EKSINGEDALEN KYRKLJE
Prestegjeld: Vaksdal
Sted: Flatekvål
Namn: Eksingedalen kyrkje
Arkitekt: Hartvig Sverdrup Eckhoff
Byggjeår: 12 juli 1883.
Materiale: Stein
Kyrkjetype: Langkyrkje
Sitjeplassar: 120
Altertavle: Maleri av Jesus den gode hyrde, signert Gundrosen 1960.
Orgel: Norsk Orgel og Harmoniumfabrikk, Snertingdal 1986.
Kyrkjeklokke: 1 klokke, F. Ingebrigtsen, Bergen 1882.
Historie
Eksingedalen tilhøyrde i eldre tider Mo kyrkjesokn.
I 1881 vert Modalen og Eksingedalen eigne sokner i Hosanger. I 1964 vart Eksingedalen overførd til Bruvik prestegjeld, og i 1968 til Vaksdal prestegjeld.
Fyrste gongen det er nemnd eit kyrkjehus i Eksingedalen er i 1666. Sokneprest Garmann i Hamre prestegjeld skriv då om kyrkjene i prestegjeldet og nemner to kapell. Det eine er på Mo og ”det andet kaldet Fladequal, hvilket underholdes af 9 bønder. Och fordi de samme 9 mand nu ere forarmede, med tiden kommer til nedfalds. Liggende under Moe kircke, hvilken de i førstningen optog til kirkegår fordi veien var for lang og besveerlig for dem at føre deres liig om vinten ned til kircken. Siden blef dem bevilget at sette derpå en kircke, hvorudi der blifuer prædiket en gang om året dog ikke uden at det begieres. Liggende —7— miler fra prestegården udi nordost 4 miler til vands og 3 til lands. Hvilke ere meget besværlige». Garmann sytte vel for kyrkjene sine, og kapell kyrkja på Flatekval fekk glas. Det største og gildaste, inneheld ei rute med namnet Anders Garmann og årstalet 1683. Dette er no på Bergen museum.
I 1883 vart kapellet revet og seld på auksjon. Tømmeret vart spreitt i dalen og brukt til ulike ting. Den gamle kyrkjedøra vart brukt som møkhusdør på Lavik. Den kom fram at i samband med 50 års jubileet. Etter at ho vart reingjord kom det fram mange innskorne namnetrekk og årstalet 1626. På ein planke var det skore inn årstal 1627, så mykje kan tyda på at kapellet vart bygd i den tida. Den gamle døra heng no i våpenhuset.
Det var ikkje mykje dei tok med seg frå gamlekyrkja, ein gamal offerpung med skaft og dåpsfatet frå 1739. Fatet er i bruk endå. Eit gamalt alterskåp frå katolsk tid, to tinnkar, altarkalk, disk og treljosekruna er i dag på Bergen Museum.
Kyrkja fekk straum i 1975. Sundag 19. oktober var fyrste gonge det vart nytta elektrisitet til varme og lys. Ljosekruna og lampettar var ei gåve frå BKK.
I 1982 vart det bygd sakristi, dette er seinare utvida med bårerom og toalett.
Ved 100 års feiringa i 1983 vart det reist ei minnestøtte av Nils Lavik like utanfor kyrkja. Nils var bonde, emissær og bibelskulelærar. Han var og den fyrste Stortingsrepresentanten til Kristeleg Folkeparti.