Generell del

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

<Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band II | Gnr. 22 Dale


Ålmenn soge for Dale.


GNR. 22 DALE


Dale ligg 2,5 km nordaust for Helle, i dalføret som går frå botnen av Dale-vågen nordover mot Bolstadfjorden. Næraste grannegard mot nord, Dalseid, ligg i nordenden av dalen. Fråstanden mellom tuna er 4,5 km.

Omlag midtveges er dalføret stengt av ei høgd, Holhovden, som dannar vasskilje. Nordover mot Bolstadfjorden renn det ein bekk som heiter Dalseidbekken. Sørover mot Dalevågen renn det ei stor elv som kjem ned gjennom ein sidedal, Bergsdalen. Elva kjem frå Hamlagrøvatnet som ligg 588 m. o. h. Den øvste delen vert kalla Bergsdalselva og er omlag 17 km lang. Den eldste delen, Dale-elva, er omlag 6 km. lang. Fleire sideelvar og ei mengd bekker renn ut i denne elvestrekninga. Dei største er Norselva og Moko.

I den øvste delen av Dale-elva er det eit par store fossar, Møyadalsfossane og Forklefossen, men på dei siste 3-4 km er fallhøgda liten og dalbotnen nokså flat. Dalbotnen her er gamal sjøbotn med store avleiringar av stein og grus som elva har ført med seg gjennom tusenvis av år. Dei største grusterassane ligg på stader der dalen vidar seg ut og elva renn i ein stor boge, i Kvammen og i den store botnen mellom Kleivfjellet, Beitelen og Nonhaugane. Her ligg innmarka og tunet, omlag 1,5 km frå botnen av Dalevågen. Grensa mot grannegardane går alle stader i utmark. Dale grensar mot Helle, Fylingslid, Dalseid, Furnes, Verpelstad og Fosse. Grensa mot Fosse var før heradsgrense og prestegjeldsgrense mellom Bruvik og Evanger. Grensa mot Fylingslid, Dalseid, Furnes og Dalseid er soknegrense mellom Dale og Stamnes.


Frå Blåfjellet sør for Dalestølen og nordvestover til Dalevågen går grensa mot Helle. Ho held fram på nordvestsida av Dalevågen opp på høgda. Her vinklar grensa mot nordaust og fylgjer brotalaget på vestsida av Hestafjellet til Søre Krokavatnet. Frå vinkelen til Søre Krokavatnet grensar Dale mot Fylingslid. Frå Krokavatnet til Nordrenova grensar Dale mot Dalseid. Mellom Nordrenova og Storedystingen grensar Dale mot Furnes og Verpelstad. Sjå III s. 428, 449 og 461. Frå Storedystingen går grensa hovudsakleg mot sør-sørvest tvers over Bergsdalen attende til Blåfjellet. På dette stykket grensar Dale mot Fosse.


Gardsnamnet vart skrive Dall 1427, 1563 og 1610. 1490 vart det skrive Daler, 1620 Dalle. Elles har det mest alltid vore skrive Dale. Denne skrivemåten finn ein 1317 i det fyrste dokumentet om garden, i 1427, 1468, 1667 og 1723. Namnet er ei dativform av hankjønnsordet dal. Det er eit usamansett namn, og difor vanskeleg å tidfesta. Men det kan seiast nokså visst at namnet er eldre enn dei samansette namna Hesjedal, Sæterdal, Herfindal og Vaksdal.

Det er gjort fleire fornfunn på Dale. Det eldste funnet er ei steinalderøks frå Jotræet søraust for Storelva. Øksa er i Bergens Museum. På Lauvgards-floten vart det funne fleire våpen ved tomtegraving kring år 1900. Dei skreiv seg truleg frå ei mannsgrav. Det skal ha vore ein gravhaug der heradshuset no står. Tradisjonen fortel også om at det var restar etter gravrøyser i Holhovden. Då dei grov ut tomter, skal det ha vore gjort ein del funn. Men funna frå Lauvgardsfloten og Holhovden er ikkje tekne vare på.

Gravhaugar og røysar finst det fleire stader på den gamle innmarka. På Skeie, nokre meter nord for jarnbana, sør for løa på bnr. 14, er det merke etter ein gravhaug. Haugen var meir synleg før. Fleire haugar eller røysar har vorte borte ved dyrking. Ein av haugane heitte Rudkallen. Det er eit namn som er kjent frå fleire gardar. Som regel er det knytt til ein haug der den som rudde garden skulle vera gravlagd. Rudkallen låg omlag 70 m. ovanfor brua over Norselva.

Korkje gardsnamnet eller fornfunna gjev noko sikkert haldepunkt for alderen på garden. Steinalderøksa frå Jotræet gjev ikkje noko prov for fast busetnad. Det er truleg ein veidemann som har mist henne. I steinalderen ferdast det nok mange veidemenn i denne dalen. Den store buplassen under Skipshelleren låg ikkje langt borte. Folka der kjende visseleg til fiskerikdomane i Daleelva. Det ligg nær å tenkja seg at dei heldt til ved elva visse tider på året, når laksen var lett å fanga. Det var serleg i gytetida om hausten, når laksen stod still i hølane. Heilt fram til 1860-åra vart det drive laksefiske om hausten. Reiskapen som dei brukte var ei stor teine som laksen vart jaga inn i. Det vert gjort nærare greie for dette nedanfor i avsnittet om fiske. Her skal det berre nemnast at fangstmåten er kjend heilt frå steinalderen, og at han truleg har vore nytta i Daleelva 3-4000 år, kanskje endå lenger.

I yngre steinalder, 2500-2000 f. Kr., vandra det inn jordbruksfolk i ein del kyst- og fjordbygder, m. a. i indre Hardanger. I bronsealderen, 1500-500 f. Kr., var det fleire stader storgardar med mange folk og allsidig næringsdrift. Dei dreiv både åkerbruk, feavl, veiding og fiske. Overgangen til jarnalderen vart markert med eit klimaskifte. Veret var kaldare, og krava til hus og forråd var større. Vilkåra vart hardare for jordbruksfolka. Fangst og fiske vart viktigare enn det hadde vore i varmetida, då husdya kunne gå ute om vinteren og varmekjære vokstrar var lette å dyrka.

Næringsgrunnlaget på Dale var så allsidig at ein godt kan tenkja seg fast busetnad heilt frå yngre steinalder. Likevel bør ein vel, så lenge dei arkelogiske haldepunkta ikkje er fleire, stogga ved jarnalderen. At folk hadde teke til med åkerbruk og feavl på Dale ved Kristi tid, kan ein vel rekna for å vera nokså sannsynleg.

I slutten av det 4. hundreåret vandra hordane inn i Hordaland. Det var ein germansk folkestamme som kom hit frå Mellom-Europa. Folkevandringstida 400-600 var ei tid med store omskifte, ikkje minst i desse bygdelaga. På Voss vart det ein rein eksplosjon i busetnaden, med stor tilflytting og nydyrking. I fjordbygdene, der det var meir busetnad frå før, fekk dei også merka presset frå innvandringa. Strid om makt og landområde, plyndring og åtak av framande, gjorde det naudsynt med forsvarstiltak. Fleire stader gjekk folk saman om å byggja bygdeborger der dei kunne forskansa seg når fienden kom.

På Dale finn ein merke etter noko som kan ha vore ei bygdeborg. Det er haugen Børjelen søraust for tunet. Haugen fell bratt ned mot aust, vest og mot elvebarden på sørsida. Mot nord er det ein etter måten smal morenerygg som fører frå tunet bort på haugen. Namnet på haugen tyder ei lita borg. Det kan tenkjast at namnet er gjeve berre avdi haugen likna ei borg. Men staden må i alle fall ha vore svært høveleg til å byggja eit vern for garden, som må ha lege svært utsett til i folkevandringstida. Det tronge dalføret mellom to fjordarmar var ein viktig ferdsleveg. Garden som låg der, var den største og verd-fullaste på lang lei.

I kystbygdene vaks det i folkevandringstida fram ein hovdingklasse. Store og verdfulle gardar som låg strategisk til vart hovdingsete. Fleire av desse gardane vart seinare kongsgardar, fyrst for nesjakongar, sidan for den sentrale kongemakta.

Segna fortel at det skal ha butt ein nesjakonge på Dale. Han heitte Laugar og rådde over eit stort landområde. Laugar hadde ein hær på eit par hundre våpenføre menn. Ein annan nesjakonge som heitte Herfinn budde lenger ute i fjorden. Han var ikkje fullt så mektig, for landområdet hans var ikkje så godt. Herfinn budde seg til strid mot Laugar. Han tok mennene sine med seg over fjellet og tok seg ned i Bergsdalen nedanfor Kvamstølen.Ei gjætargjente hadde vorte var hæren oppe på fjellet og fekk varsla kong Laugar. Han fylkte mennene sine på sletta oppe i Kvammen og tok mot Herfinn då han kom dit. Det vart ein kvass strid. Laugar fekk banesår og Herfinn fekk ulivssår. Han rømde heim med dei få mennene han hadde att. Aret etter døydde han av såra som han fekk i striden. Laugar vart gravlagd på vollen der striden hadde stått. Dei falne mennene vart brende og oska vart lagd i hovdinggrava saman med liket og våpna åt kong Laugar. (Hmsm. Karl Hesjedal.)

Ei onnor segn fortel om ein mektig mann som åtte alt som var mellom Fossmark og Bolstadøyri. (Hmsm. Einar Dale.) Denne segna inneheld få detaljar. Det gjer derimot ei segn om den mannen som budde på Dale på slutten av 1100-talet, då Sverre Sigurdsson var konge. Han heitte Torbjørn Ivarsson og høyrde til motmennene åt kong Sverre. På ei ferd vestover frå Voss kom kong Sverre med hirden sin til Dale. Då Torbjørn fekk veta at birkebeinarane var ventande, sende han dei to døtrene sine, Ingebjørg og Margreta, til støls. Ingebjørg var løynleg trulova med ein birkebeinar som heitte Vagn Olavsson. Då Vagn fekk greie på kvar Ingebjørg var å finna, bad han kongen om lov til å vitja henne.

Kong Sverre bad Torbjørn henta døtrene heim, og ein tenestgut vart send til støls etter dei. Margreta hadde fått festarmannen sin, Gorm Gormsson frå Mjelde, på vitjing. Ho ville vera på stølen, men Ingebjørg fylgde med heim. Kongen tykte vel om henne og såg gjerne at det vart giftarmål mellom Ingebjørg og Vagn Olavsson. Han visste at Vagn var av god ætt. Det visste ikkje Torbjørn. Då kongen bad han gje samtykkje til giftarmålet, svara Torbjørn at han ville ikkje sjå dotter si i husmannskår, gift med ein ransmann. Sverre sa då at han ville gjera Vagn til lendmann, og at han ville syta for at ætta hans fekk att dei eigedomane dei hadde mist i ufredsåra. Då vart det slutt med motstanden frå Torbjørn si side. Bryllaupet mellom Ingebjørg og Vagn vart halde straks etterpå. Kongen og mennene hans var mellom gjestene. Men med Margreta, syster åt Ingebjørg, gjekk det ikkje så vel. Ho og Gorm Gormsson vart tekne av eit snøskred som la seg over seterhusa. Båe dei unge miste livet i ulukka. (Hmsm. Karl Hesjedal.)

Endå om desse segnene har med ein del detaljar som kan ha kome til i seinare tid, må ein kunna rekna med at dei inneheld ein historisk kjerne. Teorien om at Dale har vore eit hovdingsete vert også styrkt ved det eldste skriftlege vitnemålet om garden, eit skiftebrev frå 1317. Mannen som det vart halde skifte etter, var bonde på Dale. Han heitte Sigurd og bar tilnamnet Tanne. Han åtte store jordeigedomar i Evanger og på Voss, i tillegg til den garden han budde på. Sjå eigarsoga.

Sigurd Tanne var ikkje åleine om eigedomsretten til Dale. Parten hans hadde ei landskyld på 9 1/2 laup smør. Landskylda på heile garden må ha vore minst 30 laupar smør før svartedauden. Kven dei andre eigarane var, veit ein ikkje visst. Parten åt Sigurd vart skift mellom ein son og ei dotter, og held truleg fram med å vera i bondeeige enno ei tid. Så seint som 1427 var ein part av garden bondegods. Men storparten hadde kome i eiga åt Munkeliv kloster.

Ved reformasjonen var heile garden geistleg gods. Munkeliv åtte 4/7, bispestolen 2/7 og Apostelkyrkja i Bergen 1/7. Alt saman vart drege inn under kruna ved reformasjonen, men sidan partane høyrde til ulike godssamlingar vart dei forvalta kvar for seg. På innmarka hadde kvar jordeigar sine klårt avgrensa teigar. Det må ha vore halde ei utskifting på garden i mellomalderen, medan ein del av jorda enno var i bondeeige. Talet på brukarar var truleg større før svartedauden enn det var på 1500-talet. Då var her 3 leiglendingar, ein på kvar jordeigedom.

På 1600-talet vart det ein monaleg auke i folketalet. Manntala frå 1645 og 1666 syner dette klårt, endå om ikkje alle vart talde med. Kopskattemann-talet 1645 tok med alle vaksne, både kvinner og menn. Dei var 13 i talet, fordelt på 5 huslydar. Ved manntalet 1666 vart ikkje kvinnene talde, men både gutar og vaksne menn. Dei var 19 i alt. 4 var drenger, 6 var brukar-søner og 9 var brukarar.

Storleiken på bruka åt kvar av dei 9 brukarane finn ein i manntalet 1666. Oppgåva kastar ljos over det viktige spørsmålet om korleis bruksdelinga frå 3 til 9 bruk, hadde gått føre seg. Munkelivsjorda var delt i 4 jamstore bruk. Aposteljorda var delt i 2 jamstore bruk. Bispejorda var delt i 3 bruk, men dei var av ulik storleik. Seinare må dette ha jamna seg ut, for i matrikkelen 1718 var desse 3 bruka også jamstore.

Men om ein samanliknar alle dei 9 bruka, var det stor skilnad. Dei 2 bruka på Apostelkyrkjejorda, bnr. 9 og 11, var minst. Kvart av dei hadde 1/14 av den samla landskylda. Bruka på bispejorda, bnr. 18, 19 og 21, var noko større. Kvart av desse bruka hadde 2/21 av landskylda.

Dei største bruka var dei 4 på Munkelivsjorda, bnr. 1,6, 8 og 14. Dei vart kalla Storelutane, og det vart sagt at «Storelutane fylst alltid». Dette sa dei avdi mange av teigane åt desse 4 bruka låg inntil einannan. Landskylda på kvart av bruka var 1/7 av samla skyld.

Denne bruksdelinga heldt seg uskipla på 1700-talet, men verdsetjinga av dei ulike bruka vart endra. 1725 vart skatteskylda sett ned med 1 1/2 laup smør etter elvebrot og flaumskade. 1743 kom det ein ny storflaum. Det vart halde avtaksforretning året etter, og skatteskylda vart sett ned med 1 laup smør. Avtaket i skyld var ulik for dei ymse bruk, alt etter kor stor skade dei hadde fått.

Eit anna tilhøve som fekk verknad for bruksstorleiken var dei eigarskifte som gjekk føre seg etter 1660. Då vart alle dei tre eigedomspartane selde ved krungodsauksjonar. Dei nye eigarane var borgarar i Bergen. Eigarar av bispejorda var fyrst familien Lem, seinare familien Gartner. Dei gav skøyte til brukarane 1774. Så vidt ein kan sjå, førde dette ikkje til noko endring av grensene for dei ulike bruk. Bnr. 18 Knutajorda og bnr. 19 Torbjørnsjorda fekk namn etter dei fyrste sjølveigarane. Bnr. 21 Norsajorda fekk namn etter lægjet i tunet. Det var husa på dette bruket som låg lengst nord.

Munkelivsjorda og Apostelkyrkjejorda vart også bondeeigedom fyrst på 1700-talet, men det var ikkje brukarane sjølve som kjøpte. Den mektige lensmannen Johannes øvste Mjelde i Haus kjøpte Munkelivsjorda, versonen Nils Monsson Raknes kjøpte Apostelkyrkjejorda.

Ved ei rekkje arveskifte vart eigarpartane sterkt oppdelte, men mykje vart samla att ved giftarmål, makeskifte og kjøp. Dette vert det gjort nærare greie for i eigarsoga nedanfor. Her skal berre nemnast dei tilhøve som fekk innverknad på bruksdelinga.

Etterkomarane etter lensmann øvste Mjelde var ikkje innstilte på å bygsla bort jordeigedomane sine, i alle fall ikkje til folk utanfor ætta. Etter kvart som bruka vart bygselledige, kom ein av parteigarane inn som ny brukar. I fleire høve lukkast det å samla eigedomspartane, slik at det ikkje vart naudsynt med oppdeling av bruka. Dette galdt Haldorsjorda (bnr. 1) og Samelsjorda (bnr. 6). Båe desse bruka var av dei såkalla Storelutane og låg på den jorda som hadde høyrt til Munkeliv kloster. Der låg også Olajorda (bnr. 8) og Brotajorda (bnr. 14). Båe desse bruka vart reduserte då parteigarane vart brukarar.

Den viktigaste grunnen til dette er at to av dei andre bruka åt lensmannsætta var dei minste på heile garden. Det var Monsajorda (bnr. 9) og Andersjorda (bnr. 11). Desse bruka var berre halvparten så store som bnr. 8 og 14. Tomas Hana overtok bnr. 11 i 1780-åra. Han åtte 1/3 av bnr. 14. Han kravde fråskiljing av denne parten og la han til bnr. 11. Kona åt brukaren på bnr. 9, Anna Monsdtr. Helle, hadde fått1/4 av bnr. 8 i arvelut. Denne parten vart frådelt 1833 og lagd til bnr. 9.

Talet på brukarar heldt seg nokså stabilt frå 1660 til 1860. Det kunne i stuttare periodar vera fleire enn ein brukar på kvart av dei 9 bruka, men det førde ikkje til varige endringar før 1862. Då vart bnr. 1 delt i to jamstore bruk, bnr. 1 og 5. 1863 vart det skilt frå eit lite bruk, Jotræet, på sørsida av elva. Til dette bruket vart det seinare lagt attåt fleire teigar. Sjå bnr. 3, 4 og 41. Tunet åt dette bruket vart 1882 flytt ned i Hagen ved Dalevågen.

Oppdelinga i 11 gardsbruk førde til uvanleg stor teigblanding. Grense-reguleringane mellom bnr. 8, 9, 11 og 14 gjorde det ikkje betre. Men i 1870-åra byrja eit stort omskifte i eigartilhøva. Konsul Peter Jebsen, som hadde grunnlagt tekstilfabrikkane i Ytre Arna, fekk 1873 kjøpa nokre av fossefalla øvst i Daleelva for å kunna byggja ein ny tekstilfabrikk. Dei nærare omstende ved sal av vassrettar og jord til Peter Jebsen og seinare til Dale Fabrikker vert det gjort utførleg greie for i John Dale si utgreiing Dale Gaard. Sjå nedanfor.

Den fyrste utskiftinga av innmarka gjekk føre seg 1880, stutt tid etter at Peter Jebsen hadde vorte eigar av den gamle Haldorsjorda, bnr. 1 og 5, i 1874 og 1877. Utskiftinga vart ikkje tinglyst, og ho vart berre fullførd for bnr. 1 og 5, som no fekk heile si innmark lagd til Laugardsfloten. Dei teigane som Haldorsjorda hadde hatt i heimeinnmarka vart delte mellom dei andre bruka som vederlag for teigane dei hadde hatt på Laugarsfloten. Tradisjonen fortel at brukarane tykte fordelinga var urimeleg, og at dei sjølve foretok visse reguleringar etterpå.

1908 vart det kravt ny utskifting på innmarka, og det vart teke opp utskiftingskart som var ferdig 1911. Utskiftinga vart tinglesen 1917, men ho vart sett ut av kraft ved dom 1923. Ei ny utskifting vart fullførd 1944, men det vart kravt overutskifting. Denne vart tinglesen 1946. Lars Matre var hjelpesmann og student då kartet var laga og utskiftingsformann ved den endelege utskiftinga. Han heldt utskiftinga av Dalegarden for å vera den mest innfløkte han hadde vore med på i alle dei åra han arbeidde i jordskifteverket.

John Dale gjev i utgreiinga Dale Gaard utførlege opplysningar om ein del av dei tilhøve som gjorde utskiftinga så vanskeleg. I åra 1912-13 kjøpte A/S Dale Fabrikker (DF) på nytt 2 gardsbruk, bnr. 11 og 18. Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) eksproprierte 1923 store areal til kraftanlegg. Mellom DF og gardbrukarane på Dale vart det gjort fleire makeskifte. Talet på gardsbruk gjekk attende, både ved at DF sine bruk fall ut av produksjon og ved samanslåing av to av dei produktive bruka bnr. 14 og 11. Såleis var berre 6 bruk med ved den endelege innmark-utskiftinga.

Etter utskiftinga fekk det minste bruket, bnr. 3, 4 og 41, den innmarka som ligg lengst mot vest. Det er Hagen på sørsida av elva nede ved Dalevågen. Bnr. 6 fekk den delen av innmarka som ligg lengst aust, Kjerrane og ein del av Storåkrane. Bnr. 8 fekk Samuelstræet og Liatræet på sørsida av elva og området mellom brua, Tresvegen og Myrateigane på nordsida av elva. I tillegg til dette fekk bnr. 8 Haldastykket og ein del av dei gamle Storåkrane. Bnr. 9 fekk Botløynæ på sørsida av elva, Lammetangen og Myrane på nordsida. Bnr. 21 fekk Tverrmannsteigane og noko av Stor-åkrane på nordsida av jarnbana og ein teig mellom tunet, jarnbaneundergangen og postvegen på sørsida av jarnbana. Bnr. 14 og 19, som no var det største bruket, fekk innmarka på nordsida av elva frå Dalevågen opp mot Norddalen, avgrensa mot aust av ei line over Tverrmannsteigane og mot sørvest av jarnbanelina.

2 bruk flytte ut or fellestunet. Bnr. 9 flytte til Myrateigane på nedsida av jarnbanelina. Bnr. 14 og 19 fekk det nye tunet på oppsida av jarnbanelina, eit godt stykke nord for det gamle tunet.

Det gamle tunet på Dale var eitt av dei største fellestun på Vestlandet. Då Instituttet for Sammenlignende Kulturforskning tok til med ei landsomfattande gardsetterrøkjing 1947, vart Dale peika ut som ein av dei gardane som skulle granskast. Innsamlingsarbeidet på Dale vart utført 1953 av Ivar Skre. I det fylgjande vert det gjeve att ymse utdrag av granskingsrapporten. (Utdraga er merkte I.S.)

«Tunet ligg på morenegrunn. Eit morenetrinn deler tunområdet i to. Alle hus, både stovehus og ymse slag uthus, ligg langsetter lengdeaksen i tunet. Ingen hus står på tvert. I alle høve på vestsida er elva ei naturleg grense for busetnaden, og likeins i sør. Den store teigen Smiøynæ var før omflødd av elva, og det hender framleis av og til når elva er svært stor. Dette gamle laupet munna ut der det no heiter Litlelvane, nett sør for slipehuset.

Det er ikkje så lett å skjøna kvifor busetnaden, i staden for å spreida seg mot nordvest, har spreidt seg mot søraust, opp på neste terrassetrinn. Der er vanskar med vatn på øvste terrasse, og alle uthus (florar og løor) ligg av den grunn nede på lægste terrasse, hevda hmsm. Einar Dale. Her nede er rikeleg med vatn. Same hmsm. sa og at når ein kom nærare Norselva, vart der meir grunnvatn; dette kan kanskje ha verka med til å hindra tunvokster den vegen. Kanskje kan omsynet til vertilhøva ha hatt noko å seia i denne samanhengen og. Hmsm. E.D. meinte at tunplassen var den laglegaste og høvelegaste som fanst på garden.

Tunet har god byggjegrunn. Som nemnt er det morenegrunn, elvaskol ( = stein og aur), som hmsm. E. D. sa. Når dei kjem nærare Norsbekkjen, kan det vera meir grunnvatn. Best er det på Storåkeren, men der er det ikkje vatn att. På lægste terrasse er det laglegast av omsyn til vatnet.

Vatn er der rikeleg med. Der tryt aldri vatn. Men oppå øvre terrasse er der ikkje vatn. Uthusa står alle nedom brotet av omsyn til vassforsyninga. (Dette gjeld ikkje hestestallane).

Postvegen Bergen—Oslo gjekk gjennom tunet. Sjølve garden ligg i botnen av ein nokså trong dal, med høge fjell tett innpå, over 500 meter. Frå tunet er der augnesamband til stølen, som ligg på 667 meter over havet, medan tunet ligg på 20-30 meter over havet. Sola er borte 18 vekor om vetrane.

Tunet låg bra sentralt i eigedomen, omlag midt i innmarka, som er stort sett flat. Frå utmarka var det svært tungvint, men det er lendet som her gjer det vanskeleg. Likevel må ein seia at tunet ligg sentralt også når det gjeld sambandet mellom tun og utmark. Tunet ligg i ferdslevegen langs hovudføret, som fører vestetter til sjøen, austetter til utslåttor som låg der busetnaden og fabrikkane på Dale no er.» (I.S.)

Det heiter vidare i rapporten at kvart bruk åtte grunnen der husa stod, og at det som regel var samanheng mellom teigane i og utanfor tunet. I samband med denne granskinga vart det ikkje fortalt munnleg tradisjon om korleis bruksdelinga hadde gått føre seg. Men tradisjonen om avståing av jord frå bnr. 8 og 14 til bnr. 9 og 11 var levande framleis. Under innsamlingsarbeid for bygdeboka vart ein seinare gjort merksam på viktige tilhøve ved den gamle teigdelinga, m.a. uttrykt i ordtaket «Storelutane fylst alltid». Det kunne slåast fast at dette galdt bruka på den gamle Munkelivsjorda. Plasseringa av husa i tunet samsvara langt på veg med delinga i tre brukargrupper som det er gjort greie for ovanfor.

Stovehusa på Munkelivsjorda og Apostelkyrkjejorda låg på den øvste terrassen, oppå Brotet, som dei sa. Brukarane på bispejorda budde under Brotet. Det var berre eitt unnatak, stovehuset åt bnr. 1. Det låg ikkje oppå Brotet saman med husa på dei andre Storelutane (Munkelivsjorda), men under Brotet, saman med husa på bispejorda.

Løene og florane låg som før nemnt under Brotet. Også her var det merke etter gamalt hopehav. Dei to bruka på Apostelkyrkjejorda hadde løene og florane sine hopbygde i ei lengd. Det same galt to av bruka på bispejorda, bnr. 19 og 21.

Då Haldorsbruket vart flytt opp til Laugardsfloten i 1880-åra, flytte bnr. 8 stovehuset ned under Brotet til husgrunnen åt bnr. 1. Bnr. 6 kjøpte stovehuset på eitt av dei andre «fabrikkbruka», bnr. 11, i 1946-47. Dette huset, Andersstova, er truleg eitt av dei eldste stovehusa. Midt i huset er det gang og kjøken i eitt stort rom. På kvar side er det ei stove med kammers innåt.

Lengst sør i tunet vart det skilt ut to hustomter i 1880-åra. Den eine var Smeahuset. Det vart bygt av ein av sønene på bnr. 11, smed Olav Tomasson Dale. Den andre tomta vart kjøpt av ein jarnbanearbeidar. Sjå bnr. 12 og 13.

Lengst nord i tunet, på nordsida av postvegen, vart det også skilt ut ei hustomt 1880. Her bygde lærar Mons Vedå eit hus som vart heitande Skulestova. Sjå bnr. 20.

Husmannsplass kjenner ein ikkje til før 1870. Då vart det tinglyst feste-setel frå eigaren av bnr. 5 på plasset Lauarsfloten med tilhøyrande teigar til Andreas Knutsson og kona Brita Haldorsdtr. Dei hadde vore brukarfolk på bnr. 5 sidan 1868. Sjå nedanfor. Alt i 1874 vart festesetelen innløyst av konsul Peter Jebsen. Andreas og Brita hadde bygt hus på Lauarsfloten medan dei sat med plasset, meiner N.O. Langhelle. Sjå bladet Nordhordland 24/6 1939, «Den første opsitter i Dale-byen».

Tettgrenda kring Dale Fabrikker vart liggjande eit par kilometer nordaust for tunet, i den delen av gardsområdet som dei frå gamalt kalla Kvammen. Ein stor del av området var utmark og låg i felleseige, men Lauarsfloten eller Lauvgardsfloten var inngjerd og delvis oppdyrka. Alle hovudbruka hadde teigar på Lauvgardsfloten til utskiftinga 1880. Då fekk bnr. 1 og 5 innmarka si her oppe. Det vart bygt driftsbygning og paktar-bustad, arbeidarbustader og funksjonærbustader for dei som vart knytte til Dale Fabrikker.

Framvoksteren av busetnaden i tettgrenda, som frå 1964 har hatt namnet Dalekvam, vil det verta gjort nærare greie for seinare i den ålmenne soga. Men i dette bandet vil ein finna ein del kjeldetilfang: Eigarliste og ætte-soge for bnr. 22-462, kart og illustrasjonar. Serleg viktig er John Dales utgreiing som fylgjer nedanfor. Den inneheld også mykje tilfang om utslåtter, seterbruk, stadnamn m.m. I tillegg til det John Dale har skrive om fisket vert det i dei fylgjande avsnitt prenta utdrag frå ein spesialartikkel i By og Bygd, Årbok for Norsk Folkemuseum 1962.

Fisket har heilt frå gamal tid gjeve stor avkasting. Den gamle landskylda på garden var fastsett slik at 6/7 vart betalt med laks og 1/7 med smør.

Men laksen vart ikkje berre brukt til å betala avgifter med. I kosthaldet på garden hadde han nok og sitt å seia. Enno fortel folket i bygda at tenarane på Dale tok seg unna rett til å sleppa eta laks meir enn eit visst tal vekedagar. Dette er ei segn som ein finn i andre delar av landet der det vart rikt laksefiske. Sanningsinnhaldet let seg ikkje så lett kontrollera, men segna gjev i alle fall ein peikepinn om kva stader som var haldne for å ha rikt fiske.

På Dale har dei kunna fiska laks både i sjøen og i elva. I Dalevågen, ein arm av Sørfjorden, hadde grannegardane Helle og Stanghelle også fiskerett. Sjå gnr. 20 og 21.

Vassføringa i elva var svært skiftande til ulike tider på året. Seinhaustes og i vårløysinga gjekk elva stor og stri. Ho grov seg nye laup på den flate strekninga mellom Kvammen og Dalegarden. Sume år gjorde ho stor skade på innmarka. Men når det leid på sumaren, hadde elva som oftast minka mykje ned, og vatnet var stilt og klårt i dei mange hølane frå Dalevågen til opp under Fossane.

Gardsfolket reknar med at der er kring 30 hølar på denne strekninga, og dei aller fleste har namn. Nedst ved vågen er Tveitahølen eller Haga-hølen. Sidan kjem ein til Hesjebakkhølen, Storahedlehølen, øvste og nedste Lammetangen, Bottlastihølen, Vaskehølen (like ved gardstunet), Storsteinane, Kuhølen (der kyrna vassa elva før det kom bru), Bruhølen, Bxrjelahølen, Torvhølen, Gjerdehølen, Geitabakkhølen, Pøyso, Sandlihølen og Marflaten. Dei to siste ligg like nedanfor Dale jarnbanestasjon. Endå er det 8-10 hølar før ein kjem opp til Fossane.


Sidan 1865 har dei leigd vekk fisket i Storelvæ. Ei tid var det bergenserar som leigde, ei tid engelskmenn, og den siste mannsalderen eit jakt-og fiskelag i Dalekvammen. Tradisjonen om korleis gardsfolket sjølve dreiv laksefisket gjeld altså tilhøve som ligg minst 100 år attende, og er som ventande kan vera ikkje så sers detaljrik, men det som folk minnest om dette fisket, har stor historisk interesse.


Til laksefisket nytta dei fleire slag reiskap. Dei fiska med stong, dei kunne stikka fisken med ljoster eller krøkja han med klepp. Johannes Dale fann ei ljoster då dei grov ut ein potetkjellar heime i tunet. Ho hadde to tindar, over 1 cm tjukke, 8-9 cm mellom kvar tind. Til å festa ljostra på skaftet var der ein hake, omlag som på ein ljå.

Det verkelege storfisket gjekk for seg om hausten, når elva var liten og vatnet klårt. Då stod laksen still i hølane, dott i dott, og han var ikkje vanskeleg å få auga på. No fiska dei med storateina, ei stor teine som heile garden åtte i lag.

Storateina var så tung at dei måtte bruka hest når dei skulle flytta henne frå høl til høl. Ho kunne vel vera 4-5 m lang, og tverrmålet ved opninga var 2-3 m. Ved opninga var ein firkanta karm, og strangane som teina var laga av, var feste til denne karmen.

Det var 7-8 hølar i elva der det kunne høva å setja ut storateina. Men det vert hermt etter dei gamle at dei brydde seg ikkje med å setja ut teina dersom det ikkje stod minst 5-6 dottar med laks i hølen. Teina vart sett i stryket nedanfor hølen, og elvelaupet på sidene vart stengt med store steinar og torv. Noko av desse bægjegardane kunne halda seg frå år til år, men mykje vart sopa vekk når elva fløymde opp.

Når elvelaupet var stengt, tok dei til å jaga laksen inn i teina. Dei kasta stein og slapsa i vatnet med stenger. Dette kalla dei å råka. Same verbet vart brukt om drivjakt, råka bjødn, og om å driva fenad til og frå beite. Ein teig lengst vest på innmarka på Dale har namnet Fanaråkjæ eller Fanareråkjæ.

Det var karfolket på garden som styrde med å setja ut teina. Born og ungdom hadde arbeidet med å dra eller bera fisken heim til tuns. Der delte dei fangsten mellom bruka. Storleiken på bruka var svært ulik, men heimelsmennene meiner at alle bruk fekk like store partar av fisken.

Når gardbrukarane hadde fiska det dei ville, fekk husfolk og lausekarar gå åt elva og fiska åt seg.

