Nese

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 12:05, 11 desember 2008 by Rolferik (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka

Gards og ættesoge for Nese.

Fil:Nese 01.gif


NESE
GARDSNR. 88 I HOSANGER, NO NR. 56 I VAKSDAL HERAD

Innhaldsliste

Innleiing

Nese ligg 17 km oppe i dalen frå Eidsland. Næraste grannegardane er Vetlejord, fem km nedanfor, og Flatekvål to km ovanfor.

Om gardsnamnet heiter det i «Norske Gårdnavne»: «Udtales Næse, (i Næsæ) —3/4 Ne B 1620 og 1667, Næsse 1723. Navnet har bestemt form og bør skrives Neset». Me veit ikkje av at bygdefolk segjer «i Næsæ» om denne garden. Det er alltid på Næse. Derimot segjer dei i Næsæ (Hevika-Næsæ) om bnr. 3 i Høvik. Namnetydingi er det ingi vanskar med her. Garden er eit breidt nes som lagar ein liten bøyg ut i Nesvatnet.

Det finst ingi fråsegn om kva tid garden vart bygd, og me veit ikkje om fornfunn som kan fortelja noko om kor gamal garden kan vera. Truleg var Nese fyrst bygd litt nedanfor Flakollsfossen på dei flate holmane der, og det som no heiter Furneset var då ein lut av innmarki. Johan Litleskare nemner dette i boki «Øydejorder». (Sjå nr. 26 i Hosanger skipreida, Øyane). Der hev synt visner etter tufter og rudning heilt fram til våre dagar. Området der er no ei mengd holmar og øyar, det heiter Øyane, millom grunne kvisler som hev grave seg veg og mynner ut i Nesavatnet. Det er rimeleg at elvi hev gjort so stor skade at dei måtte flytta busetnaden, og at garden då vart bygd der han no er. — Garden hev lege øyde etter svartedauden. I Lensreknesk. 1603/04 heiter det: «Nes ligger øde», men i 1608/09 er det kome brukar.


Nese hev området sitt på båe sidor av dalen, og det når frå Jubotnen i Vetlejord-marki og opp til Flakollsfossen. Grensa mot Vetlejord går yver elvi på lag ved Jubotsfossen. På nordsida av dalen fylgjer ho Joskarbekken heilt yver høgdi i Joskaret og litt ned på Jarinden. Der byrjar grensa mot Almelid, og sidan vert det merke mot Farestveit. På sørsida av dalen går merket mot Vetlejord søretter frå Jubotsfossen opp til Merkeshjellen og nokolunde i same leid mot Orraspelrustna, Vetlehaugen og Daurmålshaugen, og fylgjer sidan fjellkanten til Gavleberget beint opp for Vetlejordgarden. Der møtest dei tre gardane, Nese, Vetlejord og Høvik. Sidan vert det grensa mot Høvik, Leiro, Øvstedal og Lavik.

Om grensa mot Flatekvål, sjå under Flatekvål!

Innmarki på Nese er nokso oppstykkja. Hovudluten ligg langs Nesvatnet, på nordsida, fyrst ei smal remsa med flatlende nedåt vatnet, og so eit slakt hall opp til der husi står, men både ytst og inst på bøen er hallet bratt, so det høver lite til åkerlende. Inst er haugar og humpar og grunnlendt, og noko det same ytst og. Men frå husi og ned mot vatnet er djuplendt og god jord. Her hadde dei det meste av åkrane den tidi dei dyrka korn. Litt lenger ned med vatnet er Kalvaneset, eit breidt, flatt nes som er dyrka no, og ovanfor vegen der er Leirhaugen, som og er oppdyrka. Innanfor heimebøen, ved Sprakhaugen, og Stien, der skulehuset i Flakollkrinsen står, er eit par teigar oppdyrka siste mannsalderen.

So hev me Storneset bortanfor elvi. Det vart eit heilt bruk etter utskiftingi 1928. Det er no oppdyrka for det meste, og er vorte det finaste bruket på garden med heile bøen samla i ein teig kring husi.

Det gamle tunet på garden var der som dei fleste husi no står. Ovanfor vegen var Oppe-husi, attunder bakken, og florshusi, dei same som står der enno, tett i vegen. So kom Jakob-husi med ei høg tropp av tre, heilt frå vegkanten og opp til inngangsdøri. Florshusi låg nedanfor vegen. Der hadde Nere-luten sine hus og, både bustadhus og florshus. Der trongst ingi tropp, for husmuren kom berre eit stig yver jordi. Inst kom so «Idna-husi», eller «Ridna-husi», som me segjer det, tett inn mot Haugen, med stovehuri ovanfor og floren nedanfor vegen. Der er og ei høg tropp opp til inngangsdøri. Det var ikkje langt frå dør til dør millom grannane i Nes-tunet.

Etter utskiftingi kring 1928 vart det noko skipling med dette tunet. Idna-husi står som fyrr, og på Oppe-luten er berre ny stovebygning sett opp nett sunnanfor den gamle. Men Jakob-luten bygde nytt både bustadhus og florshus, båe nedanfor vegen og lenger vest en fyrr. Nere-luten fekk innmarki si i Storneset, bortanfor elvi, og hyste opp der, og hev sidan dyrka det meste av sin lut der.

Nese hev eit stort utmarksområde på båe sidor av dalen. Frå grensa mot Vetlejord i Jubotnen og til Flakollfossen er det yver 4 km etter køyrevegen. Nesvatnet er omlag 3 km langt frå Lon-enden og inn til Øyane, og er vel det lengste vatnet i dalen. På nordsidan, frå Furerinden og opp til Lonenden, er Setmarki, ein flat mo frå elvi og bortunder lidi. Her er einaste hamnegangen garden hev på denne sida av elvi. Her hadde dei vårflorar til beisti, og etter det hev Florsbekken og Florsfossen fenge namn. Frå Lonenden og heile vegen langs vatnet er det bratte lider med hamrar og svad og ulende. Her er Storesvåi, og der går snjoskridor kvar einaste vetter, so det er jamt eit strev med å moka braut so vegen vert farande. Litt lenger oppmed vatnet er Tullstien. Fyrr køyrevegen vart bygd, gjekk fjellhamaren her stupbratt ned i vatnet, so der var ikkje framkomande med øyk. Då var det Jakob Olavson Nese, brukar på Jakobsluten 1823 — 1855, tok seg til ein haust og køyrde stein og slumpa ut i vatnet langs hamaren, fyllte opp og jamna til og la store hellor oppå, so no kunne dei fara med klyv der og. Det er fortalt at han hadde to drenger med seg og heldt på i ni vekor med dette arbeidet. Mest inst ved Nesvatnet, der Kvednhusbekken kjem ned, heiter det Lidi, og der er slåttor heilt frå. elvi og opp til fjellkanten. Der er store slåttor og 4 lødor. Det var her Nes-ane hadde «sjoarvegen» sin. Når dei skulle til Mo, tok dei opp Lidi og innetter fjellet til dei kom i reitlevegen frå Flakoll til Farestveit. Når ein er komen opp brattaste lidi, heiter det Klyvstadlen. Nedanfor er lidi so bratt at dei kunne ikkje klyvja. Dei måtte klyvja av og bera vara eit stykke her når dei skulle opp eller ned lidi.

På sørsida av elvi hev Nese det meste av beitemarki si. Her er mest heile området beistehage. Berre eit par slåttor var inngjerde so ikkje kyrne kunne gå der. Nedmed vatnet var Bulegena, ein flat bakke der kyrne gjerne låg når dei hadde metta seg. Det var ikkje serleg gode beite, korkje her eller i Setmarki. Men so hadde dei Sødalen. Der var stølen, og der hadde dei beitevidder nok og godt gras. Kvart bruk hadde sitt eige stølshus med mjølkesel og stova heilt til 1928. Det var det store ræseåret, og då tok ræsingane alle selt. Våren etter gjekk eigarane i lag om å byggja opp att eitt hus. Det vart nytta nokre år, men snart vart det slutt med stølsdrifti. Stølsvegen tok omlag ein time, og det var vanleg at budeione gjekk heim ein eller to dagar for veka den tidi dei hadde kyrne på stølen.

Eit stykke utanfor Nes-stølen er Brattefonni. Der går ein gangstig yver til Norddalsstølen og vidare til Øvstedalen, Meland, ned Fyreslidi til Ronga ovanfor Bolstad. Den vegen for ofte folk frå Flakoll og Modalen når dei skulle yver til Bolstad. Mange modøler og eksingedøler busette seg på desse gardane i Evanger. Lenger ute i Sødalen hev det vore dyregraver. Det er truleg hjort dei hev fanga her.

Garden hev nøgdi vedaskog, og noko hev vorte seld òg, men fureskog er der ikkje meir enn til eige bruk, og knapt nok det. Det er fortalt at i 1700, eller 1701, var det lauseld i Lavik, og alle husi brann opp. Det var om våren, og det var om å gjera å få oppsett nye hus att sa fort som råd var. Dei fekk då hogga tømmer på Nese, og etter den tid hev ikkje fureskogen kome seg til att, er det sagt.

Det meste av barskogen på garden hev vore hopaskog, men det er ikkje uvanleg at eitt bruk eig barskogen, og eit anna bruk eig lauvskogen i same teigen.

Kvernstødet hadde bøndene frå fyrst av i Kvednhusbekken nedunder Lidi. Det var bra med vatn, men bekken var so leid til å ræsa at dei flytte kverni bortom elvi til Bekkjena. Der var vel ikkje stort tryggare, og so samdest dei om å byggja kvern i Flakollfossen. Der hadde flakollsbøndene fyrr brote ut eit skar for kvernglipen i fossebruni, sa dei fekk lagleg kvernvatn. Etter noko krangel gjekk flakollsbøndene med på at Nes-ane skulle få byggja kvernstøde nedanfor Hallvard-kverni og bruka glipen, mot at dei heldt damluka.

Det var sagbruk òg i Flakollsfossen. Den fyrste som sette opp sag var Knut Andersson Lavik. Han kjøpte bruk 5 på Flatekval i 1854, og fekk lov av grannane til å setja opp sag nedanfor kvernhusi deira. Han fekk og nytta kvernglipen deira, men soleis at flakollsmennene hadde fyrste retten til vatnet når dei ville mala. Det var oppgangssag, og ho var i bruk til 1884. då Knut for til Amerika. Nokre år seinare kom Jakob Olavson Nese på bruk 3 og baud seg til å setja oppatt sag, dersom han fekk taka yver tufti og rettane som Knut hadde hatt. Det vart dei samde om. og Jakob sette opp sirkelsag som var i bruk yver 20 år. Då var både hus og slok so forfare at det var ubrukande. Då kom Olav K. Nese på bruk 4 og kravde at Jakob skulle setja sagi i stand att, elles ville han ha plassen og setja opp sag. Endskapen vart at Olav fekk taka yver. Han bygde opp att og sette sagi i stand, og brukte henne so lenge han var for til det, Sidan var sonen Kristian «sagmann» ei tid, men no er det lenge sidan sagi var i bruk.

Frå gamal tid var det nok husdyrhaldet som gav meste levemåten til dei som budde her. Men etter kvart som folketalet vaks, auka både sånad og avling, og i 1875 sådde dei på Nese 12 1/2 tunna havre og 14 tunnor potetor. Med so stor åkervidd, vart det nok markahøyet å lita på til fór. Men markaslåttone låg langt borte, og haust-teigar i liene var det og lite av. men so hadde dei Øyane, og der fekk dei jamt både mykje og godt høy. Ofte hende det at elvi fløymde yver her, og varde flaumen lenge, vart det heller skralt med avlingi, og ilt å slå for all sanden som låg att i grasroti. Sume holmar var serleg utsette, og dette var sikkert grunnen til at det vart skift soleis at to bruk byttest om å slå dei kvar sitt år. Etter at kunsthevd kom i bruk for ålvor, fekk bøndene auka avlingi munaleg her. Sume bruk hadde løa i øyane til noko av høyet. men det meste vart ført heim om sumaren, og då vanleg med båt.


Til attåtnæring kan ein kanskje nemna fisket i Nesvatnet. Her hev det alltid vore rikeleg med aure, men han er heller små. Likevel vart det jamt henta heim eit matmål frå elvi, strundom med trova og stundom med garn. Då kunne dei få byttevis. Han Gamle-Semen som budde på Idna-luten i mange år, fiska, salta og røykte småauren, og heldt seg soleis med fisk lengste tidi av året er det sagt.

Eigarar.

1608: Stigtens, 3 års bygsel, 1 spann smør.

1647: Stigten eier og bygsler 2. pd. smør.

1660: Kongen eier og bygsler 2 1/2 pd. smør. 1664: Abell Munthe eier og bygsler.

1673: Abell Munthe Peder Lembs.

1691: Hans Lilienschiold eier hele bruket 1 pd. smør.

1700: Fru Sidzelle Kaas.

1708: Asessor Willum Hansen.

1756: Skøyte frå Jan van de Veldes dødsbo til Monsiur Jaen Frøchen 2. pd. 12 mrk. smør.

1764: Skøyte til Studiosus Herman Jansen Frøchen på 2 pd. 12 mrk. smør for 45 riksd.

Same dag: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til:

Johannes Jensen, 1 bpd. smør 44 rd. Ole Jensen, 18 mrk. smør 33 rd.

Brynield Nesse, 18 mrk. smør 33 rd.

Skyld og utreidslor.

I Jordeb. 1624/25 er Leding og Frelse for Nese 3 kalvskinn, og det same i 1644/45. I 1609 er skyldi 1 spann smør, d.v.s. 18 mrk., 1626 2 pd. smør. 11660 er det 2 1/2 pd. smør, og med det står skyldi til 1838. Då vert det pengeskyld, og garden får ei skyld på 2 dalar 2 ort 22 skilling, revidert til 4 dalar 1 ort 1 skilling. I 1886 vert skyldi omgjord til marka-skyld, og Nese får då 7 mark 14 øre.

Fødnad, sånad og avling.

I Kvegskatten 1657 brukar Lauritz heile garden og føder 1 hest, 1 ukse, I kviga, 5 kyr, 12 geiter og 18 smalbeist.

I matrikkelen 1667 er det to brukarar, og fødnaden er 2 hestar og 20 naut. I matr. 1723 er det 3 bruk på Nese, og fødnaden er 2 hestar, 13 kyr, 5 ungnaut og 30 smalbeist. Dessutan heiter det: «Ingen Husmandsplass. Seter 1/2 mil fra Gaarden, Brendeved og litt Furu til Husfornødenhed.

1 Flomkvern, Aarvant med Kørn og tungvunden med Høesambling. Lever bare at Kvegavling».

I 1803: Framleis 3 bruk som føder 26 kreaturer og 32 får.

I 1865: Fire bruk. Fødnad 4 hestar, 43 storfe, 101 sauer, 8 geiter, 1 gris. I 1875: 4 hestar, 2 fyl, 1 ukse, 29 kyr, 4 ungnaut, 57 sauer, 1 gris.

Sånad og avling.

1803: Sånaden er 6 1/2 tonnor havre, og avlingi er 20 tunnor.

1865: Sår 12 tunnor havre og 14 tunnor potetor. Ikkje nemnt avling. 1875: Sår 12 1/2 tunnor havre, 17 tunnor potetor. På bnr. 4 er dessutan sått 1 tunna havre til grønfor og 4 skålpund grasfræ. Det er fyrste gongen me høyrer om slik sånad på Nese.


1863: «Jordbrugsbeskrivelsen». Dei 4 bruki hev tilsaman: Åker og dyrka eng: 9 da. godt, 9 da. medels godt og 6 da. ringt. Natrurleg eng: 14 da. god, 23 da. medels, 24 da. ring. Dei haustar 2825 våger høy, av det 1730 v. markahøy. Beit og skav er rekna til knapt 3 kufor. Dei sår 13 tunnor korn og haustar 59 t., sår 16 t. potetor og haustar 72 t. Fødnaden på garden er 31 kyr, 9 ungfe, 4 hestar og 112 smalbeist.


1959. Etter «Norske Gardsbruk».

Bruk 1. Dyrka jord 25 da. (mold og myrjord), anna jordbr. areal 7 da., prod. skog 200 da. Bustadhus bygt 1896, driftsbygn. 1930. Brt. 30.000 kr. Fødnad: 1 hest, 42 sauer, 2 griser.


Bruk 2. Dyrka jord 23 da. (mold og leirjord), anna jordbr. areal 35 da., prod. skog 200 da. Bustadhus bygt 1903, driftsbygn. 1897. Brt. 37.000 kr. Fødnad 1 hest, 4 kyr, 2 ungdyr, 8 sauer, 1 gris og 15 høns.


Bruk 3. Dyrka jord 37 da. (mold), anna jordbr. areal 10 da., prod. skog 200 da. Bustadhus bygt 1928, driftsbygn. 1927. Brt. 70.000 kr. Fødnad: 1 hest, 4 kyr, 2 ungdyr, 20 sauer, 1 gris.


Bruk 4. Dyrka jord 35 da., anna jordbr. areal 10 da., prod. skog 200 da. Bustadhus og driftsbygning bygde 1928. Brt. 50.000 kr. Fødnad: 1 hest, 4 kyr, 2 ungdyr, 16 sauer, 2 griser.

BUSITJARAR

Bruk 1. «Dar idn».

1603 er fyrste gongen me finn garden nemnd. Då heiter det i Lensregnsk.: «Nes ligger øde».

1608. Skattemanntalet fører no brukar på Nese. Han er skriven

1. Oluff på Nes. Han får bygsel på heile garden, som er 1 sp. smør, og han er åleine brukar til 1615. Då kjem ein ny mann. Lauritz, som får bygsla 4 alb. i Nese, og han betalar 1 1/2 dalar i fyrstebygsel for den vesle parten. Me veit ikkje noko om fødsels- og dødsår eller øm giftarmål og born til Oluff og Lauritz.

1619 får Niels Mogensen bygsel på heile garden.

2. Nils Monsson Nese, d. 1643, g. m. Kari.

Born:

Lauritz, som vert næste brukar.

Lauritz (Lars) Nilsson sit no med heile garden frå 1642 til 1660. Då vert garden skift i to jamstore bruk, kvart på 1 pd. sm. Her på br. kjem då Nils Knutson, og Lars sit med den parten som fekk br. nr. 3. Sjå meir om han der!

3. Nils Knutson Nese. Veit inkje om giftarmål og bom. I «Tingsvidne» 26.5. 1664 heiter det at Niels Knudsen er «børtrømbt», og me veit ikkje kvar det vart av han. Buet etter han vart då «optaget og registrert», og me tek det med her til eit døme på verdsetjingar den tid.

Tingsvitne Nese 26.5. 1664.

Etterlatt eiendom takseres som følger:

Thri kiør for 9 rdr.

1 quie for 3 rdr.

Thri kalffuer 2 1/2 rdr.

Thri quier 6 rdr.

Tvende smaa garkalffuer 2 rdr. 5 ort.

It ung hors 2 rdr.

1 koe som tilhørte forbemeldte quindfolk 3 rdr.

Siuff søuffer med fire lamb 2 1/2 rdr.

3 vejrer 1 rdr.

Fire gieder med 3 kid 2 rdr.

Thri killer 1 rdr.

En liden buck 1/2 rdr.

37 mielkekiørler 1/2 rdr.

1 øltønde 1 ort.

3 stryker 12 sk.

1 kiød Traug 4 sk.

8 smaa Leies 2 sk.

1 liden gammel kiste 6 sk.

En Holt Øxs 1 ort.

1 gammel greff och hage 2 sk.

1 gammel bøtt Jerngryde 1 ort.

1 Iiden gammel underdyne 1 1/2 rdr.

1 gammel aaklede och 2 gamble quitler 3 ort.

3 søffschind 8 sk.

Høe i Laden for 1 rdr.

6 voger neffr 1/2 rdr.

Ny huggen tilfang til it lidet smalhus 1 1/2 rdr.

1 wasbaad 4 ort.

Niels skylder skatt 2 rdr. 4 sk. 1 alb., og hans gjeld til Christoffer Cortz i Bergen 18 rdr. 4 sk. 1 alb. Endel andre gjeldsposter: Jacob Fladequall angav at Niels Jacobsen ibm. har at kreve barnepenge 2 rdr. Johannes Lillejord angav at hans bror Ole Johansen hadde å kreve et lån på

1 rdr. Lauritz Ness fordret for 1 tønde malt 1 rdr. Simenn Fladequall fordret 4 1/2 ort. Niels Fladequaall angav at Baard Otterstad krevde lånte P. 1 ort. Johannes Nummedal for Tiende 1 1/2 rdr. Johannes Haldorsen ibm. for arbeid 25 ort. Niels Fladequaall fordret på Johans Ø. Hellands vegne lånte P. 1 rdr. Britte Ladvig resterende lønn 1 rdr. Samme på Britte Øxendals vegne 1/2 rdr. Groden settes til 5 rdr. 12 sk. 2 alb.

Hans efterlatte Boe och formueffe beløber (naar schyld och gjeld fratages) udi 5 rdr. 12 sk. 12 alb.

1664. I prestemanntalet 1664 og i 1667 heiter brukaren Ole, og sameleis i futeregnsk. 1691.

4. Olav Nese, f. 1635, d. 1696 g.

1. m. Ingeborg, f. 1653, d. 1685.

2. Brita Johannesdotter, f. 1664, d. 1718.

Born:

  1. Siri (frå 1. ektesk.), g. 1692 m. Knut Johannessen Grøsvik.
  2. Daudfødd 1689.
  3. Anna i. 1691, g. 1715 m. Jon Knutson Hesjedal br. 1, Stamnes.


1701. Manntalet hev Olav Knutson på dette bruket, og det må vera han som i 1696 vart g. m. enkja her. Kvar han er frå, er uvisst, for i kyrkjeboki då dei er vigde, er det berre siste bokstavane i gardsnamnet som er råd lesa, men dei kan tyda på at det skal vera Øvstedal.

5. Olav Knutson (Øvstedal?), f. 1668, d. 1742, g.

1. 1696 m. Brita Johannesdotter, f. 1664, d. 1719.

2. 1721 m. Maria Jonsdtr. Hesjedal, br. 1, f. 1692, d. 1733.

Born:

  1. Kari f. 1703, g. m. næste brukar her.
  2. Marta f. 1706, g. 1734 m. Knut Olavson Lavik br. 5.
  3. Brita f. 1710.
  4. Brita f. 1728, g. 1767 m. Olav Magneson Eide.

1739. Bygselbrev frå Willum Hansen til Jens Halvorson.

6. Jens Halvorson Nese, f. Lavik br. 5 i 1714, g. 1735 m. Kari Olavsdtr. Nese, f. 1703 d. 1765.

Born:

  1. Johannes f. 1737. Næste brukar her.
  2. Maria f. 1739, g. m. Anders Herlaugson Yksendal br. 2.
  3. Anna f. 1740, g. 1768 m. Sjur Olavson Straume br. 2.
  4. Olav f. 1743. Brukar nr. 2 på Nese br. 4.

1764: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Johannes Jensson på dette bruket, 1 pd. sin. for 44 rd.

7. Johannes Jensson Nese, f. 1737, d. 1790, g.

1. 1765 m. Ragnhild Torbjørnsdtr. Yksendal, f. 1741, d. 1783.

2. 1784 m. Marta Brynjelsdtr. Meland, f. i Evanger 1741, d. 1807.

Born:

  1. Haldor f. 1766, næste brukar her.
  2. Torbjørn f. 1768, d. 1771.
  3. Kari f. 1770.
  4. Torbjørn f. 1772, d. 1772.
  5. Anna f. 1773.
  6. Brita f. 1777, d. 1777.
  7. Brita f. 1782, d. 1782.
  8. Jens f. 1785, g. 1831 m. Agata Mikkelsdtr. Fjellanger br. 1 f. 1787.
  9. Ragnhild f. 1787, d. 1788.
  10. Ranveig f. 1789, d. 1827.
  11. Knut f. 1794. g. 1817 in. Marta Helgesdtr. Øvre Helland br. 5.


1783: Skifte etter Ragnhild Torbjørnsdtr. Bruket vart då utlagt med 12 mrk. sm. til enkjem. Johannes Jensson, 6 mrk. til sonen Haldor og 3 mrk. til kvar av døtterne Kari og Anna.

1790: Skifte etter Johannes Jensson. Hans part av bruket vart då utlagt til Johannes Olavson Straume, som var panthavar i bruket. I 1789 skøytte systrene Kari og Anna sine partar til broren Haldor, og i 1793 fekk han skøyte frå Johannes Olavson Straume på resten av bruket.

1793: 8. Haldor Johannesson Nese, f. 1766. d. 1843, g. 1789 m. Siri Johannesdotter, f. 1766, d. 1852.

Born:

  1. Johannes f. 1790, næste bonde her.
  2. Johannes f. 1792, g. 1822 m. Brita Helgesdtr. Eide og bygsla bnr. 2 der 1822 — 1837.
  3. Brita f. 1794, g. 1821 m. Johannes Askjellson Geilen, tenestedreng på Mo.
  4. Ragnhild f. 1796, g. 1826 m. Jon Johannesson Lavik, br. 2.
  5. Brynjel f. 1798, g. 1824 m. Agata Jakobsdtr. Farestveit br. 3, g. 2. g. m. Kari Larsdtr. Flatekvål br. 6 f. 1790.
  6. Olav f. 1800, g. 1862 m. Brita Olsdtr. Løtveit.
  7. Knut f. 1802.
  8. Knut f. 1803, g. 1823 m. Marta Bergesdtr. Styve. Dei fl. til Frekhaug i 1828.
  9. Brita f. 1807, g. 1833 m. Anders Ingebrigtson Bindingsbø, I. 1804.
  10. Einar f. 1810, bonde her på bnr. 2.

1814: Skøyte frå Haldor Johannesson til eldste sonen.

9. Johannes Haldorson Nese, f. 1790, g. 1815 m. Kari Johannesdtr. Flatekvål, br. 1, f. 1795. Ikkje born.

1834: Bygselbrev frå Johannes Haldorsen på halve bruket, 12 mrk. smør, til Einar Haldorson, yngste broren, og Einar gjev vilkårbrev til Jøhannes.

1839: Skøyte frå Johannes Haldorson på andre halvparten av bruket til Helge Bertelson Eide. Einar får skøyte på den halvparten han fyrr hev bygsla, i 1841. Dermed vert dette bruket delt i to jamstore bruk med skyld 12 mrk. smør på kvart. Einar får bnr. 2. Kåret som Johannes Haldorson skal ha, vert lagt på den nye eigaren av bnr. 1.

10. Helge Bertilson Nese, f. Eide br. 2 1809, d. 1879, g. m. Åse Ivarsdtr. Meland, frå Holsenøy, f. 1809, d. 1873.

Born:

  1. Ingeborg f. 1835, fødd på Myster.
  2. Bertel f. 1837, d. 1844.
  3. Brita f. 1839, tvilling. Flytta til Askøy i 1878.
  4. Marta f. 1839, tvilling, g. 1863 m. Mons Helgeson Dyvikteigen, Haus, f. 1835.
  5. Ivar f. 1842, næste bonde her.
  6. Johannes f. 1844, g. 1872 m. Brita Jakobsdtr. Nøttveit, Manger, f. 1831.
  7. Siri f. 1846.
  8. Anna f. 1848.
  9. Dordi f. 1851, d. 1872, ug.
  10. Bertel f. 1855, d. 1856.

1866: Skøyte frå Helge Bertilson til sonen Ivar for 350 spd. og kår:

11. Ivar Helgeson Nese, f. 1842, d. 1918, g.

1. 1870 m. Anna Larsdtr. Eide, br. 3, f. 1852, d. 1891.

2. 1893 m. Maria Persdtr. Stranda, frå Vannylven, f. 1852, d. 1939.

Born:

  1. Helge f. 1871.
  2. Lars f. 1872, d. 1893.
  3. Dorteus f. 1874, jernb.arb., bust. Rødland, Haus.
  4. Ivar f. 1876, busett i Gudbrandsdalen.
  5. Andreas f. 1877, busett i Hallingdal.
  6. Ingebjørg f. 1880, g. 1911 m. Ananias Hansson Austrheim, bust. Sagvåg.
  7. Brita f. 1882, bust.Stord
  8. Ingebjørg f. 1883.
  9. Anna Maria f. 1885, d.1895.
  10. Johannes f. 1888, til USA
  11. Martinus f. 1891, bust Haukeland.
  12. Anna Matilda f. 1895.
  13. Daudf. gjenta f. 1899.


1885: Skøyte frå Ivar Helgeson Nese til Ivar Olavson Lavikhaugen på dette bruket for 1500 kr. Sjølv kjøper Ivar Helgeson gard på Rødland i Haus og flytter dit med huslyden sin. Dei 5 siste borni vart fødde der.

Ivar Olavson fekk i 1874 skøyte på det plasset i Haugen som far hans, Olav Jakobson Flatekvål fekk bygsla der i 1837. Han sat ikkje lenge med bruket her på Nese. Alt i 1888 selde han det til broren Anders og flytte heimatt til Haugen og budde sidan der med lyden sin. Sjå Lavikhaugen br. 2!

1888: Skøyte frå Ivar Olavson til broren Anders for 1500 kr.


12. Anders Olavson Nese f. Lavikhaugen br. 2 1844, d. 1935, g. 1869 m. Kari Larsdtr. Århus, frå Evanger f. 1847, d. 1930.

Born:

  1. Jakob f. 1869, næste bonde her.
  2. Anna f. 1871, g. 1891 m. Olav Knutson Nese, br. 4.
  3. Olav f. 1873, g. m. Marta Johannesdtr. Eide, hadde telefonstasj. på Eidsland.
  4. Lars f. 1875, d. 1945, ug. vegarb. bust. Myster bnr. 10.
  5. Johannes f. 1878, g. 1900 m. Gjertrud Jakobsdtr. Myster f. 1874, 9 born.
  6. Simon f. 1881, d. 1938, g. 1909 m. Gunnbjørg Jakobsdtr. Høvik f. 1885, 3 born. Bust. Rødland, Arna sokn.
  7. Andreas f. 1884, g. m. Inga Knutsdtr. Mellesdal f. 1889, bust. Myster br. 26.

1910: Skøyte frå Anders Olavson Nese til sonen Jakob.

13. Jakob Andersson Nese f. 1869, d. 1959, g. 1895 m. Gjertrud Torkjellsdtr. Lee f. 1870, d. 1965, frå Vik i Sogn.

Born:

  1. Thea f. 1896, g. 1921 m. Gudmund Knutson Høvik br. 3.
  2. Kari f. 1898, g. 1927 m. Hårik Johannesson Flatekvål, br. 1.
  3. Arnfinn f. 1899, næste brukar her.
  4. Brita f. 1902, d. 1975, g. m. Ingebrikt Olavson Eikefet, Stamnes.
  5. Trygve f. 1905, ug. vegarb. bust. Nese.
  6. Nolevande f. Nolevande f. 1912, d. 1969, ug. vegvaktar.

1942: Skøyte frå Jakob Anderson Nese til sonen Arnfinn.

14. Arnfinn Jakobson Nese, f. 1899, d. 1981, ug.

Arnfinn dreiv bruket saman med foreldri so lenge dei var arbeidsføre, og sidan med noko hjelp av syskini fram til kring 1969. Sidan var det grannen, Jakob Olavson på bruk 3, som loa det meste av heimebøen. Arnfinn slutta med å halda kyr på bruket, og dreiv berre med sauer dei siste åri.

1983: Skøyte frå buet etter Arnfinn Jakobson Nese til Olav Jakobson Nese.

15. Olav Jakobson Nese, f. 1950 g. 1978 m.

Britt Bruvik f. 1957 frå Dale.

Sjå bruk 3.


Bruk 2. Oppeluten.

1834: Bygselbrev og 1841 skøyte frå Johannes Haldorsen på halve bnr. 1 til broren Einar.

3. Einar Haldorson Nese, f. 1809, d. 1856, g. 1834 m. Anna Nilsdtr. Øye, Stamnes, f. 1809, d. 1875.

Born:

  1. Nils f. 1835, næste bonde her.

1863: Skøyte frå enkja Anna Nilsdtr. Nese til sonen.

2. Nils Einarson Nese f. 1835, g. 1860 m. Maria Knutsdtr. Lavik, br. 5 f. 1838, d. 1921, fødd i Jordal, Hamre.

Born:

  1. Ingebjørg f. 1864. d. 1886, drukna i Sødalselvi, ug.
  2. Einar f. 1865, d. 1865.
  3. Anna Malena f. 1867, d. 1872.
  4. Nilsina f. 1869, d. 1949, g. 1892 m. Andreas Olavson Nese, br. 3.
  5. Anna f. 1871, g. m. em. Oskar Mehus frå Dale, Bruvik, bur i Odda, ei sdotter, Nelly.
  6. Anna Malena f. 1872, d. 1888.
  7. Einar f. 1873, næste bonde her.
  8. Kristina f. 1876, d. 1945, g. 1906 m. Olav Jakobsen Nese, br. 3, og bur der.
  9. Knut f. 1879, d. 1959, g. 1928 m. Karom. Karolina Andersdtr. Hagen, Stamnes f. 1896 d. 1956.
  10. Agata f. 1881, d. 1890.
  11. Johannes f. 1882, handelstyrar i Odda, g. og hadhadde born. I. Maria f. 1884, ug. bust. Nese.

1906: Skøyte frå Nils Einarson Nese til sonen Einar.

3. Einar Nilsson Nese, f. 1873, d. 1961, g. 1905 m. Guri Johannesdtr. Flatekvål, br. 1, f. 1883, d. 1971.

Born:

  1. Nils f. 1906. Næste bonde her.

Einar var i lang tid postførar i ruta Eidsland-Flatekvål, attåt at han dreiv garden.

1941: Skøyte frå Einar Nilsson Nese til sonen

4. Nils Einarson Nese, f. 1906, d. 1957, g. 1946 m. Jenny Monsdtr. Hagen, frå Stamnes, f. 1914, ikkje born.


1959: Skøyte frå enkja Jenny Monsdtr. til syskinbarnet til mannen hennar

4. Nolevande Nese, f. 1930, g. 1958 m. Nolevande, f. 1932.

Bor:

  1. Nolevande f. 1959.
  2. Nolevande f. 1960.
  3. Nolevande f. 1963.
  4. Nolevande f. 1964.


Bruk 3. Jakob-luten.

1660. Garden vert skift i 2 bruk, og Lars Nilsson som fyrr sat med heile garden, vert sitjande med dette bruket.

1. Lars Nilsson Nese f. 1617, d. 1681688, g. m. Synneva f. 1620, d. 1701.

Born:

  1. Åsmund f. 1641.
  2. Agata f. 1651, g. 1683 m. Knut Larsson Nygard hr. 3 og bur der.
  3. Mogens f. 1653.
  4. Knut f. 1655 g. 1691 m. Randi Johannesdtr. Lavik br. 4.
  5. Knut f. 1661.
  6. Anna g. m. næste brukar her.

1691. Enkja Synneva sit med bruket til 1691, då sdotteri Anna gifter seg med Anders Johannesson Vetlejord. Dei sit då med bruket til han døyr i 1737.

2. Anders Johannesson Nese, f. Vetlejord 1663, d. 1737 g.

1. 1691 m. Anna Larsdtr. Nese.

2. 1730 m. Anna Larsdtr. Øvre-Helland, br. 5, f. 1700 d. 1736.

Born:

  1. Johannes f. 1692. Brukar på Nese br. 4.
  2. Anna f. 1694 d. 1767 g. 1729 m. Johannes Nilsson Lavik br. 1.
  3. Lars f. 1697 d. 1705.
  4. Namnlaus f. og d. 1732.
  5. Lars f. 1734 d. 1735.

1737 vert Brynjel Simonson Høvik br. 4 g. m. Synneva Johannesdtr. Nese br. 4, og dei må ha fenge bygsel her, det går fram av næste bygselbrev.


3. Brynjel Simonson Nese, f. Høvik 1708 d. 1738, g. 1737 m. Synneva Johannesdtr. Nese, br. 4.

Born:

Anna f. og d. 1738.

1739 gifter enkja Synneva seg att med Johannesson Bergeson Steinsland br. 1, og 1740 får han bygselbrev frå Jan van de Velde på dette bruket.

4. Johannes Bergeson Nese f. Steinsland br. 1 1708 g. 1739 m. enkja Synneva Johannesdtr. Nese f. 1714 d. 1791.

Born:

Brynjel f. 1743. Næste brukar her.

1764. Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Brynjel Johannesson for 33 rd.

5. Brynjel Johannesson Nese f. 1743, d. 1800 g. 1767 m. Kari Johannesdtr. Otterstad, br. 5 f. 1748.

Born:

  1. Ragnhild f. 1768.
  2. Johannes f. 1772. Brukar nr. 5 i Lavikhaugen.
  3. Torkjell f. 1778, g. m. Brita Ivarsdtr. Høvik br. 4. Bust. på plasset Torkjelltræet, Straume.
  4. Anna f. 1780.
  5. Synneva f. 1784.
  6. Helga f. 1787 i Haugen.
  7. Gjertrud f. 1790 i Haugen, g. 1814 m. Peder Knutson Mo br. 3, plassm. i Nordre Sundet, sidan på Høvik.

1784. Brynjel Johannesson gjer gardabyte med Knut Eilevson Lavikhaugen og flytter dit, og Knut Eilevson kjem her.

6. Knut Eilevson Nese, f. Lavikhaugen 1742, d. 1828, g.

1. 1765 m. Kari Olavsdtr. Lavik, br. 5, f. 1740, d. 1819.

2. 1820 m. «kvindemennesket» Marta Nilsdtr. Styve, f. 1790.

Born, sjå Lavikhaugen nr. 4!

1795. Skøyte frå Knut Eilevson til eldste sonen Olav på dette bruket for 100 spd. og kår til foreldri.


7. Olav Knutson Nese, d. e. f. 1775, d. 1847 g. m. Maria Knutsdotter, f. 1774, d. 1844.

Born:

  1. Jakob f. 1797. Bonde nr. 9 her.
  2. Guri f. 1799.
  3. Kari f. 1801.
  4. Knut f. 1803. Brukar på Bukkstein br. 1 etter faren.
  5. Knut f. 1806, g. m. Marta Andersdtr. Mo i Stamnes. Bur Kleiveland.
  6. Olav f. 1809, g. m. enkja Anna Johannesdtr. Veo br. 4.
  7. Kristbjørg f. 1811 d. 1812.
  8. Eilev f. 1813. Busett Manger.
  9. Kristbjørg f. 1817 g. 1849 m. Johannes Bergeson Toskedal br. 3.
  10. Olav f. 1821, g. m. Dorthe Johannesdtr. Kvamme, Stamnes, bust. Nøttveit, Manger.

1806 gjev Olav Knutson bygselbrev til broren Olav Knutson d. y. på dette bruket, halve bruket for 16 år, og andre helvti for 20 år. Sjølv for han til Bukkstein i Stamnes og bygsla br. 1 der. Dei 6 siste borni hans vart fødde der.

Olav d.y. sat no med heile bruket her til 1820. Då skøyter Olav d.e. halve bruket til eldste sonen sin, Jakob Olavson for 100 spd., og i 1823 får Jakob skøyte på andre helvti og, og sit sidan med heile bruket.

8. Olav Knutson Nese d.y., f. 1780, g. 1806 m. Marta Andersdtr. Flatekvål, br. 2, f. 1783.

Born:

  1. Anna f. 1811.
  2. Agata f. 1814.
  3. Anna f. 1814.
  4. Anders f. 1817.
  5. Knut f. 1820.

9. Jakob Olavson Nese, f. 1797 g.

1. 1820 m. Ragnhild Olavsdtr. Nese, br. 4, f. 1794, d. 1820.

2. 1822 m. Brita Olavsdtr. Nese, f. 1803, d. 1889. Halvsyster til Ragnhild.

Bom:

  1. Olav f. 1823. Næste bonde her.
  2. Olav f. 1826 g. m. Brita Olavsdtr. Høvik br. 4 f. 1842 d. 1882. Til Ljosvoll i Fana 1871, til Bjørndal i Haus 1878. I 1886 er nemnt 2 born, Jakob og Oline Josefine. Sjå Flatekvål br, 6!
  3. Ragnhild f. 1830 g. m. Jakob Andersson Flatekvål br. 2 — 3 og bur der.
  4. Knut f. 1833 g. 1866 m. Anna Johannesdtr. Høvik br. 3. Bur Ljosvoll i Fana.
  5. Maria f. 1834 g. 1866 m. Johannes Mikkelson Lavikhaugen og bur der.
  6. Anna f. 1837 g. 1869 m. Johannes Olavson Lavik br. 6 og bur der.
  7. Maria f. 1841 g. 1864 m. Jakob Mikkelson Fjellanger br. 1 og bur der.
  8. Jakob f. 1844 g. 1868 m. Anna Knutsdtr. Lavik br. 5 f. 1846. Budde Vetle-Dale i Vik i Sogn frå 1871, men for sidan til Amerika.

1855. Skøyte frå Jakob Olavson til sonen Olav Jakobson for 200 spd. og kår.

10. Olav Jakobson Nese, f. 1823, d. 1893, g. 1858 m. Brita Rasmusdtr Vetlejord, f. 1832, d. 1912.

Born:

  1. Jakob f. 1858. Næste bonde her.
  2. Rasmus f. 1859 og bur der. 1 dotter Ingebjørg f. 1888. Rasmus var bygningsmann.
  3. Knut f. 1863 g. 1911 m. e. Ingeborg Andersdtr. Kleiveland f. Austre Kleppe, Hosanger. Bonde på Leiro. 4 born.
  4. Andreas f. 1865 g. 1892 m. Nilsina Nilsdtr. Nese br. 1. Han kjøpte gard i Arhelleren, Evanger og budde der. Enkja flytte attende til Nese då Andreas døydde og budde der sidan. 2 døtrer, Maria og Bergitta.
  5. Johannes f. 1870 d. 1912. Ug. leigearb.
  6. Maria f. 1871 d. 1945. Ug. leigearb. serleg bakstedeia.

1893. Skøyte frå Olav Jakobson til sonen Jakob Olavson for 1200 kr. og kår.

11. Jakob Olavson Nese, f. 1858, d. 1939, g. 1882 m. Dordei Jakobsdtr. Flatekvål, br. 2, f. 1862, d. 1944.

Born:

  1. Berta f. 1883, d. 1928, g. 1907 m. Olav Monsson Vetlejord br. 2 og bur der.
  2. Olav f. 1884, næste bonde her.
  3. Jakob f. 1886, d. 1962, g. 1915 m. Petra Rasmusdtr. Hundven, bonde Hundven i Lindås, 5 born.
  4. Ragna f. 1889, d. 1965, g. 1922 m. Johannes Ivarson Y. Arna, bust. Stamnes, 4 born.
  5. Tor f. 1891, togførar Holmenkollbanen Oslo, g. og 2 born.
  6. Margit f. 1893, d. 1953, g. 1920 m. lærar Hans Jakobson Høvik, bust, Oslo, 3 bom.
  7. Dagny 1. 1895, d. 1936, g. 1921 m. handelsstyrar Lars Larsson Vassenden, bust. Stamnes, 6 born.
  8. Johan f. 1899, baneform. Holmenkollbanen Oslo, g. og 2 born.
  9. Signy f. 1904, d. 1924, ug.
  10. Fosterson Erling, f. 1908 d. 1975 g. ni. Margit Johannesdtr. Nesse. Bust. Myster br. 8. Inkje born.

1926: Skøyte frå Jakob Olavson til sonen Olav for 1600 kr. og kår.

11. Olav Jakobson Nese, f. 1884, d. 1953, g. 1906 m. Kristina Nilsdtr. Nese, br. 1, f. 1876, d. 1945.

Born:

  1. Dina Maria f. 1907, d. 1938, g. 1929 m. Ingvald Haldorson Hoshovde. Bust. Hoshovde, 2 born.
  2. Ingebjørg f. 1908, g. m. Mathias Halsteinson Leiren, bust. Stamnes, br. 52, 5 born.
  3. Margit f. 1909, g. m. Magnus Anderssøn Bjørkheim, vegarb., bust. Stamnes, 3 born.
  4. Astrid f. 1909, tvilling, g. m. Hermann Davidson Gullbrå, bust. Gullbrå.
  5. Nolevande f. 1912, næste bonde her.
  6. Nolevande f. Nolevande f. 1913, d. 1969. g. m. Knut Olavson Hesjedal, anleggs-arb., bust. Lofthus i Hardanger.
  7. Nolevande f. 1915, trikotasjearb. Hosanger, ug.
  8. Nolevande f. Nolevande f. 1922. g. 1947 in. Aletta Olaisdtr. Farestveit, bust. Hosanger, 3 born.

1945: Skøyte frå Olav Jakobson Nese til sonen Jakob for 1500 kr. og kår, 5 års verd 1500 kr.

13. Jakob Olavson Nese, f. 1912, g. 1943 m. Kari Gudmundsdtr. Høvik, br. 3, f. 1921.

Born:

  1. Nolevande f. Nolevande f. 1945, g. 1965 m. Jan Ingvard Norheim, sjåfør, bust. Norheimsund.
  2. Nolevande f. Nolevande f. 1948, g. 1967 m. Arnold Olavson Nordheim, sjåfør, bust. Myster.
  3. Nolevande f. 1950.


1979: Skøyte frå Jakob Olavson Nese til sonen Olav.

14. Nolevande Nese, f. 1950 g. 1978 m. Nolevande, f. 1957, frå Dale, Vaksdal.

Born:

  1. Nolevande f. 1979.
  2. Nolevande f. 1980.

Bruk 4. Nere-luten.

1712. Bygselbrev frå Willum Hansen til Johannes Andersson på 18 mrk. smør. Det er halvparten av bruket som faren Anders Johannesson sat med. Sjå br. 3!

1. Johannes Andersson Nese, f. 1692, g.

1. 1713 m. Ragnhild Johannesdtr. Øye, Stamnes, 1. 1681, d. 1738.

2. 1739 m. Kari Hallvardsdtr. Flatekvål, br. 1, f. 1695, d. 1770.

Born:

  1. Synneva f. 1714, d. 1791, g. 1737 m. Brynjel Simonson Nese br. 3.
  2. Johannes f. 1716 d. 1763, g. 1738 m. Anna Johannesdtr. Lavik br. 1 og bur der.
  3. Ragnhild f. og d. 1740.

1764. Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Ole Jonsen på dette bruket for 33 md. Ole er den Ole Jonsen Hevigen som var med i strilekrigen i 1765. Han hadde permisjon frå kongens garde i København, og var på veg attende dit då han uventa kom med i dette upplaupet i Bergen, fordi han måtte venta på skipshøve tii Danmark. Han vart rekna for ein av hovudmennene i upplaupet, og var ein av dei fire som vart dømde til dauden i 1767. Men domen vart umgjord til livsvarigt festningsarbeid. Og alt i 1769 eller 1770 må dei ha sloppe frie, for i 1770 vart Ole gift, og i 1772 hev han dåpsbarn ifrå Nese.

3. Olav Jonson Nese f. Høvik br. 4 i 1738, d. 1773, g. 1770 m. Ragnhild Johannesdtr. Lavik, br. 1 f. 1741, d. 1831.

Born:

  1. Jon f. 1771, d. 1772.
  2. Anna f. 1773, g. m. brukar nr. 5 her.

1775. Enkja Ragnhild Johannesdtr. gifter seg att med Simon Johannesson Flatekvål, og same året får han bygsel på bruket frå verja for Anna Olavsdotter, Johannes Høvik.


4. Simon Johannesson Nese f. Flatekvål br. 6 i 1746, d. 1788, g. 1775 m. e. Ragnhild Johannesdtr. Nese f. 1741, d. 1831.

Born:

  1. Anna f. 1775 g. 1813 m. Anders Johannessøn Lavik br. 1.
  2. Olav f. 1778 d. 1781.
  3. Maria f. 1781.
  4. Johannes f. 1784.

1790 vart Anna Olavsdotter, nr. 3 b, gift med Olav Knutson Hermundsdal, og same året får han skøyte frå ervingane etter Simon Johannesson på deira partar i bruket, og Olav og Anna sit med heile bruket.

5. Olav Knutson Hermundsdal f. 1763, d. 1796, g. 1790 m. Anna Olavsdtr. Nese f. 1773, d. 1860.

Born:

  1. Ragnhild f. og d. 1793.
  2. Ragnhild f. 1794, g. 1820 m. Jakob Olavson Nese br. 3.

1797. Enkja Anna Olavsdtr. gifter seg att med «skoleholder» Olav Nilsson Farestveit br. 8, og same året får han bygselbrev frå verja for Ragnhild Olavsdtr. på hennar part, og han og Anna sit då med heile bruket, 18 mrk. smør.

6. Olav Nilsson Nese, f. Farestveit 1771, d. 1860, g. 1797 m. Anna|Olavsdtr. Nese%Olav%son%sdotter f. Anna Olavsdotter, f. 1773, d. 1860.

Born:

  • Olav f. 1798, d. 1800.</li>
  • Olav f. 1800. Næste bonde her.</li>
  • Brita f. 1803, g. 1822 m. em. Jakob Olavson Nese br. 3.</li>
  • Simon f. 1807, g. 1840 m. Kari Torkjellsdtr. Straume f. på Høvik 1817. Til Litlebergen i 1841.</li>
  • Nils f. 1811, g. 1844 m. enkja Brita Olavsdtr. Flatekvål br. 2 —3 og bur der.</li>
  • Maria f. 1814, g. kr. 1839 m. Johannes Knutson Høvik br. 3 og bur der.</li>
  • Kari f. 1817, d. 1905, g. 1842 m. Brynjel Torkjellson Straume (Torkjelltræet).</li>
  • Olav f. 1821, g. 1. g. 1854 m. Agata Hallvardsdtr. Flatekvål br. 1, g. 2. g. 1861 m. Kari Hallvardsdtr. Flatekvål, syster til Agata. Bust. Vinåsen i Haus.</li> </ol> Me finn ikkje skøyte til næste bonde, men skiftet etter han viser at han hadde heimel til bruket. 7 . Olav Olavson Nese, f. 1800, d. 1848, g. 1. 1828 m. Brita Johannesdtr. Simenes, f. 1805, d. 1829. 2. 1830 m. Gjertrud Knutsdtr. Høvik, br. 4, f. 1812, d. 1883. Bom:
    1. Knut f. 1829, d. 1829.
    2. Brita f. 1865. Flytte til Lee i Vik 1867. Fekk 2 born til. Den yngste, Gjertrud f. 1870, kom til Nese som kona på br. 1.
    3. Knut f. 1834, næste bonde her.
    4. Olav f. 1836, d. 1915, g. 1897 m. Ragnhild Gudmundsdtr. Eikefet. Bust. Høvik.
    5. Anna d. e. f. 1839, g. 1868 m. Olav Olavson Lavik, br. 4. Bur Vik i Sogn.
    6. Anna d. y. f. 1842, g. 1869 m. Jakob Olavson Lavik, br. 4. Bust. Vik i Sogn.
    7. Helga f. 1845, g. 1869 m. Anders Olavson Lavik, br. 4.
    8. Knut f. 1847, g. m. Gjertrud, Bust. Laksevåg. Han var maskinist til sjøs. 2 born.

    1869: Skøyte frå Gjertrud Knutsdtr. til sonen Knut d. e., som gjev kårbrev til mori.

    8. Knut Olavson Nese, f. 1834, d. 1902, g. 1864 m. Maria Olavsdtr. Lavik, br. 4, f. 1832, d. 1919.

    Bom:

    1. Olav f. 1865, næste bonde her.
    2. Anna f. 1866, d. 1939, g. 1888 m. lærar Peder Hansson Lillejord, bust. Øyestad, Arendal, 11 born.
    3. Gjertrud f. 1868, g. 1889 m. Anders Andersson Steinsland, bust. Heimdal.
    4. Martines f. 1870, d. 1916, g. m. Sofia Lygre. Bust. Øyestad.
    5. Olina f. 1874, g. m. Arne Linga, Hardanger. Bust. Øyestad.
    6. Maria f. 1879, g. 1900 m. Jon Larsson Bø, Voss, jarnvegsarb. bust. Øyestad.

    1899: Skøyte frå Knut Olavson til sonen Olav Knutson for 1500 kr. og kår.

    9. Olav Knutson Nese, f. 1865, d. 1946, g. 1891 m. Anna Andersdtr. Nese, br. 1, f. 1871, d. 1936.

    Born:

    1. Maria f. 1892 d. 1964 g. 1916 m. Jon Basteson Hauge frå Haus. Dei budde på Borgo og hadde 2 bom: Bjarne Odd og Inga Helena. Då Maria vart enkja, flytte ho heimatt til Nese med borni. 1 1931 kjøpte ho br. 1 i Leiro og budde der til 1935. Då borni vart vaksne og flytte ut, busette dei seg på Ask, og Maria flytte og dit, og ho døydde der.
    2. Kristian f. 1893, næste bonde her.
    3. Kari f. 1895, d. 1953, g. 1918 m. Johannes Nilsson Hagen, Stamnes, snikkar, bust. Mysterøyri.
    4. Augustin f. 1897, d. 1969, g. 1930 m. Gjertrud Olavsdtr. Eide, bust. Munkabotnen, Myster.
    5. Malena f. 1899, d. 1923, ug.
    6. Arne f. 1901, g. m. Anna Nilsdtr. Nesheim, bust. Brakestad.
    7. Sigmund f. 1903, g. m. Karen Askjellsdtr. Kleiveland, bust. Myster, bnr. 35.
    8. Olav f. 1905, g. 1935 m. Agnes Olavsdtr. Lavik, br. 6, bust. Leiro, sidan Myster.
    9. Gunnar f. 1909, g. m. Aslaug Jakobsdtr. Eide, bust. Eide.
    10. Nolevande f. 1912, g. m. Teodor Trå, Skulestadmoen, Voss.

    1926: Skøyte frå Olav Knutson Nese til sonen Kristian.

    10. Kristian Olavson Nese f. 1893, d. 1974, g. 1919 m. JohannaJohanna Olavsdtr. Hauge, frå Haus, f. 1898.

    Born:

    1. Nolevande f. 1920, næste eigar her.
    2. Nolevande f. 1921, snikkar, g. 1949 m. Solveig Olavsdtr. Titland, bust. Sandviken, Bergen.
    3. Nolevande f. 1926, g. 1948 Nolevande f. 1927, bust. Haukeland i Haus. Maskinkøyrar.
    4. Nolevande f. 1932, lærar, g. 1957 m. Tove Gunnarsdtr. Nyborg, Oslo, bust. Asker.
    5. Nolevande f. 1942, elektrikar, g. 1968 m, Svanhild Bjarnesdtr. Elvheim. Bolstad. bust. I. Arna.

    11. Olav Kristiansson Nese,f. 1920, g. 1947 m.

    Bergljot Sigurdsdtr. Beckstrøm frå Hosanger, f. 1926.

    Det er dei som no hev heimel til dette bruket. Han er elektrikar og bur i Indre Arna. og driv ikkje garden. Det er Jakob Olavsson på br. 3 som brukar det frægaste av innmarki.


    Folketal.

    1645. Kopskatten: 4 yver 15 år.

    1667. Prestemanntalet: 5 mannspersonar.

    1701. Manntal: 4 mannspersonar.

    1801. Folketeljing: 29 menneske i alt, av dei er 4 tenarar.

    1865. Folketeljing: 30 menneske i alt, av dei er 4 kårfolk og 8 tenarar. 1875. Folketeljing: 36 menneske i alt, av dei er 4 kårfolk og 3 tenarar.

    1900. Folketeljing:

    Bruk 1. . Jakob Andersson og kona med 3 born og 2 tenarar, og foreldri hans. I «føderådshuset» Simon Jakobson Flatekvål, som er pensjonert lærar og kårmann.

    Bruk 2. . Einar Nilsson, husbond og ug., med 3 syskin: Kristina. tenestgj., Johannes, jordarbeidar, og Knut, skomakar. So er det foreldri til Einar, som er kårfolk. I serskilt bunadshus bur Andreas Olavson Nese og kona med 2 born, og so Dordei Knutsdtr. Flatekvål, ug. og strikkar.

    Bruk 3. . Jakob Olavson med kona og 8 born, mor hans, som er kårenkja, og 2 av syskini hans: Johannes, «blikkenslager», og Maria som driv med handarbeid.

    Bruk 4. . Olav Knutson og kona med 5 born, foreldri hans som er kårfolk, bror hans, Martines er fråverande. Her bur og syster hans, Maria Knutsdtr. Bøe med sdotteri Margreta. Jon Larsson Bøe, mannen til Maria er jarnbanearb. og bur på Voss.


    © Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
    Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

    © Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
  • Personlege verktøy