Song til Bergsdalen, av Vilhelm Rogdo
Frå Vaksdal Historielag
(Skilnad mellom versjonar)

| Line 23: | Line 23: | ||
og glim og glans kring drivkvit snø.
| og glim og glans kring drivkvit snø.

Som løyner stakk og stuv og stein
| Som løyner stakk og stuv og stein

| - | :/: og luft so rein :/:
| + | :/: og luft so rein :/:

helsebot for kvar og ein.  | helsebot for kvar og ein.  | ||
Versjonen frå 10:52, 9 januar 2008
Song til Bergsdalen
Tone: So må du då min beste gut.
Her strøymer veldet inn på deg,

her ser du fjelli reisa seg.
Med res og skard og haugar grå

:/: og tjørner små :/:
som speglar kvelven djup og blå.
I botn brusar stride elv
so lufti bårar, grunnen skjelv.

Og bekkjer i dei bratte hall
:/: og fossefall :/:
som kvite band frå pall til pall.
Og geisledans kring haug og hø
og glim og glans kring drivkvit snø.

Som løyner stakk og stuv og stein

:/: og luft so rein :/:
helsebot for kvar og ein.
Ein dåm av dette veldet ber

den gilde trauste folkeferd.

Som voks seg ven i harde kår

:/: i strid so sår :/:
mot snø og storm og seine år.
Vilhelm Rogdo

1922.