Testamentet, vedtekter -Konowfondet
Frå Vaksdal Historielag
< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald
Det Kongelige Departement
for Sociale Saker.
gjør vitterlig:
Med heimel i dei kongelege resolusjonane av 23. november 1909 og 8. september 1916, stadfestar ein hermed "Statsminister Wollert Konow og hustru Frigga Konows fond for opsitjarane i Bergsdalen", Evanger, skipa av fru Frigga Konow ved testament av 15/10 1931.
Likeeins stadfestar ein vedtekter for dette fondet, dagsett 5/1I 1937.
Til dette dokumentet er fest rettkjend avskrift av testamentet kva vedkjem fondet og eit eksemplar av vedtektene.
Oslo, 21. januar 1938.
Stadfesting på "Statsminister Wollert Konow og hustru Frigga Konows fond for opsitjarane i Bergsdalen".
VEDTEKTER
for statsminister Wollert Konow og hustru Frigga Konow's </font>
fond for oppsitjarane i Bergsdalen.
§ 1.
Fondet er skipa av fru Frigga Konow ved testamente av 15. oktober 1931 og skal bera namnet "Statsminister Wollert Konow og hustru Frigga Konow's fond for oppsitjarane i Bergsdalen.
§ 2.
Legatmedelen kr. 22.500,-, som ikkje kan røyrast, skal aukast til kr. 25.000.- ved tillegg av renter. Medelen vert å setja ut slik som til kvar tid er fastsett for medelen åt offentlege stiftelser. Med omsyn til rekneskapsstell og kontroll gjeld dei reglar som til kvar tid er fastsette for slike midlar.
§ 3.
Fondet vert varveitsla av Vaksdal formannskap. Rentene av fondet, som kan samlast opp i inntil 5 år utan å delast ut, skal nyttast til gagnlege økonomiske tiltak til fremjing av komunikasjoner, bygdestell innan grendi.
§ 4.
Etter framlegg frå oppsitjarane, avgjer formannskapet korleis rentene skal nyttast. Slikt framlegg må vera kome til formannskapet innan utgongen av august kvart år.
§ 5.
Det ligg på styret: a. Å varveitla fondet i samsvar med vedtektene. b. Setja til kassastyrar, med godkjenning av stiftsdireksjonen som ogso fastset kassastyrarens løn. c. Tilvisa utbetalingar i samsvar med vedtak. d. Kvart år innan utgangen av februar å senda gjenom stiftsdirek sjonen til kyrkjedepartementet revidert rekneskap til ettersyn og desisjon.
§ 6.
Desse vedtektene kan berre brigdas etter samr. vedtak ved lens mannen, ordføraren og ein av gardbrukarane i Bergsdalen vald representant og med godkjenning av vedkomande departement.
© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org