Korleis ein finn slekta si

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


KORLEIS EIN FINN SLEKTA SI


      I denne boka er alle personar tekne med under dei gardane dei har vore busette på. Huslydane åt brukarane finn ein under det bruket dei var knytte til så nær som for dei eldste tider, då det ikkje let seg gjera å knyta huslydane til noko bruk. Desse huslydane er ordna kronologisk i ein samlebolk før bolkane om dei einskilde bruka. Huslydane åt husmennene finn ein under det plasset dei budde på. Dei som ikkje hadde bruk eller plass, men budde til leige, finn ein under bolken Husfolk.

      Huslydane har ikkje fått nummer, slik som det ofte er vanleg i ættebøker. Årstala som står med feite typar, vil vera til hjelp når ein er på leiting. Desse årstala gjeld bygsel-, skøyte- eller giftarmålsår åt vedkomande husfar.

      Når ein vil læra ætta si å kjenna, er det rimeleg at ein fyrst leitar fram dei farfedrene som ein kjenner til frå før. Når ein har funne dei, vil ein finna opplysningar om foreldra deira.

      Dette let seg best syna ved eit døme. Dei som ættar t.d. frå Mathias Hansson Brørvik, som dei veit døydde kring hundreårsskiftet, kan slå opp på garden Brørvik og finn der at Mathias Brørvik fekk skøyte 1854, var fødd 1829 og døydde 1904. Kona hans er oppførd såleis: Ingeborg Monsdtr. Vik, St., br. 1. Dette tyder at ho er frå Vik i Stamnes, bruksnummer 1. Slår me opp på Vik i Stamnes bruk 1, ser me ho er dotter til Mons Knutsson Tysso, som fekk bygsel 1815. Herfrå kan så hennar slekt fylgjast vidare attover på morsida. Farslekta hennar var som me skjønar ikkje frå Stamnes og er difor ikkje med her. Mathias H. Brørvik ser me var son til Hans Matiasson som fekk skøyte 1826, var fødd 1799 og døydde (bleiv) 1863. Far hans att heitte Matias Hansson, og slik kan ein fylgja slekta attover like til 1600-talet då garden vart rudd.

      Såleis vil ein kunna fylgja ætterekkja attover, så sant forfedrene budde i Stamnes sokn. Var nokon av forfedrene busette i andre sokner, lyt ein som regel venda seg til andre bygdebøker. Men dersom berre ein ættled har butt utanfor sokna, har me freista knyta trådane i hop, slik at ein skal kunna finna samanhengen utan å måtta gå til andre bøker eller venta på ættebøker som enno er under arbeid.

      Bak i boka er det nokre blanke sider som gjev plass til notatar. Det ville gleda forfattarane om folk ville noteri flittig, både på dei blanke sidene og elles i boka. Det kan vera opplysningar som ein meiner er viktige, men som ikkje har kome med. Det kan og finnast feil som bør rettast. Endå så mykje arbeid det er lagt ned på kontroll og korrekturlesing, må ein rekna med at ei bok som inneheld så mange tal og detaljar, ikkje kan vera heilt feilfri på alle punkt. Forfattarane vil gjerne at folk gjer merksame på feil som finst eller slikt som vantar, så det kan verta høve til å koma med rettingar og tillegg i dei banda av bygdeboka som skal koma seinare.

I internett utgåva er ...........

Personlege verktøy