Kyrkjeklokkene på Liatræet, av Lisbet Lid Venås

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Kyrkjeklokkene på Liatræet
Av Lisbet Lid Venås


Tidleg ein sundagsmorgon, den tid det enno berre var to gardsbruk
på Lid, var to koner på kyrkjeveg over fjellet.
På Husaleitet sat dei og kvilte, og såg utover grenda.
Kyrkjekleda hadde dei hangande hjå slektningar på Bolstad.
Freden og stilla rådde over dalen og fjella.
Med eitt for det ein forundra smil over andletet på den eine av dei
to på kvilesteinen, ho reiste seg opp og sa: "Nei, no høyrer eg
kyrkjeklokkeklang ifrå Liatræet"!


Nokre hundre år seinare går ein bærsankar same vegen ein blank haustdag.
Han stoggar og lyer til klåre kyrkjeklokketonar som skjelv gjennom lufta.


Men no står det ei kyrkja på Liatræet, fint mura i ljos grå granitt.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy