Stamnes kyrkjeSTAMNES KYRKJE

Prestegjeld:         Vaksdal
Sted:                         Stamnes
Namn:                     Stamnes kyrkje
Arkitekt:               Peter Høier Holtermann
Byggjeår:              20 oktober 1861.
Materiale:            Tre
Kyrkjetype:        Langkyrkje
Sitjeplassar:        250
Altertavle:            Maleri ”Kristus og Synderinden” av Asor Hansen, 1861.
Orgel:                       Norsk Orgel Harmonium A/S, 1963.
Kyrkjeklokke:   2 klokker, ei eldre som vart støypt om i 1881 og ei nyare.

Historie
Haus prestegjeld var eit stor prestegjeld og prestane klaga på lang skyss til Stamnes.
Prost Münster på Voss la i 1839 fram eit forslag til å dela Haus prestegjeld. Han ville ha Stamnes som ei annekssokn under eit nytt Evanger prestegjeld. Dette var det stor motstand mot blant folket på Stamnes. Haus prestegjeld vart i kongeleg resolusjon av 20. juni 1868 delt, Bruvik og Stamnes vart lagt i det nye Bruvik prestegjeld. I 1968 vart Stamnes lagt til Vaksdal prestegjeld.

Den fyrste kyrkja på Stamnes var truleg ei stavkyrkje, Nemd som Stafnes kirke i 1328. På 1300 talet er det nemnd i Bjørgynjar Kalfskinn om jordeiga til presten på Stamnes. Det er nedre Stamnes, som truleg var hans bustad.

Etter svartedauden gjekk det dårleg med Stamneskyrkja, ho vart lagd til Haus prestegjeld og nedgradert til kapell. I tida 1582-1590, under sokneprest Stephan Tommessøn fekk den gamle stavkyrkja ny innreiing. Ny preikestol i 1582 og faste stolplassar kring 1590.

Kring 1617 vart det sett opp ny tømmerkyrkje med kor og skip. I 1659 kjem Stamneskyrkja med i rekneskapet igjen, då som eigar av Hermundsdalen.

Under det store kyrkjesalet i 1724 vart Stamneskyrkja seld til Kristian Krogh i Bergen. Kyrkja var på sal i 117 år og hatt mange eigarar. I 1772 kjøpte Mons Olsen Dale Stamneskyrkja. Han var bygslemann på kyrkja sin gard, Hermundsdalen. Kyrkja var i Hermundsdalsfolket si eiga fram til 1857, då Stamnes ”sogns Almue” overtok. Den gamle kyrkjedøra skal vera i Hermundsdalen.

Gamlekyrkja vart for liten og ei ny vart bygd. Den 20 oktober 1862 vart den nye kyrkja vigsla.

Av gamle skattar kan nemnast, ”et par smukke Luisestager” 1708, disk og kalk av sølv frå 1713. Altertavla kom på plass i perioden 1740-1750, og vart truleg gjeven av sokneprest Gjert Geelmuyden. Lysestakane er framleis i bruk.

Gravplassen på Stamnes er fyrste gong nemnd i Tandberg si oppmåling i 1852. Ting tyder på at det har vore gravstad der tidlegare.

Kilde:
Bruvik soknestyre, Bruvik Kyrkjor og Kristenliv.
Soga om Stamneskyrkja