Bergsdalen Husmorlag, av Klara Lid

Frå Vaksdal Historielag

(Omdirigert frå Bergsdalen Husmorlag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Bergsdalen Husmorlag
Av Klara Lid


Norges Husmorforbund er skipa i 1915. Det er ein yrkesorganisasjon som skal samla norske husmødrer i arbeid for heimane, etisk, sosialt, kulturelt, økonomisk og hygienisk, Norges Husmorforbund vil arbeida etter kristne prinsipp, og er ikkje partipolitisk. Organisasjonen omfatar heile landet, og er delt opp i krinsar og gruppar etter busetnad og geografiske tilhøve. Dei høyrer med sine lover og føremål inn under forbundet, som har sitt hovedsete i Oslo.

Soleis høyrer Bergsdalen Husmorlag til Vossagruppa i Hordaland krins av Norges Husmorforbund.


Guri Bonsaksen frå Voss var ei av eldsjelene i Hordaland krins. Ho reiste ikring i heile fylket og tala N.H. si sak og fekk mange med seg; det eine husmorlaget etter det andre vart skipa der ho for fram.

Ein snøtung vetradag, 7. mars 1954 kom ho til Bergsdalen saman med Kari Naustdal, som då var leiar i Vossegruppa, og Kari Rongen, Evanger. Møtet vart halde i ungdomshuset på Lid, og frammøtet av kvinnene i dalen var godt, Etter at Guri på sin hjartevarme måte hadde tala og halde fram kor mykje sterkare kvinna stod samla i lag for å få gjennomført dei mange oppgåver for heimane, både lokalt og på landsplan, vart resultatet av møtet at I3 kvinner melde seg på for å skipa husmorlag. Dette fekk namnet Bergsdalen Husmorlag, og desse vart valde til styret i laget: Lagleiar Klara Lid, nestleiar Helga Fosse, skrivar Gudrun Folkedal, kassastyrar Jenny Lid og styremedlem Alfhild Berge.


Sidan har laget arbeidt jamnt og trutt, Styre- og medlemsmøte har vore halde, oppgåver og tiltak har ikkje vanta. Samarbeidet innan laget og elles med folk i dalen har vore godt, so dei mange oppgåver laget har teke på seg er vel gjennomførde, Ei oppgåva har vore å skaffa ymse turvande ting til kyrkja vår, som er mest på same alder som husmorlaget. Soleis hadde me borddukar ferdige til matsalen til kyrkjevigsla 3, juli 1955. Seinare er kome gardiner for vindaugo både i salen, sakristiet og dåpsrom.

Til kjøkenet har me etter råd og evna fram gjennom åra skaffa ymse ting både til nytte og pynt, slikt som me husmødrer synest må vera på kjøken og matsal.

Oppe i kyrkja er det kome brurestolar, laga av kunst- og treskjerar Bjotveit frå Kinsarvik, Me har òg gjeve golvteppe på midtgangen og i altarringen.

Ei av dei fyrste oppgåvene me tok i ferd med, var å skaffa radio til skulekrinsane Øye og Hatlestad. Pengar har me skaffa ved årlege basarar med program og festleg samvere for alle som vil vera med oss. Medlemene i laget har gjeve kvar sin ting til basaren, og det har alltid vore god tilslutnad av folket i dalen når husmorlaget har stelt til noko.

I tillegg kjem so at me på kvart møte har ein liten ting til utlodding ved kaffibordet, det går på omgang mellom medlemene.


Studiearbeidet har laget alltid sett på som ein viktig del av lagsarbeidet. Det har vore mange studieringar, gjerne to-tre for året sumtid, både brev- og planringar, Emna har vore svært skiftande, frå dei lette som Potteplantar og Omgangsformer, til dei meir lærerike og tankevekkjande - Møteteknikk, Landbruksrekneskap, Psykologi og andre emne.

Å vera med i ein studiering var alltid ein hyggeleg måte å skaffa oss lærdom og vidsyn på, syntest me.

Me har og hatt demonstrasjonar og kurs i ymse matvareslag. Sykurs har me hatt fleire av, både for manns- og kvinneklede, I eit av desse sydde me husmorlagsdraktene våre.

Største tiltaket i kursverksemda er at me har lært bilel- og åklevev. Me såg dette som ei stor og viktig oppgåva å få fram att i bruk den gamle vene krokbragdvevinga, (brottkvitlar) og andre mønstersortar. Her var me so heldige å ha lærarar mellom medlemene våre, Kari Hatlestad i åkle og Gerd Norun Haga i biletvev. Me har fått bruke Hatlestad skule til vevstova. Og etter at det er bygd ny skule på Lid for heile dalen, og dei gamle skulestovene Øye og Hatlestad går ut, har husmorlaget fått tilbod om å overta Hatlestad skule vederlagsfritt som gåva frå kommunen. Med stor takksemd og gleda tok me mot den gilde gåva, som sikra oss husrom i framtida og.


Bilete s. 493 Bergsdalen Husmorlag.


Der har me 8 vevstolar ståande med kvar sitt mønster, der unge og eldre kan gå og veva når tid og høve er til det. Framtidsplanane er å ha denne vevstova ståande, både til hobby og heimeindustri. I fleire år har me no hatt arbeidsstova for bom, der både guter og jenter i skulealderen får læra og laga nyttige ting, Dette styrkjer skapartrongen og gjev arbeidsglede.

Me har dg medlemer som tek seg av dei minste, 3-6 år, der dei kan leika og utfalda seg på ymse vis, og læra å vera saman. Elles har mc ofte borna med oss på festar og tilstellingar, sumtid òg som programhjelparar, der dei fører fram små sketsjar, eller kjem med song- og blokkfløyteinnslag.


Husmorlaget har teke opp og løyst ymse saker til heile dalen sitt beste. Soleis kan nemnast at me fekk bussruta endra frå kl. 7 til kl. 9 kvar onsdagsmorgon for folk som vil til Dale for å handle. Likeeins fekk me handelsmennene på Dale til å yta fraktfri matvaresending til folk i Bergsdalen ein gong i veka.

Me søkte kommunen om å få fast renovasjonsruta i dalen, og fekk det, Og sist, men ikkje minst, fekk me etter søknad og noko venting, godt elektrisk ljos på alle busshaldeplassar der det er fastbuande folk. Alt dette er folk glade og takksame for.

Om sumaren har me ikkje møte, men tek oss gjerne ein tur i staden. Då har me mennene med oss og legg turen til ein stad som kan vera av interessa for alle. Soleis har me vore på Bergensmeieriet med omvising der, Hjeltnes hagebruksskule, Havrodalen med fellesbeite, Gjerstad museum, Voss og Mølstertunet, Eksingedalen, Vik i Sogn med gamle stavkyrkja, Vaksdal Mølle og Dale Fabrikker og andre stader. Dessutan har me hatt fleire stølsturar her i dalen. På desse sumarturane har det vore god tilslutnad. Alle har tykt at det var ei oppleving og avkobling frå det daglege å koma seg ut å få sjå nye stader og ymse tiltak og verksemder både av gammalt og nytt. Både Billaget og Jordbrukslaget har vore rause og støtta oppunder slike turar.


Som før nemnt er samarbeidet med folket og andre lag her i dalen godt, og Husmorlag, Ungdomslag, Jordbrukslag og Losje går gjerne saman om ymse tilskipingar og festar.

Møta vore får me halda i kyrkjesalen (kjellaren), og me synest det er godt å koma saman og drøfta ymse ting, både på det lokale plan, og i grupper og krins av Norges Husmorforbund. Me har alltid utsendingar på dei ymse møte, og deltek i styre og nemnder. Medlemstalet vårt har auka, me er no 23 medlemer. Om sume vert eldre og kan mindre vera med, so er yngre husmødrer komne i staden, og me vonar at på den måten kan og vil Bergsdalen Husmorlag halda fram og gjera sin innsats i komande tider òg.


Desse har vore lagleiarar frå 1954-1977:
Klara Lid, Alfhild Berge, Marta Rødland, Jorun Brekke.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy