Toskedal

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Toskedal.


GNR. 28 TOSKEDAL


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg på Osterøy, omlag 3 km sør for Grøsvikvågen. Tunet ligg ved nordenden av Toskedalsvatnet, 212 m.o.h. Vatnet ligg 182 m.o.h. Der er køyreveg til Grøsvik og vidare langs sjøen til Kallestad. Før vegen kom, førde dei tyngre varer med kløv eller slede opp frå Grøsvik, der Toskedal hadde naust og båtar.

I Toskedal var det elles svært ujamt med hestehjelp. Bruk 1 kjøpte hest 1911. Før den tid hadde dei 1 års tid hest saman med ein mann i Grøsvik. På bruk 3 hadde dei stundom forøyker frå Voss, men varene frå Grøsvik bar dei opp for det meste. Når dei delte ein tunnesekk på 3 mann, var det ei høveleg bør, rekna dei. Det var og ofte at dei delte ein tunnesekk på to bører. Elles var sume av dei gamle svært sterke. Det er fortalt om Jon Berjeson bnr. 3 f. 1798 at han kunne ta ei tunne korn og ei skjeppe salt i ei bør frå Grøsvik og heim. Over fjellet til og frå Kallvik var det berre handelsmannsvarer dei tok.

Kyrkjevegen gjekk austover fjellet og kom ned i Kallvik, der dei skulle halda Toskedal med kyrkjebåt og ærendsbåt. Til vederlag fekk Kallvik leiga eit stykke beitemark på fjellet.

Gardsnamnet vart skrive: Toskuðal på slutten av 1300-talet, Thoschedall 1610, 1620. Toschedal 1667. Toschedall 1723. Toskedal 1820. Bygdemålsuttalen er: «tå’sskedalen». I bygdetradisjonen vert gardsnamnet sett i samband med øya Toska lengst vest i Hordaland. Dei meiner at folk derfrå har hatt beite eller skogteigar her inne. Oluf Rygh meiner at namnet er samansett med ordet task a som må ha vore namn anten på elva som garden ligg ved, eller på Toskedalsvatnet.

Garden grenser til Gammersvik, Grøsvik, Kallestad, Kallvik, Bukkstein, Mo og Kleiveland. Grensene vart fastsette og tinglyste 1846, då det var utskifting i Toskedal. Mot Kleiveland var det også grensegang 1938. Denne grensa, som er heradsgrense, tek til ved Bukkaberget eller Okslæ sør for søre Bårdhjelldalen, og går mot nord til nordre Bårdhjelldalen, der det er ein X i ein berghaug om lag 50 m nord for Brokatjørna. Derfrå går grensa nordaust til ein kross ca. 100 meter nordvest for Mjelketjørna og vidare mot nord til X i berg nordvest for Sorretjørna, der grensa sluttar om lag 18 m nordaust for kanten av øvre Sorrebotnen. Dette punktet ligg om lag rett opp for søre Sorrevatnet. Om grensa mot dei andre gardane, sjå under desse.

Det eldste skriftlege vitnemålet om garden finn me i Bjørgvins Kalvskinn, ei jordebok frå 1360-70-åra. Kor gamal garden er, kan me ikkje seia nærare før me får kjennskap til den arkeologiske registreringa frå Bergens Museum. Det er ikkje noko som tyder på at garden har vore nedlagd etter svartedauden. Noko før 1650 vart garden delt i to bruk. Dei var jamstore. Sist på 1600-talet vart det eine bruket delt i to like partar. Dette tilhøvet heldt seg til kring 1820, då det største bruket også vart delt i to, og den eine helvta bygsla bort. Dei som sat med desse bruka, nr. 3 og 4, var far og son, og det ser ikkje ut til å ha vore noko skikkeleg teigdeling mellom dei. Ved midten av 1800-talet var det berre ein brukar på desse to bruka, men 1872 vart bruksnr. 4 selt, og denne gongen vart det halde delings- og skylddelingsforretning. Oppdelinga av garden ser ut til å ha ført til nokså stor teigblanding på innmarka, og stort betre vart det visst ikkje ved den minnelege utskiftinga som vart halden 1846. Det vart drege 10 liner. Dei fleste tok til ved vatnet og enda ved bøgjerdet. Dei 4 linene lengst vest på innmarka var nokså greie, men den 5. som byrja ved vatnet der gardbekken rann ut, gjekk gjennom åkrane, og her vart det svært mange vinklar på lina. Det same galdt dei tre neste linene som gjekk gjennom tunet. Vest for tunet hadde bruk 1 ein bøteig som låg midt inne i huseteigen åt bruk 3 og 4. Bnr. 1 hadde ein åker — Røysåkeren — inne i bøen åt bnr. 2, og ein annan åker — Kringleåkeren —som låg noko i bøen åt bnr. 1 og noko i bøen åt bnr. 3 og 4. Båe desse åkrane vart utsteina 1846. Offentleg utskifting vart halden om lag år 1900, tinglesen 1902. Det vart halde overutskifting som vart tinglesen 1901. Før hadde alle bruka husa sine i det gamle tunet aust for elva. Husa låg om lag i ein trekant. Bruk 1 flytte ut or gamletunet før utskiftinga. Dei hadde mesteparten av åkrane sine vest for elva og hadde ei kornløe standande der. Fyrst flytte dei løa og flor dit, og til sist stovehuset som vart oppsett kring 1889. Den gamle kornløa tok dei til vedskytje. For at bruk 1 skulle sleppa flytta husa endå ein gong etter utskiftinga, fekk bruk 2 ein biteig på andre sida. Denne biteigen vert no driven som leigejord under bnr. 2, og der er bygt hus og driftsbygningar. Bruk 2 flytte husa sine vest til Lammeneset eller Maurtua, der det før hadde vore eit husmannsplass.

1863 var her 15,8 mål åker. Berre 4 mål var god, 4,5 mål middels, resten ring. Dei største åkrane var Storåkeren og Ekro. Andre åkernamn var Kringlo, Heggåkeren. Før dei fekk hest spadde dei åkrane. Det var vanleg at dei gjorde bytesspoda med Bukkstein, avdi våren kom så mykje tidlegare der nede. Dei gjorde og bytesspoda med Veo og visstnok med Kvåstad.

1723 heiter det: «Aarvant til Korn og samler mestendeel fra udmarken.» 1863 var her 53 mål bø eller naturleg eng. 14,5 mål var god, 20,5 må! middels god, og resten var ring.

Slåtteteigar hadde dei Or for vatnet i Dalen og i Kjelkavik. Ved den minnelege utskiftinga 1846 vart nokre av utslåttene, som låg inne i skogteigane åt andre bruk, merkte med steinar. I Dalateigen åt bruk 1 hadde bruk 3 og 4 ei slåtte som dei kalla Munkebotsslåtta. Like eins eit stykke i Klentoa. Bruk 2 hadde i alt 6 slåtteteigar i skogen åt bruk 3-4, og to teigar i skogen åt bruk 1. Bruk 1 hadde 4 slåtter i skogen åt bruk 3-4, og ei slåtte, Fetteigen, låg i skogen åt båe grannane. Det vart ikkje gjort endringar i skogmerka 1846. Brukarane var samde om å ha skogen slik han frå gamalt hadde vore delt. Bruk 3-4 hadde Tjørnateigen, Sædalsteigen, Tenneteigen, Lundebrekkteigen, Svartevassteigen, Albogliteigen, Tennebotsteigen. Bruk 2 hadde Åteigen, Grøsvikdalteigen, Eikenesteigen i Rossevika, Skavleteigen og Dalateigen. Bruk 1 hadde Vesledalteigen, Storhaugteigen i Grøsvikdalen, Sveenesteigen, Kleivateigen. Dessutan åtte bruk 2, 3 og 4 eit skogstykke vest for Toskedalsvatnet. Denne teigen vart delt med ei line. Ein liten skogteig som bruk 1 og 2 hadde ved Åretjørn ville dei heist ha i hop framleis for å halda eit gjerde som dei hadde der. Ved utlaupet åt Toskedalsvatnet hadde alle bruk ein skogteig som dei ville ha i hop som før. Vyrke frå, denne teigen skulle brukast til vedlikehald på stemme og kvernhus. 1863 var her skog nok til ved, hustømmer og til husbruk. Bnr. 2 hadde ikkje ved eller tømmer å selja, men dei andre kunne selja for i alt 9 spdl. årleg netto.

1723 heiter det om skog og beite: «Intet Sætter noget furreved og Brendeved skoug . . . lever af Qvægets avling og iblant af lit Ved at selge.» 1863 om beitet: «Beliggende ved Gaarden af middels Beskaffenhed og omtrent tilstrækkelig». Beitet var sams etter utskiftinga 1846 og er det framleis. Feet beiter på ulike stader i utmarka til ulike tider. Sæter vart bygd i 1942 og var i bruk til om lag 1948. Etter den tid har beitebruket vore slik: Bnr. 1 sender kyrne til Mo, bnr. 2 har mest kulturbeite og mjølkar i fjøset. Bruk 3 har kulturbeite på ei gamal utslåtte og elles noko inngjerdt utmarkbeite.

Ein gong då vatnet var nedtappa, fann dei ein båt som var utgraven or ein stokk. Denne båten kalla dei stølabåten, og han har da truleg vore bruka når dei skulle ro over vatnet for å mjølka kyrne. Det har truleg vore fleire stader på gardsområdet som hadde namnet «stølen». Ein av stadene låg rett ovanfor det gamle tunet. I det gamle tunet er det att nokre sers gamle hus, mellom anna ei rotstove som no har vorte bruka til vedskytje. Det har vore gjort freistnad på å sikra denne stova, mellom anna av Hordaland Landbruksmuseum.

I Toskedalsvatnet er det bra mykje fjellaure. Fleire av brukarane har dessutan drive sjøfiske saman med grannar frå Grøsvik, Gammersvik og andre gardar i Nordgrend (sjå Grøsvik). Kvernar hadde dei ved utlaupet av Toskedalsvatnet, ei til kvart bruk. Der var det stemme og ein skogteig til å halda stemme og bru over elva vedlike. 1888 selde oppsitjarane Toskedalsvatnet til Vollert Hille (Tøsse Mølle). Hille fekk rett til å tappa vatnet ned 12 fot (6 alner). Retten gjeld framleis. Gamlesaga var ei oppgangssag eller grindasag og stod 50 meter opp frå. Svartevatnet, i elva som kjem frå Toskedalsvatnet. Ho høyrde til bnr. 3 og 4, og det var Johannes Berjeson som sette henne opp. Ho stod til 1888, då dei bygde reguleringskanalen for Tøsse Mlle i Toskedalsvatnet. Så sette Johannes A. Toskedal på bnr. 2 opp sirkelsag, på den delen av Dalen som bruket eig, i 1901. Seinare vart ho flytt nedom stemma i Toskedalsvatnet. Bruk 3 sette opp sag på Dalen i 1916. Ho vart i 1952 flytt heim på garden og vert no driven med elektrisk kraft. Det er Erik Toskedal, (f. 1890, sjå bnr. 3) som har sagbruket. I Toskedal er der sidan 1956 bygt skogtraktorveg frå bøen og nord mot Kolamilbakken, mest til skogsgrensa mot Gammersvik.

Husmannsplass høyrer me ikkje gjete før 1848 då Olav Olsson Toskedal, som hadde vore brukar på bruk 2, fekk festesetel på Lammeneset. Dette plasset låg under bruk 2. Plasset var i bruk til kring 1890.

Om lægjet åt garden heiter det 1723: ligger 1/4 Miil fra Søen 5 Mile fra Bergen.» 1863: «3/8 Miil ubanet Vei til Søen, derfra 4 1/2 Miil til Bergen. Om Vinteren hindret for Menis i 5 Mdr. Tungbrugt.» Før vegen kom kunne garden også liggja nokså avstengt frå grannegardane når føret gjorde det vanskeleg å ta seg fram. Folket på garden måtte vera sjølvhjelpne om noko uventa skulle koma på. Dette syner seg mellom anna i gravferdsskikkane. Heilt til 1950- åra laga dei likkistene på garden. Vyrke hadde dei liggjande, og husbøndene, som oftast 2-3 mann, kom i hop og laga kista. Den tid det var vanleg å bryggja til gravferd, måtte dei også reisa til byen etter malt når det var dødsfall på garden. Det vert fortalt at i 1922 fekk dei kista laga i Kallvik. Til vyrke fekk Jon Bindingbø, som laga kista, ein furebutt. Den ferdige kista vart teken sjøvegen til Gammersvik og køyrd derfrå til Toskedal. Gravferdsvegen gjekk over fjellet til Kallvik. Når føret var ringt, kunne gravferda ta lang tid. I ei gravferd frå Mo om vinteren i laussnø tok dei ut så snart det ljosna om morgonen. Likevel var dei ikkje framme på Stamnes før seint om kvelden etter det var myrkt. Siste gongen vegen vart nytta til gravferd var kring 1918. Etter den tid har dei brukt den vanlege vegen ned til Grøsvik. Gravarota omfata før Kallvik, Toskedal og Mo, men a vegen kom, kom Grøsvik og Gammersvik i tillegg, av di dei fekk meir samband med desse gardane då. Takningsrota var frå før den same som gravrota er no, men dei frå Kallvik var ikkje med på takning i Grøsvik og Gammersvik.

Ved det gamle tunet er det ein teig dei kallar Humlegardsgjerdet. Der dyrka dei humle før. Det var sett opp stenger som humlen vaks etter. Humlen veks enno på denne staden.


SKYLD, UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr. nr. 22 i Hosanger skipreide, nytt 24. 1858 matr.nr. 143 i Haus tinglag. 1886 gnr. 39 i Bruvik. Landskyld 1590-91: 1/2 laup. 1626: 1/2 laup smør, 1 mile malt. 1648: 2 pund (48 merker) smør, 1 mile korn. Matrikkeltakst 1665: 2 pund smør. 1838: 1 dl. 4 ort 18 sk. 1886: 4,78 skm. Leidang 1590-91: 1 saueskinn. Fredtoll kvart åttande år. Husdyrskatt 1657: 10 mark 1 sk. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar: 2 mark 9 sk. Småtiend: 5 sk. 1 huid. Kandtiend: 2 1/2 mile. Folketal 1801: 23. 1875: 22. Fødnad 1657: 2 hestar, 12 kyr, 2 kviger, 10 geiter, 13 sauer. 1723: 2 hestar, 11 kyr, 2 ungfe, 21 småfe. 1863: 1 hest, 13 kyr, 6 ungfe, 72 småfe. 1959: 1 hest, 4 kyr, 5 ungfe, 19 sauer, 1 gris, 96 høns. Sånad 1665: 3 tn. korn. Avling 6 1/2 tn. 1723: Sånad 3 tn. havre. Avling 9 tn. 1863: Sånad 11 tn. havre, 9 tn. poteter. Avling 451/2 tn. havre, 45 tn. poteter. 1827 våger høy, 301 våger halm. I slåttene 490 våger høy. I 1959 var der 124,7 mål innmark.


EIGARAR

I Bjørgvins Kalvskinn, ei jordebok over kyrkjegods i Bergen på 1300-talet, står dette: «Præstr tæker a Stafnæsi. Item i Toskuðal manada mata bol.» Denne luten er truleg ikkje heile garden. På 1600-talet er Allehelgenskyrkja eigar. 1648 heiter det: Alle Helgen eyer och bøxler.» Allehelgenskyrkja i Bergen var eit kongeleg kapell, skipa og bygt av kong Håkon Håkoson. Til kyrkja høyrde det eit hospital for menn. 1665 kravde Peder Hanssen, rådmannen i Bergen, brukarane i Toskedal for skyldig landskyld. Brukaren Olav skulda 5 rdl. Brukaren Johannes møtte og vedgjekk skulda både på eigne og dei andre innstemnde sine vegne. 1668 vart dei kravde på nytt. Olav skulda då 5 ort og dessutan for ei tunne korn 1 1/2 rdl. Johannes var skuldig 5 ort 8 sk. og for 2 tunner Ryfylkekorn 3 rdl. 1670 var dei stemnde på nytt. Det var Johannes som møtte denne gongen og. Han var skuldig 7 1/2 mark i landsskatt og for 1 tunne korn 9 mark. Olav var skuldig like mykje. Dei vart pålagde å betala gjelda innan 14. april. «Under deris gaarders forbrydelse och dog med vurdering af deres gaardt at undersøge.» Også i 1671 skulda brukarane penger til jordeigaren. Johannes vart kravd for 3dje bygsel frå 1666. Det var 8 mark. Landkylda for 1667 hadde han heller ikkje betalt. Det var 1 rdl. og 1 ort. Dessutan skulda han for 2 tunner Ryfylkekorn 3 rdl. Olav vart kravd for landskyld for 1667. Det var 5 ort, og for ei tunne Ryfylkekorn 9 mark. Lensmannen opplyste at Olav var i byen for å betala. Dei vart dømde til å betala innan 14 dagar. Stutt tid etter skifte garden eigar. 1676 var det borgarmeister Trojel som åtte garden. Han hadde kjøpt fleire av gardane som høyrde til Allehelgensgodset, mellom anna Gammersvik og Grøsvik. 1694 hadde Rasmus Hannestveit overteke desse eigedomane. 1718 åtte Johannes Hannestveit garden. 1724 fekk brukarane skøyte. Om eigarsoga seinare sjå under dei einskilde bruk.


BRUKARAR FØR 1700

I 1590-åra var Nils brukar. 1603-1620 var Magne brukar. 1623 og 1630: Mons. 1638 og 1645: Magne Larsson og kona Anna. 1645 var her to brukarar til som truleg var sønenene til Magne og Anna. Den eine var Simon Magneson med kona Kari. Dei var også brukarfolk her 1657 og fødde då hest, 6 kyr, 1 ungfe, 4 geiter og 9 sauer. Den andre brukaren i 1645 var Johannes Magneson med kona Anna. Han var brukar fram til 1680-åra og finst fleire gonger nemnd i kjeldene. Mellom anna var han fleire gonger stemnd for skuldig landskyld. (Sjå under eigarar.) 1657 fødde han hest, 6 kyr, 1 ungfe, 6 geiter, 4 sauer.

Born:

Johannes, truleg f. 1645, brukar her.
Olav f. 1656.


1666 var Johannes Johannesson brukar her. Parten hans var 1/4 av heile garden, og han har truleg fått halve bruket åt faren. Det kan henda at det var han som vart stemnd for gjeld 1668 og 1670. Johannes døydde 1695, og kona, som ein ikkje veit namnet på, døydde 1693.

Born:

Johannes f. 1665.
Anders, brukar på bnr. 2. Marie g.m. Johannes Nilsson Langhelle, sjå Langhelle bnr. 6.
Ivar f. 1680. Brukar på Eikemo.
Anna.

1666 var Olav Knutsson brukar på halve garden. Han var fødd om lag 1633 og g.m. Anna Olsdtr. d. 1736. Olav var stemnd for skuldig landskyld kring 1670.

Born:

Johannes f. 1687. Brukar i Stamnesleiro.
Dordi g. 1732 med Johannes Olsson Bjørge, Hosanger.
Marta g. 1733 m. Ivar Nilsson Haukøy.

Ved slutten av 1700-talet budde her dessutan ein mann som heitte Per, som visstnok ikkje var brukar. Fleire av borna hans var busette her. Den eine var Olav, brukar på bnr. 1, vidare Anna f. 1666 g.m. Anders J. Toskedal, bnr. 2 og Anders g. 1696 m. Marta Olsdtr. Dale.


BRUK 1

Daglegnamn: Simoane. Gamalt l.nr. 44. Nytt 554.

Gamal landskyld: 12 merker smør, 3 kanner malt. Skatteskyld 12 merker smør. 1838: 2 ort 11 sk. 1886: 1,51 skm. Den same skylda står ved lag i dag. 1863: 4 mål åker, 1 mål var god åker, 11/2 mål ring, resten middels. 13 1/2 mål eng. Av det var 4 mål god eng, 5 mål ring og resten middels. Sånad: 3 1/2 t. havre, 3 t. poteter. Avling 13 t. havre, 15 t. poteter. 574 våger høy, 91 våger halm. I slåttene 150 våger høy. Fødnad: 5 kyr, 3 ungfe, 28 sauer. Kan selja ved og tømmer for årleg netto 3 spd. Beit og lyng for 1 ungfe. 1875: Fødnad: 1 okse, 6 kyr, 1 ungfe, 18 sauer, 12 geiter. Sånad: 3 1/2 t. havre, 3 t. poteter. 1959 var fødnaden 1 hest, 1 ku, 2 ungfe, 7 sauer. Innmarka var på 22,1 mål.


Om lag 1690 bygsla Olav Pederson. 1724 fekk han skøyte. Olav var g. 1696 m. Marta Olsdtr. Dale (truleg bnr. 14) f. 1655 d. 1755. Olav var f. oml. 1665 d. 1744. Marta hadde truleg vore gift før. 1701 finn me oppført Torstein Nilsson 9 år og Nils Nilsson 7 år, som høyrande til huslyden. Ein gong då Olav og Marta skulle ha eit barn gravfest, skreiv sokneprest Hjermand i kyrkjeboka at Olav visste ikkje namnet åt barnet før kona hadde sagt det til han. Det ser ut til at dei hadde fleire søner som døydde små.

To døtre vart vaksne:

Marta f. 1697 g.m. neste brukar.
Brita f. 1706 d. 1752. G.m. Olav Nilsson Bjørge.

I skiftet etter Olav vart jordegodset taksert for 8 rdl. Den ugifte dotra Brita fekk i «hjemmegifte» 2 1/4 mark smør, 3/4 kanner malt, som vart verdsett til 2 rdl. Enkja Marta fekk utlagt 5 5/8 merker smør, 1 7/8 kanne malt, verd i alt 5 rdl. Resten vart delt likt mellom døtrene Marta og Brita.


1734 vart Olav Nilsson Kallvik g.m. Marta Olsdtr. Dei fekk bygsla bruket åt far hennar. Marta ervde noko av bruket etter foreldra sine, og resten fekk dei skøyte på 1757 hjå Olav Nilsson Bjørge som var g.m. Brita, syster åt Marta. Olav f. 1708 d. 1775 og Marta f. 1697 d. 1758 var barnlause. Ved skiftet etter Marta ervde enkjemannen heile bruket. Olav vart g. 2. g.m. Marta Johannesdtr. Grøsvik bnr. 3 f. 1726. Ved skiftet etter han fekk ho utlagt 41/2 merker smør, 3 kanner malt. Anders Nilsson Grøsvik ervde 1 4/5 merker smør, 1 1/2 kanne malt. Haldor Nilsson Grøsvik ervde like mykje, og Dordi Haldorsdtr. Grøsvik fekk utlagt 9/10 merker smør og 5/5 kanner malt (?)


1777 vart Simon Johannesson Askeland f. 1740 d. 1825 g.m. enkja Marta Johannesdtr. Same året fekk han skøyte hjå Anders Nilsson Grøsvik m.fl. på halve bruket. Den andre helvta åtte kona. Simon og Marta døydde barnlause. Marta døydde 1804 78 år gamal. 1827 vart det halde skifte. Nettoen i buet var 11 spd. 2 mark 20 sk. Borna etter heilsystra Brita og halvsystra Siri ervde henne.


1792 skøyte til Simon Knutsson Mo f. 1755 d. 1818 for 60 rdl. og kår. Simon var g.m. Brita Sjursdtr. Grøsvik bnr. 3 f. 1764 d. 1831. Brita var brordotter åt den førre brukarkona. Sjur Grøsvik var ei tid på bnr. 3, men kom sidan til Li i Eikanger skipreide der han fekk seg gard. Ved skiftet etter Simon 1817 var jordegodset verdsett til 70 rdl. Nettoen i buet var 99 rdl.


Born:

Marta f. 1793 d. 1873 på Verpelstad. Ugift.
Olav f. 1794. Brukar her.
Marta f. 1798 g.m. Lars Monsson Stamneshagen, sjå Stamnes bnr. 11.
Dordi f. 1804 g.m. Nils B. Verpelstad, sjå Verpelstad bnr. 2.

Ved skiftet 1817 vart halve bruket utlagt til enkja Brita, og resten delt mellom dei 4 borna.


1818 skøyte til Olav Simonson på heile bruket for 60 spd. og kår til mora. Olav f. 1794 d. av koppar 1846 g. 1821 m. Sigrid Johannesdtr. Mo f. 1795 d. 1880. Ved skiftet etter Olav 1846 var nettoen i buet vel 84 spd. Jordegodset var verdsett til 130 spd. Det vart utlagt til sonen Simon.

Born:

Brita f. 1822.
Simon f. 1823. Brukar her.
Jon f. 1826 d. 1885 ug. Brukar her.
Ingeborg f. 1828 g.m. Anders B. Stamnes. Busett på Kulshamar, sjå Stamnes bnr. 21.
Johannes f. 1830. Brukar her.
Simon f. 1832 g.m. Marta Haldorsdtr. Kallvik 1874 (?).
Olav f. 1834 d. 1838.
Marie f. 1837 d. 1908 ug.


1846 skifteskøyte til Simon Olsson for 130 spd. Simon døydde alt 1852.


1852 skifteskøyte til broren Jon Olsson for 140 spd. Nytt skøyte same år til broren Johannes Olsson for 140 spd. og kår til mora og broren Jon. Johannes f. 1830 døydde ug. 1907.


1880 skøyte til Simon Nilsson Verpelstad bnr. 2 for kr. 2.200,— og kår verdsett til kr. 400,— for 5 år. Simon f. 1845 d. 1912 var g.m. Marta Knutsdtr. Dyvik bnr. 4 f. 1855 d. 1949. Dei budde fyrst på Verpelstad der dei to eldste borna var fødde.

Born:

Dordi f. 1879 g.m. Jon Helgeson frå Fumes bnr. 2, busette U.S.A.
Barbru f. 1881 g.m. Johannes K. Simmenes.
Brita f. 1883 g.m. Enevold Johannesson Dalseid. Sjå Dalseid bnr. 1.
Kristina f. 1886, g.m. Brynjulv Fjell, Meland.
Nils f. 1889. Brukar i Dyvik, bnr. 4.
Marie f. og d. 1891.
Johannes Bertin f. 1894. Brukar her.
Einar f. og d. 1897.
Inga f. 1901 d. 1919.

Simon var med i skulestyret 1882.


1939 skøyte til Johannes Bertin Simonson for kr. 1800,— og kår til mora Marta Knutsdtr. Systerson åt Johannes, Ingard Simmenes, bur her og driv garden saman med han. Ingard f. 1921 er son åt Johannes Simmenes og kona Barbru f. Toskedal. Han er g.m. Hildur f. 19**, dotter åt Ole H. Kleiveland og kona Marta f. Haukøy.

Born:

Sigmund f. 19**.

.Vidar f. 19**.

Harald f. 19**.


BRUK 2

Daglegnamn: Andersane. Gamalt løpenr. 45. Nytt nr. i 1853: 555. Gamal skyld: 12 merker smør. 1838: 2 ort 11 sk. 1886-1956: 0,93 skm.

1863 hadde bruket 3,5 mål Åker. Av det var 1 mål god, 1 mål middels og resten ring. Der var 7 mål eng. 3 mål var god, 3 mål var middels og resten ring. Sånad: 21/2 tn. havre, 2 tn. poteter. Avling: 10 tn. havre, 8 tn. poteter, 421 våger høy, 70 våger halm, 100 våger høy i slåttene. Lyng m.m. for 1 ungfe. Fødnad: 4 kyr, 2 ungfe, 21 sauer. Skog nok til ved, hustømmer, og litt til husbruk. Har ikkje ved eller tømmer selja. 1959 var fødnaden 1 ku, 1 ungfe, og innmarka var på 55 mål.


1701 var Anders Johannesson brukar her. Han var g. 1. g. m. Brita Halsteinsdtr. eller Pedersdtr. Dale, d. 1696. Gift 2. g. m. Anna Pedersdtr. Dale f. 1666 d. 1726. I det første ekteskapet budde Anders på Dale. Då han vart gift for 2. gong, flytte han hit, der han fyrst fekk bygsla dette bruket og fekk skøyte i 1724. Anders var visstnok ikkje mors beste barn. 1732 vart han «public absolverb» for vanhelging av sabbaten mot det 3dje bod, ulydnad og oppreist mot læraren sin som var synd mot det 4de bod, forarging mot det 5te bod og fylleri og drukkenskap, som var synd mot det 6te bod. Han gifte seg 3. g. m. Anna Jonsdtr. Litle-Urdal f. 1694, men døydde så 1742.

Born:

Johannes f. 1728.
Olav f. 1732. Busett i Børsli.
Gjertrud f. 1736. G.m. Eirik Nilsson Sæterdal, sjå Sedalen bnr. 3.

Ved skiftet etter Anders ervde kvar av sønene i lausøyre 2 mark og 6 sk., og dotra 1 mark, 3 sk. Jordegodset vart verdsett for 16 rdl. Borna ervde noko av det i skiftet etter faren og resten ervde dei i skiftet etter mora 1742. Anna gifte seg 2. g. m. Eiliv Ivarson Mo. Han hadde berre ei hand, og i 1755 var han komen til Bruvik sokn der han var legdslem. Han døydde 1780. Dette ekteskapet var barnlaust.


1751 skøyte til Johannes Nilsson Veo ved formyndarane for dei umyndige borna, Johannes, Olav og Gjertrud. Stykkfaren Eiliv Ivarson var til stades og gav samtykke til salet. Kjøpesummen var 16 rdl. Johannes f. 1720 d. 1764 var g. 1. g. m. Dordi Olsdtr. Bukkstein bnr. 1 f. 1725 d. 1755.

Born: Helga f. 1752, g.m. Knut I. Straume, sjå Straume bnr. 6.

Johannes g. 2. g. m. Brita Monsdtr. Sæterdal (sjå Husfolk) f. 1723 d. 1787.

Born:

Nils f. og d. 1758.
Marie f. 1762.
Dordi f. 1759 g.m. Mons E. Herfindal, sjå Herfindalen bnr. 1.

Ved skiftet etter Dordi vart jordegodset verdsett til 16 rdl. og utlagt til enkjemannen. Ved skiftet etter Johannes 1764 var taksten på jordegodset den same. Enkja Brita fekk utlagt helvta, og kvar av døtrene fekk 2 merker smør, 1/2 kanne malt, verdsett for 2 rdl. 4 sk. Dei hadde kvar ein arvelut på vel 11 rdl.


1765 vart Olav Johannesson Hesjedal bnr. 1 og 2 f. 1743 d. 1766 g.m. enkja Brita Monsdtr. Før dei gifte seg fekk Olav skøyte på odelen til heile bruket frå Olav Andersson og verja for syskena Johannes og Gjertrud (dei var born etter den tidlegare brukaren Johannes Andersson). Han fekk også odelsskøyte hjå verjene for Helga, Dordi og Marie. Olav og Brita fekk ei dotter Madli f. 1766 g. 1789 m. Knut Monsson Øyo. Dei vart busette på Sagstad. Ved skiftet etter Olav 1766 vart jordegodset, 12 merker smør, 3 kanner malt, verdsett for 20 rdl. og skift likt mellom enkja Brita og dotra Madli.


1767 vart Jon Sjursson Vaksdal f. 1744 d. 1821 g.m. enkja Brita Monsdtr. Den parten som ho ikkje åtte, fekk dei bygsla. Ved skiftet etter Brita 1787 var nettoen i buet 30 rdl. og 1 sk. Enkjemannen ervde helvta og resten vart delt mellom døtrene frå dei to første ekteskap, Dordi, Marie og Madli. Jordegodset som buet åtte, 6 merker smør, 1 1/2 kanne malt, vart verdsett til 25 rdl. Enkjemannen Jon fekk utlagt 3 merker smør, 3/4 kanne malt, resten vart skift likt mellom dei 3 døtrene. Jon fekk no eit stort strev med å skaffa seg skøyte på dei jordepartane han ikkje åtte. Ei dokumentsamling, som enno finst på bnr. 2, kan fortelja oss om dette. Han fekk hjelp av prokurator Kahrs til å setja opp ein «Beskikkelse» og freista få dei til å ta mot oppgjer for jordepartane mot skøyte seinare.

Dette hadde verknad på Marie, som tok imot pengane med 2 manns vitne. Men parten åt Madli, som var den største, var det vanskelegare å få tak i. Den 20. oktober 1792 kom lensmann B. S. S. Mykkeltveit med 2 vitne, Brynjulv Knutsson Hordvik og Knut Ingebrigtson Straume til Øyo, der Madli og mannen hennar, Knut Monsson Øyo, då budde. Knut var på bytur og var ikkje heime. Lensmannen las opp «beskikkelsen» for Madli, og talde opp 4 rdl. og 1 mark på stovebordet, men ho ville ikkje ta imot pengane. Om kvelden kom Knut heim, og han ville heller ikkje ta imot pengar. Men 1796 fekk Olav Sjursson Vaksdal, bror åt Jon, kjøpa dei 7 merker smør, 13/4 kanne malt, som Madli og mannen Knut åtte. Dei var då busette på Sagstad. Kjøpesummen var 50 rdl. og skøytet vart utferda i Bergen den 4. april 1796. I februar året etter fekk Jon endeleg bindande lovnad hjå broren på å få kjøpa parten for 60 rdl. Olav tok imot 1 rdl. i handpengar. Kjøpesummen skulle betalast på sumartinget når skøytet vart skrive. Men før dei kom så langt fekk Jon greie på at broren og baud andre den same jordeparten i von om å få eit høgare bod. Han fekk då prokurator Balken til å hjelpa seg med å setja opp eit promemoria, der det vart gjort greie for at Olav alt hadde selt til han, og at Berge Johannesson Toskedal og Simon Knutson Toskedal kunne vitna at dette var rett. Jon ville no at 2 vitnefaste menn skulle gå til broren Olav Sjurson og spørja han om ikkje salet og skøytet var slik som det var gjort greie for og om han var viljug til å gje skøyte på sumartinget. Det går fram av dokumentet at Olav budde hjå Jon medan dette stod på, men det ser ikkje ut til at dei har vore serleg på talefot. Dersom Olav ikkje ville sanna avtalen, ville Jon gå til sak, og ved dom få han tilplikta å oppfylla salet. Det svaret dei to gode menn fekk hjå. Olav skulle skrivast på den originale «beskikkelsen». På dokumentet som no er i Toskedal finst det ikkje noko slik påteikning, so det kan henda dei slapp å gå på huset til Olav. Jon fekk det som han ville. Same året vart det skrive skøyte, både på parten åt Olav og partane åt Dordi Johannesdtr. og Marie Johannesdtr. Kjøpesummen var tilsaman 68 rdl. og 2 mark. Jon var g. 2. g. m. Brita Olsdtr. Tvinno frå. Voss f. oml. 1747 d. 1817. Dei hadde ikkje born. 1822 vart det skift etter dei, og nettoen i buet var vel 40 rdl., som vart delt mellom syskina åt Jon og Brita. Brita hadde då ei syster, Ågota, 60 år, som var under fatigkommisjonen i Voss prestegjeld, ein bror Olav, som hadde vore husmann på Fadnes, men no var død, og ein bror Jakob, som og var død, men let etter seg dotra Marta g.m. Odd. Dei budde på plasset Fadnesbotnen under Fadnes Evanger.


1809 skøyte til Olav Jonsson f. på Stamnes bnr. 24 1781 d. 1848. Samstundes vart tinglyst eit vilkårsbrev til Jon Sjursson og kona. Olav var g. 1. g. m. Marta Olsdtr. Tvinno f. 1784 d. 1817. Ho hadde ei tid tent på Veo, og skulle vera systra åt Brita som var gift med den førre brukaren.

Born:

Marta f. 1809, trulova med neste brukar.
Olav f. 1812. Brukar her.
Jon f. 1815 d. 1833.

Ved skiftet etter Marta 1817 var nettoen i buet 46 rdl. og jordegodset var verdsett til 70 rdl. Nils Jonsson Kalland fekk for eit krav på 35 spd. utlagt 6 merker smør, 1 1/2 kanne malt. Det vart avlyst 1822 og overført til enkjemannen Olav. Han hadde fått utlagt 3 merker smør, 3/4 kanne malt, og resten vart delt mellom del tre borna. Olav g. 2. g. m. Kari Olsdtr. Fylingslid f. 1788 d. 1826. Ved skiftet etter henne var bruttosummen i buet vel 65 spd. Av det var jordegodset verdsett til 40 spd., men utlegga var 60 spd., så nettoen var ikkje meir enn vel 4 spd.

Born:

Marta f. 1818 d. 1906 ug.
Olav f. 1822.

Olav g. 3. g. m. Ågota Knutsdtr. Verpelstad f. 1793.

Born:

Brita f. 1825 d. 1865 ug.
Ingeborg f. 1829 d. 1903 ug.
Kari f. 1831.
Nokre born døydde små.


1836 bygsla Jon Haldorsson Øyo, f. 1805. Han skulle svara kår til den førre brukaren og kona, og når Olav var død, skulle sonen Olav Olsson ha rett på kår mot at han ikkje hindra Jon i hans bruksrett. Jon var trulova med Marta, dotter åt den førre brukaren, men han drukna før dei vart gifte. Det var orm våren, då han skulle sørom vatnet på rjupeveiding, at han gjekk gjennom isen ved søre enden av Storeholmen. Han vart aldri attfunnen. Marta fekk ein son etter at Jon var død, Johannes f. 1837.


1846 skøyte til Olav Olsson for 150 spd. og kår til foreldra. Olav f. 1812 d. 1892 var g.m. Ingeborg Olsdtr. Veo f. 1811 på plasset Holo, d. 1895. 1848 selde Olav bruket, truleg av økonomiske vanskar, og busette seg på plasset Lammaneset. Sjå nedanfor.

Born:

Olav f. 1838. Busett U.S.A.
Gudmund f. 1841. Busett U.S.A.
Olav f. 1844. Busett på Stamnes, bnr. 33.
Jon f. og d. 1848.
Marta f. 1849. Busett U.S.A.
Kari f. 1856 d. 1857.


1848 skøyte til Johannes Andersson Verpelstad f. 1815 d. 1896 for 245 spd. Han gav samstundes festesetel på plasset Lammaneset til den førre brukaren. Johannes var g.m. Marie Monsdtr. Furnes bnr. 2 f. 1826 d. 1870.

Born:

Anders f. 1850. Brukar her.
Mons f. 1852 d. 1858.
Ingeborg f. 1855.
Guri f. 1857.
Mons f. 1861 d. 1876.
Johannes f. 1864, g. 1885 m. Marie Sjursdtr. Bukkstein bnr. 2. Busett Rydland, Herdla, seinare (lengste tida) på Tysse i Hosanger.
Ole f. 1870.


1875 skøyte til Anders Johannesson for 100 spd. og kår verdsett til 100 spd. Anders var g. 1. g. m. Ingeborg Sjursdtr. Bukkstein bnr. 2 f. 1841 d. 1890. Ved skiftet etter henne vart bruket taksert til kr. 1000,- og utlagt til enkjemannen.

Born:

Johannes f. 1877. Brukar her.
Sjur f. 1879. Farmar i U.S.A. Brukar etternamnet Dahl.
Mons f. 1880. Målarmeister. Busett i Bergen, g.m. Steffina f. Anderssen frå Herdla.
Marie f. 1883. G.m. skomakar Ole Vik. Busett Straume bnr. 14.
Nils f. 1887. Farmar i U.S.A. Brukar etternamnet Dahl.

Anders g. 2. g. m. Anna Johannesdtr. Veo bnr. 3 f. 1853 d. 1910.

Born:

Ingvald f. 1894. Bygningsmann. Busett U.S.A.
Marie Josefine f. 1897 d. 1915.
Guri f. 1898. Fabrikkarbeidar. Busett Dale.

1919 skøyte til Johannes Andersson for kr. 1000,-. Johannes var snikkar og dreiv ei tid mykje med fiske. Han var på vintersildfiske, brislingfiske og laksefiske, og han dreiv med skjelgraving. Han var g. 1. g. 1901 m. Marie Johannesdtr. Veo bnr. 3 f. 1868 d. 1902.

Born:

Anders f. 1902. Brukar her.

Johannes g. 2. g. m. Ingeborg Magnesdtr. Sandal f. 1888 på Sandal under Kallestad.

Born:

Ingeborg Marie f. 1909. G.m, steinarb. Melvin Elvik. Busett her.
Gunnar Mikal f. 1912 d. 1921.
Gunnar f. 1923. Tømmermann. Busett på Løfallstrand, Kvinnherad. G.m. Margit f. Pihle.

Melvin Elvik og kona Ingeborg Marie driv no biteigen til bnr. 2 som småbruk og har bustadhus og driftsbygningar der. Om biteigen, sjå gardskildringa ovanfor.


1957 skøyte til Anders Johannesson for kr. 1000,—. Anders er g.m. Klara Rustøy f. 1911, dotter åt Laura og Anders Rustøen, Nordfjord.

Born:

Margit f. 1946.
Johannes f. 1948.
Astrid f. 1950.
Ragnhild f. 1951.


BRUK 3 (OG 4)

Daglegnamn: Velomane. Gamal skyld 24 merker smør (eller 12 m. smør, 6 kanner malt). 1838: 2 ort 10 sk. 1886: 1,17 skm. 1942: 2,34 skm. 1863 hadde bruket 3 1/4 mål åker. Av det var 1 mål god, 1 mål middels, resten ring. Av eng var her 13,5 mål. 3 3/4 mål god, 4 1/4 mål middels og resten ring. Sånad: 2 1/4 tn. havre, 1 1/4 tn. poteter. Avling: 10 tn. havre, 9 tn. poteter. 416 våger høy, 70 våger halm. I slåttene 120 våger høy. Lyng m.m. for 1/2 ungfe. Fødnad: 1/2 hest, 3 kyr, 1 ungfe, 21 sauer. Skog nok til ved, hustømmer og til husbruk. Kan selja ved og tømmer for årleg netto 3 spd. 1959 var fødnaden 2 kyr, 2 ungfe, 12 sauer, 1 gris og 96 høns, og innmarka var på 47,6 mål.


1689 bygsla Johannes Knutsson f. oml. 1660 d. 1746. 1724 fekk han skøyte på bruket, som då var halve garden. Johannes var g. 1. g. m. Maila eller Malene Berjesdtr. f. oml. 1664 d. 1709. Ved skiftet etter henne var nettoen i buet 32 rdl. 5 sk. 3 born døydde små.

Born:

Maren eller Marie f. 1692. G. 1730 m. enkjemann Knut Ytre-Eide, Fitje.
Anna f. 1698. G. 1730 m. Anders K. Tysso, Hosanger.
Marita f. 1703. G.m. Baste K. Tysso.
Anna f. 1706. G. 1737 m. Anders Monsson Herland, Hosanger.

Johannes g. 2. g. 1710 m. Jorunn Olsdtr. Bernes.

Born:

3 born døydde små.
Berje f. 1713. Brukar her.
Karen f. 1716. G. 1739 m. Johannes A. Herland, Hosanger.
Johannes f. 1716.
Jakob f. 1724. G. 1749 m. Anna Jonsdtr. Mo, St. Busett Bjørge, Hosanger.
Johannes f. 1727.


1735 og 1737 skøyte til Berje Johannesson f. 1713 d. 1773. Berje g. 1736 m. Gunhild Knutsdtr. Tyssebotn. Dei var tremenningar og måtte etter den tids lov søkja kongen om å gifta seg. Berje greidde ikkje å sitja med bruket og måtte 1751 gjeva skøyte til Olav Johannesson Store-Aurdal for 35 rdl.

Born:

5 born døydde små.
Johannes f. 1741. Brukar her.
Synneva f. 1743. Busett i Bergen.
Marta f. 1744, d. år 1800.
Olav f. 1745. Busett i Sandviken, Bergen.
Anna f. 1747.
Marie. Busett på Sletta, Herdla.
Nils f. 1752 d. ug. 1824.
Jorunn f. 1755.


1771 skøyte til Johannes Berjeson frå Olav J. Aurdal. Johannes sat vanskeleg i det, og 1789 vart han dømd til å betala skatt som han då skulda for heile tida han hadde hatt bruket. Bruket vart då selt på tvangsauksjon til Knut Olsson Store-Aurdal. 1790 vart det tinglyst odelslysing av David, eldste son åt Johannes. Johannes f. 1741 d. 1820 var g.m. Ingeborg Larsdtr. Dale, f. 1746 d. 1817. Ho hadde vore g.m. enkjemannen Anders Olsson Bolstad.

Born:

David f. 1772. G. 1799 m. Kari Olsdtr. Veo (sjå Husfolk).
Berje f. 1773. Brukar her.
Inger f. 1776. G. 1805 m. Helge Sjurson Fjelle, Florvåg.
Jakob f. 1779. Busett i Breivik i Skjold skipreide.
Johannes f. 1780 d. 1792.
Dordi f. 1782. G. 1820 m. Anders Olsson Grøsvik, bnr. 3. Busett Sandviken ved Bergen.


1796 skøyte til Berje Johannesson frå Knut Olsson Store-Aurdal. Berje f. 1773 d. 1864 vart g.m. Marta Jonsdtr. Straume bnr. 1 f. 1775 d. 1853.

Born:

5 born døydde små.
Jon f. 1798 d. 1856. Ug. Brukar her.
Olav f. 1803 d. ug. 1885.
Johannes f. 1806. Brukar her.
Synneva f. 1807. Busett i Bergen.
Lars f. 1811. G.m. enkja Herborg Larsdtr. Kallvik, sjå Kallvik bnr. 1.
Johannes f. 1814.
Jakob f. 1816.

Berje vart kalla «gamlekjempen». Det gjekk mange soger om han. Ein gong drog han til København til kongen for å få korn. Han for om gjekk berrføtt med skorne i skreppa og var m.a. kledd i barkavampe (ei trøye av vadmål, barka i bjørkebork). Av kongen fekk han ein setel. Då han kom heim att, rodde han til Bergen og viste setelen til ein kjøpmann. Då fekk han korn — kor mykje veit me ikkje. Men kjøpmannen tok setelen frå han. Sjølv kunne ikkje Berje lesa. Men då han såg heim til garden sin, låg åkrane hans svarte, og då sette han seg til å gråta. Det vart laga ei vise om ferda hans.


1821 gav han skøyte til sonen, men fekk samstundes bygsla halve bruket. Den delen som Berje dreiv, fekk løpenr. 46 a.


1821 skøyte til Jon Berjeson. Han var ugift og gav seinare skøyte til broren.


1846 skøyte til Johannes Berjeson på løpenr. 46 a og b med skyld 4 ort 20 sk. for 200 spd. Dei to bruka 46 a og b (3 og 4) ser ut til å ha vore drivne under eitt då Berje, som hadde bygsla bruk 3, vart gamal. Johannes g. 1. g. 1849 m. Kristbjørg Olsdtr. Bukkstein bnr. 1 f. 1817 d. 1850. I skiftet etter Kristbjørg var nettoen i buet 264 spd. 4 ort og 9 sk. Jordegodset, 1 pund smør, 6 kanner malt, vart verdsett til 250 spd. Arven vart delt likt mellom enkjemannen og dotra Kristbjørg som var f. 1850, men d. same het. Bruket vart utlagt til Johannes. Johannes g. 2. g. 1854 m. Secelia Velomsdtr. Stamnes bnr. 10 f. 1817 d. 1899. Johannes var med og skreiv under kontrakta då den noverande Stamneskyrkja skulle byggjast.

Born:

Marta f. 1856 d. ug. 1915.
Velom f. 1857. Brukar her.
Kristine f. 1859. Fabrikkarb., busett på Dale, d. 1953.
Johannes f. 1860. Busett i U.S.A.

1856 vart det tinglese forpaktingskontrakt til broren Olav Berjeson frå Johannes Berjeson på eit bøstykke «Myretuen» og ein skogteig «Vetlebåsteigen». Til vederlag skulle Olav testamentera til Johannes alt det han let etter seg når han døydde.


1872 gav Johannes skøyte til verbroren Anders Velomson Stamnes på halve bruket (løpenr. 556 og 557). Same året vart det halde skylddelingsforretning, og det vart avgjort kva for teigar som skulle høyra til bruket åt Johannes og kva for teigar Anders skulle ha. Sjå ovanfor. I desember same året møtte båe brukarane i forlikskommisjonen. Johannes Berjeson møtte som verje for sonen Velom, som var klagar, og den innklaga var Anders Velomson. Velom gjorde odelsretten sin gjeldande, og det var gjort fylgjande forlik: Anders gjekk med på å fråvika garden for ein sum på 450 spd., som skulle utbetalast når han kravde dei, med ein frist på 12 veker. Han tok seg unna rett til å bruka garden 2 år, men skulle flytta frå garden same året som pengane vart betalt. Johannes batt seg til å hjelpa Anders med å flytta sakene til sjøen, når han skulle fara frå garden. I dei to åra Anders skulle ha rett til å bruka garden, skulle han kunna hogga 8-10 famnar bjørkeved og inntil 2 tylvter furuvyrke, og dette skulle han ha rett på halvdelen av. Men han skulle ikkje kunna selja høy, anna enn det som var att av vinterforet åt krøtera.


1873 fekk Johannes skøyte hjå. Anders på hans part for 450 spd. Anders Velomson Stamnes flytte til Verpelstad bnr. 1.


1883 skøyte til Velom Johannesson frå mora og syskena for kr. 1600,—og kår til mora, verdsett til kr. 530,— for 5 år. Då skøytet vart skrive var dei ikkje merksame på at det var to bruksnummer. 1922, då Velom hadde site med bruket i 40 år, vart det teke eigedomshevdsstemning for at han skulle få hevdsdom og heimelen i orden til bnr. 4. 1924 fall domen og gav Velom eigedomsrett til bnr. 4. Velom f. 1857 d. 1944 var g.m. Kari Eiriksdtr. Myster bnr. 3 f. 1856 d. 1922.

Born:

Johannes f. 1886. Sjømann. Emigrerte til U.S.A. 1917.
Gjertrud f. 1888. G.m. Ole Åsheim. Busett Vognstølen, Bergen.
Erik f. 1890. Busett her. Har vore spelemann. Driv sagbruk.
Johannes f. 1893. Brukar her.
Sofie f. 1901, d. ug. 1949.


1942 skøyte til Johannes Velomson for kr. 4000,—. Same året vart bruk 3 og 4 slege saman. Etter skøytet skulle broren Erik ha rett til fritt hus. Han bur her og driv sagbruket. I 1953 fekk Johannes endra familienamnet til Trohjell. Han vart g. 1936 m. Marta Pedersdtr. f. Rusås frå Strandvik. Ho er f. 1908.

Born:

Vermund f. 19**, g.m. Hilja Lydia Iversen, Sør-Varanger.
Inger f. 19**, lærarinne, g. 1962 m. lærar Eilif Olsen, Talvik i Alta.
Ragnar f. 19**.
Per Kolbjørn f. 19**.


PLASSET LAMMANESET


Dette plasset, som i daglegtale ofte vart kalla «Maurtuå», låg lengst vest på innmarka. 1848 fekk Olav Olsson Toskedal og kona festesetel på plasset. Dei hadde før vore brukarfolk på bnr. 2, og plasset låg under dette bruket. Olav døydde 1892 og kona Ingeborg 1895. Då dei døydde vart plasset nedlagt. 1863 var her 4/5 mål ring åker, 4 1/2 mål middels god bø, og 1 mål ring bø. Dei avla 2 1/2 t. havre og 4 t. poteter. Fødnaden var 1 ku og 2 sauer. Den årlege avgifta for plasset var 4 dagsverk. 1875 fødde dei 1 ku, 6 sauer, 5 geiter, og sånaden var 1 1/2 t. havre og 1 t. poteter.


HUSFOLK

Det finst svært få opplysningar om husfolk i Toskedal. 1720 budde Lisbet Gjetmundsdtr. hjå. Johannes Toskedal. Ho fekk ein son, Olav, som var fødd det Let. Faren var sjømann og heitte Peder Jensen Vilde. Presten skreiv i kyrkjeboka at dei var trulova, og at Peder var reist til Amsterdam.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy