Kristenliv og misjon, av Eirik Småbrekke

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Kristenliv og misjon
Av Eirik Småbrekke


Kristenliv.
"Om fjellet er høgt, og dalen trong, Guds ord heve då sitt gjenge". Ja, Guds ord kom og til Bergsdalen, men kva tid dette hende, er det ingen gjeve å seia i dag. Tidene har veksla, stundom var her eit rikt kristenliv, andre gonger turrare tider.

Dei gamle snakka om vekkingar som hadde gått over dalen. Truleg var den største i 1880-åra. Desse sette merke etter seg. Det fortelst at folk gjekk etter vegen og song; den gamle vegen som gjekk over haugar og delder, bøar og tun. Det må ha vore liv og krefter som braut på innanfrå hjå desse.

1887 var det 4 brudlaup på Lid. Og dei hadde korkje dans eller drikka i nokon av dei. Dei heimane som då vart skipa, og mange fleire, gav ein god kristen arv til borna som voks opp.

I so å seia alle heimar var det husandakt. Både dei som rekna seg som personlege kristne, og andre, "hadde bøkene for seg" kvar sundag føremiddag. Då var alle i huset samla. Borna måtte sitja heilt rolege medan faren las. Ja, hjå sume var det bestemødrene som las. Heller ikkje fekk borna gå ut før om ettermiddagen, mange stader. Skriver si bok vart mykje nytta til å lesa or. Sume samla og husfolket til andakt om kvardagskveldane. Og etter som det kom ut andaktsbøker med eit stykke for kvar dag, gjekk det for mange ut med den lange postill-lesinga om sundagane. Mange bruka Hope si andaktsbok, men og Rosenius si vart nytta.

Om det fram gjennom åra har minka mykje av med å halda andakt i heimane, er det likevel ikkje heilt slutt enno. Det finst dei som må ha dette daglege samværet, der dei kan lesa, be og syngja i lag. Dei fyrste emmisærane kom tidleg til Bergsdalen. Ingebjørg Forthun f. 1884, fortalde at ho var ute og skreid på kjelke, og heldt på å for i råka i vatnet. Då var det ein emmisær som heitte Raunebakken, som berga henne. Ho var då so lita at ho hugsar ikkje hendinga sjølv. Når emmisærane kom til grenda, vart det halde møte i heimane, og alle som slapp frå, møtte fram, unge som gamle.

Enno lever folk som hugsar Lars Mykkeltveit og Anders Nestås. Dei verka helst berre i dei næraste bygdene. Og ein kan vel mest rekna dei som sambygdingar. Mykkeltveit ætta or dalen. Elles har her vore ein stor flokk emmisærar, som har reist for Kinamisjonen (seinare kalla Norsk Luthersk Misjonssamband), Det Norske Misjonsselskap, Indremisjonen og mange andre mindre organisasjonar.

Etter at vegen kom, var ikkje folk redde å gå eit stykke veg til møta. Dei gjekk frå Lid til Fosse, og omvendt. Likeins i øvre dalen, frå Berge til Rødland, og omvendt. Ein utflytt bergsdøl skriv at ho minnest serleg desse mennene som opna med Guds ord og bøn. Det var alvorlege møte som sette merke i barnesinnet.

Då Øye skule kom i 1902, vart møta for den krinsen helst lagde der. Og folk kom og fylte skulestova, om so det var midt på travle kvardagen. I Hatlestad skule var det ofte møte, med til dels fullt hus. Om der ikkje var tilreisande talarar (emmisærar eller misjonærar), samlast folk likevel til møte. Einkvan av dei byrja, og so vart det alltid nokre fleire som deltok. Og so song dei mykje.

I dei ymse tidbolkar har det mest alltid vore ein eller fleire som har kjent det som ei kjær plikt å vitja sjuke og gamle, og lesa Guds ord for dei. Og so er det forbedararne. Dei har vore trugne i det stille. Men ein dag ska det verta openberra kva dei har vore med på. Og so alle dei som har gjeve emmisærane hus og mat. Dei har vorte rikeleg velsigna att for det.

Under siste krigen var det ei oppvakning mellom folket i dalen. Likeeins tidleg i 50-åra. Nokre gav seg over til Gud. Og det vart teke til med bøne- og vitnemøte, med til dels fint frammøte. Men etter ei tid viste folk mindre trong til å samlast om Guds ord. Og det vart ikkje kome saman til slike møte meir.

Emmisærvitjingane har òg vorte sjeldnare. Og lite folk har det kome til møta deira. Men til gudstenestene har frammøtet vore noko betre. Og til misjonsbasarane har det helst kome mykje folk.


Misjonslag/foreningar


Bladhald.
Bergsdølene var tidleg vakne når det galdt misjonsarbeidet. Dei las i misjonsblada, og misjonshugen vart vekt. Der var "Kineseren" som var det fyrste bladet dei tinga. Seinare vart namnet endra til "Utsyn". Det var dei som tinga bladet heilt frå det kom ut i 1891. Og det går framleis i sume av dei same heimane. I 1899 kom "Sambåndet". Det hadde tingarar på dei fleste hus, ei tid. "Norsk Misjonstidende" fekk og mange tingarar. "På hjemveien" vart truleg tinga alt i 1897. Og det kjem enno, i same namnet, til ein heim. Seinare tinga folk "Misjonsblad for Israel", "Evangelisten", "For Fattig og Rik", "Venehelsing", "Misjonsvennen", "Dagen" og fleire. Borna fekk og sine eigne blad.


Bergsdalen forening/Såledagen.
Helge Fosse skreiv i 1919 at det har vore "- arbeid for Kinamisjonen i Bergsdalen like fraa den byrja sitt tilvære (1891), men her hev aldrig vore organisert forening og difor hev her ikkje vore ført bok yver møti og innkomorne".

Det seiest at det fyrste var ei mannsforening. Det ligg att nokre kvitteringar frå 1901 til 1912. Dei er stundom stila til Bergsdalen Mannsforening, og til Fosse forening, eller Bergsdalen forening. Det har kome inn frå ikring kr. 30,- til kr. 70,- for året. Helge Fosse stod i brodden.

Men i 1904 kjøpte Nils K. Brakestad gard på Rødland. Og han tok med seg ein tradisjon frå Eksingedalen. Den 6. januar kom folk saman og hadde auksjon over ting dei hadde laga. Utbytet gjekk til Kinamisjonen.

Den fyrste salsdagen, som på dialekt vert uttala "Såledagen", òg kalla "Trettendagen", vart halden på Rødland i 1906. Same stad året etter og. So vart det 2 år om gongen på Berge, Lid og Fosse. Sidan tok dei til med ny omgang på gardane, og då kom det fleire hus med. Eit par gonger vart han halden i Hatlestad skule. Og frå 1930 i ungdomshuset. Sidan 1956 har det vorte halde til i kyrkjesalen. So vidt det er råd å sjå av bøkene, har det ikkje vore nokon tilreisande talar på desse dagane før etter 1950. Av praktiske grunnar har dei frå 1963 lagt dagen til den laurdagen som er nærast 6. januar.

Det har heller ikkje dei seinaste åra vore ført medlemslista for Bergsdalen forening, som "Såledagen" sorterar under. Men alle dei som har hatt hug å vera med i arbeidet, har kome med sine gåver. Mennene laga ting av tre; river, langorv, stuttorv, auser, bekatråd, hovolder og mykje anna. Sume gav ull. Kvinnene strikka og sydde ei mengd ting.

I 1914 vart det selt 42 ting (+ nokre gåver) for til saman kr. 68,50. Men i 1917 var det 69 ting og ikring 30 kjøparar. Prisane var frå 30 øre og heilt opp til kr. 5,-, og utgjorde ein sum på kr. 140,-. Fram til 1950 har det kvar haust vore ein offerdag, eller møte med kollekt til Kinamisjonen (Misjonssambandet). Frå og med 1913 er truleg alle innkomene til misjonen bokførde. Fyrste 10-års bolken var dei over kr. 2.000,-, neste omlag kr. 2.000,- og tredje bolken under kr. 2.000,-. Men i 1943 tok summane til å auka mykje. So frå og med det året og til og med 1977 er det sendt nær kr. 18.000,- til misjonen.

Helge Fosse skreiv og i 1919: "Utan denne saaledag hev det umtrent aarleg vore halde ein fest på Lid kvar vaar til inntekt for Kinamisjonen med mykje pengeutbyte". Men i dag finst ikkje noko papir som viser kor mykje som har kome inn på desse festane. Og i 1920 gjekk visstnok festane over til å samla midlar til kyrkjebygg i dalen. Dei siste åra har frammøte til "Såledagen" vore mellom 20 og 30 menneske. Og innkoma (+ tilfeldig kollekt) nære på kr. 1.000,-. Helge Fosse stod for arbeidet for Kinamisjonen fram til I941. Frå same året vart det Peder J. Småbrekke til han døydde i 1952. Sidan er det Eirik Småbrekke som har stått som "formann" i Bergsdalen forening.

Då Kina vart stengt for misjonærar, vart namnet brigda til Norsk Luthersk Misjonssamband.


Nedre Bergsdalen kvinneforening.
Arbeidet for Det Norske Misjonsselskap ("Gamlemisjonen") tok og tidleg til. På Lid hadde dei ei kvinneforening som truleg må ha teke opp arbeidet like etter 100-års skiftet. Møta sine hadde dei helst hjå Synneva på "Haugen", men dei samlast òg på "Muren". Arbeidet var opplagt slik at dei bar ull og rokkar med seg. Og so karda, tulla og spann dei. Garnet selde dei, og pengane gav dei til misjonen. Ein gong tok mennene til skogs og skulle jakta, og fangsten skulle gå til misjonen. Dette har truleg hendt fleire gonger.

Dei gamle misjonskvinnene døydde, eller vart for gamle. Og arbeidet stogga opp, truleg i 1917.

Men so i 1920 vart det skipa ei ny forening, ved Signe Andal. Denne skulle fata om heile nedre dalen, eller Øye krins. Og namnet vart Nedre Bergsdalen kvinneforening. Det skulle vidare arbeidast for N.M.S. No vart det medlemer på mest kvart hus. Og dei samlast rundt om i heimane. Dei hadde andakt, opplesing og eit godt måltid mat. Basarar hadde dei kvart år, jamnast i mai. Den fyrste var i skulehuset. Seinare vart dei haldne hjå Brytteva og Helge Fosse til og med 1947. So vart dei lagde til ungdomshuset. Men frå kyrkja vart ferdig i 1955, har dei vore i kyrkjesalen.

Då basarane var på Fosse, hadde dei loddsalet laurdag. Og so samlast dei att til fest og møte sundag. Kaffi og smørbrød vart servert. Men frå 30-åra vart det og råd å få dravle. Bøndene gav mjølka, og so koka dei på Fosse. Nettoen av matbillettane gjekk til misjonen. Det møtte ofte mykje folk. Ein gong i krigen var det samla fleire hundre menneske. Mesteparten kom frå Dale. Veret var fint, so dei heldt til ute. Ein slump egg som var utluta, lokka svært. På dei kom det inn so mykje at kvart egg kom på kr. 20,-. Om ikkje heilt frå fyrst av, so var der jamt talarar på basarane. Når det høvde so, var det prestane, men som oftast ein utsending frå N.M.S. Ei tid sorterte foreninga under Evanger. Og papira må ha gått dit, for det er ikkje råd å finna oppgåver over kva som er kome inn før fra 1953/54. Men frå då og til og med 1977 er det sendt kr. 19.208,-. Fyrst i perioden var innkoma knapt eit halvt tusen årleg, men auka so til det tredoble siste åra.

Foreninga har òg gjeve pengar til andre enn N.M.S. Under krigen vart det soleis ytt løn til soknepresten.

Fram til 1959 sende N.M.S. alltid ein utsending som heldt møte ein sundag om hausten. Då vart det teke opp kollekt eller offer. Det som kom inn på denne måten, er ikkje med i summen som er nemnd ovanfor.

Desse har vore formenn (forkvinner): Brytteva Fosse til 1939, Kristbjørg Fosse til 1952. Gudrun Folkedal til 1962. Og Konstanse Lid sidan.


Bergsdalen Bibelforening.
Etter oppmoding frå sokneprest E. Evensen vart Bergsdalen Bibelforening skipa 28/8 1920. På skipingsmøtet melde det seg 14 medlemer. Men før året var ute, var talet kome opp i 45. Til styre for 3 år vart valde: Helge Fosse, formann, Nils K. Rødland, kassestyrar og E. Evensen, styremedlem. Medlemspengane vart sett til kr. 0,50 for året. Og elles heiter det i lovene at foreninga skal støtte Det Norske Bibelselskap, og spreida testamente og biblar mellom folket i dalen. I 1922 vart det gjeve 3 testamente til konfirmantane. Men året etter vart det gjeve heile biblar, i alt 6 stykke. Frå og med 1925 vart det gjeve landsmålsbiblar.

I 30-åra var medlemstalet ikring 22. Prisane var låge då. Ein bibel kosta berre kr. 2,90 i 1929.

Då Nils K. Rødland vart sjuk, oppmoda han om våren 1941 Peder J. Småbrekke til å samla inn medlemspengane, som då stod ukravde for 3 år.

Medlemstalet auka att til det stod på 46 i 1951. Peder J. Småbrekke tenestegjorde både som formann og kassestyrar. Men hausten 1952 døydde han. Og det var ingen som førde vidare arbeidet med Bergsdalen Bibellag, som det då heitte.


Finnmarksforeningen "Fjellsol".
I 1936 var Martin Aalmo her og verka for Finnmarksmisjonen. Marta Rødland vart oppglødd for dette arbeidet. Ho gjekk rundt og tala med dei andre kvinnene i Hatlestad krins. Dei ville vera med, og det vart skipa ei forening med namnet "Fjellsol". Den vart tilslutta Det Vestlandske Indremisjonsforbund, og skulle arbeida for økonomisk støtte til barneheimen "Vårsol" og gamleheimen "Kveldsol" i Finnmark. Sytten kvinner kom med i arbeidet so å seia frå det fyrste. Dei samlast rundt om i heimane sine. På møta sine hadde dei andakt, opplesing og eit velduka bord.

I 20 år hadde dei basarar. Til å byrja med var dei i skulehuset, men seinare i ungdomshuset òg. Det kom inn noko over kr. 7.000,- på desse basarane. Dei største inntektene var siste åra under krigen. Om fyrste basaren kan ein lesa dette i ei dagbok: "Sol og varme som det for det meste hev vore i vår. Stor vellukka fest i Hatlestad skulestova, med tale, song - musikk i bakkehallet austanfor. Presten Rudjord tala, og Dale songkor (indremisjonen sitt) deltok. Mykje folk frå Bergsdalen og Dale. Fyrste årsfest for Finnmarksmisjonen". Desse basarane samla seinare 70-80 menneske.

"Fjellsol" gav òg pengar til andre føremål. T.d. fekk soknepresten tilskot til løn eit par gonger under krigen.

Frå 1957 vart det slutt med å halde basarar. Det vart i staden sendt kledevarer nordover. I alt 64 kledeplagg. Men etter 1960 sende dei pengar att. I alt kr. 3.865,- etter at basarane var slutt.

Marta Rødland var formann (forkvinne) i 30 år. Borghild Småbrekke vart formann (forkvinne) frå 1966. Då var medlemstalet kome ned i 9. Mange av dei fyrste var borte. - No er medlemstalet berre 4, og alle er over 50 år.


Den Norske Israelsmisjon.
Det var i 1941 at arbeidet for Israelsmisjonen kom inn i fastare former i Bergsdalen. Av og til hadde det før og vore talarar som hadde hatt møte og samla inn midlar. Men no vart det skipa bøsselag med Peder J. Småbrekke til formann. Brynjulv Vethe vitja dalen ofte frametter. Seinare har mange talarar vore her.

Frå 1946 vart Eirik Småbrekke formann. To år etter fekk dei tilsendt haustofferlister, som dei gjekk rundt med.

I 1959 vart det skipa støttelag, med Klara Lid til formann (forkvinne). Dette laget har kvar haust hatt åresal i kyrkjesalen. Alle interesserte samla seg om desse basarane til støttelaget. Og av den grunn gjekk det ut med bøssene og listene.

På bøsser, lister og kollektar er det kome inn kr. 1.921,-. Men det er basarane som har teke inn det meste. Heile kr. 12.516.- er sendt som overskot av dei.


Sundagsskulane


To gonger har det vore sundagsskular i gong, både i Hatlestad og Øye krins. Og båe gongene har dei vorte nedlagde på grunn av for få born. No er det i gong sams sundagsskule for heile Bergsdalen.


Hatlestad krins.
Kva tid det vart teke til med sundagsskule i Hatlestad krins, kan me ikkje tidfesta nøye. Men det var truleg mellom 1912 og 1914. Ei kvinna som reiste for sundagsskulen, vitja dalen. Ho spelte harpeleik og song. Etter dette tok Nils K. Rødland til med sundagsskule. Fleire som var born då, minnest enno ein song dei fekk læra då. Han tek til soleis: "Led mig til Jesus, at jeg kan lære ham rett å kjenne, elske og tro -".

Sundagsskulen vart halden kringom på gardane. Sundagsskulefest hadde dei på Rødland. Stova var fullsett. To ringar rundt joletreet. Kona til Nils laga mat. Og borna tykte det var gildt.

Då skulehuset på Hatlestad kom i 1918, vart samlingsstaden der. Borna var med frå so å seia alle heimar. Ofte møtte nokre besteforeldre òg. Møtetida var midt på dag, kl. 14.00. På jolefestane møtte "mann av huse". Barna deltok med program. Mat hadde kvar med, og so vart det koka sjokolade, (og kaffi). Barneaugo stråla, og jolesongane tona av full hals.

Ei tid vart det skipa til årleg morsfestar. Desse vart lagde til sundagen nærast morsdagen. Om sumrane vart det teke små turar til stølar og andre stader innan dalen.

I 1924 var det 14 born. Seinare vart talet meir vekslande, og minkande. I 1937 måtte sundagsskulen leggja ned. Avslutningsfesten var 11. juni.

Desse med fleire, har vore lærarar: Nils K. Rødland, Ingebjørg Rødland, Peder J. Småbrekke og Kristbjørg Berge.


Øye krins.
Det er sameleis noko uvisst når sundagsskulen for Øye fyrst kom i gong. Sume som var med frå byrjinga, meiner det kan ha vore i 1910 eller 1911. Det var Helge Fosse og Per Øye som tok til. Per Øye var uvanleg god til å syngja. Det var mange born på den tid, full skulestova. Og dei samlast kl. 11.00 om sundagane. Jolefestar hadde dei slik som i Hatlestad krins.


Bilete s. 472 Hatlestad sundagsskule i slutten av 40-åra.


Åra gjekk. Barnetalet i dalen minka. Og sundagsskulen måtte leggja ned. Det var ein gong i 30-åra. Då var det ei kort tid at det ikkje var meir enn 4 skulepliktige born som høyrde dalen til.

Desse har vore lærarar: Helge Fosse, Per Øye, Brytteva Fosse, Kristbjørg Fosse, Karolina Fosse og Gulina Lid.


Hatlestad.
Barnetalet auka att i dalen. Og Hatlestad sundagsskule vart teken opp att 21. mai 1944. Der var 7 born som møtte. Men frå hausten av vart det fleire, for det kom med born som var evakuerte frå Bergen. Dette auka på, so i april 1945 var barnetalet topp, med 17 i alt. Det vart halde sundagsskule mest kvar sundag, og dei fleste borna møtte kvar gong. Tida var føremiddag kl. 10.30.

Om våren fekk byborna koma heim att, og sundagsskulen vart halden sjeldnare. Interessa for sundagskulen minka etter at freden kom. Fyrst i 50-åra var det heilt nede i berre 5 gonger for året. Barnetalet var likevel oppe i 10. Men våren 1957 måtte sundagsskulen innstilla på grunn av for få born. Den siste tida hadde dei samlast i stova på Småbrekke. I alt gjekk 31 born på sundagsskulen i åra 1944-57. Dei tok nokre turar. Og jolefestar var det mest kvart år, sumtid i ungdomshuset, i lag med Øye sundagsskule.

Lærarar har vore: Kristbjørg Berge, som var aktiv inni sitt 80-ande år, Peder J. Småbrekke, Eirik Småbrekke, Ingebjørg Småbrekke og Borghild Småbrekke.


Øye.
Øye sundagsskule vart oppatteken 8. oktober 1944. Der var, liksom i Hatlestad krins, kome evakuerte frå Bergen. Klasseboka vart mangelfullt førd, men dei hadde i alle fall 32 born ei stund. Sundagsskulen skipa til fleire turar. Ein gong gjorde dei fottur over fjellet til Botnen, derifrå med båt og bil til Trengereid, og heim att. To gonger for dei med båt rundt Osterøy, ein gong om Gudvangen, Flåm og Myrdal. Og kven gløymer turen til Eksingedalen i 1950? Då var det 78 menneske med (frå heile dalen), i alder 2 til 78 år. Brynjulv Brakestad baud heile fylgjet velkomen i heimen. Og Kristian spanderte middag, makrell i rjome!

Barnetalet heldt lenger ut i Øye enn i Hatlestad. Men sundagsskulen vart likevel nedlagd i 1964.

Lærarar: Anders Fosse og Anna Kartveit m.fl.


Bergsdalen sundagsskule.
I 1972 vart sundagsskulen atter ein gong teken opp att. Kristi Ulveseth hadde nokre møte for sundagsskulen føreåt. Det viste seg at dei fleste foreldre var nokso interesserte. På opningsdagen 19. mars, møtte det 16 born, og mange foreldre. Møtestaden var kyrkjesalen, og møtetid kl. 11.00. Namnet vart Bergsdalen sundagsskule, då han skulde femna om heile dalen.

Nokre foreldre køyrde borna sine til sundagsskulen og var sjølve med på timane. Seinare møtte det opptil 22 born, og nokre vaksne, so sundagsskulen var den aller største samling om Guds ord i Bergsdalen. Men diverre tok frammøtet både av foreldre og born til å minka etter ei tid. Men alle huslydar i dalen har hatt born i sundagsskulen for kortare eller lenger tid. Det har vore halde sundagsskule 14 til 18 gonger for året. I arbeidet er det lagt vinn på både å læra og å forkynna. Song og musikk har fått ei brei plass. Dei fleste borna har byrja i 3-årsalderen. Og sume av dei har vore med til dei vart 13, 14 og 16 år. Dei største har lagt for dagen gode kristendomskunnskapar. Og disiplinen har vore bra. Til vanleg vert det nytta flanellograf. Og borna bruka ei tid arbeidsark. Då desse arbeidsoppgåvene vart lagde til Barnas Søndagsblad, tok dei til å senda bladet fritt til alle born over 3 år.

Ein liten jolefest, og ein liten sumartur har vorte avvikla mest kvart år. Sume born har vore på leirar, og lærarane på kurs.

Frå 1972 har det vore med i alt 37 born. - Oppsongen har heile tida vore: "Vår sundagsskule elskar eg, der er det godt å vera. Der alltid Jesus møter meg -".

Desse har vore lærarar: Eirik Småbrekke, Klara Lid, Kristina Fosse og Per Småbrekke.

Sekretærane i Bergens krins, Lilly Haugland og Lars Harberg har vitja sundagsskulane mange gonger.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy