Olav Nygard
Frå Vaksdal Historielag
(Skilnad mellom versjonar)
Reveka (Talk | bidrag)
(New page: <br> <table width="90%" border=0> <tr> <td width="4%"></td> <td width="10%"></td> <td width="10%"></td> <td width="10%"></td> <td width="50%"><font size="+1">MITT EINASTE KVAD</font></td> ...)
Gå til neste skilnaden →
Versjonen frå 13:46, 26 november 2010
MITT EINASTE KVAD |
Det kjem kje ein dag | D'er lint som ei susing | ||
som kann finne meg glad | i levande fjell, | ||
so lenge d'er uskapt | d'er dulramt som jordkjelda | ||
mitt einaste kvad. | djupt nedi deld. | ||
Det brenn i mitt blod | D'er løyst som den velfarsong | ||
og det tyngjer mi tunge, | sjælene sender | ||
det styn i mitt hjarte | at verda når ut til sitt | ||
og skjelv i mi lunge. | upphav dei vender. | ||
Det leikar av glede, | D'er ukvede endå; | ||
det bøygjest av sut, | det faun ikkje ord; | ||
det bivrar av solkraft | det sigler i syner | ||
og sprakar av krut. | og drøymer i jord. | ||
Det gøyser som gove | Og det er min otte | ||
or brandheite kjelar, | at brennhugen spaknar | ||
som fossen og fjellbekken | so kvade vert uløyst | ||
syng det og spelar. | når livstråden raknar. | ||
© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org