Eidsland

EIDSLAND KAPELL

Prestegjeld:        Vaksdal
Sted:                         Eidsland
Namn:                     Eidsland kapell
Arkitekt:                Heradsagronom R. Njerve
Byggjeår:               29. april 1925
Materiale:             Tre
Kyrkjetype:         Langkyrkje
Sitjeplassar:        90
Altertavle:            Frå 1957, måleri av Kristus på Krossen, ukjent målar.
Orgel:                        Elektronisk orgel (1970)
Kyrkjeklokke:   1 klokke frå Olsen & Søn, Nauen, Tønsberg. Innskrifta er LAND LAND LAND HØR HERRENS ORD.

Historie
Eidslandet og nedre delen av Eksingedalen høyrer til Stamnes sokn. Kring 1900 tok eidsfjordingane til med innsamling av midlar til eit bedehus. I 1912 kom ynskje om eit kapell. I 1923 vart det gjeve løyve til å byggja eit bedehus. Huset vart bygd som ei enkelskipa kyrkje og kalla korbedehus. Sommaren 1935 var det oppussing. Sigurd Lunde måla eit alterbilete som viste Frelsaren på krossen og dei to røvarane. I bakgrunnen stod Johannes, Maria og Maria Magdalen. Dett var skifta ut i 1957. Eidsland kapell femna nedre delen av Eksingedalen. I 1978 vart det bygd eit tilbygg.

Gravplassen vert tatt i bruk i 1892.

 

Kilde:
Soga om Stamneskyrkja.
Vaksdal Bygdebok b. IV.
Foto:
Anne Marta Hoff (NIKU)