Føreord Modalen
Frå Vaksdal Historielag
(New page: < Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I <p align="center"><font size="+1">FØREORD</font></p> 1 januar 1960 valde Modalen heradstyre denne sog...) |
|||
Line 28: | Line 28: | ||
- | <table aling="center" width=" | + | <table aling="center" width="80%"> |
<tr><td align="right"> ''Til minne om ætter'' </td></tr> | <tr><td align="right"> ''Til minne om ætter'' </td></tr> | ||
<tr><td align="right"> ''som, fór;''</td></tr> | <tr><td align="right"> ''som, fór;''</td></tr> | ||
Line 40: | Line 40: | ||
- | <table aling="center" width=" | + | <table aling="center" width="80%"> |
<tr><td align="right"> ''Bokskrivarane'' </td></tr> | <tr><td align="right"> ''Bokskrivarane'' </td></tr> | ||
<table> | <table> | ||
Line 53: | Line 53: | ||
- | <table aling="center" width=" | + | <table aling="center" width="80%"> |
<tr><td align="right"> Blomsterdalen 1984 </td></tr> | <tr><td align="right"> Blomsterdalen 1984 </td></tr> | ||
<tr><td align="right"> For Modalen sogenemnd </td></tr> | <tr><td align="right"> For Modalen sogenemnd </td></tr> | ||
<tr><td align="right"> ''Olav Farestveit''</td></tr> | <tr><td align="right"> ''Olav Farestveit''</td></tr> | ||
<table> | <table> | ||
+ | |||
+ | |||
+ | {{rettar}} |
Noverande versjon
< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I
FØREORD
1 januar 1960 valde Modalen heradstyre denne sogenemndi: Sivert Almelid, Nils A. Flatekval, Magne Vetlejord, Bjarne Jak. Nygard og Knut Moe. Føremålet var at nemndi skulle ta opp arbeidet med ei bygdebok.
Men på førehand hadde Sivert Almelid og Johannes A. Lavik arbeidt for denne saki. Dei var interesserte i soga åt bygdene sine og folket, og dei ville gjerne ta vare på mykje av det som heldt på å koma bort. Det var sjølvsagt at Sivert Almelid vert formann i nemndi. Han var oppglødd for arbeidet og gjorde mykje for å skaffa det tilfang som trongst. Han fekk avskrifter frå Riksarkivet i Oslo og frå Statsarkivet i Bergen.
Hausten 1963 hadde sogenemndi eit møte i heimen til Sivert Almelid. Til dette møtet var òg innkalla lektor Andreas Leiro, Sigmund Lillejord og Eilef Steinsland. Desse tre hadde på førehand lova å vera med om arbeidet med bygdeboki. Nemndi gjorde vedtak om at boki skulle omfata dei gardane som då var Modalen herad. Ho skulle vera på 2 band, det eine med ålmenn bygdesoge, og det andre med gards- og ættesoge. Leiro skulle skrive bygdesoga, Lillejord og Steinsland skulle skrive gards- og ættesoge.
Leiro kom vones før i gang med sitt arbeid. Men sumaren etter vart han sjuk og fekk ikkje høve til å gjera meir med det. Men Lillejord og Steinslend fekk halde fram med gards- og ættesoge. Og det er ho som no ligg føre. Når det gjeld gardssoge, har Steinslend skrive om dei fleste gardane i Mo-sokni, og Lillejord om dei i Eksingedelen. Når det gjeld ættesoge, her dei to vore samen om arbeidet.
Hausten 1965 tykte Sivert Almelid at han laut seie frå seg å vera formann i nemndi. Olav Ferestveit vert vald inn i hans sted. Men då var arbeidet kome i godt gjenge, og det var lett å halda fram.
Sogenemndi vil takke alle som har hjelpt til med boki. Men her kan me berre nemne nokre: Lars Schjærven her gjeve bokskrivarane mange pålitelege opplysningar. Magnus Mikkelsen har gjort godt arbeid i arkivet. Og skulestyrer Oskar Farestveit har skrive heile manuskriptet på maskin, og hjelpt til med å skriva om gardane Nipen og Dyrkolbotn. Dette vil me takke dei for. Me vil og takke prenteverket for all hjelp og rettleiing, og for makelaust tolmod.
Men fyrst og sist vil Modelen sogenemnd tekke bokskrivarane, Sigmund Lillejord og Eilef Steinsland. Dei gjorde vel at dei tok på seg oppgåve. Det ligg fleire år med slit og omhugsam gransking attom dette arbeidet. No har dei fullført det. Me tykkjer et dei her gjort Modalen og Eksingedalen ei stor teneste, og me takker dei for alt.
For MODALEN SOGENEMND
Olav Farestveit
Til minne om ætter |
som, fór; |
til maning for deim |
som etter kjem |
Bokskrivarane |
Blomsterdalen 1984 |
For Modalen sogenemnd |
Olav Farestveit |