Vaksdal Historielag

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 18:29, 18 november 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

Velkomen til bygdebøker på nett!


Ynskje og behov for oppdatering av bygdebøkene var stort. Å få eit nytt opplag eller eit supplerande band vil vera økonomisk vanskeleg.
Ideen om ei nettutgåve vart sådd, og i 2007 byrja arbeidet.
Å få digitalisert bygdebøkene var eit nybrotsarbeid. Korleis skulle bøkene publiserast?
Valet vart å bruka WIKI teknologi som plattform for nettstaden. Ein viktig faktor for valet var at det måtte vera enkelt å oppdatering og vedlikehald.

Bruvik heradstyre sette i 1945 ned ei nemnd som skulle arbeida for Bygdeboka i Bruvik. Dei tok over arbeidet som ei privat nemnd hatt byrja på kring 1937. Brita Skre tok i 1956 til som redaktør for bygdebøkene i Bruvik.
Det skulle gjevast ut 4 band. Ei for kvar sokn, Bruvik, Dale og Stamnes samt ei ålmennsoge for heile heradet.
Etter kommunereguleringa vart namnet endra frå Bygdeboka til Vaksdal bygdebok.

I samsvar med planar om bygdebøker for Bruvik herad frå 1955 vart det semje om å ta dei 11 gardane på Bruvikstranda og Bruvikdalen med i Vaksdal Bygdebok b. I, Bruvik sokn. Desse gardane vart flytt til Osterøy i 1964.

Ved reguleringa av kommunegrensene i 1964 vart Bruvik herad lagt ned og deler flytt til dei nye kommunen Osterøy og Vaksdal.
Samstundes vart Evanger herad delt, Bergsdalen og øvste del av Eksingedalen vart flytt til Vaksdal og resten til Voss.
I Modalen vart grensene justert slik at midtre del av Eksingedalen vart overført til Vaksdal og tre gardar i Romarheimsdalen, Nipen, Fosse og Dyrkolbotn til Lindås.

Noverande Vaksdal kommune er dekt av bygdebøkene for Evanger-, Modalen-, Bergsdalen- og Vaksdal.

Samla på ein plass vil dette væra ei fin kjelde for historie og slekts interesserte både i og utanfor kommunen.
Sidan delar av kommunen historisk har hatt nær tilknyting til Modalen, er bygdebok b. I for Modalen også tatt med.
Ved å samla bygdebøkene for områda i og kring Vaksdal kommune på ein nettstad, vil gje slektsgranskarar lett tilgang til opplysningar. Her kan opplysningar koplast saman mellom dei ulike bøker.


Bygdebøker tatt med på nettstaden:

  • Vaksdal Bygdebok er i tre band.
  • Bruvik sokn, b. I.
  • Dale sokn, b. II.
  • Stamnes sokn, b. III.
  • Bergsdalen b. I.
  • Modalen, b. I ættesoge.
  • Evangerboka, b. I, øvre del av Eksingedalen.


Dei enkelte bygdebok-nemndene har gjeve sitt samtykke til ei slik publisering.


Nettutgåva!

  • Nettutgåva er digitalisering av papirutgåva.
  • Har brukt tilnærma lik oppsett. Nokre justeringa er gjort for å gjera tekst lettare å lesa.
  • Bilet.

Mykje av bileta var innlånt under arbeidet med bygdebøkene, utan at det vart tatt kopi for bygdebokarkivet. Redaksjonen arbeider med å finna bileta som er i papirutgåvene. Det er ikkje tatt med bilete i fyrste utgåva, men oppdatering av bilete kjem etter kvart som dei er klare.


Korrektur - rettingar

  • Digitalisering av bygdebøkene var eit omfattande arbeid. Tekst har gått gjennom fleire prosessar, som krov mykje korrekturlesing. Det har vore eit vanskeleg arbeid og feil finnes framleis i tekst.


Oppdatering

  • Nettutgåva er enkel å oppdatera, nokre få tastetrykk og oppdateringa er gjort. Det er orsaka til at redaksjonen ikkje har brukt mykje tid på å kvalitetssikra alle sidene. Nokre feil er det derfor i tekst.
  • Håpet er at brukarane av sidene er med å hjelper oss med rettingar og tillegg.
  • Retting og tilføyingar vert ikkje merka.


Personvern!

  • Nettutgåva er i.h.h.t. Datatilsynet underlagt eit anna regelverk enn papirutgåva. Personvern er strengare for internett. I nettutgåve er fødselsår for alle nolevande personar utelete. Eks. f. 1950 er erstatta med f. 19**.


Nyttig

  • Kategorisering: ein annan måte å finna fram på



© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy