Indre-Boge
Frå Vaksdal Historielag
<Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I
Indre-Boge
Indre-Boge ligg ved Sørfjorden 1,5 km. sør for Vaksdal. I 1891 vart Boge Mølle grunnlagt og ein liten tettstad vaks fram. I 1904 brann mylna, men vart bygd oppatt året etter. Seinare vart den utvida. M. G. Risøen overtok i 1912 Boge Mølle. Natta til 30 september 1960 brann mylna og 20 arbeidsplassar gjekk tapt. Det meste vart totalskadd, men lagerbygningen vart redda. Siloane stod i mange år, ikkje noko vakkert syn.
Mange av arbeidarane ved mylna busette seg på Indre-Boge, som vart ein liten tettstad. I bygdeboka er derfor garden delt i tre bolkar, gardssoge, eigarliste og ættesoge.
Gardssoge, opplysningar om garden og dei einskilde gardsbruk.
Eigarliste bnr. 10-59. Liste over utskilde bruk, som hustufter o.l.
Ættesoge, ei oversikt over huslydar som ikkje har direkte tilknyting til garden.
© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.