Song til Bergsdalen, av Vilhelm Rogdo
Frå Vaksdal Historielag
(6 intermediate revisions not shown.) | |||
Line 1: | Line 1: | ||
- | + | {{navigere Bergsdalen artikkel}} | |

- | ''Tone: So må du då min beste gut. | + | |
- | '' | + | '''Song til Bergsdalen'''

+ | ''Tone: So må du då min beste gut.''

Line 32: | Line 32: | ||
:/: i strid so sår :/:
| :/: i strid so sår :/:

mot snø og storm og seine år. | mot snø og storm og seine år. | ||

Vilhelm Rogdo
| Vilhelm Rogdo

1922. | 1922. | ||

+ | [[kategori:Dikt]] | ||
+ | {{kategorisere Bergsdalen artikkel}} | ||

+ | {{rettar}} |
Noverande versjon
< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald
Song til Bergsdalen
Tone: So må du då min beste gut.
Her strøymer veldet inn på deg,
her ser du fjelli reisa seg.
Med res og skard og haugar grå
:/: og tjørner små :/:
som speglar kvelven djup og blå.
I botn brusar stride elv
so lufti bårar, grunnen skjelv.
Og bekkjer i dei bratte hall
:/: og fossefall :/:
som kvite band frå pall til pall.
Og geisledans kring haug og hø
og glim og glans kring drivkvit snø.
Som løyner stakk og stuv og stein
:/: og luft so rein :/:
helsebot for kvar og ein.
Ein dåm av dette veldet ber
den gilde trauste folkeferd.
Som voks seg ven i harde kår
:/: i strid so sår :/:
mot snø og storm og seine år.
Vilhelm Rogdo
1922.
© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org