Vedtekter for B.K.K. fond for jordbruk, skogbruk og fiske

Frå Vaksdal Historielag

(Omdirigert frå Vedtekter i Bergsdalen)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


VEDTEKTER
for
B.K.K.'s fond for jordbruk, skogbruk og fiske i Bergsdalen



Fondet - grunnkapital kr. 100.000,- - vart oppretta i 1965 av Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap.

§ 1.

Fondet skal dekkja skader, ulemper og verdi av tapt fiske som det ikkje måtte vera ytt vederlag for.

§ 2.

Rentepengane av fondet skal stellast til rådvelde for Bergsdalen Jordbrukslag til sams tiltak innan jordbruk, husdyrhald, skogbruk og fiske.

§ 3.

Fondet skal til ei kvar tid vera plassert i sikre papir som gjev best mogeleg rente.

§ 4.

Fondet skal veitlast av eit styre på 3 medlemar der B.K.K. har ein medlem.

Det vert valt personlege varamenn.

Vala gjeld for 3 år og styremedlemene kan veljast att om dei er viljuge til det. Kvart år går 1 medlem ut, dei 2 fyrste åra etter lutdraging.

Styret vel sjølv formann og kasserar kvart år.

Kasseraren treng ikkje vera medlem av fondstyret.

Det skal førast eige rekneskap for fondsmidlane.

§ 5.

Fondstyret skal føra møtebok som saman med rekneskapen kvart år vert framlagt for Bergsdalen Jordbrukslag.

§ 6.

Desse vedtektene kan berre endrast etter vedtak på årsmøte, etter godkjenning av B.K.K.


Bergsdalen Jordbrukslag, 25. februar 1978.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy