Straume
Frå Vaksdal Historielag
< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III
Gards og ættesoge for Straume.
INNLEIING
Ligg lengst nord i Bolstadfjorden på båe sidene av fjorden og BolstadStraumen. Den gamle innmarka på garden ligg på austsida av sjølve Straumen på store terrasser av aur og sand som Straumen har bygt opp gjennom tidene. Oppe på kanten av hovudterrassen ligg det gamle tunet på vestsida av eit lite dalsøkk, som ein bekk har grave ut. I hallet nord for tunet ligg det gamle åkrar som dei kallar Storåkrane, og sør for tunet ligg liknande åkrar, som dei kallar for Bakkane. Innmarka strekkjer seg heilt ned til Straumen. Her er det naust for dei gamle hovudbruka på Naustbakken. Innmarka strekkjer seg vidare nedover langs Straumen i ei smal stripe frå Forvadbakken til Høymolegranden. Stripa kalla dei «Ut i Fetæ». Ho vert og kalla «Kufetæ». Bak Kufetæ er der bratte berghamrar oppover. BolstadStraumen gjer ein sving rundt eit stykke av innmarka som ligg på vestsida av Straumen og som dei kallar «Bort i Fetæ» eller «Straumsfetæ». Ho strekkjer seg vestover til foten av Furehaug som reiser seg bratt opp. På nordsida av Furehaug mot Straumsfetæ er Skipshelleren. Han ligg rett opp ifrå ei vik av Vikafjorden som dei kallar Hellersbuktæ. Skipshelleren er ein gamal fangstplass frå steinalderen. Det vart her gjort ymse funn som vart sende inn til Bergens Museum, og i 1930-31 hadde museet ei utgraving i helleren under leiing av professor Johannes Bøe. Det synte seg at under helleren var det eit tjukt kulturlag, og i dette kulturlaget fann dei m.a. restar av dyr og fisk som steinalderfolket hadde fanga. Zoologar som har granska desse funna, kan slå fast at steinalderfolka som heldt til her, dreiv jakt og fiske og fanga m.a. hjort og laks og ei rekkje andre dyr- og fiskeslag. I avfallsdungane vart det og funne ymse slag reiskapar som har vore brukt til jakt og fiske. Det gjeld m.a. pilespissar og spyd eller harpunspissar, øksar o.s.b. Det er og gjort liknande funn andre stader på garden. Såleis vart det funne ei grønsteinsøks i nærleiken av Haldoråkeren på austsida av Straumen, og frå botnen av Vikafjorden, vest-nordvest av Gulløynæ, pumpa dei opp ei steinalderøks saman med sand.
Bak moreneterrassen der tunet ligg reiser det seg bratte berghamrar, m.a. Husafjellet. Utmarka på austsida av fjorden finn me bak Husafjellet, Langeraksla, Sotingarusta og Kleivane. Over Kleivane går der ein veg, som m.a. er gangeveg til Øyo. Det er og vegen til ein del utmarkslåtter som dei kallar for Nesatræet og Slåttøyane. Nesatræet skal vera ein nedlagd gard som i mellomalderen bar namnet Nesjar. På Nesatræet har Straume hatt beite og slåtter. Herifrå strekkjer det seg ein lang dal til fjells mot aust-søraust og seinare nordaust. Denne dalen kallar dei Straumsdalen. Her har Straume stølar, m.a. Øvrestølen og Botnen. På nordsida av Straumsdalen ligg Idlebrunæ, eit fjell der dei og har beite. På vestsida av Bolstadfjorden går utmarka frå Ulevik og Furehaug og sørover like til Straumsmarkånæ som kjem ned frå nordre Krokavatnet og renn ut i sjøen nord for Trettenes. I dette området ligg Botnastølen.
Straume grensar mot gardane Vik, Dalseid, Dyvik, Øyo, Stamnes og gardane i Øvstedalen (Aldal, Meland og Øvstedal). Mot Øvstedalsgardane er grensa samstundes heradsgrense mot Voss.
Grensa mot Vik, sjå Vik. Grensa mot Dalseid, sjå Dalseid. Grensa mot Dyvik, sjå Dyvik. Grensa mot Øyo, sjå Øyo. Grensa mot Stamnes tek til der endemerket mot Øyo er, i ei skrede i lia sør for Gavatnet nord for Rennet. Herfrå går grensa austover, men me kjenner ikkje detaljane.
Heradsgrensa mot aust vart fastsett ved ein forretning 1949, men denne grense-skildringa gjev berre heradsgrensa, ikkje dei gardsgrensene som støyter inn til, og me har ikkje anna tilfang som kan gje desse vantande opplysningane. Domsslutninga ved grensegangen 1949 lyder slik:
I samsvar med det som her er sakt vart grenselinja mellom private eigedomar i Bruvik herad og Evanger herad merkt såleis:
Grensa tek til kross i berg (1) ved ein noko stor stein på Navefjellet og går i retning O.N.O. (75 gr.) 305 m til kross i flatt berg (2) på sørsida av Naveskaret. Derifrå i retning O.N.O.-O. (85 gr.) 206 m til kross i berg (3) på Aldalsoksli, derifrå i retning N.O.-N. (33 gr.) 73 m til kross i bergrust (4) også på Aldalsoksli. Punkt 1 - 4 sa alle seg samde i.
Frå punkt nr. 4 går grensa i retning N.O. (55 gr.) 188 m til kross i flat bergtopp (5), derfrå i retning N.N.O. (29 gr.) 355 m til kross (6) i ein høg fjelltopp, derfrå N.O.-N. (35 gr.) 298 m til kross (7) i berghaug forbi ein liten dal, derpå retning N.N.O. (31 gr.) 226 m til kross i berg (8), derpå i retning N.0.-N. (40 gr.) 388 m til kross i berg (9) på ein høg berghaug sør for Sauedalstjønn.
Frå punkt 9 går grensa i retning N.N.O. (26,5 gr.) ca. 950 m til kross i berg (11) på fjellkanten opp for Stoadalen. Derfrå går grensa over Stoadalstjønna i retning N.N.O. -N. (16,5 gr.) ca. 900 m til kross (12) i høg berghaug på vestre sida av Stoadalen og omtrent same retning (18,5 gr.) ca. 920 m til kross i berghaug (13) opp frå Blåvatnet, og vidare i retning N.N.O.-N. (9 gr.) ca. 1500 m til kross i berg (14) på vestsida av Sødalskaret i grensa mot garden Nesse i Modalen herad. Til å få merke på ein bra plass vart dette punktet sett nokre få meter lenger sør enn den linja som mennene frå Nesse saman med mennene frå Dyvik og Straume hadde sett opp. Evanger sine representantar, A. Lavik og Rasmus Øvstedal sa seg samde i dette punktet forsåvidt det som rørde ved grensa mot Modalen.
Dei her sette grenser har ikkje noko å segja for retningen av dei innbyrdes grenser for dei gardar som støyter til. Etter retten litt skjøn har det omtvista felt eit verd som ligg over kr. 500, - fem hundra kroner -.
Dei sette grenser vert rettskraftige 31 september 1949. Avstandane mellom skiftemerka er mælt horisontalt (optisk). Retningane er oppgjevne etter kompass nord. -
Jordsmonet på Straume er dels sand, dels grusjord, dels leirjord og myr. Der er nokså mykje blanding. Eine flekken er ikkje lik den andre. Myrjorda finst på bakkane sør for husa.
Sambandsvegane til andre gardar var før berre gongevegar. Til grannegarden Dyvik i er der ca. 2 1/2 km i luftline. Dit er der ein gongeveg sørover frå tunet. Same vegen nytta dei til marka på sørsida. Denne vegen gjekk over Dyvikaleitet og Saubotnen. Dette er framleis den einaste vegen til Dyvik, forutan sjøvegen. Vegen til Øyo gjekk som før nemnt over Kleivane og vidare nord gjennom marka. Fråstandet til Øyo er om lag 4 km i luftline. Til Vik, som ligg om lag 2 1/2 km nordanfor Straume, var der heller ikkje køyreveg før vegen frå Straume til Stamnes var ferdig. Sambandet mellom den delen av garden som ligg på austsida av Bolstadfjorden og den delen som ligg på vestsida, har tidlegare alltid gått for seg med båt. Men like før jul 1963 vart det opna bru over BolstadStraumen. Det er og bygt veg frå Dale langs vestsida av Bolstadfjorden fram til brua.
Ferdsla til og frå Straume har elles i stor mon gått på sjøen. I gamal tid var Bolstadfjorden og BolstadStraumen hovudvegen frå Vossebygdene og vestover, m.a. til Bergen. BolstadStraumen er her ei ålvorleg hindring til sine tider avdi Straumen kan vera nokså strid, serleg om våren på fallande sjø. Folket på Straume gjorde då teneste som losar gjennom Straumen. Her har hendt fleire ulukker i BolstadStraumen. I Tidsskriftet Vossebygdene 1927 er fortalt om ei slik hending som gjekk for seg den 2. okt. 1640. Då bleiv sorenskrivaren og fleire bønder i Straumen. I kyrkjeboka for Stamnes sokn 1814 står det: «November 1 ste forulykkedes ved Baadens Omkantring i Strømmen indenfor Stamnesleiren, hvorpaa Foged og Soren-shiver i Nordhordland var paa sin Thingreise til Bolstadøren og endte da følgende af Øvrighedens Personale sit Liv ved denne Leilighed og blev da den 4de November begravet i Stamnes Annex Kirkegaard og 20de Novembr. forrettedes Jordpaakastelse af Hr. Friis paa bemeldte nemlig: Den constituerede Sorenskriver Hr. Procurator Krogh 40 Aar, Hr. Procurator N. H. Stürtz 54 Aar, Kontorbetjent Didrich Foss 18 Aar.»
Kring 1860 bar det til ei onnor lei ulukke i BolstadStraumen. Eit lag frå Evanger, som skulle til bryllup i Modalen, var ikkje kjent med dei sterke straumkvervlane og dei store bylgjene som til sine tider vart der i snøløysinga om våren og etter mykje regn. Dei stogga innanfor Straumen, og prata om dei kunne våga å halda fram, og det gjorde dei, men det gjekk diverre såleis til at båten vart fylt og fleire drukna. Marta J. Straume f. 1850 var ung den gongen. Ho fortel at ho såg at dei drukna vart lagde opp i eit naust på Straume, men ho kunne ikkje hugsa kor mange. Ikkje alle vart attfunne. Det er i nyare tid sett opp siglingsmerke som syner leia gjennom Straumen. Langs med strendene ved Straumen er det opparbeidt gangeveg eller dragebryggje, slik at sjøfarande som kom inn Vikafjorden og skulle vidare inn Bolstadfjorden, kunne dra båtane sine mot Straumen. Denne dragebryggja var bygd kring 1830, før formannskapslovene si tid. Men ho vart kosta av det offentlege. Vossingar gjorde arbeidet. Kring 1910 vart det kosta vøling på henne av fylket. Før dragebryggja kom, var dragevegen på austsida av Straumen.
Gardsnamnet vart skrive Straum 1374, i Straume 1398 og 1400, A Straumini 1400, Strøum 1563, Strøme 1611, Strømme 1695 og 1723. Bygdemålsuttalen er strau'me. Det er dativ av hankjønnsordet straum, gn. straumr, og tyder bustaden el. garden ved Straumen.
Dei fyrste folka som ein veit heldt til på Straume, var dei som budde i Skipshelleren. Men desse folka var fangstfolk, og dei heldt til under helleren berre til visse tider på året. Dei dreiv ikkje jordbruk. Me veit ikkje kva tid Straume vart teken opp som gard, men både namnet og det at garden ligg på ein romsleg morene, skulle tyda på at han er ein av dei eldste gardane i sokna. I same lei peikar det og at garden har så vidsveimt gardsområde. Me kan gå ut frå at her budde jorddyrkande bønder i jarnalderen. I 1870- åra fekk Bergens Museum inn nokre oldsaker, som truleg vart funne i søre kanten av Hushaugen. Desse tinga skriv seg frå ei mannsgrav frå yngre jarnalder.
Det er ingenting som tyder på at Straume har lege øyde etter svartedauden. Etter dei skriftlege kjeldene er det nokså visst at garden har hatt minst 2 bruk alt i mellomalderen.
Det eldste dokumentet er frå 1374. Det fortel at Eindrid Sveinsson pantsette den jorda som heitte Straum til Halstein Bårdsson for 27 år, og med rett til innløysing innan 3 år. Eit anna dokument frå 1398, som me og finn i Diplomatarium Norvegicum, viser at Jon Gøblesson, korsbror ved Bergen Domkyrkje selde 4 laupabol i Straume til Ivar Ivarsson. Frå år 1400 har me eit dokument som gjer kjent at Jon Eiriksson i Biskopsgarden i Bergen selde 5 månadsmatbol jord i øvre tunet i Straume til Ivar Ivarsson. og endeleg har me eit dokument frå år 1400 der Ivar Ivarsson gjer kjent at han har selt 3 laupsbol i Bolstad til Jon Eiriksson og teke 3 kyrlag for kvart laupsbol. Dette dokumentet har Ivar Ivarsson ferda ut på Straume. Kjøpebrevet frå Biskopsgarden i Bergen år 1400 syner at her må ha vore 2 tun på Straume på den tid sidan det er tale om det øvre tunet. Når ein gard så stutt tid etter svartedauden hadde 2 tun, er det rimeleg å tru at garden var delt også før svartedauden. Ivar Ivarsson har truleg samla heile garden på si hand og vore brukar her. Sidan syner arkivtilfanget at her var berre 1 bruk på 1500-talet og fyrst på 1600-talet. Sidan vart garden delt i 2 att. Kvar av desse 2 partane vart deretter delt i to på nytt. Det som då vart kalla Øvre-tun, og som vart delt i to, vart til dei bruka som har vorte heitande Stor-stovo og Ola-stovo. Nedre-tunet vart delt i Ni-stovo og Karistovo. Sidan skjedde der ikkje noko bruksdeling før på slutten av 1800talet. I 1885 vart Straumshjellen skild ut som eige bruk, og i 1886 det seinare bnr. 3 som omfatar Søre Straumsfeta, Naustbakken, Forvadet og ein skogteig som dei kallar Skjergrasteigen. I 1906 vart ein del av Straumsfeta skild frå. Det fekk bruksnamnet Demring, og seinare er det skilt frå ei rekkje mindre eigedomar, som for det meste vert nytta som hustufter.
Når det gjeld vegane til og frå tunet og i sjølve tunet, nemner me fyrst og fremst vegen mellom gamletunet og Naustbakken. Denne vegen kalla dei Sjoarvegen, og han gjekk tidlegare i ei meir rett line mellom nausta og gamletunet. Når Sjoarvegen kom inn i tunet og gjekk mellom husa, kalla dei vegen for Tunet. I Tunet var ein fast møteplass der dei samlast når dei hadde ei ledig stund til å prata. Dei sa dei skulle «gå ut i Tunet». Der var ein spilagard kring ein hage, og her stod dei og stødde seg til garden. Der var ikkje steinar eller anna å sitja på. I hagen var der rips og andre bær. Frå tunet gjekk der, som før nemnt, ein veg sørover mot Dyvik og i mot utmarkane på den kanten. Frå tunet og bort til bøgarden ved Hjellen gjekk ein veg. Ein stad på denne vegen kalla dei «Gotene», og nord for Gotene går ein sideveg opp til bøgarden, der det var to led. Det eine kalla dei Stora-leet og det andre Vetla-leet. Men det var Stora-leet som vart mest nytta.
Innmarka på Straume hadde ei nokså sterk teigdeling like fram til 1915, då den offentlege utskiftinga vart tinglesen. Som før nemnt ligg dei viktigaste åkrane, storåkrane til Ni-stovo og Kari-stovo nordanfor gamletunet, nedover langs den gamle sjoarvegen. Dei tilsvarande åkrane til dei to andre bruka, Stor-stovo og Ola-stovo, låg på den andre sida av gamletunet, der det heitte Bakkane. Elles var der på innmarka fleire døme på at åkrar til eit bruk låg inne i slåtteteigen til eit anna. Såleis hadde Kari-stovo ein teig på Nausthaugen midt inne i teigen til Ni-stovo. Tidlegare hadde den flekken vore åker, men så lenge Andreas Demring f. 1879 kunne minnast, var teigen bø som dei slo. Elles var i gamal tid ein stor del av innmarka utnytta som åker, og innmarkslåtten vart difor for det meste reinaslått og litt skrapaslått.
I Herredsbeskrivelsen 1863 finn me at der på Straume var 24 4/5 mål god åker, 9 mål middels og 4 mål ring, i alt 37 4/4 mål åker. Der var vidare 35 3/5 god eng, 22 middels, 35 3/5 mål ring. I alt 93 1/4 mål bø. I 1959 rekna dei heile innmarkarealet til 248,8 mål. Det meste av åkerarealet nytta brukarane sjølve, men det var og døme på kår-åkrar og kårteigar. Vikjen, som var g.m. enkja Ragnhild i hennar 2. ekteskap i Ni-stovo hadde ein kår-åker nett ovanfor Fjølabekkhello nede ved sjøen. Fjølabekkhello var ei lita bru over Fjølabekken. Dessutan hadde han ein liten åker uti Feta, der det og var åkerlappar. Tett ved Nausthaugen hadde Ni-stovo ein åker som heitte Hol-åkeren. Her fekk tausene ha poteter som dei dyrka åt seg sjølve. Anders-åkeren var ein tilsvarande liten lapp som drengene hadde åt seg. Det kunne verta 2-3 skjepper i kvar av desse åkrane.
I våronna på Straume nytta dei hestar. Det fyrste dei gjorde var å køyra ut møk på åkrane. Var det snø nytta dei slede, men var det tåe nytta dei kjerre. Der-nest tok dei til med å køyra oppatt åkeren, dvs. ta mold nede ved åkerreina og køyra opp på den øvste delen av åkeren. Åting på åkrane var sjeldan i bruk på Straume, men Maria 0. Straume f. 1852 og andre eldre folk fortalde at dei eit år, etter åkrane var åta, kunne sitja på snøkanten då dei dreiv og spadde åkeren. Så tok dei til å breia møk, og deretter tok dei til å spa. Dei sa «spa åkeren» jamvel om dei pløydde. Når dei pløydde gjekk det fyrst ein mann og styrde hest og plog, etter han kom det 3-4 karar med kvar sin hake og slo i «fåræ» som dei sa, dvs. slo sund klumpar og jamna åkeren. Såinga gjorde dei etter kvart, og på Straume hende det at kvinnene sådde. Andreas Demring fortel at i Ni-stovo var det ho Gomor som sådde. Ho gjekk med ei korg på armen og var nokså andektig medan ho strødde det utover så vel ho kunne få det til. Så kom der ein mann med ei stor milderive og milda kornet ned.
I utmarka var alt beite sams. Den tid dei løyste om våren og hadde beista til utmarka i beite, løyste alle på garden same dagen. Då leidde dei kyrne or florane og bort igjennom vegen til dei kom på Træet. Der slepte dei og let dei springa kjæta av seg. Det var ikkje noko sers inngjerding på Træet, men dei som var med og løyste kyrne, stod i kring og passa på at dyra ikkje kom utanom ringen. Når dyra var vortne rolege let dei opp grinda og jaga dei oppom. Då gjekk kyrne fyrst på Nesatræet, som ligg i dalen rett mot Øyo. Der er det flate, fine vollar, og der er det jamvel merke etter åkerreinar. Her hadde Straume vårflorane sine, 4 stykke. Kyrne vart her bundne inn om nettene. Når dei hadde vore der ei tid og beitt det som var, hadde dei kyrne lenger oppover, opp i Straumsdalen til Nedsta-vetlaøynæ, Longøynane, Kvesso, Stølsmyrane, Stølen, Lokarhjellen, Kollhaugen, Skavlaberget, Longehjedlane og Skardalsfjellet. På Øvrestølen var der sæterhus.
Frå dette stølsbeitet hadde dei kyrne over Straumen til sørsida av fjorden til Botnastølen. Kyrne var på Botnastølen i 5 veker. Så vidt Andreas Demring kunne minnast var det 3 gamle sæterhus på Botnastølen. Når kyrne skulle over på den andre sida, tok dei ned til Straumen og let dei symja tvert over til Straumsfeta. Sameleis gjorde dei når kyrne skulle attende frå Botnastølen. No tok dei opp til Øvrestølen og vidare opp til ein stad dei kalla Botnen og Stallaberget. Hit var det nokså langt om dei skulle gå heimanfrå og mjølka. Då hende det dei måtte gå kl. 3, anten det var kveld eller morgon, og ikkje kom att før kl. 10,30 (22,30) om kyrne var vanskelege å finna. Botnen ligg mellom Øvrestølen og Dyvikstølen. Her i Botnen er der ein stor, vid flate. Dei siste 2-3 vekene om hausten hadde dei kyrne frå Botnen ned att i Kleivahagen, som ligg på reset mellom bøgarden og Nesatræet. I seinare tid har dei og nytta Nesatræet og Slåttøyane som haustbeite, og har hatt kyrne i hus om kveldane. Herfrå tok dei kyrne heim og hadde dei i florane om hausten. Men i gamal tid gjekk kyrne på bøen og beitte seinhaustes.
Ein stor del av slåtten gjekk for seg i utmarka. Det var i alle høve den delen av slåtten som kravde mest tid. I Herredsbeskrivelsen 1863 finn me at der på heimebøen vart slege 3728 v. høy, medan høyet frå slåttene utgjorde 1080 v. På Nesatræet var der berre beiting om våren i gamal tid av di dei slo der om haustane i august. No er Nesatræet inngjerdt og vert nytta til beite, men dei slår der framleis. Nesatræet var ikkje med ved utskiftinga i 1915, men det var delt i teigar etter gamalt. I Straumsdalen var der mange utslåtter. Fylgjande slåtter hadde utløer: Knutagrøno (bnr. 6), Vetleskogen (bnr. 1), Langelia (bnr. 4). I Joansgrøno hadde bnr. 5 og bnr. 6 felles slåtte og løe. I Ormeskredlia (Hjellalia) hadde bnr. 2 slåtte og Øvre-stølen hadde kvart bruk inngjerde stølstræe der dei hadde hesjer å turka høyet i. Der var også utløer. Det vart og slege høy til desse utløene i Fjelltonæ, Brattødna, Kupo, Skjergrastødna, Kyragrøno og Karikleivæ.
På vestsida av Bolstadfjorden hadde bnr. 1 slåtte med utløe i Drivedalen, Geitabotnen og Rauneteigen. Br. 4 hadde utløe i Bjørkebotnen, bnr. 5 hadde utløe i Geitabotnen og på Siket. Br. 6 hadde utløe i Geitabotnen. Leitesløo hadde bnr. 5 og bnr. 6 saman, ho var delt med ein vegg tvert over på midten.
Forutan desse slåttene hadde bnr. 1 slåtte i Skjergrasrennet, Hetlevik, Midtslåtto og Langeteigen, bnr. 4 i Hetlevik, Midtslåtto og Lauvtonæ, bnr. 5 i Hetlevikneset, Hakaskjertødna og Flagaberget, og bnr. 6 i Lauvtosanden, Geitabotssanden og Langerennet. Det var berre ein stad der det var fellesslått, og det var i ei slåtte dei kalla Hopaslåtto. Ho ligg utmed sjøen ytst i Ute-feta. Det var som regel ein laurdag dei samlast der, etter at anna arbeid var unnagjort. Høyet delte dei i bører mellom seg på dei 4 hovudbruka. Det var, som nemnt, berre på Nesatræet dei batt inn kyrne, og den gjødsla som dei fekk, bruka dei på slåttene der våren etter. Ei utløe som dei kalla Leitesløo, åtte Kari-stova og Ni-stova kvar sin ende av. Ho var bygd med ein tverrvegg midt på.
Smalen beitte heime på bøen vår og haust. Om våren bruka dei og å ha smalen bortom i Straumsfeta ein tur på beite. Han var fyrst der i Feta og deretter på heimebøen. Sidan hadde dei han til fjells. Når sauene lembde ute om våren og småborn fann lamba, tok dei heim til dei som åtte dei. Då skulle finnaren ha bulik-kling. Ein slik kling var anten hardt flatbrød med smør på, eller det var ei lefse, t.d. skinabrødlefse. Skinabrød var det same som dei på Voss kalla nekabrød. På ei slik bløytt skinabrødlefse var det påsmurt smør og sirup.
I eldre tider mjølka dei sauene om våren. Br. 1 og bnr. 5 veit ein hadde lambhus i bøgarden der lamba vart innestengde om natta så dei ikkje skulle ta mjølk frå sauene. Om morgonen vart sauene mjølka, og lamba fekk vera med dei om dagen. Bakken nedanfor bøgarden der bnr. 1 hadde lambhuset sitt kallast enno Lambhusteigen.
Dei mjølka og sauene etter dei var slepte i fjellet. Ein kan enno finna steingjerde, oppmura i ringar, heist attmed ein stor stein. Dette er kveer der dei hadde lamba innestengde om natta.
Hestabeitet var felles for alle bruk. Det var oppe på Idlebrunæ, eit fjell som ligg på nordsida av nedre Straumsdalen. Hestane vart som nemnt nytta om våren til å pløya åkrane med. Om sumaren køyrde dei litt høy med dei, og om hausten køyrde dei korn. Om hausten køyrde dei og noko heimved med dei, men elles hadde hestane det ikkje så stridt før det lei til vetters.
Heimveden vart hoggen noko tidleg om hausten, og då køyrde dei han og i hus. Då hogde dei den veden dei trong for heile året. Om vetteren hadde straumarane ein nokså tung veg å køyra, og det var og nokså mykje tømmer og strangar som skulle køyrast til sjøs. Kvar einaste dag etter jul når det var ver til det, var dei oppe i Straumsdalen med hestane og køyrde. Skogen var, såvidt ein veit, delt med greie merke slik at kvart bruk hadde sine eigne teigar.
Etter gamalt gjekk fiskeretten på Straume etter kven som åtte dei slåttene som låg ned til sjøen. Sume var då heldige og fekk gode fiskeplassar, andre var mindre heldige. I 1890-åra då dei tok til med laksefiske med kilenot og sitjenot, prøvde dei ei tid å fiska utanfor kvar sitt land, men etter ei tid kom dei til at dei då kom i vegen for einannan, og dei vart samde om å lata alt fiske vera felles. Denne semja var munnleg. Ho er ikkje skriftfest eller tinglesen, men har vore halden sidan. Fisket etter laks har vorte ordna såleis at dei passar nøtene kvar si veke, og det dei då fiskar, leverer dei i sitt namn til oppkjøparen. Når sesongen er slutt, kjem dei i hop og slær saman det dei har fiska og deler så utbyttet likt. Det er dei 4 hovudbruka som driv dette laksefisket. Dei hadde før ei gilje for sitjenot på Gulløynæ, men her meiner dei at sandgraving i fjorden brigda straumtilhøva og dermed fiskegangen, slik at fisket minka av etter kvart. Kring 1954 gav dei opp fisket på denne staden. Den andre gilja er på Straumshove, og her er det og sitjenot, og dette er beste fiskeplassen. Dei har og prøvt fiske med sitjenot andre stader på garden, utan at det har gjeve serleg fangst. Kilenøter har dei hatt lenge på Straume, minst i 60 år. Dei står lenger inne i Bolstadfjorden, innanfor Straume. 'Aurefisket har og vore delt mellom dei 4 hovudbruka, men Ola Straume på bnr. 5 har selt sin part til broren Andreas Demring på bnr. 8. Frå fyrst av fiska dei i lag på auregarna sameleis som det vart gjort med laksenøtene, men så vart det til at dei fekk ikkje fisk til slutt, og det førde til at dei let vera å setja ut garn sume år. Så kom dei på å dela fisket slik at dei som hadde retten til aurefiske skulle fiska kvar for seg, ved at dei fiska åleine kvar sitt år. Dei som har retten til aurefiske får såleis fiska 4de kvart år. På denne måten tok fisket seg opp att, og dei tok og til med andre måtar å setja auregarna ut på. Dette førde til at det etter kvart vart eit bra aurefiske.
Kvernhusa på garden var inne i Markånæ eller Straumsmarkånæ ved Tretteneset. Der var to kvernar bruka åtte i lag to og to. Kari-stovo og Olastovo åtte ei, og Ni-stovo og Stor-stovo åtte ei. Der var eit kvernhus til i Markånæ, og det åtte garvaren som bruka denne kverna å mala bork i.
Anders K. Straume (bnr. 4) f. 1846 gjorde avtale med brukaren i Trettenes om deira rettar i elva, d.v.s. Markånæ, og sette opp sagbruk der, truleg kring hundreårsskiftet. Sagbruket stod på Trettenes sin eigedom. Anders og sonen Ole f. 1873 dreiv sagbruket saman ei tid. Seinare fekk Ole heile sagbruket, som han dreiv visse tider på året fram til kring 1930. Ei tid etter sagbruket var nedlagt vart turbin og røyrleidning selde til Sunnfjord, det andre sagutstyret kjøpte Knut Vik (bnr. 3). Han har sidan drive sagbruk på Vikastoæ.
I nyare tid har sanddrifta vore ei viktig attåtnæring på Straume. Det er grave sand både på den gamle innmarka og i Straumsfeta, forutan sandgraving i sjøen i Straumen og i Vikafjorden.
Eksaminasjonsprotokollen 1723 seier at der ikkje er husmannsplass på Straume. I Herredsbeskrivelsen 1863 er det nemnt eit husmannsplass Straumshjellen. Dette plasset vart i 1885 skilt frå som eigande bruk, det seinare bnr. 2 og 7. Det er fyrste gongen nemnt bygselsetel for Straumshjellen i 1805. 1823 vert det tinglese festesetel på eit plass som er kalla Vetlehjellen. 1858 vart det skrive ut festesetel på plasset Sprakateigen. Det låg under Stor-stovo. Plassmannen under Sprakateigen hadde stove, og samanbygd med den ei løe med flor under. Han hadde ein teig nedanfor stova som han bygsla, dessutan bygsla han ei slåtte oppe i fjellet. Bygsla var utrekna i pliktdagar som han måtte arbeida opp vår og haust. 1867 vart det tinglese bygselkontrakt på eit plass som vart kalla Naustbakken, og i tillegg til det eit stykke i Straumsfetæ som dei kalla «eit stykke av Flatafetæ». Jon Johannesson Dalseid, som slo seg til her, var garvar og husmann. Av bygselkontrakta går det fram at han hadde 10 arbeidsdagar, 5 om hausten og 5 om våren, å svara for bygsla. Dessutan 1 spd. årleg i avgift. Plasset låg under Kari-stova. Den delen av dette plasset som låg på austsida av Straumen, Naustbakken, vart innløyst som eige bruk, bnr. 19, i 1934.
SKYLD, UTREIDSLER m.m.
Gml. matr.nr. 4 1 Vassværn Tinglag. Nytt nr. 5. 1886 til 1964 gnr. 60 i Bruvik. Dei mellomalderdiplom som me no har frå Straume, synest å tyda på at landskylda på garden før Svartedauden var 9 månadsmatbol. Jordverd og landskyld fall mykje etter Svartedauden, ned til 1/4 eller 1/2. I 1644 var landskylda på Straume 2 lauper 4 m. Elles på 1600-talet 2 l. smør. I manntal 1664 og 1666 er denne landskylda og oppgjeven som 1 l. smør, 2 huder. Ved matrikkelrevisjonen 1838 vart den gamle smørskylda for Straume gjort om til 9 dl. 3 ort 8 sk. Ved matrikuleringa i 1886 fekk Straume ei skyld på 14 m. 67 øre. Straume hadde på 1600- og 1700-talet ei skatteskyld på 2. l. 12 m. smør. I 1590-91 betalte Knut Straume 1 kalvskinn i fredtoll. I 1603 betalte han 1 dl. i landskatt. I 1630-31 betalte Knut Straume 2 dl. i landskatt, og i 1648 1/2 ort. Husdyrskatten i 1657 var for gamle-Knut 10 m. 2 sk. og for unge-Knut 10 m. 4 sk. Fredtollen på Straume i 1708 var 6 sk. for kvart bruk, og der var 4 bruk. Folketalet på garden var i 1801 36. 1876 66. Fødnaden var i 1657: 2 hestar, 2 stutar, 20 kyr, 8 kviger, 24 geiter, 22 sauer. I 1723 var her 3 hestar, 19 kyr, 6 ungfe og 33 sauer. I 1863 var fødnaden på garden 4 hestar, 41 kyr, 14 ungfe og 162 sauer. I 1959 var fødnaden 1 hest, 8 kyr, 7 ungfe, 110 sauer, 2 geiter, 8 griser. Sånaden i 1723 var 8 t. havre og avlinga 28 t. I 1863 var sånaden av havre 21 1/2 t. og avlinga 97 t. Dei sådde 21 t. poteter og avla 96 t. Dei hausta 630 v. halm. I 1959 rekna dei at garden hadde 248,8 mål innmark.
EIGARSOGA.
Det eldste dokument der garden Straume er nemnd, er dagsett 1374 i Bergen. Eindride Sveinsson pantset garden sin Straume til Halstein Bårdsson for 27 år med rett til innløysing innan 3 år. Det ser ut som Eindride har ått heile garden, men det kan ikkje seiast heilt visst slik som brevet er formulert.
Vel 20 år seinare, i 1398, vert det gjort kjent at Jon Gøbblesson, korsbror ved Bergen Domkyrkje, sel 4 laupsbol, d.e. 4 smørlauper, i Straume til Ivar Ivarsson. I 'het 1400 får Ivar Ivarsson kjøpa 5 månadsmatbol (= 5 smørlaupar) i «Øfre tune j Straume». Ivar Ivarsson åtte då i alt 9 smørlaupar, og det må vel ha vore heile garden, eller i alle fall mesteparten av han.
Ivar Ivarsson budde på Straume, og han åtte andre gardar i nærleiken. I eit brev dagsett Straume 11/7-1400 gjorde han kjent at han selde 3 laupsbol i Bolstad til Jon Eiriksson.
Korleis eigarane har skift i dei næraste hundreåra etterpå, lyt ein freista slutta seg til av opplysningar frå 1600-talet. Helvta av garden er då krungods og helvta bondegods. Krungodset vert også kalla Apostelgods. Denne halvparten må ha kome inn under Apostelkyrkja i Bergen sist på 1400-talet eller fyrst på 1500-talet og har så vorte krungods då Apostelkyrkja vart nedlagd straks før reformasjonen. I 1648 heiter det at Gidske rår for bygsla, og det kan tyda på at ein del av garden har høyrt til Gidskegodset, men det kan vel også tyda at den som styrde med Gidskegodset rådde for bygsla på Straume. I denne tida var ingen av brukarane sjølveigarar, så vidt ein kan sjå. Rettnok var ein del av garden bondegods, men eigarane var bønder som budde andre stader, i Haus og Hosanger. 1648 åtte Gregers Huidsten (Kvisti) laup eller 36 smørmerker, Peder Hanestued (Hanstveit) 24 merker og Mette Pedersdotter 12 merker. 1661 er Gregers Huidsten oppførd med like stor part som han åtte 1648. Dessutan eig Niels Haffre (Havrå) 27 merker.
I åra 1662-1690 må eigartilhøva ha skift ikkje så lite. På denne tida vart mykje krungods selt for å gje pengar i statskassa, og slik har det nok gått med krungodset på Straume og. I 1676 finn me desse eigarane: Olav Ytre Bernes 30 merker smør, Pål Kvisti ein part på om lag 18 merker, Fuse Rongved 42 merker, Halvard Rekve 54 merker, Claus Henrichsson Miltzow 12 merker.
I 1689 let Mons Christofferson Hiermand gjera kjent at han åtte 72 smørmerker i Straume. I 1692 åtte buet etter Jonas Lillienskjold like mykje. Etter alt å døma er dette same gardparten. Resten av garden er skift på fleire hender: Mons Vikne eig ein åttandepart, Jakob Straume eig og brukar ein åttandepart, og Lars Straume eig og brukar ein fjerdepart.
Me ser no at garden har teke til å koma over på brukarane sine hender. Alt i år 1700 ser det ut til at dei har vorte eigarar av mest heile garden. Av framande eigarar finn me berre Inger Miltzow som eig 12 merker smør. I 1718 syner matrikkelen at det er brukarane sjølve eller deira næraste ætt som eig heile garden, og slik har det vore heile tida sidan.
DEI ELDSTE BRUKARANE OG BRUKSDELINGA.
Den fyrste brukaren me veit namnet på er Ivar Ivarsson som budde på Straume på 1400-talet. Det er mykje rimeleg at han var åleine brukar. Han åtte i alle fall det meste av garden. Før hans tid har det truleg vore fleire brukarar. I brevet frå år 1400 er det nemnt «øfre tune j Straume», og det skulle tyda på at det har vore fleire bruk.
På 1500-talet og fyrst på 1600-talet var det berre ein brukar.
1590 og 1603 heiter brukaren Knut, i 1611 og 1620 heiter brukaren Jon. 1626 er det ei enkje som har bruket, så då må Jon vera avliden.
1630 heiter brukaren Knut Jonsson. Han betalar full skatt.
1638 finn me to brukarar, og kvar av dei betalar halv skatt. Båe heiter Knut Jonsson, og i kjeldene frå åra etterpå vert den eine kalla gamle-Knut og den andre unge-Knut eller vesle-Knut. Aldersskilnaden mellom dei er likevel ikkje meir enn 3 år. Det synest mest rimeleg at dei må vera brør, og at dei har delt garden etter faren Jon. Knut som var brukar sist på 1500-talet og fyrst på 1600-talet, var truleg farfar deira.
Bruka åt gamle-Knut og unge-Knut var jamstore. Skylda var 1/2 laup smør og ei hud på kvart bruk, og fødnaden åt kvar av brukarane var 1 hest, 1 ukse, 10 kyr, 4 kviger, 12 geiter og 10 (12) sauer. Om deira slekt og etterkomarar veit me dette:
Unge-Knut Jonsson var f. 1605. Namnet åt kona er ikkje kjent. Dei hadde sønene Lars f. 1658 og Knut f. 1662. Dei fekk bygsla kvar si helvt av farsbruket 1687. Lars vart brukar i Nistovo (sjå bnr. 5), og Knut vart brukar i Karistovo (sjå bnr. 6).
Gamle-Knut Jonsson var f. 1602. Kona heitte Marita eller Marta. Dei hadde sonen Jakob f. 1638. Han vart brukar etter faren. Helvta av bruket hadde han overteke før 1664, og den andre helvta nokre år etterpå. Til å byrja med var han leiglending, slik som faren, men etterkvart fekk han kjøpa opp halve garden. Den andre helvta av garden var på denne tid delt i to bruk, og det var då berre rimeleg at bruket åt Jakob vart heitande Storstovo, sidan det var dobbelt så stort som dei andre.
Då Jakob Knutsson døydde, vart jordegodset skift mellom borna. Jakob 1638 d. 1710 var g.m. Ågota Johannesdtr.
Born:
- Sjur f. 1671. Brukar på Jamne.
- Johannes f. 1682. Brukar her.
- Marta f. 1686 g. 1713 m. Lars (Lauritz) Olsson Romarheim.
Johannes Jakobsson vart brukar i Storstovo etter faren. I 1718 åtte han 34 av dei 72 smørmerkene som bruket hadde i skyld. Resten åtte systra Marta og dei to brørne hans, Knut Simenes og Gulleik Øyo. Johannes kjøpte parten åt Gulleik, 8 m. smør for 10 rdl. 1718, og i åra etterpå fekk han kjøpa partane som dei andre syskena åtte.
Johannes f. 1682 d. 1763 var lagrettemann 1735 og 1736. Han var g. 1. m. Berta Askjelsdtr. Øyo bnr. 2 f. 1681 d. 1772.
Born:
- 3 born døydde små.
- Olav f. 1706. Brukar på Straume bnr. 4.
- Jakob f. 1708. Brukar på Eide bnr. 2 frå 1735.
- Ågota f. 1713 g. 1730 m. Gudmund Monsson Dalseid, sjå Dalseid bnr. 2.
- Ingeborg f. 1717 g.m. Johannes Monsson Romslo.
- Anna f. 1719.
- Marta f. 1722 g. 1754 m. enkjem. Bertel Haldorsson Eide, sjå Eide bnr. 2.
Ved skiftet etter Berit Askjelsdtr. 1722 var eiga åt buet 211 rdl. Noko av jordegodset vart utlagt til borna. Johannes g. 2. g. m. Ingeborg Jonsdtr. Romarheim 1723.
Johannes og Ingeborg hadde desse borna:
- Brita f. 1724 d. 1742.
- Kari f. og d. 1726.
- Knut. Budde fyrst i Hesjedal, sidan i Sæterdal, sjå Hesjedal, Stamnes husfolk og Sedalen brukarar.
- Jon f. 1729. Brukar på Straume bnr. 1.
- Jakob f. 1732. Brukar i Elvik bnr. 1.
- Johannes f. 1735. G.m. Brita Pedersdtr. Ytre Arne. Husfolk på Veo ei tid.
Storstovo vart delt i to bruk medan Johannes var brukar. Sonen Olav frå 1. ekteskap fekk skøyte på eine helvta 1736. Det nye bruket fekk namnet Olastovo (sjå bnr. 4). Johannes vart sjølv sitjande med hi helvta til 1756, og det vart framleis heitande Storstovo. Han let det frå seg til sonen Jon frå 2. ekteskap. Sjå bnr. 1.
BRUK 1
Storstovo. Løpenr. 10. Gamal skyld 1 pd. 15 m. smør. 1838 2 dalar 2 ort 2 sk., revidert 2 dalar 2 ort 12 sk. 1886 3,44 skm. 1955 3,38 skm. 1863 var her 8 3/5 mål. Åker. 4 3/5 mål var god, 3 mål middels, 1 mål ring. Bøen var 25 1/2 mål. 9 1/2 mål var god bø, 7 4/5 mål middels, 8 1/2 mål ring. 1-2 mål dyrkingsjord. Sånad 5 t. havre, 4 1/2 t. poteter. Avling 22 t. havre, 20 t. poteter, 858 våger høy, 154 våger halm. 270 v. høy i slåttene. Lyng, beit og skav til 1 1/2 kufor. Kan selja ved og tømmer for 9 spd. årleg netto. Litt laksefiske, verdsett til 4 ort. Let hjemme, men meget tungt og besværligt fra Slaatterne. 1865: Fødnad 1 hest, 11 storfe, 30 sauer, 4 geiter, 1 gris. Sånad 5 t. havre, 4 1/2 t. poteter. 1959 hadde bruket 53 mål innmark, og fødnaden var 1 hest, 1 ku, 1 ungfe, 30 sauer, 1 gris.
1756 fekk Jon Johannesson skøyte på dette bruket. Halvbroren Olav som var brukar i Olastovo hadde odelsretten, og det har truleg vore noko krangel om kven som skulle ha bruket. Men 1774 fekk Jon skøyte på odelsretten frå brorsonen Olav Olsson. Jon Johannesson f. 1729 d. 1783 var gift 3 gonger. 1. g. m. Anna Monsdtr. Veo bnr. 2 f. 1736 d. 1762.
To søner vart vaksne:
- Johannes f. 1761. Brukar her 1786.
- Mons f. 1759 d. 1784.
Ved skiftet etter Anna vart jordegodset 36 m. smør verdsett til 108 rdl. 26 m. utlagt til enkjemannen, resten til borna. Jon var g. 2. g. m. Synneva Johannesdtr. Romslo f. 1734 d. 1779.
Desse borna vart vaksne:
- Olav f. 1769 d. 1794.
- Johannes f. 1764 d. 1784.
- Anna f. 1772 d. 1794.
- Marta f. 1775 g. 1796 m. Berge Johannesson Toskedal, sjå Toskedal bnr. 3.
Jon vart g. 3. g. m. Anna Larsdtr. Eide bnr. 3 f. 1757. Dette ekteskapet var barnlaust. Jon bleiv på ei byferd 1784 saman med sønene Mons og Johannes d.y. I buet etter han var til deling 125 rdl.
1786 fekk Johannes Jonsson d.e. skøyte hjå stykmor si, Anna Larsdtr. og syskena på deira arvepart, og med det han sjølv hadde ervt var han no eigar av heile bruket. Kjøpesummen var 69 rdl. og kår til Anna Larsdtr. Johannes f. 1761 d. 1824 var g.m. Anna Jonsdtr. Hesjedal bnr. 1 og 2 f. 1767 d. 1851. Ved skiftet etter Johannes 1825 var det til deling 21 rdl. Johannes var lagrettemann 1789.
Desse borna vart vaksne:
- Jon f. 1790. Brukar på d. bnr. 1818.
- Anna f. 1792 g.m. Olav Johannesson Vestre Kleppe.
- Synneva f. 1794 g. 1817 m. Knut Johannesson Mo, sjå Mo.
- Ragnhild f. 1799 g.m. Jon Olsson Hesjedal, St. bnr. 1 og 2.
- Jon f. 1802. Husmann i Straumshjellen.
- Ingeborg f. 1804 g.m. Simon Andersson Binningsbø, sjå Bindingbø husfolk.
- Brita f. 1806 g.m. Johannes Hansson Dalseid, sjå Dalseid bnr. 2.
- Mons f. 1812, sp. pl. Sprakateigen.
1818 skøyte til Jon Johannesson f. 1790 d. 1870. Kjøpesummen var 160 spd. reide sylv og kår til foreldra. Jon var g. 1. g. 1815 m. Anna Knutsdtr. Vik, St. bnr. 3. f. 1798 d. 1858. Jon vart g. 2. g. 1860 m. enkja Brita Olsdtr. Stamnes bnr. 1. Det siste ekteskapet var barnlaust. I det fyrste var det 11 born, men to av dei døydde små.
Dei andre var:
- Johannes f. 1816. Brukar her.
- Anna f. 1819 g.m. Ingebrigt Besseson Stamnes, sjå bnr. 7.
- Knut f. 1823 d. 1851. Skreddar.
- Olav f. 1825. Husmann i Sprakateigen.
- Jon f. 1827.
- Anna f. 1829 g.m. Johannes Johannesson Dalseid, sjå Dalseid bnr. 2.
- Askjel f. 1832. Reiste til U.S.A. 1857 og vart farmar i Iowa, U.S.A.
- Mons f. 1834 d. før 1860. Skomakar.
- Ingeborg f. 1837.
1850 fekk Johannes Jonsson f. 1816 d. 1858 skøyte hjå far sin for 400 spd. og kår til foreldra. Johannes f. 1816 døydde i nervefeber 1858. Han var g.m. Maria Bessedtr. Stamnes bnr. 7 1. 1821 d. 1866.
Born:
- Jon f. 1845. Brukar her.
- Guri f. 1848. G.m. Olav Straume bnr. 3.
- Knut f. 1851, sjå p1. Ulevik, Vik, Stamnes bnr. 3.
- Knut f. 1856.
Enkja Maria Bessedtr. g. 2. g. m. Jon Knutsson Mo St. f. 1836 d. 1895. Frå 1866 fekk dei kår hjå son hennar, Jon, og dessutan fekk dei bygsla ein teig kalla Øykjaskarteigen. Dei hadde hus og naust på Straume, Moastovo og Moanaustet, og desse husa vart verdsette til kr. 900 i skiftet etter Maria. Enkjemannen og dottera Guri frå 1. ekteskap fekk dei til eigedom.
Jon og Maria hadde desse borna:
- Marie f. 1859.
- Johannes f. 1860.
- Besse f. 1862 g.m. Maria Johannesdtr. Veo bnr. 5 f. 1864. Sjå ættesoge for Dale.
- Anna f. 1865.
Jon Mo el. Moa-Jo g. 2. g. m. Sigrid Matiasdtr. Brørvik f. 1853 d. 1900.
Dei hadde desse born:
- Marie f. 1892. Busett i Salhus.
- Knut f. 1894. Arb. ved Ullevål sjukehus. D. ug. ca. 1950.
1859 fekk Jon Johannesson bruket utlagt i skiftet etter faren. Han var då berre 14 år gamal, og mora og stykfaren dreiv visst bruket dei fyrste åra. Jon svara kår til dei frå 1866. Jon f. 1845 d. 1912 g.m. Ingeborg Eiriksdtr. Verpelstad f. 1834 d. 1912.
Dei hadde 7 born, men berre to døtre vaks opp:
- Maria f. 1867 g.m. Magne Olsson Vik, St., bnr. 1. Brukar her.
- Marta f. 1873 g.m. Helge Hansson Vik, sjå Vik, Stamnes bnr. 4.
1898 fekk Magne Olsson Vik st. bnr. 1 skøyte hjå verfaren for kr. 2.000,- og kår. Magne f. 1856 d. 1920 og kona Maria f. 1867 d. 1931. Buet etter dei er ikkje skift, og sønene Olav og Jon og dottera Ingeborg driv no garden.
Borna åt Magne og Maria:
- Karoline f. 1887 g.m. ingeniør Johan Skatteboe frå Valdres. Busett Oslo. Død barnlaus 1937.
- Ingeborg f. 1889, hushjelp, b. på bruket.
- Jon f. 1891 d. 1901.
- Marta f. 1894 d. 1907.
- Johannes f. 1896 d. 1913.
- Ola f. 1899 g.m. Ingebjørg Vassenden frå bnr. 2 og 7 Straume.
- Malmfrid Margrete f. 1902 d. 1924.
- Jon f. 1905 g.m. Anna Elise Eiriksdtr. Meling frå Bremnes.
Deira born:
- Margot f. 19**.
- Einar Magne f. 19**.
Ola M. Straume f. 1899 har vore mykje med i heradstyret og formannskapet, han har vore lagrettemann og domsmann og har hatt ymse andre offentlege tillitsyrke.
BRUK 2 (OG 7) STRAUMSHJELLEN
Løpenr. 10-13a. Skilt frå dei 4 hovudbruka 1885. Skyld 15 sk. revidert 16 sk. 1886 0,20 skm. 1959 hadde bruket 15,5 mål innmark, og fødnaden var 20 sauer, 2 geiter, 4 griser. Dette bruket var frå fyrst av husmannsplass, det eldste kjende plasset på denne garden. Det må ha vore oppteke kring 1730.
Den fyrste plassmannen heitte Olav Olsson. Han var fødd om lag 1680 d. 1764. Han hadde to søner, Fabian og Olav f. 1731. Den siste vart busett på Langhelle bnr. 5.
Lars Andersson f. ca. 1753 d. 1840 var den neste mannen i Straumshjellen som me har kjennskap til. Han bygsla 1805, og plasset er då kalla «rydningsplass». Det hadde då truleg ikkje butt folk der sidan Olav Olsson døydde. Lars Andersson sette opp hus som vart verdsette til 35 spd. i 1819 1836 fekk han festesetel på eit utmarkstykke. Lars var gift 3 gonger. G. 1. g, m. Herborg Magnesdtr. f. om lag 1740 d. 1818. G. 2. g. m. enkja Ingeborg Jonsdtr. Sæterdal bnr. 9-10, f. på Straume bnr. 5 1755 d. 1829. G. 3. g. 1836 m. Kari Nilsdtr. Stusdal frå Hosanger d. 1860.
I 1. ekteskap var det 3 døtre:
- Marta f. 1775. Hadde ei dotter Dordi f. 1800 d. ug. 1834.
- Ågota. G.m. Lars Styrksson Skjelde, Voss.
- Kari f. 1784. Sjå neste plassmann.
1822 fekk David Olsson Straume bnr. 4 skøyte hjå verfaren Lars Andersson på husa i Hjellen for 40 spd. Året etter fekk han bygsla plasset og husgrunnane. Han gav kår til verforeldra frå 1824. David var g.m. Kari Larsdtr. f. 1784. Han bleiv i sjøen 1827 og enkja gifte seg att og flytte til Kallvik.
1828 fekk Jon Johannesson d.y. frå bnr. 1 festesetel på plasset. Han hadde før butt i Bortifetæ, eit anna plass under denne garden. 1835 fekk han feste på Udgjerdsteigen. Jon f. 1802 d. 1887 var g.m. Anna Knutsdtr. Vetlejord f. 1802 d. 1893. Dei vart kalla Gamle-Hjedlen og Gamla-Hjedlo. Dei budde i Straumshjellen til dei var så skrale at kona ikkje vann Stella lenger. Då vart dei førde over fjorden til dottera som budde i Ulevik, og der var dei til dei døydde.
Born:
- Johannes f. 1827. Emigrerte til U.S.A.
- Knut f. 1829.
- Anna f. 1832. G.m. Kolbein Johannesson, sjå Vik, Stamnes, pl. Ulevik.
- Lars f. 1835. Sjå husm.pl. Sprakateigen nedanfor.
- Knut f. 1843.
- Olav f. 1846. Emigrerte til U.S.A.
1885 vart Straumshjellen utskilt som eige bruk, og Lars Andersson Vassenden fekk skøyte hjå eigarane av dei 4 hovudbruka for kr. 1.600,-. 1895 fekk han skøyte på Uleviksbakken, bnr. 7. Lars var f. i Evanger 1845, han var lærar i Stamnes sokn og var mykje med i kommunalt styre og stell. Han var g. 1. g. m. Ingeborg Matiasdtr. Straume bnr. 6, f. 1844 d. 1879.
Born:
- Ingeborg f. 1872.
- Anders f. 1874. Snikkar, b. i Bergen.
- Brita f. 1876.
- Anna f. 1878.
- Ragnhild f. 1879.
Ved skiftet etter Ingeborg vart jordegodset verdsett til kr. 1.500,- og utlagt til enkjemannen. Han gifte seg oppatt med Marta Knutsdtr. Vik bnr. 3 f. 1857 d. 1919. Lars miste livet ved ei ulukke i skogen 1903.
Born:
- Knut f. 1887. Brukar her.
- Johannes f. 1890 g.m. Kristine Jørnevik. Lærar i Lonevåg.
- Ingeborg (Ingebjørg) f. 1892 g.m. Olav Straume bnr. 1, Storstovo.
- Lars f. 1895. Handelsstyrar, Stamneshella. Sjå Stamnes bnr. 81.
- Ingvald f. 1898.
- Anna f. 1900. Husstyrarinne hjå broren Lars.
- Brita f. 1902. Lærarinne i Bergen.
1919 fekk Knut Larsson Vassenden skøyte hjå mor si på bnr. 2 og 7 med hus for kr. 2.500,- og kår. Han har drive med anleggs- og vegarbeid attåt småbruket, m.a. arbeidde han på vegen Kallestad-Gammersvik og på vegen Straume-Stamnes. Knut f. 1887 er g.m. Ragnhild Øvstedal frå Evanger, f. 1888. Hennar foreldre var Anders Flansås og kona Ragnhild f. Øvstedal. Dei budde i Andersstovo i Øvstedal.
Knut og Ragnhild har desse born:
- Marta f. 19**. Lærarinne i Evanger.
- Annlaug f. 19**.
- Sigrun f. 19** g.m. Knut Straume bnr. 6.
- Leikny f. 19**.
- Lars Audun f. 19** g.m. Anna Langeland frå Teigdalen, gardbrukar i Øvstedalen.
- Reidar f. 19** g.m. Gullborg Århus, gardbr. i Lia, Teigdalen.
- Torleif f. 19**.
BRUK 3
Skilt frå bnr. 1 ved skylddeling 1886. Gamal skyld 16 skilling. Ny skyld 1886 0,20 mark. Eigedomen omfata då 4 teigar, Søre Straumsfetæ, Naustbakken, Forvadet og ein skogteig kalla Skjergrasteigen. Om Forvadet heiter det i skøytet: «Denne Teig der ligger millem Udmarken paa søndre Side og paa nordre Side støder til nordre Strømsfedten er en Felleseiendom millem de 4re Gaardeiere paa Strømme, og har sidstnævnte Eier solgt hele sin Andel i nævnte Jordstykke, som nu skal tilhøre Ole Johannesen med 1/4 Del af samme.»
Jon Johannesson på bnr. 1 Storstovo selde bnr. 3 til verbror sin, Olav Johannesson, son til Johannes Askjelsson Øyo og Kari Olsdtr. Straume bnr. 4. Dei var ei tid paktarfolk på Verpelstad, seinare pakta dei prestegarden i Lindås. Dei pakta og bnr. 4 i 12-15 år. Seinare fekk dei bygsla noko jord, og sette seg opp hus ved sjøen. Johannes f. 1817 d. 1891 og kona Kari f. 1818 d. 1910.
Born:
- Olav f. 1846.sjå nedanfor.
- Askjel f. 1848 g. 1871 m. Kari Olsdtr. Vik bnr. 1.
- Marta f. 1850.
- Knut f. 1852, busett Ulevik.
- Styrk f. 1854. Død ved ei ulukke 1891 på Dyvik.
- Maria f. 1856.
1886 skøyte til Olav Johannesson på bnr. 3 utan hus for kr. 1.000,-. Olav f. 1846 d. 1909 var murar og steinhoggar, g.m. Guri Johannesdtr. Straume bnr. 1 f. 1848 d. 1937. Då Olav var død, vart enkja sitjande med bruket.
Olav og Guri hadde 12 born. Desse vart vaksne:
- Kari f. 1867 sjå bnr. 23.
- Johannes f. 1875, brukar her.
- Johannes f. 1877 d. 1924 anleggsarbeidar.
- Andrine f. 1884 g.m. Aksel Larsson b. Grorud.
- Ole f. 1887 arbeidsformann, Bekkjarvik i Austevoll, g.m. Ingeborg f. Rødberg.
- John f. 1894, brukar her.
1926 skøyte til Johannes Olsson for kr. 2.300,- og kår. Johannes f. 1875 d. 1928 var murar, g.m. Inga Jakobsdtr. Myster bnr. 3 f. 1879. Dei var barnlause.
1928 skifteskøyte til John Olsson for kr. 3.700,-, overtaking av kåret til mora Guri Johannesdtr. og fritt hus til enkja Inga Jakobsdtr. John er styrar for BolstadStraumen brevhus og har hatt ymse kommunale tillitsyrke. John f. 1894 er g.m. Bergit Rasmusdtr. Eikemo bnr. 1, f. 1897.
Dei har 2 døtre:
- Gerd f. 19** g.m. Malvin Strømme frå bnr. 6. Han arbeider på Dale Fabr., men huslyden er busett her. 4 døtre: Elin f. 19**, Jorunn f. 19**, Marit f. 19**, Åse f. 19**.
- Aud f. 19**. Butikkdame på Stamnes Handelslag.
BRUK 4
Olastovo. Løpenr. 11, gamal skyld 1 pd. 15 m. smør. 1838 2 dl. 2 ort 2 sk., revidert til 2 dl. 2 ort 12 sk. 1886 3,64 skm. 1956 3,49 skm. 1863 var her 8 3/5 mål åker. 4 3/5 mål var god, 3 mål middels, 1 mål ring. Bøen var 25 1/2 mål. 9 1/2 mål var god bø, 7 4/5 mål middels, 8 2/5 mål ring. 1-2 mål dyrkingsjord. Sånad 5 t. havre 5 t. poteter. Haustar 22 t. havre, 25 t. poteter, 944 v. høy, 154 v. halm. I slåttene 250 v. høy. Lyng, beit og skav til 1 1/2 kufor. Kan selja ved og tømmer for 9 spd. netto årleg. Litt laksefangst verdsett til 4 ort årleg. Fødnad 1 hest, 10 kyr, 4 ungfe, 42 småfe. Vanleg godt dyrka. «Lett hjemme, men meget tungt og besværligt fra Slaatterne. 1865: Fødnad 1 hest, 12 storfe, 30 sauer, 6 geiter, 1 gris. Sånad 5 t. havre, 4 t. poteter. 1959 hadde bruket 52,5 mål innmark, og fødnaden var 2 kyr, 2 ungfe, 28 sauer, 2 griser.
1737 fekk Olav Johannesson skøyte på dette bruket frå medervingar i skiftet etter mora 1722. Han var fyrste brukaren etter at Olastovo var skild frå Storstovo. Olav f. 1706 d. 1783 var g.m. Ingeborg Simonsdtr. Vik, St., f. 1716 d. 1789. Olav var lagrettemann 1748. Olav og Ingeborg hadde 3 born som døyde små.
Dei andre borna var:
- Brita f. 1739 d. ug. 1789.
- Ågota f. 1741.
- Olav f. 1745. Brukar her.
- Guri f. 1748.
1778 fekk Olav Olsson skøyte på bruket. Han skulle svara kår til faren i hans levetid. Olav f. 1745 d. 1820 var g.m. Maria Davidsdtr. Bukkstein bnr. 2 f. 1753 d. 1799. Ved skiftet etter henne var eiga 171 rdl. Av det var 100 rdl. for jordegodset. Av dei 36 m. smør som buet åtte vart 14 2/5 m. utlagt til Nils Askjelsson Sætre for eit krav på 40 rdl., resten, 21 3/5 m. smør vart utlagt til enkjemannen. Olav og Marie hadde 3 born som døydde små.
Dei andre var:
- Johannes f. 1776. Brukar her.
- David f. 1777. Husmann i Straumshjellen.
- Olav f. 1780. Brukar her.
- Jon f. 1784. G.m. Ågota Johannesdtr. Stamnes bnr. 1. Busett Heimvik, Hosanger.
- Simon f. 1786 g. 1808 m. enkja Gunhild Monsdtr. Ytre-Arne.
- Ingeborg f. 1789 g. 1828 m. Johannes Johannesson Sundland.
- Ågota f. 1792. Jakob f. 1794. Busett i Ytre-Arna 1827.
1801 fekk Johannes Olsson skøyte hjå faren på 18 m. smør.
1803 fekk han skøyte på 18 merker til hjå faren, som no må ha kjøpt att det som vart utlagt til Nils Sætre 1799. Johannes var lagrettemann 1802. Han var g.m. Helga Johannesdtr. Kvamme bnr. 2 f. 1779. Johannes Olsson busette seg i Ytre Arne og bygsla bort bruket på Straume til ein yngre bror.
1812 bygsla Olav Olsson bruket hjå broren. Han lova då å yta kår til eitt av syskena, om dei måtte trengja til det. Olav f. 1770 d. 1836 var lagrettemann 1815. Han var g.m. Marie Styrksdtr. Kvamme bnr. 1 f. 1792 d. 1857. Ved skiftet etter dei var eiga 111 spd. 2 døtre døydde små.
Dei andre var:
- Guri f. 1815 g.m. neste brukar.
- Kari f. 1818 g.m. Johannes Askjelsson Øyo. Sjå bnr. 3.
- Marie f. 1822 g. 1847 m. Johannes Johannesson Ytre Arne.
- Brita f. 1825 g.m. Anders Besseson Stamnes, sjå Stamnes bnr. 21.
- Barbro f. 1829 g.m. Knut E. Dyvik, sjå Dyvik bnr. 4.
- Styrk f. 1832, smed, b. Sandalsnes i Osterfjorden, vart gift og hadde borna Oluf, Sivert og Maria.
1837 fekk Olav Johannesson Ytre Arne skøyte på bruket hjå far sin for 180 spd og kår til enkja etter farbroren, Marie Styrksdtr.
Olav Johannesson f. 1810 d. 1882 gifte seg med syskinbarnet sitt, Guri f. 1815 d. 1905. Dei hadde i alt 8 born. Ein son drukna i Straumen som ungdom, og dei andre døydde små.
Ei dotter vart vaksen:
- Marie f. 1852. Sjå neste brukar.
1871 fekk Anders Knutsson frå Dalseid bnr. 2 skøyte hjå verfaren Olav Johannesson for 200 spd. og kår. Anders f. 1846 d. 1916 var g.m. Maria Olsdtr. Straume f. 1852. 1881 fekk Anders arvefestebrev hjå Helge Johannesson Dalseid bnr. 3 på parten som Helge åtte i Markånæ, og på fri grunn til sagbruk, borkmylne og slipestein.
Born:
- Knut f. 1871. Brukar her.
- Ole f. 1873. B. Straume bnr. 13.
- Johannes f. 1875. Snikkar, sjå Myster bnr. 6. G.m. Marie Knutsdtr. Hesjedal bnr. 2.
- Andreas f. 1877. Sjå bnr. 16.
- Johannes f. 1879, bygningssnikkar, Oslo.
- Bertin f. 1881 g. 1912 m. Brita Marie Einarsdtr. Tyssen, sjå Eide bnr. 16.
- Guri f. 1883, sjå bnr. 21.
- Ingeborg f. 1885 g.m. skreddar Aksel Tullin, Bergen.
- Anders f. 1887 d. 1922 ug.
- Anna f. 1888. Driv pensjonat i Bergen saman med systra Ingeborg.
- Ole f. 1890 d. 1892.
- Ole f. 1892 d. 1897.
1916 fekk Knut Andersson skøyte på bruket utan hus for kr. 4.800,- og kår til mora. Knut f. 1871 var g.m. Olina Johannesdtr. Stamnes bnr. 1, f. 1867.
3 døtre døydde små 3 born vart vaksne:
- Anders f. 1897. Brukar her.
- Inger Margitte f. 1903.
- Gjert f. 1905. B. i Bergen. G.m. Jonette Eidebakken frå Fitjar.
1948 fekk Anders Knutsson skøyte for kr. 5.800,-. Anders f. 1897 er g.m. Anna Andersdtr. Stamnes f. 1913, sjå Straume bnr. 19.
Born:
- Oddvar f. 19**.
- Astrid Ingeborg f. 19**.
- Margretha f. 19**.
- Vidar f. 19**.
- Lilly Åse f. 19**.
BRUK 5
Nistovo. Løpenr. 12. Gamal skyld 1 pd. 15 m. smør. 1838 2 dl. 2 ort 2 sk., revidert 2 dl. 2 ort 12 sk. 1886 3,64 skm. 1956 3,09 skm. 1863 var her om lag 9 mål åker. 6 4/5 mål var god, 1 1/2 mål middels, 1 mål ring. Bøen var på 20 3/5 mål. 7 4/5 mål var god, 3 1/2 mål middels 9 3/5 mål ring. Ikkje dyrkingsjord. Sånad 5 t. havre, 5 t. poteter. Avling 23 t. havre, 22 t. poteter, 990 v. høy, 161 v. halm. I slåttene 280 v. høy. Lyng, beit og skav til 1 1/2 kufor. Kan selja ved og tømmer for 9 spd. netto årleg. Litt laksefiske, verdsett til 4 ort. Fødnad 1 hest, 10 kyr, 4 ungfe, 35 småfe. Vanleg godt dyrka. «Tungt hjemme, lidt beqvemmere i Slaaterne end forrige Brug.» 1865: Fødnad 1 hest, 12 storfe, 30 sauer, 1 gris. Sånad 5 t. havre, 4 t. poteter. 1959 hadde bruket 53,7 mål innmark, og fødnaden var 1 ku, 1 ungfe.
1687 bygsla Lars Knutsson f. 1658 d. 1727. Han var son åt unge-Knut som er nemnd ovanfor. Det varde ikkje lenge før Lars sat som sjølveigar på bruket sitt. Alt i 1692 vert det opplyst at han «ejer og beboer» ein fjerdepart av Straume. I 1705 fekk han tinglyst heimel til bruket. Lars var lagrettemann 1710. Han var g.m. Barbro Larsdtr. Dyvik f. 1668 d. 1721. I skiftet etter henne var til deling 87 rdl. 3 born døydde små.
Desse vaks opp:
- Knut f. 1691. Brukar her.
- Lars f. 1702.
1721 fekk Knut Larsson bruket utlagt i skiftet etter mora. Knut f. 1691 d. 1734 var g.m. Ingeborg Jonsdtr. Hesjedal bnr. 1 f. 1685 d. 1738.
Born:
- Anna f. 1717 g.m. Lars Olsson Furnes. Brukar her.
- Mildfrid f. 1720.
- Lars f. 1722. d. 1742.
- Jon f. 1725. Brukar her.
- Marjo f. 1731 d. 1742.
1740 fekk Lars Olsson Furnes skøyte på bruket etter verfaren. Lars f. 1709 var g.m. Anna Knutsdtr. Straume f. 1717 d. 1748. Da ho var død flytte Lars til Dale bnr. 14.
1749 fekk Jon Knutsson skøyte på farsbruket som verbroren Lars Olsson hadde ått og drive 1740-49. Jon f. 1725 d. 1792 vart g. 1753 i Evanger kyrkje m. Marta Olsdtr. Bolstad f. 1727 d. 1803. I skiftet etter Jon var jordegodset 36 m. smør verdsett til 170 rdl. Lausøyret var verdsett til 53 rdl. Frådraget var på vel 100 dalar. M.a. kravde dei 3 sønene og ei ugift dotter «Bryllups Udstyr og Hiemmegiftt» tillike med dei gifte syskena, 11 rdl. 4 mark og 8 sk. kvar. Både enkja og alle 8 borna fekk partar i jordegodset, men ved skøyte året etter vart partane samla att.
Jon og Marta hadde desse born:
- Anna f. 1754 g.m. Knut Askjelsson Vik, sjå Vik, Stamnes bnr. 3.
- Ingeborg f. 1755 g. 1. g. 1797 m. enkjem. Olav Sjursson Sæterdal bnr. 9-10. G. 2. g. på Straume bnr. 2.
- Marta f. 1756 g.m. Olav Einarsson Dyvik, sjå Dyvik bnr. 4.
- Olav f. 1758. Brukar her.
- Marie f. 1759 g.m. Olav Askjelsson Vik, sjå Vik, Stamnes bnr. 1.
- Jon f. 1762 g.m. Anna Askjelsdtr. Tysso. B. i Trettenes, Dalseid bnr. 3.
- Ragnhild f. 1765 g.m. Ingebrigt Brynjulvsson Stamnes. Busette på Rødseter i Mæland.
- Knut g. 1799 i Evanger kyrkje m. Marta Olsdtr. Øyo. B. på Straume stutt tid. Uvisst kvar det vart av dei sidan.
Son til Knut Jonsson og Marta:
- Olav, vart brukar i Kallvik bnr. 1, 1838.
1793 skøytte Olav Jonsson frå enkja Marta Olsdtr. m.fl. ervingar i alt 36 m. smør, medrekna arveluten åt Olav. Enkja Marta Olsdtr. fekk brev på eit leigekår. Olav Jonsson f. 1758 d. 1804 var g.m. Inga (Inger) Jonsdtr. f. 1758 d. 1848.
2 døtre døydde små, desse vart vaksne:
- Anna f. 1789.
- Jon f. 1793. Brukar her.
- Jon f. 1795. B. på Bolstad i Evanger.
- Knut f. 1797 g. 1815 m. Torbjørg Askjelsdtr. Tyssen. B. i Rasdal i Evanger.
- Olav f. 1799. B. i Jordal.
- Marta f. 1801 g. 1827 m. Eirik Knutsson Verpelstad. Flytte sidan til Saue, Voss. To av hennar døtre, Ingeborg og Inga, er gifte til Straume bnr. 1 og bnr. 5.
Ved skiftet etter Olav Jonsson 1804 var det til deling 313 rdl. Jordegodset vart utlagt til alle ervingane med 18 m. smør til enkja, 3 3/11 m. til kvar son, og 1 7/11 m. til kvar av døtrene. Da enkja Inga Jonsdtr. gifte seg att fekk ho og mannen bygselbrev på bruket.
1805 bygselbrev til Mons Larsson Verpelstad for 12 år. Mons f. 1768 d. 1825 var g.m. enkja Inga Jonsdtr. Dei var barnlause. Da dei let frå seg bruket til Jon Olsson 1811, fekk dei kår. Ved skiftet etter Inga 1849 var til deling 25 spd.
1811 vart det frå medervingane gjeve skøyte til Jon Olsson for 195 rdl. og kår. Jon f. 1793 d. 1841 var lagrettemann 1815. Han var g.m. Marta Olsdtr. Dyvik bnr. 4 f. 1791 d. 1871. Ved skiftet etter Jon 1841 var jordegodset 36 m. smør verdsett til 300 spd.
Jon og Marta hadde mange born, av dei vart 8 vaksne:
- Inga f. 1813 g.m. Askjel Olsson Hesjedal, sjå Hesjedal, Stamnes Mikkjelshaugen.
- Marta f. 1817 g.m. Johannes Haldorsson Hesjedal bnr. 1.
- Olav f. 1822. Fall gjennom isen og drukna 1853.
- Olav f. 1824. Brukar her.
- Mons f. 1826 d. 1899.
- Einar f. 1829.
- Jon f. 1832 d. ug. 1870.
- Anna f. 1837.
1841 fekk Olav Jonsson skøyte på bruket i skiftet etter faren. Kjøpesum 300 spd. og kår. Han var g.m. Ragnhild Einarsdtr. Tyssen f. 1825 d. 1916. Ho vart i si tid kalla «Tysse-solæ» avdi ho var så fager. Olav døydde 1863, og i skiftet etter han var jordegodset verdsett til 450 spd.
Olav og Ragnhild hadde desse born:
- Jon f. 1844. Brukar her.
- Einar f. 1846. B. i U.S.A.
- Johannes d. 1849.
- Olav f. 1852. Fargeriarb. B. i Tyskland og Frankrike.
- Marta f. 1854 g.m. Søren Andersson Hatlem, Flora.
- Synneva f. 1858 g. 1. g. m. Johannes Ingebrigtsson Stamnes, bnr. 12, husfolk der.
- Ragnhild f. 1863 g.m. Rasmus J. Låstad. Sjå ættesoge for Dale., ættesoge.
Enkja Ragnhild Einarsdtr. vart g. 2. g. m. Jon Haldorsson Vik, St., bnr. 3. Jon f. 1832 d. 1907 og Ragnhild dreiv dette bruket til 1869. Dei fekk kår hjå Jon Olsson sidan.
Jon og Ragnhild hadde desse born:
- Oline f. 1866 g.m. Haldor Andersson Øyo, sjå Øyo bnr. 1.
- Haldor f. 1869.
1863 fekk Jon Olsson skøyte etter far sin. Han var då berre 18 år, og mora og stykfaren dreiv dei fyrste åra. Jon f. 1844 d. 1910 var g.m. Inga Eiriksdtr. Verpelstad f. 1842 d. 1929.
Dei hadde desse born:
- Ola f. 1868. Brukar her.
- Eirik f. 1871. Farmararb. i Hannafort, Nord-Dakota, U.S.A. Ug.
- Ragnhild f. 1873 g.m. Haldor Johannesson Eide, sjå Eide bnr. 8.
- Marta f. 1876 g.m. Knut Johannesson Eide. Sjå Eide, festekontrakt 1 under bnr. 3.
- Andrine f. 1877 d. 1878.
- Synneva f. 1878. Døde som barn.
- Andreas f. 1879. Sjå bnr. 8,15.
- Ingeborg f. 1881 d. 1882.
- Martin f. 1882 d. 1907.
Det vart tinglyst kårbrev 1869 frå Jon Olsson til Jon Haldorsson og Ragnhild Einarsdtr. 1885 vart bnr. 2 skilt m.a. frå dette bruket. Br. 7 vart skilt frå dette bruket 1895.
1895 fekk Ola Jonsson skøyte hjå far sin for kr. 1800 og kår. Ola f. 1868 d. 1908 var g.m. Ingeborg Ivarsdtr. Eide bnr. 3 f. 1868 d. 1923. Ingeborg vaks opp hjå mor si, som var g. 2. g. m. Mons Monsson Vik, brukar på Stamnes bnr. 10.
Ola og Ingeborg hadde desse born:
- Jon f. 1892. Brukar her.
- Ivar f. 1894 d. 1902.
- Evald f. 1896 d. 1917.
- Inga f. 1898 d. 1916.
- Ingebjørg f. 1900 d. 1906.
- Magnus f. 1902 d. 1903.
- Anna f. 1904 g.m. Magnus Askjelsson Haugen, sjå Dalseid bnr. 3.
1906 skilde dei bnr. 8 frå, og 1911 bnr. 15. I 1911 vart det gjeve «amtsbevilling» til at enkja Ingeborg Ivarsdtr. fekk sitja i uskift bu. 1918 vart det tinglyst ei semje der Ingeborg Ivarsdtr. fastset at når ho gjev frå seg eigedomen eller fell frå, skal sonen Jon Olsson ha han for kr. 2.000 og kår.
1924 fekk Jon Olsson skøyte hjå mor si for kr. 2000 og kår. Jon f. 1892 er g.m. Anna Monsdtr. Breistein f. 1891.
Dei har desse born:
- Olav f. 19**. Brukar her.
- Erna f. 1918 d. 1918.
- Einar f. 19** g.m. Målfrida Mikalsdtr. Herfindal f. 19**.
- Asbjørn f. 19**. Sjå Straume bnr. 27.
- Erna f. 19**.
1950 skøyte til Olav Jonsson f. 19**.
BRUK 6
Karistovo. Løpenr. 12. Gamal skyld 1 pd. 15 m. smør. 1838 2 dl. 2 ort 2 sk., revidert til 2 dl. 2 ort 5 sk. 1886 3,55 skm. 1956 3,50 skm. 1863 var her om lag 9 mål åker. 6 4/5 mål var god, 1 1/2 mål middels, 1 mål ring. Bøen var 20 3/5 mål. 7 4/5 mål var god, 3 1/5 mål middels, 9 3/5 mål ring. Ikkje dyrkingsjord. Sånad 5 t. havre, 5 t. poteter. Avling 23 t. havre, 22 t. poteter. 936 v. høy, 161 v. halm, 280 v.høy i slåttene. Lyng, skav og beit til 1 1/2 kufor. Kan selja ved for 9 spd. netto årleg. Litt laksefiske, verdsett til 4 ort. Vanleg godt dyrka. Fødnad 1 hest, 9 kyr, 4 ungfe, 36 småfe. 1956: Fødnad 1 hest, 12 storfe, 30 sauer, 1 gris. Sånad 5 t. havre, 4 t. poteter. 1959 hadde bruket 54,6 mål innmark, og fødnaden var 4 kyr, 3 ungfe, 18 sauer, 1 gris.
Knut Knutsson f. 1661 d. 1726 fekk fyrst bygsla dette bruket, truleg frå 1687, men i 1705 fekk han skøyte og vart sidan alltid nemnd sjølveigar. Kona heitte Kari Johannesdtr. Det er truleg henne bruket har fått namn etter.
Knut og Kari hadde 4 born, men berre to døtre vaks opp:
- Anna f. 1694 g.m. Knut Askjelsson Øyo bnr. 2. Brukar her.
- Guri g.m. Ingebrigt Askjelsson Øyo bnr. 2. Brukar her.
1727 vart Knut Askjelsson Øyo brukar. Anna, kona hans, hadde ervt 1/4 av bruket etter far sin, og ein annan fjerdepart hadde Knut fått gåvebrev på hjå Kari, vermor si. Ho hadde visseleg hatt i tankane å dela bruket, for den andre versonen, Ingebrigt, bror åt Knut, hadde fått eit liknande gåvebrev og åtte såleis like mykje i bruket. I byrjinga bygsla Knut parten åt Ingebrigt, men 1741 let Knut broren få skøyte på sin part. Knut Askjelsson f. 1686 d. 1771 og Anna Knutsdtr. f. 1694 d. 1768 var gifte i 52 år. Det var sjeldsynt i dei dagar at folk levde så lenge, så presten fann grunn til å merkja det av i boka si.
Dei hadde desse born:
- Askjel f. 1716. Brukar i Vik, Stamnes St. 1741.
- Johannes f. 1724. Brukar på Kvamme bnr. 1 1752.
- Knut f. 1729. Brukar i Grøsvik bnr. 1 og 2 1757.
- Kari f. 1732 g. 1758 m. Anders Olsson Bolstad.
- Mons f. 1735. Bygsla dette bruk 1757. Sidan Øyo bnr. 2.
1741 vart Ingebrigt Askjelsson eigar av heile bruket, med di han fekk kjøpa parten åt broren. Ingebrigt hadde før vore brukar i Øyo bnr. 2, men han flytte no til Straume og vart verande der. Ingebrigt Askjelsson var ein velståande mann. I skiftet etter han var det til deling 283 rdl. Dette var berre halve buet, for det var skift etter kona 1770. Mellom eignelutane var det ei brurekrune verdsett til 43 rdl. og ein koparkjel på ei tunne verdsett til 12 rdl. Ingebrigt f. 1695 d. 1779 og kona Guri d. 1770.
Born:
- Nils f. 1717 d. 1753.
- Askjel f. 1720 d. 1801. Busett på Myking. G. 1. g. m. enkja Kari Magnesdtr. Nordre Myking, og 2. g. m. enkja Ingebjørg Johannesdtr. Lostad.
- Johannes f. 1724. Brukar på Kvamme bnr. 2.
- Knut f. 1727. Brukar i Brørvik 1757, på d. bnr. 1761.
- Kari f. 1731. G.m. David Olsson Bukkstein, sjå Bukkstein bnr. 2.
- Brita f. 1733. G.m. Hans Matiasson Brørvik, sjå Brørvik.
- Olav f. 1736. G.m. Guri Sevresdtr. Nordre Myking, Nedre Tveit i Lindås.
1757 bygsla Mons Knutsson (sjå ovanfor brukar 1727) bruket hjå Ingebrigt, farbror sin. Men alt 1761 hadde Mons flytt til Øyo bnr. 2 og bygsla der.
1761 bygsla Knut Ingebrigtsson bruket hjå far sin. Knut hadde då vore i Brørvik nokre år, men laut flytta derifrå. Ved skiftet etter mora 1770 ervde Knut 4 1/2 m. smør i bruket og ved skiftet etter faren 1777 ervde han 3 3/5 m. smør. Resten av jordeigedomen var delt mellom syskena hans. Askjel, den eldste, hadde odelsretten, og denne retten let han tinglysa 1783, så han hadde gjerne tenkt å ta over bruket sjølv. Men i 1792 gav både Askjel og dei andre syskena skøyte til Knut på sine partar, slik at han åtte heile bruket. Knut Ingebrigtsson f. 1727 d. 1812 var g. 1. g. m. Ingeborg Matiasdtr. Brørvik f. 1738 d. 1775. Aret etter gifte Knut seg 2. g. m. Helga Johannesdtr. Toskedal bnr. 2 f. 1752 d. 1830.
Born i 1. ekteskap:
- Guri f. 1758 g.m. Lars Askjelsson Vik, sjå Kallestad bnr. 1.
- Marta f. 1766 d. før 1812.
- Matias f. 1772. Brukar her.
Born i 2. ekteskap:
- Ingeborg f. 1776 g. 1816 m. Johannes Rasmusson Tyssen.
- Johannes f. 1780. Brukar i Kallvik.
- Dordi f. 1782. G.m. Olav Johannesson Leiro.
- Marie f. 1785. G.m. Nils Andersson Hvidsten, lærar i Stamnes, busette i Kallvik.
- Ingebrigt f. 1790 d. 1820.
- Olav f. 1797. Død etter 1832.
1804 fekk Matias Knutsson skøyte på bruket hjå far sin for 200 rdl. og kår til foreldra. I 1812 lova han også å gje kår til systra Ingeborg dersom ho levde lenger enn foreldra. Matias Knutsson f. 1772 d. 1813 var g.m. Ingeborg Jonsdtr. Hesjedal bnr. 1 f. 1775 d. 1848.
To søner døydde små; dei andre var:
- Knut f. 1895. Brukar her.
- Matias f. 1813. Brukar her.
- Anna f. 1810 d. 1834.
Ved skiftet etter Matias 1813 var jordegodset verdsett til 200 rdl. Heile eiga var på 215 rdl. Helga Johannesdtr., stykmor til Matias, hadde eit krav i buet på 50 rdl., og for det fekk ho utlagt 9 m. smør. Verbroren Askjel Jonsson Hesjedal hadde eit krav på vel 13 rdl. og fekk utlagt 2 2/5 m. smør. Resten vart skilt mellom enkja og borna.
Ved skøyte 1815 vart eigedomen samla att og skøytt på Knut Matiasson. Han var då berre 10 år gamal, og bruket vart bygsla bort til mora og stykfaren.
1815 bygsla Torbjørn Monsson Hermundsdal. Han vart g. same år m. enkja Ingeborg Jonsdtr. Torbjørn f. 1766 og Ingeborg f. 1775 d. 1848.
Dei hadde 4 døtre, av dei vart 2 vaksne:
- Ingeborg d. 1816. G.m. Jakob Olsson Hesjedal bnr. 1. Busette i U.S.A.
- Helga f. 1821. G.m. Lars Olsson Kallestad, sjå Kallestad bnr. 1.
1815 fekk Knut Matiasson skøyte, men han tok truleg ikkje til som brukar før 1828, då han gifte seg. Dette året var han også lagrettemann.
Knut f. 1805 d. 1840 var g.m. Ingeborg Pedersdtr. Bolstad d. 1892.
Dei hadde 4 born:
- Synneva f. 1830. G.m. Mons Einarsson Tyssen. Brukar her.
- Ingeborg f. 1833. G.m. Knut Haldorson Vik, sjå Vik, Stamnes bnr. 3.
- Anna f. 1836. Reiste til U.S.A. 1857 g.m. ein frå Hesjedal St.
- Ragnhild f. 1840. G.m. garvar Jon Johannesson Dalseid. B. på Straume bnr. 19.
1840 fekk enkja Ingeborg Pedersdtr. bruket utlagt for takstsum 220 spd. Ho gifte seg 1841 med verbror sin Matias Matiasson f. 1813 d. 1897.
Ei dotter døydde liten, dei andre var:
- Ingeborg f. 1844. G.m. Lars Vassenden, Straume bnr. 2.
- Helga f. 1849. G.m. Mons Olsson Vik, sjå Vik, Stamnes bnr. 1.
1854 gifte Mons Einarsson Tyssen seg m. Synneva Knutsdtr. Ho hadde odelsrett til dette bruket. Same året fekk Mons skøyte hjå, stykfar hennar for 220 spd. og kår. Mons f. 1823 d. 1887 og Synneva f. 1830 d. 1899 hadde ei dotter som døyde liten.
Desse borna vaks opp:
- Knut f. 1856. Brukar her.
- Einar f. 1861. Busett på Vaksdal.
- Martinius f. 1865.
- Johannes f. 1868. Sjå Dalseid bnr. 3 og bnr. 2.
- Synneva f. 1871. G.m. Jakob Johannesson Eide, sjå Eide bnr. 2.
1885 fekk Knut Monsson skøyte for kr. 1200 og kår til foreldra. Når foreldra døyde skulle Knut svara kår til broren Martinius. Knut f. 1856 d. 1904 var g.m. Gjertrud Matiasdtr. Brørvik f. 1856 d. 1897. Ei dotter døydde liten.
Dei andre borna var:
- Mons f. 1880. Brukar her.
- Ingeborg f. 1881. G.m. Anders Olsson Stamnes, Straume bnr. 19.
- Synneva f. 1883.
- Marta f. 1885. G.m. Knut Magnesson Hesjedal, sjå Hesjedal, Stamnes bnr. 3.
- Knut f. 1887. Matias f. 1889. Busett i Bergen.
- Knut f. 1894. Sandarb., b. på Straume, g.m. Anna Ingebrigtsdtr.
1905 fekk Mons Knutsson bruket utlagt i skiftet etter far sin for kr. 2000. Mons var i lang tid medhjelpar for presten i Stamnes kyrkje. Mons f. 1880 d. 1948 var g.m. Karen Emilie Olsdtr. Straume. Sjå pl. Sprakateigen. Ho er f. 1881.
Dei har desse born:
- Gjertrud f. 1907. G.m. Justin Eide, Straume bnr. 22.
- Marta f. 1909. G.m. Johannes Hesjedal, sjå Hesjedal, Stamnes bnr. 2.
- Ingebjørg f. 1910. G.m. Gjermund Hesjedal St. bnr. 2. B. Børve, Hardanger.
- Knut f. 1912. Brukar her.
- Olav f. 1914. Kontormann. Sjå ættesoge for Dale.
- Malvin f. 19**. Arb. på Dale Fabr. Sjå Straume bnr. 3.
- Ester f. 19**.
- Inga f. 19**. B. i Bergen.
- Sigurd f. 19**. B. i Ytre Arna.
Jon f. 1923. Gardsarb. på d. bnr. 1956.
1949 fekk Knut Monsson skøyte for kr. 4000 og kår til mora. Knut f. 1912 er g.m. Sigrun Knutsdtr. Vassenden f. 1923, frå Straume bnr. 2.
BRUK 7, ULEVIKBAKKEN
Skilt frå bruk 1, 4, 5, 6, 1895. Skyld 15 øre.
Selt til Lars Vassenden på bnr. 2. 1919 skøyte til Knut Vassenden med bnr. 2.
BRUK 8, DEMRING
Skyld 30 øre. Skilt frå bnr. 5 1906 og selt til Andreas Jonsson for kr. 3.300,-. Det nye bruket var ein del av Straumsfetæ, men då det vart skyldsett fekk det namnet Demring, og den nye eigaren tok dette namnet i bruk til familienamn. 1911 fekk han kjøpt ein teig til frå bnr. 5, Øvre Fetateigen bnr. 15, med skyld 12 øre for kr. 100,-.
Andreas Jonsson f. på bnr. 5 1879 d. 1957 var g.m. Inga Askjelsdtr. Haugen, Dalseid bnr. 3 f. 1886 d. 1953. Andreas dreiv med sanddrift attåt småbruket. 1920 vart det tinglyst kontrakt frå han til Andreas A. Strømme på sand og grus i sand- og grusfeltet til utgraving i 70 år for kr. 3.000,-. Andreas Demring var med i heradstyret og ymse kommunale nemnder og styre. Han var mykje historisk interessert, var med i bygdemuseumsnemnda frå 1939 og var ein av dei som gjorde Bergens Museum merksame på Skipshelleren, der det vart gjort rike steinalderfunn. På sine eldre dagar skreiv han ned mykje munnleg tradisjon til Vaksdal bygdebok. Han dreiv også som spelemann.
Born:
- Arnvid f. 1908 d. 1949. Sjå nedanfor.
- Trygve f. 1910. Sjå bnr. 24.
- Fridtjov 1915-2001. Sjå bnr. 25.
Arnvid Andreasson f. 1908 d. 1949 var motorbåtførar og var busett her. Kona, Inga Monsdtr., er f. 1914 i Vik, St., bnr. 1, d. 2006.
Born:
- Arneid f. 19**.
- Gunnar f. 19**.
- Vigdis Jorunn f. 19**.
- Arnvid f. 19**.
1959 hadde bruket 9 mål innmark, og fødnaden var 4 sauer.
BRUK 9
Skyld 4 øre, skilt frå bnr. 1 1907. Heimel har ervingane etter Magne Olsson Strømme.
BRUK 10
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 4 1907. Heimel har ervingane etter Anders Knutsson Strømme og kona Maria Olsdtr.
BRUK 11
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 5 1907. Heimel har ervingane etter Ole Jonsson Strømme og kona Ingeborg Ivarsdtr.
BRUK 12,
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 6 1907. Heimel har Emilie 0. Straume på bnr. 6.
BRUK 13, STRAUMSTAD
Skyld 5 øre, skilt frå bnr. 4 1911 .
Selt til Ola Andersson Straume for kr. 200,-. Ola er f. på bnr. 4 1873, g.m. Sofie Gurine Olsen f. 1879 frå Førde, Sunnfj. Dei hadde vaskeri på Landås ved Bergen i 30 år, men det brann opp under krigen. Seinare dreiv Ola sagbruk og høvleri i elva i Tretteneset, Dalseid.
Born:
- Olav f. 1910. Vaskerimeister, Sædalen, Fana.
- Gudrid g. Holmes. B. Bergen.
- Asbjørn, vaskeriarbeidar, Bergen.
- Ragnhild Margrete f. 1921 g.m. fabrikkarb. Per Haug, Oslo.
- Ellen g.m. elektrikar Jakob Abrahamsen, Bergen.
1954 skøyte til Ellen Abrahamsen, Gudrid Holmes og Ragnhild Haug.
Bruk 14
Skilt frå bnr. 1 1911 .
Selt til Ole M. Vik og Mons M. Strømme for kr. 60,-. Dei to eigarane var brør, f. i Vik bnr. 1. Mons f. 1881 døydde ugift 1954.
Ole f. 1880 d. 1945 var skomakar, seinare anleggsarbeidar, g.m. Marie Andersdtr. Toskedal bnr. 2 f. 1883.
Born:
- Ingebjørg f. 1909 d. 1927.
- Magnus f. 1910. Brukar her.
- Alvhild f. 1914 g.m. Knut Hesjedal, sjå Hesjedal, Stamnes bnr. 3.
- Olav Karstein. Brukar i Øyo, bnr. 1.
- Ruth f. 19** g.m. Gunnar Ragnvaldsson Hagen, sjå Stamnes bnr. 8.
- Sigmund f. 19** g.m. Marta A. Stamnes. B. Vaksdal.
1955 skøyte til Magnus Vik for kr. 500,-. Han eig også bnr. 26 Fagerto.
BRUK 15, ØVRE FETATEIGEN
Skyld 12 øre, skilt frå bnr. 5 1911. Har same eigar som bnr. 8.
BRUK 16, SOLLY
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1, 4, 5 og 6 1912 .
Selt til Andreas Andersson Strømme bnr. 4 f. 1877 g.m. Katinka Eline Sveinsdtr. Horvei f. på Bolstad 1880. Andreas var ei tid anleggsarbeidar. Katinka har kår etter skøyte tinglyst 1951.
Born:
- Anders f. 1906. Elektrikar. B. Dale.
- Svein d. som spebarn.
- Erling f. 1911. Sjå nedanfor.
- Kåre f. 1913 d. 1951. Skreddar.
- Sverre f. 1915. Murar. B. Stamnes, g.m. Signe f. Morken.
- Margit Andrea f. 19** g.m. m.målar John Fransen, Bergen.
- Gunnar f. 19**. Radioteknikar, Oslo.
1951 skøyte til Erling Andreasson f. 1911. Han arbeider i Dale Fabrikker. G.m. Borghild Olsdtr. Høvik frå Eksingedalen f. 1913.
Born: Åge f. 19**. Liv f. 19**. Arnt f. 19**. Laila f. 19**.
BRUK 17, FRYDENLUND
Skyld 4 øre, skilt frå bnr. 4 1917. Heimel har dødsbuet etter Anders Knutsson og kona Marie Olsdtr., som var brukarfolk på bnr. 4 1871-1916.
BRUK 18, FURUBAKKEN
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1, 4, 5 og 6 1921 .
Selt til Konrad Nikolai Klausen for kr. 2.000,-. Konrad, motorbåtførar, f. i Borge, Lofoten 1890 g. 1. g. m. Gjertine Johannesdtr. Greger frå Ure prestegjeld i Nordland f. om lag 1866 d. 1926.
Born:
- Gjermund f. 19**, motormann, g.m. Marta J. Simmenes f. 19**.
- Kåre Peder f. 19**, tekstilarb. Dale.
- Dagny f. 19** g.m. Erik Eriksen, Stavanger.
Konrad g. 2. g. m. Konstanse Berg, Balstad, Lofoten, f. 1891.
BRUK 19, GRANNETUN
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 6 1934.
Her var før eit bygselplass under Karistovo som vart kalla Naustbakken. Det vart teke opp 1867 av Jon Johannesson Dalseid og kona Ragnhild Knutsdtr. Straume bnr. 6 f. 1840. Jon var f. på Dalseid bnr. 2 1839 d. 1922. Han dreiv som garvar, fyrst i ein verkstad i kjellaren i stovehuset som han sette opp her, sidan i eit hus som stod innanfor nausta på Straume. Kring 1890 kjøpte han eit bruk på Dale, som han dreiv til 1899, då han flytte hit att. Seinare dreiv han med ymse arbeid, snikkararbeid, sandarbeid og losing gjennom Straumen.
Born:
- Johannes f. 1866 d. 1955, fabrikkarb. Dale, g.m. Ingeborg Andersdtr. Øyo bnr. 1 f. 1870. Sjå ættesoge for Dale.
- Mathias f. 1873, skreddar g.m. Brita M. Langhelle, U.S.A.
- Brita f. 1875 g. 1904 m. jernbanesmed Nils Olsson Steine, Voss.
- Johannes f. 1878, farmar i U.S.A., g.m. Agathe Johnsdtr. Dale.
- Knut f. 1879 d. 1926, handelsmann på Dale.
- Andreas f. 1881.
- Ingebrigt f. 1881.
- Ingeborg f. 1883, g.m. neste brukar.
Anders Olsson Stamnes bnr. 2 1880 var fartyeigar, og var fyrst busett på Stamnes. Han var g. 1. g. m. Ingeborg Knutsdtr. Stamnes bnr. 6 f. 1881 d. om lag 1920.
Born:
- Knut f. og d. 1904.
- Gjertrud f. 1906 d. 1934, g.m. ekspeditør Lars Nortveit, Bergen.
- Olav f. 1907. Farmar i Canada.
- Knut f. 1910. G.m. Jenny Dyvik. B. Stamnes.
- Harald f. 1911. Motorbåtførar. Hjelvikvåg i Osterfjorden.
- Anna f. 1913. G.m. Anders K. Straume bnr. 4.
- Ingeborg f. 19**. G.m. Hans Solvang, sjå Kallvik bnr. 2.
Anders Olsson g. 2. g. m. Ingeborg, dotter til den førre brukaren her, 1883.
Deira dotter:
- Edith f. 19** er g.m. bygn.snikkar Gunnar Mala, Voss.
1939 skøyte til Hilborg Jakobsdtr. Strømme for kr. 300,-. Ingeborg og Anders Stamnes har rett til fritt hus etter skøytet.
BRUK 20, ÅSVANG
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 5 1942 . Selt til Egil Åsvang for kr. 1.500,-. Han er anleggsarbeidar f. 1901, son åt Hans Olai Åsvang og kona Ingeborg Karine f. Kleppe, Baldersheim. Egil g.m. Ingeborg Martinsdtr. Stamnes bnr. 10 f. 1908.
Barn:
- Sigfrid f. 19**. G.m. styrmann Gjerulf Olsen, Arendal.
BRUK 21, TUNVOLD
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 4 1944.
Selt til Guri Andersdtr. Straume for kr. 100,-. Guri er f. på bnr. 4 1883.
BRUK 22, FAGERSTAD
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1, 4, 5 og 6 1924.
Selt 1944 til Justin Hjalmar Eide for kr. 200,-. Justein eller Justin er f. 1903, son åt Knut Johannesson, sjå Eide, festekontrakt 1 under bnr. 3. Justin g. 1. g. m. Gjertrud f. 1907 d. 1929 frå Straume bnr. 6.
Born:
- Marta f. 19**. G.m. bakar Markvard Dyvik, Stamnes bnr. 64 og 65.
Justin g. 2. g. m. Gunvor f. 1902, dotter til fabrikkarbeidar Ingebrigt Strømme frå Sprakateigen på Straume. Han var f. 1862 d. 1929.
BRUK 23, BAKKETUN
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1, 4, 5 og 6 1946. Her var fyrst eit bygselplass, Forvadbrekka, rudt av sams utmark.
1902 feste til Anders E. Mellesdal bnr. 2 f. 1860 g.m. Kari 0. Straume bnr. 3 f. 1867 d. 1925. Dei var ei tid paktarfolk i Grøsvik. Medan dei budde her, dreiv Anders med sandarbeid, jernbanearbeid og ymse anna. Dei fødde ku og geit, men mykje av høyet var markaslått.
Born:
- Anna Marie f. 1893 g.m. Jønne Jønson, Bergen.
- Guri f. 1894 g.m. bybod Magnus Johannesen, Bergen.
- Emil f. 1898 b. Grimo, Fana.
- Oliver f. 1898, sjå nedanfor.
- Borghild f. 1908.
1946 vart eigedomen avstått etter jordlova til Bruvik kommune for kr. 1.000,-. Heradet gav same år skøyte til Oliver Mellesdal for kr. 1.000,-. Han er lærar på Vaksdal og nyttar huset til sumarbustad.
BRUK 24, NYHEIM
Skyld 4 øre, skilt frå bnr. 15 1946 .
Selt 1947 til Trygve Andreasson Demring for kr. 300,-. Han er motorbåtførar f. på bnr. 8 1910 g.m. Signe Knutsdtr. Hesjedal bnr. 3 f. 1916.
Born:
- Asbjørn f. 19**.
- Ingrid Marit f. 19**.
- Kåre f. 19**.
BRUK 25, STRAUMSTUN
Skyld 4 øre, skilt frå bnr. 15 1946.
Selt 1947 til Fridtjov Demring for kr. 300,-. Han er elektromontør f. på bnr. 8 1915 d. 2001 g.m. Ingeborg Knutsdtr. f. i Hesjedal bnr. 3 1914 d. 2008. Fridtjov er medlem av heradstyre, formannskap, skulestyre og ymse kommunale utval.
Born:
- Bjørg f. 19**.
- Sigmund f. 19**.
- Randi f. 19**.
- Åshild f. 19**.
BRUK 26, FAGERTO
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1, 4, 5 og 6 1951.
1956 skøyte for kr. 1000,- frå arvingane etter Marie Johnsdtr. Straume og frå Anders K. Straume, John 0. Straume og Knut M. Straume til Magnus Vik. Han eig og bnr. 14.
BRUK 27, SELJESTAD
Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 5 1952 .
Selt til Asbjørn J. Straume 1953 for kr. 1.000,-. Han er motormann f. 19** på Straume bnr. 5 g.m. Aslaug Monsdtr. Vik bnr. 1 f. 19**.
Born:
- Atle Jostein f. 19**.
- Reidun f. 19**.
PLASSET SPRAKATEIGEN. (Braketeigen).
1865 var fødnaden på plasset 1 ku, 12 småfe og sånaden 1 t. havre og 1/2 t. poteter. 1875 var fødnaden 1 ku, 6 sauer, 8 geiter. Sånaden 1/2 t. korn og 1 1/2 t. poteter.
Dette plasset låg under bnr. 1. Den fyrste tinglyste festesetelen er frå 1858, men det er truleg at plasset vart teke opp før. Mons Johannesson f. på bnr. 1 1812 d. 1858 var truleg plassmann her. Han var g.m. Brynhild Andersdtr. Binningbø d. 1898, 83 år gamal. Enkja og nokre av borna vart buande her også etter at Mons var død og nye folk hadde fått festesetel.
Born:
- Brita f. 1838.
- Johannes f. 1840 d. 1841.
- Johannes f. 1841. U.S.A.
- Anders f. 1843. U.S.A.
- Ingeborg f. og d. 1845.
- Anna f. 1845 d. 1894. Ug. b. stundom i Brørvik, stundom på Straume.
- John f. 1849 g.m. ei frå Tysse i Evanger.
- Ingeborg f. 1852. U.S.A.
- Knut f. og d. 1856.
- Brita f. 1857 g.m. Hans M. Brørvik.
1858 fekk Olav Jonsson feste på plasset. Han var f. på bnr. 1 1825 d. 1863 g.m. Kari Bessesdtr. Stamnes bnr. 7 f. 1826 d. 1903. Dei eldste borna var fødde på Stamnes.
Born:
- Jon f. 1845.
- Besse f. 1846. Handelskar, b. i Bergen 1875.
- Olav f. 1848. Handelskar, b. i Bergen 1875.
- Johannes f. 1850. Handelskar, b. i Bergen 1875.
- Mons f. 1852. Knut f. 1855 d. 1878.
- Anna f. 1857 g.m. jernbanearb. Karl Andersson frå Sverige.
- Ingebrigt f. 1860 d. 1862.
- Ingebrigt f. 1862. Fabr.arb. b. på Dale. Sjå ættesoge for Dale., ættesoge.
Lars Jonsson frå plasset Straumshjellen f. 1835 vart 1866 g.m. enkja Kari Bessesdtr. Då Kari var død emigrerte Lars til Amerika, der han døydde hjå broren Olav.
Born:
- Oline f. 1866 g.m. Arne J. Herfindal bnr. 6.
- Anna f. 1869 g. 1894 m. smed Martinus Johannesson, Hope i Masfjorden.
- Guri f. og d. 1872.
Ola Olsson f. her 1848 d. 1912 var plassmann her frå om lag 1890. Han var ei tid skreppekar og var g.m. Ane Marta Knutsdtr. Krabbevik frå Otterøy i Romsdalen f. 1852 d. 1905.
Born:
- Olav f. 1880. B. i U.S.A.
- Karen Emilie f. 1881 g.m. Mons K. Straume bnr. 6.
- Knut f. 1883. B. i U.S.A. (K. Strome 4711-35 Ave. N.E. Seattle, Washington.)
- Josefine f. 1892 g. 1910 m. gardbr. Anders Einarsson Tyssen, Evanger, f. 1879.
HUSFOLK.
Om lag 1695 kom Nils husmann og kona hit frå Dalseid.
1882 fekk jernbanearb. Jakob Jørgensen og enkje Anna Olsdtr.
Ein son:
- Arnfinn f. 1882.
© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org