Olav Nygard
Frå Vaksdal Historielag
< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I
| MITT EINASTE KVAD |
| Det kjem kje ein dag | D'er lint som ei susing | ||
| som kann finne meg glad | i levande fjell, | ||
| so lenge d'er uskapt | d'er dulramt som jordkjelda | ||
| mitt einaste kvad. | djupt nedi deld. | ||
| Det brenn i mitt blod | D'er løyst som den velfarsong | ||
| og det tyngjer mi tunge, | sjælene sender | ||
| det styn i mitt hjarte | at verda når ut til sitt | ||
| og skjelv i mi lunge. | upphav dei vender. | ||
| Det leikar av glede, | D'er ukvede endå; | ||
| det bøygjest av sut, | det faun ikkje ord; | ||
| det bivrar av solkraft | det sigler i syner | ||
| og sprakar av krut. | og drøymer i jord. | ||
| Det gøyser som gove | Og det er min otte | ||
| or brandheite kjelar, | at brennhugen spaknar | ||
| som fossen og fjellbekken | so kvade vert uløyst | ||
| syng det og spelar. | når livstråden raknar. | ||
© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

