Litt om talemålet i Bergsdalen, av Ingjald Bolstad

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 17:50, 14 januar 2008 by Rolferik (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Bergsdalen | Bergsdalen Innhald


Litt om talemålet i Bergsdalen
Av Ingjald Bolstad.


Sidan, stort sett, all samferdsla og ihopehav Bergsdalen hadde med hovedbygd og utverd var knytt til Bolstad, eller me burde vel seia Vassværa, og sidan kvar gard i Bergsdalen meir eller minder var knytt til ein særskild gard på Bolstad, er det ikkje å undra seg over at talemålet i Bergsdalen fell mest noggrant saman med talemålet på Bolstad, (i Vassværa). Ættebudne var dei vel og i stor mun. Kanskje har Bergsdalen vorte folka av vassværingar. Eldre bergsdelingar seier enno "heimom" når dei har tenkt seg over fjellet til Bolstad. Og dei sa dei skulle "utom att" når dei tok vegen heimat. Ned til Dale, seier dei, utan at det skulle tyda "nedenom". Det er vel berre topografi.

Det syntes som det var meir song på vokalane og diftongane oppi dalane våre enn nede i hoveddalføret. Det går att både i Bergsdalen, Myrkdalen og Eksingedalen. Jamvel konsonantane kunne få ei sløyfa på seg. "Stånnjæ", (stonga). Ljod og ljodtrykk er elles eit stort emne, men i dette høve tek me med berre lite. I Bergsdalen, Bolstadfjorden, (Tysso) og ein stad oppi Eksingedalen ligg ei skarp grensa for ein e og ein æ. Vest for grensa seier dei trésko. På andre sida vert det trèsko. Vestafor seier dei mòdl, sidl. På andre sida mòld, sild. Men no til målføret i Bergsdalen. Tviljodane læt som i vossamålet: sjau,(sju) klaiv,(kleiv) svøyv,(sveiv) taora,(tåra). Dobbel konsonant: kådn,(korn) fjedl,(fjell) kjemba,(kjemma) kvæssén,(kvar sin) sjetlabadn,(skirslabarn) vætta(verta) frossból (frostbol) Aodne, (Ådne, Arne) maota(må veta).

Den vossiske opne u (ù) i adjektiv hankjønn, finn me ikkje i Bergsdalen. Ikkje gammadl’ù mann, men gammadl mann. Aokkùr er sagt aokker og gaffùl er gaffedl. Ein våndedi (ò), våndedla (høyvisk).

Det fører for langt å ta med alle slag bøyningsformer her, men nokre få viser samhøvet. Dativformer lever. Ein kan bruka småorda i eller pao så ein skjønar samanhengen.

Skal ein få noko skikk på uttalen, må ein bruka ljodskrift. Slik orda skifter i uttale no for tida, vil ein ikkje kunna greida seg utan. Men nokre teikn ekstra må vei folk kunna læra. Her set me opp nokre av dei mest naudsynte teikna. Døme på uttale får me i eit ord som dei fleste vil seia rett: è = æ, Kjèrring. é = e, sèr (sjå). ì = e, sitja. í = i (tital). ỳ = fỳlgja. ý = brý; (deg om). ù = o, kùnde. ú = u (kúla). ò = å, sòva. ó = o, hò. Tvilydane i bergsmålet er au, uttale vanleg æu, ei, uttale oftast ai, øy, uttale åy eller òy, ao, uttale ao som i baos (bås). kjjoden kan ofte få tj ljod, battje, (bakke), og n-ljoden kan framfor k, slik som i mange språk, verta til ng, bangka, (banka). Somtid kan ein og merka seg at ein n framfor visse konsonantar kan få eit islag av i "sỳinja", det same som me kan finna i Sunnfjord og Nordfjord: "déinja kar’n".

Ljodtrykket i orda fylgde stort sett same viset som talemålet no. Men i setningsbygnad var dei gamle gjerne meir forseggjorde enn dei unge i dag. Om me tek eit døme: "Han Røydlands-Knut hadde ein gamal brun hest", så er det lett å skjøna at legg me trykket på "Røydlands" så stengjer me ute han Knut Berge. Seier me trykket på Knut, held me utanfor Nils og Kjell. Legg me trykk på hadde, vert det klårt at han har ikkje hesten lenger. Me kan leggja trykk på ein, på gamall, på brun, på hest. Kvar gong vert det ei anna meining, men ei klår meining i det som vert sagt. Dei kunne meir med slikt i dei gamle dagar, ser det ut til. "Dao tóké dei té (ò) lura, veit du". Det vil føra for langt å ta med her korleis einskilde ljodar, sjølvljod og medljod og tviljodar har halde seg eller falle bort. Me nemner likevel at h’en kan falla ut, jamvel koma inn, slik som i halvmål og i fransk. an’èité so mỳkkje so(m) ’alstein. I Hatlestad har det helst lurt seg inn ein h. Mest truleg er at namnet kjem seg frå ein Atle, Atlestad. Det har aldri vokse hatl i Bergsdalen.

Me kan berre ta med nokre få namnordbøyingar, eintal og fleirtal, ubunda og bunda form. Og så dativformene, styrt av styreord, på, i.

ein stein staid'n pao stainè staina stainanè i stainò
bjødn bjødn i bjødnè bjødna bjødnanè i bjødnò
Ijao ljaodn i ljao`né Ijao ljao’né i ljaó’ó
són sòn’`n tao sò`è søn’ené søn’na tao søn’ó
sléé sléén pao sléa sléa sléané pao sléó
ei dør dørè i dørné døré dør’na i døró
klo klo'(n)è i klóéné klø klødna i klødnó
gro groè i gróéné grøv grøvéna i grøvó
sèng senjè i sènjéné sènjé sènjéna i sènjó
kjering kjèrínjè med kjèrínjène kjèrìnga kjèríngané med kjèrìnjó(gó)
eit bær bærè i bæré bær bærè i bæró
auga auga i auga agué augéna i augó
øyra øyra i øyra øyré øyrna i øyró


Gamle former vart, og vert, enno bruka i samband med namn og nemne: Mura-Gùleik, Røydlands-Knut, Smaobrèkkjén, Lia-Las, Smaobrèkkastøln. I Bèrsdalæ, ti (til) Bèrjés, i Øýjo, i Liagaró, dan Knut’n, dan Jakóppin. Linó, Martó, Marjó. Dei Liané, folket som bur på Lid. Slik tyding kunne ein og bruka i andre namneformer: Dei Li, dei Brekké, jamvel kunne det heita dei Pèr, dei Las (Lars), dei Brita. Det er mogeleg at dette er ei avstytta eigeform (genetiv): Dei Per sine, eller dei Li sine. I alle fall tykkjest eg hugsa at me på Bolstad kunne seia: Da è dei Anvés-sin baót, sitt naust, når me ville framheva eigedomsretten. Elles sa me berre Anvénausté. Ei anna merkeleg fleirtalsform kan me nemna: Lín’na, Brít’na som tydde alle som heitte Lina eller Brita, men sa ein Linéné, Briténé så tydde det Linefolket, Britafolket. Særnamn var i gamle dagar bøygde som andre tingnamn:

Pèr Pèr’n i Pèr’è Pèra Pèrané i Pèró
Barbrú Barbrúè Barbrú’nè Barbrúé Barbrúéna i Barbrúó

Nokre utsegner kan gje litt av fargespelet i målet: Han è pao føtó, Dei drógé av garé. Han kom heimanté (kom heimanfrå), da va nòkké té brókabòtn paó han, han sa sèg té Smaóbrèkkastøl’n, Snakk me kjèrínjéné, Kòmmé nó, kjỳdna mina, daó! Datta è nòkké fỳ bèrsdèlìngó, sa Hatléstain. Han datt i ènda, (datt over ende).


Eigenskapsorda vert vanleg bøygde slik:
Gó man Gó kòna gòtt badn góé kara góa tausé góé bódn. Dan riké bónd’n, dan rika ènkjó, da rika badné.

Eigenskapsord som hadde a stomn fekk ò (å) i hokjøn. Ein svart mann, ei svòrt kjèring. Dette ljodbrigdet har nok gått ut i bergsdalsmålet no, men heng att i ord som Svart’n, hest. Svòrtè, merr. Likeeins var det vel og med è til ø. Han è fjèlg, men ho è fjølg. Kjýre é jøld, men kjỳdna è jèlda. Han è gammadl, men ho è gòmmòll. Han è eisémadl, ho è eismòll. Her ser me eit gamalt brigde i dobbel medljod dl og ll. Dette særlaga spelet med dobbel-ljodane får me likevel lata liggja. Problemet er stort nok til å ta doktorgraden på. Det heiter krokéte både om menn, kjeringar og tre. Det same kan ein seia om harka, men her gøymer det seg gjerne eit gamalt hòrka. Det skulle vera moro om ein eller annan kunne seia frå om eit slikt bruk.

Gamle former elles kan koma inn. Ein taó gamla slajè, heila vìkéné, jórt taó heiló. Han kòm ríandè pao graóa mèrrné siné. Kómma paó bèrrann battjé (bakke). Eit fèla vér, eit stỳgga beist, vil ha ei sterkare tyding enn berre fælt og stygt. Merk og "góé deg" og eit "góa. badn". Gradbøyinga vert vanleg med -aré og -asté, slik som klaór klaóraré klaórasté, eller med ljodbrigde: Lang, lèngré, lèngst, men langt, lèngér, lèngst. Ein må og merka seg skillet mellom óppé og øvré, nédé og nédré. I daglegtale vart det til Óppídal’n og Nídal’n. Han skùldé ópp i dal’n, skùldé ni dal’n. Han var ni stòvéné. Nígar’n, men Nèréjóré eller Nèréjórè. "Øvra và dei gòtt klèddé, men nèra, eller néré va da skrala greié". "Du kan gå øvra, nèra".

Telja kunne dei i Bergsdalen og: ein, tó (tvó), trè, fíra, fèmm, sèks, sjaú, aótta, níé, tíe, ødlévé, tòll (tòlv), trèttan, fjórtan, fèmtan, sèkstan, saútjan, atjan, nìttjan, tjúé, trèddévé, førtí, fèmtí, sèkstí, sjaúttí (sýttí), aóttétí, níttí, hùndra, tús’n, millíjón. Av bøyingsformer kan me ta med: Ein, ei, eitt. "Dei tvaú karané", trí mènn, trèao kjèringa, trý bòdn. Det siste trý kom vel tidleg av bruk. Om mann og kona sa dei ofte "dei bé" (dei båe). Dan fỳssté dajén, are, trèé, fjóré, fèmté, sjètté, sjaúndé, aóttandé, níandé, tíandé, ødléfté, tòllté, trèttandé. Fýssté baot’n, Fýssta nattè, fýssta badné, fýssté spír’na.


Stadord (pronomen) er eit forvitneleg problem i alle mål, målet i Bergsdalen ikkje undanteke. Ei utgreiing fell for lang så me tek berre døme på bruk. Då vil dei fleste greia fylgja med.

Sjølvsagt heiter det: èg, dú, han, hó, dè (det), mèg og dèg. Men stundom kan det låte slik: "Gút’n va mè’mè (med meg), mè’dè (med deg), mè’ann (med han), mè’né (med henne), mè’ònó (med honom, vel helst hono). Eigeformer er hans, hénna (hennar), dékans, deirans. I visse høve er det skil mellom dékans og déka og deirans og deira. Det kan sjå ut som det er meir underbygt krav på eigedomstilhøve når ordet står framfor nemnet enn når det står etter. "Dékans hùnd, men "Hùnd’n déka. Litt av det same ligg det nok i utsegna: Din gut, guten din. Men sjølvsagt har tonetrykket her mykje å seia.

Peikande stadord viser at i eldre målbruk var ofte meininga klårare enn i vårt såkalla moderne. "Ta ìkkjé dèn hèr, mèn dan dar". "Dè hèr og da dar i ikkjekjøn. Dènné og danne steidn. Dènna og danna jèntó. Dètta og datta spjaókjé. I fleirtal vert det: Dèssé og dassé steinane. Dèssa og dassa jèntna. Dèssé og dassé spjaokjè.

Dativformer finst og: i desse stóvéné, i dèssó sèle (Selet, stølshus). Hìnn kar’n, hí kvígó, hìtt òrvé. Fleirtal Híne karané, hína kvígéna, hínè òrvè. I híné stòvéné. I hínó vattnè.

Han è mè sèg sjøl. Hó è mè sèg sjøl. Da è mè seg sjølt. Fleital: sjølvé. Karané sjølvé, Kjèrìngané sjølva, bòdnè sjølvé.

Baoe karané, baoa jèntna, baoé bòdnè. Nyare: bèjjé, bèjja, bèjjé. Dei kómm baoané, eller baoné. (Om parfolk). Likeeins som: Dei bé. Dativ: Han ha lítt tao baoó. (mor og far).

Det heiter mìnn, mí og mìtt, míné, mína og míne. Og likeeins vert bøyinga av dìnn, sìnn, díné og síné. Vaor sau, vaor jỳmbér, vaort lamb, vaoré, vaora, vaore. Dativformer: Da va i baotè minó. Ho fór me jỳmrné sine.

I spørjande pronomen har me litt av det same som i engelsk med Who og whom. Kènn sa da? Kèmm tao dei? Det nye kvifor let i gamlemålet slik: Kafỳ jóré du da? Kóffér tao dei ska eg ta? Kvafor ei av dei skal eg ta? Kva heitte rett og slett berre ka. Eit kvi só, sa meininga litt sterkare enn kafỳ.

Ubundne spørjeord er det mange slag og mange former av. Dei fèkk kvèss’sin stakk, men kvèss’si brók og kvèss’sitt romm. I fleirtal vart det kvèss’siné. Nòkké tao kóró. (Noko av båe slaga). Dei va’kjé brúkélè kórné. (nokon av to). Ei nòkré kara, nòkra jènté, nòkré bódn. Nòkké té kvinnfòlk. Adlé bøndna, adla tausna, adlé fòtè (fata). Are, ara, are. Da è arleisné mè hénné, hann, dei. Injén mann, injè kòna, injé badn. Inkjé, Inkjévètta, nòkkéleisné, sóleisné. Annakvar mann, ònnòkvòr taus, annakvart badn. Pao kvòr sia.


Gjerningsorda vert bøygde i notid, fortid og partisippformer, i eintal og fleirtal: Fleirtalsformene har gått ut i skriftspråket, men lever nok enno i talemålet.

Sterke gjerningsord.

Eintal: Fleirtal:
Å finna, finn, fann, ha fùnné, finna, fònné, ha fònné
Å smèdla Smèdl smadl ha smòdle smèdla smòdle smòdle ha smòdlé
Å sjèlva sjèlv skòlv ha skòlve sjèlva skòlvéha skòlvé
Å sòva søv sòv ha sòvé sòva sòvéha sòvé
Å sjina sjin sjein ha sjène sjina sjénéha sjéné
Å dròpla drýp drýp draup dròpe drjúpa dròpéha dròpé


Siste døme viser vel at me har eit eldre: Å drjúpa i infinitiv, som sidan har vort til dropla av ordet drope.


Å dra(ga) dreg drog drege draga droge Ha drege
Å slaoslèr sló slejé slao slóé Ha sleijé
Å laota lét lét léte laota lète ha lète
Å ga(nga) gaor jèkk jènjé ga(nga) jènjé ha jènjé


Linne gjerningsord:

Å tèlja tè1 taldé talt tèlja talde ha talt
kvèttja kvètt kvatt(é) kvatt kvèttja kvattéha kvatt
Å dỳja dỳs dússte dússt dỳsja dússte ha dússt
Å bu búr búddé bútt búddéha bútt
folk Å døy,dø døyr døé døytt døy døyddé ha døytt
dyrÅ daua daua daua daua daua daua ha daua
Å skùlja ska skúldé,sjé skùlt skùlja skùldé skùlt
Å vøla vølé vølté vølt vøla vølté ha vølt
Å høyra høyré hauré haurt høyra høyrdé ha høyrt
Lovnad lòva Iòva lòvdé lòft lòva lòvdé ha lòft
Prisa lòva lòva lòva lòva lòva lòva ha lòva

Det siste dømet viser at ord kan ha dobbel tyding utan å fylgja et vanlege mønstret i parverb, der det eine har sterk bøying og det andre linn bøying, det eine intransetivt og det andre transetivt. Dømet viser at båe har linn bøying og båe er transetive. Frå gamalt av har nok desse to bøyingsformene hatt si meining og sitt innhald. Kanskje skiljet har vorte borte for oss med våre forenkla, utvatna former og bøyingar. Me tek med nokre slike ord. 1. Å maóla, (ein vegg) maola, maólte, ha maólt. Men så, Å maóla, (i ord, tankane) maóla, maóla, ha maóla. 2. Å spèla, (fela) spèla, spèlté, ha spèlt. Å spela, (narr, tosk) spèla, spèla, ha spela. 3. Å stúpa, (kråka, i koll) stúpa (e), stúpte, ha stúpt. Å stupa, (for godt) stúpa, stúpa, ha stúpa. 4. Å prata, (med folk) prata, pratté, ha pratt. Å prata, (berre prat, tull) prata, prata, ha prata.


Fleirtalsformene av verb bar nok dei unge i Bergsdalen lagt av, for godt, kanskje, men dei gamle brukar dei jamnt enno. Dei "sìtja ò sýnja". Dei unge "sìt ò sỳng”. Dei gamle "slóé i markjéné". Dei unge "slær i markjé". Dei gamle "lìdja í sènjéné". Dei unge "lígg i sènjè". Nokre gamle former er nok enno levande. "Dei sòté ò sònjé i kjỳrkjéné".

Ynskjefonner: Hjèlpé mèg! Trỳsté bèré! Sìgné kvílé! Fènjé mé règn, da vòré vèl! Da vòré kjé taó vèjè, da!

Bjodeformer: Gakk òr dør’né, daó, jènta! Skùnda dékó! Tak(j)é nó tì vét! Kòmmé nó, gúta! Kòmm nó, jènta!

Infinitivsmerke er vanleg , seinare meir og meir vorte til å, slik som i skriftspråket. Sume meiner at er eit samandrag av til å: "Han va fèl té(å) springa". "Ho ha lòft te kòmma". "Raunesjí è dei haólasté té skría pao". Stundom greier ein seg like godt utan merke. "Eg líka sòva". "Da va kje langt kòmma, dan vèjén". "Va kjé mỳkkjé (mỳttjé) tèna pao da". Stundom vart infinitiven gjort aktiv, meir levande. "Han fann knókjén fram, ò té ò aot". (og til og åt).

Partisippformer var mykje brukt. "Han fór bèrande pao høybỳrné". "Me vòtte pratandé sò me gløymdé ao bòdé prèst ò kỳrkja". "Da vatt mỳkkjé smalé attgangandé i fjèdlè, da aoré". (i fjèdló). Fortid partisipp vart bøygt i kjønn og tal. Han é farʼn ho è fare, dei è farné. "Dei Las vò alt búførté". "Han va heimattékòmmén, sa dei". "Hó è lòngó aóléè," (dø for lenge sidan).

Refleksiveformer:" Ho tímdést ikkjé lèsa fỳ mat’n té kvèrrdags". "Da è aot grønnskast (grønnkast)". "Ho va kjé té sjoast". "Dei tókést (tókst) kvèr gòng dei møttést". "Da seiést da, ja sa Brèkkjén".

Passive former: "Ho vatt sèdd, sjé eg trú. Han vètt rópt fỳ Stóré-Las". "Eg ha vòtté fòrtald nòkké slikt om dassé aovèttnìngané".

Adverb: "Han va nó sjèlda té sjao". Sjèlda, sjèl(d)naré, sjèl(d)nasté. "Eg kan nó jèdna èta ór grýtné". Slaò idla, vèrré, vèsst. "Kòmm hèga". Nyare: "Kòmm hìtt". Skjeldnare: "Gakk dègar. (Gå dit). "Dú ska slao darifraó ò darté:" "Ho stó nèmmé". Stod nær med. "Han stó némmè" Han stod nedmed, attmed. "Da va jìlde fòlk, da va nèr aot eg fèkk mat". "Han tók seg ikkjé nèr taó da (dí)". "Eg tènkté so nèr pao da". Ingkarstané. (ein eller anna stad) "Han jèkk einbèrés étté rjỳmmé". (Eins ærend). "Hèstané sprònjé èndalangst jèré". (gjerdet). "Grautadadl’n tróllta nỳvé tórrbakkané". (Ned over). "Da va seiast i pótétakìnjéné". "Eg saogàn ísta". (For litt sidan) "Da va eit èksé mèndé da stó pao, mèn da róa seg éttépao". "Da kómm só stings (brått) pao meg". "Han è lòngó farèn, han, nó". "No ska du fara líklè aot, ò ikkjé só úlíklè só i jaór:" "Da va újèvélè só dei fòré aot". Ugjæveleg= ulikleg ille. "Snakka títt" (fort). "Tók seg nautt" (gjorde sitt beste). "Snakka kjé só úbjaodlè" (Tosket). Reisa uløyvés. Fara hòvéstupa. "Bỳtte (ryggspann) laog só faddlèg té rỳddjén (ryggen)". "Rívéna vò só faddliga, dan tíè". "Da va allti ìnkatt (inkart) i da só han sa." "Da va líkeitt mè meg".

"Han høyré só fòrmykkjé líté". "Frakkjén va i só stór". "Han kòmm hòdlè seint". "Jé mèg èrré líté vatn". "Só fjèrré mòtté da vè". "Han fòr ỳvé fjèddlé plítt (å)leina". Ein bergsdøl brukte og å styrkja utsegna med tilleggsord: Sprèttandé nakjén, brènnandé røkjén. Høyet var ikkje berre turt, det var "knỳssjandé tórt,,. "Taúse va fòrlévandé hòrtig", og skautet på kjerringa var "fannandé kvítt". Mannen var "gandandé ídl", og guten "èranndé lít’n". "Kadl’n va kaoandé hùga (tè) dansa".

Styreord. Dei vanlege er desse: fỳ (for), fỳré (føre), frao, jønó (gjennom), jaó, mè (med), mỳdló, ór,tì, (til), ùndao, i visse høve ùndé, taó (av), aót (til). Desse styreorda leidde inn til dei ulike formene: Nomenativ, genetiv, dativ og akkusativ. I vårt skriftmål i dag har me stort sett mist bruk av kasusformene dativ og akkusativ, men i dialektane levde formene, og lever jamvel i dag. Dei eldre vil kjenna att det som her vert herma. Det vil føra for langt å gje utgreiing om kasusformer og styreord (Preposisjonar). "Da saog út té règn ò kjèrinjè sprang étté rívéné". "Dei sòte radla ei stónd étté daurè(måltid)". "Dao sètté ho (sètt'ó) krók fỳ dørè likavèlné". Men "Eg fèkk só ílt fỳ bringéné". "Um haústn flỳtte dei heim frao stølè". "Han jèkk jønó is’n". "grasé staor fint i bòkkó (bakkane)". "Ho tók i grýtó", men "Da va graut i grýtné". "Gút`n stó néjao bèkkjè". "Han kómm att mè knívè". "Da va líité mat mỳdl’ maoló". Gar'n laog imót sol’ńe". "Dei spardé pao mat’n", men "Da va sùkkér pao sjìvéné". "Eg lýddèst innùm tì smé’è (smeden)". "Ho tók tì graotè". Genetiv: "Tì sùndags", "tì støls", "tì Bèrjés", "Han kòmm tì tía (tidar)". På Bolstad bruka me genetivsformene -ar (a) jamvel i min barndom. Det heitte Ròngó, Bjørgó, Rørgo. Men me sa: "Eg ska tì Rònga, tì Bjørga, tì Rørga. I daglegtale i Bergsdalen eldre tid, skulle det vel heita tì Kaldestadar, sagt kaldésta’a, med ein ekstra sving på den lange a-en til slutt. Taó, som vel er ei forkorting av út ao, er mykje brukt til kvardags enno, til liks med frao, pao, hjao. Orda er avstyttingar som har rot i det urgamle styreordet å, på gamallnorsk skrive á. á kunne brukast i ei meng ulika tydingar: i, på, om, av. Litt om senn vart samansette styreord utjamna og avkorta. Úpp á vart til paó, ut á til taó, afr (av) á til frao, hèga (hit) á til hjaó. "Ta klỳvé tao mèrr'né", men "Lègg klỳv paó mèrrè". Styreordet ór i samband med út ór kan og verta korta til ’tór stundom: "Gakk tór vèjè (vegen), dao, veit eg". Men oftast vert det vel brukt or. I andre målføre har me det same: "Gakk túr vègóm". Aót har nok vorte til på same måte. á til (tì) vart aót: "Han jèkk aót èlvéné". Avkortingar var elles mykje brukt: "Ho jèkk nètté (ned etter) vèjén". Vert det lagt særs trykk på ordet, vert det sagt néétté. Han saòg nỳvé (ned-over) vèjeń Merk det logiske: Bekken rann nedetter, men fuglen flaug nedover. I daglegtale kan ein stundom kasta om orda og det vert meir levande: "Å,è da dar dú kjèmm fraó?" "Ho fór daln ỳvé mè rỳgglé sìtt." "mè rỳgglè sinò", vart det nok helst sagt i eldre dagar. Jamstellande bindeord: "Ho pùtla ò (og) púska dajén lang". "Da va nó antan èg èldé han Ola", "Èg èld’an Ola". Eg eller han Ola. "Han mùrka, menn (men) da vatt nó líté taó da." "Kòmm att mè greipéné du laónté, fỳ i mórgò ska eg breia." ".Dei vissté kjé aó, anna han va frisk." "Dei kòmm sèndandé adlé, fòrútan han Aodne."

Sjølvsagt aular det med understellande bindeord. Me tek med nokre døme: "Han sa atté han skùldé kòmma". (att’an). "Han lèt vèl (at) han greiddé sèg." "Du kann jèra ka (kva) dú vìll." "Dao haúre mé sjélè kór rjúpéna skarra." "Han sa só mỳkkjé (m) han ikkje rètt vissté:" "Skò pao han dar jèré sèg só tì fỳ jèntna." "Da vatt knèttande stilt, nètt dao stókjé va pao da fèlasté." "Da hèndé mèndé ho Gúrí va i Bjørrjénè." "Só sòte me dar daó, tè dèss da mèdna seg." "Ho hòppa ò dansa tao ho va gla." "Inkaslag mao dei ha túlla i sèg, alt mèndé (étté da) dei vò só løygné." "Nei, om han vilde, só sant (óm só va) han slapp." "Han gaulte, fỳssta han fèkk ein dram". "Júling ska du ha, vìssùm (kvissó, vissó) du finn pao slìkt" "Kjèrinjè kann vè skólaus, èndaóté man’n è skomakar." "Dei lýta ta tiè té jèlp, kènn da só è." "Da jèlpte (ik)kjé kórsó (kor som det var)." "Gút’n maó lèra, fỳ han ska vèetta prèst." "Da va sód kaldt atté da jóklast ùndé nòs,né."

Ropeord finst og: Hei, kór da jèkk! Å hå! Jøye mèg! Jaddn fèkk han! Ass dao! Hùftété! Húttétú kór kaldt! Nei, veit èg! Beiské dèg! Kjælenamn var og brukt: Om stut Sútt’n. Om ku Sèt, Kòmm nó, sètó! Kòmme nó, sèt’na, dao! Kalv, kóssé. Ver, vòrr, vòrré, Geit, tìkk eller kìlló, Kidling, kìllé, Gris, jỳss(n), Liten gris, gìss, Hest, fòla. Hane, tùpp, Høne, tìpp.

Sidan det er lite, eller mest ingenting, skrive på bergsdalsmålet, eller på vassværmål i det heile, så er det høyrslebiletet ein må lita på når ein skal greida ut om målbruket. I så måte har dei gamle meir med seg. Dei måtte ha målet i hovudet. Me kan nøya oss med å ha det på papiret, i boka. Og å ha det i boka kan verta ei god soveputa. Kanskje at språksansen er i minste laget i våre dagar, kan koma seg av det. Målet har vorte eit skriftmål, meir enn eit talemål. Eit mål for augo, meir enn for øyro. Difor har det og mist klangfargane, finskuggane både i nemne og former. Berre nokre få døme kan visa dette: Dei sòte i Las-stòvéné, drùkkjé. Ùppskòka. Inn kjèmm ’an Jakúpp sèndandé: "Han ha slite sèg! Okks’n! "Han útatt i samma føykjè." "Slité sèg?" knisa han Sjúr, saóg plirandé rùndt sèg. "Vìll’an brỳnnast, kansjé, han òg?" Flein sjeift: "Dravé va súrt, jèdna!"

Å ta vare på bygdemål er eit krevjande arbeid, særleg fordi så mykje har kome bort, både i ord og uttale. Dei unge må veta at det lyt til både vilje og hardt arbeid om målet skal verta noko anna enn einfeldt og utflata gulp av skriftmål og utvatna talemål. På ein måte kan det vel seiast slik at eit menneske er det ein sit inne med av ordfang, ordformer og seiemåtar. Ja, sjølvsagt av sansingar og opplevingar elles og. Men det er med talen me kan dela tankar. I bergsdalsmålet er det grunnlag nok til rike tankar.

Personlege verktøy