Trefall

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 17:58, 11 november 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Evangerboka band I


Gards og ættesoge for Trefall.

Gnr. 67 Trefall

Tidlegare gnr. 36 i Evanger kommune

Høgd over havet er 499 meter.


Innhaldsliste

INNLEIING

Trefall må tyda stad der tre ligg falne, anten ved storm eller alderdom. Magnus Olsen i «Norske Gaardnavne» samanliknar dette gardsnamnet med Vefall i Seljord og i Drangedal og med Løfall i Kvinnherad. Tidlegare skriftformer: Trefald 1695, Træfald udi Exingedahlen 1723. Det heiter: «Han bur pao Trefadl, ska te Trefalls». I samansetn. Trefallsstødl.

GI. skyld 1/2 pd. smør.


EIGARAR:

1647-56: Johannes Totland 1/2 pd. smør. 1657-69: Askild Askvik.


BRUKARAR:

1644 var Jakob Knutson brukar av 12 mk. smør, og betalte kontribusjonsskatt med 1 rdl. 1645 betalte han og kona Ragnhild koppskatt med 16 skill. 1646 1/2 albus i skatt for å få skyssplikta bortteki, og 1657 krøterskatt for 1 hest, 1 okse, 6 kyr, 2 kviger, 6 geiter, 7 sauer. Knut var brukar og i 1664. Nils Knutson, 20 år gl. var dreng hjå han.

Born:

a. Knut, brukar her.

1691-92 fører skattemanntalet ei enkja som brukar.


Knut Jakobson var neste brukar. Han var g. omkr. 1680 med Gunbjørg Gulleiksdtr. Brekkhus, f. omkr. 1654.

Born:

a. Jakob, f. 1686, brukar her.
b. Jon, f. 1688. Han vart trulova 1708 med Guri Knutsdtr. Mestad, men døydde i kongens teneste 1711 før dei vart gifte. Dei fekk ein son Jakob, f. 1709.
c. Ragnhild, f. 1695, g. 1722 ekm. Johannes Nilsson Lavik, f. 1691, b. Lavik bnr. 1, Modalen,

1695 betake Knut Jakobson leiglendingsskatt, proviantskatt, kjolepengar, fredtoll og rosteneste med 50 skill. Knut Jakobson vart avretta i lag med Tørres Gullbrå 1698 for mordet på handelskaren Morten Jonson.


Gunbjørg Gulleiksdtr. gifte seg oppatt 1700 med Eirik Tommesson (Jomarson?), f. 1676. Eirik Tommeson fekk ei dotter, Randi, med jenta Durdei Andersdtr., f. 1688. Dette var Eirik sitt andre legemål, og på tinget på Horvei den 2/3 1712 vart det sagt dom i saka: «Som den indstevnte Eirik Trefald her i retten frivillig uden undskyldning haver tilstaaet anden gang i sit ægteskab lovstridig leiermål at have begaaet saa tilfindes han efter lovens 6. bog cap. 1 ret at stande aabenbare skrifte som og efter samme bogs cap. 25 at straffes paa yderste formue og uden forhold at udvige landet naar det hannem ved paafølgende eksekution vorder tilsagt.» Den 27/3 1713 heldt lensmann Nils Horvei med vurderingsmenn Ole Ro og Knut Bergo registrering i buet til Eirik. I buet var det sylv for 6 rdI. 3 mk., kopar 4 rdl., jarnfang 5 mk. 12 skill., trefang 1 rdl. 1 mk. 14 skill., klede 2 rdl. 2 mk., og krøter 40 rdl. 5 mk.

Etter at kostnader og gjeld var betalt var det att 30 rdl. 3 mk. 14 skill. til deling med ein halvpart til kongen og ein halvpart til Gunbjørg Gulleiksdtr.

Randi Eiriksdtr. vart døypt 10/4 1712. Ho vart gift 1732 med soldat Peder Knutson Langeland, f. 1702, husmannsfolk på Århus 1743.

Gunbjørg Gulleiksdtr. døydde 1732, og Eirik Tommeson gifte seg oppatt i Mo kyrkja og vart vigd av presten i Hamre i 1733 med Brita Larsdtr. Nedre Helland, Modalen, f. 1696, d. 1739. Dei var husmannsfolk på Vetlejord i Modalen. Eirik døydde 1737.

Born: a. Lars, f. 1735, d. knapt 3 v. gl.


1711 fører skoskatten Jakob som brukar saman med Eirik, han var då enkjemann. Jakob Knutson, f. 1686, g. I Kari. 1712 fekk han bygsel på 18 mk. smør i Trefall, Jakob Knutson vart dømd fire gonger for legemål. Fyrste gong 1713, då han fekk ei dotter, Ragnhild, med tenestejenta Gjertrud Johannesdtr. Luren. Jakob og Gjertrud tilstod utan å orsaka seg, men Jakob opplyste i rettsmøtet at kona hans hadde vore sengjeliggjande i to år, so han hadde ikkje kunna søkt seng med henne. Jakob vart dømd til å bøta med all si eige. Gjertrud skulle svara kongen 12 lodd sylv, og dersom ho ikkje hadde råd til slik bot, laut ho sona med fengsel på kroppen.

3. juni 1713 vart det halde registrering i buet til Jakob Knutson. Buet var innbu og lausøyre verds. 42 rdl. 2 mk. 8 skill. Gjeld 38 rdl. 5 mk. 4 skill. Rest 3 rdl. 3 mk. 4 skill, som vart utlagt med ein halvpart til kongen og ein halvpart til Kari. - Kongen fekk utlegg i ei svartsidet kviga.

Ragnhild Jakobsdtr. vart gift 1739 med Lars Andersson Evanger, f. 1713, husmann på Trefall.

Andre legemålssaka var 11718. Då fekk Jakob ein son, Jon, med Sigrid Larsdtr. Gullbrå, og tredje gongen 1720 med same jenta, då fekk dei ein son, Lars. Futen gjorde påstand om at Sigrid måtte dømast til bot og straff. Ho hadde ikkje pengar til å betala bøter med. For Jakob lydde domen: «... saa bør han efter lovens 6te bogs 13de cap. 25de art. som byder at hvilken ægtemand som haver ægtehustru i live og befindes 3de gauge i aabenbar Hor at miste sit Hoved og som forommelte ugjerninger saaledes er bevislig saa kiendes og dømmes efter den allerhøieste bemelte lovens 6te bogs 13de cap. 25de art. at Jakob Knudsen Trefald for 3de gang forøvet Hor og begange lejermaal i sit ægteskab bør straffes paa sit gods og yderste formue og for den sidste og 3de gang som ligeledes til paakiendelse er indtalet at han bør miste sit Hoved. 1722 fekk Jakob Knutson ein son, Nils, med Kari Nilsdtr. Lavik. Nils vart døypt Hamre 3/4 1724.

Jakob Knutson slapp av ein eller annan grunn missa hovudet, for den 18/5 1728 fekk han skøyte på 12 mk. smør gamal landskyld i Trefall.

Jakob Knutson vart oppattgift 1731 med Ingebjørg Olsdtr. Eide, Vaksdal, f. 1704, d. 1760.

Born:

a. Gunnbjørg, f. 1732, g. 1750 Ole Sylfestson Arnetveit d.y., Vossestrand, f. 1716, b. på Trefall.
b. Ane, f. 1734, g. 1778 Knut Jakobson Hjørnevik, d. 1741.
c. Kari, f. 1737, levde 1 1763.
d. Ragnhild, f. 1739, g. 1762 Peder Larsson Gullbrå, f. 1730, b. Gullbrå, bnr. 1.
e. Knut, f. 1741, g. 1763 Brita Nilsdtr. Nesheim, £.1743, b. Trefall, neste brukar.
f. Ole, f. 1746, g. 1770 Anna Ingebrigtsdtr. Bindingbø. Dei kjøpte eit bruk i Vatne, Seim i Alversund, men selde i 1778 og flytte til Paradis i Fana.


1760 selde Jakob Knutson og kona Ingeborg til sonen Knut for 12 rdl. Knut Jakobson, f. 1741, g. I 1763 Brita Nilsdtr. Nesheim, f. 1743, d. 1787.

Born:

a. Jakob, f. 1764, neste brukar.
b. Ingebjørg, f. 1765, g. 1783 Jon Jakobson Ekse, f. 1758, b. Ekse, Brukarar.
c. Brita, f. 1767, g. 1790 Håkon Jenson Mestad, f. 1765, b. Mestad, Evanger b. I.
d. Anna, f. 1768, d. 1768.
e. Jakob, f. 1770, d. før 1788.
f. Lars, f. 1773, d. 1779.
g. Nils, f. 1775, d. 1775.
h. Nils, f. 1777, g. 1800 Marta Larsdtr. Fosse, f. 1774, b. Trefall 1781, Gullbrå, husmenn.
i. Kari, f. 1780, g. 1807 Torbjørn Johannesson Yksendalen, f. 1779, b. Yksendal, bnr. 1
j. Lars, f. 1784, g. 1805 Brita Larsdtr. Fosse, f. 1780, b. Gullbrå, bnr. 1.
k. Kari, f. 1786, d. 1786.

I skifte etter Brita i 1788 vart 6 mk. smør utlagt til enkjemannen og 6 mk. til deling mellom borna.


Knut Jakobson gifte seg oppatt 1788 med Torbjørg Johannesdtr. Bergo, f. 1768, d. 1855.

Born:

a. Brita, f. 1789, g. 1819 Lars Janson Gullbrå, f. 1790, plassmann Langeland, Evanger b. I.
b. Johannes, f. 1791, d. 1793.
c. Nils, f. 1792, d. 1793.
d. Anna, f. 1794, d. 1819.
e. Johannes, f. 1797, g. 1824 Torbjørg Sjursdtr. Århus, f. 1802, paktar garden Solheim ved Bergen som Løberg åtte.
. Nils, f. 1801, g. 1825 Agot Haldorsdtr. Bjørgo, f. 1797, b. Langeland, Evanger b. I.

På tinget i juni 1775 viste Knut Jakobson fram skinnet av ein bjørn han hadde skote. Futen betalte 2 rdl. i skotpremie. 1788 viste Knut fram skinnet av ein fullvaksen bjørn han hadde skote i utmarka ved Brakestad og Nesheim, og bad om skotpremie.


1807 vart det halde skifte etter Knut Jakobson, og av jordegodset vart 3 mk. smør utlagt til enkja, og 3 mk. til deling på borna. Jordegodset 12 mk. vart verds. 100 rdl. Buet var ialt på 493 rdl. Halve jordegodset var bygsla bort til sonen Jakob Knutson.


1788. Skøyte frå Knut Jakobson til sonen Jakob Knutson på 6 mk. smør medrekna hans eigen arvepart etter mora. Jakob Knutson, f. 1764, d. 1857, g. 1778 Brita Larsdtr. Fosse, f. 1766, d. 1840.

Born:

a. Knut, f. 1788.
b. Knut, f. 1789, g. 1812 Gjertrud Simonsdtr. Bindingbø, f. 1870, b. Trefall.
c. Lars, f. 1791, d. 1791.
d. Lars, f. 1792. Ikkje med i 1801-manntalet.
e. Brita, f. 1794, g. 1814 Simon Larsson Nesheim, f. 1790, b. Nygard, bnr. 1.
f. Begga, f. 1796, g. 1826 ekm. Ingebrigt Sjurson Langeland, b. Trefall]], bnr. 1.
g. Ingebjørg, f. 1798, g. 1819 Nils Jonson Ekse, f. 1800, b. Ekse, bnr. 1.
h. Marita, f. 1800, g. 1835 Lars Larsson Gullbrå, f. 1805, b. Gullbrå, bnr. 1.
i. Brita, 1802, d. 1804.
j. Brita, f. 1804, g. 1829 Jakon Jonson Ekse, f. 1806, innerst Ekse, husmann på Trefall 1840. Utv. til USA 1867.
k. Lars, f. 1809, g. 1830 Kari Gulleiksdtr. Århus, f. 1805, husmann Trefall.

1808 får Jakob Knutson skøyte fra stykmora, Torbjørg Johannesdtr., syskena og halvsyskena på 6 m. smør.

Han åtte då ialt 12 mk. Same året gav han stykmora kår på bruker.

1823 vart Jakob Trefall stemnd til kommisjons fordi han ikkje hadde betalt tiende, landskyld og offerskjeppe m.m. til presten på Voss, 2 spd. 4 ort 10 skill.


Bnr. 1.

1838: GI. matr. nr, 42, nytt 45. L.nr. 99. Gl skyld 6 mk., ny 4 ort 1 skill. 1846: skyld 2 ort 1 skill. 1886: Mk. 1,69.


1826. Skøyte frå Jakob Knutson på 6 mk. smør til versonen, enkjemannen Ingebrigt Sjurson Langeland for 300 spd. Ingebrigt Sjurson, f. 1786, d. 1871, g. 1826 Begga Jakobsdtr., f. 1796, d. 1862.

Born:

a. Kari, f. 1827, g. 1853 Jon Nilsson Ekse, f. 1822, bonde Trefall.
b. Brits, 1, 1828, d. 1909.
c. Sjur, f. 1831. Neste brukar.
d. Kari, f. 1833, g. 1861 Johan Johannesson Bergo, f. 1821, husmann, b. Mestad, Evanger b. I.
e. Anna, f. 1836, g. 1863 Lars Nilsson Nesheim, f. 1841, b. Nesheim, bnr. 2.
f. Jakob, 1. 1839, d. 1840.
g. Jakob, f. 1841, utv. til USA 1865.

1830 gav Ingebrigt Sjurson verforeldra Jakob Knutson og kona Brita kår.


1856. Skøyte til Sjur Ingebrigtson for 300 spd. og kår. Sjur Ingebrigtson, f. 1831, d. 1919, g. 1858 Brita Larsdtr. Nesheim, f. 1822, d. 1912.

Born:

a. Begga, f. 1859, g. 1890 ekm. Haldor Johannesson Bergo, f. 1846, b. Solvik, Styve.
b. Ragnhild, f. 1861, g. 1883 Anders Helgeson Brekkhus, f. 1852, b. Meland, Vossestrand.
c. Ingebrigt, f. 1864, d. 1864.
d. Ingebrigt, f. 1865, g. 1892 Brits Sjursdtr. Halsteinsberg, Voss, f. 1863. Kjøpte eit bruk i Meland, Vossestrand i 1895.
e. Brits, f. 1868, g. 1889 Lars Olson Nygard, Modalen, f. 1861, lærar, sist i Sandnes. Busette seg som pensjonist på Styve.
f. Anna, f. 1870, d. 1870.
g. Lars, f, 1872. Neste brukar.
h. Jakob, f, 1876, g. 1899 Torbjørg Ivarsdtr. Nakka, f. 1879, b. Rosseland i Hosanger 1919. Flytte derfrå til Bergen der han var huseigar.


Matrikkelframlegget 1863: seier om bruket at det er 3 mål åker, 18 mål god, 5 1/2 mål medels og 9 mål dårleg naturleg eng. Av utslåtter og fjellslåtter 150 våger høy, sådde 1 t. korn, avla 5 t., 3 t. poteter, avla 12 t., 823 våger høy. Fødnaden var 9 kyr, 3 ungbeist, 13 sauer og 1 hest. God og meir enn nok hamn. Skog til brensel og never. 1 1/4 mil tung og vanskeleg kløvjeveg til bygdevegen. Tungbrukt. For bortleigd hamn 4 spd. årleg. Kornet vart ofte ikkje moge, fraus av og til. Bruket var vanleg godt dyrka. Bruket sin del i plasset Røyrdalen er med i den oppførde avling og krøtertal.


1875 var fødnaden 1 hest, 7 kyr, 1 ungfe, 10 sauer, 1 gris. Laustaus Brita Ingebrigtsdtr., f. 1829, fødde 1 ku og 2 sauer. Sådde 1 t. havre, 1 t. poteter.


1901 selde Sjur Ingebrigtson bruket til sonen Lars for kr. 1.000 og kår. Lars Sjurson, f. 1872, g. 1893 Ragnhild Johansdtr. Ekse, f. 1869, d. 1953,

Born:

a. Brita, f. 1895, d. 1895.
b. Brita, f. 1896, g. 1920 Anders Samsonson Bindingbø, f. 1895, b. Gullbrå.
c. Sjur, f. 1898. Neste brukar.
d. Elisabet, f. 1904, g. 1933 Brynjulv Olavson Herheim, Vossestrand, f. 1893, b. Herheim.
e. Bertina, f. 1905, g. 1923 Lars Larsson Trefall, f. 1891, b. Ekse, bnr. 1.
f. Borghild, f. 1907, g. 1939 Nikolai Larsson Rørbakken, f. 1911, møbelsnikkarmeister, b. Mjeldheim, Haus.
g. Johannes, f. 1909, g. 1942 Anna Andersdtr. Løkjo, Vossestrand, f, 1909, møbelsnikkar, Indre Arna.
h. Ingvald, f. 1911, g. 1940 Bertina Gunnarsdtr. Urang, Bremnes, f. 1918, snikkar, b. Arna.
i. Agnes, f. 1916, g. 1937 Olav O Fjellanger, f. 1907, d. 1964. Sjå Fjellanger, bnr. 3.


1939. Skøyte frå. Lars Sjurson til sonen Sjur for kr. 1500 og kår. Sjur Larsson, f. 1898, g. 1936 Gyda Bertina Gundersdtr. Urang, Bremnes, f. 1912.

Born:

b. Leif, f. 19**, g. 1961 Brita J. Fonneland, Kvam, f. 19**, anleggsarbeidar, Leirsund.
c. Berit Gullborg, f. 19**, g. 1967 Agnar Framås, f. 19**, maskinkøyrar, b. Gjesåsen.
d. Ragnhild, f. 1947, d. 1947.
e. Svein Gunnar, f. 1949.


1977. Skøyte til Svein Gunnar Sjurson for kr. 25.000. Svein Gunnar Sjurson, f. 19**.


Hus på garden:

Stovehuset er bygt 1873, påbygt 1907, seinare modernisert. Den gamle løa var bygd 1896, ny løe vart bygd 1979-1980.


Dyrka skog, jord og fødnad:

25 mål fulldyrka, omlag like mykje vert nydyrka i fyrstninga av 1980-åri. 300 mål produktiv lauvskog. Fødnad 1980: 12 kyr.


Bnr. 2.

1838: L.nr. 100. Gl skyld 6 mk. smør, ny 4 ort 1 skill. 1886: Mk. 0,84.


1838. Skøyte frå Knut Jakobson til sonen Jakob for 200 spd. og i 1839 1 mk. for 34 spd. og kår. Jakob Knutson, f. 1816, g. 1844 Marta Johannesdtr. Aldalen, f. 1813, d. 1891. Foreldra til Marta var Johannes Hansson Aldalen og jenta Liva Oddsdtr. Horvik. Jakob døydde som husmann på Gullbrå 1905.

Born:

a. Johannes, f. 1840, før foreldra var gifte. Utv. til USA 1871.
b. Knut, f. 1844, g. 1869 Brita Johnsdtr. Ekse, f. 1847. Utv. til USA 1869. Heimefolket høyrde aldri meir frå dei.
c. Simon, f. 1847, d. 1857.
d. Gjertrud, f. 1850, g. 1873 ekm David Knutson Ekse, f. 1840. Utv. til USA 1875.
e. Ragnhild, f. 1853, d. ug. 1943.


1840 sel Jakob Knutson 4 mk. smør til Lars Jakobson Trefall for 350 spd. og overtaking av kåret til Knut Jakobson og kona. Lars Jakobson, f. 1809, g. 1830 Kari Gulleiksdtr. Århus, f. 1805.

Born:

a. Jakob, f. 1830. Utv. til Amerika, g. 1857 Brita Anderson frå Sogn, farmar i Minnesota.
b. Gulleik, f. 1832. Utv. til Amerika 1845.
c. Helge, f. 1835, d, 1836.
d. Torbjørg, f. 1837, d. 1843.

I skifte 1846 etter Kari Gulleiksdtr. vart jordegodset verds. 400 spd. Buet verds. i alt 515 spd. 3 ort 2 skill.

Lars Jakobson gifte seg oppatt 1845 med Synneva Olsdtr. Apeltun, Voss, f. 1806.

Born:

a. Karen, f. 1845

Huslyden flytte til Vik i Sogn, og utvandra derfrå 1864 til Amerika, der Lars døydde 1898.


1846 vart det halde delings- og skyldsetningsforretning mellom Johannes Knutson og Jakob Knutson sitt bruk. Kvart bruk vart sett i ei skyld av gl. 3 mk. Smør, ny 2 ort 1 skill.


1846. Skøyte frå lars Jakobson til sonen Jakob Larsson Trefall på 3 mk. smør for 300 spd.


1856 makeskifte Jakob Larsson med Knut Larsson Gullbrå mot å få att bnr. 1 Gullbrå. Kjøparen skal overta halvparten av kåret til Knut Jakobson og kona og pantegjelda 200 spd. Til Nils Nilsson Eide og Nils Godskalkson Eide. Knut Larsson, f. 1820, g. 1847 Kari Knutsdtr. Langeland, f. 1818, d. 1877.

Born:

a. Ragnhild, f. 1847, g. 1875 ekm. Helge Andersson Århus, f. 1827, b. Århus, seinare Skjerveggen, Evanger b. I og II.
b. Sigrid, f. 1847, g. 1880 ekm. Herlaug Andersson Yksendalen, f. 1832, b. Yksendal bnr 2, til 1849 då familien utv. til USA.
c. Lars, f. 1850, g. 1882 Guri Herlaugsdtr. Yksendalen, f. 1858, b. Trefall.
d. Knut, f. 1855, d. på Trefall.


1861 selde Knut Larsson bruket til John Nilsson Ekse for 200 spd. John Nilsson, f. 1822, d. 1899, g. 1853 Kari Ingebrigtsdtr. Trefall, f. 1827, d. 1895.

Born:

a. Ingeborg, f. 1853. Utv. til USA. Gift 1876 med Gulleik Johannesson Bergo, f. 1841.
b. Begga, f. 1855. Utv. til USA, b. Minnesota.
c. Brita, f. 1857, tenar på sjukehus i Bergen.
d. Brita, f. 1861, d. 1861.
e. Nils, f. 1863, d. 1882.
f. Anna, f. 1868, g. 1889 Nils Jonson Ekse, f. 1859, b. Trefall.
g. Olaf, f. 1869, d. 1869.


Matrikkelframlegget 1863: seier om bruket at det er likt med bnr. 1. 1875 var fødnaden 2 hestar, 5 kyr, 1 ungfe, 9 sauer. Helge Knutson, f. 1846, son til kårmannen Knut Jakobson, fødde 1 hest og 1 ku. Sette 2 t. poteter.


1894. Skøyte frå John Nilsson til versonen Nils Johnson Ekse for kr. 1600 og kår Nils Johnson, f. 1859, d. 1938, g. 1889 Anna Johnsdtr., f. 1868, d. 1947.

Born:

a. John, f. 1890. Neste brukar.
b. Elisabet, f. 1891, ug. b. i Bergen, d. 1978.
c. Kari, f. 1893, g. 1913 Rasmus Nilsson Yksendalen, f. 1884. Utv, til USA 1913. Farmar.
d. Ingeborg, f. 1895, g. 1915 Johannes Johnson Lavik, f. 1894, b. Lavik, bnr. 3.
e. John, f. 1898, d. 1909.
f. Brita, f. 1901, g. 1926 Olav Johannesson Gullbrå, f. 1897, bonde Gullbrå, bnr. 4 og landpostbod, tilsynsmann ved elektrisitetsverki i Evanger i 19 år.
g. Berta, f. 1903, g. Nils Sjo, Sæbøvik. Berta d. 1959.
h. Jørgina Bertina, f. 1907, g. 1941 Arnfinn Knutson Skjerpe, f. 1896, b. Skjerpe, Voss.
i. Johanna, f. 1911, g. 1952 Oddvar Severin Karlsen, Bergen, f. 1924, gartnar, b. Bergen.


1939. Skøyte frå Anna Johnsdtr. til sonen John for kr. 1500 og kår. John Nilsson, f. 1890, g. 1914 Ragnhild Herlaugsdtr. Gullbrå, f. 1893.

Born:

a. Anna, f. 1915, d. 1972, g. 1945 Nils Andersson Flatekvål, f. 1913, b. Flatekvål, bnr. 4.
b. Nils, f. 1917, g. 1951 Mary Olausdtr. Tangstad, Verran, f. 1927, betongarbeidar, b. Indre Arna.
c. Håkon, f. 1923. Neste brukar.
d. Ingvar, f. 1927, g. 1964 Jorunn Andersdtr. Grøndal, Nord Kisa, f. 19**, løytnant i flyvåpenet, b. Nannestad.

John Nilsson var medlem av fattigstyret og likningsnemnda Evanger.


1962. Skøyte til Håkon Johnson for kr. 200 og kår. Håkon Jonson, f. 1923, g. 1950 Gerda Larsdtr. Nygard, Modalen, f. 1922.

Born:

a. Ragnar, f. 19**, b. heime.
b. Kåre, f. 19**, elektroingeniør, b. Kongsberg.
c. Jon, f. 19**, tømrar, b. Voss.

Håkon Trefall har vore medlem av skulestyret, fattigstyret og ymse nemnder i Evanger.


Hus på garden:

Stovehuset er bygt 1903, løa med fjos 1964.


Dyrka skog, jord og fødnad:

Fulldyrka jord ikr. 30 mål, anna jordbruksareal 60 mål. Håkon Trefall har brote opp vel 20 mål etter 1950. Lauvskog ikr. 150 mål. Fødnaden 1980: 7 kyr, 2 kviger, 6 kalvar, 35 sauer.


Bnr. 3.

Utsk. frå bnr. 1 i 1846. Lnr. 100 b. Skyld 2 ort. 1886: Mk. 0,84. 1977: Mk. 0,57.


1839. Skøyte frå Knut Jakobson til Johannes Knutson Fosse på 2 mk. for 220 spd. og kår til seljaren og kona. Johannes Knutson, var son til Knut Torkjelson Fosse og kona Ragnhild Larsdtr. Han var ugift og døydde som fattiglem på Trefall 1873.

1840 gav han systra Begge Knutsdtr. kår: Fritt hus, ljos og brensel, tilsyn i sjukdom og alderdoms dagar. Han skulle og fø for henne vinter og sumar 1 ku og 4 sauer. Ho skulle og ha 4 skjepper korn og bruken av ein åker med turvande gjødsel levert på åkeren.


1846 fekk Johannes Knutson skøyte frå Lars Jakobson på 1 mk. smør for 100 spd. Det var 1/4 part av Lars Jakobson sitt bruk etter skøyte av 1840.


Matrikkelframlegget 1863: 1 1/2 mål åker, 6 mål god, 2 mål medels og 9 mål ring naturleg eng. Av utslåtter og fjellslåtter 30 våger høy. Sådde 1/2 t. korn, 3 t. poteter. Avla 2 1/2 t. korn, 12 t. poteter og 607 våger høy. Fødnaden var 6 1/2 ku, 13 sauer, 1 hest. God og meir enn tilstrekkeleg hamn. Skog til brensel og never. For bortleigd hamn 2 spd. årleg. Bruket var tungbrukt, men vanleg godt dyrka. Kornet var ofte ikkje moge, og fraus stundom.


1870 selde Johannes Knutson bruket tiI Knut Larsson Trefall for 200 spd. Før Knut Larsson kom til Trefall hadde han vore brukar på Gullbrå, bnr. 2. Om huslyden sjå der.


1877. Skøyte frå Knut Larsson til sonen Lars for kr. 1200 og kår. Lars Knutson, f. 1850, d. 1914, g. 1882 Guri Herlaugsdtr. Yksendalen, f. 1858, d. 1899.

Born:

a. Knut, f. 1883. Neste brukar.
b. Kari, f. 1885, ug.
c. Helaug, f. 1887. Sjømann, b. Nome, Alaska. Han kom bort i 1914.
d. Ingeborg, f. 1889, g. 1910 Lars Nilsson Rørbakken, f. 1889, tekstilarbeidar, sjå ættesoge for Dale..
e. Lars, f. 1891, g. 1923 Bertin Larsdtr. Trefall, f. 1905, b. Ekse, bnr. 1.
f. Anders, f. 1895, g. 1936 Helga Andersdtr. Lavik, Modalen, f. 1897, b. Gullbrå, bnr. 1.
g. Ragnhild, f. 1897, g. 1936 Eugen Olsen Udnæs, f. 1902, b. Oslo.
h. Sigrid, f. 1899, d. 1900.


1875 var fødnaden 1 hest, 6 kyr, 1 ungfe, 9 sauer. Innerst Brytteva Knutsdtr., f. 1834, fødde 2 sauer. Sådde 1 t. poteter.


1910. Skøyte frå Lars Knutson til sonen Knut for kr. 800 og kår til seljaren og farsystra Kari. Knut Larsson, f. 1883, d. 1970, g. 1910 Marta Simonsdtr. Mykkeltveit (Bolstad), f. 1879, d. 1943.

Born:

a. Gunnar, f. 1912. Neste brukar.
b. Lars, f. 19**, g. 1944 Anna Ellefsdtr. Brenno, Ål, f. 19**, b. Ål i Hallingdal.
c. Martin, f. 19**, g. 1948 Borghild Bjørsvik, snikkar, Indre Arna.
d. Sigvard, f. 19**, g. 1957 Liv Hanson, Alsvåg i Vesterålen, snikkar Oslo, Sigvard bleiv på sjøen i Vesterålen ikr. 1960.
e. Guri, f. 19**, g. 1952 Albregt Ivarsflaten, Suldal, arbeidar, b. Indre Arna.

1960. Skøyte til Gunnar Knutson for kr. 3000. Gunnar Knutson, f. 1912, g. 1957 Brita I. Haugen, Modalen, f. 19**.

Born:

a. Anne Margrete, f. 19**. Styrar ved Voss Samvirkelag, avd. 15, Eksingedalen.
b. Kåre Magnar, 1. 19**. Brukar bnr. 1 Lavikhaugen.
c. Solveig Inghild, f. 1965, d. 1965.

Gunnar Knutson, f. 1912, er busett Haugen, Lavik.


Hus på garden:

Husi er nedrivne etter at Gunnar Knutson flytte åt Lavikhaugen. Det er ikkje fødnad på bnr. 3 i 1980. Hawn Trefall onnar innmarki.


Dyrka skog, jord og fødnad:

Fulldyrka jord 15 mål, anna jordbruksmark 60 mål. Om lag 150 mål lauvskog.


Bnr. 4. Trefallsavsnittet.

Utsk. frå bnr. 1-3 i 1917. Sk. mk. 0,28.

1917. Skøyte frå oppsitjarane på Trefall til D. V. Blaauw på bnr. 4 og 5 for kr. 50.000.

1917. Skøyte til o.r.sakfører Henrik Ameln og ingeniør Gjestland på d.m. fl. bruk for kr. 225.000.

1926., Skøyte til Bergenshalvøens kommunale kraftselskap.


Bnr. 5. Trefallsavsnittet II.

Utsk. frå bnr. 1-3 1 1917. Sk. mk. 0,28.

1917. Skøyte frå oppsitjatane på Trefall til D. V. Blaauw på bnr. 4 og 5 for kr. 50.000. Vidare som bnr. 4.


Bnr. 6 Askildsdalen.

Ustk. frå bnr. 1-3 1 1916. Sk. mk. 0,13. 1917. Kontrakt frå Nils J. Ekse til D. V. Blaauw på stølen sine vassrettar for kr. 2000.

1917. Skøyte fra Blaauw til Henrik Ameln og Erling Gjestland på seljaren sine rettar etter ovannemnde kontrakt.

1917. Kontrakt frå Ingebrigt S. Mæland til Blaauw på seljaren sin part i vassrettar på stølen for kr. 2000.

1920. Skøyte frå d.s. til Blaauw for kr. 2000, og frå Nils J. Ekse for kr. 2000.

1920. Fråsegn frå Lars S. Trefall, Knut L. Trefall og Nils J. Trefall der dei samtykker i salet av stølane Askildsdalen og Beinhelleren.

1920. Skøyte frå. Nils J. Trefall til Blaauw på hans 1/4 part av stølen for kr. 1000.

1924 frå Blaauw eigedomshevdsdom. Stølen var verds. til kr. 4500.

1926. Skøyte frå Henrik Ameln og Erling Gjestland til Bergenshalvøens kommunale kraftselskap vedteke av D. V. Blaauw - på d.m.fl. bruk.


Bnr. 7. Beinhelleren, støl.

Utsk. frå bnr. 1-3 i 1917. Sk. mk. 0,40.

1804. Skøyte frå Knut Jakobson og Jakob Knutson Trefall til Sjur Monsson Fenne av Bøer otting og Erik Nilsson Saue av Borstrands otting på Voss «paa en fieldstrækning eller Støelsbeitte liggende under vores ejende Gaarde Træfald, matr. 42, og skal denne Støel/hvorpaa kiøberne selv bekoster sig Setter Huuse samt Broe over Elven/have følgende Grændser: Paa veste Siide fra Baaeuren og Skierie Elven, og paa den østre Slide gaaer Market nordenfor Beenhelderen og i Ligge Lithe til AsjildsVandet og op i Fieldrusten. Ligesaa følger til Støelen al den Skoug som findes fra Qvandalselven og op i Fieldet samt en Skougtejg der tager sin Begyndelse fra en liden Bæk indenfor Langefossen og op i Fieldet».

Kjøpesummen var 40 rdI.


1807. Skøyte frå Sjur Monsson Fenne til Lars Knutson Saue av Borstronds åttung på seljaren sin part av stølen for 80 rdl.

1813. Skøyte frå Lars Knutson Saue til Lars Sjurson Langeland på halvdelen av stølsbeitet.

1815 er det skifte etter ungkar Lars Sjurson Langeland der halvparten av stølsbeitet vart utlagt til mora Kari Sjursdtr., og syskena til avlidne.

1815. Skøyte frå Kari Ingebrigtsdtr. m,fl. sine partar i stølen til Lars Sjurson Langeland, og i 1820 skøyter sonen Ingebrigt Sjurson sin part til Knut Larsson Langelandslien for 80 rdl.

1822 sel Eirik Nilsson Saue sin halvdel i stølsbeitet til Knut Johannesson Langeland for 50 rdl.

1841 sel Knut Larsson Langelandslien til sonen Lars Knutson halvparten av stølsbeitet Beinhelleren saman med part i garden Langelandslien.

1841 sel Knut Larsson Langelandslien til sonen Sjur Knutson halvdelen av stølen Beinhelleren saman med part i garden Langelandslien.

1841 er det halde skifte etter Sigrid Sjursdtr., enkja otter Knut Johannesson Langeland der stølsparten saman med part i Langelandslien vart utlagt sonen Johannes Knutson. Parten i Beinhelleren vart verds. til 50 spd.

1855 skøyte frå Johannes Knutson Langeland, gift med Anna Knutsdtr. Teiglandsli, og Gulleik Gulleikson Århus, gift med Sigrid Knutsdtr. Teiglandsli, sjølvskiftande arvingar etter Knut Larsson m.a. part i Beinhelleren til medarvingen Lars Knutson Teiglandsli for 125 psd. - Sjå. Langeland.

1856 er det tinglyst presteattest at Lars Knutson var einaste arving etter Knut Larsson.

1891. Kjøpekontrakt frå Lars Johannesson Langeland til Johannes Larsson Brakestad på seljaren sin part i stølen med påståande sæter og tilliggjande rettar, ein ovn, eit vasshjul og ei ferje for kr. 420, Seljaren bind seg til å løysa stølen innatt dersom kjøparen ikkje får selt han, og skal ha løysingsrett i tilfelle sal.

1917 er det tinglyst kontrakt frå Nils J. Ekse til Blaauw på rett til oppdemning og regulering mot vederlag kr. 1000. Vart det oppdemt så mykje at stølen ikkje vert brukande skal det betalast kr. 2000.

1917 sel Blaauw sine rettar til AmeIn og Gjestland.

1924 får Sigurd Århus eigedomshevdsdom til stølen.

1930 skøyter Sigurd Århus stølen til Nils Larsson Bindingbø for kr. 1200.


Bnr. 8. Beinhelleravsnittet.

Utsk. frå bnr. 7 i 1917. Sk. mk. 0,10.

1920. Skøyte frå. Nils J. Ekse som vantar tinglyst heimel, til D. V. Blaauw for kr. 1000. Lars Sjurson og Knut Larsson Trefall samtykker i salet.

1924 får D. V. Blaauw eigedomshevdsdom til bruket,

1926. Skøyte frå Blaauw til AmeIn og Gjestland - og vidare som bnr. 4.


Bnr. 9. Bakkatun.

Utsk. frå bnr. 1, 2 og 3 i 1963. Sk. mk. 0,01.

1963. Skøyte frå Sjur, John og Knut Trefall til Ingvald Trefall, f. 1911 for kr. 300.


Bnr. 10. Utsikten.

Utsk. frå bnr. 3 i 1963. Sk. mk. 0,01.

1964. Skøyte frå Gunnar Trefall til Bergljot Nesse, f. 19**, for kr. 100.


Bnr. 11. Bruheim.

Utsk. frå bnr. 1-3 i 1969. Slunk. 0,01.

1969. Skøyte til Johannes Trefall, f. 1909, utan vederlag. Verds. kr. 300.


Bnr. 12. Kultakjelen.

Utsk. frå. bnr. 1-3 i 1969. Sk. mk. 0,01.

1969. Skøyte til Nils Trefall, f. 1917, utan vederlag. Verds. kr. 300.


Husmenn:

Jakob Jonson Ekse, f. 1806, g. 1829 Brita Jakobsdtr. Trefall, f. 1804, var innerst på Ekse, og etter 1840 husmann på Trefall.

Born:

a. Ingebjørg, f. 1833. Reiste 1861 til Vik i Sogn, g. med Lars Larsson f. 1837, b. Le i Vik.
b. Jakob, f. 1836. Reiste 1866 til Arnafjord, Vik i Sogn.
c. Ingebjørg, f. 1837, d. 1837.
d. John, f. 1838. Reiste 1864 til Vik i Sogn, g. 1865 med Brita Nilsdtr. Le, f. 1846, Vik. Utv. til USA med to born 1869.
e. Brita, f. 1840
f. Knut, f. 1842.
g. Gjertrud, f. 1844. I 1865 var ho tenestejenta hjå Lars og Ingebjørg på Le.
h. Lars, f. 1846.

Jakob Jonson, kona og borna e, f og h utv. til USA 1867.


1832. Grunnsetel frå Knut Jakobson Trefall og Ingebrigt Sjurson Trefall på eit inngjerda jordstykke i utmarka til Lars Jakobson Trefall mot å betala til kvar grunneigar 1 1/2 spd.

Lars Jakobson, f. 1809, g. 1830 med Kari Gulleiksdtr. Århus, f. 1805. Lars fekk skøyte på bnr. 2 i 1840.


Innerstar:

Jon Jakobson Trefall, f. 1718, d. 1799, g. 1736 Marjo Knutsdtr.

Born:

a. Anna, f. 1736, d. 1752.
b. Lars, f. 1739, g. 1765 Jorund Larsdtr. f. 1738.


Ole Sylfestson Arnetveit d.y., f. 1716, d. i Langedalen 1759, g. 1750 Gunnbjørg Jakobsdtr. Trefall, f. 1732.

Born:

a. Marita, f. 1750, d. 1750.
b. Marita, f. 1751, g. 1792 Ivar Jonson Yksendalen, f. 1735. Jordlaus husmann Ekse 1801.
c. Jon, f. 1754, d. 1773.
d. Brita, f. 1755, d. 1756.
e. Ola, f. 1757, g. Marta Andersdtr. Grøsvik, f. 1770, b. Grøsvik, bnr. 3, Stamnes.
f. Herborg, f. 1759, g. 1803 Anders M. Hesjedal, f. 1764, b. Hesjedal, Stamnes.

Ola Sylfestson kjøpte eit bruk i Langedalen i Modalen 1758. Gunnbjørg vart oppattgift 1760 med Ivar Larson Eide, Stamnes, b. Eide bnr. 3 og Langedal bnr. 1.

Lars Jonson Trefall, f. 1739, g. 1765 Jorund Larsdtr. Gullbrå, f. 1728.

Born:

a. Johannes, f. 1765.


Beinhelleren.

I «Natur, Folkeliv og Folketro paa Voss og Vossestrand», 4. del, 1887, liar Th. S. Haukenes eit stykke om Beinhellren.

«Fra Trefald skjærer Norddalen opp mellem fjellene. Et stykke op i dalen findes en stor heldre eller hule under en berghammer. Foran helleren ligger en stor muldbakke der ligesom skulde vre kastet op fra hulens indre. Man fandt endel menneskeben under denne helder og kalles den derfor Benhelleren. Man har tenkt sig derfor at stedet engang i den graa oldtid bar vrt tilholdssted for nogen av vaare forfedre, der dengang levde som huleboere og levet av kjødet av rensdyr og andre vilde dyr som de fanget. Kan og ten­kes at den er av yngre dato benyttet av rensdyr-bjørnejegre og at benene som blev funnet er etter en ulykkelig *ger som først er gjenfundet i saa opløst tilstand at man ikke har Beet sig istand til at grave levningene i kristen jord. Ingen vet noe. Stedet er en me-get interessant foreteelse som dot vilde være ønskelig at en eller an den lærd vilde ta i nærmere øyesynd.»


Grend:

Trefall er i bedlag med Gullbrå, Ekse og Brakestad. Dugnadsgrendi gjekk heilt til Lavik - Yksendalen.


Støl:

Trefall har støl på Trefallsstølen og ligg vèl 3 km. frå garden. Trefallsstølen er ålment halden for ein uvanleg god støl. Det er oppvarda turistrute framom stølen. Alle tre seli er i stand. Tidlegare hadde dei opptil 38 hyrekyr på Trefallsstølen. Då fekk Trefallsbøndene 1/3 av vendingi (smøret og gamalosten) og so skummamjølk i tillegg. Det var frå Teigdalen hyrekyrne kom, mest frå Mestad.


Kvern:

Kverni stod i Norddalen, murane syner enno i 1981. Nils Jonson Ekse som kom til Trefall bygde henne. Det var eit slipesteinstøde lenger oppe i Norddalen.


Korndyrking:

Det har ikkje vore korndyrking på Trefall i manns minne, men Storåkrane på flaten millom dei noverande tuni har vore kornåkrar i gamal tid. Det er sandjord og framifrå potetjord på flatane her.


Tekniske tilhøve, veg:

Motorslåmaskiner kom til gards på 1950- talet. Traktorar frå 1966. Telefon 1950 og el-kraft frå BKK 1955.

Eksingedalsvegen vart bygd ferdig til og med Norddalsbrui sumaren 1939. Berebjelkane (stål) over Norddalselvi er 11 m lange og transporten frå Eidslandet var krevjande. Det har vote 5 løypestrengjer for høy- og vedløyping på Trefall.


Hyttebygging:

På Trefall vart det på 1967-talet lagt ut eit hyttefelt, der 11 hytter er bygde i tidi fram til 1981; hytteeigarane har bygslingsavtale. Norddalen er sameigeteig, so bygslingsavtalen er med heile Trefall.


Utløer.

Det har stade mange stavaløer i utmarki på Trefall. Ei stavaløe har ikkje kledning på reisverket, (stavane). Dei hesja høyet ytst og kjembde det vèl, so at vatnet skala av, då låg høyet innanfor som i ein stakk. Stavaløene var torvtekte. Det var vanleg sloda (draga på slode) høyet or utløene og heim om vintrane. Slik har dei ført høyet heim på alle gardar i Øvre Eksingedalen.


Arbeid med husavyrke:

Nils Trefall, f. 1859, og sonen Jon hogg tømmer i Hevik til stovehuset på 1890-talet. Då var det ikkje veg nedredalen heller. Dei hogg tømmeret eine vinteren. Neste vinteren fekk dei det ned til elvi og drege det opp på Flakollsfossen. Tridje vinteren drog dei ned til Flatekvål. Då var det stålis på elvi heilt til innom Lavik, og Nils skeisa tømmeret (skeisa og drog stokkane på dròg etter seg på isen 8 kilometer til brekkene innanfor Lavik). So hogg han trepper i isen attmed Fossfossen og heldt dugnad på å bera stokkane opp til Fosse. Frå Fosse til Trefall er 13 km. Der var det køyredugnad. Håkon Trefall fortel at det var liksom faste åremål på arbeidet frå dei hogg til husavyrket var heimkome, men det skilde seg, korleis vèr og føre var. l beste fall greidde dei det på 4 år, men det gjekk 7 år frå dei hogg tømmeret til dei bygde løa på bnr. 1, (den vart nedrivi i 1979). Det var ikkje oppgangssager eller sirkelsager i heile Eksingedalen før inn mot år 1900, so dei laut frakta stokkane heile og so øksa bygningsmennene det til på byggjestaden, omkr. 1890 vart det bygt vassag på FIatekvål. Det var stundom lange og svære stokkar. Til vanleg var dei to mann om bera desse opp dei 20 trappestigi ved fossen. Nils Trefall bar stokkane opp åleine. - Det som her er fortalt om arbeid med husavyrket på Trefall gjeld ålment for alle gardane i Øvre Eksingedalen; år om anna var det ei stove, ein løbygning eller ei bu som laut takast av nyo på ein av dei 8 gardane frå Fosse til Gullbrå, slik at det kvar vinter vart ein større eller mindre køyredugnad der alle var med. Når dei arbeidde nedanfor Lavik laut dei nista seg ut for fleire dagar og ha med høy til hesten. Det er òg viktig å merka seg at bøndene frå øvregardane ikkje fekk hogga av skogteigane attmed elvi nede i dalen, men fekk tilvist tre for felling på hyller og hamralag i dalsidene høgt over dalbotnen, slik at stokkane ofte laut firast i tòg ned ufsene og hamrane.


Forteljingar:

Jordmori vart tilkalla frå Gullbrå ein vinterdag, ho kom frå lenger nede i dalen og var komi til Trefall om ettermiddagen. Då var det storm og tett snjodriv. Ein gut frå Trefall gjekk med henne, men so ættville vart dei i myrkret og ròket at dei var komne 3 km oppetter Norddalen før dei merka at dei var på avvegar. Dei greidde likevel å finna fram i tide til garden der dei trong henne.

1901 skulle Lars Trefall få seg ny båt. Han fekk båten køyrd til Lavik, lenger nådde ikkje køyrevegen. Dette var om våren i jonsoktider. Lars og tre andre karar bar båten omlag 2 km til ein stad som heiter Kleivi. Der tok dei båten over elva, og bar han åt Glupahylen. Dei rodde innunder Vetleglupen, og på sørsida av elva bar dei båten oppå fossen. Så tok dei tòg i båten og drog han otter elva. Men elva rann tungt der, fleire stader, og nett då dei skulle svinga om ein berghamar skar båten full med vatn. Straumers reiv tòg or hendene på karane og båten for snøggare nedom Vetleglupen enn han kom opp. Båton vart knust til «molamat». Lars Trefall sa so tolugt: «Skaden er ein ting, at eg vert båtlaus i sumer er mykje verre.»


Off. forretningar:

Minneleg utskifting med Brakestad, Gullbrå og Ekse m.fl. 1845. Vegkontrakt Fadned - Brekkhus 1888. Kontrakt om veg gjennom dalen 1894. Do. om Nesheim kapellkyrkja 1903. Garantidok. vedk. vegen Fosse - Nesheim 1913. Avtale om veganlegget Nesheim - Gullbrå 1922. Kontrakt om gratis grunn til kraftlina Fosse - Trefall 1943. Grensegangsforretning vedk. stølar og eigedommar i Voss og Vossestrand 1941. Innmarksutsk. Trefall 1968.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy