Farsarv, dikt av Lisbet Lid Venås

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 11:10, 24 oktober 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


FARSARV
Av Lisbet Lid Venås


Ein dal gav du meg
alltid er han
like grøn
i hjarta


Eit fjell
gav du meg å kliva
med utsyn
frå øvste varden


Ei song gav du meg
og ei bok


Mellom permane
finn eg deg
alltid att


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy