Brakestad
Frå Vaksdal Historielag
< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Evangerboka band I
Gards og ættesoge for Brakestad.
Innhaldsliste |
INNLEIING
I namnet Brakestad er 1. leden gjerne brak n. i tydinga fossebrak, då det ved garden er ein stor foss, Kvitestakkjen. Tidlegare skriftformer: Bragstad 1630, 1695. Brachestad i Exingedahlen 1723. Det heiter: Han bur pao Brakesta, ska to Brakesta.
Det er segn om at garden i eldre tid har heitt Kvitestad. (Truleg etter Kvitstakkjen.)
Gl. skyld 1 pd. smør.
EIGARAR 1647-69:
Apostelkyrkja i Bergen 1 pd. smør. 1686: Peder Hansens arvingar. 1691-92: Jens Schielderup. 1696-98: Kaptein Studs enkja, Kristense Miltzow. 1699-1700: Peder Torbjørnson Arctander, kapellan på Voss. 1701-12: Christense Miltzow.
BRUKARAR:
1619-20 var Hans brukar etter skattemanntalet. 1625-28 var Kristen brukar, øydegardsmann. 1629-34 fører garnisonsskatten Mons som brukar av 1 pd. smør. 1633-34 var han utarma og slapp skatt.
Born:
- a. Ole. Brukar her.
1640-41 fører unionsskatten to brukarar, Ole og Eirik, båe var utarma.
Ole Monsson var brukar åleine av 1 pd. 1642-61. 1645 betalte han koppskatt for seg og kona Anna. 1657 krøterskatt for 1 hest, 1 okse, 6 kyr, 3 kviger, 6 geiter og 7 sauer.
Olav Ivarson Manchus, d. omkr. 1657, og Anna Nilsdtr. budde på Brakestad før 1664.
Dei hadde borna:
- a. Osten, f. i Ytre Sogn.
- b. Ivar, f. på Brakestad, brukar her.
- c. Nils, f. på Brakestad.
- d. Anders Kjenes.
- e. Ei dotter som vart gift med Peder Bindingbø, f. 1629, b. Bindingbø, Brukarar.
Anna Nilsdtr. vart oppattgift med ekm. Ole Olson Bergo. I 1677 vart Anna Nilsdtr. stemnd for retten. Ho var då nær 80 år gl. og attgift på Bergo. Olav Ivarson var avliden for 20 år sidan. Retten fann det prova at Olav Ivarson hadde rømt frå den kvinna han var gift med på Munkhus i Ytre Sogn, og at Olav og Anna hadde muta presten, herr Hendrich, til å vigja dei og til å døypa borna deira, -dei fekk fire born på Brakestad. Dei hadde òg muta herr Otte og herr Chlaus Hendrichsen, som var fut. - Sidan tingboka for næraste tidbolken etter forhøyret er bortkomi, veit ein ikkje korleis domen fall. (Etter artikkel i ,,Vossebygdene» 1927 s. 63-66, som byggjer på tingbok for Hardanger og Voss, avd. Sagetinget for Wasuær Tinglaug».) Sjå Bergo, Brukarar.
1664 var Ivar Olson brukar av 1 pd. smør etter prestemanntalet.
Born:
- a. Anders, f. 1639.
1691 var Styrk Kristofferson leiglending. 1695 betalte han leiglendingsskatt, proviantskatt, kjolepengar, fredtoll, odelsskatt og rostenesta med 1 mark og 30 sk. 1701 var Johannes Olson fødd i Nordhordland dreng på garden. Styrk Kristofferson var f. 1647, g. 1700 Magdeli Jonsdtr., f. 1661, d. 1721.
Born:
- a. Isborg, f. 1702, g. 1721 Botolv Oddson Flatekvål, f. 1686, b. på Slæn, Vossestrand.
- b. Gjertrud, f. 1707.
- c. Kristoffer, f. 1709, g. 1734 Marta Knutsdtr. Teigen, Vossestrand, f. 1709, b. Teigen.
- d. Brita, f. 1711, d. 1727.
- e. Johannes, f. 1713.
Etter skifte etter Magdeli åtte buet jordegods i Kolve i Voss verds. 150 rdl. Etter kona var død flytte Styrk i 1734 til sonen Kristoffer på Teigen i Vossestrand, og døydde der 1737.
1723. Skøyte frå løytnant Jens Nordahl til Nils Jonson Bolstad på 1 pd. Nils Jonson, f. 1698, d. 1789, g. 1718 Magdeli Andersdtr. Evanger, f. 1701, d. 1749.
Born:
- a. Torbjørg, f. 1719, g. 1751 Ole Oddson Fosse, f. 1719, b. Brakestad.
- b. Anders, f. 1720, d. 1748.
- c. Magdeli, f. 1725, g. 1753 Ole Knutson Nesheim, f. 1728, b. Brakestad.
- d. Anna, f. 1728, d. 1748.
- e. Guri, f. 1730, g. 1757 Ingebrigt Nilsson Bindingbø, f. 1732, b. Bindingbø, Brukarar.
- f. Brita, f. 1734, g. 1757 Johannes Knutson Kvassdalen, f. 1732. Til hus på Kaldestad, husmann og fleire andre stader.
- g. Johannes, f. 1737, d. 1737.
- h. Anna, f. 1738, g. 1765 Johannes Knutson Bergo, f. 1741, b. Bergo, Brukarar, 1801.
- i. Gulleik, f. 1741, d. 1741.
- j. eit barn f. 1746, d. 1746.
Etter matrikkelen 1723 var det på Brakestad 1 brukar. Løytnant Nordahl åtte og hadde bygselretten til 1 pd. smør (heile skylda). Der var ikkje husm.plass eller støl. Ved til husbruk, 1 flaumkvern. Sår 1 t. havre og avlar 2 t. Fødnad 7 kyr, 3 ungnaut, 18 sauer, 1 hest. Takst etter gl. matrikkel: 1 pd. smør; auke: 6 mk. smør.
I skifte etter Magdeli Andersdtr. Vart buet verds. 132 rdl. Jordegodset vart utlagt til utleggshavarane. Dei skøytte 1751 bruket til Ole Olson Fosse.
1752. Skøyte frå Ole Olson til Ole Knutson Nesheim for 56 rdl. Ole Knutson, f. 1728, g. 1753 Magdeli Nilsdtr. Brakestad, f. 1725, d. 1762.
Born:
- a. Knut, f. 1754, d. 1754.
- b. Knut, f. 1755, d. 1755.
- c. Magdeli, f. 1756, g. 1782 Nave Johannesson Rongen, f. 1752, b. Brakestad 1785.
- d. Knut, f. 1758, d. 1759.
- e. Brita, f. 1760, g. 1779 Jakob Kristianson Rørgo, f. 1746, b. Rørgo, Evanger b. I.
- f. Anders, f. 1762, d. 1762.
Ole Knutson gifte seg oppatt 1763 med Sigrid Knutsdtr. Bergo, f. 1744, d. 1822. Ole d. 1807.
Born:
- a. Magdeli, f. 1764, g. 1788 Lars Filipson Horvei, f. 1763, b. Øyene/Øye, bnr. 1.
- b. Ragnhild, f. 1765, g. 1787 Sjur Jakobson Langelandslien, f. 1754, b. Langelandslien, Evanger b. I.
- c. Knut, f. 1767, g. 1792 Elisabet Jakobsdtr. Langelandslien, f. 1768, b. Brakestad.
- d. Torbjørg, f. 1769, g. 1797 Endre Pederson Langeland, b. «Seteland» i 1712. (Endre kan vera son til husmann Peder Knutson Langeland på Århus.)
- e. Johannes, f. 1771, d. 1772.
- f. Lars, f. 1773, d. 1812.
- g. Kari, f. 1775, g. 1802 Nils Sjurson Brekke, f. 1778, b. Brekke, bnr. 2.
- h. Anna, f. 1778, g. 1799 ekm. Sjur Jakobson Langelandslien, f. 1754, b. Langelandslien.
- i. Helge, f. 1780, d. 1782.
- j. Helge, f. 1782, d. 1782.
- k. Helge, f. 1783.
- l. Nils, f. 1785, d. 1788.
- m. Helge, f. 1789, g. 1822 ek. Brita Jonsdtr. Brakestad, f. 1797, b. Brakestad.
I skifte etter Magdeli Andersdtr. vart buet verds. 132 rdl. Jorde
1784. Skøyte frå Ole Knutson til Nave Johannesson Rongen på 12 mk. og kår til seljaren og kona. Nave Johannesson, f. 1752, g. 1782 Magdeli Olsdtr. Brakestad, f. 1756.
Born:
- a. Rannveig, f. 1782, g. 1800 Gulleik Olson Rongen, f. 1779, b. Brakestad 1801.
- b. Magdeli, f. 1786, g. 1810 Ivar Olson Lavik, f. 1788, b. Florvåg.
- c. Anna, f. 1789, d. 1808.
- d. Johannes, f. 1792, g. 1813 Brita Jonsdtr. Ekse, f. 1786, b. Brakestad.
- e. Ola, f. 1794, d. 1796.
- f. Torbjørg, f. 1796, g. 1824 Lars Monsson Brekkhus, f. 1790? b. Lid i Arna 1825, seinare på Borge.
- g. Ragnhild, f. 1800. Etter skifte 1844 er Ragnhild gift med Nils Thomasson Kinde.
På skifte 1801 etter Nave Johannesson vart bruket, 12 mk. landskyld utlagt til Knut Knutson Skutle og Johannes Johannes-son Rongen for gjeld 350 rdl. Buet var verds. 416 rdl.
1802. Skøyte frå Knut Skutle m.fl. til Ole Larsson Brakestad på 12 mk. for 350 rdl. Ole Larsson var frå Lavik, Modalen, f. 1771. Han gifte seg 1802 med enkja etter Nave Johannesson, Magdeli Olsdtr. d. 1845 og Ole 1848.
1802 vart det tinglyst kontrakt mellom Ole Larsson Brakestad og Ole Endreson Rongen som verja for Johannes Naveson, om at Johannes skulle få overta garden for 300 rdl. når han ynskte det mot å svara mora og stykfaren kår for levetida slik som dei måtte verta samde om.
1788. Skøyte frå Ole Knutson til sonen Knut på 12 mk. Knut Olson, 1. 1767, g. 1. Elisabet Jakobsdtr. Langelandslien, 1. 1768, d. 1806.
Born:
- a. Ola, f. 1793. Kom bort i snøskred 1809.
- b. Sigrid, f. 1795, g. 1825 Sjur Olson Evangersanden, f. 1803. Dei reiste s.å. til Lid i Haus som paktarfolk.
- c. Ragnhild, f. 1797, g. 1821 Ole Jakobson Rørgo, f. 1799, b. Rørgo, Evanger b. I.
- d. Brita, f. 1800, g. 1822 Jakob Andersson Skjervheim, Vossestrand, f. 1790, b. Gullbrå, bnr. 2.
- e. Ragnhild, f. 1803, g. 1828 Jakob Sjurson Langelandsli, f. 1800, husmann Langelandslien, Evanger b. I.
Knut Olson gifte seg oppatt 1807 med Anna Brynjulvdtr. Lavikhaugen, f. 1780.
Born:
- a. Brynjulv, f. 1808, g. 1838 Ragnhild Larsdtr. Nesheim, f. 1818, brukar her.
- b. Ole, f. 1809, d. 1826.
- c. Elisabet, f. 1812, g. 1837 Knut Jakobson Sevaldstad, f. 1804, b. Skjerven, Evanger b. II.
- d. Kari, f. 1814, g. 1847 Styrk Nilsson Kvilekvål, f. 1821, b. Kvilekvål, Evanger b. II.
- e. Nils, f. 1816. Utv. til USA 1849.
- f. Johannes, f. 1819, d. 1820.
- g. Torbjørg, f. 1820, d. 1823.
Knut Olson d. 1825 og i skifte etter han vart jordegodset verds. 150 spd. og utlagt enkja Anna Brynjulvsdtr. med 6 mk. og sonen Brynjulv med 6 mk. Anna Brynjulvsdtr. gifte seg oppatt 1826 med Knut Olson Mestad, f. 1797, d. 1866. Anna d. 1841.
Born:
- a. Brita, f. 1831, g. 1853 Odd Knutson To, f. 1821, b. To, Evanger b. I.
Bnr. 1.
1838: Gl. skyld 12 ink. ny 3 ort 11 skill. 1886: Mk. 1,60. 1980: 1,52.
1827. Skøyte frå Knut Olson til styksonen Brynjulv Knutson på 6 mk. for 150 spd. Saman med det Brynjulv arva etter faren åtte han då 12 mk. smør. Brynjulv Knutson, f. 1808, d. 1891, g. 1838 Ragnhild Larsdtr. Nesheim, f. 1818, d. 1905.
Born:
- a. Anna, f. 1839, d. 1899, b. heime.
- b. Knut, f. 1841, neste brukar.
- c. Ragnhild, f. 1845, d. 1891, b. heime.
- d. Lars, f. 1850. Utdanna lærar frå Voss lærarskule 1869, d. ug. 1920.
Matr. framlegget 1863: Åker 4 4/5 mål, 11 mål god, 5 mål middels og 20 mål ring naturleg eng. Av utslåtter og fjellslåtter 438 våger høy. Sådde 2 t. korn, t. poteter. Avla 10 t. korn, 13 t. poteter og 982 våger høy. God og meir enn nok hamn. Skog til brensel og never. 1 /4 mil vanskeleg klyvjeveg til bygdevegen. Bruket var tungbrukt, men vanleg godt dyrka. Kornet vart ofte ikkje moge. For bortleigd hamn 1 1/2 spd. årleg.
1874. Skøyte frå Brynjulv Knutson til sonen Knut for 250 spd. og kår til foreldra og etter deira død til systera Anna. Knut Brynjulvson, f. 1841, d. 1929, g. 1872 Ragnhild Nilsdtr. Nesheim, f. 1842, d. 1927.
Born:
- a. Brynjulv, f. 1873, neste brukar.
- b. Nils, f. 1875, g. 1903 Brita Jakobsdtr. Nesheim, f. 1876, b. Røydland, bnr. 2.
- c. Lars, f. 1877, g. 1910 Anna Nilsdtr. Yksendal, Modalen, f. 1886, lærar i Fagerbø og Brakestad krinsar 1900-42.
- d. Knut, f. 1879, g. 1913 Brita Torkjelsdtr. Tøn, Voss, f. 1887, skomakar, b. Palmafossen, Voss.
- e. Ragnhild, f. 1882, ug. gardsarbeidar, d. 1967 på Voss gamleheim.
Knut Brynjulvson hadde eksamen frå Voss lærarskule 1865 og var lærar i Brakestad og Nesheimskrinsen frå 1865 til våren 1872.
1875 var fødnaden 1 hest, 8 kyr, 2 ungfe, 16 sauer. Kårfolka fødde 1 ku. Ragnhild Brynjulvsdtr., f. 1845, fødde 1 ku og 3 sauer. Sådde 2 t. blandkorn og 3 t. poteter.
1913. Skøyte til Brynjulv Knutson for kr. 1600 og kår. Brynjulv Knutson, f. 1873, d. 1957, g. 1906 Brytteva Johnsdtr. Brekkhus, f. 1869, d. 1958.
Born:
- a. Knut, f. 1907, d. 1919. Drukna i Trefallsvatnet, ein gong han gjekk på skeiser.
- b. Kristian, f. 1908, neste brukar.
- c. Johan, f. 1910, g. 1945 Anna Marie Kleppe, Fjaler, f. 19**. Sokneprest i Strandebarm.
Brynjulv Brakestad gjekk i ungdomen på Garnes folkehøgskule. Han hadde mange tillitsyrke i Evanger, såleis var han med i fattigstyret 3 år, i likningsnemnda 3 år. Han var ihuga med i det kristelege arbeidet og var med i styret for Evanger indremisjon i mange år.
1941. Skøyte til Kristian Brynjulvson for kr. 2000 og kår. Kristian Brynjulvson, f. 1908, d. 1990, ug. Han har havt mange kommunale ombod.
1974. Skøyte frå. Kristian Brynjulvson til brorsonen Brynjulv Johanson for kr. 40.000 og husrett. Brynjulv Johanson, f. 19**, g. 1967 Grethe Johanna Olavsdtr. Fosse, Strandebarm, f. 19**, b. Evje, der Brynjulv er entreprenør.
Born:
- a. Johan Olav, f. 19**.
- b. Mari Anne, f. 19**.
Hus på garden:
Stovehuset bygt i 1880-åra av Knut Brynjulvson f. 1841. Tilbygg i sonen Brynjulv si tid. Løa bygd av nyo i 1931, påbygd 1961. - Årstalet 1618 og eit bumerke står på løestaven i døropningen. Gamlastovo, som Brynjulv Knutson f. 1805 hadde hogge vyrke til på Hyljarås, gjorde Knut Brynjulvson om til bualoft. Kristian Brakestad har teke vare på materialen.
Dyrka skog, jord og fødnad:
45 mål fulldyrka, 27 mil anna jordbruksareal. 300 mål prod. lauvskog. Fødnad 1980: 6 kyr, 6 ungfe, 38 sauer.
Bnr. 2.
1838: Gl. skyld 12 mk. smør, ny 3 ort 11 skill. 1886: Mk. 1,64. 1980: Mk. 1,48.
1810. Skøyte frå Ole Larsson til styksonen Johannes Naveson på 12 mk. Johannes Naveson, f. 1792, g. 1813 Brita Jonsdtr. Ekse, f. 1756.
Born:
- a. Nave, f. 1813, d. 1826.
- b. Gjertrud, f. 1816, d. som barn.
- c. Jon, f. 1819, d. som barn.
- d. Jon, f. 1820, brukar her.
1822 vart det hadde skifte etter Johannes Naveson og bruket vart utlagt med 6 mk. til enkja, og 6 mk. til sonen Nave.
Brita Jonsdtr. gifte seg oppatt 1822 med Helge Olson Brakestad, f. 1789, d. 1853, Brita d. 1871.
Born:
- a. Johannes, f. 1823, d. 1830.
- b. Ole, f. 1825, g. med Magli Dale frå Sogn. Utv. til USA.
- c. Ingeborg, f. 1829, d. 1846 straks etter konfirmasjonen.
Ole Larsson og kona Magdeli Olsdtr. fr 1822 kår på bruket.
1827 vart det halde skifte etter Nave Johannesson og bruket vart for takst 150 spd. utlagt broren Jon Johannesson. Same året gav Jon med verjer mora Brita Jonsdtr. og stykfaren kår, men det skulle ikkje svarast så lenge Ole Larsson og kona Magdeli levde. Jon Johannesson, f. 1820, g. 1840 Sigrid Nilsdtr. Brekke, f. 1816.
Born:
- a. Helge, f. 1841, var med i borgarkrigen i USA, og døydde som fange i fengsel i Alabama.
- b. Brita, f. 1842, g. 1860 Andrew F. Quien frå Vang i Valdres, farmar i USA.
- c. Karen, f. 1844, g. i Amerika med Knut Jakobsen, b. Sioux County, Iowa, 1 dotter.
- d. Johannes, f. 1846, gift i Amerika med miss Mortvedt.
- e.Nils, f. 1847, gift i Amerika med Anna Isakson, 6 born.
- f. Ingeborg, f. i USA, g. med Elias Wickre, b. Crocks og Lyons, S. Dakota, 3 born.
- g. Olina, f. i USA, g. med Bent Olson, 7 born.
- h. Jonathan, f. i USA, g. med Betzey Sandven, 5 born.
- i. Samuel, f. i USA, g. med Amalia Iveland frå Hegebostad, Norge, 6 born.
1849 selde Jon Johannesson bruket til Lars Johannesson Nåmdal, Modalen, for 350 spd. og utvandra til Amerika. Lars Johannesson, f. 1821, g. 1853 Guri Sjursdtr. Nesheim, Vossestrand, f. 1826, d. 1855.
Born:
- a. Johannes, f. 1854, d. 1931.
Lars Johannesson gifte seg oppatt 1859 med Brita Øyelsdtr. Nesheim, Vossestrand, f. 1832, d. 1907. Lars d. 1901.
Born:
- a. Gjøri, f. 1860, d. på Voss enkjeheim.
- b. Eiel, f. 1862, d. 1863.
- c. Anna, f. 1863, d. 1863.
- d. Anna, f. 1866, d. 1866.
- e. Mikkel, f. 1868, g. 1897 Marta. Larsdtr. Jordalen, Vossestrand, f. 1867, b. Rokne, Voss.
- f. Kristine, f. 1871, d. 1938.
- g. Anna, f. 1874, utv. til USA 1905, b. Denver, Colorado, d. ug.
- h. Lars, f. 1878, g. 1907 Marta Nilsstr. Finnesteigen, Voss, f. 1879, lærar frå. 1913 i Bjørgumkrinsen på Voss.
Matr. Framlegget: 1863 seier om bruket at det er likt med bnr. 1. 1875 var fødnaden 2 hestar, 7 kyr, 2 ungfe og 13 sauer. Sådde 1 1/2 t. blandkorn og 3 t. poteter.
1901. Skøyte frå Lars Johannesson sine arvingar til Ole Jakobson Fjellanger for kr. 2200, og kr til Brita Øyelsdtr. arbeidskår til Johannes Larsson. Ole Johannesson, d. 1923, g. 1896 Anna Johannesdtr. Brekkhus, f. 1871, d. 1940.
Born:
- a. Jakob, f. 1897, ug. gardsarbeidar, d. 1921.
- b. Johannes, f. 1899. Utv. i 15 års alderen til USA og døydde der i ung alder.
- c. Augustin, f. 1900, g. 1926 Ingeborg Straume, Modalen, f. 1903, bonde Fjellanger, bnr. 2, Modalen.
- d. Olav, f. 1907.
- e. Agate, f. 1910.
1914. Skøyte frå Ole Jakobson til verbroren Sjur Helgeson Sevaldstad for kr. 2200. Ole Jakobson flytte til Fjellanger. Sjur Helgeson, f. 1860, d. 1925, g. 1901 Anna Jakobsdtr. Fjellanger, f. 1875, d. 1953.
Born:
- a. Helge, f. 1901, neste brukar.
- b. Agate, f. 1902.
- c. Brita, f. 1906.
- d. Maria, f. 1908, d. 1939, var b. i Skånevik.
- e. Synneva, f. 1911, d. 1933.
1925. Skøyte frå Anna Jakobsdtr. til sonen Helge mot kår til seljaren og systra Maria Sjursdtr. Helge Sjurson flytte seinare til Bergen.
1934 vart bruket selt på auksjon til Arne Olson Nese for kr. 1500. Arne Olson, f. 1901, d. 1972, g. 1933 Anna Nilsdtr. Nesheim, f. 1904, d. 1991.
Born:
- Asbjørn, f. 19**, neste brukar.
- Reidun, f. 19**, g. 1966 Torleif Merkesdal, Voss, f. 19**, b. Voss.
1971. Skøyte til Asbjørn Arneson for kr. 31.409,19 og kår. Asbjørn Arneson, f. 19**, g. 1961 Lilly Johanna H. Helland, Manger, f. 19**.
Born:
- a. Arvid, f. 19**.
- b. Magnar, f. 19**.
- c. Steiner, f. 19**.
- d. Hjørdis, f. 19**.
Hus på garden:
Stovehuset vart bygt 1962. Løa bygd 1958-59. Husa på bnr. 2 stod fram til 1927 like ovanfor husa til bnr. 1, difor var bnr. 2 kalla Oppigar'n.
Dyrka skog, jord og fødnad:
Fulldyrka 55 må!, anna jordbruksareal 30 mål. Prod. skog 300 må!. Fødnad 1980: 11 kyr, 10 ungfe, 25 sauer.
Bnr. 3. Brakestadausnittet.
Utsk. frå. bnr. 1 - 2 i 1918. Sk.mk. 0,24.
1919. Skøyte frå Brynjulv K. og Sjur H. Brakestad til advokat Wiig for kr. 10.000.
1926. Skøyte frå advokat Wiig til Bergenshalvøens kommunale kraftselskap.
Bnr. 4. Merkesneset.
Utsk. frå bnr. 2 i 1967. Sk.mk. 0,01.
1974. Skøyte til Harald Trefall, f. 10/11 19**, for kr. 5000.
Husmann:
Gulleik Olson Rongen, f. 1779, g. 1800 Ranveig Navesdtr. Brakestad, f. 1783. Gulleik var son til Ole Halvardson Bolstadøyri på Horvei, gnr. 10.
Born:
- a. Sigrid, f. 1800.
- b. Nave, f. 1802, g. 1833 Magli Nilsdtr. Mestad, f. 1807.
Ranveig Navesdtr. gifte seg oppatt 1825 i Askøy med husmann Knut Gudmundson Florvåg, Askøy, 38 år gl.
Born:
- a. Berthe Malene, f. 1829, g. 1849 i Fjell med Ole Ellingson Morlandsstøen, plassmann Morlandsstøen i Fjell.
Grend:
Brakestad er i bedlag med Nesheim, Bergo, Bindingbø og Fosse. Ved køyredugnader samarbeidde dei med Trefall, Ekse, Gullbrå og med Lavik - Yksendalen.
Utløer:
Det stod 14 utløer på Brakestad, 7 på kvart bruk: Kvitestakkløena, Øyraløena, Albotnaløena (øpsta og nedsta), Storehjellsløo, Utløo, Kluftahedler'n, Svòløo, Harkanesløo. - På Husafjellet var det stakkstøde, og i gode høyår laut dei stekkja attmed løene.
Stølar:
Brakestad har støl på Honndalsstølen og Blåvasstølen. Det er 3/4 t. gonge til heimstestølen og 1 t. til øvstestølen. Båe bruki har sel på båe stølane. Budeiene gjekk i millom i eldre tider.
Kvern:
Båe bruki hadde kvernhus ved Kvernhusgrovi, som er veita frå Kvitestakkselvi over øyri mot Ekso. Kvernhuset til bnr. 1 str enno; det er murt heilt av stein, bygt av Brynjulv Knutson f. 1805.
Veg:
Eksingedalsvegen vart ferdigbygd til Brakestad i 1935.
Forteljingar:
Brynjulv Knutson, f. 1805, hogg til husavyrke på Hyljarås, det var arbeid i 15 vetrar før stova stod ferdig. Sonen Knut hogg i Høvik. I dugnadskøyringi hans var dei med andfares frå Lavik til Gullbrå, det var 25 mann med hest. Lars Brakestad, f. 1850, dreiv mykje med snareveiding om vetrane. Lars fòrte til nokre sauer og geiter i markaslåttene; ei tid var han skinnoppkjøpar for Rieber i Bergen. (Etter Kristian Brakestad, f. 1908.)
Off forretningar:
Minneleg utskifting med Trefall, Ekse, Nesheim, Yksendal og Fjellanger og beiterettshavarar på Langeland og Langelandslien 1840. Vegkontrakt Fadnes-Brekkhus 1888. Kontrakt om veg gjennom dalen 1894. Do. om Nesheim kapellkyrkja 1903. Garantidok. vedk. vegen Fosse-Nesheim 1913. Avtale om vegen Nesheim-Gullbrå 1922. Kontrakt om fri grunn til kraftlina Fosse-Trefall 1943.
© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org