Dale kyrkje 1956 -
Frå Vaksdal Historielag
(New page: Vaksdal Historielag | Kyrkjer Bilete av kyrkja ===Dale kyrkje 1956=== <br> '''Prestegjeld''': Vaksdal '''Stad''': Dale '''Namn''': Dale kyrkje '''Arkitekt''': Arnstein Arne...) |
|||
Line 40: | Line 40: | ||
- | Kilde: | + | Kilde:<br> |
''Kyrkjestaden Dale 100år.''<br> | ''Kyrkjestaden Dale 100år.''<br> | ||
Vaksdal Historielag v/ Rolf Erik Veka. | Vaksdal Historielag v/ Rolf Erik Veka. |
Noverande versjon
Bilete av kyrkja
Dale kyrkje 1956
Prestegjeld: Vaksdal
Stad: Dale
Namn: Dale kyrkje
Arkitekt: Arnstein Arneberg
Byggjeår: Vigsla 16 desember 1956
Materiale: Betong
Sitjeplassar: 500
Altertavle: Måleri av nattverden og himmelfarten. Sign. Hugo Louis Mohr 1958
Orgel: Norsk Orgel og Harmoniumfabrikk, Snertingdal 1956
Kyrkjeklokke: 2 klokke frå Olsen & Søn, Nauen, Tønsberg 1955
Historie:
Dale vart i 1911 eige sokn i Bruvik prestegjeld. I tida før Dale fekk eiga kyrkje var staden sokna til Bruvik kyrkje.
I 1935 vart den fyrste arbeidsnemnda nedsett for å få ei ny kyrkje på Dale. Arbeidet stoppa opp i krigsåra, men på heradsstyremøte 2 mai 1946 vart saka tatt opp att. Heradsstyre valde fyljande byggjenemnd: A. Nygard formann, Steinar Salhus nestformann, Bjarne Thaule, Nils O. Faugstad, Olav S. Langhelle, Kristoffer Vedaa og Nils Hesjedal. I 1952 tilrådde byggjenemnda at det skulle byggjast i to byggjesteg. Fyrst med sjølve kyrkjebygget og sidan med eit kyrkjelyhus. Prisoverslaget på kyrkja var kr. 660.000. I 1954 la biskop Indrebø ned grunnsteinen og to år seinare var ho ferdig.
I 1882 vart det sett i stand kyrkjegard på Stanghelle, til den sokna Dale og Vaksdal. Dale fekk eigen kyrkjegard i 1907.
Dale sokneråd gav i 1996 ut jubileumsskrifta ”Kyrkjestaden Dale 100 år”.
Kilde:
Kyrkjestaden Dale 100år.
Vaksdal Historielag v/ Rolf Erik Veka.