Frå Vaksdal Historielag
			
												
			
 Velkomen til bygdebøker på nett!
Velkomen til Vaksdal Historielag sin nettstad for bygdebøker i Vaksdal og Modalen kommune. 
 
 
Ynskje om oppdatering av bygdebøkene var stort. Å få eit nytt opplag eller eit supplerande band vil vera økonomisk vanskeleg.  
Ideen om ei nettutgåve vart sådd, og i 2007 byrja arbeidet.  
I ei nettutgåve vil bygdebøkene kunna oppdaterast kontinuerleg.  
Noværande Vaksdal kommune er dekt av bøken for Evanger-, Modalen-, Bergsdalen- og Vaksdal.  
 
Samla på ein plass vil dette væra ei fin kjelde for historie og slekts interesserte både i og utanfor kommunen. Sidan delar av kommunen historisk har hatt nær tilknyting til Modalen er bygdebok b. I for Modalen også tatt med.  
Vaksdal kommune vart oppretta i 1964. Den vart samansett av delar frå kommunane Bruvik, Evanger og Modalen.  
 Bruvik var delt i tre sokn, Bruvik sokn, Dale sokn og Stamnes sokn.   
Ved kommunereguleringa i 1964 vart Bruvik herad delt mellom dei to nyoppretta kommunane Osterøy og Vaksdal.  
Det gamle bygdesenteret Bruvik med Bruvikstranda og Bruvikdalen vart overført til Osterøy kommune. Resten vart Vaksdal kommune. 
I tilegg vart heile Bergsdalen og øvste del av Eksingedalen overført frå Evanger. Resten av Evanger vart del av Voss kommune.  
I Modalen vart midtre del av Eksingedalen overført til Vaksdal og tre gardar i Romarheimsdalen, Nipen, Fosse og Dyrkolbotn til Lindås.
  
Bygdebøker tatt med på nettstaden:
 
- Vaksdal Bygdebok er i tre band.
 
- Bruvik sokn, 1981.
 - Dale sokn, 1974
 - Stamnes sokn, 1965. 
 
  
 - Bergsdalen b. I, 1978. 
 
 - Modalen b. I ættesoge, 1984. 
 
 - Evangerboka b. I, 1982, øvre del av Eksingedalen. 
 
  
 
Dei enkelte bygdebok-nemndene har gjeve sitt samtykke til ei slik publisering.
 
 
 
 
 Nettutgåva!
- Nettutgåva er digitalisering av papirutgåva. 
 - Har brukt tilnærma lik oppsett. Nokre justeringa er gjort for å gjera tekst lettare å lesa.
  
Mykje av bileta var innlånt under arbeidet med bygdebøkene, utan at det vart tatt kopi for bygdebokarkivet. Redaksjonen arbeider med å finna bileta som er i papirutgåvene. Oppdatering av bilete kjem etter kvart som dei er klare.
 
- Fotoarkiv for Evanger, Modalen og Vaksdal er å finna på: www.foto.fylkesarkivet.no
  
Nettutgåva er i.h.h.t. Datatilsynet underlagt eit anna regelverk enn papirutgåva. Personvern er strengare for internett. I nettutgåve er fødselsår for alle nolevande personar utelete. Eks. f. 1950 er erstatta med f. 19**. 
I Bergsdalsbok er fødselsår trykt, med samtykke frå kvar enkel gard.
  
 
  Korrektur - rettingar 
-  Digitalisering av bygdebøkene var eit omfattande arbeid. Tekst har gått gjennom fleire prosessar, som krov mykje korrekturlesing. Det har vore eit vanskeleg arbeid og feil finnes framleis i tekst.
  
 
 
 
  Oppdatering 
-  Nettutgåva er enkel å oppdatera, nokre få tastetrykk og oppdateringa er gjort. Det er orsaka til at redaksjonen ikkje har brukt mykje tid på å kvalitetssikra alle sidene. Nokre feil er det derfor i tekst.
 - Håpet er at brukarane av siden er med å hjelper oss med rettingar og tillegg.
 - Retting og tilføyingar vert ikkje merka.
  
 
 
  Nyttig 
-  Kategorisering: ein annan måte å finna fram på
  
 
 
 
  |   
 
 
 | 
 
 
  | 
 
 
 |