Kyrkja i eldre og nyare tid, av Knut Rødland
Frå Vaksdal Historielag
< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald
Bilete s. 443
Kyrkja, i eldre og nyare tid
Av Knut Rødland
Frå gamalt høyrde Bergsdalen til Voss. Men Evanger sokn fekk tidleg (fyrst på 1300-talet) si annekskyrkja med gravstad. Og denne kyrkja var det Bergsdalen sokna til. Evanger vart eige prestegjeld i 1877.
Seinare vart det gravstad på Bolstad, og det var naturleg at bergsdølene nytta denne gravstaden mest, då det var lettare fjellveg dit. Fjellvegane til bygdar når det var til kyrkjelege handlingar, var mykje godt dei same som det er skrive om i artikkelen "Samferdsla og turisme".
Men kyrkjevegen til Evanger vart noko annanleis for dei som reiste "Øvrafjellet". Då var det opp Hatlestadlia til Lonane, der kom vegen frå Rødland over Varane og Krampane. So vart det sams veg over Loddevaren og ned til Vossedalen til Evanger. Denne vegen vart rekna til to mil.
Litt kortare vart fjellvegen til Bolstad, om "Nerafjellet". Den vart rekna til kring 16 km. Frå øvre dalen gjekk dei om Bergsskaret. Frå Lid og Brekke kom dei over Brattefonna, og frå Øye og Fosse kom dei opp Skorsdalen. Sidan var det sams veg til Bolstad.
Dei som kom til Bolstad og skulle vidare til Evanger kyrkje, overnatta der og for over Evangervatnet i båt, eller på isen om vinteren. Heilt frå gamal tid hadde slekt og venskap sterke band mellom
Bilete s. 444
Kapelikyrkja i Bergsdalen.
fjell- og bygdefolket, soleis vart det til at kvar husstand i Bergsdalen fekk ein fast stad å taka inn når dei var på Bolstad. Hjå vertsfolket hadde dei kyrkjekleda hangande, og mange hadde kister ståande der dei la frå seg mat som flatbrød, spekekjøt og smør. Elles hadde dei nistemat som kling og anna med seg.
Det er fortalt at fjellfolket vart vel mottekne med oppvarting og omvøla på alle vis.
Ingeleiv Sandem (f. Hatlestad) har i eit notat skrive ned etter samtalar med gamle bergsdøler kvar dei ymse huslydane tok inn på Bolstad: "Rødlandsfolket reiste til Pertunet, der det var nære skyldfolk. Småbrekkefolket tok inn på Floten hjå Einar, der var og slektskap. Kaldestadfolket tok inn i Andvedtunet. På Joansstova på Berge tok dei inn i Midtgarden hjå han Anders-Lars Bolstad. Og hjå Per Bolstad var dei frå Knut Berge-stova som oftast.
To systre frå Lid vart gifte til Bolstad, Marta kom i Nigarden, og Anna i Pertunet. Og soleis vart det ein sjølvsagd ting at dølafolket som slekta til dei, tok inn der. På Brekke var det inngifte med Per-folket, og på Fosse rekna dei seg òg i slekt på det tunet. Det var naturleg at det vart noko gifting båe vegar med so mykje omgang som det var med Bergsdalen og Bolstadgardane. Det var noko både unge og gamle hygde seg til om laurdagskveldane at det skulle koma utafjellsfolk ned gjennom liene. So vart det å fretta nytt frå båe stader til seint på kveld. Sundagsmorgon drog eit stort fylgje til kyrkja. Fyrst flytt over elva, det kosta 3 øre for den einskilde kvar veg. So gjekk dei i Ståa, som er kring 3 km veg. Her låg store båter med 4 par årar, som tok mange folk. Bergsdølene hadde sine faste båtmenn som dei betalte til for turen. Vel framkomne på Evangersanden, vaska og flidde dei seg litt, og fekk ein meir høgtidsam gang over seg. Og trefte dei folk frå andre fjelldalar og frå bygda, helsa dei høgtidsamt i handa og småprata medan dei gjekk inn i kyrkja. Kvar gard hadde sin faste sitjeplass med dør attfor.
Gudstenesta var lang, med barnedåp og lysingar til ekteskap m.m. Etter preika kom folket i prat med kvarandre, og nistetina med kling og lefsemat kom fram. Ungdomen treftest gjerne attom eit skur eller naust, kanskje var dette opptaket til ei seinare kyrkjeferd, då eit festleg bryllaupslag".
Som oftast overnatta bergsdalsfolket på Bolstad til måndag, slik at dei kunne handla med seg litt kyrjegodt til dei som sat heime, og børa på ryggen høyrde til å taka med seg på heimvegen. Det var nokso vanleg at i sumarhalvåret gjekk folk Øvrafjellet til kyrkje båe vegar same dagen. Ingebjørg Kaldestad (1806-1903) gjekk denne vegen til Evanger kyrkja då ho var 90 år. Det var ikkje so enkelt å kome til Evanger kyrkja med dåpsbarn vintersdag, endå om det var teikn til godver. Fjellet er lunefullt, og verbyte kan koma som sleppt or ein sekk.
Her er ei soga om ein slik kyrkjetur med skirslabarn med noko romantisk innslag:
Det var i februar 1820 på heimveg frå Evanger kyrkja med dåpsbarnet Anna Ellingsdtr. Småbrekke, f. 24/11 1819, av foreldre Elling Monsson og Marta Sjursdtr. Fadrane var: Nils Arveson Rødland, Gaute Berge, Brita Kaldestad, Ragnhild Berge og Brytteva Rødland. Komne på Løddevarden var snøstormen over dei med isande vind.
Mor til barnet visste at det kunne stå om livet for småjenta dersom ikkje resten av turen gjekk raskt. Rødlandsmannen var ung og sprek, han pakka småjenta godt innom vampen ved bringa og sette av stad frå dei andre, beinaste leid mot Rødland. Det er fortalt at frå Varane og ned tok han i eit skreie. Komen inn i stova si løyste han på kleda til småjenta, som var i beste velgåande. Då dei andre av laget nådde fram, sat Nils med dåpsbarnet i armane og sulla og song. "Du ska vetta andra gifto mi du"! sa han til småjenta. Han Nils var då 32 år og hadde vore gift i 6. Fyrste kona si fekk han enno ha i gode 20 år; men det gjekk troll i ord, som dei seier.
Siterer frå arkiv: Nils Arveson, f. 1788, g. 1814 m. Marta Matiasdtr. Lunde, Voss, f. 1781.
I 1847 var Nils kårmann og gifter seg då oppatt med Anna Ellingsdtr. Småbrekke, f. 1819, d. 1914. (Sjå Rødland og Småbrekke).
Borna vart mange gonger bortimot året før dei tok dei over fjellet til dåpen i kyrkja. Kom det sjukdom på, vart dei døypte heime av ein lekmann.
Bryllaup vart feira vår eller haust, og når vigsla var over i kyrkja på Evanger, var det å ta fjellet fatt. Komen vel ut or folkesynet, vart brurekruna teken av. Var brurfylgjet frå øvre dalen, barst det opp Vossedalen. Ved Løddevaren var det kvileplass der fylgfet fekk seg ein matbit på vegen. Når dei so nærma seg garden, samla dei seg og tok rast so alle kunne "hæma" seg, og kruna kom på plass at. Var brurfylgjet frå neridalen, gjekk heimturen om Bolstad og Nerafjellet. Eit brurfylgja frå Solbjørg kom utfor skodda i fjellet og gjekk og tudna til myrkret kom over dei.
Då gravstaden på Bolstad kom, vart det litt lettare, fordi dei då stundom kunne bruka hest og køyra likkista. Men ofte vart det å bera eller dra på kjelke.
Grenda var oppdelt i gravroter, og folket innan kvar rota kjende pliktane sine og møtte opp. Som regel på sjuande dagen etter dødsfallet var det "sjaundaveitla" i heimen. Og var det fjellver dagen etter, so tok fire mann frå gravrota hand om kista for å frakta ho til grava.
Det går forteljing om ei slik ferd. Ein omvandrande skomakar var stundom her i dalen på arbeid. Han var kjende for at han titt og ofte tok seg eit rus, eller ei bløyta, som dei helst sa her. Ein gong han var her, vart han sjuk og døydde.
Likkista vart sett på ei kjelke, og fire mann tok i veg til Bolstad med dette. Det var mot våren, og største bekkekulpane var opne. Ved ein slik var uhendet ute. Kjelken gleid sidelengs og hamna i ein djup høl. Etter noko strev fekk dei droga si opp att på det turre. Ein av laget tok skulda på seg og var svært lei for det som var hendt. Då kom det roleg frå ein annan: "Me faor no trøysta oss mæ at skomakaren ha alltid likt å ta ei bløyta".
Gravstaden på Lidatræet.
Det var 18. februar 1899 at bøndene i Bergsdalen sende skriv til Evanger heradstyre om å få hjelpekyrkjegard i dalen.
I skrivet er det peika på at dei har funne ein høveleg stad aust på Lidatræet, og at det var grave to prøvegraver og staden funnen brukande. Plassen var 36 m lang og 18 m brei. Eigar Magne Lid. Prisen var 70 kroner.
So gjekk det skriv frå presten Warholm til Stiftsdireksjonen og til Den Kongelege Norske Regjerings Kirke- og Undervisningsdepartement. Derifrå kom saka 2. mai 1900.
Der set departementet sine vilkår. Kyrkjegarden skal forsvarleg innhegnast, og med grind. Og det skal setjast opp klokka.
Presten Warholm har opplyst at Bergsdalen ligg so langt borte at det vil gå med to dagar for han og kyrkjesongaren når dei skal møta fram til jordfesting. Vidare bed departementet heradstyret uttala seg om saka, og oppmodar Evanger heradstyre til "at bevilge sogneprest og kirkesanger skyss og natteholdsgodtgjørelse på deres reise til Bergsdalen". Og legg til: "Det forekommer departementet billigst at disse udgifter efter det oplyste om de besværligheder som befolkningen i Bergsdalen hidtil har havt for at bringe sine avdøde til prestegjeldets nærmeste kirkegaard. Ialfald må herredsstyrets garanti for at opsidderne skaffer prest og kirkesanger forsvarlig skyds og nattehold på disse reiser, være tilveiebragt, inden begravelsespladsen invies og tages i brug".
5. mars 1900 sender bøndene ei erklæring til Evanger heradstyre at dei er villige til betala togbilletten tur/retur Dale-Evanger for presten og klokkaren på 3. klasse med kr. 2,10 til saman. Og dei tek på seg in natura: "Skyds for prest og kirkesanger fra og til Dale, samt nattehold".
Frå Evanger kjem tilsendt eit garantidokument til underskriving, der Bergsdalen forpliktar seg til betala kostpengar med kr. 5 til presten og kr. 3 til klokkaren for kvar tur. Dette i tillegg til dei ytingar som før er nemnt. Og til slutt står det: "Disse forpliktelser skal hvile som heftelser på våre gårdsbruk med panterett nest efter eldre heftelser".
Presten Warholm er ikkje nøgd med å reisa på 3. klasse på toget, han vil reisa på 2. klasse. Men klokkaren kan reisa på 3. klasse. So sendar han rekning til kommunen på kostpengar, endå han har maten fritt her i dalen.
Dette går ikkje bøndene med på, dei nektar å skriva under dette garantidokumentet, og viser til at inga grend i heradet som har gravstad har skrive under liknande dokument.
Gravplassen på Lid vart vigsla og tatt i bruk 10. februar 1902.
Saka om kostpengar og andre ytingar går runden om Stiftsdireksjonen og departementet med påteikningar og stempel.
Til slutt gjer Evanger heradstyre eit vedtak om at dersom Bergsdalen "ikke vil ordne sig vil man tilråde at Lie hjelpekirkegård ialfald intil videre - nedlegges".
År 1904 vart sendt skriv frå Bergsdalen at bøndene tok på seg alle utgifter med reise og opphald, og kr. 5 i kostpengar til presten og kr. 3 til klokkaren, og so heiter det vidare: "Dog påtager vi os disse udgifter på betingelse af at jordfestelsen foregår høyst en gang for året, og da ved Sankthans tider. Garantidokument som hefte på våre brug skal vi give hvis Bolstads hjelpekirkegårdsdistrikts opsidere giver sådant".
Det vart ikkje endringar i dette før i 1920 åra då pastor Eliasen baud seg til å koma og vera med på gravferdene her i dalen. Med pastor Eliasen si hjelp fekk Bergsdalen 4 faste preikesundagar for året. Det vart haldne vekselvis i dei to skulehusa. Seinare då ungdomshuset kom, vart dette ofte brukt til desse gudstenestene. Frå den tid vart det og vanleg at presten kom til jolefesten grenda skipa til.
Etter det kom veg gjennom dalen vart det helst til Dalekyrkja folk herfrå reiste. Der hadde dei barnedåp, konfirmasjon, brurvigsle. Det var ikkje uvanleg å sjå hest med vossakjerre frå mest kvar gard taka ut på kyrkjeferd om sundagsmorgonane.
I dag er det berre namn som minner om den gamle kyrkjevegen over fjellet, slik som Kyrkjebakken, Kyrkjedalen og Kyrkjesteinen. Men me veit at folk var flinke til å reisa på kyrkjeveg. Dei hadde stor vyrdnad for Guds ord. Og elles var det trongen etter å møta slekt og vener på kyrkjebakken, og å fretta nytt om felles kjende både heime og i Amerika. Etter preika las lensmannen opp meldingar m.m. Alt dette var med å skapa råma omkring ein preikesundag ved Evanger kyrkje.
Ein serskild bragd til ei kyrkjeferd gjorde to karar her ifrå. Dei gjekk på ski frå Bergsdalen tidleg ein sundagsmorgon, og var til høgmessa i Nesheimskyrkja i Eksingedalen; og kom heim att her same dagen. Dette er no over 60 år sidan, og tek ein omsyn til kva skiutstyr, smurning m.m. dei hadde den tid, må det seiast vera godt gjort.
Bergsdalskyrkja.
Det er ikkje å undrast over om forfedrane våre drøymde om å få kyrkja i dalen.
Det var i 1918 at fyrste opptaket vart gjort. Då kom det nokre dollar, øyremerkt for kyrkja i Bergsdalen. Pengane var sende av ekteparet Brytteva og Jon Kannikkeberg i Alaska. Ho var frå Rødland, og han frå Botnen i Kvam. (Sjå Rødland).
Det er fortalt frå gamalt at det hende at born frå Botnen gjekk og las for presten på Evanger. Grunnen til dette var at det tidt låg meinis i Fyksesundfjorden, slik at dei ikkje alltid kom fram til sin eigen prest. I staden vart det å gå to lange fjell for å verta konfirmert. Desse "lestraborna" overnatta då på Rødland.
Soleis vart det kjennskap, venskap og ekteskap mellom folka på desse stadene.
Frå 1920 til 29 var det årvisse Liafestar som hadde til føremål å samla pengar til kyrkja. Det kom soleis inn 1800 kroner til den påtenkte kyrkja. Me som er eldre i dag, minnest vel den fine vårdagen i 1920 åra då biskop Hognestad tala på ein Liafest. I finveret vart det halde til ute, rett ovanfor vegen der kyrkja står no.
Då sa han: "Her på denne staden skal de byggja kyrkja for Bergsdalen". Og kring 35 år seinare stod det ei vakker kyrkja berre 60 meter frå den staden der Hognestad kom med sitt ynskje for dalen. I 1930 åra var det liten aktivitet med å samla midlar til kyrkja, men tanken var like levande. Dei eldre gav påminningar til dei yngre om ikkje å gløyma den store oppgåva.
14. november 1943 kom saka opp på eit kyrkjelydmøte der det vart vedteke at arbeidet med pengeinnsamling skulle takast opp att. Møtet valde ei kyrkjenemnd på 2 kvinner og 4 menn, som seinare fungerte som byggjenemnd for kyrkja.
Det var sokneprest Sørheim som var i Evanger på den tid, og han var til stor hjelp for nemnda i planleggjingsfasen, og seinare då kyrkja var under arbeid.
Det aller fyrste nemnda tok fatt på, var innsamling av pengemidlar. Den fyrste prøven på dette var ein basar på Dale. Vinstane var innsamla som gåver i dalen, og var slikt som spekelår, smør, fløyte, rjuper, poteter, garn og ull og mangt anna. Alt var slike ting det var kjærkome under krigen. Nemnda var noko spent på om det vart bråk med styresmaktene som rådde då, for det var ikkje søkt om løyve til dette tiltaket. Men dei høyrde ikkje noko, korkje då eller seinare. Det kom inn kr. 10.000 på den fyrste basaren. Nemnda skipa til kyrkjestemne med basar jonsokhelga 1944. Og slike stemner med basar vart årvisse til etter kyrkja var vigsla i 1955. Det kom mykje folk til desse stemnene frå mange bygdelag, og det kom inn mykje pengar til kyrkja.
Elles kom det pengegåver til kyrkja, større og mindre summar, frå kjende og ukjende. Dette var til stor oppmuntring og gav tru på arbeidet.
Nemnda vende seg til arkitekt Leif Tvilde, Voss, og bad han laga eit utkast og teikningar til ei høveleg kyrkja for dalen. I samråd med nemnda kom Tvilde fram til eit utkast 11. juli 1944, som alt arbeid seinare vart lagd opp etter.
So vart det tinga kyrkjetomt i samband med kyrkjegarden, og dette ordna seg på ein god måte.
Saka vart lagt fram for kyrkjelyden, og nemnda fekk i oppdrag å setja i gang grunnarbeidet, slik at dei innsamla pengemidlane vart omsette i verdiar.
Frå 7. mai 1944 var frå 4 til 6 bergsdøler i arbeid med å ta ut stein i Bergsfossen, grava ut kjellartomta, og mura kjellarhøgda til kyrkja. Då krigen tok slutt, og det politiske liv kom i normalt gjenge att, tok nemnda saka om kyrkjebygget opp på det kommunale plan i Evanger. Der fekk nemnda tilsagn om årleg tilskot etter økonomisk evne.
Men kommunen ville ikkje stå som byggherre, det måtte Bergsdalen sjølv stå for.
Arkitekt Leif Tvilde skreiv til kyrkjenemnda 12. desember 1947: "Då det etter krigen ikkje er bygt kyrkjor, og svert lite gråstein bygg og byggeprisen er stigande, vågar eg ikkje setja byggekostnaden under 150.000 kroner. Og eg byggjer denne utrekningi på byggeprisar ved atterreisingi av Vossevangen".
30. april 1947 vart sendt søknad om godkjenning av dei planane som alt var sette i verk, til Kyrkjedepartementet, saman med teikningar og byggeskildringer.
I fylgjeskriv vart gjort greia for korleis Bergsdalen låg i høve til Evanger kyrkja. Og at det skulle vera kjellar under kyrkja til matsal og møterom og ein stad å halda til med jordferder og andre tilskipingar.
Vidare vart det peika på kva som var gjort for å få reist ei kyrkja, i eldre tid og under og etter krigen. Og at det til den tid var samla inn 45.000 kroner til kyrkjebygget privat og med kommunale tilskot. I tillegg kom dugnadsarbeid for mange tusen kroner.
Det vart gjeve opplysningar om at arbeidet var sett i gang under krigen og at nemnda ikkje hadde søkt noko godkjenning for planen av dei dåverande styresmakter.
Frå kyrkjedepartementet kom det svar med godkjenning av planane. Evanger kommune tok på seg vedlikehaldsutgiftene, og utgifter med bruk av kyrkja. Kyrkjenemnda hadde ikkje andre pengar til rådvelde enn dei som kom inn på basarar og løyvingane frå Evanger kommune. Difor vart arbeidet rykkjevis, og vel noko dyrare enn med ein samla finansierings- og byggjeplan. For å få fullføra byggjeplanane vart det turvande ta opp lån. Voss Branntrygdelag gav eit lån, stort kr. 30.000 til 2 1/2 %, og Evanger Sparebank eit på kr. 25.000 til 3 1/2 % rente. Låna vart garantert av Evanger kommune med undergaranti av ein del bønder i dalen. Arbeidet med å reisa kyrkja vart lyst ut på tilbod i slutten av 1950. Desse fekk arbeidet: Murararbeidet, Dyngeland & Birkeland, Fana. Tømrararbeidet, Øvsthus & Kvarme, Voss. Blekkmakararbeidet fekk Oskar Viste, Voss.
Kjellarmurane var ferdige, og all steinen teken ut og køyrd fram. Transport og mykje anna arbeid vart gjort på dugnad etter kvart det var turvande.
Den samla kostnaden i reide pengar for kyrkja vart kr. 254.843,–. Til dette kjem alt det som Bergsdalen Husmorlag gjennom mange år gav til kyrkja av bruksting og utstyr.
Midlane til kyrkjebygget kom inn soleis:
Løyvingar frå Evanger kommune 1946-60 | kr. | 124.500. | |
Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap | kr. | 15.000. | |
Basarar og gåver | kr. | 96.343. | |
Renter av Konowfondet i byggjetida | kr. | 7.500. |
Siste avdrag på lånet til Voss Branntrygdelag vart betalt 1962. Lånet til Evanger Sparebank vart nedbetalt etter evne. Det stod att kr. 19.500 i 1964, då Bergsdalen kom over i Vaksdal kommune. Denne gjelda tok den nye kommunen på seg.
Skylddelingsdokumentet på kyrkjetomta vart tinglyst 12. aug. 1952. Dei som var med i kyrkjenemnda var: Klara Lid, Alfhild Berge, Gulleik Lid, Anders Fosse, Johannes Hatlestad og Knut Rødland. Johannes Hatlestad døydde i 1951, og sonen Per kom i hans stad. Ludvik Lid var kasserar i byggjeperioden.
Ei eldre kvinna tok seg av innsamling av midlar til orgel, og ein eldre mann gav storparten av det kyrkjeklokka kosta.
Vigsledagen 3. juli 1955, var ein fin sumardag som vil leva i minnet til alle som var med. Det var mange bergsdalsvener som hadde funne vegen til dalen den dagen. Det vart lagt fram høgtalaranlegg utanfor kyrkja og til ungdomshuset, for det var venta mykje folk, og det kom fleire enn venta.
Husmødrene i dalen tok på seg oppvarting i kyrkjekjellaren og i ungdomshuset. Det vart mange bordsetningar utover ettermiddagen, i alt 1200 var til bords. Det var mange innbedne gjester, mellom dei var prestane som hadde vore i Evanger sidan 1920 åra. Biskop Ragnvald Indrebø stod for vigsla av kyrkja.
Det var ei stor oppgåva folket tok på seg då dei gjorde vedtak om å byggja kyrkja. Men når folket i ei grend står samla om ei oppgåva, er det mest utruleg kva dei maktar. I dette høvet var det mange som gav ei hjelpande hand, og det gav tru til halda ut til målet var nådd. A/S Dale Fabrikker gav vakre ljoskruner. Seinare gav ei eldre kvinna i dalen eit piano til kyrkjekjellaren.
Etter nokre år kom ei vakker altertavla. Husmorlaget gav vakre brurstolar, løpar på golvet og mangt anna som gjer det uneleg i kyrkjebygget.
1976 gav Vaksdal kommune nytt kyrkjeorgel til omlag 60.000 kroner. Tenk om det ogso kom flaumljos på den vakre kyrkja vår, som lyste for dalens folk og for alle som hastar framom som turistar - -.
Innskrifta på kyrkjeklokka lyder slik:
"Lange tider Bergsdalsfolket vona,
høyra kyrkjeklokka gjennom dalen tona.
No skal klokkeklangen kalle,
helg og høgtid, hit til kyrkja alle".
Men framfor alt, - kyrkjedørene står opne for folket i dag, og for komande slekter. Det var derfor kyrkja vart bygd.
© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org