Song til Bergsdalen, av Vilhelm Rogdo
Frå Vaksdal Historielag
(Skilnad mellom versjonar)
												
			Rolferik (Talk | bidrag)
(New page: '''Song til Bergsdalen ''' ''Tone: So må du då min beste gut. '' Her strøymer veldet inn på deg,<br/> her ser du fjelli reisa seg.<br/> Med res og skard og haugar grå<br/> :/: og...)
Gå til neste skilnaden →
Versjonen frå 11:31, 8 januar 2008
Song til Bergsdalen
Tone: So må du då min beste gut.
Her strøymer veldet inn på deg,
 
her ser du fjelli reisa seg.
Med res og skard og haugar grå
 
- /: og tjørner små :/:
 
som speglar kvelven djup og blå.
I botn brusar stride elv
so lufti bårar, grunnen skjelv.
 
Og bekkjer i dei bratte hall
- /: og fossefall :/:
 
som kvite band frå pall til pall.
Og geisledans kring haug og hø
og glim og glans kring drivkvit snø.
 
Som løyner stakk og stuv og stein
 
- /: og luft so rein :/:
 
helsebot for kvar og ein.
Ein dåm av dette veldet ber
 
den gilde trauste folkeferd.
 
Som voks seg ven i harde kår
 
- /: i strid so sår :/:
 
mot snø og storm og seine år.
Vilhelm Rogdo
 
1922.
