Dale kyrkje 1956 -

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

Vaksdal Historielag | Kyrkjer

Bilete av kyrkja


Dale kyrkje 1956


Prestegjeld: Vaksdal

Stad: Dale

Namn: Dale kyrkje

Arkitekt: Arnstein Arneberg

Byggjeår: Vigsla 16 desember 1956

Materiale: Betong

Sitjeplassar: 500

Altertavle: Måleri av nattverden og himmelfarten. Sign. Hugo Louis Mohr 1958

Orgel: Norsk Orgel og Harmoniumfabrikk, Snertingdal 1956

Kyrkjeklokke: 2 klokke frå Olsen & Søn, Nauen, Tønsberg 1955


Historie:

Dale vart i 1911 eige sokn i Bruvik prestegjeld. I tida før Dale fekk eiga kyrkje var staden sokna til Bruvik kyrkje.

I 1935 vart den fyrste arbeidsnemnda nedsett for å få ei ny kyrkje på Dale. Arbeidet stoppa opp i krigsåra, men på heradsstyremøte 2 mai 1946 vart saka tatt opp att. Heradsstyre valde fyljande byggjenemnd: A. Nygard formann, Steinar Salhus nestformann, Bjarne Thaule, Nils O. Faugstad, Olav S. Langhelle, Kristoffer Vedaa og Nils Hesjedal. I 1952 tilrådde byggjenemnda at det skulle byggjast i to byggjesteg. Fyrst med sjølve kyrkjebygget og sidan med eit kyrkjelyhus. Prisoverslaget på kyrkja var kr. 660.000. I 1954 la biskop Indrebø ned grunnsteinen og to år seinare var ho ferdig.


I 1882 vart det sett i stand kyrkjegard på Stanghelle, til den sokna Dale og Vaksdal. Dale fekk eigen kyrkjegard i 1907.

Dale sokneråd gav i 1996 ut jubileumsskrifta ”Kyrkjestaden Dale 100 år”.


Kilde:
Kyrkjestaden Dale 100år.


Vaksdal Historielag v/ Rolf Erik Veka.

Personlege verktøy