Føreord Eksingedalen

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 17:29, 10 november 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Evangerboka band I


FØREORD


Området som Evangerboka I—II omfatar, er dei 79 gardane i tidlegare Evanger herad og kyrkjesokn, soleis òg gardane frå Fosse til Gullbrå i Eksingedalen og frå Fosse i Bergsdalen til Rødland, som etter stortingsvedtak frå 1964 høyrer til Vaksdal kommune. I bind I er omhandla gardsnr. 1-39 i den førre matrikkelen, d.e. gardane på nordsida av hovuddalføret frå og med Hermundsdal til og med Akslebjørg.

      Før siste verdskrigen, hadde Evanger herad løyvt pengar til ei bygdebok. Likevel var det fyrst i 1976 at Voss kommune, som hovuddelen av Evanger no tilhøyrer, kom til avtale med Lars Schjærven om å arbeida ut manuskriptet til Evangerboka.

      Lars Schjærven (1910-1980) voks opp på Skjerven i Evanger og var tilsett ved Voss sorenskrivarembete frå 1932 til 1977; då han gjekk av, fekk han Kongens fortenestemedalje i gull. Lars Schærven byrja alt i unge år på fritida å arbeida med gransking av Evangerslektene. Han hadde livslang interesse og kjæleik til emnet og dessutan i stor mon sans for å skipa tilfanget han samla, so det vart oversynleg og lett tilgjengeleg.

      Kjeldene hans var i fyrste rekkje dokument som finst i Statsarkivet i Bergen og i Riksarkivet. Millom dei viktigaste er kyrkjebøkene for Evanger, skifteprotokollane og tingbøkene; vidare: jordebøker og skattemanntal, matriklar og matrikkelførearbeid frå 1723 og inn på 1900-talet, folketeljingar og manntalslister. Han nytta mykje det militære arkivet med soldatruller, bispearkivet og arkiva frå stiftsamtmannen. Av dei prenta kjeldene skal nemnast Bjørgynjar Kalvskinn, Munkelivs jordebok og Norske Rigsregistranter. Han viser òg ofte til K. A. Rene: “Historien om Udvandringen fra Voss”, Madison, USA 1931. Tilvisingane til denne boka er her avkorta til Rene, med sidetal.

      Andre kjelder til personarkivet som Lars Schjærven bygde opp og baserte Evangerboka på, er det vidtfemnande brevskiftet hans med personar som ættar frå Evanger og med ættegranskarar i andre bygder og byar. Han nytta systematisk ein monaleg del av den lokalhistoriske og genealogiske litteraturen som er utgjeven i Noreg, og gav verdfulle opplysningar til andre forfattarar. Nils Hjelmtveit nemner i si Bygdebok for Alenfit Lars Schjærven med takk. Sjølv lærde Schjærven viktige granskings- og framstellingsprinsipp av Nils Hjelmtveit og Brita og Ivar Skre, og han såg på bygdebøkene for Alenfit og Vaksdal som føredøme.

      Då Lars Schjærven i 1979 vart veikhelsa, oppmoda Voss bygdeboknemnd Johannes Gjerdåker om å gjera manuskriptet ferdig til prenting og dessutan å samla dei kulturhistoriske opplysningane som høyrer til gardssoga. Han har då etter 1979 havt samband med heimelspersonar frå alle gardar i Evanger, som har fortalt om fortids liv og skipnad i grendene. Desse opplysningane er tilførde i slutten av kvart gardskapittel, frå og med det avsnittet som byrjar med Grend:. Formannen i Voss bygdeboknemnd, Eirik Røthe, har teke bilete av gardane. I dei tilfelle andre har gjort dette, er det sagt frå om det i bilet-teksten.

      BKK har løyvt ein raust pengesum pa kr. 12.000,- til prenting, og Vaksdal kommune har teke del i kostnaden.

      Det er ikkje råd å nemna alle som med mykje godhug og kunnskap har hjelpt til med opplysningar, men ingen er gløymd. Samarbeidet millom bygdeboknemnda, Lars Schjærven og Johannes Gjerdåker har heile tida vore det beste. Lensmann Leif Walberg har lagt ned mykje arbeid til framhjelp for boka. Samarbeidet med ”Hordaland” har vore til stort gagn for ei god oppsetjing av tilfanget.

      I eit slikt arbeid er det uråd å trygda seg heilt mot mistak. Dersom nokon av lesarane finn feil som dei vil ha retta, er me takksame om dei sender melding om dette til Voss bygdeboknemnd, so vil ein i bind II setja opp ei liste med rettingar frå bind I.



Johannes Gjerdåker

Borgny Refsdal Eirik Røthe Kari Larsen
Harald Bolstad Gulleik Brækhus


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy