Kvamme
Frå Vaksdal Historielag
< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III
Gards og ættesoge for Kvamme.
Innhaldsliste |
INNLEIING
Ligg på austsida av Veafjorden og er den nordlegaste av gardane på fastlandssida. Namnet vert skrive Huamme i 1370-åra Quamme 1610 og 1620, Quame 1611 og 1723, Kvamme i matr. 1886. Bygdemålsuttalen er kvã'bme. Namnet er ei dativform av gn. hvammr m., dat. hvammi, og tyder ein liten dal med høge bakkar kring. Det er mykje bruka i stadnamn. På denne garden høver namnet godt. Tunet og innmarka ligg i ein liten dal som hallar i nord-nordvestlig retning ned mot sjøen. Mellom tunet og sjøen er det ein høgderygg. I den vesle dalen renn ein bekk. I nedste delen av bekken er det kvernstøde. Bekken munnar ut ved Kvamslandet. Der er det bryggja med naust og sjøhus. Gardsvegen tek opp frå nausta og fylgjer bekken det fyrste stykket. Det er ein heller smal køyreveg.
Nord for nausta er det ei stor brei vik. Ute på vika ligg Kvamsholmen om lag 200 m frå land. Her er sjøhus med turkebu for nøter (notbu).
Kvamme grensar til Kvåstad, Vik og Stamnes. Frå Kvåstad er det om lag 1 km i luftline. Det er gongveg mellom gardane. Til Stamnes er det vel 2 km i luftline. For å koma dit må ein på sjøen.
I «Herredsbeskrivelsen 1863» står det om lægjet åt garden m.a.: «Ved Søen og derfra omtrent 6 Mill (til) Bergen ... Letbrugt Godt dyrket ...» Jordsmonnet er leirjord.
Grensa mot Stamnes vart fastlagd ved grensegang 1686. I saksdokumenta heiter det: «Derefter begav vi os /: offuer Sundet :/ til bemelte Quernhus Teig, Elv og Dal at bese, og oprette Mærke imellem Kvamme og Stafnes, om ei fantis; hvor første Mærke skal begynde udi en Graahammer over Salte Sjøn, kaldet Quernhus Nesset, hvor udi blev huggen en Gloppe ligge op og neder, som viser og peger op i den nederst og første Nolt, derfra skal Mærket være i Quernhus Elven, tilbage i Sydost, som of velbemelte Herr Mogens blev samtykt, Siden gaar gammel Mærket derfra Sjøen efter Elven op udi Sønden til Fjelds, huor først er huggen en Gloppe udi den store Sten, som Jigger udi Elven oven for Quernhuset ved Sjøen, og derfra gaar Elven som er Mærke imellem Quamme og Stafnes Skoug og Mark, lige op i og til en stor Sten, som staar tæt ovenfor den lille Elv, som kommer of Stordallen, huor bemelte Elv iløper, udi samme Sten staar en Gloppe; Derfra gaaer Mærket i Suarte Suaen og derfra igjen i Graa Nobben, huor der staar en Gloppe, der fra gaar Mærket lige udi Ulfuigs Elv, og er saa samme Ulfuigs Elv ret Mærke som hun nu løper ligge udi Nord og i Salte Sjøen. /: Imellem Vigs Teigen og Stafnes Mark;/.» (Her står ikkjen beint fram kvar grensa mellom Kvamme og Stamnes sluttar, men det er vel i Ulevikselva.)
Denne grensegonga gjekk føre seg i samband med ei rettssak på Stamnes i juli 1686. (Sjå under Stamnes).
Den nye eigaren på Stamnes, Lyder von der Lippe, saksøkte alle dei tilgrensande gardane for at dei hadde eigna til seg teigar som retteleg høyrde til Stamnesgarden, og kravde at dei skulle leggja fram skriftlege prov for kor mykje dei åtte. Han hevda m.a. at Kvamme hadde eigna til seg ein teig vestanfor elva i Kvernhusdalen. For å prova at Kvernhusteigen høyrde til Stamnes hadde von der Lippe stemnt inn den gamle bondelensmannen Mons Mjelstad og Eirik Birkeland, som var eidsvoren lagrettemann. Dei vitna at dei 13 år tidlegare hadde vore på Kvamme etter søknad frå brukarane for å skifta mellom dei skogteigane som høyrde til garden. Dei hadde ikkje høyrt snakk om nokon Kvernhusteig. Til dette svara soknepresten Mons Hammer, som møtte for eigaren Haus prestebol, at von der Lippe burde fyrst prova at Kvernhusteigen høyrde til Stamnes. Til dette svara Lyder von der Lippe at i samsvar med stevninga var det herr Mogens som hadde å visa adkomstbrev til teigen, ikkje han. «Gamle Anders Stamnes» (truleg Anders Mikkelson f. 1643) vart førd som vitne og sa at han aldri hadde høyrt gjete at teigen høyrde til Stamnes. Nils Stamnes derimot vitna at han hadde aldri høyrt anna om Kvernhusteigen enn det grannane hadde sagt, at teigen høyrde til Stamnes. Han vitna og at han hadde vore i båt saman med grannen Anders og von der Lippe om våren. Då hadde Anders peika ut det fyrste neset vest for Kvernhusteigen, og sagt at grensa mellom Kvamme og Stamnes gjekk derifrå og opp i høgaste nolten.
Eldste skriftlege vitnemål om garden finn me i Bjørgvins Kalvskinn (sjå eigarsoga). Kva tid garden er rudd, er det vandt å seia noko om så lenge ein ikkje har opplysningar om fornfunn. Truleg er Kvamme eldre enn grannegarden Kvåstad som truleg skriv seg frå sein vikingtid.
Landkommisjonen 1661 set Kvamme opp mellom øydegardar, men det finst ikkje andre opplysningar som tyder på at garden har lege øyde. Kvamme er med i leidangslistene 1567 og 1590-91.
Fyrst på 1600-talet var her berre ein brukar, men kring 1650 vart garden delt. Seinare har her vore to bruk. Eit småbruk, Solarås, vart skilt frå bruk 1 1947. Det var fyrst husmannsplass og vart då kalla Kuvikaneset. Ein teig av bnr. 2, Stuabrekko, vart skild frå bnr. 2 1949 og lagd til småbruket (jfr. bnr. 3 og 4).
Delinga på 1600-talet førde til nokså stor teigblanding på innmarka. Det vart halde offentleg utskifting 1911, overutskifting 1912 (tingl. 1913). Husa åt bnr. 2 vart flytte lenger nord og ut or det gamle tunet. Kring 1823 vart husa åt bnr. 1 påbygde og flytte om lag 30 m lenger nord enn der dei stod før. På den gamle tunstaden str det no berre att ei gamal bu av ovalt rundtømmer med profilerte nover. I bua er det faste senger. Br. 1 vert til dagleg kalla dei dar oppe, bnr. 2 dei dar nere.
Skogteigane vart delte 1673, vart det fortalt under rettssaka på Stamnes 1686. Seinare har det ikkje vore utskifting i utmarka. Skogen har hatt ikkje lite å seia. 1661 heiter det om garden: «Hougs presteboels Gotz Brendeschoug till.» 1665: «Brendefang til.» 1683 var der skog nok til ved, hustømmer og elles det dei treng til husbruk. Dessutan kunne dei selja ved for 12 spd. om året.
Never var ei av landskyldvarene åt garden på 1600-talet. Så seint som i manns minne har det vore losta never både til sal og til eige bruk. Dessutan har dei selt ein god del bork til garveri.
Sætra heiter Kvamsstølen og ligg på Kvamsfjellet om lag 470 m.o.h. Sæterhuset er sams for båe bruka. Det var bygt nytt hus om lag 1943. Det er eit laftehus, bygt av halve stokkar som er kløyvde med handsag. Kledningen er også saga med handsag. Tømmeret vart hogge eit stykke nedanfor sætra og bore opp til stellinga, der saginga gjekk føre seg.
Om hamnegangen heiter det 1863: «Hjemmehavn ved Gaarden af middels Beskaffenhed, ogsaa Sæterhavn begge 3/4 tilstrækkelig.» Kyrne beiter fyrst i heimahagen el. vårhagen. Til Kvamsstølen flytter dei ved jonsoktider og er der kring 2 månader. Sidan beiter dei i heimahagen att. I seinare tid har dei late kyrne beita noko på bøen om hausten, men før i tida brukte dei ikkje det.
«Her kastes af og til Smaaesild» får me opplyst 1863. Brukarhuslydane har dels drive fiske sjølve, dels hatt innkome av landslut. (Jfr. kårbrev 1885 bnr. 1). Nils Olsson f. på bnr. 1 1863 hadde brislingbruk saman med Gudmund Veo, plassmann i Holo. Brislingbruket var i drift fram til om lag 1915.
Nils dreiv og med laksefiske. Den gamle lakseplassen var ved Urdaberget eller Kvamsberget, oppteken kring 1890. Dette er mest nord ved Kvernhusdalen, og her hadde dei gilje. Dei fyrste åra fiska dei storveges ved Kvamsberget, mest aure, men og noko laks. Dei halvlasta eller heil-lasta båtane for dagen, og det var den beste aureplassen i Stamnes den tid. Men det minka der som så mange andre stader, helst ved at dei ikkje fekk koma så langt ut i fjorden med nota, men truleg og ved det at fiskemengda minka.
No står gilja om lag 700-800 meter lenger sørvest, på Røyrtangen. Der vart det bygt ny gilje 1949. Både gilja og lakseplassen er sameige for båt bruka, og dei driv fisket i lag. Laksefisket har no mykje meir å seia enn brislingfisket. Fisket på Røyrtangen er skildra av Ragnvald Jørgensen i Bergen Turlags årbok 1959. Det største laksetalet dei har fenge på ein gong på Kvamme er om lag 26.
Kvernstødet er i bekken ovanfor båtstøa, der dei to bruka har kvar sitt kvernhus. Det eine av dei er i alle høve i god stand enno.
SKYLD OG UTREIDSLER m.m.
Kvamme høyrde til Arna skipreide, Stamnes kyrkjesokn. 1665 hadde garden matr.nr. 10, 1838 matr.nr. 11, 1853 matr.nr. 157 i Haus tinglag. 1886 gnr. 53 i Bruvik. Landskylda vart i mellomalderen rekna i månadsmatbol. 1 månadsmatbol svara til 1 laup smør (72 merker). Haus prestebol hadde på 1300-talet 6 månadsmatbol i landskyld av Kvamme. Etter svartedauden gjekk landskylda mykje ned. Neste gong me finn landskyldoppgåve for Kvamme er 1590-91. Skylda er då «l wor løb», dvs. 1 varelaup som tilsvarar 54 merker smør. 1616 er landskylda «Smør — 1/2 løeb Neffr — 2 Wogr. Ved matrikuleringa 1665 meinte dei at garden kunne skatta av 2 pund smør (48 m.). I matrikkelen 1718 står det: Skyld etter seinaste matrikkel: smør - 2 pd. Etter gamal matr. 1 pd. 12 m. smør og 2 v. never. Redusert til smør -1 pd. 12 m. 1774 skatteskyld 2 pund smør. 1838: 3 dalar 2 ort 3 skill. 1886: 5 mark 68 øre. Leidang 1567: 1 saueskinn. 1590-91: «leding ... 1 giedskind fredtholdt huer 4 aar.» 1665: Korntiend 1/2 t., småtiend 5 sk., leidang, fredtoll, gjengjerd og vedpengar 2 mark 9 sk. Husdyrskatt 1657: 12 mark 8 sk. Fødnad og avling. 1657: 1 hest, 1 ukse, 12 kyr, 3 kviger, 15 geiter, 34 sauer. 1665: 10 storfe. 1863: 10 kyr, 4 ungfe, 72 småfe. 1875: 13 kyr, 4 ungfe, 42 sauer, 35 geiter. 1959: 2 hestar, 3 kyr, 4 ungfe, 15 sauer, 1 svin. 1665: Sår 2 t., haustar 5 t. 1863: Sår 8 t. havre, 5 t. poteter. Haustar 32 t. havre, 20 t. poteter, 112 våger halm, 624 våger høy. I slåttene er det 120 våger høy. Skav, lyng og beit for 2 kyr. I tillegg kjem plasset Kuvikneset, der dei 1863 avla 4 t. havre og 6 t. poteter. Sånaden er ikkje oppgjeven. 1959: Innmarka er på 61,6 måt Folketal. 1801: 15 menneske, 1875: 22 menneske.
EIGARSOGA
Kvamme var kyrkjegods frå mellomalderen til midt på 1800-talet, da brukarane vart sjølveigarar. I Bjørgvins Kalvskinn, den gamle jordeboka frå 1360-70 for kyrkjegods i Bjørgvin bispedøme, er Kvamme med mellom dei gardane som ligg under Stamneskyrkja. Parten åt kyrkja var 6 månadsmatbol. Det var truleg heile garden.
På 1600-talet var Haus prestebol eigar. Prestebolet rådde og for bygsla, og det var som oftast soknepresten i Haus som skreiv ut bygselsetlane. Sume av prestane var striare mot bygselmennene enn vanleg. Niels Hierman som var sokneprest i Haus ved 1700-årsskiftet ser ut til å ha nytta seg av at det tok til å verta vandt om jord til alle. 1706 vart han klaga for retten av ålmugen i prestegjeldet, og det kom då fram at han hadde både kravt større eingongsyting (bygselpengar) når han utferda bygselsetlar og større årlege ytingar enn leiglendingane var vane med. Johannes Eiriksson og Johannes Andersson hadde vore brukarar på Kvamme lenge før Hierman kom til Haus, så dei hadde sloppe betala bygselpengar til han, men dei vitna i retten at dei måtte betala i årleg landskyld 5 mark 12 sk. i pengar, i arbeidspengar 20 sk., og for «fløtning» måtte dei hogga ved og føra heilt til prestegarden i Haus som låg 3 store mils veg borte. I 1790-åra var lensmann Johannes Faugstad forvaltar for kyrkjegodset og skreiv under bygselsetlane. 1846 fekk brukarane kongeskøyte, men garden var framleis «Hougs Præsteboel beneficeret» og skulle svara ei årleg jordavgift til prestebolet på 7 skjepper 4 fjerdingkar bygg. Jordavgifta vart avlyst 1854 for bnr. 1 og 1853 for bnr. 2.
BRUKARAR FØR 1750.
1590 Nils.
1603 Knut. 1645 er han kalla husmann, og er vel då komen i kåret.
1630 Anders Knutsson f. 1604 og kona Anna. Kring 1650 ser det ut til at dei har deli garden med eldste sonen Johannes. 1657 fødde dei hest, 7 kyr, 2 ungfe, 9 geiter, 23 sauer.
Born:
- Johannes f. 1624, brukar her.
- Olav f. 1640.
- Laurits f. 1642.
- Nils f. 1646.
- Magne f. 1648, brukar i Kallvik.
Anders g. 2. g. m. Brita Pedersdtr. f. 1623 d. 1715. Ho var truleg dotter åt Peder Olsson Flatekvål.
Born:
- Mons d. før 1715. Hadde 2 søner, Jens og Olav.
- Anna g. 1705 m. Johannes K. Eksendal, brukar her.
- Inger, gift i Modalen.
- Marta g.m. Ivar J. Toskedal, brukar på Eikemo.
- Ingeborg d. før 1715, g.m. Mons Monsson Vassdal, sjå sjå Vassdal brukarar.
1657 var Johannes Andersson brukar. Han hadde då overteke halve garden etter faren. Johannes f. 1624 d. 1709 var g.m. Ingeborg f. 1646 d. 1709.
1657 fødde dei 1 okse, 1 ku, 1 ungfe, 11 sauer, 6 geiter.
Born:
- Maria g. 1699 m. Johannes N. Dale, sjå Dale bnr. 11.
- Helga f. 1687 g.m. Hans J. Eide, brukar her.
Johannes Eiriksson g.m. enkja Brita Pedersdtr. Kvamme og vart brukar her kring 1675. Johannes var truleg frå Myster, f. 1742 el. 1752, d. 1815. Kona døydde same året, og det vart skift etter dei. Nettoeiga var 13 rdl. 3 mark 9 sk.
Born:
- Anders g. 1697 m. Anna Knutsdtr. Kalland, brukar der.
1705 bygsla Johannes Kristensson Eksingdal f. 1680 d. 1723. Han var g.m. Anna Andersdtr. Kvamme. Dei hadde ein son, Johannes f. 1711.
1705 vart Hans Jonsson Eide g.m. Helga Johannesdtr. Dei vart brukarfolk her. Hans f. 1660 d. 1754 og Helga f. 1687 d. 1769.
Born:
- Jon f. 1706, brukar her.
- Johannes f. og d. 1709.
- Johannes f. og d. 1712.
- Ingeborg f. 1712 g.m. Johannes J. Kvåstad, sjå Kvåstad brukarar.
- Brita f. 1718, sjå nedanfor bnr. 1.
- Johannes f. 1724, brukar på Stamnes bnr. 1.
- Helga f. 1727.
- Magne f. og d. 1730.
1731 vart Jon Hansson f. 1706 d. 1754 g.m. Barbro Olsdtr. Bukkstein 1714 d. 1754. Dei vart brukarfolk her.
Born:
- Marta f. 1734.
- Maria f. 1736, sjå bnr. 2.
- David f. 1738 g. 1766 m. Helga Larsdtr. Romslo, Haus. B. på Romslo d. 1790.
- Helga f. 1742 g.m. Olav J. Mo, St., brukar på Kallestad bnr. 1.
- Marta f. 1744.
- Hans f. 1745 g. 1780 m. Kari Magnesdtr. Ytre Arne.
- Marta f. og d. 1748.
- Olav f. 1749 g. 1776 m. Maria Johannesdtr. Romslo, b. på Nedre Mjelde, Haus.
- Johannes f. og d. 1754.
- Ingeborg f. og d. 1754.
Fleire av borna var små då foreldra døydde 1754. 1765 tente Hans, David og Helga hjå morbroren David Bukkstein. Han var formyndar for dei to gutane og hadde arven deira i varveitsle. Kvar av dei hadde ervt 7 rdl. 4 mark og 14 sk. etter foreldra.
BRUK 1.
Daglegnamn: dei dar oppe. 1853 gamalt løpenr. 3, nytt løpenr. 584. Landskyld 1782 18 merker smør, 1 våg never, skatteskyld 24 merker smør. Skyld 1838 1 dalar 3 ort 15 sk., revidert til 1 dalar 4 ort 15 sk. 1886 2 mark 84 øre. 1956 2 mark 66 øre. Fødnad 1863: 6 kyr, 2 ungfe, 34 småfe. 1956: 2 kyr, 1 ungbeist, 1 hest, 6 sauer. 30 mil innmark. 1863: 1 1/6 mål god åker, 4 mål middels, 1 1/2 mål ring. Naturleg eng: 8 1/4 mål god, 4 1/2 mål middels, 5 mål ring. Sår 4 t. havre, 2 1/2 t. poteter. Haustar 16 t. havre, 10 t. poteter, 624 våger høy, 112 våger halm. I slåttene 60 våger høy. Skav, lyng og beit til 1 kufôr. Kan selja ved for 6 spd. årleg. 1959 hadde bruket 30,8 mål innmark, og fødnaden var 1 hest, 1 ku, 2 ungfe, 6 sauer, 1 svin.
1752 bygsla Johannes Knutsson Straume bnr. 6 f. 1724 d. 1796, g.m. Brita Hansdtr. f. 1717 d. 1801. Ved skiftet etter Johannes 1796 var bruttoeiga i buet vel 34 rdl., men skulda var på vel 33 rdl. Det som var att, fekk enkja til gravferdsutgifter, så det var ikkje noko å skifta mellom dei 3 borna som då levde.
Born:
- Knut f. og d. 1753.
- Barbro f. 1755, sjå neste brukar.
- Anna f. 1758.
- Helga f. 1758 d. 1760.
- Jon f. 1760 d. 1761.
- Knut f. 1863, brukar i Fylingslid.
1782 bygsla Olav Johannesson Kallestad bnr. 2 f. 1749 d. 1796. Han vart 1781 m. Barbro Johannesdtr. f. 1755 d. 1844. I skiftet etter Olav var nettoeiga 45 rdl. 3 m. 9 sk. Enkja gifte seg att.
Born:
- Synneva f. 1781 g. 1808 m. Johannes J. Kvåstad, b. på Hop el. Straumsnes i Fana.
- Olav f. 1783 d. før 1796.
- Brita f. 1784 g. 1822 m. Olav Johannesson Mo, kårfolk på Mo.
- Johannes f. 1787, brukar her.
- Johannes f. og d. 1790.
- Magne f. og d. 1790.
- Siri f. 1791 d. 1792.
- Siri f. 1795.
1797 bygsla Olav Monsson Øyo f. 1759 d. 1831. Han gifte seg med enkja etter den førre brukaren, Barbro Johannesdtr. Ekteskapet var barnlaust. Det vart halde skifte etter Olav, men det var ikkje noko å skifta mellom ervingane.
1814 bygsla Johannes Olsson. Den førre brukaren var stykfar hans. Johannes f. 1787 d. 1857 vart g. 1820 m. Agota Hansdtr. Dalseid bnr. 2 f. 1796. 1846 fekk dei kongeskøyte på bruket for 300 spd. og jordavgift 7 skjepper 3 fjerdingkar bygg. Det vart ikkje teke opp tinglyste lån da jorda vart innløyst.
Born:
- Ingeborg f. 1821, sjå pl. Kuvikneset.
- Olav f. 1822, brukar her.
- Hans f. 1825 d. 1859 ug.
- Barbro f. og d. 1832.
- Brita f. 1833 g.m. Hans K. Dalseid, b. i Trettenes.
- Olav f. 1836 d. ug. 1886. Bleiv i sjøen ved Skreia.
1851 skøyte til Olav Johannesson for 300 spd. og kr til foreldra. 1854 løyste Olav inn jordavgifta på bruket. 1857 gav han festesetel på plasset Kuvikneset til systra Ingeborg og verbroren Anders J. Trettenes. Olav f. 1822 d. 1898 vart g. 1851 m. Ingeborg Danielsdtr. Veo f. 1825 d. 1904. Olav var kyrkjeverje medan dei bygde Stamneskyrkja 1856-62 og var med i heradstyret og forsorgstyret i 1870-åra.
Born:
- Ole f. 1850, brukar på Dalseid bnr. 2.
- Johannes f. 1852 d. 1872.
- Daniel f. 1855, brukar her.
- Agate f. 1858 g.m. Johannes Olsson Bukkstein, sjå Bukkstein bnr. 1.
- Hans f. 1861 d. ug. 1886. Bleiv i sjøen ved Skreia samstundes med farbroren Olav.
- Nils f. 1863 g.m. Johanna Olsdtr. Bukkstein bnr. 1, gardbr. på Romarheim.
1885 skøyte til Daniel Olsson f. 1885 d. 1905. I skøytet vart det teke atterhald om at kjøparen skulle bygsla plasset Kuvikneset til eitt av syskena. Foreldra fekk kår, verdsett til kr. 800 for 5 r.
I kårbrevet heiter det:
«Undertægnede Daniel Olsen Qvamme. . . forpligter mig ...Nerved til mine foreldre Ole Johannesen d. æl og Ingeborg Danielsdatter, for deres Livstid følgende aarlige Ophold:
1. Skal for dem fødes, røgtes og tilsees lige med Gaardens øvrige Kreature 2 – to – Kjør og 8 – otte – Faar — og Afdrotten frit tilleveres dem.
2. Skal aarligen ved Mikaeli Tid frit tilleveres dem 4 – fire – Tønder Havrekorn (eller 556 liter) of Gaardens bedste Avl, samt 2 – to – meter eller et Maal Brænde med Næver og Bark.
3. Skulle de have Brugen af en Ager – kaldet «Bruageren», hvortil jeg har at skaffe den fornødne Hævd.
4. Skal de have frit Hus med Lys og Varme, samt den fornødne Pleie og Opvartning saavel i friske som fornemmelig i Sygdoms Dage. Om mine Forældre ønsker det skulle de have til udelukkende Brug 2de Værelser «Vetle Stuen» og «Arken» kaldet, hvori ovennævnte Ydelser med Undtagelse af Lys, skulle skaffes dem. Slutterlig tilføies, at mine Forældre skal have til Eiendom 4re – fire – Abletrær, 3 – tre – Kirsebærtræ, samt 1/7 Del af den Bruget tilfaldne Landslod under Sildefangst.
5. Naar en af dem ved Døden afgaar, bortfalder Foster for 1/2 – halv – Ko og desuden Halvparten af samtlige øvrige Ydelser.»
Daniel var mykje med i kommunalt arbeid frå 1800-åra til han døydde. Han var kyrkjeverje, sat i heradstyret og møtte i formannskapet som varamann. Han var mykje bruka som skjøns- og meddomsmann, var med i skulestyret og forstandarskapet for Bruvik Sparebank. Daniel g. 1882 m. Synneva Johannesdtr. Veo bnr. 3 f. 1850 d. 1936.
Born:
- Ingeborg f. 1883 g.m. Nils J. Fyllingslid, b. Veo bnr. 5.
- Ole f. 1885, brukar her.
- Hansine Oline f. 1887 d. 1950.
- Marie f. 1889 d. 1890.
- Johannes f. 1891 d. 1910.
- Marie f. 1894 d. 1895.
1915 skøyte til Ole Danielsson for kr. 2000 og kr til mora, verdsett til kr. 1000 for 5 Systra Hansine Oline skulle ha rett til å bygsla Kuvikneset. Ole var med i likningsnemnda, skulestyret, forsorgstyret og ymse kommunale nemnder og utval. Han var f. 1885 d. 1956, g.m. Jenny Ovidia Lervåg f. 1894 d. 1957, dotter åt gardbr. og fiskar Ole Lervåg og kona Maria, b. i Austrheim.
Born:
- Daniel f. 1914, brukar her.
- Olav f. 1917, sjå bnr. 3.
- Oliva Johanne f. og d. 1920.
- Oliva Johanne f. 19** g.m. gbr. Botolv Tykkhelle, Lindås.
- Alma Marie f. 19**.
- Alvhild Jorunn f. 19**.
- Aslaug f. 19**.
1947 skøyte til Daniel Olsson for kr. 2500 og kr, verdsett for 5 r til kr. 2200. Daniel f. 1914 er g.m. Margit Vestervik f. 1912, dotter åt gbr. Kristoffer Vestervik og kona Sara, b. Gulen.
Born:
- Solfrid f. 19**.
- Dagny f. 19**.
- Oddny f. 19**.
- Ola f. 19**.
- Åshild f. 19**.
BRUK 2.
Daglegnamn: dei dar nere. 1853 gamalt løpenr. 4, nytt 585. Landskyld 1782 18 merker smør, 1 våg never, skatteskyld 24 merker smør. Skyld 1838 1 dalar 3 ort 15 sk., rev. 1 dalar 4 ort 15 sk. 1886 2 mark 84 øre. 1956 2 mark 80 øre. Fødnad 1863: 3 kyr, 2 ungfe, 34 småfe. 1956: 1 hest, 1 ku, nokre sauer. Innmark 26 mål. 1863: 6 2/3 mål åker. 1 1/6 mål var god, 4 mål middels, resten ring. Naturleg eng 17 3/4 mål, av det var 8 1/4 mål god, 4 1/2 mål middels, 5 mål ring. Sånad: 4 t. havre, 2 1/2 t. poteter. Avling 16 t. havre, 10 t. poteter, 624 våger høy, 112 våger halm. I slåttene 60 våger høy. Skav, lyng og beit til 1 kufôr. Der var ikkje dyrkingsjord. I 1959 hadde bruket 20,5 mål innmark, og fødnaden var 1 hest, 1 ku, 2 ungfe, 4 sauer.
1755 bygsla Johannes Ingebrigtsson Øyo f. 1724 d. 1809. Han vart g.m. Maria Jonsdotter f. 1736 d. 1790.
Born:
- Barbro f. 1756 g.m. Matias H. Brørvik, sjå Brørvik.
- Guri f. 1759, sjå neste brukar.
- Jon f. 1761 d. før 1832.
- Jon f. 1762 d. 1784.
- Ingebrigt f. 1767, brukar i Kallvik.
- Helga f. 1779 g.m. Johannes O. Straume, sjå Straume bnr. 4.
1791 bygsla Styrk Halsteinsson Stamnesleiro f. 1772 d. 1832. Han var g.m. Guri Johannesdotter f. 1759 d. 1834. Dei skulle svara kr til den førre brukaren, far åt Guri. Han skulle ha 3 turner korn for året og fødnad åt 2 kyr og 6 sauer. Styrk var fleire gonger lagrettemann, m.a. på omframttinget 18. juli 1814 då dei røysta over grunnlova.
Born:
- Johannes f. og d. 1791.
- Maria f. 1792 g.m. Olav O. Straume, sjå Straume bnr. 4.
- Johannes f. 1794 d. 1795.
- Johannes f. 1795, brukar her.
- Halstein f. 1798.
- Halstein f. 1801, sjå Fylingslid bnr. 3.
- Kari f. 1804.
1819 bygsla Johannes Styrksson f. 1795 d. 1870. 1846 fekk han kongeskøyte på bruket for 300 spd. og jordavgift til Haus prestebol. Jordavgifta vart avlyst 1853. Johannes var g.m. Anna Nilsdtr. Dalseid bnr. 1 1. 1795. Barbro, syster åt Anna, var truleg busett her og fekk kår hjå den neste brukaren.
Born:
- Guri f. 1820 d. 1821.
- Dordi f. 1821 d. 1822.
- Nils f. 1823, brukar her.
- Dordi f. 1828 g. 1849 m. Olav O. Bukkstein bnr. 1 f. 1821, b. Nøttveit, Manger.
- Guri f. 1831.
- Styrk f. og d. 1833.
- Marie f. og d. 1834.
- Styrk f. 1835 g.m. Synneva J. Dalseid frå pl. Trettenes, b. Y. Arna.
- Maria f. 1838 g.m. Olav H. Stamnesleiro, sjå Stamnesleiro bnr. 1.
1854 skøyte til Nils Johannesson for 300 spd. og kr til foreldra og mostera Barbro Nilsdotter Dalseid. Nils f. 1823 d. 1896 var g.m. Maria Hansdotter Brørvik f. 1831 d. 1887. Han var kyrkjeverje i Stamnes 1882, var med i heradstyret, likningsnemnda m.m.
Born:
- Anna f. 1854 g.m. lærar Knut A. Simenes, Stamneshagen.
- Johannes f. 1857, brukar her.
- Siri f. 1859 d. 1925 ug.
- Hans f. 1863.
- Knut f. 1865.
- Styrk f. 1866, b. U.S.A.
- Hansine f. 1869 g.m. Knut O. Kallvik, brukar her.
- Dordi f. 1872.
1888 skøyte til Johannes Nilsson for kr. 1600 og kr, verdsett til kr. 390 for 5 r. Johannes f. 1857 d. 1913 var g.m. Gjertrud Nilsdotter Ask f. 1860 d. 1900. Ho var sonedotter åt Anders Nilsson Dalseid bnr. 1, busett på Holme i Hosanger. Ved skiftet etter dei var nettoeiga kr. 5351,-.
Born:
- Nils f. og d. 1884.
- Agate f. 1888 d. 1890.
- Anna Bertine f. og d. 1890.
- Nils f. 1892 d. 1910.
- Agate Bertine f. 1895 d. 1913.
- Anna Nilsine f. 1898.
- Anders f. 1899.
1902 skøyte til Knut Olsson Kallvik for kr. 550 og leån Det vart teke undan forkjøpsrett for dei som hadde mest odelsrett, dersom garden skulle verta seld til framande. Knut var frå plasset Geitevik under Kallvik, f. 1860 d. 1946, g.m. Hansine Nilsdotter f. 1869 d. 1913. Guri, mor åt Knut, flytte hit og budde her til ho døydde 1915.
Born:
- Maria f. 1901 d. 1913.
- Ole f. 1903, busett her.
- Guri f. 1905, husmor her.
- Nils f. 1907, sjå neste brukar.
1947 skøyte til Nils Knutsson for kr. 4200 og kår til broren Ole.
BRUK 3 SOLARAS
Ligg vel 1 km nord for gardstunet, attom Solaråsen. Frå åsen går det eit nes ut i sjøen som dei kallar Kuvikneset. Her var fyrst eit husmannsplass som vart kalla Kuvikneset. Den fyrste kjende bygselmannen var Anders Jonsson Trettenes. 1857 fekk han bygselsetel hjå verbroren som var brukar på bnr. 1.
1863 heiter det om plasset: «Ager 1 Maal midd., 1 Maal slet, Bøe 3 Maal middels, 4 Maal slet, 1 Koe, 4 Faar. Havreavl 4 Tdr. og Poteter 6 Tdr. Bygselsum 10 Spd. og aarlig 4 Dagsværk. Deraf Halvedelen.». Det siste skulle tyda på at berre halve plasset låg under dette bruket, men det må vera eit mistak, for heile plasset låg under bnr. 1.
Anders var f. på pl. Trettenes under Dalseid 1811 d. 1891. Han vart g. 1847 m. Ingeborg Johannesdtr. Kvamme bnr. 1 f. 1821 d. 1874.
Born:
- Anna f. og d. 1848.
- Anna f. 1849, b. U.S.A.
- Johannes f. og d. 1855.
- Barbru f. 1858 g.m. Elling Ananias Gelvigsen, b. i Hadsel prestegjeld i Nordland.
- Agate b. i U.S.A.
- Marta f. 1862, sjå. nedanfor.
Brynjulv Johannesson Tyssebotn vart g.m. Marta Andersdtr., f. her 1862 og budde her ei tid. Dei hadde ikkje tinglyst bygselsetel, og budde truleg saman med far hennar som da var enkjemann. Dei flytte sidan til Bergen, og då vart Brynjulv kalla murar i kyrkjeboka.
Born:
- Johannes f. 1882.
- Johannes f. 1884.
- Anders f. 1889.
- Askjel f. 1892.
1885 kom det ny brukar på bnr. 1, som dette plasset låg under. I skøytet var det teke fylgjande atterhald:
«Det bemærkes: at det under Bruget bortfæstede Plads kaldet «Kuviknæsset» skal min Søn Daniel Olsen, naar det forlanges — overdrage med Bygselret til et of sine Søskende uden anden afgift end 4 – fire – aarlige Arbeidsdage — naar nuværende Fæste bliver ledig om den tiltrædende stifter Familie.» Eit liknande atterhald vart teke ved skøyte 1915:
«Det bemerkes, at det under bruget liggende plads, Kuviknæset, skal Ole D. Kvamme, hvis det forlanges, overdrage med livsvarig bygselret til Hansine Oline Danieldtr. og eventuelle egtefelle for en afgift of 4 – fire – arbeidsdage aarlig.»
Ola O. Toskedal bygsla Hesjebakken, Stamnes i 1885 og fekk festesetel på Rossvikneset, Bukkstein i 1887. Fa. 1889 budde han på Kuvikneset, men flytte attende til Hesjebakken 1904.
Frå 1904 til 1946 loda eigaren plasset sjølv.
1946 vart plasset skild ut som sjølvstendig bruk med skyld 18 øre og fekk namnet solarås. I 1959 hadde bruket 10,3 mål innmark, og fødnaden var 1 ku, 5 sauer.
1950 skøyte til Olav Olsson Kvamme bnr. 1 f. 1917 for kr. 2500. Han er motorbåtførar og driv dette småbruket attåt. Kona Margreta f. 1922 er dotter åt fartyeigar Johannes Leiren, Kallvik bnr. 2 og kona Ingeborg.
Born:
- Ingeborg f. 19**.
- Odd Jarle f. 19**.
- Jon Harald f. 19**.
- Kjell Gunnar f. 19**.
© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org