Ytre-Boge

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald


Gards og ættesoge for Ytre-Boge.


GNR. 12 YTRE-BOGE


Innhaldsliste

INNLEIING

Ytre Boge ligg på fastlandet om lag 2 km nordaust for Langhelle. Mellom dei to gardane går Sørfjorden inn i ei stor bukt, og det er denne bukta, eller bogen, som har gjeve garden namn.

Gardsnamnet vart skrive Bouge 1563, Bogi, Boge 1567. Andre kjelder frå 1500-talet har formene Bowm og Bogum (NRJ II s. 493 og NRJ III s. 466). På 1600-talet finn med desse skrivemåtane: Bouffue 1610. Bouge 1620 og 1667. 1723 og seinare er gardsnamnet skrive Boge. Denne forma vert også nytta av dei som har gardsnamnet til etternamn. Bygdemålsuttalen er bo'go.

Gnr. 12 Ytre-Boge og nr. 13 Indre-Boge var opphaveleg ein og same gard. Ein gong i mellomalderen, kanskje endå tidlegare, må den gamle opphavsgarden ha vorte delt i to. Ved matrikuleringa i 1660-åra fekk dei to delene av den gamle garden kvar sitt gardsnummer (matrikkelnummer). Boge-elva, som renn frå Boge-vatnet vestover mot Sørfjorden, er grense mellom dei to gardane. I fjellet ovanfor Boge-vatnet er det merkesteinar på grenselinja som endar i det høgaste punktet i Bogeskaret. Mellom Bogeskaret og Futefjellet er gardgrensa åt Ytre-Boge også heradsgrense mellom Vaksdal og Samnanger. Denne grensa går langs fjellbruna i om lag 710 m. høgd vestover mot Bergshaugen, deretter i syd mot Futavatnet. På ein del av denne strekninga, grensar Ytre-Boge mot garden Nordvik i Samnanger. Frå Futefjellet til Vasshola ved Sørfjorden grensar Ytre-Boge mot Langhelle.

1941 vart det hadde grensegangsforretning mellom eigedomar i Samnanger og dåverande Bruvik Herad frå Raudnipa til Herfangen. 1942 vart det tinglyst forlik for Midhordland heradsrett mellom brukarane på Nordvik i Samnanger og brukarane på Ytre-Boge. Oppsitjarane på Ytre-Boge godkjende eigedomsretten åt Nordvik til eit nærare fastsett felt. Brukarane på Nordvik samtykte i at brukarane på Ytre-Boge fekk rett til beite for storfe og sau i dette feltet, og jakt på lik linje med Nordvik.

Dei øvste gardane i Samnanger hadde byvegen sin framom Boge. Desse gardane var Kvitingen, Kleivane, Steinhushaugen, Grønsdal, Dyrhovden, Myra, Sæterhaugen, Fiskje og Langeland. Dei drog til byen vår og haust med smør og kjøt. Dei lånte båtar på Boge. Nokre av gardane hadde hestar. Dei let hestane gå i Bogaskaret. Der var det ein stad dei kalla kløvhaugen. Når dei kom på heimveg, bar dei byvarane frå sjøen opp i skaret. Der la dei kløv på hestane.

Det er ikkje gjort fornfunn på Ytre-Boge. Dei fyrste skriftlege vitnemåla er frå 1500-talet. Ytre-Boge hadde då berre ein brukar. Brukartalet kan ha vore høgre før Svartedauden. Det er ikkje noko som tydar på at garden vart fråflytt etter Svartedauden. Men folketalet kan ha gått noko ned.

På 1600-talet førde ny auke i folketalet til oppdeling av jorda. Johannes Bastesson, som var brukar frå om lag 1630, delte garden med to av sønene. I midten av 1660-åra var her såleis 3 jamnstore bruk, men på slutten av 1600-talet hadde dei to sønene kvar si helvt av garden. Sjå bnr. 1 og bnr. 4. Todelinga stod ved lag til 1868. Då vart bnr. 2 delt i 2 jamstore bruk. 1882 vart desse to bruka slegne samen att.

1886 vart det på nytt ei oppdeling av bnr. 4. Då vart to småbruk, bnr. 5 og bnr. 6, skilde frå Bnr. 6 fekk same eigar som bnr. 2, utskilt frå bnr. 1 1880. Dette var eit gamalt husmannsplass, Kjeneset. Det vart no sjølveigande bruk. 1880, samstundes med utskiljinga av bnr. 2, vart også eit anna gamalt husmannsplass, Geilæ, skilt ut som sjølvstendig bruk. Sjå bnr. 3.

Ved århundreskiftet var her 5 bruk. Det var dei 2 hovudbruka, bnr. 1 og bnr. 4, og dei 3 småbruka, Kjeneset, Geilæ og Lyngen. Etter 1900 vart hovudbruka delte på nytt. Bnr. 4 vart delt i 2 halvpartar 1910. Sjå bnr. 4 og 11. Ei liknande deling skjedde på bnr. 1 1933, då bnr. 14 vart delt frå Men denne delinga fekk mindre å seia, av di bnr. 1 og bnr. 14 har hatt same eigar. I tillegg til dei frådelingane som er nemnde, har det vorte skilt ut ein god del hustufter. Sjå nedanfor.

Det eldste tunet låg truleg på same staden som bnr. 1 no har husa sine. Natta til 14. november 1756 vart garden herja av brann. Alle husa i tunet brann ned. Folket på garden berga seg sjølve og krøtera, men alt dei hadde av høy, korn og innbu strauk med. Dei måtte be om grannehjelp til å få oppatt husa på garden.

Før brannen 1756 var det i tunet 2 høyløer, 2 florar, 5 stovehus, 3 buer, 2 eldhus og 1 smalflor. I samband med brannen søkte brukarane om å få ettergjeve skatt og avgifter for 2 år. Det vart teke opp vitneforklåringar på tinget. I tingprotokollen er det gjeve opplysningar om det som gjekk tapt ved brannen.

Ei anna kjelde som gjev ein del opplysningar frå 1700-talet, er matrikkelen 1723. Her heiter de: "Ytre-Boge ligger ved Søen, temmelig vis til Korn, skiels letvunde. Ligger 3 1/2 Miil fra Bergen. Lever of qvægets avling og lit Brendeveed at selge."

Herredsbeskrivelsen av 1863, som var eit matrikkel-førearbeid, gjev desse opplysningane: Ytre-Boge er middels lettbrukt, ikkje utsett for frost, men garden er mindre enn vanleg godt dyrka. Her er ikkje dyrkingsjord.

Det er nokså mykje teigblanding på innmarka. Veglengda til Bergen vert oppgjeven til 4 1/2 mil. Dette er 1 mil meir enn i oppgåva frå 1723. Dette kan koma av at lengda av ei sjømil har vore noko skiftande til ulike tider og på ulike stader.

Herredsbeskrivelsen har detaljerte oppgåver over åker og eng. Åkervidda var 15 mål på dei 2 hovudbruka og på plasset Kjeneset. 8 2/3 mål var god åker, 4 mål var middels god. Resten var ring. Engvidda var 148 mål. 22 2/3 mål var god eng, 60 2/5 mål var middels god. Resten var ring. Her var nokså mykje teigblanding.

1825 vart det tinglyst forlik om utskifting mellom Ytre- og Indre-Boge. Då vart grensene mellom dei 2 gardane skriftfeste. Sjå framanfor. 1891 vart det tinglyst grenseoppgang mellom bnr. 1 og bnr. 4. Offentleg utskifting på innmarka vart tinglyst 1914. Etter utskiftinga fekk bnr. 1 teigane sine på den sørvestre delen av innmarka. Bnr. 5 og 11 har eigedomen sin på den nordre delen mot Boge-elva. Bnr. 3 og 4 ligg i den midtre og øvre delen av innmarka. Sjå elles foto.

Skogen er nemnd i protokollen åt Landkommisjonen 1661. Dette er eit førearbeid til matrikkelen, som kom 1665. Ved matrikuleringa skulle det takast omsyn til særskilte lunnende eller "herligheter". Om Ytre-Boge står det m.a.: "Ingen Herligheed till uden Ringe Olderschouff till Brendeued." Eksaminasjonsprotokollen 1723 nemner at det kan seljast noko ved. Sjå ovanfor. I herredsbeskrivelsen av 1863 er nettoinnkoma av den veden dei kunne selja sett til 4 spd. for året. Garden er dessutan sjølvhjelpen med hustømmer.

Om beitet skriv kommisjonen av 1863 fylgjande: "Ved Gaarden of god Beskaffenhed og fuldt tilstrækkelig." 1723 vert det opplyst at det ikkje høyrde seter til garden.

2 flaumkvernar fanst på garden 1723. Kvernhusa låg truleg ved Boge-elva. Vassrettane i Boge-elva vart 1891 skilde ut som eige bruk, og selde til mylnemeister Hans Peder Nilsen som grunnla Boge Mølle. Skøytet frå brukarane på Ytre- og Indre-Boge gav eigaren rett til å demma opp og tappa ut Boge-vatnet og andre vatn som låg på Boges grunn. Meir om dette under Indre-Boge bnr. 8.

"Intet fiskerie" heiter det 1723 i eksaminasjonsprotokollen. Det ein kan slutta av dette, er at kommisjonen ikkje sat inne med opplysningar om at det til garden høyrde så godt fiske at dei trong ta omsyn til det ved matrikuleringa. 1863 må tilhøva ha vore annleis. Kommisjonen som då var i arbeid rekna med at laksefisket gav ei netto innkoma på 4 spd. for året. Rettane til landslut og lakseplass er også nemnde då bnr. 14 vart skilt frå bnr. 1 1933.

Lakseplasset låg i Erikstøa under bnr. 1. Fisket vart drive med kilenot. Ytre-Boge har også lakseplass på Kjeneset. Her fiska dei med sitjenot.

Her var ingen husmannsplass 1723. 1645 er ein husmann nemnd i koppskattemanntalet. 1701 finn me husmannen Johannes Johannesson. Men dette treng ikkje vera prov for at det då høyrde husmannsplass til garden. Husmann kunne også tyda kårmann. På 1800-talet var her 2 husmannsplass, Geilæ og Kjeneset. Den fyrste kjende festesetelen på Geilæ vart tinglyst 1834, på Kjeneset 1846. Båe plassa var truleg i bruk før desse festesetlane vart tinglyste. Sjå bnr. 2 og 3.

Til slutten av 1800-talet var fjorden det viktigaste vegsambandet dei hadde. Nausta og lendinga låg ved ei vik tett nedanfor det gamle tunet. Vossebana, som vart opna 1883, gav garden jarnvegsamband, men tok også mykje grunn både på innmark og utmark. Jarnbanelinja ligg langs fjorden ved heile vestgrensa åt garden. Grunn til jarnbaneanlegget Bergen-Voss vart ekspropriert 1876. 1933 vart det tinglyst ei semje med NSB med rett for jarnbana til å leggja og vedlikehalda telegraf og telefonlinjer, og til turvande rydjing av skog.


SKYLD, SKATT, AVLING, FØDNAD, FOLKETAL

Gamalt matr.nr. 23 i Arna skipreide. 1838 nytt matr.nr. 24. 1853 matr.nr. 123. 1886-1964 gnr. 23 i Bruvik herad.

1644: Landskyld 1 1/2 laup smør. 1648-1692 1 laup smør, 1/2 tunne malt. Matrikkeltakst 1665 1 1/4 laup smør. 1718 1 laup 30 merker. Skyld 1838: 5 dl. 3 ort 16 skill. 1886: 9,39 skyldmark.

1567: Leidang 1 saueskinn. 1590-91: Landskyld 1/2 laup smør leidang 1 saueskinn, fredtoll kvart 8. år. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 4 mark

13 skill. Småtiend 10 skill. Kandtiend 1 tunne 1 mele.

Sånad 1665 3 tunner korn. Avling 11 1/2 tunne. 1718 sånad 4 tunner, avling

14 tunner. 1863 sånad 9 tunner havre, 6 1/2 tunne poteter. Avling 50 tunner havre, 38 tunner poteter, 1840 våger høy (høyavling på Kjeneset ikkje oppgjeven), 336 våger halm. Frå slåttene fekk dei 330 våger høy. Skav og beit til for åt 2 ungfe.

Fødnad 1657 1 hest, 1 okse, 11 kyr, 7 kviger, 17 geiter, 41 sauer. 1665 fødnad 18 storfe, 1 hest. 1718: 14 kyr, 4 ungfe, 24 småfe, 1 hest. Herredsbeskrivelsen av 1863: Fødnad 27 kyr, 11 ungfe, 54 småfe. 1875:23 kyr, 6 ungfe, 56 småfe.

Folketal 1801: 19. 1865:26. 1875: 34.


EIGARAR

Allehelgenskyrkja i Bergen åtte Ytre-Boge i mellomalderen. Grannegarden Langhelle hadde same eigar, også under eigarskifte fram til 1600- talet. Sjå Langhelle, eigarar.

Den fyrste privatmannen som åtte garden etter reformasjonen var Aksel Sehested. Han selde garden 1668 til Lauritz Lauritzson Rosenberg og Hans Pedersen vissiteur. Ervingane etter Lars Rosenberg, som døydde 1670, åtte garden ei tid.

1692 er herr Søren Breeder på Sund oppførd som eigar. 1700 er hospitalet i Bergen eigar. I eit bilag til futerekneskapen 1700 vert det opplyst at enkja etter Søren Breeder, Ida, og far hennar, rådmann Christen Berthelsen, den 10. april 1696 gav 7 gardar eller gardpartar i Nordhordland til underhald for fattige spedalske. Ein av desse gardane var Ytre-Boge.

1700 gav rådmann Lars Veyner skøyte til brukarane Peder Nilsson og Olav Johannesson. Sjå bnr. 1 og 4.

Besse Johannesson var ein eldre bror til Olav. Besse meintest ha føre retten til bruket. Han stemnde seljaren Lars Veyner for retten. Saka enda med at Besse let kravet falla mot ei godtgjerdsle på 50 rdl, som broren Olav betalte.

Olav døydde 1701. Då vart bnr. 4 selt til ein velståande mann i Samnanger, Thomas Thomasson Gjerde. Det var Kari, enkja etter Olav Johannesson, og Mons Jonsson Olsnes, som var verje for henne, som skreiv ut skøytet 1701.

Thomas Thomasson Gjerde døydde 1732. Han hadde ikkje livservingar. Ein av ervingane var brorsonen Thomas Andersson Nordvik. Dotter åt Thomas, Anna, var gift med soneson åt Olav Johannesson, Knut Halsteinsson. 1734 fekk han skøyte på farsjorda. Sjå bnr. 4 nfr. og Samnanger I s. 370 og 442.


BRUKARAR FØR 1660

1590-91 finn me den fyrste kjende brukaren i leidangslista. Han heiter Hans. Det finst ingen opplysningar om ættesamanheng mellom han og seinare brukarar.


Baste eller Bastian var neste brukar. Han er nemnd i skattelistene 1603, 1611 og 1620.

Born:

  1. Johannes ca. 1604-, sjå nedanfor.
  2. Erik 1606-, brukar i Herfindalen.
  3. Olav ca. 1607-, brukar på Langhelle.


Johannes Basteson ca. 1604-1670 var brukar her frå 1630 til 1660- åra. Det meste av tida var han brukar åleine. Sjå nedanfor. Kring 1660 delte han garden med to søner, slik at han og sønene hadde kvar sin tredjepart. Seinare overtok sønene kvar si helvt av garden. Sjå bnr. 1 og 4.

Johannes og kona Ågota hadde desse born:

  1. Besse ca. 1630-1705. Sjå Eigarar ofr.
  2. Olav 1633-, sjå bnr. 4.
  3. Johannes 1644-, sjå bnr. 1.
  4. Anders 1651-.


Morten Ytre-Boge er oppførd i landskattelista 1630-31 mellom halvgardsmenn og øydejordsmenn som betalar halv skatt. Han er ikkje nemnd i koppskattemanntalet 1645. Då er det berre 1 brukar på Ytre-Boge, Johannes Basteson.


Husmannen Olav og kona Helga er oppførde i koppskattemanntalet 1645. Dei kan vera gamle brukarfolk som har fått kår.


BRUKARAR

BNR. 1

Gamalt løpenr. 68. Nytt løpenr. 483. 1880 løpenr. 483 a. Gamal landskyld 1/2 laup smør, 1/4 tunne malt. 1694 var landskylda 1/2 laup 9 m. smør (= 45 m.). Ny skyld 1838 2 dl. 4 ort 8 skill. 1880 2 dl. 1 ort 7 skill. 1886 3,69 skm. 1956 1,82 skm. 1864 var det på bruket 7 1/3 mål åker. 4 1/3 mål var god åker, 2 mål middels god, 1 mål ring. Engvidda var 66 3/5 mål. 11 1/3 mål var god eng, 26 4/5 mål var middels god. Resten var ring. Sånad 4 1/2 tunne havre, 3 tunner poteter. Avling 24 tunner havre, 16 tunner poteter, 897 våger høy, 168 våger halm. Frå slåttene fekk dei 150 våger høy. Skog nok til ved og hustømmer. Dei kunne selja ved for 4 spd. netto årleg. Skav og beit til for åt 1 ungfe. Fødnad 12 kyr 6 ungfe 13 sauer. Laksefiske gav ei årleg innkome på 2 spd. netto.

1875: Sånad 2 tunner havre, 4 tunner poteter. Fødnad 10 kyr, 2 ungfe, 18 sauer.


Johannes Johannesson 1644-1699 var den fyrste brukaren her. Johannes overtok fyrst 1/3 av garden, seinare 1/2, då faren Johannes Basteson delte garden med sønene i 1660-åra. Sjå ovanfor.

Johannes var g.m. Kristi Mikkelsdtr. Haukanes d. 1706. Sjå Samnanger I s. 425.

Born:

  1. Kari 1671-, g.m. neste brukar.
  2. Mikkel 1678-, sjå Langhelle bnr. 1.
  3. Anders 1680 el. 1670-, sjå Vik bnr. 1.
  4. Ivar d. 1693.
  5. Ågota 1691-, g.m. Johannes Eiriksson Fylingslid. Sjå Fylingslid, husfolk. Før giftarmålet hadde Ågota ei dotter, Marta 1722
  6. Johannes 1694-1694.

Kristi Mikkelsdtr. g.2.g.m. Johannes Olsson Sandvik, brukar på Indre-Boge.


1700 skøyte til Peder Nilsson Herfindalen 1655-1749, g. 1694 m. dotter åt den førre brukaren, Kari Johannesdtr. 1671-1750.

Born:

  1. Nils f. og d. 1697.
  2. Brita 1700-, g.m. Erik Monsson Herfindalen, sjå Herfindalen bnr. 1.
  3. Nils 1704-1726.
  4. Marta 1707-, g.m. neste brukar.


1727 skøyte til Olav Olsson Kyrkje-Bruvik 1699-1759. Olav g.1.g.m. Marta Pedersdtr., yngste dotter åt den førre brukaren.

Born:

  1. Baste 1732-1733.
  2. Nils 1734-1737.
  3. Brita 1736-, g.m. Johannes Tomasson Hana, b. Skaftå bnr. 1.

Olav g.2.g.m. Kristi Samuelsdtr. Skulstad 1705-1751. Sjå Haus s. 285. 1746 tok svogeren Erik Herfindal ut odelslysing til bruket. Han var g.m. Brita, ei eldre syster til Marta Pedersdtr. Sjå ovanfor. Olav og Kristi måtte difor gje frå seg bruket. 1748 fekk dei skøyte på Skaftå bnr. 1 og busette seg der.

Born:

  1. Marta 1739-1740.
  2. Samuel f. og d. 1740.


1748 skøyte til Nils Eriksson Herfindal for 55 rdl. etter at faren Erik Monsson Herfindal hadde teke ut odelslysing på bruket 1746. Nils tok sjølv ut odelslysing på eit bruk i Herfindal 1770.

Nils 1731-1810 g.m. Brita Knutsdtr. Ytre-Boge bnr. 4 1737-1795.

Ved skiftet etter Brita 1796 var bruttoen i buet knapt 45 rdl., nettoen knapt 14 rdl.

Born:

  1. Brita f. og d. 1757.
  2. Erik 1758-, brukar her.
  3. Anna 1759-, g.m. Olav Tomasson Stavenes, sjå Stavenes bnr. 1.
  4. Knut f. og d. 1760.
  5. Knut 1761-, d. før 1796.
  6. Brita 1762-, g. 1784 m. Mikkel Olsson Skulstad. Sjå Haus s. 287.
  7. Knut 1764-, død før 1796.
  8. Kari 1765-, g. 1789 m. em. Anders Andersson Romslo. Sjå Haus s. 350.
  9. Sigrid 1769-, g.m. Knut Andersson Stokke, sjå Stokke bnr. 1.
  10. Knut 1772-, sjå Vaksdal bnr. 16.
  11. Tomas 1775-, sjå bnr. 4.
  12. Ingebjørg 1779-, g.m. Tomas Olsson Stavenes, sjå Stavenes bnr. 1.
  13. Per 1782-1809, ug. Fall på Kongsvinger festning 10. mai 1809 i felttoget mot svenskane.


1785 skøyte til Erik Nilsson for 90 rdl. og kår til foreldra. Erik 1758-1847 var g.m. Anna Nilsdtr. 1766-1841. I skiftet etter Anna var nettoen i buet vel 40 spd.

Born:

  1. Brita 1792-, død før 1841.
  2. Nils 1793-, brukar her.
  3. Knut 1794-.
  4. Knut 1795-, sjå husfolk.
  5. Olav 1797-, b. Erdal, g.m. Brita Andersdtr. Romslo. Sjå Haus s. 354.
  6. Nils 1799-, b. Kyrkje
  7. Erik 1800-, b. Namtveit i Manger, g.m. Kari Andersdtr. Rolland. Sjå Haus s. 51.
  8. Johannes 1803-, g. 1845 m. enkja Brita Torsteinsdtr. Øvste Mjelde. Sjå Haus s. 49.
  9. Mons 1804-, g.m. Dortea Sjursdtr. Løtveit bnr. 3, b. på Askøy frå 1838. 1847 b. Nedre Kleppe. Sjå Gjerstad s. 243. (Jon Monsson Daltveit og Eirik Monsson Daltveit er truleg søner til Mons og Dortea.)
  10. Tomas 1810-, sjå bnr. 3.

I skiftet etter Erik 1847 var bruttosummen i buet 41 spd., nettoen 23 spd.

Erik Nilsson hadde også ei dotter Magdeli f. 1803. Mor hennar var Anna Olsdtr. Jamne f. 1782, g.1.g.m. Tomas Mikkelsson Indre-Boge, brukar i Sandvik, g.2.g.m. Olav Haldorsson Langhelle bnr. 5. Magdeli Eriksdtr. f. 1803 og Olav Andersson Sæterdal bnr. 9 hadde sonen Erik, f. og d. på Ytre-Boge 1831.


1809 skøyte til Nils Eriksson 1793-1841. 1810 vart det tinglyst kårbrev til foreldra. Nils g.1.g.m. Marta Andersdtr. Vaksdal bnr. 24 d. 1814.

I skiftet etter Marta 1815 var dette bruket verdsett til 1000 rdl. Bruttosummen i buet var 1509 rdl., nettoen 1287 rdl. Både dette bruket og arven elles vart skift med 1/2 på enkjemannen og 1/4 på dei to døtrene. Dei gav skøyte til faren på sine partar 1820.

Born:

  1. Anna 1812-, g.m. Anders Olsson Vaksdal, sjå Vaksdal bnr. 1.
  2. Magdeli 1814-, g. 1837 m. em. Olav Einarsson Hartveit. Sjå Gjerstad s.330.

Nils g.2.g.m. Brita Mikkelsdtr. Skulstad 1795-1888. Sjå Haus s. 287.

Born:

  1. Marta 1817-, b. Morland, Sotra, g.m. Mikkel Larsson Presttun. Sjå Haus s. 321.
  2. Erik 1819-, brukar her.
  3. Mikkel f. og d. 1822.
  4. Brita 1823-, g.m. Anders Knutsson Mjelde. Sjå bnr. 2 nfr.
  5. Marta f. og d. 1826.
  6. Kari 1829-.
  7. Magdeli 1833-, b. Vaksdal bnr. 16, g.m. Anders K. Herfindal.
  8. Mikkel 1835-, sjå Vaksdal bnr. 2.

Det vart halde skifte etter Nils 1841. På skiftesamlinga 9. mars, der arvingane møtte, melde sonen Erik frå om at faren hadde selt dette bruket til han, men han hadde ikkje betalt og ikkje fått skøyte. Han bad om skøyte og sa seg viljug til å betala med pantobligasjon. Dette vart det gjeve samtykke til. Bruttosummen i buet var 661 spd., nettoen 520 spd. Halvparten vart utlagt til enkja. Dei to sønene ervde vel 52 spd. kvar. Dei 6 døtrene ervde vel 26 spd. kvar.


1841 skifteskøyte til Erik Nilsson for 350 spd. og kår til mora. Erik 1819-1895 var g.m. Brita Andersdtr. Grønsdal 1818-1896. Sjå Samnanger I s. 564.

Born:

  1. Nils 1843-, brukar her.
  2. Anders 1845-1847, død ved drukningsulukke.
  3. Anders 1847-, b. Reigstad, g.m. Brita Hansdtr. Haga. Sjå Samnanger I s. 339.
  4. Knut f. og d. 1850.
  5. Knut 1851-, sjå bnr. 3.
  6. Erik 1854-, b. Steinsland, g.m. Synneva Johannesdtr. Steinsland. Sjå Samnanger I s. 480.
  7. Anna 1861-, b. U.S.A.
  8. Johannes 1864-, b. U.S.A.
  9. Brita 1859-, b. U.S.A., g.1881 m. banearbeidar Jonas Eriksson Lunde.


1880 skøyte til Nils Eriksson for kr. 1200 og kår, verdsett til kr. 900. Nils 1843-1927, g.m. Marta Pedersdtr. 1842-1913.

Born:

  1. Brita 1869-, g.m. Nils Andersson Indre-Boge, sjå Indre-Boge bnr. 3.
  2. Erik 1871-, brukar her.
  3. Brita 1873-1964, b. Sandnes, g.m. anleggsarbeidar Henning Persson Vittsjø frå Sverike.
  4. Anna 1875-, b. Askøy, g.m. murar Mons Svendheim frå Hosanger.
  5. Peder 1878-1909, ug., typograf, b. Zurich, Sveits.
  6. Ingeborg Nilsine 1880-1975, b. U.S.A., g.m. Henry Hansen frå Bodø.
  7. Andrea Josefine f. og d. 1883.


1903 skøyte til Erik Nilsson 1871-1966, g.1.g.m. Cecilie Pernille Johannesdtr. Holdhus 1867-1921. Sjå Samnanger I s. 242.

Erik g.1.g.m. Ingeborg Andersdtr. Ytre-Boge bnr. 5 1901-1978. Båe ekteskapa var barnlause. Ein systerson åt Erik fekk skøyte 1939.


1939 skøyte til Anders Nilsson Boge på bnr. 1 og 14. Han hadde også skøyte på Indre-Boge bnr. 3. Anders 1892-1949 var g.m. Anna 1897-, dtr. åt mylnemeister Johannes Magnussen og kona Johanne Monsine f. Tysse.

Born:

  1. Magna 19**-, b. Indre-Boge bnr. 3, g.m. Josef Steinsbø.
  2. Norvald 19**-, brukar her.
  3. Gjermund 19**-, kjemikar, b. Fana, g.m. Ingebjørg Nordheim. Sjå Indre-Boge bnr. 55.
  4. Bjørg 19**-, b. Norheimsund, g.m. Leif Nordheim.
  5. Aslaug 1933-1934.
  6. Dagfinn 19**-, telegrafist, b. Oslo, g.m. Arna Bjørnset 19**-. Sjå Indre-Boge bnr. 54.
  7. Åsmund 19**-. Sjå ættesoge for Indre-Boge.


1956 skøyte til Norvald A. Boge på bnr. 1 og 14. Kårbrev til mora Anna vart tinglyst same år.

Norvald 19**-, gardbrukar og reparatør, er g.m. Brita, dtr. åt vegvaktar Lars Mandelid, Voss, og kona Kristi f. Kvarmestøl.

Born:

  1. Kirsten 19**-.
  2. Anders 19**-.
  3. Anne Berit 19**-.
  4. Lars 19**-.
  5. Bjarne 19**-.
  6. Norun 19**-.


BNR. 2

Kjeneset.


Utskilt 1882 frå bnr. 1. Løpenr. 483 a1 . Gamal skyld 1 ort 6 skilling. Revidert skyld 1 ort 9 skilling. 1886 0,41 skyldmark. 1891 0,39 skyldmark. 1975 0,37 skyldmark.

Kjeneset var husmannsplass før det vart sjølvstendig bruk. Den fyrste kjende bygselsetelen er frå 1846. I Herredsbeskrivelsen av 1863 er plasset Kjedenæsset oppført med 1/3 mål ring åker og 14 4/5 mål bø. 6 4/5 mål var middels god bø. Resten var ring. Sånad 1/2 tunner poteter. Avling

6 tunner. Fødnad 3 kyr, 1 ungfe, 17 sauer. Bygselavgifta var 30 spd. Årleg avgift 1/2 spd. + 3 dagsverk.

1875 Sånad 3 tunner poteter. Fødnad 4 kyr, 10 sauer.


1846 festesetel til Anders Knutsson Mjelde 1823-1853, g.m. Brita Nilsdtr. Ytre-Boge bnr. 1 1823-.

Ved skiftet etter Anders var nettoeiga i buet 41 spd.

Born:

  1. Nils 1846-.
  2. Knut f. og d. 1851.
  3. Knut 1852-, b. i U.S.A.


1857 festesetel til Mons Besseson Skreien 1821-1881 og kona Brita Nilsdtr., enkja etter den førre brukaren. Festesetelen lydde på plasset Kjeneset med Storteigen og Grøskarteigen.

Born:

  1. Anders 1858-, b. Ulveset i Fjell.
  2. Besse 1860-1862.
  3. Kari 1863-, b. Tysse i Samnanger.


1883 skøyte til Tomas Johannesson Boge 1850-1927, jarnbanearbeidar, f. på Ytre-Boge bnr. 4, g.m. Guro 1846-1924, dtr. åt Nils Lasseson Høysæter og kona Marta Magdala Eivindsdtr. Tveiterås. Sjå Samnanger I s. 595.

Born:

  1. Ingebjørg Nilsina 1882-, g. 1917 m. em. Nils Andersson Romslo. Sjå Haus s. 361.
  2. Marta 1884-.


1925 skøyte til Nils Ingvald Hisdal f. 1895, son åt Barbra og Eyvind Hisdal, g.m. Barbra Hansdtr. Gåsdal f. 1893. Sjå Samnanger I s. 259-260 og 731.

Born:

  1. Barbro 19**-.
  2. Elisabeth 19**-, b. Eikelandsosen, g.m. Lars Hansen.


1939 skøyte på bnr. 2 og 6 til Ole Nilsson Tunes 1902-1978, baneformann, son åt Nils Andreas Olsson Tunes og kona Emma Kristina Johansdtr. Tysse, g.m. Alma Nilfrida f. 1907, dtr. åt Tomas Sæterhaug og kona Jannika f. Madsen, Samnanger. Sjå Haus s. 454.

Born:

  1. Nils 19**-, b. her, sjå nfr.
  2. Jorun Turi 19**-, sjå bnr. 24.
  3. Astrid Olaug 19**-, sjå bnr. 21 og 23.


Nils Olsson Tunes 19**-, sjå ovanfor, banevaktar, g.m. Jenny 19**-, dtr. åt Ivar Øyjordsbakken 1900-, b. Fana, og kona Jenny f. Berg 1905-.

Born:

  1. Ole Johan 19**-, b. Espeland, g.m. Aud Knutsen. Sjå [[[Stanghelle - Ættesoge,|ættesoge for Stanghelle.]]
  2. Inge Rune 19**-.
  3. Nils Jonny 19**-.
  4. Heidi v.
  5. Elisa 19**-.


BNR. 3

Geilæ.

Utskilt 1880 frå bnr. 1. Løpenr. 483 b. Gamal skyld 1 ort 19 skilling. Revidert skyld 2 ort. 1886 0,59 skyldmark. 1905 0,56 skyldmark.

Her var før eit husmannplass. Den fyrste kjende festesetelen var tinglyst 1834 og lydde på "et Plads kaldet yttre og indre Geilen samt 6 Udslåtter". Seinare same år vart det tinglyst eit tillegg til festesetelen. Tillegget galdt beiterett for krøtera som kunne fødast på plasset.

1834 festesetel til Tomas Eriksson 1810-1843. Sjå bnr. 1. Tomas og Anna Monsdtr. Løtveit hadde sonen Tomas 1843-. Sjå Gjerstad s. 282.


1880 skøyte til Knut Eriksson for kr. 200 og kår til foreldra, verdsett til kr. 60. Knut f. 1851, gardbrukar og lausarbeidar, var frå bnr. 1. Foreldra delte bruket mellom den eldste sonen Nils og den yngre sonen Knut. Bruket til Knut svara til om lag 1/7 av bnr. 1. Knut g.1.g. 1878 m. Brita Pedersdtr. Vaksdal bnr. 28 f. 1853.

Knut g.2.g. 1912 m. syerske Synneva Knutsdtr. Jamne 1860-1933, enkja etter Anders Monsson Jamne. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


1902 skøyte til Nils Olai Boge 1866-1938, gardbrukar og arbeidar, son åt Nils Jonsson Holdhus og kona Unna Johannesdtr. Skulstad, g.m. Brita 1869-1960, dtr. åt Tomas Johannesson Indre-Boge bnr. 4 og kona Anna Nilsdtr. f. Hana bnr. 1. Sjå Samnanger I s. 243 og Haus s. 290 og 333.

Born:

  1. Unni 1895-, g.m. Haldor Kjøndal, Stavenes, sjå Stavenes bnr. 4.
  2. Tomas 1897-, sjå nfr.
  3. Anna 1899-, b. Borge, g.m. Ole O. Borge.
  4. Borghild Oliva 1901-, b. Søfteland, g.m. Mons L. Søfteland.
  5. Nils 1902-, b. U.S.A.
  6. Karoline 1904-1911.
  7. Selma Johanne 1907-, b. U.S.A., g.m. Sigvart Kleppe.
  8. Bernhard 1909-, b. U.S.A.
  9. Karl 1911-, b. U.S.A., g.m. Anna 1908
  10. Marta 1913-, sjukepleiar, b. U.S.A.

1949 skøyte til Tomas Nilsson Boge 1897-1973, bygningsmann, b. Bergen.


1974 skøyte til Johannes Kjøndal f. 19**. Sjå Stavenes bnr. 4 og Sandvik] bnr. 3.


BNR. 4

Daglegnamn: Haugen.

Gamalt løpenr. 69. Nytt løpenr. 484. 1868 løpenr. 484 a og 484 b. 1886 tinglyst samanslåing av løpenr. 484 a og 484 b.

Gamal landskyld 1/2 laup smør, 1/4 tunne malt. 1694 var landskylda 1/2 laup 9 m. smør (= 45 m.). Ny skyld 1838 2 dl. 4 ort 8 skill. 1886 3,70 skm. 1956: 1,73 skm. 1864 hadde bruket 7 1/3 mål åker. 4 1/3 mål var god åker, 2 mål middels god, 1 mål ring. Engvidda var 66 3/5 11 1/3 mål var god eng, 26 mål var middels god. Resten var ring. Sånad 4 1/2 tunner havre, 3 tunner poteter. Avling 24 tunner havre, 16 tunner poteter, 942 våger høy, 168 våger halm. Frå slåttene fekk dei 180 våger høy. Skog til ved og hustømmer. Ved til sal for 4 spd. netto årleg. Skav og beit til 1 ungfe. Fødnad 12 kyr, 4 ungfe, 24 sauer. Innkome av laksefisket gav 2 spd. årleg netto.

1875: Sånad 2 tunner havre, 4 tunner poteter. Fødnad 4 kyr 1 ungfe, 8 sauer.


1700 skøyte til Olav Johannesson 1633-1707. Olav er fyrste gongen nemnd som brukar i husdyrmanntalet 1657. Faren, som var åleine brukar frå om lag 1630, hadde då overlate noko av jorda til sonen Olav. Sjå Brukarar før 1660. 1666 hadde Olav, broren Johannes og far deira kvar 1/3 av garden. Seinare fekk dei to brørne kvar sin halvpart. Ein eldre bror, Besse, kom med krav om forkjøpsrett då Olav fekk skøyte på bruket sitt. Sjå Eigarar ofr. Olav var g.m. Kari Olsdtr. 1629-1708. Ho og sonen heldt fram som leiglendingar under neste eigar.

Barn:

  1. Halstein 1670-, brukar her.

Kari Olsdtr. g.2.g. 1702 m. Johannes Johannesson Indre-Boge 1635-1718.


1701 skøyte til Thomas Thomasson Gjerde, Samnanger. Sjå, Eigarar.


1720 bygsla Halstein Olsson 1670-1735, g.m. Brita Johannesdtr. Blom 1678-1761. Sjå Haus s. 248. Dei vart seinare brukarfolk på Ytr-Boge bnr. 4. Halstein var lagrettemann 1735.

Born:

  1. Knut 1704-, brukar her.
  2. Kari 1708-, g.m. Johannes Ingebrigtsson Helle bnr. 7. Sjå Helle bnr. 7.
  3. Olav f. og d. 1714.
  4. Ingebjørg 1718-1726.

Enkja Brita Johannesdtr. g.2.g.m. Anders Olsson Indre Songstad 1670-1742. Sjå Haus s. 371. Dei var busette der dei åra dei var gifte.

Brita g.3.g.m. Olav Basteson Kyrkje-Bruvik bnr. 8. Brita flytte då til Kyrkje-Bruvik.


1734 skøyte til Knut Halsteinsson 1704-1787, g. 1733 med Anna 1712-1785, dtr. åt Tomas Andersson Nordvik og kona Sigrid Johannesdtr. Fossmark. Sjå Fossmark bnr. 1 og Samnanger I s. 370. Knut og Anna var velståande folk. Knut lånte ut pengar mot pant i fast eigedom. Ved skiftet etter Anna var nettoen i buet vel 163 rdl. Buet hadde ikkje jordegods, avdi sonen Johannes hadde fått skøyte på dette bruket 1761. Mellom lausøyret var det ei brurekrune i sylv, verdsett til 80 rdl. I skiftet etter Knut 1787 var nettoen i buet 96 rdl.

Born:

  1. Johannes 1734-, brukar her.
  2. Margreta 1735-1751.
  3. Brita 1737-, g.m. Nils Eriksson Herfindal, b. Ytre-Boge bnr. 1.
  4. Sigrid 1740-.
  5. Sigrid 1741-.
  6. Ingebjørg 1743-, g.m. Mikkel Danielsson Indre-Boge, sjå Indre-Boge bnr. 1.
  7. Tomas f. og d. 1746.
  8. Tomas 1748-, brukar på Stokke bnr. 5.
  9. Olav f. og d. 1750-.
  10. Olav 1752-, b. på Havrå, Osterøy, 1785.
  11. Sigrid f. og d. 1754-.
  12. Anna 1758-, g.m. Johannes Pedersson Årland. Sjå Samnanger I s. 322


1761 skøyte til Johannes Knutsson for 80 rdl. og kår. Faren tok unna rett til å bu på garden så lenge han levde og få det han trong til livsopphald.

Johannes 1734-1821 var g.m. Magdeli Olsdtr. Nordvik 1740-1803. Sjå Samnanger I s. 364. Johannes fekk løyve til å sitja i uskift bu då Magdeli var avliden 1804. Ved skiftet etter Johannes var nettoen i buet 62 rdl. Av aktiva i buet kan nemnast ein pantobligasjon i garden Holme i Herdla skipreide. Obligasjonen lydde på 90 rdl., men vart sett til 45 rdl. i ny sylvverdi. Berre 3 av borna, Knut, Ingebjørg og Sigrid, er nemnde som arvingar.

Born:

  1. Halstein 1762-, d. før 1822.
  2. Knut 1763-1821, ug. veikhelsa, hadde føderåd her.
  3. Olav 1765-1766.
  4. Anna 1767-.
  5. Tomas f. og d. 1769.
  6. Ingebjørg f. og d. 1771.
  7. Johannes 1772-1794, ug. veikhelsa.
  8. Ingebjørg 1775-, g.m. neste brukar.
  9. Olav 1781-.
  10. Per 1782-.
  11. Sigrid 1783-, b. i U.S.A. frå 1838.


1802 skøyte til Tomas Nilsson på halve bnr. 4. 1810 fekk han skøyte på resten av bruket. 1811 gav han føderåd til verbroren Knut, son til den førre brukaren.

Tomas f. 1775 var frå Ytre-Boge bnr. 1, g. 1803 m. Ingebjørg Johannesdtr. f. 1775, dtr. åt den førre brukaren her. 1826 let dei garden frå seg til eldste sonen og tok kår. 1837 utvandra dei til U.S.A. saman med yngste sonen Nils. Dei var i den fyrste flokken av utvandrarar frå Bruvik sokn. Ferda over havet gjekk med seglskipet Tomas og huslyden let ikkje høyra frå seg etter at dei drog frå landet. Seinare vart det kjent at dei døydde i Ellinoers ein av dei fyrste vintrane dei var i U.S.A.

Born:

  1. Johannes 1804-, brukar her.
  2. Nils 1809-, utvandra til U.S.A. 1837, sjå ofr.


1826 skøyte til Johannes Tomasson for 190 spd. og kår til foreldra. Johannes 1804-1885 var g.m. Ingebjørg Knutsdtr. Indre-Boge bnr. 1 1810-1898.

Born:

  1. Tomas 1828-1849, ug.
  2. Knut 1831-1853, ug.
  3. Magdeli 1833-, g.m. Knut Andersson Vaksdal, sjå Vaksdal bnr. 16.
  4. Ingebjørg 1837-, g.m. Johannes Eriksson Vaksdal, b. Grasdal, Holsenøy. Sjå bnr. 5.
  5. Nils 1840-, brukar her.
  6. Kari 1843-, g.m. Johannes Helgesson Hekland, sjå Hekland bnr. 2.
  7. Johannes 1847-, brukar her.
  8. Tomas 1850-, sjå bnr. 2.
  9. Knut 1853-, sjå leigebuarar.


1868 skøyte til Nils Johannesson f. 1840 på halve farsgarden for 190 spd. og kår til foreldra, verdsett til 112 1/2 spd. Ved delingsforretning 1868 fekk parten til Nils løpenr. 484 a. Nils overlet bruket 1882 til broren Johannes. Sjå nedanfor. Nils og kona Brita Johannesdtr. Skaftå bnr. 4 f. 1840 utvandra til U.S.A. saman med 3 born. (Dette er opplyst av N. J. Langhelle. I kyrkjeboka står gbr.kona Brita Johannesdtr. Ytre-Boge 40 år gamal oppførd mellom avlidne 1880. Dette kan tyda på at Nils var enkjemann då han utvandra.)

Born:

  1. Johannes 1865-, b. i U.S.A.
  2. Johan 1867-, b. i U.S.A.
  3. Tomas 1870-1871.
  4. Ingebjørg 1872-1873.
  5. Ingebjørg 1874-, b. i U.S.A.


1868 skøyte på bnr. 484 b, 1882 skøyte på bnr. 484 a til Johannes Johannesson for kr. 1400,-. Johannes 1847 var g.m. Kari Tomasdtr. Hekland bnr. 1 f. 1849.

Born:

  1. Ingebjørg 1870-, g.m. Ole M. Fjæreide, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  2. Johannes 1872-, brukar her.
  3. Tomas 1875-, b. Bergen, g.m. Anna Rasmussen frå Skånevik.
  4. Marta 1877-, død ug.
  5. Andreas 1880-, sjå bnr. 11.
  6. Knut 1882-1885.
  7. Anna-Maria 1885
  8. Kristina 1887-, b. Bergen, g.m. Oskar Andersen.
  9. Inga 1890-1909, ug.
  10. Knut 1892-, brukar her frå 1915, sjå nfr.
  11. Klara Josefine 1895-, g.m. Anders Mikalson Vaksdal. Sjå Leigebuarar.


Neste brukar var Johannes Johannesson 1872-1910, son til den førre brukaren, g.m. Maria Larsine 1876-1962, dtr. åt Lars Ånensen og kona Marta Mikkelsdtr. sjå Leigebuarar nfr. Maria fekk 1912 skøyte på bnr. 9.

Born:

  1. Kari 1901-, ug. b. Boge og Dale.
  2. Marta 1904-1964, g.m. Georg Larsen f. 1906, sjå ættesoge for Dale.
  3. John 1906-, tekstilarbeidar, g.m. Jenny Sofia f. Langeland frå Samnanger 1906
  4. Laura 1907-, b. Skulstad, g.m. Vilhelm Andreas Skulstad. Sjå Haus s. 150.
  5. Johannes 1910, sjå bnr. 9 og 10.


1915 skøyte til Knut Johannesson 1892-1948, sjå ofr., g.m. Marta 1899-1970, dtr. åt Nils Andersson Indre-Boge nr. 3.

Born:

  1. Reidar 19**-, brukar her.
  2. Torleif 19**-, vegarbeidar, b. her.
  3. Kjellaug 19**-, g.m. Håkon Olsnes, sjå bnr. 20.
  4. Birgit 1939-1944.


1969 skøyte til Reidar Knutsson 19**-, tekstilarbeidar.</li>


BNR. 5

Lyngen.

Utskilt frå bnr. 4 1886. Løpenr. (484 a og 484 b) 1. Gamal skyld 1 ort 10 skilling. Revidert 1 ort 13 skilling. 1886 0,46 skyldmark.


1886 skøyte til Anders Knutsson 1857-1915, gardbrukar og garvar, son åt Knut Andersson Vaksdal bnr. 16 og kona Magdeli Johannesdtr. Ytre-Boge bnr. 4, g.m. Malene 1861-1949, dtr. åt gardbrukar Johannes Eriksson Grasdal f. Vaksdal og kona Ingebjørg Johannesdtr. Ytre-Boge. Sjå bnr. 4. 1882 fekk Anders skøyte på Vaksdal bnr. 19.

Born:

  1. Knut 1889-, mylnearbeidar, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  2. Johannes 1894-, mylnearbeiar, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  3. Ingvald 1896-1898.
  4. Magda 1898-, g.m. gbr. Knut Vassdal, sjå Vassdal bnr. 2.
  5. Ingebjørg 1901-, g.m. Erik Boge, sjå Ytre-Boge bnr. 1.
  6. Inga 1906-, g.m. Oscar Jacobsen, sjå nfr.


1934 skøyte til Inga Jacobsen 1906-, dtr. til den førre brukaren, og Oscar Jacobsen 1897-1973, mylnearbeidar, son til Nilla og Jacob Knutsen. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

Born:

  1. Anfin 19**-, politibetjent, b. Bergen, g.m. Marta f. Østervold.
  2. Malvin 19**-, ingeniør, b. Vaksdal, g.m. Eli Faugstad. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  3. Norvald 19**-, tekstilarbeidar, Kristiansand, g.m. Inger.
  4. Olaf 19**-, anleggsarbeidar, g.m. Unni Gotland.
  5. Ingvald 19**-, anleggsarbeidar, g.m. Ingrid Langhelle. Sjå Langhelle bnr. 14.


BNR. 6

Løpenr. 484 a1 484 b1.

Skilt frå bnr. 4 1883. Gamal skyld 1 ort 14 skilling. Revidert skyld 1 ort 18 skilling. 1886 0,52 skyldmark.


1883 skøyte til Tomas Johannesson. Sjå bnr. 2. Bnr. 2 og 6 har seinare hatt same eigar.

1925 skøyte til Nils Hisdal, Samnanger. Sjå bnr. 2.

1939 skøyte til Ole Nilsson Tunes f. 1902. Sjå bnr. 2.


BNR. 7

Skilt frå bnr. 1 1891. Skyld 0,02 skm.


1891 skøyte til Søren Larsen 1850-1917, mylnearbeidar, f. i Danmark, g.m. Madli 1853-1917, dtr. åt Brita og Tomas Johannesson Vaksdal. Sjå Indre-Boge bnr. 4 og Skaftå bnr. 4.

Born:

  1. Ludvig 1879-1901, ug. b. Boge.
  2. Bernt 1881-1961, b. Bergen.
  3. Margrete 1884-1971, b. U.S.A.
  4. Julius 1886-1961, b. U.S.A.
  5. Tora 1889-1972, b. U.S.A.
  6. Conrad 1890-1959, b. U.S.A.
  7. Dagmar 1896-1971, b. Indre-Boge bnr. 23, g.m. Andreas A. Jamne.
  8. Selma 1893-1908.


1942 grunnboksheimel til enkja etter Mikal Vaksdal 1873-1918, banevaktar, son åt Anders Andersson Vaksdal og kona Maria Mikalsdtr. f. Langhelle, g.m. Anna 1866-1950, dtr. åt Johannes Herfindal bnr. 5 og 1. kona Magdeli Ivarsdtr. Dale bnr. 9. Sjå Vaksdal bnr. 26.

Born:

  1. Anders 1897-, sjå leigebuarar.
  2. Madli 1898-, g.m. Hans Haga, Ytre-Boge bnr. 13.
  3. Johannes 1900-, sjå nfr.
  4. Maria 1903-, b. Askøy, g.m. sjøkaptein Ragnvald Gunderson.
  5. Anna 1907-1930, b. Sævareid, Strandvik, g.m. Alf Fossberg.
  6. Margit 1911, g.m. Ole Hope. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


1949 skøyte til Johannes Mikalsson. Vaksdal 1900-1980, sjå ofr., mylnearbeidar, g.m. Ragnhild 1901-, dtr. åt Margit og Gjertin Knutsen. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

Born:

  1. Magnus 1928-1968, jernbanefullmektig, g.m. Astrid Monsen.
  2. Margit 19**-, g.m. Ragnar Oldervik. Sjå ættesoge for Indre-Boge.
  3. Reidar Johan 19**-. Sjå nfr.


1974 skøyte til Reidar Johan Johannesson Vaksdal 19**-, ug., mylnearbeidar.


BNR. 8

Fagerheim.

Skilt frå bnr. 4 1908. Skyld 0,03 skyldmark.


1908 skøyte til Andreas Johannesson Boge f. 1880.


1941 skøyte til Johannes Andreas Boge 1907-, tekstilarbeidar, son åt Ingeborg og Andreas Boge, Ytre-Boge bnr. 11, g.m. Nancy Cecilie 19**-, dtr. åt Sofie og Ole A. Faugstad, Vaksdal.

Born:

  1. Sollaug 19**-, misjonær.
  2. Inger 19**-.
  3. Åshild 19**-, b. Vågåmo, g.m. Arve Lie.
  4. Eldbjørg 19**-.


BNR. 9

Odelsheim. Skilt frå bnr. 4 1912. Skyld 0,03 skyldmark.


1912 skøyte til Maria Larsine Ånensen Boge, enkja etter brukaren på bnr. 4, Johannes Johannesson. Sjå ofr. Maria bygde hus her. Under krigshandlingane i april 1940 brann huset ned. Nytt hus vart bygt på same tomta.


1963 skøyte på bnr. 9 og 10 til Johannes Johannesson Boge, yngste son til førre eigar. Sjå og bnr. 4. Johannes 19**-, mylnearbeidar, er g.m. Nancy 19**-, dtr. åt Johanna og Knut Jacobsen, Vaksdal.


BNR. 10

Litlalibrekko. Skilt frå bnr. 4 1913. Skyld 0,02 skyldmark.

1963 skøyte på bnr. 9 og 10 til Johannes Johannesson Boge 19**-. Sjå bnr. 9.


BNR. 11

Kvernhusteigen. Skilt frå bnr. 4 1914. Skyld 1,71 skm.

Bnr. 11 var om lag halvparten av det gamle bnr. 4.


1915 skøyte til Andreas Johannesson Boge 1880-1940, f. på bnr. 4, g.1 .g.m. Ingeborg Larsdtr. Ånesen 1883-1912. Sjå leigebuarar nfr.

Born:

  1. Katinka 1903-, g.m. Theodor Ibenhart Moe, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  2. Lars 1905-, sjå nfr.
  3. Johannes 1907-, sjå bnr. 8.
  4. Margit 1909-, g.m. Harald Vaksdal. Sjå bnr. 16 og 19.

Andreas g.2.g. 1917 m. syster åt 1. kona, Engel Eline Larsdtr. Aanesen f. 1880.


1941 skøyte til Lars Andreasson Boge f. 1905, sjå ofr., g.1.g.m. Klara Signe 1909-1945, dtr. åt Berta Elisabeth og Anders 0. Langeland. Sjå Samnanger I s. 556.

Born:

  1. Ingeborg 19**-, lærar, g.m. Henning Eick.
  2. Karl 19**-, sjå nfr.

Lars g.2.g.m. Karen 1906-, dtr. åt Nils Sæterdal, Vaksdal, og 2. kona Oline f. Mjellelid.


1974 skøyte til Karl Larsson Boge 19**-, sjå ofr., lærar, b. Ytre Arna, g.m. Olaug 19**-, sjukepleiar, dtr. åt lærar Jens Storegjerde og kona Ottina, Laksevåg.

Born:

  1. Lars 19**-.
  2. Gunnhild 19**-.
  3. Elin 19**-.


BNR. 12

Damholdet. Skilt frå bnr. 5 1925. Skyld 0,01 skm.

1925 skøyte til A/S Boge Mølle.

1970 skøyte til Vaksdal Kommune på bnr. 12 m. fl. bnr.


BNR. 13

Øvretun. Skilt frå bnr. 1 1933. Skyld 0,02 skm.


1933 skøyte til Hans Haga 1890-1971, snikkar, son åt Knut Haga og kona Kristi f. Sævareid, Fusa, g.m. Madli 1898-, dtr. åt Anna og Mikael Vaksdal. Sjå bnr. 7 ofr. 1934 fekk Hans Haga skøyte på bnr. 15.


1969 skøyte på bnr. 13 og 15 til Asbjørn Fossberg 19**-, industriarbeidar, son til Alf Fossberg, Sævareid, f. 1898 og kona Anna f. Vaksdal frå Ytre-Boge bnr. 7, g.m. Ruth 19**-, dtr. åt Edvin Eriksen, 1899-1957, og kona Borghild f. Kvinge 1906-.

Barn:

  1. Helge 19**-.


BNR. 14

Sørbø. Skilt frå bnr. 1 1933. Skyld 1,60 skm.

Bnr. 14 fekk 1/2 av bnr. 1 sine rettar i lakseplass, landslott og part i havnegangen ved skyldskiftet 1933.

1939 skøyte på bnr. 1 og 14 til Anders Nilsson Boge.

1956 skøyte på bnr. 1 og 14 til Norvald Andersson Boge. Huslydopplysningar: sjå bnr. 1.


BNR. 15

Øvretun tillegg. Skilt frå bnr. 1 1934. Skyld 0,01 skm.

1934 skøyte til Hans Haga på bnr. 13 og 15.

1969 skøyte til Asbjørn Fossberg på bnr. 13 og 15. Huslydopplysningar: sjå bnr. 13.


BNR. 16

Solbakken. Skilt frå bnr. 11 1949. Skyld 0,02 skm.

1949 skøyte til Harald Vaksdal og kona Margit. Harald 1908-, jarnbanearbeidar, er son til Marta og Knut K. Vaksdal. Sjå ættesoge for Indre-Boge.

Margit 1909-, er dotter til Ingeborg og Andreas J. Boge. Sjå bnr. 11 ofr.


1969 skøyte til Bruvik Kommune.


BNR. 17

Heimly. Skilt frå bnr. 1 1952. 0,01 skm.


Magnussen, Martinus 1881-1943, smed, var son åt Magne Askjelsson Eikefet og kona Anna Johannesdtr. Stamnes, g.1.g.m. Karoline Jonsdtr. Fossdal 1884-1909. Sjå Eikefet bnr. 4 og Stamnes bnr. 1, Hosanger I del 2 s. 104-107, Gjerstad s. 178.

Born:

  1. Anna 1906-, b. U.S.A., g.m. Godtfred Kolstad.
  2. Klara 1908-, b. Fana, g.m. Anton Tveit.

Martinus g.2.g.m. Anna Nilsina 1877-1960, dtr. til Olina og Olav Tyssebotn. Sjå Hosanger I del 2 s. 149.

Born:

  1. Magnus Konrad 19**-, sjå nfr.
  2. Olga 19**-, b. Fana, g.m. Sverre Leiren.
  3. Anny 19**-, b. Stamnes, g.m. Haldor A. Stamnesfet. Sjå Stamnes bnr. 44.
  4. Maria 19**-, b. Dale, g.m. Einar Olsson.
  5. Bjarne Oskar 19**-, sjå ættesoge for Indre-Boge.


1952 skøyte til Magnus Konrad Magnussen 19**-, sjå ofr., anleggsarbeidar, g.m. Brynhild 19**-, dtr. åt Jakob Berentinsen og kona Brita f. Mo, Modalen.

Born:

  1. Johnny Martin 19**-, anleggsarbeidar, g.m. Liv Straume.
  2. Geir Arne 19**-, anleggsarbeidar, g.m. Solveig Garnes.


BNR. 18

Bjørkheim. Skilt frå bnr. 1 1954. 0,05 skm.

Anna N. Boge har heimel. Sjå bnr. 1.


BNR. 19

Soltun. Skilt frå bnr. 11 1959. 0,02 skm.

1959 skøyte til Harald Vaksdal 1908-, sjå bnr. 16.


BNR. 20

Nytun. Skilt frå bnr. 1 1960. 0,01 skm.

1960 skøyte til Håkon Olsnes 19**-, reparatør, son til Bergljot og Knut Olsnes, Skaftå bnr. 37, g.m. Kjellaug 19**-, dtr . åt Marta og Knut Boge. Sjå Ytre-Boge bnr. 4.

Born:

  1. Knut 19**-.
  2. Jan 19**-.
  3. Arne 19**-.
  4. Berit 19**-.


BNR. 21

Knausen. Skilt frå bnr. 6 1963. Skyld 0,02 skm.

1963 skøyte til Reidar Bruvik 19**-, son åt Dagny og Alf Ingvald Bruvik, b. Ytre-Bruvik bnr. 44, g.m. Astrid Olaug 19**-, kontordame, dtr. åt Alma Nilfrida og Ole Thunes. Sjå bnr. 2.

Born:

  1. Rita Lillian 19**-.
  2. Terje Morten 19**-.
  3. Bjørn Ottar 19**-.
  4. Tor Helge 19**-.


BNR. 22

Haraldshaugen. Skilt frå bnr. 1 1968. Skyld 0,01 skm.

Norvald A. Boge har grunnboksheimel. Sjå bnr. 1.


BNR. 23

Knausen tillegg. Skilt frå bnr. 6 1974. Skyld 0,01 skm.

1974 skøyte til Astrid Olaug Bruvik 19**-, og Reidar Bruvik 19**-. Sjå bnr. 21.


BNR. 24

Skilt frå bnr. 2 1974. Skyld 0,02 skm.

1974 skøyte til dotter Jorun Turi og svigerson Kåre Johan Vik. Jorun Turi 19**-, kontordame, er dtr. åt Alma Nilfrida og Ole Thunes. Sjå bnr. 2. Kåre Johan 19**-, ingeniør, er son åt Anna og Johan Vik, Osterøy. Sjå Vik bnr. 3 og 9.

Born:

  1. Britt Marie 19**-.
  2. Kent Charles 19**-.
  3. Sven Patrik 19**-.


LEIGEBUARAR

Ytre-Boge Knut Eriksson f. 1795 på bnr. 1, død før 1847, var gift og hadde born, men namnet åt kona er ukjent. I skiftet etter far åt Knut 1847 vart det opplyst at Knut var død, og at det levde 3 umyndige born etter han. Farbroren Mons Eriksson Kleppe var formyndar for dei.

Born:

  1. Erik.
  2. Ingebjørg.
  3. Anna.


Aanensen Lars 1847-, mylnestyrar, f. i Sveio, Shl., g.m. Marta Mikkelsdtr. 1849-, f. i Askvoll, var busette på Askøy og i Bjørkvik før dei kom hit. Sjå Hosanger I del 2 s. 426-27.

Born:

  1. Andreas Martin 1871-1954, ug., b. Boge.
  2. Henrik Johan 1872-, b. Bjørkvik, g.m. Agate L. Bjørsvik.
  3. Maria Larsina 1876-, g.m. Johannes J. Boge. Sjå Ytre-Boge bnr. 4.
  4. Bertina Martina Helena 1878-1969, ug. b. Indre-Boge bnr. 25.
  5. Engel Elisa 1880-1917, b. Ytre-Boge bnr. 11, g.m. Andreas J. Boge
  6. Ingeborg 1883-1912, b. Ytre-Boge bnr. 11, g.m. Andreas J. Boge


Boge Knut Johannesson 1853-1895, frå Ytre-Boge bnr. 4, skomakar, g.m. Marta Tomasdtr. Hekland bnr. 1 1861-1946, busette på Ytre-Boge frå dei gifte seg 1881.

Born:

  1. Ingebjørg 1881-.
  2. Marta 1883-1899.
  3. Johannes 1885-, sjå Indre-Boge bnr. 33 og 34.
  4. Inga Kristine 1887-.
  5. Thomas 1890-1892.
  6. Maria 1892-.
  7. Klara d. 1975 i Bergen.
  8. Thomas f. og d. 1895.


Undenes Johan Andreasson f. 1854 i Sverike, jarnbanearbeidar, g.m. Julie Hansine Værnes f. 1853 i Trondheim, var busette på Ytre-Boge då dei gifte seg 1877.


Jansson Anders Gustaf, svensk jarnbanesmed, og kona Berta Jakobine Olsdtr. var busette på Ytre-Boge 1879.

Barn:

  1. Frans Oskar Alexander 1879-.


Storøksen Johannes Ivarsson, jarnbanesmed, og kona Kari Monsdtr. var busette på Ytre-Boge 1881.

Barn:

  1. Cecilia Bertina 1881-.


Monsson Anders 1857-, tenar, og kona Anna Monsdtr. 1854-, budde på Ytre-Boge 1881.

Born:

  1. Berta Monsine 1881-.
  2. Barbru Steffine 1881-.


Olsson Olav 1855-, g.m. Marta Bessesdtr. 1853-, budde på Ytre-Boge 1885.

Barn:

  1. Ole Berntin 1885-.


Vaksdal Anders Mikaelson 1897-, banevaktar, sjå bnr. 7 ofr., og kona Klara Josefine Johannesdtr. Boge 1895-, sjå bnr. 4, var busette her til 1935. Då flytte dei til Voss og bygde hus på Palmafossen.

Born:

  1. Mikal 1921-1967, banevaktar, g.m. Maria Josefsdtr. Lid. Sjå [1] s. 137.
  2. Karen Johanna 19**-, g.m. Reginald Andersen, Kristiansund N.
  3. Agnes 19**-, b. Vaksdal, g.m. Olav Johannes Steinsbø.
  4. Dagny f. og d. 1926.
  5. Dagny 19**-, b. Askøy, g.m. Jakob Farestveit frå Eksingedalen.
  6. Birger 19**-, ug. b. Voss.
  7. Arthur 19**-, b. Voss, g.m. Gerd Knutsen Uppheimsvangen.
  8. Målfrid 19**-, b. Voss, g.m. Otto Martin Småbrekke.
  9. Alfhild 19**-, g.m. major Ole Børsheim frå Strandebarm.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy