Lavik

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 20:42, 14 desember 2008 by Rolferik (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Lavik.

Fil:Lavik 01.gif


LAVIK
GARDSNR. 90 I HOSANGER, NO NR. 58 I VAKSDAL HERAD

Innhaldsliste

Innleiing

Når me fer dalen oppetter frå Flatekvål og kjem innom Skorsdalselvi, vert dalen trongare. Såtefjellet og Teigrusti på nordsida når mesta fram til elvi i Verken ved Flakollsteigen, og på sørsida er heller ikkje fjellet langt undan. Men so opnar dalen seg att, og her ligg Lavikgarden fint til i dalbotnen med flatt lende på båe sidor av elvi, og skogkledde lier i brattlendet opp mot høge fjell. Garden ligg so å segja midt i Eksingedalen, 23 km ovanfor Eidsland og 22 km nedanfor Gullbrå. Næraste grannegardane er Flatekvål, 4 km nedanfor, og Haugen, 3 km ovanfor, i sidedalføret Fagerdalen.

Gardsnamnet er skrive Laduig i 1610 og 1620, Ladevig i 1667 og Ladvig i 1623. Elles finn me formene Lavig og Lavigen. I bygdemålet nyttar me den bundne formi: Lavikjæ, og i Lavikjene. Offisiell skriftform no er Lavik. I Norske Gårdnavne er sagt at namnet vel må ha samanheng med lad, gamalnorsk hlad, og soleis tyda på at her var lade- eller opplagsstad. Det hev vore nemnt frå gamalt at garden hev namnet frå den lange, grunne viki lengst vest på bøen, Hundepøyla. Her skulle dalafolket ha båt den tid garden låg på sørsida av elvi, so her var landingsplass for båtføringi på vatnet.

No ligg det meste av garden på nordsida av elvi, men det er segn om at han fyrst var bygd på sørsida, og då skulle husi vera på høgste reset noko hitanfor Novi. Den segni er no stadfest av fornfunn. I 1902 fekk Anders Johannesson på bruk 1, kjøpa bruk 5 av Anders Knutson. Anders Johannesson skøytte so dette bruket til sonen Nils. So skipa dei om grensone millom dei to bruki soleis at Nils fekk alt sitt på sørsida av elvi, og broren Johannes på bruk 1 fekk alt sitt på nordsida. Nils bygde og busette seg då bortanfor og tok til å dyrka der, og etter han heldt sonen Åsvald fram. Då han pløgde opp ny åker, fann han ei hus-» tuft med rester av murar. Der var tuft etter eit stort bunadshus med inngang på austre sida og hellelagt golv til midt fram i tufti. Der synte oppmura gruva med kol og oska. Noko nærare elvi var løtufter. Han fann og eit par kvernsteinar til handkvern eit stykke frå hustufti. Dei låg noko djupt i øvste jordlaget. Der er og segner om kvifor garden vart flytta nordom elvi. Ei av dei lyder soleis: I eit fælt uver med regn og vallesletta, rasa det jord av svaene uti Storegili. Dette demde opp bekken, og då vatnet braut på, vart det eit stor-ras som kom veltande heilt innyver der det no heiter Utlebøen og øyrde ned den beste jordi og finaste bøane. Elles finst det fleire vitnemål om at Lavik er ein gamal gard, soleis to store gravhaugar. Den eine grov Johannes Andersson på bruk 1 ut kring 1820. Der var ei urna og øksar. Den andre haugen står att og er freda. Nordaust for desse var fleire mindre haugar som no er utgravne, og der vart og funne ymse ting, t.d. 2 spjotoddar som prof. Bøe ved Bergens Museum tidfeste, den eine til 600 og den andre til 900 år etter Kr. f. I 1943 fann Åge Åsmundson på bruk 1 eit sverd som var kring 1 meter langt. Det låg 20 cm djupt. Attmed låg ei hella, og der var kol og oska. «Eit middelaldersverd» er det nemnt i Bergens Museum. Johannes A. Lavik på bruk 1 fortel: «Professor Schetelig kom til Lavik ein gong. Me gjekk turar i skog og mark og kom ein dag innetter Rennehamaren, og eg kom til å nemna namnet på staden. «Rennehamaren!» hogg han i. «Ja, her siklar og renn alltid vatn, og det er vel grunnen til namnet», sa eg. «Å-nei,» sa han. «Namnet tyder at her er ein gamal offerstad der dei rende offerdyr utfor, serleg gamle hestar. Her må vera bratt hamar og helst stygg urd under, so dyret slo seg i hel eller til ulivs. Det skulde vera lite framkomeleg til staden og utilgjengeleg for husdyr». «Det var slik urd under hamaren fyrr nyevegen kom i 1905-06. Gamlevegen gjekk noko lenger innpå hamaren». «Renne-hamaren beviser at gården er meget, meget gammel», sa Schetelig.

På nordsida av elvi hev Lavik grensa mot Flatekvål frå Verken nedmed Flakollsteigen og nordetter til Nipe-enden vest for Haugadalen. Sidan er det grensa mot Haugen, Fjellanger og Yksendalen i nord og aust. I hovuddalføret går merkelina yver elvi nedanfor Storeglupen, og på sørsida får Lavik fyrst grensa mot Fosse søretter yver Blånipa og Slettefjellet og Blåfjellet. Sidan er det grensa oppi fjellet mot Horvei, øvstedalen og Nese, og sist mot Flatekvål heimetter Sødalskantane.

So går grensa yver bekken frå Tuftavatnet eit stykke nedanfor vatnet. til Njuken, mot Furhaugkantane, til Skavleviktoi og ned til elvi og yver til Verken, der utgangspunktet var. Desse grensone vart fastsette og oppmerkte ved grensegang i 1837.

No ligg største parten av innmarki i Lavik på nordsida av elvi, og fyre utskiftingi i 1902 låg husi i det gamle tunet etter kvarandre soleis når ein kom vegen nedanfrå: På sørsida av vegen låg Bakka-flor og løa med skytja, so Ruta-flor og eldhus i ei lån, og attmed der ei liti stova. So kom Oppe-floren og gamal Nere-stova, og nærare mot elvi ny Nere-stova med eldhus, bu og skytja. Deretter kom Lars-Joans, eller Bortehusi, med bu, eldhus, stova og loft i ei lang lån, med bul nærast vegen. So kom Ridna-husi, fyrst stova, og so uthusi vegg i vegg med stova. På nordsida av vegen kom i same rekkjefylgja frå vest mot aust: Oppe-skytja, so Bakka-husi med skytja, stova og bu i ei lån. So kom Ruta-stova, og vegg i vegg med henne ei løa til øykjahøy. So var det Oppehusi med løa og stova vegg i vegg attmed vegen, og attanfor dei Ruta-løa, so Nere-løa med smalhus og stall. So kom Nere-løa med flor, so Borte-løa og flor. Attanfor denne husrekkja, lenger oppunder hamrane, var smia på Ruta-luten og stallen på Borte-luten, og lengst nordaust var smia til Nere- og Borte-luten. På Ruta-luten og Ridna-luten står husi etter utskiftingi på same staden som fyrr. På Bakka-luten er bygt nye bunadshus nedanfor vegen. Borte-luten kom saman med Nere-luten, og dei gamle husi er ikkje meir. Nere-luten hev no alle sine hus nedanfor vegen. Der er bygt nye bunadshus, men dei gamle er ikkje rivne. Av husi på Oppe-luten står att den gamle stova som Anders Andersson på Ruta-luten kjøpte då Anders Johannesson kjøpte den gardaparten i 1902.

I 1700 eller 1701 var det stor skade-eld i Lavik. Alle husi brann ned, berre smione stod att. Det var om sumaren, og alle arbeidsfolk var i marki. Berre gamle folk og småborn var heime. Det bles austanvind. Elden kom opp i Ridnahusi, som stod lengst aust på garden. Der var ingen heime. Folk som var i marki, såg elden fyrst, men fyrr dei rakk heim, hadde elden fenge so godt tak at det var mest ingen ting dei fekk berga. No måtte Lavikmennene til med oppatthysing attåt sumarsonni. Dei fekk kjøpa meste tømmeret på Nese, som var næraste garden med fureskog. Dei flota stokkane på Nesvatnet inn under Flakollsfossen. Der sette dei opp stellingar og skar tømmeret med handsag, bar det so oppå fossen og flota det yver Flakollsvatnet til Osen. Derifrå bar og drog dei det til Lavikvatnet og flota det so heim til gards. Dei fekk god dugnadshjelp til dette arbeidet, so som skikken var i slike høve, og hus fekk dei oppatt, so dei kunne flytta innatt til vinteren. Men fureskogen på Nese vart so skamhoggen at han hev ikkje kome seg til att etter den tid, er det sagt.

Frå gamalt var det to gardsvegar i Lavik. Den eine gjekk frå tunet og vestetter til Myrtongen, den andre mot aust til Båthylen. På båe stader var båtstøer, men nausti stod attmed Hylen.

Samla innmark på garden er no pålag 300 da., men ikkje alt er oppdyrka. Jordsmonet ymsar mykje. Vest mot Hundepøyla er myrlendt ned mot vatnet, men i Rinden ovanfor vatnet er turrlende og steinut. Frå husi og ned mot elvi er morenejord, og ovanfor husi og inn mot bøgarden er noko skredjord, og sume stader storsteinut ur. Det hev ofte losna stein i hamrane der, og store steinar hev kome heilt ned på flaten. Den største er vel Kyrkjesteinen, som ligg langt nede på flate bøen. Segni segjer at då fyrste kyrkja skulle byggjast i dalen, var det her ho skulle stå, og tømmeret var ført hit og opplødt her. So er det ymse forklåringar på kvifor ho vart bygd på Flatekvål og ikkje her. Ei går ut på at det var Hevikane og Vetlejordane som kravde at ho skulle byggjast på Flatekvål, sidan dei var med om kyrkjebyggingi. Ei onnor forklåring er at det var «yvernaturlege makter» som hadde flytta tømmeret frå Kyrkjesteinen til Flatekvål om natti, og for det måtte då folk bøya seg. Steinen heiter i alle fall Kyrkjesteinen enno, og ligg støtt der han ligg. Framleis hender det at det losnar stein oppi hamrane, og det er ikkje mange år sidan ein var so nærsøkjen at Samvirkelaget flytte huset sitt lenger frå, so det kunne stå trygt.

Dei største åkrane på garden var på flatane nedanfor husi. Der dyrka dei korn, mest havre, men dei sådde stundom bygg eller litt blandkorn, og prøvde jamvel med rug. Rugåkeren var i Geili, for der var lunaste. Elles hadde dei åkerflekker til potetor ymse stader. Uti Rinden hadde dei potetgjerde ovanfor bøen, og sume bar mold oppå store steinar og sette potetor der. I 1723 heiter det i matrikkelen at garden er «årvant til korn og meget tungvunden». Men dei fleste åri fekk dei moge korn, og kring hundreårsskiftet var det vanleg at dei «heile» bruki hausta 8 — 10 tunnor, og dei «halve» på lag helvti. I 1723 var det 2 kvernar på garden. Sidan fekk kvart bruk si kvern. Fyrst hadde dei kvernhusi i Haugsgrovi, men det var lang og tung veg dit, so dei flytte derifrå. Eitt eller to kvernhus var oppsette i Hestehola, og der synte rester etter dei heilt fram til vår tid. Men der var uvisst med kvernavatn, og so flytte dei til Storebekken eller Kvernabekken bortanfor elvi, og der stod kvernhusi sidan. Berre Bakkane flytte sitt attende til Fagerdalselvi, og det vart føyst vekk av ræsing i 1928 og vart ikkje bygt oppatt. Då var det for det meste slutt med korndyrking i dalen.

Elles var det i Lavik som på hine gardane i sokni. «Lever av kvegavling» står det i matrikkelen 1723. Det var slåttonni som tok det meste av sumaren. Bøslåtten tok ikkje so lang tid, når berre veret var lagleg, men markaslåtten varde so lenge graset var grønt. I 1863 er det oppgjeve at høyavlingi på garden var 4480 våger, og av det var 2280 våger markahøy. Det var slåttor og markaløor både «høgt og lågt», og når det heiter at garden er «meget tungvunden», galdt det i alle fall sume av markaslåttone. På bruk 1 var desse slåttone med løa: Brekkebotnen, Viki, Gråuri, Tortnevikhaugen, Botnen, Brekkena, Knoltastedle, Knoltane, Glupalii, Kyratoni, Furhaugane, Tødna, Spikehola, Fasteland, To-bakken og Lamhylfeti. Flat-teigar med stakkstøe hadde dei i Grønbakkagili, Grønabrekko, Storagili og Bjødnaskredena. Bruk 2 hadde desse slåttone med løa: Vetlakvangrødet, Blommen, Dragsbotnen, Fjedle, Furhaugane, Bjødnamyrane og Teigen. Stakkstøe hadde dei i Teigrusti og på Nonhaugstølen. Til stakkstøe i Teigrusti slo dei Teig-botnen høgast oppe i Teigberget og bar høyet utom i Rusti. «Me gjekk sidelengs bortetter nokre smale skortor, beit i toget og heldt oss fast med hendene», hermer dei etter ein som var med på dette. Ho Magli dar Nere, som døydde i 1922, var med på det, fortalde ho, men siste mannsalderen hev ikkje denne slåtta vore nytta. Ho vart vel altfor «tungvunden». På bruk 3 var slåttor med løa i Fribotn, Stølstødna, Blommen, Tødna, Botnen, Knoltane og Stadlane. Dei hadde stakkstøe på Rotne. Bruk 4 hadde slåttor med løa i Krakalidi (2 løor), Furhaugane, Snoknottabotnen, Fasteland (2 løor), Stølen, Knoltane, Glupalii, Kleivaneset, Botnen, Korane, Lidi og Teigen. Stakkstøe var det i Svaskogen, Ytre Krakalidi, Furhaugtødna og Kvitafjedle. Bruk 5 hadde frå gamalt løa i Bruskardbotnen, og det var vel likaste markaløa på garden. Ho var tømra av furestokkar, og dei skulle vera hogde på Øykhaugo er det sagt. Løa datt ned fyre 1900, men det var slege stakk der seinare. Dette bruket hadde og slåtta i Storlidi, Fasteland med Faukfosslidi, Knoltane, Glupalidi (2 løor) og i Botnen. Dei hadde stakkstøe på Nakkane. Bruk 6 hadde slåttor med løa i Furhaugane med Ræsingahaugen, Glupatødna, Glupahaugen, Kleivaneset (2 løor), Snoknoltagili, men der bruka dei ein heller til løa. Stakkstøe hadde dei i Vierbotnen og i Bungane. Attåt alle desse markaslåttone hadde alle bruki haust-teigar. Dei heile bruki hadde gjerne 20 — 30 byrdahesjar i desse teigane, og dei halve bruki tilsvarande mindre. So hadde dei «øyaslåtten», som kunne vera balesam når veret var ulagleg. Det var nokre øyar og holmar nedst i Lavikavatnet. I flaumver gjekk elvi langt oppyver teigane og la att sand og rusk, so det var alltid hardbeitt slått der. Men graset var godt og vart helst nytta til øykjahøy. Var veret godt, kunne dei breia graset, taka det turt i båten og køyra det frå vatnet og heim. I regnver rodde dei det rått til Myrtongen, køyrde det so heim til bohesjane og hesja det der. I langvarigt turrver hende det at elvi var so liti at dei kunne køyra ut til øyane etter det.

I matrikkelen 1723 heiter det at Lavik hev seter 1/4 mil frå garden. Det må vera Lavikastølen i Haugadalen. Han hev vore i bruk heile tidi sidan, so lenge det var stølsdrift på garden. Det er segn om at Haugen var stølen deira Lavikjene fyrr det busette seg folk der, og at det var då dei flytta stølen inn i Haugadalen. Det synest ikkje urimeleg, men

det finst ikkje dokument som provar det. Lavik hev hatt to andre stølar òg som må vera opptekne etter 1723. Den eldste av dei er Tuftna. Namnet kan tyda på at denne stølen vart bygd oppatt på tuftna etter ein eldre støl. Tuftna ligg ei halv mils veg sør for Lavik og høgt til fjells. Attmed stølen er eit stort vatn, Tuftavatnet, som hev avlaup til Sødalselvi. Siste året dei støla på Tuftna, var i 1793. Då var der ikkje meir ved å finna, og dei bygde ny støl på Grønbakken. Frå 1902 vart det slutt med stølsdrifti der og, men kring 1930 hadde Olav Johannesson på Bakkaluten geitasti på Grønbakkastølen nokre år, og der var gode beite.

Om skogen i Lavik heiter det i 1723: «Brendeved skog». I manns minne hev det ikkje vore barskog som voks vilt på garden, so nær som ein liten teig med fura i Fugldalen. Det skulle vera president Christie som strådde ut noko frø der ein gong han var i Lavik. Han var fleire gonger i dalen, og då budde han hjå bonden på bruk 1 her. Det var han som rådde lavikane til å få grensegang i 1837, fordi det var tretta millom Lavik og grannegardane om grenselinone. — Men i eldre tid var det sakte fureskog på garden. Dei kan finna store furerøter langt inne i Haugadalen. Frå 1900 og frametter er det planta mykje gran, og ho veks godt. Den fyrste som tok til med det, var Johannes Andersson på bruk 1. I 1902 planta han 11 hundre gran. Sidan kom dei andre og med, og snart var det årlege plantedagar for skuleborni. Dei eldste granene er stor tømmerstog no. Vedaskog hev garden meir enn nok av til eige bruk, og sume av bøndene hev gjerne selt 7 — 8 mål ved for året. Den tid det var spursmål etter bork og never, var losting ei årleg onn på fyresumaren. Ein dugande arbeidskar skulle losta 2 kippor never på ein dag når det var grei skog. Når ein kjem i hug at alle heimehus og markaløor hadde nevertak, so skynar ein lett at det trongst mykje never til å halda tak på alt.

Ein ting som jamt skapte vanskar for lavikane, var at dei måtte i båt når dei skulle yver elvi. Dei hadde mykje av området sitt bortanfor, både bø og slåttor og skog. Dessutan låg heile bruk 5 bortanfor. 1930- åri hadde Modalen herad oppe ymse planar om bru- og vegbygging, t.d. Almelid, Hellandsbrui og veg til Nygard og Steinsland. Heradet fekk offentlege tilskot til desse arbeidi, og ordføraren rådde då lavikane til å få kostnadsyverslag og søkja om tilskot til bru yver elvi. Dei vart samde om å gjera ein freistnad. Hordaland Vegkontor laga kostnadsyverslag for kabelbru, og det kom på vel 20.000 kr. So søkte dei om tilskot frå vegfondet i fylket mot vanleg part frå heradet, og heradstyret rådde til mot 1 røyst. Bøndene gjekk i gang med å køyra fram stein, for dei rekna med å gjera det meste av arbeidet sjølve, anna det dei måtte ha fagfolk til. Då sju år var lidne, kunne dei køyra yver brui. Det var i 1939. Då dei rekna yver timelistone, synte det seg at kvart bruk hadde ytt på lag 300 dagsverk.


Eigarar:

1597: Stigten bygger 1/2 L.

1610/11: Stigtens Landskyld 1/2 L. smør.

1647 og 1660: K.M. (Kongelig Majestet) eier og bygger 1 L. smør. 1664: Odelsmanntal: Abell Munthe eier.

1673: Abell Munthe Peder Lembs.

1682 og 1691: Lagmand Lilienschiold.

1700: Fru Sidzele Kaas.

1708: Assessor Willum Hansen.

1756: Skøyte frå Jaen van de Veides dødsbu til Monsiur Jaen Frøchen, 1 pd. 1 L. smør.

1764: 30/11: Skøyte på Kgl. Maj. eiendom til Studiosus Herman Jansen Frøchen, 1 L. 1 pd. smør, 100 rd. Same dag skøyte frå Herman Jansen Frøchen til dei fire brukarane, 1 pd. smør til kvar, for 45 rd. Frå den tid er garden sjølveigarbruk.


Skyld og utreidslor.

1624/25: I jordebok er Leding og Frelse for Lavik 1 fåreskinn og 2 kalvskinn.

1644/45: Det same som ovanfor. 1597: Skyldi er 1/2 L. smør. 1647: Skyldi er 1 L. smør.

1660: Skyldi er 1 L. 1 pd. smør.

1838: Skyldi vert no omgjord til pengeskyld med 4 dalar 8 skilling, seinare revidert til 5 dalar 2 ort 7 skilling.

1886: Skyldi vert omgjord til 9 mark 52 øre.


Fødnad.

1657: I Kvegskatten er fødnaden på garden: 2 hestar, 2 uksar, 2 kvigor, 14 kyr, 33 geiter. Dette er svært likt skift på dei to brukarane Johans og Niels.

1665-67: I matrikkelen er det 3 brukarar som tilsaman føder 3 hestar, 30 kyr. Merkn. «Brendeskog til.»

1803: Det er pålagt ei jordavgift, og då er ført fødnad og sånad og avling for kvar brukar, men soleis at når fleire bruk er like, er det oppgjeve tal for det fyrste, og om hine heiter det berre «same beskaf». Då er det ført 7 brukarar i Lavik, fordi at både på bruk 1 og bruk 4 hev faren skøytt frå seg halve bruket til sonen, so dei brukar kvar sin halvpart. Det er og teke omsyn til at fødnaden kan vera litt ulik frå år til år, so det heiter t.d. 5 til 6 «kreaturer». Dessutan er det sett eit pengeverd for kvart bruk, og i Lavik er det 75 — 76 rdr. for kvart 12-marksbruk. For heile garden er fødnaden då oppgjeven til 41 - 47 «kreaturer» og 48 får. Hestar er ikkje med.

Merkn.: «Gården ligger høit, og kornet tager oftest skade av frost».

1865:

Bruk 1:1 hest12 storfe29 smalbeist
Bruk 2:1 »10 »16 »
Bruk 3:1 »8 »7 »
Bruk 4:2 »18»26 »
Bruk 5:1 »9 »6 »1 svin
Bruk 6:1 »8 »14 »
I alt:7 hest65 storfe98 smalbeist1 svin

1875:

Bruk 1:1 hest1 fyl14 storfe29 smalbeist
Bruk 2:1 »1 »9 »18 »
Bruk 3:1 »1 »6 »4 »
Bruk 4:1 »1 »13 »38 »
Bruk 5:1 »1 »10 »2 »
Bruk 6:1 »1 »7 »11 »
I alt:4 hest2 fyl59 storfe102 smalbeist


Sånad og avling.

1667: Matrikl,: Sår 6 tunnor, avlar 16 1/2 tunnor.

1723: Matrikl.: Sår 8 tunnor, avlar 16 tunnor.

Merknader: «Ingen husmandsplads, men ligger et rydningspladz herunder som heref ter findes specifisert (Det er Lavikhaugen). Seter 1/4 mil fra gården. Brendeved skog. 2 flomkverner. Ligger 2 1/4 mil fra sjøen og 8 mil fra Bergen, og årvant til korn og meget tungvunden.
Lever av kvegavling».


1803: Jordavg.,: Sår 8 tunnor, avlar 28 tunnor.


1865: I samband med folketeljingi er oppgjeve: Sår 14 tunnor havre, 15 1/2 tunnor poteter. Avling er ikkje nemnd.


1875: Ved folketeljingi er oppgjeve: Sår 2 1/8 tunnor blandkorn, 13 5/8 tunnor havre, 20 1/2 tunnor poteter, 7 skålpund grasfrø. Avling er ikkje oppgjeve.


1863. Jordbrugsbeskrivelsen.

Garden er delt i 6 bruk. Nr. 1 og nr. 4 er «heile» bruk, og nr. 2, 3, 5 og 6 er «halve». For kvart av dei heile er oppgjeve; Åker og dyrka eng: 4 da. godt, 3 da. medels og 1 3/5 da. ringt. Naturleg eng: 4 da. godt, 12 medels og 14 2/5 ringt. Høyavling 1040 våger, halm 112 våger, og brukar 1 kufor «surogatfoder» beit og skav. Sår 4 tun. korn og avlar 16, sår 4 tun. potetor og avlar 12. Føder 13 kyr, 4 ungfe, 1 hest og 25 smalbeist. Framlegg til skyldsetjing: 1 dalar og 2 ort.
For kvart av dei halve bruki er det oppgjeve: Åker og dyrka eng: 2 da. godt, 1 1/2 da. medels og 4/5 da. ringt. Naturleg eng: 2 da. godt, 6 da. medels og 7 1/5 da. ringt. Høyavling 600 våger, halm 63 våger, 1/2 kufor beit og skav. Sår 2 1/4 tun. korn og avlar 9 tun. Sår 3 tun. potetor og avlar 12. Føder 8 kyr, 1 ungfe, 1 hest og 13 smalbeist. Framlegg til skyldsetjing: 3 ort 12 sk.


1959. Etter Norske Gardsbruk.

Bruk 1. Dyrka jord 35 da. (grus og morenejord), anna jordbr.areal 25 da., prod. skog 420 da., onnor utmark 300 da. Bustadhus bygt 1864, påb. 1892, driftsbygn. 1892, ombygd 1961. Haugadalen sæter. Brt. 50.300 kr. Fødnad 100 sauer, 40 griser. Nydyrka 20 da. Fornfunn.


Bruk 2. Dyrka jord 45 da. (sand og grusjord), utmark 3000 da. Bustadhus bygt 1894, flytt 1900 ved utskiftingi, fjøs og løa bygt 1902, verkstad 1944. Haugadalen sæter, hus bygt 1915. Brt. 57.000. Fødnad 9 kyr, 3 ungdyr, 6 sauer, 2 griser.


Bruk 4. Dyrka jord 40 da. (myrjord), anna jordbr.areal 30 da. prod. skog 1000 da. onnor utmark 10.000 da. Bustadhus bygt 1878, fjøs og løa 1880. Lavikstølen sæter, hus ombygt 1946. Brt. 16.000. Fødnad 1 hest, 5 kyr, 1 ukse, 1 ungdyr, 4 sauer, 1 gris.


Bruk 5 og 16. Dyrka jord 50 da. (grusjord), anna jordbr.areal 20 da. prod. skog 300 da., onnor utmark 100 da. Bustadhus bygt 1906, omb. 1950, driftsbygningar 1906, omb. 1931. Haugadalen sæter. Brt. 72.000 kr. Fødnad 7 kyr, 4 ungdyr, 25 sauer, 3 griser.

BUSITJARAR

1597: I Futeregnsk. for dette året er fyrste gongen me finn garden nemnd. Då får Oluff 3. bygsel av 1/2 Laup smør og betalar 1/2 dalar i «landbeysell». I 1603/04 får han oppattnya bygsel og gjev 1 dr.


1609/10: No heiter brukaren Mogens. Han sit og med heile garden, 1/2 L. smør, og er ferd i skattemanntalet fram til 1618.


1615/16: Der kjem no ein ny mann, Oluff Iffuersen, og får fyrste bygsel av 8 alb. som er ein liten part av garden. Han gjev 3 dr. i «landbeydsell». Samstundes får Mogens tridje bygsel av 5 skilling 1 alb. Frå no av er det to brukarar på garden. På største bruket sit Mogens, og på det andre Oluff Iversen.


1621: Mogens er no borte, og sonen, Anders Mogensen får fyrste bygsel på 1/2 L. smør «som hans moder oploed», og betalar 8 dr. Mogens må ha døytt kring 1618-20, og enkja site med bruket til no sonen får bygsel. Same året får Oluff tridje bygsel på det andre bruket, 1 pd. smør. Det må vera den parten han fekk bygsla i 1615/16, og attåt den får han fyrste bygsel på 1/2 pd. Det syner at skyldi på garden no er auka til 1 Laup smør, skift på to jamstore bruk med 1/2 L. eller 1 1/2 pd. på kvart bruk. 11661 vert skyldi atter auka med 1 pd., til 1 L. 1 pd., og frå kring 1667 er Lavik skift i tri bruk, og noko seinare i fire jamstore bruk, kvart på 1 pd. smør. Me får då denne brukarrekkja:


A. Olav (Oluff) brukar heile garden i 1597 og 1603/04. Me veit inkje om giftarmål og born.


B. Mons (Mogens) sit åleine brukar frå 1609/10 til 1615/16. Seinare sit han med bruk 4. Sjå der!


Me fører no kvart bruk for seg. Eit par gonger er det so store tomrom i rekneskapane at det kan vera tvil om me hev sett brukaren på rett bruk, men etter dei opplysningar me finn, held me denne rekkjefylgja mest rimeleg:


Bruk 1. «Dar idn».

1. Olav Ivarson får bygsel i 1615/16 og i 1621 på 1/2 L. smør, som er halve garden. Me veit inkje om giftarmål eller born til Olav. I 1617 fører skattemanntalet ein Ivar under «ødegaarde og husmænd» i Lavik, og det ligg nær å tru at Olav er son hans. Olav er ferd i skattemanntalet fram til 1635, og uvisst kor mykje lenger.


1644: Skattemanntalet hev Nils, og i 1646 er han skriven Nils Johansen. Han sit med bruket til 1661. I 1660 er han førd med 2 sp. smør, so då er skyldi auka med 1/2 pd. på kvart av dei to bruki. I kopskatten 1645 hev Nils kona Randi og tenestegjenta Brita (Berete), og der er dessutan ført enkja Marta (Marete) og drengen Knut. Det kan tyda på at enkja etter Olav Ivarson framleis brukar noko av garden, utan at me kan vita noko visst om det.


2. Nils Johannesson Lavik, g. m.

Randi.

Me finn ikkje opplysningar om born, men det synest rimeleg at næste brukar er son til Nils og Randi.


1661: I skattemanntalet heiter det: «Første bygsel anammit af Johans Lavig for 2 pund smørs leye. Penge 14 rd». Etter di brukaren på bruk 4 og heiter Johans på denne tid, kan det vera noko uvisst kven som er kven, og korleis ein skal skifta borni millom dei. Me hev kome til at det er Johans Knutson som er kalla gamle Johans og sit på bruk 4, og at unge Johans (utan farsnamn) sit her på bruk 1.


3. Johannes Lavik, sagd 50 år i 1667, d. 1689, og då sagd 77 år, g. m.

Ukjend.

Born:

  1. Nils f. 1643, næste brukar.
  2. Olav f. 1651. Det kan vera han som er g. 1677 ni. Gunnbjørg Knutsdtr. (utan gardsnamn).
  3. Eilev f. 1657, brukar nr. 2 på br. 2.
  4. Ingebrigt d. 1718, g. 1684 ni. Anna Pedersdtr. Bindingsbø, busett der.


Ingebrigt (Engelbret) var husmann på Bindingsbø. Me veit om 3 born: 1 Lars, døypt frå Lavik 1685, g. 1719 m. enkja Jorunn Larsdtr. Gullbrå og busett der. 2. Synneva, døypt 1697, g. 1728 m. Lars Monsson Gullbrå og busett der. 3. Nils, gift fyrste gongen 1731 med Kari Nilsdtr. Lavik br. 1. Ho er då sagd enkja, men me finn ikkje fyrste giftarmålet hennar. Andre gongen gifter han seg i 1750 med gjenta Anna Olavsdtr. Fosse. (Ho er skrivi Andersdtr. i skiftet). I 1757 gifter han seg tridje gongen med enkja Inga Monsdtr. Nygard br. 3, og budde sidan der. Han døydde der i 1795.


Frå 1668 til 1691 er det tomrom i rekneskapane, so me kan ikkje vita kva år det var brukarskifte, men i 1694 er garden skift i fire jamstore bruk, kvart på 1 pd. smør.


1691: Nils brukar 1 pd. sm. I manntalet 1701 er han skriven Niels Johannessen, og er nok den same som nr. 3 a framanfor. Han sit med bruket til 1712, då sonen hans får bygsel.


4. Nils Johannesson Lavik, f. 1643, g. m.

Marta Nilsdotter, f. 1649, d. 1729.

Born:

  1. Marta f. 1674, d. 1683.
  2. Brita g. 1704 m. Olav Knutson Almelid br. 5.
  3. Knut g. 1703 m. Brita Øysteinsdtr. Nottveit br. 1.
  4. Marta f. 1682, d. 1694.
  5. Olav f. 1684, g. 1721 m. e. Sigrid Knutsdtr. Skistad. Hausb. I s. 314.
  6. Olav f. 1686,
  7. Marta f. 1688, d. 1688.
  8. Marta f. 1689, d. 1691, tvill.
  9. Anna f. 1689, d. 1691, tvill.
  10. Johannes f. 1691, næste brukar her.
  11. Knut f. 1694, d. 1694.
  12. Kari g. 1731 m. Nils Ingebrigtson Bindingsbø.


1712: Bygselbrev frå assessor Wilhelm Hansen til Johannes Nilsson på dette bruket, 1 pd. sm. Johannes Nilsson får oppattnya bygsel i 1720, og sit med bruket til 1738.


5. Johannes Nilsson Lavik, f. 1691, d. 1756, g.

1. 1714 m. Kari Andersdtr. Lavik, br. 5, f. 1681, d. 1720.

2. m. Ragnhild Knutsdotter, f. 1695, d. 1727.

3. 1729 m. Anna Andersdtr. Nese, br. 3, f. 1694, d. 1767.

Born:

  1. Anna f. 1715, g. m. næste brukar her.
  2. Kari f. 1722, d. 1722.
  3. Kari f. 1724, d. 1726.
  4. Marta f. 1729, d. 1729.


1738: Bygselbrev frå fogden Andreas Jesen til Johannes Johannesson på 1 pd. smør. Johannes sit med bruket til han døyr 1763.


6. Johannes Johannesson Lavik, f. Nese, br. 4 1716, d. 1763, g. 1738 m.

Anna Johannesdtr. Lavik, f. 1715, d. 1770.

Born:

  1. Dødfødd f. 1739.
  2. Anders f. 1740, næste bonde her.
  3. Ragnhild f. 1741, g. 1770 m. Olav Jonson Høvik br. 4, busett Nese br. 4. Sjå meir deri


1764: Herman Jansen Frøchen held auksjon yver gardane sine, og Anders Johannesson får kjøpa dette bruket, 1 pd, smør, for 45 rd.


7. Anders Johannesson Lavik, f. 1740, d. 1814, g. 1764 m.

Maria Andersdtr. Nåmdal, br. 2 f. 1744, d. 1829.

Born:

  1. Brita f. 1764, g. m. Jakob Simonson Bindingsbø, busett Fonni i Gulen.
  2. Johannes f. 1765, næste bonde her.
  3. Anna f. 1768, d. 1771.
  4. Anders f. 1775, d. 1861, g. 1813 m. Anna Simonsdtr. Nese br. 4, pakta Langeland i Meland, kom att til Lavik då kona døydde, dreiv som snikkar og murar, 2 born, båe ug. båe ug. Dotteri Ragnhild f. 1814 d. 1900 busett Lavik.
  5. Brita f. 1778.
  6. Johannes f. 1780, g. 1814 m. Anna Vikingsdtr. Almelid, busett Fauskanger, Askøy. Anna var sdotter til Viking Matiasson Lekve og kona Kari Torbjørnsdtr. Yksendal, oppfostra hjå mormori i Almelid.
  7. Anna f. 1780, g. 1837 m. em. Simon Larsson Nygard br. 1.


1791: Skøyte frå Anders Johannesson til sonen Johannes Andersson på halve bruket, 12 mrk. smør, for 40 rd. I 1811 får Johannes skøyte på resten av bruket òg.


8. Johannes Andersson Lavik, f. 1765, d. 1820, g. 1791 m.

Agata Knutsdtr. Hermundsdal, f, 1759, d. 1824.

Born:

  1. Anders f. 1792, næste bonde her.
  2. Knut f. 1794, bonde på br. 5.
  3. Simon f. 1795, d. 1856, g. 1823 m. Synneva Olavsdtr. Hommedal, paktarfolk Haugland i Arna, sidan bonde Havrå i Haus, 9 born.
  4. Olav f. 1796, d. 1797.
  5. Maria f. 1798, d. 1860, ug., busett heime, kunde mange songar, folkevisor og segner.
  6. Maria f. 1800, g. 1824 m. Hallvard Johannesson Flatekvål br. 1.
  7. Olav f. 1802, bonde på br. 6, Bakka-luten.


1819: Skøyte frå Johannes Andersson til sonen Anders Johannesson på 12 mrk. smør. I skiftet etter mori 1824 får han utlagt 6 mrk. smør for 38 spd., og same året får han skøyte frå medervingane sine på deira partar av bruket for 30 spd. Dermed eig han heile bruket, 1 pd. smør.


9. Anders Johannesson Lavik, f. 1792, d. 1848, g. 1820 m.

Dordei Knutsdtr. Vetlejord, br. 1 f. 1798, d. 1856.

Born:

  1. Agata f. 1820, d. 1907, g. 1844 ni. Anders Simonson Flatekvål br. 2-3 f. Fjellanger 1817. Dei for til Amerika.
  2. Johannes f. 1823, næste bonde her.
  3. Knut f. 1824, d. 1896 i USA, bonde på Flatekvål br. 5.
  4. Johannes f. 1827, d. 1834.
  5. Maria f. 1829, d. 1864, g. 1858 m. Johannes Hallvardson Flatekvål br. 1.
  6. Torbjørg f. 1832, d. 1896 i USA ug., til USA 1878.
  7. Johannes f. 1835, d. 1856, ug.
  8. Knut f. 1838, d. 1917, g. 1863 m. Ingebjørg Hallvardsdtr. Flatekvål br. 1 f. 1840, d. 1908, busett Dagestad, Voss.
  9. Rasmus f. 1841, d. 1927, for til USA, var prest der.


1847: Skøyte frå Anders Johannesson til eldste sonen Johannes for 250 spd.


10. Johannes Andersson Lavik, f. 1823, d. 1887, g. 1851 m.

Kari Andersdtr. Kyte, Voss, f. 1820, d. 1907.

Born:

  1. Anders f. 1852, næste bonde her.
  2. Andreas f. 1854, d. 1918, g. ni. Mag. ni. Margrete Mathiesen f. 1860, d. 1932. Han skipa Vestlandske Indremisj. forbund 1898, skipa Bibelskulen i Bergen, styrar der til han døydde, stortingsm. 1888-91, bust. Bergen.
  3. Johannes f. 1856, d. 1929, g. m. g. m. Oliva Heitmann f. 1862, d. 1942, busett Bergen. Han var jurist, lærar ved Augsburg Seminar, Minneapolis, skipa Gula Tidend 1904, bladstyrar der til 1919, var ein av førarane i norsk målreising.
  4. Johan f. 1858, d. 1931, g. m. Andrea Gurine Gauslå f. 1862, d. 1932. Johan var prest i Hosanger 1888-1909, sidan Voss og sist i Råde.
  5. Dordei f. 1860, d. 1860.
  6. Dorotheus f. 1863, d. 1908, skodespelar, g. 1 g. m. Ludvika Levy.
  7. Maria f. 1865, d. 1901, g. m. bokprentar Mens Andreas Klyve, Voss, 3 døtre oppfostra hjå morbroren i Lavik då mori døydde, a. Kari, for til USA, b. Signy, sjukesyster, c. Dagheid, g. m. Eivind Olavson Eide, Yksendal br. 2.


1887: Skøyte frå Johannes Andersson til sonen Anders Johannesson for 1500 kr. og kår til 5 års verd 1000 kr.


11. Anders Johannesson Lavik, f. 1852, d. 1941, g. 1880 m.

Brita Nilsdtr. Almelid, br. 5, f. 1850, d. 1936.

Born:

  1. Johannes f. 1881, næste bonde her.
  2. Nils f. 1884, bonde på br. 5.
  3. Kari f. 1885, d. 1925, ug., jordmor i Eksingedalen, busett Lavik.
  4. Anna f. 1888, g. m. Knut Helgeson Bergo, bonde i Eksingedalen.
  5. Ragna f. 1891, d. 1976, g. 1914 m. lærar Severin Nikolai Blindheim, Borgund, Sunnmøre f. 1890, d. 1925. Ragna var lærarinna og hadde post på Voss etter ho vart enkja.


Anders Johannesson Lavik vart vald til stortingsmann 1898 og møtte på tinget 3-årsbolken ut. Elles var han mykje med i bygdestyringi, og ordførar ei tid. Det var han som tok på seg å byggja den nye kyrkja på Flatekvål. Denne kyrkja vart innvigd 1883. Sjå Litleskare: «Mo kyrkja og Eksingedalen kyrkja»!


1901: Skøyte frå Anders Johannesson til sonen Johannes for 800 kr.


12. Johannes Andersson Lavik, f. 1881, d. 1966, g. 1902 m.

Inga Larsdtr. Kallekleiv, f. 1877, d. 1959, frå Gjerstad i Haus.

Born:

  1. Brita f. 1903, d. 1977, g. 1929 m. lærar fars Nilfars Nilsson Bjørgo, Evanger f. 1902, d. 1949, lærar i Eksingedalen, Modalen og Bruvik.
  2. Sunniva f. 1904, g. 1940 m. Edvard Bungum, Framfjord, Vik i Sogn.
  3. Åsmund f. 1906, næste bonde her.
  4. Sigmund f. 1908, g. 1937 m. Nolevande f. 1913. Han er organisasjonskonsulent i N.K. L., busett i Bergen.
  5. Nolevande f. 1912, hamnearb. i Bergen, g. 1934 Nolevande f. 1914. Dei er busette i Fana.
  6. Nolevande f. 1914, g. 1946 m. Nolevande f. 1918.


1937: Skøyte frå Johannes Andersson til sonen Åsmund for 2400 kr. og kår.


13. Åsmund Johannesson Lavik, f. 1906, d. 1982, g. 1931 m.

Olina Severinsdtr. Jakobsen, Uthella, Manger f. 1906.

Born:

  1. Nolevande f. 1932, næste bonde her.
  2. Nolevande f. 1933, g. 1956 Nolevande f. 1934, Akranes, Island.
  3. Nolevande f. 1935, g. 1958 m. Nolevande f. 1932.
  4. Nolevande f. 1939, g. 1956 m. Nolevande f. 1942.
  5. Nolevande f. 1942, g. 1966 m. Nolevande f. 1941.


Skøyte frå Åsmund Johannesson til sonen Åge Åsmundson.


14. Nolevande Lavik, f. 1932, g. 1957 m.

Nolevande, f. 1937, frå Voss.

Born:

  1. Nolevande f. 1958.
  2. Nolevande f. 1960.
  3. Nolevande f. 1962.
  4. Nolevande f. 1965.
  5. Nolevande f. 1969.


Bruk 2 (og 3) Nere-luten.

1667: Prestemanntalet fører tri brukarar i Lavik. Det er gamle Johannes på bruk 4. Han hev no late frå seg halve bruket til den nye brukaren Knut, som visst må vera sonen hans. Det er noko uvisst kor lenge Knut sat med bruket, men det er rimeleg at han hadde det til han døydde i 1688. I 1691 fører Futeregnsk. «Enchen» her på bruket, og det må vera enkja etter Knut. Det er dette bruket som seinare får bruksnr. 2, og det var på 1 pd. smør.


1. Knut Johannesson Lavik, f. 1640, d. 1688, truleg g. m.

Anna Knutsdtr. Lavik, f. 1650, d. 1727.

Born:

  1. Namnlaus f. 1671, d. 1677.
  2. Anders g. 1701 m. Helga Endresdtr. Stornes, plass under Myster, busett Eiterdalen.
  3. Kari f. 1679.
  4. Namnlaus f. 1682.
  5. Jakob f. 1684.
  6. Olav f. 1687, d. 1688.


1694: Futeregnsk. fører Ellef på dette bruket, og han må ha fenge bygsel etter enkja som sat med bygsel i 1691. I manntalet 1701 er han skriven Ellef Johannessen, og det må vera han som i prestemanntalet 1667 er sagd 10 år, og son til nr. 3 på bruk 1. Me hev ikkje funne kven kona til Ellef var.


2. Eilev Johannesson Lavik, f. 1657, d. 1710, g. m.

Ukjend.

Born:

  1. Haldor f. 1682, busitjar nr. 3 på br. 5.
  2. Olav f. 1684, næste busitjar her.
  3. Kari f. 1686, g. 1704 m. Knut Brynjelson Lavikhaugen og busett der.
  4. Gjertrud f. 1690, g. 1713 m. Askjell Ivarson Mo br. 1 og busett der.
  5. Johannes f. 1694, d. 1695.


1711: Skoskatten fører enkja, men i 1712 er ført bygselbrev frå Wilhelm Hansen til Oluf Olufsen. Olufsen er nok feilskriving for Eilufsen, for i 1720 får Ole Eilufsen oppattnya bygsel frå Wilhelm Hansen, og i matrikkelen 1718 heiter og brukaren Ole Ellefsen. Han sit med bygsel til 1764, då versonen Lars Monsson får kjøpa bruket.


3. Olav Eilevson Lavik, f. 1684, d. 1769, g.

1. 1713 m. Anna Johannesdtr. Myster, br. 1-2, f. 1690, d. 1734.

2. 1735 m. Helga Simonsdtr. Fosse.

Born:

  1. Kari f. 1714, g. 1731 m. Torkjell Ivarson Vetlejord br. 1 og busett der.
  2. Brita f. 1720.
  3. Johannes g. 1740 m. Anna Knutsdtr. Kjenes.
  4. Agata f. 1726, d. 1726.
  5. Anna f. 1728, g. ni. næste bonde her.
  6. Gjertrud f. 1731.
  7. Anna f. 1739, d. 1739.
  8. Eilev f. 1740, d. 1757.
  9. Kari f. 1744.


1764: Skøyte frå Herman Frøchen til Lars Monsson på dette bruket, 1 pd. smør, for 45 rd. Lars Monsson gjev vilkårsbrev til Olav Eilevson og kona.


4. Lars Monsson Lavik, f. Straume br. 4 1728, g.

1 1758 m. Anna Olavsdtr. Lavik, f. 1728, d. 1783.

2. 1784 m. Kari Torkjellsdtr. Vetlejord, br. 1, f. 1740, d. 1830.

Born:

  1. Kari f. 1760, g. 1785 m. Jon Olavson Almelid br. 5.
  2. Johannes f. 1762, næste bonde her.
  3. Anna f. 1763, g. 1791 m. Olav. Olavson Ø. Helland br. 1.
  4. Olav f. 1769, g. 1802 m. enkja Magdeli Olavsdtr. Brakestad.


1784: Skifte etter Anna Olavsdotter, og bruket vert utlagt med 8 mrk. smør til kreditor Johannes Olavson Straume, 8 mrk. til enkjemannen, og 8 mrk. til sønene Johannes og Olav.


1788: Skøyte frå Johannes Olavson Straume på hans 8 mrk. til Johannes Olavson Lavik. Samstundes får han skøyte frå medervingane sine på deira partar, so no sit han med heimel til heile bruket.


6. Johannes Larsson Lavik, f. 1762, d. 1837, g. 1790 m.

Brita Johannesdotter, f. 1761, d. 1833.

Born:

  1. Anna f. 1790, d. 1790.
  2. Lars f. 1791, næste bonde på br. 3.
  3. Jon f. 1798, næste bonde her på br. 2.
  4. Anna f. 1803.


1812: Johannes Larsson skøyter halve bruket, 12 mrk. smør, til eldste sonen Lars Johannesson. Det vert bruk nr. 3, Lars-Joans-luten.


1827: Skøyte frå Johannes Larsson til sonen Jon Johannesson på andre halvparten av bruket, bruk 2, Jo-luten eller Nere-luten.


6. Jon Johannesson Lavik, f. 1798, d. 1883, g. 1826 m.

Ragnhild Haldorsdtr. Nese, br. 1 f. 1796, d. 1887.

Born:

  1. Johannes 1. 1828, næste bonde her.
  2. Haldor f. 1829, busett Bø på Voss.
  3. Olav f. 1831, småbrukar Dyrvedalen, Voss. I Hausboki: nr. 208 på Nedste Mjelda. Hev sonen Jakob m. Ingebjørg Helgedtr. Nedste Mjelda.
  4. Lars f. 1832, bygningssnikkar, for til Amerika.
  5. Anders f. 1833.
  6. Olav f. 1835, d. 1835.
  7. Lars f. 1838, d. 1917, g. 1879 m. Maria Olavsdtr. Lavikhaugen. Lars var bonde på Leiro br. 2, sidan Borgo i Haus, 3 born. Sonen Jon bonde på Borgo etter faren.


1854: Skøyte frå Jon Johannesson til sonen Johannes for 60 spd. og kår.


7. Johannes Jonson Lavik, f. 1828, d. 1911, g. 1854 m.

Magdeli Eilevsdtr. Nåmdal, br. 1 f. 1829, d. 1922.

Born:

  1. Jon f. 1855, næste bonde her.
  2. Eilev f. 1857. Til USA.
  3. Anna f. 1859, d. 1874.
  4. Anders f. 1860.
  5. Johannes f. 1862, g. 1886 m. Brita Jakobsdtr. Flatekvål br. 2-3 f. 1864. Johannes var lærar i Sogn.
  6. Ragnhild f. 1865, g. 1893 m. Mikkel Johannesson Lavikhaugen br. 1, busett der, seinare til Amerika med 6 born.
  7. Jakob f. 1867, d. 1947, skomakar, g. 1896 m. Inga Knutsdtr. Straume br. 3. Dei kjøpte bruk i Valsvik 1906, gard på Borgo i Arna 1909, sidan busett der, 6 born.


1891: Skøyte frå Johannes Jonson til sonen Jon for 600 kr., og kår, verdsett til 400 kr. for 5 år.


8. Jon Johannesson Lavik, f. 1855, d. 1942, g. 1891 m.

Gjertrud Olavsdtr. Steinsland, br. 4 f. 1865, d. 1941.

Born:

  1. Magdeli f. 1892, d. 1912, ug.
  2. Johannes f. 1894, næste bonde her.
  3. Olav f. 1898, g. m. Lovisa Johanna Grimstad, Lindås f. 1899, busette Lindås, Fitje i Gjerstad og Hosanger.


I Hosanger dreiv han sagbruk. Dei hadde 4 born: Jon f. 1919, d. 1976, Astrid f. 1926, Margit f. 1929 og Magnhild f. 1934.


1900: Jon Johannesson får kjøpa bruk 3 av Ingebrigt Larsson Straumsnes, f. Lavik 1832, for 3000 kr. I 1919 søkte han om å få dei to bruki førde saman att til eitt bruk i grunnboki, og det vart gjort. Etter det fekk bruk 2 ei skyld på 2 mark 28 øre.


1920: Skøyte frå Jon Johannesson til sonen Johannes Jonson for 1000 kr.


9. Johannes Jonson Lavik, f. 1894, d. 1974, g. 1915 m.

Ingebjørg Nilsdtr. Trefall, f. 1895, d. 1943.

Born:

  1. Nolevande , f. 1919, sjå bnr. 15.
  2. Nolevande f. 1920, g. 1954 m. bonde og vegarb. Nolevande f. 1919, busett Sleire i Masfjord, 2 born.
  3. Nolevande f. 1923, g. 1954 m. Nolevande , Bergen, f. 1924, 3 born.
  4. Nolevande f. 1925, næste bonde her.
  5. Nolevande f. 1934, d. 1940.


1949: Skøyte frå Johannes Jonson til sonen d. for 2000 kr.


10. Nolevande, f. 1925, g. 1948 m.

Nolevande, f. 1928.

Born:

  1. Nolevande f. 1953. Han er filialstyrar i Askvoll Handelslag, Stongfjorden. Dei hev eit Nolevande f. 1972.
  2. Nolevande f. 1951, fabrikkarb. i Sandnes, g. 1973 m. Nolevande, 1 son.
  3. Nolevande f. 1959.
  4. Nolevande f. 1963.


1949 er halde skylddeling og utskilt frå dette bruket eit stykke på sud-austsida av elvi. det fekk namnet Trudvang med skyld 77 øre og bruksnr. 15. Dette vart skøytt på Johan Lavik som saman med faren sette opp bunadshus. Johannes Jonson budde her lengste tidi etter han skøytte frå seg hovudbruket. Han arbeidde kistor og skrin som han rosemåla.


1. Johan Johannesson Lavik, f. 1919 g. 1942 m.

Solveig Nilsdtr. Lavik, br. 5. f.

Born:

  1. Nolevande f. Nolevande f. 1945, g. 1964 m. skipselektrikar Nolevande, Karmøy.
  2. Nolevande f. Nolevande f. 1951, musikklærar, Karmøy, g. 1980 m. lærar Nolevande, frå Stavanger.


Johan og huslyden flytte til Karmøy i 1962, vaktmeistar, sløydlærar, formingslærar. han hev i mange år drive med rosemåling, og frå 1967 ogso med felebygging, både hardingfelor og fiolinar. Solveig er hjelpepleiar på Karmøy sjukeheim.


Bruk 3 Lars-Joans-luten.

1812: Johannes Larsson skøyter halve bruket sitt, 12 mrk. smør, til eldste sonen, Lars Johannesson. Dette vart bruk nr. 3.


1. Lars Johannesson Lavik, f. 1791, d. 1836, g. 1821 m.

Gjertrud Ingebrigtsdtr. Bindingsbø, f. 1793, d. 1843.

Born:

  1. Brita f. 1822.
  2. Kari f. 1823, g. 1844 m. Knut Olavson Flatekvål br. 4, flytte til Bø, Nordland 1850 med 3 born. Sjå Flatekvål br. 4.
  3. Ragnhild f. 1826, d. 1828.
  4. Johannes f. 1828, næste bonde her.
  5. Ingebrigt f. 1832, eigar her etter broren Johannes.
  6. Anders f. 1835, d. 1836.


Då Lars Johannesson døydde, gifte enkja seg att i 1837 med

2. Nils Jakobson Horvei, frå Evanger, f. 1805, d. 1843. Ikkje born.


1837: Skifte etter Lars Johannesson. Bruket vart då utlagt eldste sonen Johannes Larsson for takst 100 spd.


3. Johannes Larsson Lavik, f. 1828, d. 1899, ug.


1899: Skøyte frå skifteretten i buet etter Johannes Larsson til bror hans, Ingebrigt Larsson Strømsnes for 1500 kr.


4. Ingebrigt Larsson Strømsnes, f. Lavik 1832, g.

1871 m. Agata Olavsdtr. Lavik, br. 6, f. 1836, d. 1872 på barnseng.

2. 1880 m. Torbjørg Mikkelsdtr. Lavikhaugen, br. 1, f. 1851. Ikkje dåpsborn frå Lavik.


Ingebrigt Larsson hadde kjøpt seg gard på Straumsnes i Askøy og var flytta dit fyrr han fekk dette bruket, og han flytte ikkje heimatt til Lavik.


1900: Ingebrigt Larsson skøyter dette bruket til Jon Johannesson Lavik br. 2. Sjå der!


Bruk 4 «Dar ut».

1615/16 er fyrste gongen me finn to brukarar i Lavik. Då kom Olav Ivarson og fekk bygsla ein liten part av garden, og i 1621 fekk han noko meir. Han sat då med halvparten, som seinare fekk bruksnr. 1. På andre parten, som seinare fekk bruksnr. 4, sat Mons (Mogens), som tidlegare er hird under B, fram til 1618, og sidan enkja til 1621, då sonen Anders fekk bygsel etter mori.


1. a. Mogens frå 1608/09 til kring 1618 g. m.

1. b. Ukjend, seinare kalla «Enchen», frå 1618 til 1621.
Dei hev sonen Anders som vert næste brukar.


1621: Anders Monsson sit med bygsel på bruket frå 1621 til 1634.

2. Anders Monsson Lavik.

Om giftarmål og born får me ikkje vita anna enn at han hev sonen Anders, som vert næste brukar.


1634: I skattemanntalet (garnisonskatten) heiter det: «Anders Ladvig 1. bygsel. Leyet 1/2 Løbs leye udi Ladvig som hans fader for hand oploed. Gaff P. 5 dr».


3. Anders Andersson Lavik. Her veit me ikkje noko om giftarmål eller born.


1644: No er det kome ny brukar på båe bruki i Lavik, og det synest mest rimeleg at det var Johans som kom på dette bruket, og Nils på bruk 1. I Kopskatten 1645 er han skriven Johans Knudsen og hev kona Kari, drengen Lauritz og tenestgjenta Berete.


4. Johannes Knutson Lavik, f. 1597, d. 1679, g.

1. m. Ukjend, 2 born.

2. m. Kari, f. 1615, d. 1677.

Born:

  1. Knut f. 1640, fyrste brukar på bruk 2-3.
  2. Olav f. 1644.
  3. Knut f. 1660, kan vera han som er g. 1689 m. Brita Knutsdtr. Nedre Helland.
  4. Randi f. 1661, g. m. Knut Larsson Nese br. 3, brukar her nr. 6.
  5. Anders f. 1663.
  6. Brita g. 1695 m. Tørres Larsen Flom, Aurland i Sogn.
  7. Kari g. 1702 m. Anders Olsen Næsse «af Wiigs prgj.» Då dei er vigde, er brudgomen skriven Lii.


1667: Prestemanntalet fører 3 brukarar i Lavik, og det er dette bruket som no er delt i to. Johannes sit framleis med halve bruket, 1 pd. smør, og på andre helvti sit Knut, som må vera sonen, nr. 4 a, og han vert då fyrste brukar på bruk 2-3. Her på bruk 4 sit truleg Johannes Knutson til han døyr i 1679.


1691: Futeregnsk. fører Lars på dette bruket, og han må ha fenge bygsel etter Johannes.


5. Lars. Finn ikkje meir opplysningar om han.


1701: Manntalet fører Knut Larsson her på bruket, sagd 42 år. I 1711 hev han kona og to tenarar. Det er tenestgjenta Ragnhild Johannesdotter, og fostersonen Olav Nilsson, som vert næste brukar her.


6. Knut Larsson Lavik, f. 1655, d. 1732, g.

1. 1691 m. Randi Johannesdtr. Lavik, f. 1661, d. 1694.

2. 1695 m. Guri Nilsdtr. Nedre Helland, f. 1654, d. 1735.

Born:

  1. Lars f. 1694, d. 1694.


1713: Bygselbrev frå Wilhelm Hansen til Olav Nilsson på 1 pd. smør «før brugt af Knud Larsen». Han sit med bruket til han døyr i 1750.


7. Olav Nilsson Lavik, f. Nedre Helland br. 5 i 1687, d. 1750, g. 1719 m.

Kari Olavsdtr. Lavik, br. 5 f. 1699, d. 1743.

Born:

  1. Nils f. 1720, næste brukar her.
  2. Agata f. 1722, d. 1722.
  3. Agata f. 1723, d. 1723.
  4. Olav f. 1724, g. 1758 m. Kari Larsdtr. Mo br. 3 f. 1726. Han er seinare skriven Myhr, truleg busett Myr i Lindås.
  5. Ragnhild f. 1727, g. 1761 m. em. Hans Herland (N. Helland br. 1 nr. 5).
  6. Agata f. 1728, g. m. Jakob Larsson Fjellanger br. 1.
  7. Knut f. 1729.
  8. Knut f. 1731. I eit skifte 1777 heiter han Hermundsdalen og må bu der, 6 born, millom dei Olav, g. m. Anna Olavsdtr. NesNese br. 4, Haldor f. 1766, g. 1790 m. Anna Johannesdtr. Nese br. 1, og Agata, g. 1791 m. Johannes Andersson Lavik br. 1.
  9. Anders f. 1732, g. 1759 m. Anna Andersdtr. Nåmdal br. 2.
  10. Kari f. 1735, d. 1742.
  11. Johannes f. 1738, d. 1738.


For åri 1739 - 1764 vantar det bygselbrev for mange av gardane, men Nils Olavson, nr. a framanfor, må ha fenge bygsel på bruket her etter faren kring 1750, og han får kjøpa bruket 1764.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Nils Olavson Lavik på dette bruket, 1 pd. smør, for 45 rd.


8. Nils Olavson Lavik, f. 1720, d. 1779, g. m.

Marta Johannesdotter, f. 1720, d. 1779.

Born:

  1. Olav f. 1752, d. 1752.
  2. Synneva f. 1753, g. 1781 m. em. Knut Magneson Myster br. 4.
  3. Kari f. 1754, g. 1798 m. em. Johannes Nilsson Leiro.
  4. Agata f. 1756, g. 1788 m. Helge Gulleikson øvre Helland br. 5.
  5. Olav f. 1757, næste bonde her.
  6. Halvor f. 1759, g. 1802 m. enkja Borghild Brynjelsdtr. Yksendal br. 1 og bur der.
  7. Hans f. 1760, d. 1760.
  8. Guri f. 1761, g. 1786 m. Nils Nilsson Ø. Helland br. 4.
  9. Johannes f. 1763, d. 1771.


1780: Skiftebrev etter Nils Olavson og Marta Johannesdtr. Bruket er utlagt med 6 mrk. smør til kvar av sønene, Olav og Haldor, og 3 mrk. til kvar av døtrene, Synneva, Kari, Agata og Guri. I 1781 er ført skøyte frå Rasmus Rasmusson Nyegård m.fl. til Olav Nilsson på 1 pd. smør. Det er ikkje nemnt kva rett dei hev til å gjeva skøyte, men dei er truleg verjor for medervingane til Olav.

9. Olav Nilsson Lavik, f. 1757, d. 1844, g.

1. 1781 m. Kristbjørg Ivarsdtr. Flatekvål, br. 2-3, f. 1745, d. 1807.

2. 1809 m. Torbjørg Monsdtr. Kjenes, frå Evanger.

Born:

  1. Nils f. 1781, næste bonde her.
  2. Marta f. 1785, g. 1808 m. Jakob Mikkelson Fjellanger br. 1.
  3. Ivar f. 1788, flytte til Florvåg. Magdeli Ivarsdtr. Lavik, som 1839 vert g. m. Eilev Jakobson Flatekvål br. 2-3, er truleg sdotter hans.


1802: Skøyte frå Olav Nilsson til sonen Nils Olavson på halve bruket, 12 mrk. smør. I skiftet 1807 etter Kristbjørg Ivarsdtr. vert andre halvparten utlagd med 6 mrk. til enkjemannen og 2 mrk. til kvart av borni. I 1820 gjev faren og dei to syskini til Nils skøyte til han på sine partar, so han sit med heimel til heile bruket. Nils gjev då vilkår til faren og stykmori. Kjøpesum 33 spd. 1 ort 16 sk. Kår verdsett til 90 spd. for 5 år.


10. Nils Olavson Lavik, f. 1781, d. 1853, g. 1803 m.

Agata Andersdtr. Flatekvål, br. 2-3, f. 1778, d. 1872.

Born:

  1. Olav f. 1803, næste bonde her.
  2. Kristbjørg f. 1808, d. 1816.
  3. Anders f. 1812, d. 1825.
  4. Ivar f. 1815, d. 1815.
  5. Ivar f. 1816, g. 1840 m. Kristine Nilsdtr. Bøe.
  6. Jakob f. 1819, d. 1819.
  7. Kristbjørg f. 1820, d. 1837.
  8. Agata f. 1824, d. 1824.


1827: Skøyte frå Nils Olavson til sonen Olav Nilsson på halve bruket, 12 mrk. smør, for 40 spd. og kår verdsett til 180 spd. for 5 år. I 1845 får Olav skøyte på resten av bruket for 80 spd.


11. Olav Nilsson Lavik, f. 1803, d. 1888, g. 1828 m.

Marta Johannesdtr. Nåmdal, br. 2, f. 1807, d. 1882.

Born:

  1. Anders f. 1829. næste bonde her.
  2. Nils f. 1830, g. 1862 m. Anna Hallvardsdtr. Flatekvål br. 1, busett Flatekvål br. 4.
  3. Maria f. 1832, g. 1864 m. Knut Olavson Nese br. 4.
  4. Johannes f. 1835, g. 1860 m. Maria Rasmusdtr. Vetlejord f. 1835, d. 1879, busette Lid i Bergsdalen.
  5. Jakob f. 1838, g. 1869 m. Anna Olavsdtr. Nese d.y. br. 4, busette Lee, 1870-78, sidan Dale, Vik i Sogn. Tilslutt Valsvik.
  6. Olav f. 1841, g. 1868 m. Anna Olavsdtr. NeseNese d.e. br. 4 f. 1839. Dei kjøpte br. 4 i Lee i Vik av Nils Simonson Nygard då han for til USA. Olav hadde 4 døtre 2 av dei for til Amerika.
  7. Simon f. 1844, d. 1855.
  8. Haldor f. 1847, d. 1919, g. m. Anna Nilsdtr. Leiro f. 1847, d. 1940 busett Hatlestad i Bergsdalen.
  9. Agata f. 1850, g. 1872 m. Jakob Olavson Fjellanger br. 2.
  10. Martinus f. 1854, brukar på Flatekvål br. 7.


1869: Skøyte frå Olav Nilsson ved fullmekt. til sonen Anders for 180 spd. og kår.

12. Anders Olavson Lavik, f. 1829, d. 1898, g.

1. 1854 m. Maria Andersdtr. Flatekvål, br. 2-3, f. Myster-Leiro 1830, d. 1864.

2. 1869 m. Helga Olavsdtr. Nese, br. 4, f. 1845, d. 1924.

Born:

  1. Anders f. 1855, næste bonde.
  2. Olav f. 1858, busett Skår, sidan Lavik. Sjå plassfolk og husmenn.
  3. Marta f. 1861, g. m. Karl Kaldestad, Bergsdalen, postopnar Bolstadøyri.
  4. Simon f. 1863, salmakar, reiste til Amerika.
  5. Maria f. 1870, g. m. Olav Nilsson Straume, busett Flatekvål br. 6.
  6. Olav f. 1873, d. 1913, ug., skomakar, «inderst» i Lavik.
  7. Anna f. 1875, g. 1900 m. Olav Johannesson Lavik br. 6.
  8. Andreas f. 1877. Vegarb. og oppsynsmann. Bust. i Lindås, g. og hadde born.
  9. Johannes f. 1879, reiste til Amerika, g. der.
  10. Gjertrud f. 1881, d. 1924, ug., budeia, busett Lavik.
  11. Agata f. 1884, reiste til Amerika.
  12. Nils f. 1891, d. 1907.


1898: Skøyte frå Anders Olavson til sonen Anders for 2000 kr. og kår verdsett til 500 kr.


13. Anders Andersson Lavik, f. 1855, d. 1930, g. 1882 m.

Kari Larsdtr. Yksendal, br. 1, f. 1856, d. 1916.

Born:

  1. Maria f. 1882, d. 1884.
  2. Brita f. 1884, d. 1961, ug.
  3. Anders f. 1887, næste bonde her.
  4. Maria f. 1891, d. 1968, ug.
  5. Borghild f. 1894, d. 1960, g. m. Jakob Mikkelson Fjellanger br. 1, busett Nybø Fjellanger, utskilt frå br. 1 i 1938.
  6. Helga f. 1897, d. 1970, g. m. Andreas Larsson Trefall, busett: Gullbrå, 2 born.
  7. Anna f. 1899, g. 1933 m. Magnus Monsson Vetlejord f. 1901, handelsm. og kontormann. busett Reigstad i Hamre, 2 born.


1920: Skøyte frå Anders Andersson til sonen Anders for 1000 kr. og kår verdsett til 1500 kr.


14. Anders Andersson Lavik, f. 1887, d. 1972, ug.

Anders dreiv fyrst garden saman med faren. Sidan var systrene tenarar hjå han til han skøytte bruket frå seg.


Skøyte frå Anders Andersson Lavik til systersonen Audun Jakobson Fjellanger.


15. Audun Jakobson Fjellanger, f. 1922, d. 1981, g. 1948 m.

Nolevande, f. 1927.

Born:

  1. Nolevande f. 1960. 1 Nolevande f. 1983.
  2. Nolevande f. 1953, anleggsarbeidar.
  3. Nolevande f. 1958.
  4. Nolevande f. 1961.
  5. Nolevande , f. 1965.


Bruk 5 Oppe-luten.

1667: Prestemanntalet fører tri brukarar i Lavik. Unge Johannes brukar 2 pd. smør, medan Gamle Johannes og Knut hev 1 pd. kvar.


1691: Garden kjem no fram att i rekneskapane. Bruket til Unge Johannes er skift i to, med 1 pd. på kvart bruk. Nils Johannesson er komen etter faren på bruk 1, og på andre halvparten, det som sidan vart bruk 5, sit Anders Johannesson. Det er uvisst kven Anders er. Det kunne vera freistande å segja at han er son til Unge Johannes og bror til Nils på bruk 1, og at han er den Anders Johannesson som er 4 år i prestemanntalet 1667, men det høver so ille med alderen at det kan ikkje godt vera tilfelle. Me kan ikkje vita visst kva tid han fekk bygsel heller, men det er rimeleg at det var kring 1679, då han gifte seg. Me veit heller ikkje kva kona hans heitte, for presten hev ikkje umaka seg med å skriva namnet på bruri då dei vart vigde.


1. Anders Johannesson Lavik, f. 1657, d. 1691, g. 1679 m.

Namnlaus.

Born:

  1. Kari f. 1680, d. 1720, g. 1714 m. Johannes Nilsson Lavik br. 1, busett der.
  2. Synneva f. 1684.
  3. Dordi f. 1687.


1687: Brukaren heiter no Olav, og han må vera den Olav Olavson Lavik som vart gift i 1692 med Inga Johannesdtr. Hårvigen. Olav sat med bruket til han døydde i 1701.


2. Olav Olavson Lavik, f. 1658, d. 1701, g.

1. 1692 m. Inga Johannesdtr. Hårvik, f. 1663, d. 1695.

2. 1696 m. Agata Larsdtr. Aldal, Voss, f. 1664, d. 1710.

Born:

  1. Olav f. 1693.
  2. Kari f. 1694.
  3. Kari f. 1695.
  4. Inga f. 1697, d. 1698.
  5. Kari f. 1699, g. 1719 m. Olav Nilsson Lavik br. 4, busett der.


1702: Enkja Agata gifter seg att med Haldor Eilevson Lavik bruk 2, og han sat med bruket til 1738. Han fekk oppattnya bygsel frå Wilhelm Hansen 1720.


3. Haldor Eilevson Lavik, f. 1682, d. 1739, g.

1. 1702 m. e. Agata Larsdtr. Lavik, f. 1664, d. 1710.

2. 1710 m. Anna Jensdtr. Myster, br. 4.

Born:

  1. Magdeli f. 1703, g. 1729 m. Jakob Simenson Fosse.
  2. Olav f. 1706, d. 1729, ug.
  3. Namnlaus f. 1709.
  4. Agata f. 1711, g. m. næste busitjar her.
  5. Anna f. 1712.
  6. Eilev f. 1713, g. 1738 m. Randi Knutsdtr. Høvik br. 1, busett der.
  7. Jens f. 1714, g. 1735 m. Kari Olavsdtr. Nese br. 1, busett der.


1738: Bygselbrev frå. fogden Andreas Jesen til Olav Ivarson Lavik på 1 pd. sm.


4. Olav Ivarson Lavik, f. 1704, d. 1789, g. m.

Agata Haldorsdtr. Lavik, f. 1711, d. 1773.

Born:

  1. Olav f. 1730, næste busitjar her.
  2. Ivar f. 1734, g. 1766 m. e. Kari Johannesdtr. Vike. Hb. Vike 14 II.
  3. Johannes f. 1739, d. 1739.
  4. Kari f. 1740, g. 1765 m. Knut Eilevson Lavikhaugen, busett der.
  5. Haldor f. 1743, d. 1815, g. 1. g. 1768 m. Marta Hansdtr. N. Helland, g. 2. g. m. e. Kari Olavsdtr. Steinsland br. 2, og busett der, g. 3. g. 1794 m. e. Kari Olavsdtr. Almelid br. 1 f. 1756.
  6. Johannes f. 1746, g. 1776 m. Marta Olavsdtr. Straume.
  7. Anna f. 1749, d. 1752.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Olav Olavson på dette bruket, 1 pd. smør, for 45 rd. Olav Olavson gjev vilkårsbrev til foreldri.5


5. Olav Olavson Lavik, f. 1730, d. 1815, g. 1764 m.

Inga Nilsdtr. Leiro, f. 1746, d. 1837.

Born:

  1. Lars f. 1765, næste bonde her.
  2. Olav f. 1768, d. 1771.
  3. Olav f. 1772, g. 1792 m. Ragnhild Knutsdtr. Farestveit br. 3.
  4. Agata f. 1775, g. 1796 m. Anders Jonson Myster br. 1-2 f. 1770, d. 1841.
  5. Inga f. 1777, d. 1779.
  6. Johannes f. 1778, må ha døytt fyre konfirmasj.alder.
  7. Nils f. 1779, d. 1781.
  8. Inga f. 1780, d. 1841, g. 1801 m. Knut Olavson Farestveit br. 7.
  9. Marta f. 1781.
  10. Inga f. 1785, d. 1842, g. 1807 m. em. Anders Jonson Myster br. 1-2, busett der.


1792: Skøyte frå Olav Olavson til sonen Lars på 12 mrk. smør. I 1802 får Lars skøyte på resten av bruket, og sit då med heile bruket, 1 pd. smør.


6. Lars Olavson Lavik, f. 1765, d. 1834, g.

1. 1792 m. Brita Johannesdtr. Straume, br. 4, f. 1755, d. 1793.

2. m. Magdeli Johannesdotter, f. 1765, d. 1840.

Born: alle i 2. ektesk.

  1. Brita f. 1796, g. 1824 m. Eilev Johannesson Flatekvål br. 1 f. 1800.
  2. Anna f. 1797, plassmann på Myster frå 1825, dotteri Kari f. der 1827 (Stb. s. 226).
  3. Olav f. 1802, d. 1803.
  4. Inga f. 1803, g. 1826 m. Eilev Rasmusson Nåmdal br. 1, busett der.
  5. Olav f. 1808, næste bonde her.


1826: Skøyte frå Lars Olavson til sonen Olav for 80 spd. I 1835 gjev Olav vilkårsbrev til mori, Magdeli Johannesdtr.


7. Olav Larsson Lavik, f. 1808, g. 1830 m.

Maria Johannesdtr. Nåmdal, br. 2, f. 1812.

Born:

  1. Johannes f. 1838. Finn ikkje fleire fødde i Lavik.


1838: Olav Larsson gjev makeskøyte på halvparten av bruket sitt, 12 mrk. smør, ny skyld 1 ort. 13 sk., til Knut Johannesson Lavik, mot vederlag i garden Jordalen i Arne tinglag. Knut er son til Johannes Andersson på br. 1.


Same året gjev Olav Larsson bygselbrev på andre halvparten av bruket til Olav Johannesson Lavik, bror til Knut. Sjå bruk nr. 6.


8. Knut Johannesson Lavik, br. 2, f. 1794, d. 1861, g. 1828 m.

Anna Andersdtr. Skjervheim, frå Vossestrand, f. 1809, d. 1909.

Born:

  1. Agata f. 1828, g. 1849 m. Knut Andersson Lavik br. 1 f. 1824, bonde Flatekvål br. 5, til USA 1884.
  2. Johannes f. 1830, næste bonde her.
  3. Anders f. 1832, bonde her etter broren Johannes.
  4. Olav f. 1834, g. 1871 m. Annm. Anna Ellingsdtr. Dale, Bruvik f. 1848, busett Berge i Bergsdalen. 10 born.
  5. Andreas f. 1836, busett Samnanger.
  6. Maria Malena f. 1838, g. 1860 m. Nils Einarson Nese br. 2, busett der.
  7. Nils f. 1841, d. 1867, ug. Vart drepen av steinskrida.
  8. Magdeli f. 1843, g. 1870 m. Dag Andersson Yksendal br. 2 f. 1845, bonde i Øvstedal, Evanger.
  9. Gjertrud f. 1844, g. 1869 m. Mons Olavson Vetlejord br. 2, busett der.
  10. Anna f. 1846, g. 1868 m. Jakob Jakobsen Nese br. 3 f. 1844, bonde Vetle-Dale, Vik, Sogn, sidan til Amerika.


Knut Johannesson og Anna Andersdtr. budde i Jordalen i Hamre (seinare Åsane) til 1838, då dei bytte til seg dette bruket. Dei måtte vel ha kjøpt gard der. Fyrste barnet deira, Agata, var fødd i Lavik fyrr dei flytte til Jordalen. Dei 5 næste er fødde i Jordalen, og dei 4 siste i Lavik. Då Knut Johannesson døydde i 1861, sat enkja i uskift bu til ho skøytte garden frå seg i 1866.


1866: Skøyte frå Anna Andersdtr. til sonen Johannes for 250 spd. og kår til 5 års verd 120 spd.


9. Johannes Knutson Lavik, f. 1830, d. 1900, g. 1855 m.

Anna Jakobsdtr. Fjellanger, br. 1, f. 1817, d. 1900.

Dei hadde ikkje born. Johannes var skomakar.


1901: Skøyte frå buet etter Johannes Knutson og kona, Anna Jakobsdotter, til broren hans, Anders Knutson Lavik, for 2500 kr.


10. Anders Knutson Lavik, f. 1832, d. 1902, g. 1873 m.

Ranveig Johannesdtr. Nåmdal, Stølaplasset, f. 1850, d. 1939.

Born:

  1. Anna f. 1874, g. m. Ola J. Nedre Tveit. Dei for til USA.
  2. Knut f. 1875, d. 1876.
  3. Knut f. 1877, d. 1900 ved ulukka, datt utfor og slo seg i hel.
  4. Ragnhild f. 1879, g. m. Hans J. Famestad, Myking og busett der.
  5. Johannes f. 1881, reiste til USA. Sjå merknad, br. 6, brukar nr. 3.
  6. Agata f. 1884, d. 1939, ug.
  7. Olina f. 1886, reiste til USA.


1902: Skøyte frå Anders Knutson til Anders Johannesson Lavik br. 1 på dette bruket for 3000 kr.
Same året skøyter Anders Johannesson bruket til sonen Nils Andersson for 3600 kr. og kår verdsett til 400 kr.
Då Anders Johannesson kjøpte dette bruket, fekk enkja Ranveig Johannesdtr. bruka eit par teigar, so ho fekk for til ei ku og eit par sauer. Ranveig og sdotteri Agata livberga seg med dette og ymse leigearbeid so lenge Agata var arbeidsfør. Ranveig var flink til å laga tohattar, og Agata var ofte bakstedeia og tok husvask og anna arbeid. Me finn ikkje noko skriftleg som syner kva rettar dei to fekk då Anders Johannesson kjøpte garden.
Då Anders Johannesson hadde kjøpt bruket, vart grensone millom bruk 1 og bruk 5 brigda, soleis at bruk 5 fekk alt av dei to bruki som låg bortanfor elvi, medan bruk 1 fekk alt som låg hitanfor. Dette må Anders sjølv og dei to sønene hans ha ordna seg i millom, for me finn ikkje noko tinglyst, eller anna offentleg dokument, som syner korleis og kva tid det var gjort. Tinglysingane viser berre at Johannes Andersson fekk skøyte på bruk 1 i 1901, og Nils Andersson på bruk 5 i 1902.


11. Nils Andersson Lavik, f. 1884, d. 1966, g. 1904 m.

Anna Jakobsdtr. Nesheim, f. 1884, d. 1947.

Born:

  1. Åsvald f. 1906, næste bonde her.
  2. Erling f. 1908, d. 1919.
  3. Nolevande f. 1934, g. 1932 m Nolevand , Jæren f. 1912, busett Meland Holsnøy, 2 born.
  4. Nolevande f. 1912, g. 1937 m. Nolevande, Lygra, busett Koparvik, 3 born.
  5. Margit f. 1914, d. 1921.
  6. Nolevande f. 1918, g. 1942 m. Nolevande, Lavik br. 2.
  7. Nolevande f. 1921, fabrikkeigar, g. 1946 m. Nolevande f. 1920, busett Frekhaug, 3 born.
  8. Jakob f. 1924, d. 1927 ved drukningsulukka.


Nils Andersson Lavik var i mange år emissær i Det Vestlandske Indremisjonsforbund og var ein velkjend forkynnar. Han var styrar for Bibelskulen i Bergen 1928-33, bladstyrar i «Sambåndet» i mange år, var stortingsmann for Kristeleg Folkeparti 1934 — 53, siste bolkane formann i stortingsgruppa for partiet.


1930: Skøyte frå Nils Andersson til sonen Åsvald for 1500 kr.


12. Åsvald Nilsson Lavik, 1. 1906, g. 1931 m.

Gudrid Larsdtr. Nesheim, f. 1910.

Born:

  1. Nolevande f. 1936, g. 1959 m. Nolevande, 1 son, f. 1961.
  2. Nolevande f. 1935, næste bonde her.
  3. Nolevande f. 1939, g. 1965 m. Nolevande, 4 born.


1978: Skøyte frå Åsvald Nilsson til sonen Yngve.


13. Nolevande, f. 1935, g. 1967 m.

Nolevande, f. 1940, frå Voss.

Born:

  1. Nolevande f. 1968.
  2. Nolevande f. 1970.
  3. Nolevande f. 1972.
  4. Nolevande f. 1979.


Bruk 6 Bakka-luten.

1838: Olav Larsson på bruk 5 gjev bygselbrev for 20 år til Olav Johannesson Lavik frå bruk 1 på halve bruket sitt, 12 mrk. smør, på desse vilkår: «I tilfælde eieren eller familie skulde trænge dertil, skal bygsleren vige fra gården 16 år fra dags dato. Men i så fald skal han og hans hustru ha ret til for levetid plasset Nyetreet med Snekolten og en del av Furhaugene samt halvparten av Fjellteigen». Men Olav Larsson kom ikkje til å «trænge dertil».


1853: Skøyte frå Olav Larsson på denne parten av bruket sitt, 12 mrk. smør, til Olav Johannesson for 250 spd.


1. Olav Johannesson Lavik, br. 1, f. 1802, d. 1853, g. 1836 m.

Kristbjørg Ivarsdtr. Lavik, f. 1811, d. 1897, dotter til nr. 9 c, bruk 4.

Born:

  1. Agata f. 1836, g. 1871 m. Ingebrigt Larsson Lavik br. 3.
  2. Kristbjørg f. 1838, d. 1846.
  3. Johannes f. 1841, næste bonde her.
  4. Ivar f. 1843, handelsmann, busett Bergen, g. 1870 m. Anna Nilsdtr. Flatekvål br. 2-3 f. 1848, 4 born: Kristoffer, Nikolai, Agnes og Alfred.
  5. Johannes f. 1847, busett Askøy, god skyttar, og var jamt med på bjørnejakt.
  6. Olav f. 1850.
  7. Kristbjørg f. 1853, g. 1876 m. Torbjørn Larsson Yksendal br. 1, busett Fosse, Bergsdalen.


Då Olav Johannesson døydde, sat Kristbjørg i uskifte med borni til ho skøytte garden frå seg i 1871.


1871: Skøyte frå Kristbjørg Ivarsdtr. til eldste sonen Johannes for 300 spd.


2. Johannes Olavson Lavik, f. 1841, d. 1923, g. 1869 m.

Anna Jakobsdtr. Nese, br. 3, f. 1837, d. 1915.

Born:

  1. Agata f. 1872, d. 1907, ug.
  2. Olav f. 1874, næste bonde her.
  3. Brita f. 1878, d. 1934, ug., budeia i mange år.


1907: Skøyte frå Johannes Olavson til sonen Olav for 1000 kr. og kår verdsett til 750 kr.


3. Olav Johannesson Lavik, f. 1874, d. 1945, g.

1. 1900 m. Anna Andersdtr. Lavik, br. 4, f. 1875, d. 1906.

2. 1907 m. Anna Ivarsdtr. Haugen, br. 2, f. 1874, d. 1971.

Born:

  1. Johannes f. 1901, d. 1924, ug.
  2. Agnes f. 1903, g. 1935 m. Olav Olavson Nese br. 4 f. 1905. Dei kjøpte br. 2 i Leiro i 1935, slutta med gardsdrifti 1948, og busette seg på Myster, 1 son.
  3. Anton f. 1905, d. 1930, ug.
  4. Inga f. 1908, d. 1925, ug.
  5. Nolevande f. 1910, næste bonde her,
  6. Nolevande f. 1912, ug., fabrikkarb. i Dale fabrikker.
  7. Nolevande f. 1915, g. m. Nolevande, Bruvik, fabr. arb. i Dale fabrikker.
  8. Borghild f. 1918, d. 1924.
  9. Anna Ivarsdtr. hadde frå fyr dotteri Jenny Kristofa f. 1901, d. 1921. Far til dette barnet er Johannes Andreasson Lavik, br. 6. Han strauk til Amerika.


1930: Det vart halde tvangsauksjon på dette bruket, og Lars Andersson Nese fekk tilslaget for 8000 kr. Han selde bruket att til odelservingen Arne Olavson Lavik for 7000 kr., skøytet tinglyst 16/3 - 1931.


4. Arne Olavson Lavik, f. 1910, ug.


Plassfolk og husfolk (inderstar).

Me finn ikkje nemnt noko husmannsplass i Lavik.


1723: I matrikkelen heiter det: «Ingen husmandspl., men ligger et rydningspladz herunder som herefter findes specifiseret». Det er Lavikhaugen, som var bygd kring 1660, og som vert førd i matrikkelen som sjølvstendig gard frå 1723.
I Lensreknesk. hev skattemanntalet i 1617 under «Ødegårde og Husmend» ein Iffuer. Me finn ikkje meir om han, men det ligg nær å tru at han er far til den Oluff Iffuersen som i 1615/16 får 1. bygsel på 8 alb., og i 1621 får ny bygsel, so han sit med halve garden, 1/2 L. sm. Ein kan gissa på. at fyrste brukaren i Lavik, Oluff, som er nemnd i 1597, hev døytt millom 1603 og 1608, og at Mogens, som kom etter han i 1608/09, hev gift seg med enkja, og at Oluff Iffuersen er hennar son frå 1. ektesk. Er dette rett, må Iffuer ha vore brukar fyre Oluff som er nemnd i 1597.

1689: Dette året er Ole Olsen Werpelstad gift med Gjertrud Torkelsdtr. Lavik. Gjertrud er gravfest frå Lavik 14/9-1690 og er kalla Ole Ladvigens quinde, 44 år. Dei må truleg ha butt i Lavik på den tid. Me finn ikkje born, og veit ikkje meir kven Gjertrud er. Me finn heller ingen Torkjell nemnd i Lavik på den tid. Ole Olsen kan vera den Olav Olsson Werpelstad som er nemnd brukar på Werpelstad i 1701. Stb. s. 452.
Olav Andersson Skår, f. Lavik br. 4 i 1857, kjøpte eit bruk i Skår i Gjerstad sokn i Haus i 1885 og budde der med lyden sin til kring 1895. Då sonen Anders er døypt i 1895, er det sagt at han er fødd i Rasdalen i Evanger, so då må. dei ha butt der ei kort tid fyrr dei kom attende til Lavik og busette seg her. I Lavik budde dei fyrst i gamlehusi på bruk 4, og etter at Anders Andersson, bror til Olav, kjøpte stovebygningen på Oppe-luten, bruk 5, i 1903, budde dei der. Ei tid pakta dei Oppe-luten, som Nils Andersson fekk skøyte på i 1902. I folketeljingi 1900 er Olav kalla inderst. Då Olav døydde i 1914, flytta enkja med dei yngste borni til Lee i Vik i Sogn, til sdotteri Maria som var gift der.


Olav Andersson Skår, f. 1858, d. 1914 ved drukning, f. Lavik br. 4, g. 1884 m.

Brita Larsdtr. Yksendal, br. 1, f. 1854, d. 1931.

Born:

  1. Maria f. 1885, d. 1974.
  2. Borghold f. 1887, d. 1973, g. 1911 m. brandmeister Karl Jakobson Høvik br. 2 f. 1883, d. 1958, busett i Arendal.
  3. Anna f. 1889, d. 1909.
  4. Liva f. 1891, d. 1969.
  5. Anders f. 1895, d. 1922.
  6. Marta f. 1898, d. 1972, i Amerika.


Olav Sletteland var ei tid styrar for Samvirkelaget Eidsland sin filial i Lavik og hadde fyrr vore tilsett i Mo handelslag. Kona hans var frå 1963 telefonstyrar for rikstelefonen i Eksingedalen. Seinare var Olav ogso tilsett der. 1 1980 flytte dei attende til Skilbreid i Sunnfjord.


Nolevande, f. 1926 i Fjaler, g. 1954 m.

Nolevande, f. 1934 i Gaular.

Born:

  1. Nolevande f. 1955.
  2. Nolevande f. 1957.
  3. Nolevande f. 1958.


Bruk 7, Botnen med skyld 29 øre er skift ut frå br. 1 i 1894 og selt til Johannes Johannesson Lavik (nr. 10 c på br. 1). Sidan vart dette bruket skift i tri, br. 7, 8 og 9, men frå 1958 er dei førde saman att og hev no br. nr. 7. Det hadde fyrst området sitt i Botnen, men etter utskiftingi og ymse grense-reguleringar er det no flytt yver til Furneset på andre sida av elvi på grensa mot Flatekvål. Det er Trygve Johannesson Lavik (nr. 12 e på br.1) som eig bruket no, og han hev bygt seg kårahus på eigedomen.


Bruk 11, Eksingedalsvassdraget med skyld 16 øre er elverettane som høyrde garden til, og er utskilt frå alle bruki. Det var advokat Nicolai Wiig som kjøpte, og i 1926 skøytte han til Bergenshalvøens kommunale kraftselskap (B.K.K.), som no hev heimel til heile Eksingedalsvassdraget og hev bygt det ut.


Bruk 12, Steinatun med skyld 1 øre er utskilt frå br. 2 i 1927 og selt til Samvirkelaget Eidsland, som bygde hus og hadde filial her. Bruket gjekk truleg attende til hovudbruket då Samvirkelaget måtte flytta for skredfåre og bygde nytt på Elvatun.


Bruk 13. Bergly med skyld 1 øre er utskilt frå br. 2 og selt til jordmor Frida Brecke i 1927. Ho bygde hus og budde her til ho gifte seg med Ludvik Haugen i 1943 og flytta dit.


Bruk 14, Solhaug med skyld 10 øre er utskilt frå br. 1 i 1949 og selt til Anton Nikolaison Haugen (nr. 3 c på br. 2 i Haugen). Han bygde hus og budde her til han døydde. I 1974 skøytte enkja Agnes Ivarsdtr. bruket her til sdotteri deira, Solveig Hannisdal som no hev heimel.


Bruk 17, Svadtun er utskilt frå br. 4 i 1961. Dette er det gamle bunadshuset på br. 5, som Anders Andersson på br. 4 kjøpte då Anders Johannesson på br. 1 kjøpte br. 5 i 1902. Anders Andersson d. y. skøytte bruket til systeri Anna Vetlejord i 1966.


Bruk nr. 18, Elvatun med skyld 1 øre er utskilt frå br. 1 i 1970 og selt til Samvirkelaget Eidsland som bygde nytt og flytta inn her då dei måtte flytta frå Steinatun. I 197.5 skøyter Samvirkelaget eigedomen til Voss Samvirkelag. — Verdet er då sett til 397.000 kr.

Folketal.

1645: Kopskatten: 9 personar yver 15 år.

1667. Prestemtl.: 11 mannspersonar, av deim 1 husm. i Lavikhaugen.

1701. Manntal: 11 mannspersonar + ei enkja som brukar gard.

1711. Skoskatten: 17 i alt.

1801. Folketeljing: 37 i alt, av dei er 5 kårfolk, 10 tenarar, 1 lægdegut.

1865. Folketeljing: 56 i alt, av dei er 4 kårfolk, 10 tenarar, 3 daglonarar, 1 skreddar.

1875. Folketeljing: 51 i alt, av dei er 6 kårfolk, 4 tenarar, 1 inderst, 2 jordarbeidarar. 1 driv med spinning, 2 fattigborn.

Folketeljing 1900.

Bruk 1. Anders Johannesson med kona Brita Nilsdtr. og 4 born. Dessutan fostersdotteri Marta Olavsdtr. Mo f. 1891. Elles i huset: Kari Andersdotter, enkja, bestemor og hushjelp, Sigrid Nilsdtr. Almelid, som er syster til kona Brita, Gjertrud Andersdtr. Lavik, tenestgj. f. 1881, og sa Jakob Simonson Nygard, som er folkeskulelærar.

Bruk 2-3. Jon Johannesson med kona Gjertrud Olavsdtr. og 3 born. Dessutan foreldri hans. som er kårfolk.

Bruk 4. I hovudbygningen: Anders Andersson med kona Kari Larsdtr. og 6 born. Dessutan stykmor hans, Helga Olavsdtr. og borni hennar Olav og Nils, Helga er kårkona, Olav er skomakar. I eldre bustadhus: Olav Andersson Skår med kona Brita Larsdtr. og 4 born. Dei er inderst-folk. Elles er her ført 2 av sønene til kårkona Helga Olavsdotter, Andreas og Johannes, som båe er fråverande.

Bruk 5. Anders Knutson med kona Ranveig Johannesdtr. og 3 born. Dessutan Ragnhild Johannesdotter, «Støla-Ragnhild», halvsyster til Ranveig, og so kårenkja Anna Andersdtr., mor til Anders, og so Nils Gulleikson som er fosterson hjå Anders og Ranveig. Han er f. i Evanger 1893. Her bur og jordmori Torbjørg Helgesdtr. Juvet frå Røldal, som er g. og hev sdotteri Anna Magnhilda Åsmundsdtr. f. 1900 i Johannes menighet i Stavanger.

Bruk 6. Johannes Olavson og kona Anna Jakobsdtr. og sdotteri Brita, som er hushjelp. I eige hushald Olav Johannesson og kona Anna Andersdtr. Olav er fehandler.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy