Nesheim
Frå Vaksdal Historielag
(→'''BRUKARAR: ''') |
|||
Line 46: | Line 46: | ||
''Matrikkelen 1723'': Nesheim er apostelgods med 1 brukar. Garden er sjølveigande med eigedom og bygselrett til 18 mk. Ikkje husmannsplass. Støl 1/2 mil til fjells. Ved til husbruk. Flaumkvern. Uviss til kordyrking, tungbrukt og god til boring. Sådde 1 t. havre, avla 2 t., - fødde 8 kyr, 3 ungnaut, 18 sauer, 1 hest. | ''Matrikkelen 1723'': Nesheim er apostelgods med 1 brukar. Garden er sjølveigande med eigedom og bygselrett til 18 mk. Ikkje husmannsplass. Støl 1/2 mil til fjells. Ved til husbruk. Flaumkvern. Uviss til kordyrking, tungbrukt og god til boring. Sådde 1 t. havre, avla 2 t., - fødde 8 kyr, 3 ungnaut, 18 sauer, 1 hest. | ||
- | Soldat Knut Larsson, f. 1699, d. 1733, g. 1727 Brita Simonsdtr. Fosse, f. 1702. | + | Soldat Knut Larsson Raugstad, f. 1699, d. 1733, g. 1727 Brita Simonsdtr. Fosse, f. 1702. |
Born: | Born: | ||
Line 540: | Line 540: | ||
1971. Feste frå Lars N. Nesheim til Jon-Helmer Halvorsen i 99 år mot årleg avgift kr. 100. | 1971. Feste frå Lars N. Nesheim til Jon-Helmer Halvorsen i 99 år mot årleg avgift kr. 100. | ||
- | |||
=='''Husmann. '''== | =='''Husmann. '''== |
Noverande versjon
< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Evangerboka band I
Gards og ættesoge for Nesheim.
INNLEIING
Namnet Nesheim er samansett av nes og heim. Det er det einaste gardsnamnet samansett med -heim i Evanger herad. Namnet er gjeve ut frå lægjet ved Nesheimsvatnet. - Tidlegare skriftformer: Nessemb 1630, Nesseim 1695, 1723. Det heiter: «Han bur pao Neseim, ska te Neseims». I samansetn.: Neseimskyrkjo.
Gl. skyld 1 spann smør.
EIGARAR:
1647-69: Apostelkyrkja i Bergen åtte 1 spann smør. 1686: Peder Hansens arvingar. 1696 - 1701: Karen Jensdtr. (Schrøder), gift med presten på Voss, Niels Weinwick. 1702: Kaptein Studs enkja, Kristense Miltzow.
BRUKARAR:
1624 betalte Hermund Nesheim leidang med 1 kalveskinn. Han var brukar fram til 1631, 1629 av 1 spann smør, øydegardsmann.
1632 var Anders Johannesson brukar. 1632 utarma og slapp betala skatt. 1645 betalte han og kona Kari og huskona Kari koppskatt med 8 skill. kvar. 1646 betalte han 4 skill. for å få skyssplikta bortteki. 1652 var Mons brukar, men så kjem Anders att 1653-56.
1657 var Mons Larsson brukar. Han betalte krøterskatt for 1 hest, 2 oksar, 6 kyr, 3 kviger, 6 geiter og 6 sauer.
1691-92 var han brukar av 1/2 pd. 1695 betalte han leiglendingsskatt, proviantskatt, kjolepengar, fredtoll, odelsskatt og rostenesta med 1 mark og 20 skill. Skylda på garden var 1 pd. 1701 var Mons 73 år, han gjekk omkring og bad seg. Han hadde sonen Lars, neste brukar
Lars Monsson, f. 1663, d. 1733, g. 1690 Brita Gulleiksdtr. Brekkhus, f. 1667, d. 1757.
I 1702 får han skøyte frå lagmann Niels Knagenhjelm på 18 mk. smør.
Born:
- a. Nils, f. 1691, g. 1717 Brita Nilsdtr. Horvei, f. 1698, leiglending Åsheim i Hosanger. Sjå og Horvei gnr. 11 – 1750, Evanger b. I.
- b. Anna, f. 1695, g. 1727 Lars Larsson Gjeilen, f. 1698, b. Geilane, Evanger b. I.
- c. Ole, f. 1697.
- d. Kristian, f. 1698.
- e. Knut, f. 1699, neste brukar.
Matrikkelen 1723: Nesheim er apostelgods med 1 brukar. Garden er sjølveigande med eigedom og bygselrett til 18 mk. Ikkje husmannsplass. Støl 1/2 mil til fjells. Ved til husbruk. Flaumkvern. Uviss til kordyrking, tungbrukt og god til boring. Sådde 1 t. havre, avla 2 t., - fødde 8 kyr, 3 ungnaut, 18 sauer, 1 hest.
Soldat Knut Larsson Raugstad, f. 1699, d. 1733, g. 1727 Brita Simonsdtr. Fosse, f. 1702.
Born:
- a. Helge, f. 1727, d. før 1788.
- b. Ola, f. 1728, g. 1753 Magdeli Nilsdtr. Brakestad, f. 1725, b. Brakestad, Brukarar.
- c. Helga, f. 1729, g. 1766 ekm. Lars Helgeson Århus, f. 1713, husmann Århus, Evanger, b. I.
- d. Eit barn, f. 1731, d. 1732.
- e. Brita, f. 1733, d. 1733.
Brita Simonsdtr. gifte seg oppatt 1734 med soldat Johannes Haldorson Lavik, f. 1709, d. 1737.
Born:
- a. Agate, f. 1735, d. 1735.
1736 er det tinglyst skøyte frå Abraham Toemann?, Nils Larsson Åsheim og Jakob Knutson Trefall til Johannes Haldorson på 18 mk., og same året får han odelstransport frå Nils Larsson Åsheim på 18 mk.
Johannes Haldorson døydde 1737 og i skifte etter han åtte buet 13 1/2 mk. som vart verds. 13 rdl. 3 mk. og utlagt til kreditorane Brytteva Knutsdtr. og Mikkel Johanson Ådna.
Brita Simonsdtr. gifte seg tredje gong 1738 med Nils Larsson Fjellanger, f. 1715.
Born:
- a. Knut, f. 1738, sjå nedanfor.
- b. Lars, f. 1740, d. 1743.
- c. Brita, f. 1743, g. 1763 Knut Jakobson Trefall, f. 1744,b. Trefall, Brukarar.
- d. Lars, f. 1745, g. 1764 Guro Gulleiksdtr. Brekkhus, f. 1745, b. Brekkhus, Evanger, b. I.
- e. Simon, f. 1748, brukar her.
Brita Simonsdtr. døydde 1777. Buet åtte 9 mk. smør etter skøyte 1738, verds. 36 rdl., som vart utlagt til enkjemannen og borna.
Nils Larsson gifte seg oppatt 1777 med ek. Torbjørg Helgesdtr. Bergo, f. 1715. Same året får han skøyte frå Ole Knutson Brakestad og medarvingar på 9 mk. smør.
Nils Larsson og kona Torbjørg døydde 1787 og 9 mk. smør vart utlagt til sonen Knut.
1775. Skøyte frå Nils Larsson til sonen Simon på 9 mk. for 36 rdl. Kår til foreldra. Simon Nilsson, f. 1748, g. 1769 Sigvor Andersdtr. Myrkve, Vossestrand, døypt 3. pinsedag 1740, d. 1782.
Born:
- a. Lars, f. 1769, g. 1790 Marta Olsdtr. Overland, Vossestrand, f. 1758, b. Krossen, Nygard br. 1, Modalen.
- b. Brita, f. 1771, d. 1771.
- c. Brita, f. 1773, d. 1774.
- d. Anders, f. 1775, ikkje i skifte 1783.
- e. Nils, f. 1776, g. 1816 Begga Ingebrigtsdtr., Bindingbø, f. 1777. Reiste til Årstad 1822, tenestefolk der.
- f. Anders, f. 1778, d. 1778.
- g. Anders, f. 1779, g. 1800 Brita Ingebrigtsdtr. Bindingbø, f. 1774, b. Bindingbø bnr. 3 1806.
- h. Johannes, f. 1782, d. 1834.
1783 var det halde skifte etter Sigvor og bruket vart utlagt enkemannen med 4 1/2 mk. og 1 1/8 mk. til kvar av sønene Lars, Nils, Anders og Johannes. 1783 gav Habersdorf som overformynder skøyte til Simon på sønene sine partar.
Simon Nilsson gifte seg oppatt 1783 med Brynhilda Olsdtr. Overland, f. 1753, d. 1812.
Born:
- a. Sigvor, f. 1783, g. 1804 David Pederson Horvei, f. 1773, b. Gullbrå, bnr. 3.
- b. Ola, f. 1785, g. 1814 Torbjørg Olsdtr. Fadnes, f. 1788, b. Nesheim.
- c. Brita, f. 1787, g. 1827 Anders Jakobson Sevaldstad, f. 1801, b. Sevaldstad, Evanger b. I.
- d. Marta, f. 1790, g. 1829 Sjur Jonson Gullbrå, f. 1796, b. Brekkhus, husmann. Evanger b. I.
- e. Nils, f. 1792, d. 1843.
- f. Brita, f. 1794, g. 1815 Knut Jonson Ekse, f. 1793, b. Ekse, bnr. 4.
1783 gav Simon Nilsson kona si, Brynhild kår på garden. Simon døydde 1834.
1787 skøytte Nave Johannesson Brakestad som verja for Knut Nilsson 9 mk. til Simon Nilsson. Knut var veikhelsa og døydde 1788.
1788 er det tinglyst odelslysing frå Gulleik Larsson med verja Knut Olson Horvei til ovannemnde 9 mk. smør.
1788 er det tinglyst skøyte frå Nils Larsson, som oppheld seg på Bolstad med verja Knut Jakobson Trefalls samtykke til Nils sin yngre bror, Gulleik Larsson, på odels- og innløysingsretten til halvdelen av garden Nesheim av skyld 9 mk. smør som hans farfar, Nils Larsson Nesheim tidlegare åtte, og som no farbroren Simon Nilsson Nesheim åtte og bruka, for kjøpesum 10 rdl.
1789. Skøyte frå Nils Larsson Bolstad og Gulleik Larsson Bolstad til farbroren Simon Nilsson Nesheim for 60 rdl.
1799. Skøyte frå Simon Nilsson til sonen Lars på 4 1/2 mk. smør landskyld for 80 rdl. Samstundes vart det tinglyst kontrakt mellom dei om odels- og åsetesretten til bruket. 1804 får Lars skøyte frå faren på andre 4 1/2 mk. Lars Simonson, f. 1769, g. 1790 Marta Olsdtr. Overland, f. 1758, d. 1836.
Born:
- a. Simon, f. 1790, neste brukar.
- b. Lars, f. 1793, d. 1793.
- c. Sigvor, f. 1794, g. 1816 Helge Jonson Langeland, f. 1788, husmann innerst Århus, Evanger, og Nesheim.
- d. Kari, f. 1796, g. 1818 Knut Oddson Brunborg, f. 1791. Han reiste 1830 til Skudeneshamn.
- e. Steinvor, f. 1799, d. 1799.
- f. Steinvor, f. 1800, g. 1822 Odd Jonson Gullbrå, f. 1799.
Lars Simonson gifte seg oppatt 1837 med Anna Andersdtr. Lavik, f. 1783, 54 år gl. Dei budde på Nygard br. 1 i Modalen.
Bnr. 1.
Gl. skyld 12 mk. smør, ny 4 ort 11 skill. 1886: Mk. 1,71. 1980: 1,08.
1808. Skøyte frå Simon Nilsson på 9 mk. smør til sonen Ole. 1813 får faren kår på bruket. Ole Simonson, f. 1785, d. 1863, g. 1814 Torbjørg Olsdtr. Fadnes, f. 1788, d. 1875.
Born:
- a. Brynilda, f. 1815, g. 1854 Nils Johannesson Bergo, f. 1824, b. Bergo, bnr. 1.
- b. Ragnhild, f. 1816, d. 1899.
- c. Simon, f. 1818. Utv. til USA 1867.
- d. Ola, f. 1820. Utv. til USA 1849.
- e. Brita, f. 1822, g. med neste brukar.
- f. Jakob, f. 1824, g. 1854 Brita Knutsdtr. Ekse, f. 1835. Utv. til USA
- g. Torbjørg, f. 1826, g. 1853 Brynjulv Knutsson Ro, f. 1822, innerst Ro og Fasteland. Utv. til USA 1871.
- h. Marta, f. 1829, g. 1852 Nils Knutson Steine, f. 1875, lærar i Evanger 1841-75.
1862. Skøyte frå Ole Simonson til versonen Lars Jakobson Fjellanger for 400 spd. og kår til seljaren og kona Torbjørg Olsdtr. Lars Jakobson, f. 1823, d. 1912, g. 1847 Brita Olsdtr. Nesheim, f. 1822, 1912.
Born:
- a. Jakob, f. 1850, neste brukar.
- b. Marta, f. 1855, g. 1876 Lars Sjurson Århus, f. 1842, b. Århus, Evanger b. I.
- c. Ole, f. 1859, d. 1872.
Matrikkelframlegget 1863: 6 mål åker, 15 mål god, 4 mål medels og 40 mål ring naturleg eng. Av utslåtter og fjellslåtter 800 våger høy. Sådde 2 1/2 t. korn, 2 1/2 t. poteter. Avla 12 1/2 t. korn, 12 t. poteter og 958 våger høy. Fødnaden var 10 kyr, 2 ungfe, 22 sauer og 1 hest. God og meir enn nok hamn. Skog til brensel. 1 mål vanskeleg kløvjeveg til bygdevegen. For bortleigd hamn 3 spd. årleg. Bruket var tungbrukt, men vanleg godt dyrka. Kornet fraus og vart ofte ikkje moge. Ein stor del av enga var utsett for overfløyming.
1875 var fødnaden 2 hestar, 9 kyr, 14 sauer og 1 gris. Sonen Jakob og kona fødde 2 kyr, 1 ungfe, 5 sauer, og laustaus Ragnhild Olsdtr., f. 1816, fødde 1 ku og 3 sauer. Sådde 2% t. blandkorn, 2 t. poteter.
1891. Skøyte frå Lars Jakobson til sonen Jakob for kr. 500 og kår. Jakob Larsson, f. 1850, d. 1896, g. 1875 Guri Helgesdtr. Århus, f. 1856, d. 1938.
Born:
- a. Brita, f. 1876, g. 1903 Nils Knutson Brakestad, f. 1875, b. Rødland, bnr. 2.
- b. Anna, f. 1877, g. 1896 Mattias Simonson Ekse, f. 1855, farmar i Minnesota, USA.
- c. Lars, f. 1879, neste brukar.
- d. Helge, f. 1881, g. 1903 Selma Bertine Korneliusdtr. Skagen, Fana, f. 1884, lærar, sist Skåre ved Haugesund.
- e. Anna, f. 1884, g. 1904 Nils Andreasson Lavik, f. 1884, styrar av Bibelskulen i Bergen, stortingsmann.
- f. Olav, f. 1886, g. 1919 Kari Ingvaldsdtr. Johnsrud, Brandbu, f. 1900, lærar og bonde i Brandbu.
- g. Knut, f. 1888, d. 1891.
- h. Knut, f. 1891, d. 1929, utdana agronom, fall utfor berg og slo seg i hel under veiding i Nesheimsmarka.
- i. Ragnhild, f. 1894, g. 1922 George Mattiasson Ekse, farmar i Minnesota.
1912. Skøyte frå Guri Helgesdtr. til sonen Lars for kr. 2000 og kår. Lars Jakobson, f. 1879, d. 1971, g. 1908 Kari Nilsdtr. Høvik, Modalen, f. 1882, d. 1959.
Born:
- a. Olav, f. 1908, bnr. 6.
- b. Gurid, f. 1910, g. 1931 Åsvald N. Lavik, f. 1906, b. Lavik, bnr. 5.
- c. Norvald, f. 1912, neste brukar.
- d. Sigmund, f. 1913, g. 1941 Daisy Pedersen, Fana, f. 1904, bonde og fruktdyrkar i Tørvikbygd.
- e. Gunnar, f. 1915, bnr. 5.
- f. Jostein, f. 1917, bnr. 6.
- g. Audun, f. 1919, militærflygar, d. ug. 1953.
- h. Aslaug, f. 1920, g. 1968 Johannes Sjørud, Drammen, f. 1897, prest, Berger/Ski.
- i. Borghild, f. 1923, g. 1946 Gustav A. Merkesdal, f. i Bergen 1915, handelsdreng. Etter at Gunnar var d. vart Borghild g. m. Birger Jensen, f. Risen., b. Bergen.
- j. Kjellaug, f. 1924, g. Ingvald Øksendal, f. 1924, maskinarbeidar, b. Søreidgrend.
- k. Astrid, f. 1928, g. 1955 Eirik Knutson Bryn, 1. 1929, møbelhandlar, b. Vossevangen.
Attåt arbeidet med garden var Lars J. Nesheim mykje nytta i ymse kommunale ombod.
Audun f. 1919 rømde til England 1940; vart utdanna til flygar i Canada og var med i vakthaldet av konvovane over Atlanterhavet i krigsåra. Han let livet under øvingsflyging ved Sola etter krigen.
1953. Skøyte frå Lars Jakobson til sonen Norvald for kr. 3000 og kår. Norvald Larsson, f. 1912, g. 1939 Karen Nilsine Kvammen, Masfjorden, f. 19**.
Born:
- a. Kirsten, f. 19**, g. 1963 Odd Eide, Vaksdal, f. 19**, bilmekanikar, Drammen.
- b. Arne, f. 19**, neste brukar.
- c. Ingrid, f. 19**, g. 1969 Øyvind Hjellum, Underdal, f. 19**, bonde Underdal.
- d. Leiv, f. 19**, g. 1974 Ingunn Styve. Leiv er forstandar ved Misjonsselskapet, Kirkenes.
- e. Magnhild, f. 19**, tilsett ved Vestlandsheimen, Åsane, Bergen.
1977. Skøyte til Arne Norvaldson for kr. 24.846. Arne Norvaldson, f. 19**, g. 1969 Bjørg Marie, Fosse, Vossestrand, f. 19**.
Born:
- a. Kristine, f. 19**.
- b. Ivar, f. 19**.
- c. Steinar, f. 19**.
Hus på garden:
Stovehuset bygt 1959, løbygningen 1957. På gamlaløo, bygd 1884, er ei rast på ca. 1 m steinheller over murane, elles er det kledning av tre.
Dyrka skog, jord og fødnad:
80-90 mål fulldyrka jord. Anna innmark 30-40 mål. Produktiv lauvskog 700 mål. Fødnaden 1980 er 14 kyr, 6 kviger, 14 kalvar.
Bnr. 2.
Gl. skyld 12 mk. smør, ny 4 ort 11 skill. 1886: Mk. 1,71. 1980: Mk. 0,90.
1816. Skøyte frå Lars Simonson til sonen Simon på 4 1/2 mk. etter skøyte av 1804, for 100 spd. 1823. Skøyte frå Lars Simonson til sonen Simon Larsson på 4 1/2 mk. etter skøyte av 1799, for 120 spd. Simon Larsson, f. 1790, g. 1814 Brita Jakobsdtr. Trefall, f. 1794.
Born:
- a. Marita, f. 1814, g. 1840 ekm. Anders Andersson Straume, Modalen, f. 1800.
- b. Lars, f. 1816, g. 1842 Kari Bergesdtr. Steinsland, f. 1920, b. Nygard bnr. 1.
- c. Jakob, f. 1817, d. 1818.
- d. Brita, f. 1819, d. 1835.
- e. Jakob, f. 1821.
- f. Nils, f. 1823, d. 1823.
- g. Nils, f. 1825, g. 1846 Agatha Olsdtr. Straume, Modalen, f. 1826. Han var ei tid bonde i Vik i Sogn, men utv. til USA.
- h. Gjertrud, f. 1826, g. 1857 Knut Torkjelson Fosse, f. 1867, b. Fosse, bnr. 1.
- i. Johannes, f. 1829, g. 1856 Sesilia Olsdtr. Øvre Helland, Modalen, f. 1838, plassmann Balane, Øvre Helland.
- j. Sigvor, f. 1832, g. 1858 Peder Larsson Gullbrå, f. 1824, b. Gullbrå, bnr. 1.
- k. Ingeborg, f. 1834, flytte til Voss i 1864.
- l. Lars, f. 1836, g. 1870 ek. Margretha Sjursdtr. Midtun, Vossestrand, f. 1835, bonde Natafløtene, Hjelle, sjå Vossaboki , s. 404.
1825 makeskifter Simon Larsson gard med Lars Knutson Nygard, Modalen. Nygard var på 12 mk. smør landskyld, verds. 300 spd., Nesheim var på 12 mk. smør og verds. 400 spd. Sjå Nygard bnr. 1.
Lars Knutson var son til husmann Knut Larsson Bidne og kona Durdei Andersdtr. som budde på Sundvesflyane, Vossestrand. Lars kjøpte først garden Ytre Brakstad i Herdla i 1813. Året etter bytte han gard med Johannes Knutson Nygard, Modalen. Durdei Andersdtr., f. 1751 kom frå Vossestrand til Modalen i 1826 og døydde der som kårkona i 1832, 80 år gl.
Lars Knutson,f. 1781, g. 1813 med Ragnhild Knutsdtr. Fosse, f. 1786, d. 1846. Lars d. 1858.
Born:
- a. Durdei, f. 1815, d. 1846.
- b. Nils, f. 1816, neste brukar.
- c. Ragnhild, f. 1818, g. 1838 Brynjulv Knutson Brakestad, f. 1808, b. Brakestad, Brukarar.
- d. Knut, f. 1820, g. 1847 Kari Knutsdtr. Langeland, f. 1818, b. Trefall, bnr. 2. Skriven Gullbrå der.
- e. Gjertrud, f. 1821, g. 1845 Jakob Nilsson Ekse, f. 1820, b. Ekse, bnr. 1.
- f. Lars, f. 1823, d. som barn.
- g. Guri, f. 1825, d. ug. på Nagløyri, Sogndal.
- h. Anna, f. 1828, g. Per Kvam, b. Nagløyri, Sogndal.
- i. Brita, f. 1832, g. 1858 Sjur Ingebrigtson Trefall, f. 1831, b. Trefall, bnr.1.
1840. Skøyte frå Lars Knutson til sonen Nils for 200 spd. og kår Nils Larsson, f. 1816, d. i sotti 1846, g. 1840 Ingeborg Nilsdtr. Bergo, f. 1817.
Born:
- a. Lars, f. 1841, neste brukar.
- b. Ragnhild, f. 1842, g. 1872 Knut Brynjulvson Brakestad, f. 1841, b. Brakestad, bnr. 1.
- c. Nils, f. 1844. Utv. til USA, skreddar, gift, 1 dotter.
1847 vart det hadde skifte etter Nils Larsson og bruket vart for takst 300 spd. utlagt sonen Lars Nilsson. Buet vart verds. 451 spd.
Ingeborg Nilsdtr. gifte seg oppatt 1849 med Nils Gulleikson Langeland, f. 1817. Dei dreiv bruket til Lars sjølv overtok.
Born:
- a. Nils, f. 1852, d. 1853.
- b. Nils, f. 1853, lærarutdanna, arbeidde ved ymse sjukehus i Bergen, d. ug. 1916.
- c. Sjur, f. 1857, fall utfor eit berg og slo seg i hel 1867.
Ingeborg døydde i barselseng 1862. Nils Gulleikson fekk kår på garden i 1868, og døydde 1879.
Lars Nilsson, f. 1841, d. 1913, g. 1863 Anna Ingebrigtsdtr. Trefall, f. 1836, d. 1908.
Born:
- a. Nils, f. 1864, d. 1864.
- b. Ingebjørg, f. 1865, g. 1859 Anders Johannesson Bergo, f. 1864, lærar i Bergen.
- c. Nils, f. 1866, d. 1866.
- d. Begga, f. 1867, d. 1867.
- e. Ingebrigt, f. 1868, d. 1869.
- f. Nils, f. 1868, neste brukar.
- g. Ingebrigt, f. 1871, bygningssnikkar, d. 1908.
- h. Brita, f. 1872, d. ug. 1955, arbeidde heime på Nesheim.
- i. Begga, f. 1875, hadde lenge forretn. i Bergen, d. ug. på Nesheim 1953.
- j. Sjur, f. 1877, g. 1909 Ingebjørg Bjørkevoll, Omvikdalen, f. 1880, bonde Hovda, Voss.
- k. Lars, f. 1881, g. Brita Bu, Kinsarvik, f. 1859, vaktmeister Vestlandsbanken, Bergen.
- l. To born som døydde medan dei var små.
Matrikkelframlegget 1863: Seier om bruket at det er likt med bnr. 1. 1875 var fødnaden 1 hest, 9 kyr, 2 ungfe, 13 sauer og 1 gris. mannen fødde 2 sauer, og laustaus Synneva Haldorsdtr., f. 1822, fødde 1 ku og 3 sauer. Sådde 2 1/4 t. blandkorn, 2 1/4 t. poteter.
Lars Nilsson, f. 1841 tok agronomeksamen ved Sandvik jordbruksskule i Kvinnherad 1862. Han var lenge med i kommune- og skulestyre.
1908. Skøyte frå Lars Nilsson til sonen Nils for kr. 1300 og kår. Nils Larsson, f. 1868, d. 1955, g. 1901 Ragnhild Gulleiksdtr. Brekkhus, f. 1874, d. 1962.
Born:
- a. Lars, f. 1902, neste brukar.
- b. Anna, f. 1904, g. 1933 Arne Olson Nese, Modalen, f. 1901, b. Brakestad bnr. 2.
- c. Gulleik, f. 1907, ug., b. bnr. 9, Nesheim.
- d. Gudrun, f. 1910, g. 1934 Hallvard Johannesson Flatekvål, Modalen, f. 1910, vegoppsynsmann, b. Bergen.
- e. Ingebjørg, f. 1915, drukna i Bergavatnet på veg til skulen 1927.
- f. Ragnhild, f. 1917, g. 1945 Sverre Johannesson Flatekvål, Modalen, f. 1917, anleggsarbeidar og bonde Flatekvål, bnr. 10.
- g. Nils, f. 1923, g. 1953 Reidun Johansdtr. Flatekvål, Modalen, f. 1928, tunnelarbeidar, b. Flatekvål, bnr. 3.
1955. Skøyte frå Nils Larsson til sonen Lars for kr. 8000. Lars Nilsson, f. 1902, g. 1937 Ragnhild Andersdtr. Flatekvål, Modalen, f. 1904.
Born:
- a. Nils, f. 19**, neste brukar.
- b. Rigmor, f. 19**, g. 1975 Stig Vaular, Fana, f. 19**, ingeniør BMV, Hordvik, b. Mjølkeråen.
- c. Asle, f. 19**, lærar, 1978 på Voss.
1974. Skøyte til Nils Larsson for kr. 15.000 og kår. Nils Larsson, f. 1939.
Hus på garden:
Stovehuset er bygt 1891, seinare modernisert. Løebygningen bygd 1892, ombygd og påbygd 1926 og 1939.
Dyrka skog, jord og fødnad:
Fulldyrka jord 80 mål, anna innmark 50 mål, 700 mål produktiv lauvskog, 35 mål planta granskog. Fødnaden 1980 er 14 kyr, 3 kviger, 14 kalvar, 15 sauer.
Bnr. 3. Nesheimavsnittet.
Utsk. frå bnr. 1 - 2 i 1918. Sk.mk, 0,34. 1919.
Skøyte frå Nils Larsson og Lars Jakobson til adv. Wiig for kr. 25.000.
1926. Skøyte til BKK.
Bnr. 4. Solvang.
Utsk. frå bnr. 1 i 1936. Sk.mk. 0,34.
1941. Skøyte til Sigmund Larsson for kr. 1500. Sigmund Larsson, f. 1913, g. 1941 Daisy Pedersen, Fana, f. 1904, bonde og fruktdyrkar i Tørvikbygd frå 1958.
Born:
- a. Elna, f. 1946, barnevernslærar, g. 1970 Erling Tuvin, Bergen, f. 1938, maskinteiknar, b. Bergen.
1958. Skøyte til Gunnar Larsson Nesheim, f. 1915 for kr. 7500.
Bnr. 5. Moen.
Utsk. frå bnr. 2 i 1943. Sk.mk. 0,10.
1943. Skøyte til Gunnar Larsson for kr. 1000. Gunnar Larsson, f. 19** Johanne Olaysdtr. Øygardsli, Vegårdshei, f. 19**.
Born:
- a. Kari, f. 19**, g. Odd Ivar Øksnes 1976, Oslo.
- b. Toril Marie, f. 19**, b. Bergen.
- c. Gunnar Jarle, f. 19**, b. heime, g. 1978 Anne Synnøve Sandsmark, f. Sira. f. 19**, sjukesyster, b. Bergen.
- d. Eli Kristine, f. 19**.
Hus på garden:
Stovehuset bygt 1960, løbygningen 1944, påbygd 1979-80.
Dyrka skog, jord og fødnad:
60 mål er fulldyrka, anna innmark 20 mål, 150 mål skog. Fødnaden 1980 er 10 kyr, 2 kviger, 10 kalvar, 8 sauer.
Bnr. 6. Store Mohaugen.
Utsk. frå bnr. 2 i 1943. Sk.mk. 0,01.
1943. Skøyte frå Lars J. Nesheim til sønene Olav, Gunnar og Jostein utan vederlag. Olav Larsson, f. 1908, g. 1942 Ruth Bratshaug, Bergen, f. 1904, reparatøry Bergen.
Born:
- a. Kåre, f. 19**, sjåfør, ug. b. Bergen.
- b. Jan-Olav, f. 19**, ug. b. Bergen; har arbeidt fleire år på Svalbard.
1963. Skøyte frå Olav Nesheim på hans part til broren Jostein for kr. 300. Jostein Larsson, f. 1917, g. 1946 Beryl Dorine Jessie Sulley, England, f. 19**, entreprenør i Heswall, England. Jostein døydde i England i 1976.
Born:
- a. Svenn Robin, f. 19**, g. 1978 Fiona Whitaker, arb. v/Rentokil, b. Røyken.
- b. Heidi Janet, f. 19**, b. England, g. 1976 Russel Bridges.
- c. Karl Peter, f. 19**, b. England.
1964. Skøyte frå Gunnar Nesheim på bans part til broren Jostein Nesheim for kr. 200.
1975. Skøyte frå Jostein Larsson til sonen Svenn Robin på bnr. 6 og 8 utan vederlag.
Jostein Larsson, f. 1917, rømde til England i 1943; han kom att til Noreg før frigjeringa og var med og organiserte heimestyrkane i Hordaland.
Bnr. 7. Vetlevik.
Skyld 0,01. Grunnboksheimel har Lars J. Nesheim.
Bnr. 8. Store Mohaugen.
Skyld 0,01.
1958 Skøyte til Gunnar Nesheim, f. 1915, utan vederlag. 1974. Do. til broren Jostein Nesheim, f. 1917, for kr. 200. 1975. Do. til Svend Robin Josteinson Nesheim, f. 1950, på bnr. 6 og 8 utan vederlag.
Bnr. 9 Friflot.
Skyld 64 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1953.
1953. Skøyte frå Nils L. Nesheim til sonen Gudleik Nesheim, f. 1907, for kr. 1000 og kr. Gudleik Nilsson, f. 1907 ug. har bureisingsbruk og har bygt alle hus på garden.
Bnr. 10. Grendatun.
Skyld 0,01. Utsk. frå bnr. 2 i 1957.
Skøyte frå Lars N. Nesheim, f. 1902, til Eksingedalen Ungdomslag på bnr. 10 og 11 utan vederlag.
1971. Skøyte frå Eksingedalen Ungdomslag til Lars N. Nesheim på bnr. 10 og 11 utan vederlag.
Bnr. 11. Grendatun.
Skyld 0,01. Utsk. frå bnr. 2 i 1957.
Skøyte frå Lars Nesheim, f. 1902, til Eksingedalen Ungdomslag på bnr. 10 og 11 utan vederlag.
1971. Skøyte frå Eksingedalen Ungdomslag til Lars N. Nesheim på bnr. 10 og 11 utan vederlag.
Bnr. 12 Olabu.
Skyld 0,01. Utsk. frå bnr. 1 i 1963.
Skøyte frå. Norvald Nesheim , f. 1912, til broren Olav Nesheim, f. 1908. Verds. kr. 400.
Bnr. 13. Fjellro.
Skyld 0,01. Utsk. frå bnr. 1 i 1963.
Skøyte Norvald Nesheim til verbroren Ingvald Øksendal, f. 1924, utan vederlag.
Bnr. 14. Kamben.
Skyld 0,01. Utsk. frå bnr. 2 i 1966.
1967. Skøyte frå Lars N. Nesheim og kona til Jon-Helmer Halvorsen, f. 1926, for kr. 1000.
Bnr. 15. Bruatun.
Skyld 0,01. Utsk. frå bnr. 9 i 1968.
1974. Skøyte frå Gudleik Nesheim til broren Nils N. Nesheim, f. 1923, utan vederlag.
Bnr. 16. Bjørkhovd.
Utsk. frå bnr. 1 i 1969. Sk.mk. 0,01.
1971. Skøyte frå Norvald Nesheim til Steinar Skaale, f. 1929, for kr. 1000.
Bnr. 17. Vetlevikhaugen.
Utsk. frå bnr. 1 i 1969. Sk.mk. 0,01.
1972. Feste frå Norvald Nesheim til Steinar Skaale, f. 1929, i 99 r mot årleg avgift kr. 300.
Tomt nr. 1 av bnr. 2.
1965. Feste frå Lars N. Nesheim til Trygve Bratshaug i 99 år mot årleg avgift kr. 75. Etter utmarksutsk. 1975 fall tomt 1 til bnr. 1.
Tomt nr. 2 av bnr. 2.
1971. Feste frå Lars N. Nesheim til Jon-Helmer Halvorsen i 99 år mot årleg avgift kr. 100.
Husmann.
1664 var Sjur Mikkelson husmann etter prestemanntalet.
Mons Knutson Langeland, f. 1710, d. 1781 på Langeland, g. 1738 Synneva Eiriksdtr. Bergo, dotter til Eirik Jomarson Trefall, d. i legd på Århus 1800, 81 år gamal. Dei var innerstar her.
Born:
- a. Torbjørg, f. 1728, d. 1739.
- b. Torbjørg, 1. 1740.
- c. Anders, f. 1743, g. 1761 Kari Johannesdtr. Tyssen, f. 1725, b. Brekkhus, plassmann.
- d. Knut, 1. 1747, d. 1750.
Mons Knutson var tenar på Nesheim i 1738, på Århus 1740, og husmann i Yksendalen 1743.
Grend:
Nesheim er i bedlag med Fosse, Bindingbø, Bergo, Brakestad og Trefall.
Støl:
Monsdalen er fjellstøl til garden; han er kan henda oppkalla etter ein av dei tidlege Mons'ane på Nesheim. Stølen ligg på 671 m.o.h., omlag ein times gonge sør for garden. Bnr. 1 og 2 har sel der.
Kvern:
Kvernhusi stod ved Honndalselvi. Bnr. sitt fór ikr. 1910. Den store mesa i februar 1928 tok kverni til bnr. 2.
Utløer:
(Bnr. 1.): Tjødnaløo, Kvanndalsløo, Utlebakkløo, Utlebotnløo, Perløo (v. Persslaotto), Hebotnløo, Giljaløo, Utlebøløo, Vikakm.
(Bnr. 2): Skreløo, Monsdalsliløo, Slaottebrekkløo, Utlebøløo, Stégavikløo, Tverrliløo, Utlebakkløo, Løøynè, Kvanngilsløo (fór i 1928), det var òg ei løe innantil Hagaleitet.
Stakkstøde vart bruka år om anna i utmark og hage, alt etter vêrtilhøve og folkehjelp.
Handverk og sermerkt arbeidsliv:
Ingebrigt Larsson, f. 1871, var bygningssnikkar. Omkr. 1900 var det vanleg å ha leigegeiter på sume gardar i Øvre Eksingedalen. Det var lauskarar og ungdomar som leigde og dreiv; ikkje bøndene sjølve. Dei var radt til Etne og Masfjorden og tinga geiter. På vårparten leigde dei hage til geitene på Osterøynè eller nede i dalen her, so hadde dei flokkane heime på garden ei 14 dagars tid vår og haust og hadde sumarhage i fjelli frå fyrst i juli til fyrst i september. Hamneleiga betala dei med pengar. Det var vanleg å ha 2 sti (eitt sti = 60 geiter) for kvar mann. Ved til ysting laut dei klyvja til støls og elles kjøpa der dei var. Ingebrikt f. 1871 og Jakob f. 1850, dreiv dette sumarsfebruket i fleire år. Om hausten skipa dei geitene attende til eigarane. Det hende òg at dei kjøpte geiter på ettervinteren, desse dreiv dei over til Teigdalen og Evanger og selde til slakt om hausten. Dei bruka 10-12 mål ved kvar til ystingi.
Lars Jakobson Nesheim, var f. 1879, hjelpte fram jordbruket i Eksingedalen. Han braut opp 30 mål på eigen gard. Han var med og skipa Nesheim og Bergo sauealslag i 1918 og var formann i mange år. Då han var medlem av styret i Evanger skoglag, sytte han for å tinga granplant til dalen. I 1933 fekk han i lag med Nils Larsson, f. 1868 på bnr. 2 utarbeidt planar for kanalisering av Harkatjødnè og Mehaugtjødnè. Arbeidet vart utført med tilskot frå kanalfondet og avlingi vart snart dobla i høva til den han fekk då han overtok garden i 1905. I 1906 overtok han mælingane for Meteorologisk Institutt etter far sin. I 1939 fekk han diplom og i 1946 Kongens fortenestemedalje. Den meterologlske stasjonen på Nesheim vart byrja i 1895; i 1981 er det Norvald Nesheim, f. 1912, som har tilsynet.
Tekniske tilhøve, veg:
Bnr. 2 fekk slåmaskina i 1914, bnr. 1 i 1917. Bergo og Nesheim hadde treskje- og dryftemaskina i lag frå. 1918. Bnr. 4 (Gunnar Nesheim) fekk traktor i 1953, bnr. 2 i 1956 og bnr. 1 1960. Bnr. 1, 4 og 5 hadde gardskraftverk i Honndalselvi Irå 1940-talet, det var Olav J. Gullbrå, f. 1897, som installerte. Nesheim fekk el.kraft frå Evanger 1954. Telefon vart innlagt i 1950. Eksingedalsvegen vart ferdig fram til Nesheimstunet i 1929.
Nesheimskyrkja:
Den gamle kyrkjegarden var innvigd og teken i bruk før 1850. Opptaket til å byggja kyrkja på Nesheim vart gjort like før år. 1900. Gulleik Larsson Trefall, f. 1832, son til Lars Jakobson, f. 1809, husmann i Røyrdalen, Trefall, hadde i ung alder utvandra til Amerika. Som eldre mann testamenterte han 2000 kroner til kyrkje i Øvre Eksingedalen. Nesheim peika seg ut som naturleg samlingsstad for gardane Fosse – Gullbrå. Bygdafolket søkte heradet om tilskot til kyrkjebyggjingi og fekk 200 kr. Dei fekk ikkje noko av Staten. Den samla kontantutloga til kyrkja vart noko over 8000 kr. som bygdefolket delte. Dei gjorde sjølve alt arbeid med hogst (på Eikemo, Flatekvål og Høvik), skjering og transport på dugnad. Dei gjorde grunnmursarbeidet (grunnflata: 20 m x 8) på dugnad. Takskiferen kjøpte dei på Voss og frakta han i båt Dalseid-Eidslandet og so med hest og slede opp til fossane millom Lavik og Fosse, der skiferen, som materialen, laut firast og berast opp. Frå Fosse til Nesheim, 7 km, vart det køyring på isane att. Torkjel Fosse og Jon Århus var bygningsmenn.
Dei fekk for lite material til kyrkja, då laut dei to noko på sumarsføre; dei stod nedi Vetleglupen og trekte det, - folk stod i båt nede i hylen og sette tog på plankane. Sjølve bygningsarbeidet vart gjort 1906. Kring kyrkja er ein steinmur, 1 m breid og 1 m høg. Kyrkja vart innvigd 1907. Dei fyrste som vart døypte der var Johannes Fosse og Borghild Trefall. Dei fyrste åri var det gudsteneste i Nesheimskyrkja 4 gonger i året, no er det ein gong i måna-den.
Off. forretningar:
Vegkontrakt Fadnes-Brekkhus 1888. Vegkontrakt gjennom dalen 1894. Kontrakt om Nesheim kapellkyrkja 1903. Garantidok. vedk. vegen Fosse-Nesheim 1913. Utskifting 1928. Kontrakt om fri grunn til kraftlina Fosse-Trefall 1943. Innmarksutsk. 1951. Utmarksutsk. 1974.
© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org