I sideelvane og bekkene vart det også fiska med teiner. Der gjekk ikkje laksen opp, men sjøaure var det rikeleg av. Kring århundradskiftet kunne dei få aure på opptil 6 kg. At fisket i sideelvane og bekkene har vore verdfullt, syner seg m.a. ved at dei var teigdelte. No vert det ikkje lagt serleg vekt på denne teigdelinga, og fleire av hølane har fått nye namn. Men enno hugsar folk fleire døme på det gamle eigedomstilhøvet: Bnr. 14, Brotane, hadde ein høl ved Lammatangen i Norselva og fleire hølar i Sandlibekken. Bnr. 6, Samelane, åtte Katthølen. Bnr. 8, Dyvikane, åtte Tverrmannsteighølen. Andershølen og Knutahølen i Norselva har vel fått namn etter bnr. 11 og bnr. 18.

Orgateiner kalla dei dei teinene som dei fanga aure i. Dei var laga av hasle- eller raunestrangar, omlag 2 m lange. Ein slik strange kalla dei ein teining. Sume aureteiner hadde firkanta opning, men på andre var opninga oval. Istadenfor karm hadde dei ei gjord av hasleband. Nedover buken på teina var der fleire mindre gjorder. Gjordene var bundne fast til teiningane med bast eller vidjer. Dein siste tida teinene var i bruk, vart det brukt anten jarnband eller ståltråd til gjorder og ståltråd til å festa gjordene med. I enden på teina var teiningane samla ihop til ein lang strut som dei kalla rova. Det var mykje om å gjera at rova var lang og trong, så fisken ikkje fekk snu seg der inne og fara ut att.

Aureteinene vart sette i bægjegardar som dei kalla teinegardar. Dei kunne stå frå år til år, men måtte vølast om og tettast. Sume av teinegardane syner det rester av enno.

Teinefisket gjekk for seg i september og oktober. Når bekkene fløymde opp, gjekk auren oppover mot straumen, men når vatnet tok til å minka, vende han og gjekk nedover. Då var det rette tida å setja ut teina. Ofte sette dei teina ut om kvelden og såg til henne om morgonen. Fisken gjekk som oftast nedover med straumen når det leid på natta. I teina hadde dei eit band som dei feste i bakkebardet eller i eit tre. Oppå teina hadde dei stein for å tyngja henne ned. Det hende at dei sette ut teina, «råka» fisken ned i henne og tømde med det same.

Det var helst gutungane som sette ut aureteiner. Gutar frå fabrikkbyen såg på teinene som dei frå Dalegarden hadde sett ut, og gjekk heim og laga maken sjølve. Dei dreiv og fiska i dei bekkene som låg nærast Kvammen.


Det sermerkte ved desse teinene var at dei ikkje hadde kalv (eit stengje som hindrar fisken i å koma utatt). Difor måtte dei setjast på stader der straumen var stri. Både fiskemåten og nemningsbruken som knyter seg til, har røter langt attende i tida. På dansk område har dei funne fleire fisketeiner frå steinalderen. På norsk område er det ikkje funne teiner, men teinegardar. Fisketeinene som har vore brukte på Dale har vekt åtgaum mellom granskarar. Modellar av aureteina finst på Sunnhordland Folkemuseum, Stord, og Norsk Skogbruksmuseum, Elverum.

Kring 1905 tok dei til å bruka glip i staden for teine. Det var nokre fabrikkarbeidarar ute frå havkanten som lærde dei å laga denne reiskapen. Glipen var ein nettpose, lang og tilspissa sameleis som teina. Ved opninga var det ei gjord. Glipen var mykje lettare å frakta med seg enn den lange teina.

Glipfisket vert drive enno, både på Dale og andre stader i heradet, men det vert helst rekna for å vera eit tidtrøyte for gutungar. På Dale vert glipane sette i nokre av dei gamle teinegardane, som dei etterkvart har gått over til å kalla glip-plassar.


Fisket i Dalevågen er det gjort greie for under gnr. 20 og 21. Her skal ein berre ta med dei siste føresegnene for dette fisket.

«Direktoratet for jakt, viltstell og ferskvassfiske har 1. desember 1966 i medhald av lov om laksefiske og innlandsfiske frå 6. mars 1964 gjeve nye føresegner for fisket i Dalevågen. Føresegnene gjeld frå 1. januar 1967, og dei har ifylgje Norsk Lovtidend denne ordlyden:

Alt fiske med kastenot, setjegarn og liknande reiskap, kilenot, lakseverp og liknande innretningar, er forbode innafor ei line ved utløpet av Daleelva, Vaksdal kommune, Hordaland fylke, som er dregen frå eit med kryss merkt punkt i Stanghelle kai til eit med kryss merkt punkt på austre pynten av Holmen og vidare i rett line til eit med kryss merkt punkt ved Steins-vertet.

Dette forbodet gjeld likevel ikkje fiske med kastenot med moskevidd på 5.8 cm eller meir, kilenot, lakseverp og liknande reiskap, i tida frå tysdag kl. 18 til fredag kl. 18 når slike reiskapar vart nytta før matrikkelrevisjonen etter lov frå 6. juni 1863, og det kan provast at det er teke omsyn til dette fisket ved auke i matrikkelskylda. Brot på føresegnene er straffbart.» (Bladet Bruvik 13.2 1967).



© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy