Eikemo

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Eikemo.


GNR. 37 EIKEMO


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg i Eksingedalen om lag 1 1/2 km nord for Eikefet, 3 1/2 km frå Eidslandet. Tunet og innmarka ligg på austsida av elva. Her er det ei flat øyr med noko sandjord, moldjord, myr og raudmold. 1723 heiter det om garden mellom anna: «ligger fra Søen 1/4 Mil og 5 1/4 Mil frå Bergen, Aarvant til Korn og tungvunden … lever allene af Qvægets avling.» 1863 reknar dei garden for å vera middels tungbrukt, men vegen frå slåttene var meir enn vanleg tung.

Gardsnamnet vart skrive i Æikumo 1380-90, af Eikimo 1490, Eigemou 1610, Egemoe 1620, 1667, 1723, Eikemo 1906. Fyrstelekken er eik f. eller eiki n. Det siste tyder ein stad der det veks eik. Siste lekken i namnet er hokjønnsord i bygdemålet. Difor heiter garden i bygdemålet eikjemo eller eikjemoæ.

Gardsområdet ligg på båe sider av dalføret, og garden grensar til Mo og Langedal i Modalen, Høvik i Eksingedalen og til Leiro og Eikefet. Mellom Høvik og Eikemo ligg Tverrdalsåsen, ein ås som går bratt ned i elva. Her var det ofte vanskeleg å koma fram i eldre tid. Frå Høvik drog dei då helst over fjellet til Modalen når dei skulle til sjøen. Men i førre hundreåret vart det laga reidsleveg framom Tverrdalsåsen, og eksingedølene tok då meir til å bruka denne vegen. Ved Eikemo er elva så still at dei kan ro over henne. Herfrå drog dei ned til Eikefet og så over elva att. Ved Eikemo var det også ei klopp som dei kalla Eikemokloppæ. I åra 1820-30 vart det laga kløvveg frå Eide og oppover dalen på vestsida, omlag same leida som køyrevegen seinare vart bygd. Sume stader viser det enno verkar og andre vister etter den gamle kløvvegen. Ved slutten av 1800-talet tok dei til å byggja køyreveg. I 1889 vart vegen bygd framom Eikemo. Det vert fortalt at den gamle brukaren Anders hadde eit ærend til sjøen etter «vara»,dvs. korn. Det fanst ei gamaldags kjerre på garden, men Anders hadde visst ikkje mykje tru på at nye-vegen var farande med kjerre. Han tok møksleden sin i båten, rodde om elva og sumde hesten med, vert det fortalt. Dette var truleg ein vanleg måte å fara over elva på før dei fekk bru.

Grensa mot Mo, Langedal og Høvik fylgjer heradsgrensa. Grensa er avmerkt på det siste kartet, og tek til mellom Slettefjellet og Mohodnefjellet i om lag 760 m høgd, går fyrst nord, sidan nordaustover til ein dal mellom Mohodnefjellet og Hodnefjellet. Herfrå går grensa truleg mot nordaust, men er ikkje avmerkt før ein kjem til ein bekk eller ei elv som er utydeleg skriven på kartet, men som ser ut til å heita Skreelva eller Skrebekken. Noko aust for denne kryssar grensa dalen i retning nord-sør og fylgjer dei høgste fjellrindane. Såvidt det går fram av materialet er ikkje nokon av grensene mellom Eikemo og grannegardane tinglyste. Med Eikefet er det ei gamal semje som heller ikkje er tinglyst og som gjeld beite. (Sjå under Eikefet.)

Det eldste skriftlege vitnemålet om garden finn ein i Bjørgvinjar Kalvskinn 1360-70. Kor lenge her då hadde butt folk kan det ikkje seiast noko visst om. Her er ikkje fornfunn, og gardsnamnet gjev heller ikkje faste haldepunkt for alderen på garden. 1603 vert det opplyst at garden ligg øyde. Eikemo er truleg ein av dei gardane som vart liggjande øyde etter svartedauden. Men 1620 var her kome brukar på garden. I om lag 100 år frå 1660-åra til 1763 var her 2 brukarar. Frå 1763 til 1917 var her berre eitt bruk. 1917 vart elva skild frå som eige bruksnummer, og 1932 vart det skilt frå eit bruk, Neset, som fekk bnr.nr. 3. Dette bruket har litt mindre enn tredjeparten av den samla skylda. Grensa mellom bnr. 1 og 3 fylgjer ein bekk på innmarka. Tunet i Neset ligg noko aust for gamletunet, der bnr. 1 framleis har husa sine. I Neset var der eit husmannsplass frå 1870-åra til noko etter hundreårsskiftet.

Innmarka er for det meste flatlendt. Hovudbruket har no om lag 30 mål dyrka innmark, og i Neset er der om lag 20 mål dyrka innmark. Ein del av innmarka vart sett under vatn ved den store flaumen hausten 1743. Året etter vart det halde syns- og taksasjonsforretning og skylda vart sett ned med 7 1/5 mark smør og 1 4/5 pund never. 1748 vart det røkt etter om garden var så mykje forbetra at skylda kunne leggjast på, men svaret vart nei. 1757 vart brukaren stemnd til tings for å gje opplysningar om fødnad og sånad. Brukaren Johannes Knutson forklåra då at jorda på bruket hans var svært sandug og jamleg vart overfløymd med elvesand. Han måtte så 21/2 t. havre, og i gode år kunne han ikkje avla meir enn 6-7 t. I ringe år var det mindre. 1776 og –77 vert det opplyst at garden ikkje var forbetra og ikkje tolde tillegg i skyld eller skatt.

Skogen er nemnd fyrste gong 1661: «Schouff till Husbehoff som Schall haffnis Jgiennem Elffuen.» 1665 er der ved og noko tømmerskog til husbruk. 1723 vert det heller ikkje nemnt at dei hadde tømmer å selja. På 1800-talet, og kanskje før, var det vanleg at eksingedølene kom hit og kjøpte seg hustømmer. Dei hogde det gjerne sjølv og fekk skjera det her. Sag har det vore på Eikemo i lange tider, og dei skar før mykje tømmer åt eksingedølene. Tømmeret vart køyrt oppover dalen vinteren etter på snøføre. Dei samla gjerne tømmer i årevis til eitt hus. Saga ligg i ein bekk dei kallar Kvednhusbekken. Han kjem frå Eikemovatnet, og der er det stem. Kvernhuset er og i denne bekken. Her var ikkje kvern 1723.

Losting har me ikkje notert noko ned om på garden, men det er rimeleg å tru at dei har losta ikkje så lite never her. Never var frå gamalt ei av landskyldene på denne garden og er nemnd fyrste gongen 1648. Landskylda var då 1/2 laup smør og 3 våger never. Dette skyldtalet heldt seg ut over på 1600-talet, men ved avtaket 1744 vart neverytinga sett ned til 2 2/5 våg.

Sætra heiter Eikemostølen og ligg på nordsida av dalen 660 m.o.h. Fråstanden frå tunet er 1,5 km i luftline.

Naust har garden på Eidslandet. I eit skifte frå 1821 finn me m.a.: «Eet tømret Nøst med Torvtag ved Søen, staaende paa Eides Grund”. Naustet var verdsett til 16 spd. og ein færingsbåt utan segl var verdsett til 5 spd. I dette skiftet er også nemnt ei kvern med «Tilbehør». Kverna var verdsett til 1 spd. 2 ort og 12 sk.

Sjundagrend: Eikemo, Eikefet, Eide, Myster og Leiro.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 8 i Hosanger skipreide. Nytt 1838 nr. 9. 1853 nytt matr.nr. 152 i Haus tinglag. 1886 gnr. 48 i Bruvik. Landskyld 1480-90: 5 månadsmatbol. Sjå nedanfor under eigarar. 1590-91: 1 varlaup (3/4 laup smør). 1648-1743: 1/2 laup smør, 3 våger never. 1744: 28 4/5 merker smør, 2 2/5 våg never. Ved skøyte 1772: landskyld 4 våger never. Ved skøytet 1791 er skylda retta etter futens protokoll, og landskyld for heile garden er då 28 4/5 merker smør, 1 2/5 våg never. I matrikkelen 1665 vart skatteskylda sett til 45 merker smør. 1744 nedsett til 36 merker smør. 1838: 1 dl. 3 ort 1 sk. 1886: 3,72 skm. Leidang og fredtoll 1590-91: 1 saueskinn, 1 kalvskinn. Fredtoll vart betalt kvart 4. år. 1665: leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 2 merker, 7 sk. Kandtiend: 1/2 t. Småtiend 5 sk. Husdyrskatt 1657: 6 1/2 mark 2 sk. Folketal 1801: 9. 1865: 15. 1875: 12. Fødnad 1657: 1 hest, 1 okse, 6 kyr, 1 kvige, 11 geiter, 12 sauer. 1665: 12 naut. 1723: 6 kyr, 4 ungfe, 12 småfe, 1 hest. 1821: 6 kyr, 2 kviger, 2 kvigekalvar, 1 oksekalv. Namna på kyrne var: Marikolle, Skjøtrei eller Spøtrei, Raudku, Reikrei, Raudsi, Kinnhogg. 8 geiter, dei heitte: Krint, Bles, Oska, Kvitegeit, Veslekvitegeit, Flis, Skjørnos og Lina. 12 vaksne sauer, dei heitte: Koløyra, Kolauga, Smeita eller Smuta, Tegnos eller Treppnos, Broka, Åkerkjetta, Flis, Kvitesau, Svartebogen, Veslekvitesau, Korna eller Kona, Svartesau, Raudkruna. Dessutan ei Ijosgrå, 2 svarte og ei kvit gimber og ein hest. Desse opplysningane er tekne frå eit skifte. 1863: 1 hest, 11 kyr, 5 ungfe, 46 sauer («formentlig formeget» står der!). 1865: 1 hest, 15 storfe, 36 sauer, 17 geiter 1 gris. 1875: 11 kyr, 3 ungfe, 34 sauer, 21 geiter. 1665: Sånad 3 t., avling 5 t. 1723: Sånad 3 t., avling 6 t. korn. 1863: Sånad 7 t., avling 24 t. havre, 3 1/2 t. og avling 20 t. poteter. 1865: Sånad 6 1/2 t. havre, 6 5/8 t. poteter. På garden var der i 1863 i alt 8 mål åker, av det var 6 mål god, 1 mål middels og 1 mål dårleg. Der var 73 1/5 mål eng, av det 11 1/2 mål god, 6 mål middels og 56 mål ring. Dei hausta 420 våger høy i utslåttene, på heimebøen 1172 våger høy og i åkeren 168 våger halm. 1875: Sånad 6 t. havre, 5 t. poteter. 1959 hadde garden 118,5 mål innmark, og fødnaden var 2 hestar, 11 kyr, 6 ungfe, 10 sauer, 2 svin.


EIGARAR

Stamneskyrkja åtte garden på 1300-talet. I Bjørgvinjar Kalvskinn, ei liste over kyrkjegodset i Bergens Stift, finn me dette under kyrkjegodset åt Stamnes kyrkja: «Item J Æikumo manada mata bool.» Kalvskinnet som er ein kopi av eldre lister over kyrkjegods skriv seg frå 1360-70-åra.

I Munkeliv klosters Jordebok 1480-90: «Aff Eikimo 5 manatebol habeo.» Garden vart, tilliks med det andre klostergodset, lagt inn under kruna ved reformasjonen. Men godset som hadde høyrt til Munkeliv, vart framleis kalla Munkelivsgods. Såleis heiter det 1648: «Muncheliff eyer aldt,» og 1661: «Munchel. Gotz beholden.»

Kring 1670 vart mykje av krungodset selt til private. 1676 var det arvingane åt magister Arnoldus de Fine som åtte Eikemo. Han åtte også Hestdal (?), Møgster, Leiro og Eikefet. Dessutan åtte han 2 andre gardar i Hosanger, 5 på Voss, 10 i Eikanger, 3 i Alenfet, 1 i Lindås, 3 i Arne og 2 i Sotra skipreide. Lensmannen i Hosanger, Rasmus Hannestveit, kjøpte Eikemo. Han står oppført som eigar 1694 og 1705. 1718 er Johannes Hannestveit eigar. 1720 er det Helge Vatshelle som eig garden. Han gav då bygselsetel til brukaren Anders Johannesson. Han skreiv også under bygselsetlar 1739 og 1761. Ved skifte etter han vart garden utlagd til borna, og dei gav skøyte 1772 til brukaren. Dette skøytet finst enno på garden.


BRUKARAR

Den fyrste som tok oppatt garden etter øydejordstida heitte Johannes. Han er nemnd 1620. 1630-31 var Knut brukar her.


1645 var Lars Haldorson brukar. Han var f. 1602. Kona heitte Marie. Lars var åleine brukar til 1664, men 1666 hadde han overlate halve garden til sonen Johannes Larsson f. 1644. Ein annan son, Jakob Larsson f. 1646 vart også brukar her. Jakob var brukar på halve garden til han døydde 1718. 1711 er det opplyst at han hadde kone og eitt barn, men ingen av dei er kjende.


På den andre helvta av garden var Olav brukar 1694. Kring 1698 vart Johannes Bertilson Eikefet brukar her. Han var f. 1670 d. 1704, g.m. Marie Andersdtr. Kvamme.

Born:

Kari f. 1698 d. 1780.
Anders f. 1701 g. 1722 m. Ragnhild Andersdtr. Nipen.
Marie f. 1701.
Lars f. 1702. Brukar på Eide bnr. 3.
Marjo f. 1703 g.m. Gudmund Øyo, brukar der.


1705 vart denne parten bygsla bort til [Ivar Johannesson Toskedal]. Ivar f. 1680 d. 1731 vart g. 1705 m. Marta Andersdtr. Kvamme d. 1734.

Dei hadde 2 døtre:

Ragnhild f. 1708 d. 1709, og
Marie f. og d. 1712.


1733 vart Gudmund Gulleikson Øyo brukar etter Ivar. Gudmund f. 1708 var g.m. Marjo Johannesdtr. f. 1703 d. 1738.

Born:

Gulleik f. og d. 1734.
Gulleik f. 1735.
Johannes f. 1735.
Ivar f. 1738.

Gudmund g. 2. g. m. Ragnhild Haldorsdtr. Kalland f. 1712.

Born:

Haldor f. 1739.
Knut f. 1741.

Ragnhild g. 2. g. m. Anders J. Myster bnr. 4.


1720 vart den helvta som Jakob Larsson hadde vore brukar på, bygsla vekk til Anders Johannesson. Han er ikkje nemnd seinare, men var truleg brukar til 1739, Johannes Knutson Verpelstad fekk bygsla halve garden. Johannes f. 1710 var soldat då han fekk bygselsetel. Han var g.m. Anna Olsdtr. Furnes bnr. 2 f. 1708.

Dei hadde ei dotter:

Sigrid f. 1739 g.m. neste brukar.


1761 bygsla Nils Olsson Myster bnr. 3 f. 1729. Nils var g. 1756 m. Siri Johannesdtr. 1761 vart det tinglyst vilkårskontrakt mellom Nils og verfaren Johannes Knutson. Johannes skulle så og hausta 2 åkrar, Botsåkeren og Strengen. På dei kunne det avlast omkring 3 t. korn. Dessutan skulle han ha foster til 2 kyr og 6 sauer, ha opphald på garden og hjelpa til med arbeidet når han var før til det. 1763 fekk Nils skøyte på bnr. 3 på Myster og flytte dit.


1763 vart Jon Andersson Mostraum f. på Myster, bnr. 4. 1719 g.m. enkja Kari Johannesdtr. Myster. Ho var stykkmor åt Nils, som hadde vore brukar her. Dei busette seg no på Eikemo, og 1772 fekk dei skøyte på garden. Dei var barnlause.


1791 fekk Anders Rasmusson Nordås skøyte på halve garden. Hi helvta bygsla han til å byrja med, men 1804 fekk han skøyte på den og. Anders var f. på Myster bnr. 4 1740, og var son åt Rasmus Anderson Myster og kona Anna Knutsdtr. frå Dale. Anders hadde vore lærar i Hosanger før han kom hit og overtok garden hjå farbroren. Anders f. 1740 d. 1820 var g.m. Anna Johannesdtr. Nordås eller Åsheim f. 1765 d. 1837.

Born:

Anna f. 1793 g.m. Nils I. Åsheim, Hosanger.
Synneva f. og d. 1794.
Johannes f. 1796 d. ug. 1820.
Synneva f. 1798 d. 1800.
Rasmus f. 1801. Brukar her.
Jon f. 1803. Busett på Jordal i Åsane.
Ingebrigt f. 1810 g.m. Magdeli Andersdtr. Dyvik. Busett Antun, Haus.

Ved skiftet etter Anders 1821 var bruttosummen 408 spd. 2 ort og 22 sk. Buet hadde ikkje gjeld. Sylvet var verdsett til 18 spd. Der var 2 sylvbelte, 1 var forgylt med 15 store og 6 små stølar, sprotte og sylgje. Det andre var uforgylt med 2 ringar i kvar støle. Der var 19 store og 2 små stølar, sprotte og sylgje i dette beltet. Det fyrste beltet var verdsett til 10 spd. Det siste til 8 spd. Ein massingstake med 4 føter under var verdsett til 3 ort. 3 koparkjelar var til saman verdt 24 spd. 3 ort og 8 sk. Buskapen var verdsett til 45 spd. 1 ort. (Sjå ovanfor under fødnad.) Skiftet som finst på garden er svært innhaldsrikt. Under «adskilligt» finn ein mellom anna ein færingsbåt utan segl, verdsett til 5 spd. Eit bankbevis nr. 2746 viser at den avlidne har betalt i innskot til Norges Tvungne Bank, 9 spd. i reide sylv.


1820 skøyte til Rasmus Andersson på heile garden for 200 spd. og kår til foreldra. Rasmus f. 1801 d. 1881 var g. 1826 m. Gunbjørg Larsdtr. Eide bnr. 3 f. 1806 d. 1854.

Born:

Anders f. 1827. Brukar her.
Anna f. 1829.
Lars f. og d. 1831.
Brita f. 1832 d. 1847.
Synneva f. 1834.
Lars f. 1837. Sjå husfolk.
Johannes f. 1840.
Ivar f. 1842 d. 1846.
Olav f. 1844. Sjå bnr. 3 Neset.
Ivar f. 1847.
Johannes f. 1850 d. v/ulukke 1920.
Brita f. 1852.


1881 skøyte til Anders Rasmusson for kr. 1800,— og kår til foreldra. Anders f. 1827 d. 1907 var g. 1859 m. Brita Magnesdtr. Hesjedal bnr. 3 f. 1825. Dei busette seg her og styrde garden saman med far åt Anders til dess dei fekk skøyte.

Born:

Gunbjørg f. 1860 d. oml. 1942. Budde her. Var strikkerske.
Rasmus f. 1863. Brukar her.
Magne f. 1866 d. 1944. Anleggsarb., busett her.
Kari f. 1869 d. 1940. G.m. lagersjef Mons Eide, Salhus.


1892 skøyte til Rasmus Andersson for kr. 2000,— og kår til foreldra verdsett til kr. 750,— for 5 år. Rasmus var roteforstandar og skattekrevjar. Han var med i heradstyret og fatigstyret og likningskommisjonen. Rasmus f. 1863 var g. 1891 m. Anna Magnesdtr. Myster bnr. 5 f. 1866.

Born:

Andreas f. 1892 d. 1917. Steinarb. og gardbr. g.m. Anna f. Mostraum.
Brita f. 1893. Strikkerske og gardsarb. busett her.
Bergitte f. 1894 d. 1896.
Bergitte f. 1897 g. 1921 m. snikkar Jon Olsson Straume bnr. 3.
Magnus f. 1899. Sjå bnr. 1.
Johannes f. 1901. Handelsmann, Breistein, g.m. Målfrid f. Melkeråen.
Olav f. 1905. Sjå bnr. 3.


BRUK 1

Dette bruket var ved matrikuleringa 1886 det einaste bruket på garden og hadde heile skylda, 3,72 skm. Seinare vart bnr. 2 og 3 frådelt, og skylda var 2 skm. då den noverande eigaren overtok. I 1959 hadde bruket 70,5 mål innmark, og fødnaden var 1 hest, 5 kyr, 4 ungfe.


1934 skøyte til Magnus Rasmusson for kr. 1000,— og kår til foreldra. Magnus f. 1899 er g.m. Klara Johannesdtr. Myster bnr. 1 f. 1913. Magnus har vore skjønsmann og medlem av forsorgsstyret fleire periodar.


BRUK 2, EIKEMOELVA

Eikemo vart ved skylddelingsforretning 1917 skild ut som eige bruksnummer med skyld 40 øre. Parsellen vart seld til D. W. Blaauw med rett til utnytting av vatnet på ymse måtar, og rett til grunn for dei anlegg som var naudsynlege for å utnytta vasskrafta.

1926 vart parsellen seld til Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap.


BRUK 3. NESET

Skilt frå bnr. 1 1932. Skyld 1,32 skm. Fødnad 1956: 4 kyr, 1 hest, 2 oksar, 12 sauer. Folketal 12. 1959 hadde bruket 48 mål innmark, og fødnaden var 1 hest, 6 kyr, 2 ungfe, 10 sauer, 2 svin.

Her låg før eit husmannsplass som dei kalla Neset. Olav Rasmusson Eikemo f. 1844 tok opp plasset. Han var g.m. Helga Johannesdtr. Høvik d. 1911. Olav bleiv i elva 1894. Han hadde vore i skogen og henta ei skavbøra og kom heim over elva på ski med børa på ryggen.

Born:

Rasmus f. 1877 d. 1895.
Maria f. 1879 g.m. sandarb. Knut Eide. Sjå Eide, festekontrakt 1 under bnr. 3.
Johannes f. 1881 d. 1882.
Johannes f. 1883. Gardbr. på Kaldefoss, Reksteren.
Olav f. 1884. Vegvaktar og gardbr. Lindås.
Ivar f. 1886. Fabrikkarb. i Odda.
Gunbjørg f. 1888. G.m. fiskar Lars Vik, Skudenes.

Plasset fall sidan attende til garden, og stova som Olav sette opp står framleis. Den er det den noverande brukaren, Olav og syster hans Brita, som eig i lag. Olav budde i denne stova den fyrste tida før han fekk seg opp eigne hus. Han tok til å rydja her om lag 1925.


1932 vart Neset skilt ut som eige bruk. Merket mot bnr. 1 på innmarka går etter ein bekk. I utmarka har dette bruket skogen i ein teig, men på båe sider av elva. Beitet er sams med hovudbruket. Jordsmonnet er sandjord og litt myrjord, og den dyrka innmarka vel 20 mål. I tillegg til dette kjem eit område som er nydyrka.


1934 skøyte til Olav Rasmusson for kr. 1000,— og kår til foreldra. Olav f. 1905 er g.m. Signy Rasmusdtr. f. Høvik f. 1907.

Born:

Anny Solveig f. 19** g.m. gruvearb. John Karlsen. Busett her.
Reidar Andreas f. 19**.
Åse Kari f. 19**.
Rønnaug Marit f. 19**.

Gardsbruket er hovudnæring. Noko attåtarbeid, mellom anna, vegarbeid Olav Eikemo har vore skattekrevjar for Eidsfjorden, har vore medlem likningsnemnda og likningsutvalet, jordstyret og forsorgsstyret.

HUSFOLK

Lars Rasmusson Eikemo f. 1837 vart g. 1862 m. Maria Johannesdtr. Leiro f. 1841. Dei budde her ei tid, og fekk då 2 døtre, Gunbjørg f. 1863 og Marta f. 1866.

Sjå soga om Lars R. Eikemo.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy