Hesjedal, Stamnes
Frå Vaksdal Historielag
< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III
Gards og ættesoge for Hesjedal.
Innhaldsliste |
INNLEIING
Ligg på austsida av Eidsfjorden, 4 km nordaust for Kalland. Tunet ligg om lag 200 m.o.h. nord for Hesjedalsvatnet som ligg på 99 m høgd. Frå Hesjedalsvatnet renn ei elv i nordleg retning til eit mindre vatn, Midtvatnet (Vikavatnet). Ved utlaupet av dette vatnet fell Hesjedalsfossen ned i fjorden. Dette er den største fossen i heradet. Då vegen til Eidsland vart bygd, vart det frie fallet at fossen skipla. Ved Eidsfjorden hadde garden frå gamalt båtstøe og naust. Denne sjoarvegen har vorte mindre brukt etterat det kom veg sørover til Vikastoa. Vegen frå Vik vart påbyrja 1922 og er no ferdig til Hesjedal.
Om lægjet åt garden heiter det 1723: «ligger lit fra Søen og 5 Mile fra Bergen, lider skade ved fieldskreed og meget tungvunden.» 1863: «Omtr. 1/4 Miil frå Søen og derfrå 5 Miil til Bergen. Meniis omtr. 5 1/2 Mdr.».
Gardsnamnet vårt skrive: Hessedall 1563, 1610, 1611, Hessdal 1620, Hessiedal 1667, Hesjedal 1723. Bygdemålsuttalen er he’ssjedal. Det er 2 gardar i heradet med same namn. Den andre ligg på Osterøy. Båe stader skal det finnast hellestein ell. skifer, og Magnus Olsen meiner at namnet må tolkast ut frå dette. Førelekken skulle vera eit gamalt hokjønnsord esja, som tyder stein som lett let seg kløyva. Oluf Rygh meiner derimot at dette namnet har opphavet sitt i eit elvenamn.
Hesjedal grensar mot Myster i nord og aust, Stamnes i aust, Øyo og Vik i og Kalland mot vest. Mot nordvest er fjorden grense. Grensa mot grannegardane vart skriftfest og tinglyst ved minneleg utskifting 1835. Grensa mot Myster tek til ved ein bekk som munnar ut ved støa i Storneset. Grensa fylgjer bekken til ein bergnakke ovanfor Vommeglyfso, der det er ei fjellrust med innhogge X. I eit berg ved enden av Vommenova er innhogge eit olbogemerke. Herfrå går grensa til Flefjellet. Frå Flefjellet til eit berg på Midhjellnolten, og derfrå til ein stor stein i Rossehaugen. Frå Rossehaugen går grensa til Middagsskaret og fylgjer sidan sør etter fjellbruna til grensa mot Stamnes.
Grensa mot Stamnes, sjå Stamnes. Grensa mot Øyo, sjå Øyo. Grensa mot Vik, sjå Vik.
Garden var busett før vikingtida. Kring 1925 vart det grave på Stølen i ein haug 50 m nord for det gamle tunet. Det var ein fin, jamn og rund haug, om lag 2,5 m i tverrmål, laga av stein og jord. På toppen låg det ein stor stein, og da han vart flytt, fann dei ei grav med ymse reidskapar nedlagde. Der var m.a. vevskei og nokre tindar til linhekle, alt av jarn, eit snellehjul av stein til handtein og eit stykke av eit skiferbryne. Attmed den gamle gravhaugen er der 2 steinlagde ringar, den eine berre 1/2 m. ifrå. Sør for gravhaugen er det endå ein haug, som kanskje er kunstig, kanskje naturleg. Han er ikkje utgraven. På Tresåkråne 250-300 m nordvest for tunet fann dei ved dyrking ein rund jordhaug med steinlagd kant. Det er truleg og ein gravhaug, men der vart ikkje gjort noko funn. Haugen låg nedanfor den gamle sjoarvegen og var synleg frå den.
Svartedauden, som la øyde så mange gardar, ser ikkje ut til å ha ført til avbrot i busetjinga i Hesjedal. På 1500-talet og fyrst på 1600-talet var her berre ein brukar, men 1645 var her 2 brukarar, og dette brukartalet heldt seg til kring 1850. Dei to bruka hadde jamstor skyld. 1852 vart den eine helvta delt i to jamstore bruk. Sjå bnr. 1 og 2. Den andre helvta, som det er gjort greide for under bnr. 3, har ikkje vorte meir oppdelt. Segna seier at fyrste gongen garden vart delt, vart han skift mellom 2 systre. Den eine fekk det beste av bøen, og den andre det beste av skogen. Folket på garden meiner at den beste bøen vart liggjande under bnr. 1-2, og den beste skogen under bnr. 3. Ved den fyrste delinga vart bøen delt i 4 hovudteigar, 2 til kvar av brukarane. Men då det eine bruket vart delt på nytt 1852, vart dei to bøteigane, som høyrde til dette bruket, kvar delt i 8 teigar. Kring hundreårsskiftet vart det hadde offentleg utskifting. Denne utskiftinga var ferdig 1902, tinglyst 1903.
Før utskiftinga budde alle brukarane saman i eitt tun. Br. 3 har framleis husa sine ståande i det gamle tunet. Br. 1 er flytt noko lenger sør på innmarka, og bnr. 2 ligg mellom desse to tuna. Bruksnamna ser ut til å gå attende på tilhøvet i det gamle tunet. Br. 1 vert kalla «hjå dei borte», bnr. 3 «dei nere» og bnr. 2 «dei oppe».
Det eldste huset på garden er truleg gamlestova på bnr. 3, ein lang bygning med 4 rom etter einannan. Lengst mot nord i huset ligg ei stor stove som vart bruka til kårstove, så kjem ei svol med skorstein, deretter endå ei stove, og lengst sør ei bu med lem. Huset er, som alle dei andre husa på bnr. 3 og elles mange av husa i Hesjedal, tekt med never og torv. Stovehuset åt bnr. 1 i det gamle tunet var tredelt. I midten var «døræ» med ei stove på kvar side, Vetlestova og Storstova. Attmed Vetlestova var det ei svol. I «døræ» var open skorstein, og i båe stovene omnar. Frå « døræ » var det utgang til sider av huset. På nedsida var der ei tropp. Døra på oppsida var delt i to. Over stova var det lem med ei luke ned til stova. På denne lemmen hadde borna sengene sine. Over døra var det ein utelem.
1863 var det på heile garden 12 mål åker. 8 mål var god åker, 2/3 mål var middels god, og resten var ring. Wien var om lag 61 mål. 17 mål god bø, 12 1/5 mål middels god, 28 4/5 mål ring bø. Den fyrste som tok til å pløya åkrane var visstnok Magne Knutsson, brukar på bnr. 3 frå 1879.
I utmarka er beitet sams, men skogen delt, så nær som eit par mindre teigar. Der er 4 hopaeigar. Den synste, Stigabrekksteigen, som ligg imot Vik, eig alle tre i lag. Kupeteigen er også hopaskog til alle tre bruk. Bukkatoberget og Nordreliæ eig bnr. 1 og 2 i lag. Br. 1 har 7 skogteigar, bnr. 2 har 6 og bnr. 3 visstnok òg 6. Hesjedalsberget eig alle tre i lag. Denne teigen går frå Hesjastoæ ved sjøen og til merket mot Myster. Av hopaslåtter var der ei i Storeneset. Ho høyrde til bnr. 2 og 3. Slåtta var kalla Neset, og låg i hopateigen i Hesjedalsberget. Elles låg slåttene ofte i annan manns skogteig. Kvart bruk hadde fleire utløer. Br. 1 hadde utløer i Kupehjedlen, Botnen, Midhjellskaret og ei i Hadlet ved vatnet. I hopeslåtta i Neset hadde bnr. 2 og 3 løe i lag. Dei delte høyet når dei skulle føra det heim. I sume slåtter var der ikkje løer. Dei kalla dei heimberingsslåtter, og då brukte dei ofta å rodda høyet. Husmannen i Mikjelshaugen hadde 2 utløer, og han brukte å stekkja ein del av høyet. 1863 vart det oppgjeve at dei fekk 362 våger høy frå slåttene.
Skogen er det nemnt lite om i kjeldene frå 1600-talet. 1661 heiter det: «Jngen Lunder uden hieme-brende.» 1723 var her litt fureskog og elles vedskog til eige bruk. Noko av landskylda ser frå gamalt ut til å ha vore svara i never. 1648 er landskylda t.d. 1/2 laup smør, 3 våger never. 1863 var her skog nok til ved, hustømmer og til husbruk. På bnr. 1 selde dei ved for 1 spd. årleg, likeeins på bnr. 2, men på bnr. 3 selde dei ved og tømmer for 9 spd. netto årleg. Om beitet heiter det 1864: «Hjemmehavn ved Gaarden of god Beskaffenhed. Ogsaa Sæterhavn 1/2 Miil borte tilsammen fuldt tilstrækkelig.» På Hesjedalssætret støla alle 3 bruk til kring 1950. Kvart bruk hadde sitt sæterhus. Den gamle løysingsdagen var 16. mai. Kyrne gjekk fyrst 4-5 veker i heimehagen, sidan 14 dags tid i Kupena, Sørebotn og Norebotn. Så flytte dei til fjellstølen, og sidan om hausten attende, fyrst til Kupena og til slutt i heimehågen. Den gamle sådagen var 3. mai.
Ingebrigt, som var brukar her i siste halvpart av 1600-talet, vart stemnd til tings 1685 fordi han skaut om helgedagane og på andre måtar forbraut seg mot jaktlova. Mons Askjelson på bnr. 3 f. 1730 d. 1806, var ein veidemann som det går segn om den dag i dag. På tinget 1752 viste han fram skinn av ein gamal bjørn som han sjølv hadde skote ved Mikkeli tid same år i Hesjedals utmark. Grannen Jakob Gulleikson Kalland var med som vitne.
I åra før og etter 1900 var her mykje vilt i Storfjellet og andre fjell her i kring. I 1890-åra kom dei nye haglgeværa i bruk. Det var bakladningsgevær, i staden for dei gamle munnladningsgeværa. Det førde til at det vart skote mykje rjupe og orrfugl, ofte mellom 20 og 30 for dagen av kvar jeger. Det var eit fagert syn når folk om haustdagane var til fjells og såg dei store flokkane med rjupe. Her er eit par reveomnar til fangst av raudrev.
Sjøfiske etter laks vert drive i Eidsfjorden. Lakserettane i fjorden har brukarane leigt vekk. No er det ikkje fiske etter laks på garden.
Ei flaumkvern høyrde til garden 1723. I manns minne har dei hatt kvernhus på Osen på Kallands eigedom. Der var det stendig vatn som ikkje fraus, og det kom folk heilt frå Mundal i Osterfjorden for å mala der. I kvernhuset var det innskore namn på folk som mol der. Sag har dei hatt ved Hesjedalsfossen. Den fyrste saga, ei sirkelsag, vart bygd ved fossen kring 1870 av Anders J. Stamneshagen. Denne saga var i drift til fram imot 1920. Folk lenger ute or fjorden, m.a. frå Grøsvik, kom hit for å saga tømmeret sitt.
I Neset, ved merket mot Myster nedved fjorden, låg der eit gamalt husmannsplass. Tufter etter husa syner enno i Seljehola, men det er ikkje opplysningar om kven som budde der. 1835 vart det teke opp eit husmannsplass i utmarka. Plasset vart kalla Mikkjelshaugen eller Haugen, og det budde folk der til om lag 1900. Då fall plasset attende til garden, og brukarane har delt det mellom seg og har slåtter der.
Kvernhuset var Sams for alle 3 bruk. Takningsrota: Vik, Øyo, Hesjedal, Kalland, Stamnes og Brørvik. Gravarrota: Vik, Øyo, Hesjedal. Kanskje var Straume og med før.
SKYLD OG UTREIDSLER m.m.
Gamalt matr. nr. 14 i Hosanger skipreide. Nytt 1838: 15. 1853: 155 i Haus tinglag. 1886 til 1964 gnr. 51 i Bruvik. Landskyld 1590-91: 1 varelaup. 1626: 1/2 laup smør., 1 mæle malt. 1648: 1/2 laup smør, 3 våger never. 1655: 1/2 laup smør. Ved matrikuleringa 1665 vart landskylda pålagd til 3 pund (48 merker) smør, men 1718 vart ho ved ny matrikulering redusert til 1/2 laup smør. 1838: 3 dalar 1 ort 2 sk. 1886: 6,30 skm. Leidang 1590-91: 1 geitskinn. Fredtoll kvart 4. år. Husdyrskatt 1657: 12 1/2 m. (?). 1665: leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar: 1/2 rdl. 4 sk. Småtiend: 6 sk. 2 huid. Kandtiend: 3 mælar. Folketal 1801: 16. 1875: 31. Fødnad 1657: 1 hest, 2 oksar, 12 kyr, 2 kviger, 21 geiter, 18 sauer. 1723: 10 kyr, 4 ungfe, 24 småfe, 2 hestar. 1863: 1 hest, 20 kyr, 6 ungfe, 83 småfe. 1875: 1 hest, 20 kyr, 6 ungfe, 74 sauer, 23 geiter. Sånad 1665: 3 1/2, t. korn. Avling 7 1/2 t. 1723: 4 t. havre. Avling 12 t. 1863: 8 t. havre, 7 t. poteter. Avling: 34 t. havre, 30 t. poteter. 1936 våger høy, 238 våger halm. 362 våger høy i slåttene. Eksaminasjonsprotokollen 1723: Hesjedal 2 Mind, landskyld 1/2 løb Smør, Opsidderen Joen ejer helften og Askild 1/4 deel resten umyndige og hver med bøxel. Jngen Huusmands Pladser. Sætter 3/4 Miil fra Gaarden lit furreskoug og Brendeveed til fornødenhed. 1 flomqværn. ligger lit fra Søen og 5 Mile fra Bergen, lider skade ved fieldskreed og meget tungvunden. Saar havre 4 t. Afler 12 t. 10 Kiør 4 Ungnød 24 faar 2 Hester. Taxt efter gl. Matricul. 2 pd. 12 m. S. Forhøyet 6 m. S. lever of Qvægets avling og lit Brendeveed at selge.
1959 hadde garden 132 mål innmark, og fødnaden var 4 kyr, 5 ungfe, 33 sauer, 1 svin.
EIGARAR
Munkeliv kloster må hå ått garden i mellomalderen. Hesjedal er ikkje nemnd i mellomalderkjelder, og fyrste gongen ein finn Munkeliv oppført som eigar er i 1626, då klostergodset var gått over til å vera ein stiftelse under kruna. Utover på 1600-talet er Munkeliv fleire gonger oppførd som eigar, såleis 1666: «Muncheliff Gotz beholden, Jngen Lunder uden hieme brende.» Kring 1670 kom garden på private hender og magister Arnoldus de Fine kjøpte Hesjedal, Myster, Leiro, Eikefet, Eikemo og ein heil del andre gardar i Hosanger, på Voss, i Eikanger og andre skipreider i Hordaland. Arvingane hans står oppførde som eigarar 1676. 1692 var det Søren de Fine som åtte garden, og 1694 Maren Sørensdtr. Stutt tid etterpå vart det gjeve skøyte til brukåren, som er oppførd som sjølveigar år 1700.
BRUKARAR
1563 finn me brukaren Nils. 1590-91 heitte brukaren Boeld.
1603 var Knut brukar.
1611 finn me fyrste gongen nemnd brukaren Eirik, som er å finna fleire gonger i skattelistene fram til 1630-31. Det året står han oppførd som husmann (truleg i tydinga kårmann), er forarma og kan ikkje betala skatt. Garden vart då truleg overteken av sonen Anders f. om lag 1604.
1645 hadde Anders fått ein annan brukar attåt seg (sjå nedanfor). I hushaldet åt Anders var der då kona Helga og tenestedrengen Mons. Fødnaden var 1657: 1 okse, 6 kyr, 1 ungfe, 12 geiter og 12 sauer.
Born:
- Eirik f. 1652.
- Johannes f. 1655.
- Mons f. 1658.
Haldor Halsteinson var den andre brukaren 1645. Kona heitte Brita.
Dei hadde to søner:
- Mons f. 1624. Han var flytt bort frå sokna 1665.
- Halstein f. 1634. Brukar her.
Halstein Haldorson fekk bruket etter faren. 1657 fødde han 1 hest, 1 okse, 6 kyr, 1 ungfe, 9 geiter og 6 sauer. På sine gamle dagar flytte han til Leiro, der han døydde 1716.
Born:
- Ivar f. 1665.
- Kari d. 1696.
- Brita d. 1696.
- Madli g. 1705 m. Nils Johannesson Bergstad.
- Marta, sjå nedanfor.
- Madli g. 1716 m. Olav Nilsson Fjellang, Eksingedalen.
Marta Halsteinsdtr. Hesjedal og Olav Magneson Hanstveit, Hosanger, fekk ein son Haldor f. 1682. Han vart oppfostra hjå lensmannsfolket på Hanstveit og busette seg på Fotland.
1664 var her to husmenn. Anders Eiriksson, 32 år gamal og Mons Haldorson 40 år gamal. 1666 finn me berre nemnt Anders og sønene Johannes, 11 år, og Mons, 8 år.
Det er vandt å påvisa noko skyldskap mellom desse fyrste brukarane og dei som kom seinare. Bruksdelinga med to jamstore bruk vart halden ved lag, og brukarane etter 1690 let det seg gjera å heimfesta under dei einskilde bruk.
BRUK 1.
Daglegnamn: «Hjå dei borte». Gamal l.nr. 30, 1852: 30 a. Nytt l.nr. 580. Gamal skyld: 30 merker smør. Etter 1852: 15 merker smør. 1838 ny skyld: 1 dalar 3 ort 1 sk. 1852: 4 ort. 1886: 1,57 skm. 1956: 1,46 skm. 1863: 3 mål åker, av det 2 mål god, 1/5 mål middels, 4/5 mål ring åker. 15 1/4 mål bø. Av det 4 1/4 mål god, 3 4/5 mål middels, 7 1/2 mål ring. Sånad: 2 t. havre, 2 t. poteter. Avling: 9 t. havre, 8 t. poteter. 527 våger høy, 63 våger halm. I slåttene 96 våger høy. Lyng og beit for 1 ungfe. Fødnad: 6 kyr, 1 ungfe, 24 småfe. Kan selja ved for 1 spd. årleg netto. 1865: 5 storfe, 20 Sauer, 2 geiter. Sånad: 3 t. havre, 2 t. poteter.
Jon Johannesson var den fyrste kjende brukaren på dette bruket. Han var f. om lag 1648 d. 1733, og er nemnd som brukar fyrste gong 1694. I manntalet 1711 er han kalla Jon Knutsson. 1699 fekk Jon skøyte på 18 merker smør i Hesjedal, dvs. heile bnr. 1.
Ved skiftet etter kona åt Jon, Mildrid Johannesdtr. d. 1712 52 år gamal var jordegodset i Hesjedal 1 laup smør verdsett til 30 rdl. Bruttosummen i buet var 130 rdl. 3 ort 6 sk., og nettoen 121 rdl. 1 ort 12 sk. Av lausøyre var der mykje sylv, m.a. eit sylvbelte verdsett til vel 9 rdl., 1 sylvkjede med hengesmykke 2 rdl., 1 stor sylvkjel (?) verdsett til 4 rdl., ein mindre og nyare til 3 rdl. 3 ort, og eit sylvspenne til 1 rdl. Jordegodset vart skift mellom Jon og borna frå fyrste ekteskap. I matr. 1718 eig Jon 18 m. smør og borna like mykje.
Born:
- Anders g. 1714 m. Marta Johannesdtr. Dale.
- Ingeborg f. 1685 g. 1717 m. Knut Larsson Straume, sjå Straume bnr. 5.
- Anna f. 1686 g.m. Askjel Nilsson bnr. 3. Magdeli. Helga f. 1696, sjå husfolk.
- Marie f. 1699 g.m. Matias Olsson Brørvik.
- Marta g.m. Mons Ørjanson Vaksdal, busett i Lindås.
Jon g. 2. g. 1715 m. Anna Olsdtr. d. 1726 35 år gamal.
Born:
- Johannes f. og d. 1717.
- Anna f. 1717 d. 1724.
- Johannes f. 1719. Brukar her.
- Brita f. 1722 g.m. Nils L. Veo, sjå Veo bnr. 1.
- Johannes f. og d. 1724.
- Olav f. 1725.
1743 skøyte til Johannes Jonsson på 10 m. smør for 16 rdl. 4 m. frå Matias Brørvik, Mons Tveiten, Mons Askjelson, Knut Olsson, Brita Olsdtr., Jakob Knutsson og Brita Jonsdtr. Johannes hadde då truleg vore brukar ei tid og truleg fått utlagt noko av garden i skiftet etter faren. Johannes f. 1719 bleiv på ei ferd til Bergen 1771. Han var g. 1738 m. Anna Olsdtr. Eide bnr. 1 f. 1713 d. 1781. Johannes var medhjelpar for presten i Stamnes. 1770 fekk han skøyte hjå Ivar Larsson Eide på 18 m. smør, 6 k. malt, og hjå Nils Nilsson Revheim på 6 m. smør, 2 k. malt i garden Eide. Dette jordegodset selde enkja Anna m.fl. 1775 til Ivar Larsson Eide. I skiftet etter Anna var nettoen i buet 66 rdl. 8 sk.
Born:
- Olav f. og d. 1739.
- Jon f. 1741. Brukar her.
- Olav f. 1743. Busett i i Toskedal på bnr. 2.
- Anna f. 1745 g.m. Gulleik Dale, Herdla.
- Kari f. og d. 1747.
- Askjel f. 1751 d. 1772.
- Helga f. 1755 g.m. Eirik Nilsson Myster, sjå Myster bnr. 3.
- Johannes f. 1757, sjå Stamnes bnr. 10.
1772 skøyte til Jon Johannesson på 18 m. smør frå enkja Anna Olsdtr. m.fl. Vilkårsbrev til Anna Olsdtr. vårt tinglyst samstundes med skøytet. Same året var skiftet etter faren Johannes tinglyst. Enkja, Anna, fekk halve jordegodset, resten vart skift mellom borna.
- Sonen Askjel døydde dette året, og hans arvelut vart skift mellom mora og syskena.
- Jon f. 1741 d. 1817 ved drukningsulukke i eit vatn, var g. 1766 m. Anna Olsdtr. Bolstad d. 1810.
1785 vart Jon innsett som medhjelpar for presten i Stamnes.
Born:
- Anna f. 1767 g.m. Johannes J. Straume, sjå Straume bnr. 1.
- Ragnhild f. 1769 g.m. Haldor Monsson Øyo,sjå Øyo bnr. 2.
- Olav f. 1771. Brukar her.
- Johannes f. 1773 g. 1820 m. Synnøve Johannesdtr. Kvåstad.
- Ingeborg f. 1775 g.m. Matias Straume, sjå Straume bnr. 6.
- Brita f. 1778 g. 1810 m. Olav Monsson Furenes.
- Askjel f. 1780.
1799 skøyte til Olav Jonsson på 18 m. Kårbrev til faren vart tinglyst samstundes med skøytet. Olav f. 1771 g. 1799 m. Anna Monsdtr. Øyo f. 1770 d. 1853.
Born:
- Johannes f. 1800.
- Jon f. 1801. Brukar her.
- Mons f. 1803. Brukar her.
- Olav f. 1805. Spelemann (?).
- Jakob f. 1807 g.m. Ingeborg T. Straume bnr. 6. Busett i U.S.A.
- Askjel f. 1809. Sjå pl. Mikkjelshaugen.
- Jon f. 1811.
1827 skøyte til Jon Olsson for 100 spd. og kår til foreldra.
1847 vart garden pantsett til overformynderiet for 500 spd. Same året selde Jon garden til broren Mons Olsson og Johannes Haldorson Øyo for 800 spd. Dei delte bruket mellom seg ved delings- og skyldsetjingsforretning, tinglyst 1852. Om parten åt Mons, sjå under bnr. 2.
Johannes Haldorson var fyrste brukaren på dette bruket etter at bnr. 2 var skilt frå. Johannes f. i Øyo 1811 d. 1878 var g. 1. g. 1847 m. enkje Anna Magnesdtr. Eikefet f. i Hesjedal bnr. 3 1817 d. 1856. Johannes var smed, og det var han som smidde boltar og beslag til Stamnes kyrkja.
Born:
- Ragnhild f. 1849 g.m. neste brukar.
- Brita f. 1850.
- Askjel f. og d. 1853.
- Kari f. 1854 d. 1855.
- Haldor f. 1855.
- Halstein f. 1856.
Johannes g. 2. g. 1858 m. Marta Jonsdtr. Straume bnr. 5 f. 1817 d. 1886. Ikkje born.
1880 skøyte til verson Anders Olsson Myster for kr. 600,— og kår, verdsett til kr. 390,— i 5 år. Anders Myster bnr. 1 f. 1846 d. 1880 ved ulukke. Han vart drepen av ein stein som fall ned frå fjellet. Enkja, Ragnhild Johannesdtr. f. på dette bruket 1849, d. 1914, fekk kår av bruket.
Born:
- Andrea f. 1880 g. 1917 m. gardsdreng Johannes J. Eide. Han var truleg f. på bnr. 2 1869, og vart kalla Store-Johans.
Andrea døydde i barnseng, og Johannes gifte seg ikkje oppatt, så denne slekta gjekk ut.
1880 skøyte til Brynjulv Brynjulvson for kr. 1800,— og kår. Brynjulv f. 1853 d. 1946 var frå Almelines i Modalen, g.m. Maria Olsdtr. Farestveit d. 1937. Brynjulv og Maria heldt oppe sambandet med Modalen, der dei hadde mesteparten av folket. Dei rodde ofte til Mo kyrkje, serleg i pinsehelga då det var brurevigsler.
Born:
- Ole f. 1885 d. 1917.
- Brita f. 1887. B. her.
- Ingvald Bertin f. 1888. Brukar her.
- Inga f. 1890 d. 1917.
- Anders f. 1891, farmar i Canada.
- Marie f. 1894 d. 1921.
1939 skøyte til Ingvald Brynjulvson for kr. 1000,— og rett til husvære for systra Brita. Før Ingvald overtok garden var han skomakar på Vaksdal om lag 20 år.
1958 skøyte til Knut K. Hesjedal på bnr. 3. Dei to bruka er slegne saman til eitt. Ingvald heldt husa på garden og tunet utanfor ved salet, sjå bnr. 12.
BRUK 2.
Skilt frå bnr. 1 1852. Gamal skyld 15 m. smør. Ny skyld 4 ort 1 sk. L.nr. 581. Skyld 1886: 1,57 skm. 1956: 1,46 skm. 1863: åkervidd engvidd og avling som bnr. 1. Fødnad: 6 kyr, 1 ungfe, 24 småfe. Kan selja ved for 1 spd. årleg netto. 1865: 5 storfe, 27 sauer, 1 svin. Sånad 2 1/2 t. havre, 2 1/2 t. poteter. 1875: 5 kyr, 1 ungfe, 19 sauer, 10 geiter, 1 svin. Sånad: 3 t. havre, 3 t. poteter. 1956: jordvidd 63 må]. innmark. Fødnad: 3 kyr, 1 hest, 8 sauer, 1 gris. Folketal: 7.
1959 hadde bruket 33 mål innmark, og fødnaden var 1 ku.
Mons Olsson var fyrste brukaren her. Han var f. på bnr. 1 1803 d. 1878, g.m. Magdeli Knutsdtr. Sagstad, Meland, f. 1803 d. 1896. Dei var fyrst paktarfolk på Myster nokre r og kom så til Hesjedal, der dei 1835 fekk festesetel på plasset Mikkjelshaugen.
Born:
- Olav f. 1827. Brukar her.
- Anna f. 1829. Sjå Stamnes bnr. 70.
- Ingeborg f. 1830 g. 1855 m. Brynild P. Høvik, U.S.A.
- Magdeli f. 1832 b. i U.S.A.
- Knut f. 1837 b. i U.S.A.
- Brita f. 1837 d. 1895.
- Kari f. 1849 b. U.S.A.
- 4 born døydde før dei vart vaksne.
1865 skøyte til Olav Monsson for 250 spd. og kår til foreldra verdsett til 167 spd. for 5 år. Olav selde bruket få år etter og emigrerte til U.S.A.
1867 skøyte til Knut Nilsson for 400 spd. og kår til Mons Olsson og kona. Knut Nilsson var f. på Myster bnr. 1 1843 d. 1881, g. 1864 m. Gunhild Jonsdtr. Grøsvik bnr. 1 f. 1836 d. 1920.
Born:
- Kari f. 1864 g.m. Johannes J. Myster, sjå Myster bnr. 4.
- Guri f. 1866 g. 1894 m. Martinus Johannesson Myster, b. i U.S.A.
- Jon 1875-1876.
- Knut f. 1875.
- Marie f. 1877 g.m. Johannes A. Straume, sjå Myster bnr. 6.
- 3 born døydde små.
1882 skøyte til Johannes Olsson for kr. 16.000,— og kår. Enkja etter den førre brukaren, Gunhild Jonsdtr., skulle ha kår når Magdeli Knutsdtr. var død. Johannes Olsson var frå Vetle-Aurdal, f. 1846 d. 1915. G.m. Brita Nilsdtr. Vike, Hosanger. Hennar far var Nils Knutsson Vik, St., bnr. 3 f. 1800, g. 1835 m. Gunhild Monsdtr. Berget, Stamneshagen, f. 1813 (sjå Stamnes, bnr. 11).
Born:
- Ole f. 1883. Brukar her.
- Brita f. 1886 g.m. Jon Larsson Leiro bnr. 2, Espeland, Haus.
- Nils f. 1887, mylnearb. Vaksdal,g.m. Synneva Straume bnr. 6.
- Mons f. 1890, murar Bergen, g.m. Ingrid Boge, Guddal, Sunnfj.
- Guline f. 1893, g.m. undermylnar Peder Samuelsen, Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
- Marie f. 1895 g.m. gartnar Asle Ålrust, Hemsedal, b. Asker.
- Anna f. 1898 g.m. mylnearb. Hjalmar Rongved, Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
1916 skøyte til Ole Johannesson for kr. 4000,— og kår til mora. Ole f. 1883 var snikkar og hadde tidlegare arbeidt ved Vaksdal Mølle. Han var g.m.Oline Bertine Johannesdtr. Aas, f. 1885. Ho var frå Stamnes, sjå bnr. 23.
Born:
- Johannes f. 1906 d. 1907.
- Berta f. 1907 g.m. Alfred Skar, Samnanger.
- Johannes f. 1908. Brukar her.
- Gjermund f. 1910. Vegarb. Børve i Hardanger, g.m. Ingeborg Monsdtr. Straume.
- Marie f. 1911 g.m.montør Nils Holme, Hjelmås.
- Knut f. 1913, anl.arb. Lofthus, Hardanger, g.m. Jorunn Olsdtr. Neset frå Eksingedalen.
- Olav f. 19**,anl.arb. b. her. Fall i krigen i Valdres 1940.
- Leif Ingemar f. 19**,handelsmann, Voss, g.m. Kristi Børve.
- Malmfrid Olufine f. 19**,g.m. kontrollør Ingebrigt Rykke, Øystese.
- Inger Johanne f. 19**, g.m. fartymann Ingvald Jonsson Myster, sjå Vik, Stamnes bnr. 19.
- Gunnar Arnljot f. 19**, snikkar, Arnatveit, g.m. Selma Eikenes, Strandebarm.
- Bergljot f. 19**, g.m. fabr.arb. Håkon Uthaug, Ytre Arne.
- Ruth f. 19**, g.m. fartymann Konrad Hagen, sjå Stamnes bnr. 56.
- Aslaug f. 19**, g.m. Trygve Tøsse, Stamnes.
1954 skøyte til Johannes Olsson for kr. 2500,— og kår til foreldra. Johannes er f. på dette bnr. 1908, g.m. Marta Monsdtr. Straume bnr. 6 f. 1909.
Born:
- Oddbjørn f. 19** g.m. Margot Leiren, sjå Stamnes bnr. 52.
- Magne f. 19**.
- Asle f. 19**.
- Terje f. 19**.
- Arnhild f. 19**.
BRUK 3.
Gamalt løpenr. 31. Nytt 1853: 582. Gamal skyld: 1 pund 6 m. smør. Ny skyld 1838: 1 dalar 3 ort 1 sk. 1886: 3,16 skm. 1956: 2,91 skm. 1863: om lag 6 mål åker, 4 mål god, 1/3 mål middels, resten ring. Om lag 30 1/2 mål bø, av det var 8 1/2 mål god, 4 3/5 mål middels, resten ring. Sånad: 4 t. havre, 3 t. poteter. Avling: 6 t. havre, 14 t. poteter, 882 våger høy, 112 våger halm. I slåttene 170 våger høy. Lyng, beit og skav til 1 kufôr. Fødnad: 1 hest, 8 kyr, 4 ungfe, 35 småfe. Kan selja ved og tømmer for 9 spd. netto årleg. Ikkje dyrkingsjord, tungdrive og noko skinnlendt. 1865: sånad 4 t. havre, 4 t. poteter. Fødnad: 1 hest, 11 storfe, 35 småfe. 1875: fødnad: 1 hest, 8 kyr, 3 ungfe, 28 småfe. Sånad: 4 t. havre, 3 t. poteter. Daglegnamn: «dei nere». 1956 om lag 60 mål innmark. Fødnad: 4 kyr, 3 ungfe, 1 hest, 10 sauer.
1959 hadde bruket 99 mål innmark, og fødnaden var 3 kyr, 5 ungfe, 33 sauer, 1 svin. (Br. 1 og 3 var då slegne saman.)
Ingebrigt var den fyrste kjende brukaren på dette bruket. 1692 finn me han i futerekneskapen, men han hadde då truleg vore brukar ei tid. 1685 var han stemd til tings, fordi han skaut om helgedagane og elles veida ulovleg. 1694 var Ingebrigt død, og enkja var då brukar.
Born:
- Berete (Brita) f. 1662 (1672) g.1694 m. Knut P. Stamnes, brukar på Dale, bnr. 21, Norsajorda.
- Ivar f. 1670, b. på Fotland, Hosanger 1697.
- Marta g. 1. g.m. Knut Nilsson Dale. Sjå Myster bnr. 4.
- Ågota g. 1720 m. Sjur Johannesson ell. Brynjulvson Haugen.
- Marie f. 1684 g. 1722 m. Olav J. Eide, sjå Eide bnr. 1.
- Johannes f. 1691. Brukar på Helle bnr. 7.
- Olav f. 1693.
- Ågota — sjå nedanfor.
Johannes Johannesson f. 1668 var brukar her 1701 og 1718. Han d. 1720. Han var truleg g.m. enkja etter den førre brukar.
Born:
- Ingebrigt f. 1697.
1722 vart Askjel Nilsson Helland f. ca. 1694, g.m. Anna Jonsdtr. Hesjedal bnr. 1. f. 1686, d. 1726. Anna hadde ervt noko av garden, og ho og mannen overtok truleg dette bruket då det vart bygselledig. Anna og Askjel hadde 3 søner, men ingen av dei levde opp.
Askjel g. 2. g. 1730 m. Ågota Ingebrigtsdtr. f. på dette bruket, d. 1734.
Dei hadde ein son:
- Mons f. 1730, som vart brukar her.
Askjel g. 3. g. 1734 m. Anna Gulleiksdtr.
Dei hadde sonen:
- Haldor f. 1734.
Askjel og Anna d. båe 1738. Askjel var då 44 år gl. Sonen Mons ervde i lausøyre 61 rdl. 5 m. 7 sk., og i jordegods 10 rdl. 5 sk.
1752 skøyte til Mons Askjelsson Hesjedal frå Matias Brørvik og Knut Johannesson Sædalen på 6 m. smør for 10 rdl. Kjøparen åtte frå før 12 m. smør i garden, og åtte no i alt 18 m. Mons f. 1730 d. 1806 var g. 1. g.m. Kari Andersdtr. Myster bnr. 4 f. 1730 d. 1767. Mons var ein kjend veidemann, som det går segn om enno. Sjå framanfor under veiding. Mons og Kari hadde fleire born, men i skiftet etter mora 1786 er berre oppført 2 søner, som kvar ervde 22 rdl. 3 m. 4 sk.
Det var:
- Anders f. 1764. Brukar her.
- Askjel f. år ukjent.
Mons g. 2. g. 1771 m. brordotter åt fyrste kona, Brita Magnesdtr. Myster bnr. 4 f. 1747 d. 1807.
Born:
- 2 søner d. små.
- Kari f. 1773.
- Kari f. 1776.
- Magne f. 1779. Brukar her.
- Ingebrigt f. 1780. Brukar i Vik, Stamnes bnr. 1.
- Anna f. 1784 d. 1848 ug.
- Anders f. 1788 d. 1856.
1796 skøyte til Anders Monsson på 9 m. smør. Samstundes vart tinglyst eit vilkårbrev til stykkmora Brita Magnesdtr. på noko kår av denne parten. Med i dette skøytet var ein part på 1 4/5 m. smør, som Mons Askjelsson hadde ervt etter dottera Anna Monsdtr. ved delebrev 1796. Anna levde truleg då mora døydde, og var med og ervde henne. Anna var f. 1762 og d. 1784. 1800 fekk Anders skøyte på resten av bruket, 9 m. smør.
Anders f. 1764 d. 1812 var g. 1803 m. Herborg Olsdtr. Eide bnr. 1 f. 1751 d. 1845. Dei var barnlause.
Ved skiftet etter Anders 1812 var jordegodset verdsett til 100 rdl. og krøtera til 175 rdl. Midlane i buet var i alt 470 rdl. 5 ort, og der var ikkje gjeld.
Enkja ervde helvta, og dei 3 halvsyskina, Magne, Anders og Anna skifte hi helvta mellom seg. Brørne avgjorde at systra skulle få lik arvelut med dei.
1812 skøyte til Magne Monsson frå enkja Herborg Olsdtr. på 9 m. smør, broren Anders på 3 m., og systra Anna på 3 m. smør. Magne hadde sjølv ervt 3 m. og åtte no heile bruket. Kårbrev til Herborg Olsdtr. vart tinglese same året. Kjøpesum 83 rdl. 2 m. Kåret var verdsett til 44 rdl. årleg. Magne f. 1779 d. 1839 var g. 1810 m. Kari Knutsdtr. Vik, St., bnr. 3 f. 1787 d. 1846.
Born:
- Brita f. 1811 g.m. Olav Andersson Myster, sjå Myster bnr. 1.
- Knut f. 1813. Brukar her.
- Mons f. 1815, b. i Simenes.
- Anna f. 1817 g.m. Askjel Johannesson på pl. Fethagen under Eikefet. Sjå elles bnr. 1.
- Herborg f. 1819.
- Anders 1821-1882 emigrerte til USA i 1850. G.m. Anna Knutsdatter. Dei hadde 7 born.
- Kari f. 1823 g.m. Olav Monsson Vik, sjå Vik, Stamnes bnr. 1.
- Brita f. 1825 g.m. Anders R. Eikemo, Sjå Eikemo brukarar
- Ingebrigt f. 1829 d. 1879 ug. Ved skifte etter Kari 1846 var nettoen i buet 86 spd. 2 ort 4 sk.
1838 skøyte til Knut Magneson for 100 spd. og kår til foreldra. Knut f. 1813 d. 1883 var g. 1840 m. Ragnhild Monsdtr. Vik, St., bnr. 1 f. 1818 d. 1884. Knut var ein av dei som skreiv under kontrakta då Stamneskyrkja skulle byggjast.
Born:
- Kari f. 1840.
- Kari f. 1841 d. 1914.
- Marta f. 1841. Sjå. husfolk.
- Magne f. 1843 d. 1844.
- Brita f. 1844.
- Mons f. og d. 1846.
- Marie f. 1847 g.m. Besse Ingebrigtson Stamnes, sjå Stamnes bnr. 7.
- Anna f. 1850 g.m. Ole Larsson Kallestad, sjå Kallestad bnr. 1.
- Magne f. 1852. Brukar her.
- Ragnhild f. 1855 g.m. Nils E. Myster, sjå Stamnes bnr. 8.
- Mons f. 1859. Sjå husfolk.
- Knut f. 1863. Emigrerte til U.S.A. 1884.
1879 skøyte til Magne Knutsson for kr. 2000,- og kår til foreldra. Magne f. 1852 d. 1941 vart g. 1874 m. Marie Nilsdtr. Dalseid bnr. 1 f. 1852 d. 1929.
Born:
- Knut f. 1875. Brukar her.
- Ragnhild f. 1877 d. 1887.
- Nils f. 1878 d. ca. 1952, busett i U.S.A.
- Nils f. 1879.
- Ingebrigt f. 1881, anleggsarb., busett Dale, g.m. Ragnhild Olsdtr. Kallestad bnr. 1.
- Anna f. 1883, g. 1906 m. lærar Olav N. Høvik, Riple i Fana.
- Magne f. 1885, snikkar, busett i U.S.A. frå 1907.
- Johannes f. 1887, farmar i Canada, emigrerte 1908.
- Mons f. 1890, snikkar, emigrerte til U.S.A. Sjå Stamnes bnr. 12.
- Jon f. 1892 d. 1956, fabrikkarb. Høyanger, g.m. Nilla Ekerhovd frå Fjell.
Magne Knutsson var mykje med i off. arbeid. Han sat i heradstyret 1882-1906, var lenge utskiftingsmann, var lagrettemann, skjøns- og meddomsmann og hadde ei rekkje andre tillitsverv.
1919 skøyte til Knut Magneson for kr. 4500,- og kår. Knut f. 1875 d. 1934 (?) var g. 1905 m. Marta Knutsdtr. Straume bnr. 6 f. 1885 d. 1927.
Born:
- Magnus f. 1905 d. 1923.
- Marie f. 1907 g.m. snikkar Ola Otterstad, Fana.
- Knut f. 1909. Brukar her.
- Gjertrud f. 1911 g.m. gardbr. Olav Kallestad bnr. 1 (?).
- Ragna f. 1912, fabr.arb. Dale, d. ug.
- Ingeborg f. 1913 g.m. Fridtjov Dæmring, Straume bnr. 25.
- Signe f. 19** g.m. Trygve Dæmring, Straume, sjå Straume bnr. 24.
- Ragnar f. 19**, snikkar, Stamnes, g.m. Borgny f. Farestveit.
- Harald f. 19**, død, anl.arb. Samnanger, g.m. Hjørdis f. Hisdal.
- Valborg f. 19** g.m. mylnearb. Ole Tørresen, Vaksdal, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
- Magnus f. 1923 d. 1927.
- Agnes f. 19** g.m. Besse A. Stamnes, sjå Stamnes bnr. 25.
1928 skøyte til Knut Knutsson for kr. 4000,-. Knut kjøpte bnr. 1 i 1958 og slo bruka saman. Knut f. 1909 er g.m. Alvhild Olsdtr. Vik f. på Straume bnr. 14 1914.
Born:
- Sveinung f. 19**.
- Marta Maria f. 19**.
- Ingfrid f. 19**.
BRUK 4, HESJEDALSVASSDRAGET II
Skilt frå dei 3 hovudbruka.
1917 selt til F. Hiorth. Det fekk ei skyld på 0,36 skm. Eigar no er Den norske stat.
BRUK 5
Skyld 8 øre, vart skilt frå bnr. 1, 2 og 3.1942.
Heimelen til bruket har brukarane på hovudbruka.
BRUK 6, LAUVVIK
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 2.
1944 selt til Nils Johannesson Hesjedal for kr. 300,—. Nils var f. på bnr. 2 1887, mylnearb., b. på Vaksdal. Han hadde bruket til 1957. Noverande eigar er Borghild Hesjedal. Der er ikkje bygt hus på eigedomen.
BRUK 7, EINERUD
Skyld 3 øre, skilt frå bnr. 3.
1945 selt til Mons Johannesson Hesjedal for kr. 300,—. Mons f. på bnr. 2 1890 er murar og b. i Bergen. Eigedomen er nytta til hyttetuft.
BRUK 8, HAUGATUN
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1-3.
1949 selt til Konrad J. Langseth for kr. 300,—. Eigedomen er nytta til hyttetuft.
BRUK 9, HEIMLY
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1.
1950 og selt til Peder Samuelsen for kr. 300,—. Peder Samuelsen er undermylnar på Vaksdal Mølle, g.m. Gulline f. på bnr. 2 i Hesjedal 1893. Eigedomen er nytta til hyttetuft.
BRUK 10, LYNGHEIM
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 2.
1950 selt til Gunnar Hesjedal. Han er f. på bnr. 2 1921, er snikkar og b. på Arnatveit. Eigedomen er nytta til hyttetuft.
BRUK 11, STØLSHEIM
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 3.
1950 og selt til Olav Otterstad 1957. Han er snikkar, b. i Fana, g.m. Marie Hesjedal f. 1907 på bnr. 3. Eigedomen er nytta til hyttetuft.
BRUK 12, RINNHEIM
Skilt frå bnr. 1 i 1958. Bruket omfatar berre dei tidlegare bustadhus på bnr. 1 og høyrer til Ingvald B. Hesjedal, sjå bnr. 1.
HUSMANNSPLASS
I Neset ved merket mot Myster var det frå gamalt eit plass. Der viser tufter i Seljeholo. Merket i Neset var ei line over ei stor slåtte. Her slo dei i Myster på den eine sida, og dei i Hesjedal på den andre. Kven som budde på plasset har ein ikkje opplysningar om. Truleg er dette same plasset som er nemnt under Myster (Storneset).
Mikkjelshaugen eller Haugen var sams plass for alle 3 bruk. Fyrste festesetelen vart tinglyst 1835, og lydde slik:
«Fæsteseddel. Vi underskrevne Eiere af Gaarden Hesjedahl, matr.No. 14 i Hosanger Skibrede gjør vitterligt at have fæstet Ligesom vi og herved stæde og fæste til Mons Olsen et Stykke Jord under nysnævnte Gaards Udmark bekjendt under Navnet Mikkelshaugen og som i Vidners Nærværelse udvist hvilket Jordstykke han for sin og Kones Levetid maa bruge og beholde under følgende Vilkaar:
- 1. betaler han enhver af os som Indfæstning 5 /: fem :/ Speciedaler.
- 2. forrette uden Betaling 4 /: fire :/ Dages Arbeide aarlig efter Tilsigelse for enhver af os dog i mod den Tid at nyde Kostholdet. Derimod skal han være berettiget til
- a. at sommerføde i Gaarden Hesjedahlens Udmark de Creature som om Vinteren ft des paa Pladsen.
- b. at slaae og indhøste en ham anviist Slaatteteig under Gedefjeldet samt en anden kaldet Kubeslaatten og
- c. at tage det fornødne Brændsel i Gaardens Skov af Brage og andet Affald. De Huse Fæsteren opfører paa Pladsen bliver hans Eiendom.»
Mons, som var f. på bnr. 1 1803, fekk seinare kjøpa halve farsgarden, og vart brukar på bnr. 2. Festesetelen var avlyst 1849, og same år vart det skrive festesetel til broren Askjel, tinglyst 1850.
Askjel f. på bnr. 1 1809 d. 1853 var g.m. Inga Jonsdtr. Straume bnr. 5 f. 1813 d. 1902.
Dei hadde ei dotter:
- Marta f. 1852 d. 1898 ug.
Inga g. 2. g. m. Simon Olsson frå plasset Stamnessund, sjå Stamnes bnr. 24, f. 1820, d. 1885. Simon fekk festesetel 1854 mot 12 arbeidsdagar årleg. Askjel hadde svara 8 arbeidsdagar årleg. 1865 var fødnaden 2 kyr, 12 småfe og sånaden 1 t. havre og 1 t. poteter. 1875 var sånaden den same, men fødnaden var 2 kyr, 1 ungfe, 9 sauer og 6 geiter. I dei slåttene som høyrde til plasset, Kupeslåttene, Nore- og Sørebotnen, Dyrahjellhaugen og Eggjabrekkene, var der to utløer. Noko av høyet sette dei i stakk, og noko rodda dei heim. Simon skaffa seg noko attåtinnkome med å arbeida skinnklede åt folk.
Simon og Inga fekk 2 born:
- Marta f. 1855 g.m. Nils J. Kallestad, sjå Kallestad bnr. 2.
- Askjel f. 1857.
Askjel budde her på plasset så lenge mora levde og hadde bygsel. Han var g.m. Anna Olsdtr. Helland, dotter til Ole G. Helland (Ola i Lyngjæ) og kona Kari Myster bnr. 1 f. 1836. Då mora var død, kjøpte Askjel Dalseid bnr. 3 (Tretteneset) og busette seg der.
HUSFOLK
1728 vart Helga Jonsdtr. Hesjedal f. 1696 d. 1733 g.m. Knut Johannesson Straume. Dei var husfolk her og fekk sønene Jakob f. 1730 og Gulleik f. 1733. Knut g. 2. g. m. enkja Marta Monsdtr. Sæterdal, og busette seg der.
Mons Ørjansson Vaksdal vart g. 1735 m. Marta Jonsdtr. Hesjedal. Ho ervde ein part på 3 m. smør som dei selde 1738, da dei flytte til Lindås prestegjeld. Parten vart seld til Mons Askjelsson, sjå bnr. 3.
1872 vart Jon Haldorson Kallvik f. 1845 g.m. Marta Knutsdtr. Hesjedal bnr. 3 f. 1841 d. 1897. Dei var husfolk her. I manntalet 1875 er Jon kalla bygningsmann og smed. Han bygde m.a. båtar.
Jon vart g. 2. g. 1899 m. Brita Olsdtr. Kallvik f. 1864 på plasset Geitevik. Dei var barnlause.
1906 vart Ingebrigt Magneson Hesjedal bnr. 3 f. 1881 d. 1915 g.m. Ragnhild Olsdtr. Kallestad bnr. 1, 1884-1947. Dei budde fyrst på Kallestad og kom sidan hit.
Born:
- Magnus f. 1906, b. U.S.A.
- Alf f. 1907, busett Dale, arb. Sjå ættesoge for Dale.
- Olav f. 1910, busett Dale, arb.Sjå ættesoge for Dale.
- Mons f. 1912, busett Dale, arb. Sjå ættesoge for Dale.
- Marie f. 1913.
Ragnhild g.2.g.m. Harald P. Rønhovde 1891-1935. Sjå ættesoge for Dale.
© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org