunova, der det også er ein kross. Vidare til Bratterusta, Sæternova til ein kross i ein bergnakke søranfor Flatdalen. Her bøyer grensa mot aust til Flatdalsrusta, fylgjer denne og held vidare fram i same retning til ein stor stein nørdst på Mjelkeskorva. Sidan går grensa i same retning over Hesjedalsvatnet, opp til den høgste bergnabben på Geitefjellet. Her endar grensa mot Hesjedal.
Om grensa mot Stamnes, sjå Stamnes. Grensa mot Straume tek til i ei skrede ved Gavatnet nordanfor Rennet, og går mot sør etter kanten av Storefjellet til ein bekk som renn ned frå Storefjellet på Illebrunæ. Frå denne bekken går grensa mot vest til nørdste enden av Brattofjellet der det er hogge kross i eit berg. Frå Brattofjellet i same retning til kross i ein bergnakke Sør for Geitehaugen og vidare til Illebrurusta der det også er kross. Her går grensa mot sørvest nedetter Illebrurusta til Storgjelleitet der ho dreier mot vest ut etter eit stupbratt fjell kalla Røyreberget. Ved foten av dette berget på ein stad kalla Røyren er hogge kross, og herifrå går grensa til Skartjørna der grensa mot Vik tek til.
Det er ikkje gjort registrerte fornfunn på garden. Forma på gardsnamnet, og eigartilhøva (sjå nedanfor) synest å tyda på at garden har vore teken opp i mellomalderen. Det eldste skriftlege vitnemålet er frå 1620. Brukaren Knut er då plasert mellom husmenn, øydejordsmenn og drenger i lensrekneskapen. Dette skulle tyda på at garden har vore nedlagd under svartedauden, og vorte teken oppatt ved byrjinga av 1600-talet. Ikkje langt frå Øyane, i Straume si utmark, ligg ein gamal øydegard Nesatreet, som ikkje har vorte oppatteken.
Fyrst på 1600-talet var her berre 1 brukar, men frå slutten av hundreåret var her 2. Garden har sidan heile tida hatt 2 jamstore bruk utan noko nemnande frådeling. Dei 2 bruka har kvart sitt tun, som ligg eit par hundre meter frå kvarandre. Br. 2 vert i daglegtale kalla «heima» eller «dar heima». Her finn ein truleg den gamle tunstaden. Br. 1 som ligg lengst mot vest, vert i daglegtale kalla «dar nord». Stovehuset på bnr. 1 er flytt frå ei tuft lenger nede 1901. Det gamle stovehuset hadde ikkje kjellar. Der var 2 stover med eit rom imellom som dei kalla Døra. I dette romet var det gruve. I den minste stova, Vetlestova, budde kårfolket. Bua stod for seg sjølv «Dar heima» var bua bygt ihop med stovehuset. Der var det 4 rom på rad, bua, storestova, døra og vetlestova. Mellom storestova og bua var det ein liten gang eller ei sval. Attmed storestova var der kammers, og frå det var det dør ut til svala. Over bua var det loft. Ei tropp frå svala førde opp til loftet. På loftet hadde dei kister og klede. Langs eine veggen var der 2 faste senger etter einannan. Der var tillaga eit brett til å stiga på når ein skulle opp i sengene. Der var tak i loftet, og over loftet var det ein liten lem, som dei kalla svartelemen. Loftet vart ikkje nytta til soverom av dei som høyrde huset til. Det var helst som eit gjesterom. Uthusbygningane på garden er frå 1870-åra. Det er løer med mura flor under. Smaleflor i den eine enden og kuflor i den andre.
Eigedomstilhøva på innmarka vert det gjort utførleg greie for i utskiftingsforretningen frå 1832. Forretningen tek til slik: «Efter indkommen anmodning, af 4de Juli d.a. 1832 fra hans S.T. Forstander for St. Jørgens Hospital i Bergen Hrr. D. C. Reuch om Udskiftning af Fællesskabet paa den St. Jørgens Hospital tilhørende Gaard Øye, .....» Kor mykje av garden som har lege i «Fællesskab» går ikkje fram av dokumentet, men no freista ein i alle fall å koma fram til ei deling som gjorde at kvart bruk fekk si innmark i ein teig, men «da Gaardens Bøe bestaar dels af Myrer paa en Kant, og tildels af nøgne fremstaaende Klipper paa en anden Kant, saa var det dets aarsag, at den ene, nemlig Mons Haldorsen, fik 2 Teige, men Haldor Nielssen fik Ager og Bøe i een Teig». Mons Haldorson på bnr. 2 fekk dei 2 teigane, Huseteigen og Myrgardteigen. All åkeren låg i Huseteigen. 1863 var det på båe bruk 12 4/5 mål åker, 3 3/5 mål var god åker, 7 3/5 mål var middels god, resten av åkeren var ring. Bøen var om lag 76 mål. 12 1/2 mål var god bø, 8 2/3 mål var middels god, resten var ring. Både åker og bø vart delt likt mellom båe bruk.
Utskiftinga frå 1832 vart ikkje tinglyst før 1917. Seinare har brukarane bytt nokre teigar seg imellom. Br. 1 fekk Myregarden og bnr. 2 fekk Kringleteigen eller Haugateigen. Jordvidda på bnr. 1 er no om lag 40 mål innmark, og fødnaden 4 kyr, 1 hest og 9 sauer.
Delinga av skogen går attende til eldre tid. Det heiter nemleg i forretninga frå 1832: «Derefter blev betragtet Gaardens Skov, som befantes at være ved saa kjendeligt Mærke delt i Tvende lige Dele, ved den store Elv som rinder gjennem Øyedalen. og bliver ligesom tilforn har været, at de beholder Skoven en paa hver Side af Elven i et samlet Stykke.
- a Haldor Njelssen: Skov der ligger paa Nordre Side af Elven, og begynder med den saakaldte Nyskreen ved Træsvandet, og tager sin Retning mod Vest op til den før omtalte Sæternoven, derfra mod Sydvest efter Mærkets Linjen med Heskedal og med Wiig ned til Markstenen, derfra efter Elven mod Nordost, til den saakaldte Nyskreen ved Træsvandet igjen hvor den begyndtes.
- b Mons Haldorsen: Skov, der ligger paa syndre Side af Elven, og tager sin Begyndelse fra Træsvandet, strækker sig mod Øst til Ildebrubotten, og mod Syd til Mærkeslinjen med Strømme til Elven, og siden tager den Retning tilbake efter Elven til Træsvandet igjen hvor den begyndtes.»
«Brænde», «Fang» er nemnt 1661, men ved, tømmer til sal er ikkje nemnt før 1863, då dei rekna med at kvart bruk kunne selja ved for 3 spd. årleg netto.
Her er mykje utslåtter. Sume av dei ligg 1 times gonge frå garden. Ei utløe er sams for båe bruk. Ho er delt med vegg etter midten. Elles har kvart bruk mange utløer. På bnr. 1 har dei heilt til det siste hatt 6 utløer i bruk, omframt den dei hadde saman med grannen. Sume slåtter slo dei berre annakvart år. Slike slåtter var delte i slåtterenne. Det eine året slo dei eitt slåtterenne, det andre året eit anna. Det vart kalla bytingsslått. Rodder vart mykje bruka til å transportera høy frå slåttene. 1863 var høyet frå slåttene 660 våger.
«Ved Gaarden Hjemmehavn af god Beskaffenhed, forøvrigt Sæterhavn 1/2 Miil borte og begge tilstrækkelig» vert det opplyst 1863. Sætra heiter Øyastølen og ligg i ein liten dal som går opp frå Gavatnet 590 m.o.h. Noko av beitet i Øyadalen er sams for Stamnes og Øyo. Bruken av dette beitet vart fastlagt ved saka på Stamnes 1686, og er også teke med i utskiftingsforretningen 1832.
Fiskerettane som høyrer til garden, gjeld berre ferskvassfisket. Sagbruk, drive med vasskraft, vart sett opp kring 1910 og vart bygt nytt om lag 1920. Sagbruket er sams for båe bruk. Omframt tømmeret frå eigen skog vert skore noko tømmer åt grannegardane. Brukarane har elles hatt ymse attåtarbeid, t.d. skjel-graving om vintrane.
Takningsrota er Vik, Øyo, Straume og Hesjedal. Bedlaget omfatar dei same gardane, unnateke Straume. (Ei onnor opplysning om takningsrota går ut på at Hesjedal, Vik, Øyo og Simenes var saman.) Dugnad var gjerne bruka når dei flota ved i elva.
SKYLD OG UTREIDSLER m.m.
Gamal matr.nr. 3 i Vassværn tinglag. 1838 matr.nr. 4. 1886 gnr. 59 i Bruvik. Landskyld 1648: 1/2 I. sm. Matr.takst 1665: 2 pd. sm. (Denne taksten vart seinare lagt til grunn for skatteskylda.) 1838: 2 dalar 2 ort 2 sk. 1886 3,92 skm. Leidangsvarer 8 m. smør, 1774 redusert til 24 sk. i pengar. 1723: «Øye Apostelgods 2 Mænd 1 pd. 12 m. Sm. Hospitalet i Bergen beneficeret med Bøxell. Jngen Huusmands Pladser. Sætter 1 Mil fra Gaarden. Lidt Skoug til Huusernes Reparation og Ringe Brende Skoug. 1 flom-qværn. Jndtet fiskerie. Ligger 1/2 Mil fra Søener, er Mislig till Korn, overgaaes aarlig af Vandløb fra Fieldet og tungvunden. Saar 3 t. Havfre, aufler 9 t., føder 10 Kiør, 2 ungnød, 24 faar, 1 Hæst. 2 pd. Sm. Forhøyet 12 m. Sm. Har ingen anden Brug eller næring uden af Gaardens Aufling. Ligger 5 1/2 Mil fra Bergen.» Folketal 1801: 11. 1865: 31. 1875: 32. Fødnad 1657: 1 hest, 1 okse, 12 kyr, 2 ungfe, 18 sauer, 18 geiter. 1863: 2 hestar, 18 kyr, 14 ungfe, 80 småfe. 1865: 2 hestar, 20 storfe, 46 sauer, 18 geiter, 1 gris. 1875: 3 hestar, 1 okse, 16 kyr, 6 ungfe, 51 sauer, 35 geiter, 1 gris. 1959: 3 kyr, 3 ungfe, 5 sauer, 1 geit. Sånad 1863: 9 t. havre, 6 t. poteter. (Sånad på husmannsplasset Bakken er ikkje opplyst.) Avling 1863: 33 1/2 t. havre, 31 t. poteter. 1958 våger høy, 110 våger halm, 840 våger høy frå slåttene. 1959: Innmark 90,1 mål.
EIGARAR
Fyrste gongen eigaren er nemnd er 1626. Då er Øyo Apostelgods og høyrde såleis til Apostelkyrkja i Bergen, som var det fornemste av dei kongelege kapella i mellomalderen. Men 1648 og seinare vert det opplyst at Hospitalet eig og bygslar garden. Dette Hospitalet vert på 1700-talet kalla Bergens Hospital eller St. Jørgens Hospital. I panteboka frå 1700-talet står om eigartilhøvet at garden er Apostelgods, men benifisert Bergens Hospital.
Forstandarane for Hospitalet skreiv ut bygselsetlar og representerte eigarane under grensestridar o.l. 1650 var hospitalforstandaren Abraham Eench med på grensegonga i Øyadalen. 1686 møtte fullmekt Peder Olsen på vegne av forstandar Hans Wilhelmsøn. Han hevda at Stamnes ikkje burde ha beite på vårstølen i Øyadalen, ettersom dette var ei trong dal og Øyo med vanske kunne ha 3 vekers beite på fjellstølen.
1832 rekvirerte hospitalforstandaren D. C. Reuch utskifting på innmarka, og same året vart det gjeve kongeskøyte til brukarane. Kjøpesumen for kvart bruk var 250 spd. Det skulle framleis svarast jordavgift til St. Jørgens Hospital, 5 skjepper, 2 fjerdingkar bygg av kvart bruk. Denne jordavgifta vart innløyst av brukarane etter 1900.
BRUKARAR FYRST PA 1600-TALET
Den fyrste kjende brukaren på Øyo heiter Knut. Me finn namnet hans i skattelistene frå 1611 og utover. Til å byrja med står han mellom husmenn og øydejordsmenn, som betalar halv skatt, men kring 1630 har han kome med mellom dei som betalar full skatt.
1645 heiter brukaren i Øyo Knut Rikardsson. Om det er same Knut som har vore brukar heile tida frå 1611 eller det har vore fleire med same namn etter einannan, er vandt å avgjera.
Knut Rikardsson og kona Anna hadde 3 søner:
- Olav f. 1628, brukar her.
- Askjel f. om lag 1640, sjå bnr. 2.
- Johannes f. 1651, sjå bnr. 1.
Olav Knutson vart brukar etter faren. Han er nemnd som brukar fyrste gong 1657. Siste gong 1692. 1685-86 møtte han i retten i samband med søksmålet om grensene mellom Stamnes og tilgrensande gardar (sjå Stamnes). Av dokumenta går det fram at Olav 4 år tidlegare hadde sett opp ei utløe øvst i Øyadalen. Denne løa kravde eigaren av Stamnesgarden at han skulle riva ned, men Olav fekk rett til å ha løa ståande. Olav ser ikkje ut til å ha hatt etterkomarar, og han må ha delt garden mellom båe brørne sine. Den yngste, Johannes, fekk truleg bnr. 1, og den andre, Askjel, ser ut til å ha drive bnr. 2 saman med Olav så lenge han levde. Seinare fekk Askjel bygsla bruket.
BRUK 1
Daglegnamn: «Dar nord». 1838: Gamalt matr.nr. 3. Nytt nr. 4. Løpenr. 8. Gamal landskyld 18 m. smør. Skatteskyld 1 pd. sm. 1838: 1 dl. 1 ort 1 sk. Revidert 1853 til 1 dl. 1 ort 15 sk. 1886: 1,95 skm. 1958: 1,83 skm. 1863: 6 2/5 mål åker. 1 4/5 mål god, 3 4/5 mål middels og 4/5 mål ring. Om lag 38 mål bø. 6 1/4 mål var god bø, 4 1/3 mål middels god, resten var ring. 6-7 mål dyrkingsjord. Sånad: 4 1/2 t. havre, 3 t. poteter. Avling: 15 t. havre, 14 t. poteter. 1016 våger høy, 105 våger halm. 330 våger høy i slåttene. Fødnad: 1 hest, 9 kyr, 3 ungfe, 41 småfe. Kan selja ved for 3 spd. årleg netto. Beit og skav for 1 ungfe. 1865 fødnad: 1 hest, 10 kyr, 22 sauer, 8 geiter, 1 svin. Sånad: 4 t. havre, 2 1/2 t. poteter. 1875 fødnad: 2 hestar, 1 okse, 7 kyr, 4 ungfe, 21 sauer, 13 geiter, 1 svin. Sånad: 4 1/2 t. havre, 4 1/2 t. poteter. 1956 fødde dei 4 storfe, 15 sauer. Innmarka var på ca. 40 mål. Inga korndyrking etter siste krig. 1959 hadde bruket 53,4 mål innmark, og fødnaden var 3 kyr, 3 ungfe, 1 geit.
Johannes Knutsson f. 1651 d. om lag 1685 var den fyrste brukaren på dette bruket. Johannes og kona, Anna Nilsdtr., hadde ein son:
- Knut, f. 1684, b. her 1701, seinare brukar på Verpelstad.
Gulleik Jakobsson Straume bnr. 1 f. 1665 d. 1739 vart neste brukar då han vart g.m. enkja Anna Nilsdtr. d. 1704. I skiftet etter faren, Jakob, om lag 1710 ervde Gulleik ein jordepart på 8 m. smør i Straume, som han selde 1718 til broren Johannes som var brukar der.
Gulleik og Anna fekk 5 søner. Desse vart vaksne:
- Johannes f. 1681 g. 1717 m. Marta Torbjørnsdtr. Tysso, Evanger.
- Knut f. 1691 g. 1727 m. enkja Anna Andersdtr. Stamnes.
- Nils f. 1697 g.m. enkja Ågota Helgesdtr. Kalland.
Gulleik g. 2. g. m. Gunhild Gudmundsdtr. Eikefet f. 1679 d. 1718.
Born:
- Anna f. 1707 g.m. Anders H. Kalland. Brukar her frå 1747.
- Gudmund f. 1708. Brukar på Eikemo.
- Maria f. 1712 g.m. enkjemann Magne Olsson Eide, sjå Eide bnr. l.
- Ågota f. 1714. Sjå Fossmark bnr. 1.
- Karen f. 1715 g. 1741 m. Olav Knutsson Simenes, b. Sandal i Hosanger.
- Jakob f. 1718. Brukar her.
Gulleik g. 3. g. m. Anna Eiriksdtr. Jamne d. 1768. I dette ekteskapet var og fleire born, men det ser ikkje ut til at nokon av dei vart vaksne.
Om lag 1740 vart Jakob Gulleikson brukar. Han var g.m. Kari Haldorsdtr. Kalland. Så flytte dei til Kalland og var sidan busette der, men ein av sønen, Gulleik f. 1749, kom hit att og vart brukar.
Om barneflokken elles, sjå Kalland.
1747 bygsla Anders Haldorson Kalland. Han hadde før vore brukar på Kalland, men hadde måtta la garden gå frå seg. Anders f. 1708 d. 1794 og kona, Anna Gulleiksdtr. Øyo f. 1707 d. 1785.
Born:
- Haldor f. 1734. Brukar her.
- Gunhild f. 1735 g. 1762 m. Johannes Johannesson Dale, sjå Dale bnr. 6.
- Gulleik f. 1740.
- Ågota f. 1743.
- Anders f. 1746.
- Anna f. 1747.
- Gulleik f. 1752 g. 1777 m. Anna Johannesdtr. Hesjedal bnr. 1, b. Dale, Herdla.
- Marta f. 1754 d. 1787. Sjå husfolk.
Om lag 1765 vart Haldor Andersson brukar etter faren. Haldor f. 1734 d. om lag 1774 var g.m. Kari Matiasdtr. Brørvik f. 1734 d. 1807.
2 born vart vaksne:
- Anders f. 1768. Sjå husfolk.
- Ingeborg f. 1773 g.m. Nils O. Toskheller. Brukar her.
1775 bygsla Gulleik Jakobsson Kalland. Gulleik var syskinbarn åt den førre brukaren og g.m. enkja Kari. Gulleik f. 1749 d. 1804 og Kari Matiasdtr. hadde ikkje born. Dotter hennar frå fyrste ekteskap og versonen Nils fylgde etter dei som brukarar. Gulleik var lagrettemann 1803.
1802 bygsla Nils Olsson Toskheller f. 1776 d. 1851. Kona Ingeborg Haldorsdtr. var f. på dette bruket 1773 d. 1846. Nils hadde vore omgangsskulelærar i Stamnes før han gifte seg, og han heldt fram med skulearbeidet nokre år etter at han vart brukar i Øyo. Han var klokkar i Stamnes kyrkja til han var gamal. Han var kjend for å ha ei utifrå god songrøyst. Ei notatbok frå 1840-åra, der Nils har skrive opp om gudstenester i Stamnes og andre kyrkjelege handlingar, finst på garden. Avskrifter av bruretalen som presten Larsen heldt 1801 for Nils og Ingeborg, finst det fleire av i Stamnes. Det er ein fin tale med mykje vellæte både over brur og brudgom. Nils var lagrettemann 1819. 1832 fekk han kongeskøyte på bruket for 250 spd.
Born:
- Kari f. 1802 g. 1832 m. Knut Olsson Hermundsdal, Evanger.
- Gunhild f. 1803 g. 1830 m. Knut L. Eide bnr. 3. Sjå Langedal bnr. 2. Modalen.
- Brita f. 1806. Sjå husmannsplasset Bakken.
- Anna f. 1809.
- Haldor f. 1813. Brukar her.
1832 skøyte til Haldor Nilsson for 200 spd. og kår. Haldor f. 1813 d. 1895 var g.m. enkja Brita Haldorsdtr. Binningbø f. 1807 d. 1889. Haldor var kyrkjeverje i Stamnes frå 1862.
Born:
- Anders f. 1835. Brukar her.
- Brita f. 1836.
- Einar f. 1837.
- Ingeborg f. 1838 g.m. skreddar Einar Andersson Kvåstad, sjå plasset Holo, Dyvik.
- Ågota f. 1844 g.m. Nils Olsson Veo bnr. 1, sjå Veo bnr. 1.
- Kari f. 1846 d. ug. 1922. Budeie, var m.a. på Dyvikstølen mange år.
- Gunhild f. 1849 d. ug. 1946.
- Utanom desse var der 4 døtre som døydde små.
- Det skulle vera ein son, Nils, b. i U.S.A.
1873 skøyte til Anders Haldorson for 150 spd. og kår til foreldra og systra Gunhild. Anders f. 1835 d. 1887 var g. 1. g. m. Ragnhild Haldorsdtr. Vik St. bnr. 7 f. 1835 d. 1859.
Born: Brita f. 1858 g.m. Mons Knutsson Hesjedal, St. bnr. 3, b. i U.S.A. Ragnhild f. 1859 g.m. jarnvegsarb. Joakim Balstrøm, Dale.
Anders g. 2. g. m. syster til kona, Anna Haldorsdtr. Vik St. bnr. 7 f. 1838 d. 1910.
Born:
- Ragnhild f. 1859, d. 1860.
- Haldor f. 1861, brukar her.
- Haldor f. 1864, b. i U.S.A.
- Ragnhild f. 1865 g.m. jarnvegsarbeider Joakim Olai Wahlstrøm, sjå ættesoge for Dale.
- Ingeborg f. 1870 g.m. Johannes Jonson Straume, sjå ættesoge for Dale.
- Nils f. 1872, b. i Canada.
- Sigrid f. 1875, tekstilarb., Dale.
- Anna Bertea f. 1877 g.m. kommunearb. Olav Tveit frå Askøy, b. i Sandviken, Bergen.
- Knut f. 1884. b. i California, U.S.A.
1888 skøyte til Haldor Andersson for kr. 900 og kår til mora, verdsett til kr. 400 for 5 år. Haldor f. 1861 var g.m. Olina Jonsdtr. f. på Straume bnr. 5 1866.
Born:
- Anders f. 1889. Brukar her.
- John f. 1892 d. 1918. Bygningsarb. Busett Iowa, U.S.A.
- Anna f. 1893 g.m. Nils Øyo bnr. 2.
- Ragnvald 1905 d. 1910.
Anders Haldorson f. 1889 d. 1928 var brukar her, men hadde ikkje skøyte. Han var g.m. Ragnhild Monsdtr. Øyo bnr. 2 f. 1889.
Born:
- Oline f. 19** g.m. Jørgen K. Skjerve frå Voss, skogreisingsleiar, Kinsarvik, Hardanger.
- Gjertrud f. 19**. Sjukesyster, g.m. lækjar Gunnar N. Dukstad frå Voss.
- Harald f. 19**. Brukar her.
- Agnes Margrete f. 19** g.m. Olav Karstein Vik. Brukar her.
1947 skøyte til Harald Andersson for kr. 2500. Harald f. 1927 d. ug. 1949.
1954 vart bruket skøytt på ervingane etter han, mora Ragnhild og systrene Oline, Gjertrud og Agnes Margrete.
1957 skøyte til Agnes Margrete Andersdtr. og hennar mann, Olav Karstein Vik, for kr. 4000 og kår til Ragnhild Monsdtr. Øyo. Olav Karstein f. 1921 er son åt Ole Monsson Vik og kona Maria f. Toskedal, b. på Straume bnr. 14.
Born:
- Ragnhild f. 19**.
- Marie L 19**.
- Ole Arnstein f. 19**.
- Anne Karin f. 19**.
BRUK 2
Daglegnamn: «Heima». Løpenr. 9 i Vassværen tinglag. Gamal landskyld 18 m. smør. Skatteskyld: 1 pd. smør. 1838: 1 dl. 1 ort 1 sk. Revidert 1853 til 1 dl. 1 ort 16 sk. 1886: 1,97 skm. 1958: l,85 skm. 1863: Åker og engvidd som på bnr. 1. Sånad og avling av havre og poteter som på bnr. 1. Høy 942 våger, halm 105 våger. I slåttene 330 våger høy. Fødnad: 1 hest, 8 kyr, 3 ungfe, 39 småfe. Kan selja ved for 3 spd. årleg netto. Beit og skav for 1 ungfe. Dyrkingsjord som på bnr. 1. 1865: Sånad 4 t. havre, 2 t. poteter. Fødnad: 1 hest, 9 storfe, 16 sauer, 10 geiter. 1875 fødnad: 1 hest, 8 kyr, 2 kviger, 21 sauer, 18 geiter. Sånad: 5 t. havre, 4 t. poteter. 1959 hadde bruket 36,7 mål innmark, og fødnaden var 5 sauer.
1692 var Olav Knutsson brukar på dette bruket. Han hadde før drive heile garden, men då garden vart delt i 2 jamstore bruk, ser det ut til at Olav har etla brørne Johannes og Askjel kvar sitt bruk. Askjel ser ut til ha drive dette bruket saman med Olav ei tid.
1701 er Askjel Knutsson oppførd som brukar. (I manntalet 1701 står rett nok Askjel Olsson, men den eldste sonen heiter Knut, og det er vel rimeleg at det er Askjel Knutsson ein har med å gjera.) Askjel f. oml. 1645 d. 1709 var g.m. Guri Johannesdtr.
Born:
- Berta f. 1681 g. 1704 m. Johannes Jakobsson, brukar på Straume.
- Knut f. 1686. Brukar her.
- Ingebrigt f. 1695. Brukar her.
- Anna f. 1696 d. 1704.
- Anna.
1718 er Ingebrigt Askjelsson brukar. 1733 bygsla han ei nausttuft hjå sokneprest Gerdt Gelmeyden for ei avgift på 1 sk. året. Dette var truleg ei tuft i Vikastoæ, for Vik låg under Haus prestebol. Ingebrigt f. 1695 d. 1779 var g.m. Guri Knutsdtr. Straume bnr. 6. I skiftet etter faren ervde Guri 1/4 -part i Karistovo på Straume, og 1727 fekk Ingebrigt gåvebrev på 1/4-part hjå vermora Kari, slik at Ingebrigt og Guri åtte halve dette bruket. Dei bygsla parten bort til 1741. Då flytte dei til Straume og vart brukarfolk der.
Om borna sjå Straume bnr. 6.
1741 vart truleg Knut Askjelsson brukar. Knut f. 1686 var g.m. Anna Knutsdtr. Straume bnr. 6. Ho var syster åt Guri, kona åt Ingebrigt, og hadde liksom henne ervd 1/4 -part i farsgarden. Knut fekk sameleis som broren Ingebrigt gåvebrev på 1/4 -part i Karistova (bnr. 6 Straume) 1727, og han dreiv dette bruket fram til 1741, då Ingebrigt vart brukar der. Knut f. 1686 d. 1771 og Anna f. 1694 d. 1768.
Born:
- Askjel f. 1716. Brukar i Vik, Stamnes St. 1741.
- Johannes f. 1724. Brukar på Kvamme bnr. 1.
- Knut f. 1729. Brukar i Grøsvik bnr. 1.
- Kari f. 1732 g. 1758 m. Anders Olsson Bolstad. Mons f. 1735. Brukar her.
1761 bygsla Mons Knutsson. Frå 1757 hadde han bygsla på Straume bnr. 6. Mons f. 1735 d. 1809 var g. 1. g. m. Brita Olsdtr. Bolstad frå Evanger, f. 1737 d. 1799.
Born:
- 3 born d. små, dei andre var:
- Kari f. 1758 g. 1788 m. enkjemann Eirik N. Myster, sjå Myster bnr. 3.
- Olav f. 1759. Brukar på Kvamme bnr. 1.
- Ragnhild f. 1762 g.m. Olav N. Myster, sjå Myster husfolk.
- Knut f. 1764. Sjå husfolk.
- Nils f. 1768. Brukar på Stamnes bnr. 10.
- Anna f. 1770 g.m. Olav J. Hesjedal, sjå Hesjedal, Stamnes bnr. 1.
- Guri f. 1773. Haldor f. 1776. Brukar her.
Mons g. 2. g. m. enkje Torbjørg Olsdtr. Fjelle. Dei var barnlause. Torbjørg vart g. 3. g. m. Knut A. Vik bnr. 3.
1800 bygsla Haldor Monsson. Haldor f. 1776 d. 1826 var g.m. Ragnhild Jonsdtr. Hesjedal bnr. 1 f. 1769 d. 1830. Haldor var lagrettemann 1803. I skiftet etter han 1826 var bruttoen 54 spd. 2 ort 20 sk. Nettoen 28 spd. 3 sk. 2 eller 3 born d. små.
Dei som var med i skiftet var:
- Mons f. 1801. Brukar her.
- Jon f. 1805. Brukar i Toskedal bnr. 2.
- Johannes f. 1811. Sjå bnr. 1 Hesjedal, Stamnes.
1831 bygsla Mons Haldorsson. 1833 fekk han kongeskøyte på bruket for 250 spd. og årleg jordavgift 5 skjepper, 2 fjerdingkar bygg. Mons f. 1801 d. 1894 var g.m. syskinbarnet sitt Brita Nilsdtr. Stamnes bnr. 10 f. 1797 d. 1886.
Born:
- Haldor f. og d. 1829.
- Ragnhild f. 1831 g.m. neste brukar.
1851 skøyte til Nils Andersson for 150 spd. og kår til verforeldra. Nils var f. på Kvåstad bnr. 2 1825 d. 1909 og g.m. Ragnhild Monsdtr. f. her 1831 d. 1878.
Born:
- Mons f. 1852. Brukar her.
- Anna f. 1853 g.m. plassmann Knut Ulevik, Vik, Stamnes.
- Anders f. 1856. Sjå plasset Bakken, nedanfor.
- Brita f. 1859 g.m. Johannes Nåmdal frå Modalen, b. på Meland i Evanger.
- Sigrid f. 1863 g.m. David S. Bukkstein, sjå Bukkstein bnr. 2.
- Haldor f. 1865. Sjå plasset Bakken, Kvåstad.
- Nils f. 1869, skiferarb. Løno, Voss.
- Anna Malene f. 1874 g.m. John Fylingslid, b. U.S.A.
1886 skøyte til Mons Nilsson for kr. 800 og kår til faren, verdsett til kr. 400 for 5 år. Mons f. 1852 d. 1938 var g.m. Gjertrud Andersdtr. Fylingslid f. 1859 på plasset Fylehaugen, d. 1944.
Born:
- Ragnhild f. 1889 g.m. Anders Haldorson Øyo bnr. 1.
- Brita f. 1890 d. ug. 1946.
- Nils f. 1892. Brukar her.
- Anders f. 1896. Anleggsarb.
1930 skøyte til Nils Monsson for kr. 2000 og kår til foreldra. Nils f. 1892 er g.m. Anna Haldorsdtr. Øye bnr. 1 f. 1893. Dei er barnlause.
BRUK 3, HESJEDALSVASSDRAGET IV
Skyld 0,24 skm. Skilt frå bnr. 1 og 2 1917. 1913 tinglyst handgjeving til direktør F. Hiorth eller rettsetterfylgjarar på vassrettar i Hesjedalselva sitt vassdrag med innsjøar, bielvar, strandrett. Han fekk seinare skøyte og selde eigedomen til Den Norske Stat 1920.
BRUK 4, GRANLY
Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 1 1957 og selt til Georg Rød. Han er tekstilarb., på Dale i Bruvik. På eigedomen har han bygt hytte. Denne hytta bruker han som andre hytteeigarar mest til helgeturar i sumarhalvåret.
HUSMANNSPLASS
Bjørnebakken eller Bakken var plass under båe bruk. Fyrste festesetelen var tinglyst 1843, og den som då bygsla var Gulleik Jakobsson Toskheller f. 1812 d. 1899. Han var g.m. Brita Nilsdtr. Øyo bnr. 1 f. 1806 d. 1889. Bygselsummen var 12 spd., og det skulle svarast 12 dagsverk årleg. 1863 var det på plasset 1 mål middels god åker. Bøen var på 2 mål. 2/5 mål var god bø, resten var ring. Dei fekk 80 v. høy frå slåttene og avla 3 1/2 t. havre og 3 t. poteter. Fødnaden var 1 ku, 8 sauer. 1865 var sånaden 1/2 t. havre og 1/2 t. poteter. 1875 var sånaden 1 t. havre og 1 t. poteter. Fødnad: 1 ku, 2 sauer, 4 geiter.
Gulleik og Brita hadde ei dotter
- Anna, f. 1840 d. 1841.
Anders Nilsson var den siste plassmannen på Bakken. Han var smed og budde her til kring 1900, då han emigrerte til U.S.A. med huslyden sin og vart farmar. Anders f. 1856 på bnr. 2 var g.m. Brita Jonsdtr. Fylingslid frå plasset Geitånæ f. 1862.
3 born var fødde i Øyo:
- Ragnhild f. 1889.
- Jon f. 1893.
- Brita f. 1895.
HUSFOLK
Anna Askjelsdtr. f. på bnr. 2 og Olav Knutsson Kallestad fekk ei dotter, Anna, f. her 1725. Olav vart 1731 g.m. Maria Olavsdtr. Kallekleiv, Gjerstad, og busett der.
1757 vart Hans Matiasson Brørvik g.m. Brita Ingebrigtsdtr. f. på bnr. 2 1733. Kring 1760 flytte dei til Brørvik.
Knut Monsson f. 1764 vart 1789 g.m. Magdeli Olsdtr. Toskedal bnr. 2 f. 1766. Ho åtte ein part av dette bruket på 7 m. smør, 1 3/4 k. malt. Stykfar hennar gjekk hardt på for å få kjøpa denne parten. Om dette er det fortalt under Toskedal bnr. 2. Knut og Magdeli var ikkje huga å selja, men 1796 gav dei skøyte frå seg til Olav Sjursson Vaksdal for 50 rdl. Knut kalla seg Sagstad då skøytet vart utferda, og dei var då truleg busette anten på gardsnr. 91 i Fana eller gardsnr. 18-19 i Alversund.
Dei fekk ein son:
- Olav f. 1793, medan dei budde i Øyo.
Anders Haldorson var f. på bnr. 1 1768. 1787 fekk han og farsystra, Marta Andersdtr. f. på bnr. 1 1754, ein son, Anders. Barnet var f. på Dale der ei av systrene åt Marta var gift. Marta d. på barnseng, og det vart halde skifte etter henne. Lausøyret vart selt på auksjon for 32 rdl. 2 m. 6 sk., men der var store utlegg i buet, m.a. lægermålsbøter, utlegg til reivar, underhald for barnet osv. i alt 182 rdl. 5 m. 6 sk., slik at det vart 150 rdl. 3 sk. som ikkje kunne betalast. Gulleik Jakobsson på bnr. 1 var oppnemnd til formynder for vesle Anders. Anders Haldorson vart 1804 g.m. Kari Monsdtr. Takvam. Dei budde her til kring 1825, då dei busette seg på plasset Langeneset under Kalland.
Askjel Jonsson Hesjedal, st. bnr. 1 f. 1780 d. 1829 vart g. 1816 m. Marta Johannesdtr. Furnes bnr. 1 f. 1789. Dei budde ei stutt tid i Hesjedal før dei kom hit. Askjel d. før borna vart vaksne. Ved skiftet etter han 1829 var nettoen i buet 20 spd. 3 ort 1 sk.
Born:
- Johannes f. 1817. Paktar, bnr. 4 på Straume.
- Anna f. 1819 g.m. Johannes 0. Leiro.
- Jon f. 1821. Sjå Hesjedal, husfolk.
Einar Andersson Kvåstad f. 1837 og Ingeborg Haldorsdtr. f. på bnr. 1 1838 vart g. 1861. Dei var husfolk her.
Born:
- Anders f. 1861.
- Anna f. 1863.
© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org