Dyrkolbotn

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Dyrkolbotn.



Gnr. 71 Dyrkolbotn


No gnr. 247 i Lindås kommune


Innhaldsliste

Innleiing

Der denne fjellgarden ligg, vidar dalen seg ut og lagar ein flat botn, inneringa av bratte lier på tri sidor. Av dette, og av ordet dyrkolla - hind -, hev og garden fenge namnet sitt. Skriveformi hev alltid vore den same, men i talemålet brukar ein ofte namnet Botnane, eller den gamle dativformi: i Botno.

Garden ligg vel ei mil frå Romarheim, og omlag 350 m yver havet. Elvi frå Fossvatnet i nord fer utfor eit stup på omlag 50 m før ho roleg renn ut i Botnavatnet. Garden grensar i sør mot Romarheim, i vest mot Nipen, i nord mot Haukeland, Matre og Otterstad, og i aust mot Eiterdalen.

Dei fyrste husi på garden var små og stod i livd av ein liten haug. Då garden vart delt i to bruk i 1825, vart husi på bruk 2 bygde i nordenden av dei andre, berre med ei liti sval i millom. Fjøs og løa vart bygde tett attmed bustadhusi, berre med ei sval eller eit «skot» imillom. Dei kunne soleis gå frå bustadhusi til fjøsen og løa utan å gå ut. Dette kom vel med om vinteren når snøen låg høg og tung. Attåt dette var det mange buer som høyrde til kvart bruk.

Fram mot hundreårsskiftet tok dei til å emna på nye hus. Det var slett ikkje so endefram å få drege og køyrt til rette alt som trongst. I ti år dreiv dei på og samla materialar, og etter endelaust slit og strev fekk dei reist husi, på bruk 2 i 1900, og på bruk 1 i 1901. Men var slitet tungt, og ventetidi lang, so var det vel og noko til store og vene hus dei bygde, og det var vel ikkje fritt for at sambygdingane spita dei litt stundom for dei store husi. Desse nye husi vart oppsette eit stykke frå dei gamle tuftene, det eine lenger nord, og det andre lenger sør, so no vart det romsleg i tunet. Løone var flytte fyrr. Bustadhusi på bruk 2 er seinare noko ombygde og moderniserte. Då eigaren på bruk 1 kjøpte bruk 2 av grannegarden Nipen i 1931, reiv han ned bustadhuset der og bygde det attåt bustadhuset sitt i Dyrkolbotn. Det store huset han då fekk, nytta han i fleire år til turistheim, men i jolehelgi 1969 brann heile huset ned, og det er ikkje bygt opp att sidan.

Jordi på heimebøen er for det meste myrjord som ligg på eit underlag av svaberg, eller og grus og aur. Ho hev vore lite dyrka, for det meste berre gjødsla natureng. Heimebøen er etter måten stor, slettlend og lett å slå, og høyavlingi kunne vera nokso bra. Dessutan hadde garden gode markaslåttor både i Midbotn og Instebotn. Der voks det og mykje bjørk og raun som gav beit og skav til fór-berging om vinteren. Snøen låg djup og tung langt ut yver våren, og ofte måtte dei «molda» åkrane sine til å få snøen vekk, so våronni kunne taka til tidlegare. Jordbruk og feal hev alltid vore hovudnæringi for bøndene her. Innkoma av skogen og bortleiga av beitemark må nemnast som attåtnæringar.

Vegen til Romarheim var mødesam og lang. Om sumaren rodde dei yver Botnavatnet på heimelaga, flatbotna ferjor. Hestane med kløv måtte gå langs strandi, og vegen gjennom Håsdalen og Langedalen, fyrr ein nådde Gamlesetra, kunne verta nokso slitsam. Haust og vår når isen på vatnet var utrygg, la dei stundom vegen om Nipen og gjekk ned Nutledalen. Om vinteren køyrde dei yver vatnet, og laga braut ned gjenom dalane. Då sette dei ofte trugar på hest og mann. Ein gong freista dei å setja trugar på ein ukse som skulle leidast til sjøen, men det gjekk ikkje, han spente trugone av seg. Dermed batt dei han fast på ein slede og spente hesten for, og det gjekk bra. Elles var vedakøyringi, 4 - 5 mål ved, til sjøen om vinteren eit slitsamt arbeid. Det same var høykøyringi heim frå markaløone, og draging, bering og køyring av ved heim. Dessutan hadde mannfolki ofte arbeid nok med å halda vegane opne millom heimehus og uthus når snødrevet og snøkavane var på det verste. Det var verhardt i Dyrkolbotn, og livet var ikkje alltid so endeframt. Han Olai Dyrkolbotn segjer det soleis: «Alt måtte under sparekniven. Ikkje noko bitande eller slitande fekk koma bort. Me var 13 born på bruket, taus og dreng og kårfolk om bordet, men me levde godt, og hadde både mat og klede, og me som lever no, er alle samde om at me vilde ikkje byta bort denne oppveksten for nokon pris».

Etter at bustadhusi på bruk 1 brann i 1969, er det berre Haldor Dyrkolbotn og hans huslyd som hev butt fast på garden. Men borni til Haldor er no vaksne, gifte og flytta der i frå. Difor skriv han slik i sin «svane song» om garden og heimen: «Det vil truleg ikkje verta nokon fast busetnad her i den næraste framtid. Det er trist å tenkja på når slekti vår no hev butt her i 200 år. Røtene hev grott nokso fast».

Frå riksvegen som no går gjenom Romarheimsdalen, vart det for nokre år sidan arbeidt opp ein sideveg som går frå Nipen og opp til nedste enden av Botnavatnet. Garden hev og fenge både telefon og elektrisk straum. Sønene til Olai Dyrkolbotn held i desse dagar på å reisa eit stort bygg nedanfor Botnavatnet. Det skal millom anna nyttast til leirskule. Brørne til Haldor, Olav og Sigurd, hev bygt seg nye sumarhyttor på heimegarden. Alt dette, og ymse anna, skulle tyda på at garden Dyrkolbotn enno er liv laga.


Matrikkel og fødnad.

Garden hadde frå fyrst av gnr. 80, skyld 4 mrk. - seinare 6 mrk. -smør. Då skylda vart omgjord til pengeskyld, fekk garden gnr. 62, skyld 1 ort 12 skilling, seinare revidert til 1 dr. 1 ort 12 skilling. Garden hev no gnr. 71, skyld 2,22 på bruk 1, og 1,11 skm. på bruk 2. Me tek med her nokre oppgåvor frå ymse teljingar som gjeld garden:


1723: Eier: Søren de Fine, 6 mrk. smør. 1 flomkvern, ligger 1 mil fra søen, after intet korn, samler sit foder fra vanskelige fielde. Ofte ligget øde, saar intet, føder 1 hest 4 kiør og 6 faar. Lever av kvegavl».


1803: «Eier: Sjur Nilsen Dyrkolbotn. Utsæd 1 tønde, avler 3 tønder. Poteter saaes av de fleste gaarder som ligger til fields. Føder 12 kreaturer og 12 faar. 66 rd. høieste beregning».


1863: Bruk 1: Eier: Sjur Johnsen. Aker og dyrket eng: middels 4 mål, slet 3 mål. Nat.eng: Godt 8 mål, middels 26 mål, slet 13 mål. Høi av utslåtter 500 våger. Årlig utsæd 1 1/2 tønde korn, 3 1/2 tønde poteter. Avler 5 tønder korn og 14 tønder poteter. Enghøi 930 våger, halm 40 våger. Føder 1 hest, 11 kuer, 2 ungfe, 30 får. Havnegang god, nær beliggende. Surogatfoder 1 kofoster beit og skav.


1863: Bruk 2: Eier: Knut Sjursen. Føder 1 hest, 10 storfe, 21 får. Utsæd 1/2 tønde korn, 2 tønder poteter.


1941: Bruk 1: Eigar Olai Dyrkolbotn. Ved utskiftingi fekk dette bruket: Dyrka jord 272,6 ar, natureng 1118,9 ar, hamne- og skrapjord 708,2 ar. Bruk 2: Eigar Haldor Knutson Dyrkolbotn fekk: Dyrka jord 194,9 ar, natureng 562,5 ar, hamne- og skrapjord 422,4 ar.


1959: Bruk 1 tald saman med gnr. 70 Nipen. Eigar Olai Dyrkolbotn. Dyrka jord 27 da., Anna jordareal 100 da. Produktiv skog 100 da. Onnor utmark 30.000 da.


BUSITJARAR

Eitt bruk og bruk nr. 1.

1682 er fyrste gongen me finn busetnad på garden. Brukaren døyr dette året, og er då skriven Anders Erichsen Botnen.


1. Anders Eirikson Dyrkolbotnen, f. 1628 d. 1682 g.m.

Brita Johannesdtr. f. 1627 d. 1699.


1683 gifte enkja Brita Johannesdtr. seg att med


2. Ivar Nilsson nedre Helland, bnr. 5.
Båe desse ekteskapi var barnlause.


1701. I manntalet dette året står det kort og godt om Dyrkolbotn: «Ødde», so då må det ikkje ha butt folk på garden.


1720 får Olav Johannesson bygselbrev frå Søren de Fine, som då eig Dyrkolbotnen, og i 1727 får han skøyte på garden frå enkja etter Søren de Fine, Abel Catharine Munthe, for 20 rd.


1704: 3. Olav Johannesson Dyrkolbotnen, f. 1669, g.m.

Cary (Kari), d. 1731.

Born:

  1. Anna f. 1704, d. 1741.
  2. Johannes f. 1707.
  3. Magne f. 1711.
  4. Jakob g.m. Kari Monsdtr. Stusdal.
  5. Knut g.m. Inga Monsdtr. Krossen, enkja.
  6. Olav g.m. Anna Sjursdtr. Farestveit bnr. 7.
  7. Brita f. 1722 g.m. næste bonde her.
  8. Kari f. 1727, d. 1758, truleg ugift.


1753: Skøyte frå Olav Johannesson til versonen Olav Nilsson Romarheim.


4. Olav Nilsson Johannesson Dyrkolbotnen f. Romarheim, f. 1734, d. 1763, g. m.

Brita Olavsdtr. Dyrkolbotn, f. 1722.

Born:

  1. Lars f. 1752, d. 1753.
  2. Nils f. 1754, d. 1765.


1763: Skøyte frå Brita Olavsdtr. Dyrkolbotn til Anders Larsson Kringlebotn for 20 rd. og kår til Brita Olavsdtr.


5. Anders Larsson Kringlebotn, d. 1787 g. m.

Ingeborg Nilsdtr. Romarheim, f. 1734.

Born: med dei budde her:

  1. Anna f. 1765, d.1765.

Anders og Ingeborg flytte attende til Kringlebotn, der han då fekk farsgarden.


1776: Skøyte frå Anders Larsson Kringlebotn til Sjur Nilsson Hjørnevik for 80 rd.


6. Sjur Nilsson Hjørnevik, frå Evanger 1763, f. 1748, d. 1834, g. m.

Marita Knutsdtr. Bergo, f. 1754, d. 1834.

Born:

  1. Ragnhild f. 1779, d. 1779.
  2. Ragnhild f. 1780, g. m. Jakob Johanneson Seljelid.
  3. Nils f. 1782, d. 1812, truleg ugift.
  4. Torbjørg f. 1785, d. 1873, g. m. Sjur Larsson Feten, Eikefet. Hos.
  5. Jon f. 1788, d. 1868, næste bonde her.
  6. Gjertrud f. 1794, d. 1834, g. m. Anders Olavson Eikemo. Hos.
  7. Knut f. 1797, d. 1886, bonde på bnr. 2 frå 1825.
  8. Guri f. 1792, d. 1792.
  9. Guri f. 1795, g. 1828 m. Mons Andersson Romarheim.


1825: Garden vert delt i 2 bruk. Me held her fram med bruk nr. 1.


Skøyte frå Sjur Nilsson Hjørnevik på 2/3 av garden, 4 mrk. sm. til sonen Jon for 67 spd.


7. Jon Sjurson Dyrkolbotn, f. 1788, d. 1868, g.

1. m. Kari Velumsdtr. Manger, f. 1787, d. 1832.

2. 1834 m. Anna Rasmusdtr. Romarheim, enkja, f. Haukøy 1787.

Born:

  1. Sjur f. 1815, d. 1897, næste bonde her.
  2. Vilhelm f. 1818, g. m. Brita Gudmundsdtr. Haukøen.
  3. Nils f. 1820, g. m. Ragnhild Larsdtr. Botnen.
  4. Helge f. 1822, g. m. Ragnhild Sjursdtr. Eikefet, Hos. Bust. Liabakken.
  5. Gjertrud f. 1825. Flytta til Lindås prg. i 1851.
  6. Lars f. 1828, g. m. Siri Johannesdtr. Eiterdalen, bust. Lone, Haus.
  7. Jon f. 1832, g. m. Anna Ingvaldsdtr. Hoshovde, bust. Lone, Haus.


1836: Skøyte frå Jon Sjurson Dyrkolbotn til sonen Sjur for 100 spd. og kår.


8. Sjur Jonson Dyrkolbotn, f. 1815, d. 1897, g. 1843 m.

Ingeborg Johannesdtr. Nottveit, bnr. 3, f. 1815, d. 1909.

Born:

  1. Kari f. 1844, d. 1844.
  2. Kari f. 1845, g. m. Jakob Larsson Romarheim.
  3. Guri f. 1847, d. 1915 g. m. Ivar Andersson Romarheim.
  4. Jon f. 1851.
  5. Johannes f. 1853, d. 1945, næste bonde her.
  6. Anna f. 1855, g. m. Anders Johannesson Romarheim, bust. Berresford, Syd Dakota.


1891: Skøyte frå Sjur Jonson Dyrkolbotn til sonen Johannes for 1.400 kr. og kår.


9. Johannes Sjurson Dyrkolbotn, f. 1853, d. 1945, g.

1. 1882 m. Anna Andersdtr. Romarheim, f. 1854, d. 1887.

2. m. Anna Ivarsdtr. Svindal, f. 1865.

Born:

  1. Sjur f. 1884, d. 1969, g. m. Elisabet Hansdtr. Haukeland, Masfj., bust. Eknesvåg.
  2. Andreas f. 1887, d. 1956, ugift, bust. Haugsdal.
  3. Anna f. 1891, g. m. Anders Andersson Stusdal, bust. Eikanger.
  4. Ivar f. 1892, d. 1939, g. m. Brita Horvei, bust. Eikanger.
  5. Kari f. 1894, d. 1912.
  6. Johannes f. 1896, d. 1972, ug. bust. Tysse i Osterfj.
  7. Elias f. 1897, d. 1962, g. m. Signy Olavsdtr. Nottveit, bust. Eidsnes.
  8. Henrik f. 1899, d. 1967, handelsmann, Tysse i Osterfj. g. m. Jenny Andersdtr. Herland.
  9. Olai f. 1901, næste bonde her.
  10. Ingeborg Amanda f. 1903, gift i Amerika, 2 born.
  11. Johan f. 1906, postopnar i Tyssebotn, g. m. Sigfrid Nilsdtr. Toskedal.
  12. Aslaug Ragnhild f. 1908, ug. sjukesyster, bust. Bergen.
  13. Alfred f. 1910, d. 2002, ferjeførar I.N.D.L., Bergen, g. m. Solveig Knutsdtr. Høvik, bnr. 5. f. 1912, d. 1989.


1928: Skøyte frå Johannes Sjurson Dyrkolbotn til


10. Olai Johannesson Dyrkolbotn, f. 1901, d. 1980, g. m.

Marta Maria J. Davanger, f. 1909 i Askøy.

Born:

  1. Otto Jarl 19**, lektor ved Universitetet i Bergen, g. m. Åse Torleivsdtr. Nese, 3 born, b. Askøy.
  2. Åse Karin 19**, g. m. Nils Konrad Kvamme, Romarheim.
  3. Jostein 19**, g. m. Jorunn Haugsdal, bust. Nipen.
  4. Olai Martin 19**.
  5. Håkon 19**, lærar.
  6. Jakob 19**.
  7. Inge 19**.


Bruk nr. 2.

1825: Skøyte frå Sjur Nilsson Hjørnevik på 1/3 av garden 2 mrk. sm. til sonen Knut


1. Knut Sjurson Dyrkolbotn, f. 1798, d. 1886, g. m.

Gjertrud Haldorsdtr. Bjørgo, f. 1798, frå Bjørgo i Evanger.

Born:

  1. Haldor f. 1825, næste bonde her.
  2. Marta f. 1826, d. 1916, g. m. Anders Anderson Stusdal.
  3. Gjertrud f. 1833, d. 1896, g. m. Anders Andersson Romarheim.
  4. Sjur f. 1835, d. 1879, g. 1. g. m. Gjertrud Andersdtr. Stusdal, g. 2. g. m. Kari Pedersdtr. Høvik.
  5. Nils f. 1838, d. 1917, g. 1860 m. Olina Andersdtr. Myr, Lindås.
  6. Guri f. 1840, d. 1908, g. 1863 m. Nils Johannesson Romarheim.
  7. Anna f. 1843, d. 1845.


1867: Skøyte frå Knut Sjurson Dyrkolbotn til sonen Haldor for 100 spd.


2. Haldor Knutson Dyrkolbotn, f. 1825, g. m.

Maria Johannesdtr. Romarheim, f. 1838, d. 1889.

Born:

  1. Gjertrud f. 1859, g. m. Lars Nilsson Seim, Vetås.
  2. Knut f. 1861, d. 1925, næste bonde her.
  3. Brita f. 1863, bust. Eidsnes.
  4. Johannes f. 1865, g. m. Ingebjørg Andersdtr. Nottveit, bust. Monstad, Seim. 3 born.
  5. Sjur f. 1868, g. m. Malena Johannesdtr. Mostraum, bust. Bergen.
  6. Gjertina f. 1875, til USA 1896, gift der. 3 born.
  7. Olav f. 1879, g. m. Malena Eidsnes, bust. Nesttun.


1889: Skøyte frå enkja Maria Johannesdtr. Dyrkolbotn til sonen Knut for 800 kr.


3. Knut Haldorson Dyrkolbotn, f. 1861, d. 1945, g. m.

Marta Knutsdtr. Nottveit, bnr. 2 f. 1862, d. 1910.

Born:

  1. Brita f. 1888, d. 1909, ug.
  2. Maria f. 1891, d. 1962, g. m. Nils Olavson Eidsnes.
  3. Haldor f. 1896, næste bonde her.
  4. Margreta f. 1898, g. 1933 m. Anders Jakobson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 7.
  5. Olav Konrad f. 1901, lærar, g. m. Larsina Gudmundsdtr. Molvik, bust. Ostereide. 4 born.
  6. Sigurd f. 1904, g. m. Julia Kollevåg, fiskehandl., bust. Bergen.


1928: Skøyte frå Knut Haldorson Dyrkolbotn til


4. Haldor Knutson Dyrkolbotn, f. 1896, g. m.

Kaspara Olsdtr. Matre, f. 1906. d. 1978.

Born:

  1. Marta 19**, g. m. Sjur Ålvik.
  2. Knut Bjørn 19**, g. m. Brita Ragnarsdtr. Mostraum.
  3. Odd Arve 19**, g. m. Liv Netland.


Folketal.

1711. Skoskatten: 3 personar i alt.

1801. Folketeljing: 8 i alt.

1845. Folketeljing: 19 i alt, av dei 2 kårfolk og 4 tenarar og 1 daglønar. 1865. Folketeljing: 18 i alt, av dei 2 tenarar og 1 legdelem.

1875. Folketeljing: 17 i alt, av dei 1 inderst med kona, 2 tenarar og 1 legdelem.


1900. Folketeljing.


Bruk 1: Johannes Sjurson Dyrkolbotn med kona og 8 born. Ingeborg Hansdtr. Svindal, enkja (Hammer). Ingeborg Johannesdtr. Dyrkolbotn, kårkona.


Bruk 2: Knut Haldorsen Dyrkolbotn med kona og 4 born.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy