Vik, Bruvik sokn

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald


Gards og ættesoge for Vik.


Vik 1955. Midt på biletet gamletunet med husa åt bnr. 3. Til høgre stovehuset på bnr. 5. I bakgrunnen til venstre bnr. 6 Tveitæ. Foto: Widerøe’s Flyveselskap A/S.
Vik 1955. Midt på biletet gamletunet med husa åt bnr. 3. Til høgre stovehuset på bnr. 5. I bakgrunnen til venstre bnr. 6 Tveitæ.

Foto: Widerøe’s Flyveselskap A/S.


GNR. 148 VIK


Innhaldsliste

INNLEIING

Vik ligg ved sjøen mellom Stokke og Skaftå. Fråstanden mellom tuna i Vik og på Skaftå er knapt 1 km i luftlinje. Sørfjorden lagar ei lang, smal vik her. Det er denne vika som har gjeve garden namn. Jordsmonnet er dels sandjord, dels leirjord. Det er bratte fjell ovanfor garden. 1661 vart det opplyst at Vik låg utsett til for skreder frå fjellet.

Tradisjonen fortel at gardsområdet åt Vik tidlegare har vore ein del av Stokke. Gardgrensene synest å stadfesta dette.

I fjellbeitet er det sambeite mellom Stokke og Vik. Dette fjellbeitet grensar mot Votlo, Revheim, Hartveit og Rivenes.

Grensa mellom Vik og Stokke er det gjeve ei skildring av under Stokke. Grensa mellom Vik og Skaftå tek til ved sjøen i Merkesvika (Mærkingsvigen) og går opp i ein bergnakke over Skondalen. Derfrå går grensa i bein line mot Nuken. Frå Nuken går grensa til ein stad dei kallar Grotskarhaugen. Frå Grotskarhaugen går grensa etter vasskilet ("vandfaldet") til det høgaste på Rennehaugen. Derfrå går grensa til Stokketjørna. Derfrå går grensa etter vasskilet (her står også "vandfaldet", kan det vera ein bekk eller ei elv?) til den høgaste varden. Her sluttar grensa mellom Vik og Skaftå.

Gardsnamnet vart skrive Viig 1563, Wig 1590, Wiigh 1611, Wiig 1667 og 1723. Det er ikkje gjort fornfunn på denne garden, og gardsnamnet gjev ikkje noko haldepunkt for å seia kor gamal garden kan vera. Den eldste skildringa av garden finn me i jordeboka åt Lysekloster 1626. 3 gardar i Arne skipreide høyrde til Lyseklostergodset. Det var Romslo, Vik og Skår. Om desse 3 gardane heiter det: "Disse forne Jorder Ligger Weed Søekantten Dog paa Schibeleen er Ringe fiskeri thill, Kand icke Auffle saa møgitt Korn Som dj om Aaritt Kand sig med behielpe, och er huercken Schoug eller Andre Lunder thill."

I matrikkelen 1723 heiter det at garden gav temmeleg sikre kornavlingar, men at han var noko tungbrukt. Fråstanden til Bergen vert oppgjeven til 3 1/2 mil. 1863 er fråstanden oppgjeven til 3 5/8 mil i herredsbeskrivelsen. Garden var helst lettbrukt, men det var tungt å onna i slåttene. Eit av bruka var skrinnlendt, og fekk fråtrekk i skylda for dette.

Dei eldste opplysningane om folket på garden er frå byrjinga av 1600- talet. Då var det ein brukar her. Fram mot midten av 1600-talet vart garden delt i to jamstore bruk. 1711 var her 3 brukarhuslydar, men det er uklårt kor store bruk dei hadde. Kring 1760 var her 4 brukarar. Elles ser det ut til at det på slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet var ei fast bruksdeling med 1/4, 1/4 og 1/2. Sjå bnr. 1, 3 og 5.

1855 vart plasset Buskaret skilt ut som eige bruk. Sjå bnr. 2. Skylda på Buskaret vart sett til 1/10 av heile garden, og plasset var skilt frå bnr. 1, 3 og 5.

1867 vart eit lite bruk, Skaret bnr. 4, skilt frå bnr. 3. 1856 vart den eine helvta av garden delt i 2 jamstore bruk. Sjå bnr. 5 og 6.

Bnr. 7 vart skilt frå dei andre bruka 1899. Bnr. 7 var eit gamalt husmannsplass som dei kalla Buskarhaugen, eller Revurda. Plasset låg ved grensa mellom Vik og Skaftå, og noko av plasset høyrde til Skaftå. Sjå Skaftå bnr. 6.

Etter 1900 vart bnr. 1 oppdelt og selt til bnr. 2, 3 og 6. 1922 vart det tinglyst utskiftning over innmarka. Etter utskiftinga vart bnr. 3 buande i det gamle tunet. Innmarka åt dette bruket ligg nede ved sjøen på vestsida av vika. På austsida av vika ligg bnr. 5, som dei no kallar Ækrå. Bnr. 6 flytte opp til Tveitæ ovanfor vegen.

Før utskiftinga budde bnr. 1, 3, 5 og 6 saman i det gamle tunet. Kvart bruk, eller brukarhuslyd, vart oppkalla med namn som fortalde noko om slekta eller staden. Bnr. 2, som låg utanfor tunet, vart kalla Buskaret etter den staden der dette bruket låg. Bnr. 3 vart kalla Vaksdalane, etter Olav J. Vaksdal som kjøpte dette bruket 1903. Bnr. 5 vart kalla Jakobane etter Jakob A. Stokke, som bygsla dette bruket 1811. Bnr. 6 kalla dei Skjerpingane. Dette bruket var frådelt frå bnr. 5 1856, og den fyrste eigaren, Nils Johannesson, var fødd på Skjerping i Gjerstad. Etter at bnr. 6 fekk tillagt ein stor del av bnr. 1 og flytte opp til Tveitæ, vart bruksnamnet Soltveit eller Tveitæ.

Den eldste innmarka ligg i ei lun hole nede ved sjøen, avgrensa av bratte brot og bergelag både mot vest, nord og aust. Ein yngre del av innmarka, Tveitæ, låg vestanfor Berget. Det førde fleire gongstegar med steintrapper opp over Berget til vegen som gjekk langs Brøkstranda. Før var det ikkje hest på garden, så alt måtte berast. Særleg tungt var det om våren når møka skulle berast til alle teigane og åkrane. Dei brukte då gjerne "å bera til vegar", som dei sa. Dei bar møka eit stykke oppover, tømde kipene, og tok møka att seinare. Møkberinga tok som regel til 25. mars, Vassemyss, og varde fleire veker. 14. april, Sommarmåldag, var den fyrste spådagen.

Kring 1860 var engvidda innanfor bøgarden knapt 100 mål. Åkervidda var 21 1/4 mål. Av åkeren var 9 mål god åker, 6 mål var middels god, resten var ring. 34 1/2 mål var god eng, 19 mål eng var middels god. Resten av enga var ring eng.

Det var mykje teigdeling på innmarka før utskiftinga. Bnr. 3 hadde til dømes 13 innmarksteigar. Den åkeren som låg nærast sjøen kalla dei Storåkeren. Ned mot sjøen, mellom tunet og elva, låg Heimaråkrane. Nord for Elvagåto, ein veg som førde frå tunet ned til elva, låg Luråkrane. Hanaråkrane, Geitaflekken, Ækra og åkrane nord i Træet låg lenger frå tunet. Det var samanhangande åker over mest heile innmarka kring tunet, med reiner og gangvegar imellom. I tillegg til desse åkrane hadde dei ein del smååkrar på 20-25 m2 som dei kalla rotegjerde.

Matrikkelkommisjonane, som arbeidde kring 1720 og 1860, hadde ulikt syn på om denne garden var tungbrukt eller lettbrukt. 1723 heiter det at garden er nokså tungbrukt. 1863 heiter det at det er tungt å onna i slåttene, men elles er garden lettbrukt. Høymengda frå slåttene var rekna til 510 våger. Den totale høymengda, (eller høymengda frå innmark), var 2550 våger. Slåttene låg i utmarka, og det var utløer fleire stader.

Skogen gav 1723 nok til brenneved, men tømmer er ikkje nemnt. 1863 hadde nokre av bruka nok skog til hustømmer. Eit av bruka hadde ikkje hustømmer, og hadde heller lang veg etter ved. Om beitet heiter 1863 at det låg tett ved garden, var "omtrent tilstrekkelig" men fårefullt. Garden har ikkje seter. Vik og Stokke har fjellhage i hop. I heimehagen er beitet sameige, men skogteigane er delt.

Slåttehøyet vart bruka til sauefor. Dei beste slåttene låg i Kråpelia. Dei var namngjetne som gode slåtter. Kråpelia var eit samanhangande område som var delt i teigar. Det var merkessteinar mellom teigane. Kvart bruk hadde teigar og utslåtter der. Det var sett opp mykje fjellgjerde, slik at kyrne ikkje skulle koma til å beita i slåttene.

Mykje for vart henta frå skogen. Eit par veker dreiv dei og logga. Det var mykje ask på garden før. Askelauvet var gjævt for. Dei fleste askane var styvde. Berre nokre få askar nede ved sjøen var eintrøingsaskar.

Det var berre 2 eintrøingsaskar på Vik. Dei stod på eigedomen åt bnr. 5 og det vert fortalt om ein av dei gamle brukarane at han var svært vyrk for desse askane.

Dei hadde aldri vore styvde. Då dei styvde asken brukte dei også borken av greinene. Skav av ask, raun, selje og hegg var mykje brukt til krøterfor. Dei brukte også lyng og belt. Men korkje skav, lyng eller belt var det så store mengder av at det vart teke omsyn til det ved matrikkuleringa i 1860-åra. Heller ikkje tangstranda var nemnd. Dei brukte ikkje tang til for, men dei brukte noko tang til åkrane. Tangen rensa åkrane godt for ugras, og gjorde god verknad på leirjorda og den sure jorda som fanst fleire stader.

Tangen som dei bruka til for, var delvis rekatang som dei samla ved strandlinja kvar på sitt bruk, delvis tang som dei skar der dei åtte. Tangen låg og rotna i dungar til saltvatnet vart borte. Tangen vart bruka på Heimaråkeren og Luren, som det var serleg mykje leira Dei hadde korn i desse åkrane 2 år etter einannan, og hadde så tang i. Dette løyste opp jorda slik at ho vart mykje lettare. Dei brukte ikkje tang til potetåkrar. Det var elles vanleg å ha korn og poteter i åkrane anna kvart år.

1723 var det ei flaumkvern på garden. Seinare vart det fleire kvernar. Dei låg ved elva. Det vises restar etter kvernstøe fleire stader langs med elva. Det kvernhuset som varde lengst stod nord for brua. Fleire kvernhusgrunnar kom vekk då vegen vart bygd.

Garden har ikkje hatt nokon kastevåg eller andre lunnende som det har vore teke omsyn til ved matrikkuleringa. "Ingen Lunder" skriv landkommisjonen 1661. "Har ingen anden næring end hvad av Gaardens avling erhverves". Det er i matrikkelen 1723 me finn denne merknaden om Vik, men i tillegg til det vanlege jordbruket, har dei nok også på denne garden drive noko veiding og fiske. Revurda ligg på grensa mellom Vik og Skaftå. Tradisjonen fortel at der fanga dei rev i revahus. Det var feller som var bygde av heller og trepinnar. Slike revahus hadde dei mange stader i utmarka.

Bnr. 2 hadde naust i Buskarvika. Dei andre bruka hadde nausta sine i vika ved Ladberget.

På 1800-talet vart det teke opp eit par husmannsplass. Den fyrste festesetelen på plasset Buskaret vart tinglyst 1825. Sjå bnr. 2. I Revurda vart det teke opp eit husmannsplass kring 1860. Festesetelen vart tinglyst

1864. Sjå bnr. 7. Fiskelarshaugen kan ha yore eit gamalt husmannsplass, eller tomt for ein husmann utan jord. Namnet tyder på at han som budde der hadde størsteparten av innkoma si av fiske.

Vik, Skaftå og Stokke høyrde til same dugnadskrinsen. Dei siste dugnadane var i 1920-åra etter utskiftinga. Dugnad var vanleg når hus skulle byggjast eller flyttast, og når det skulle skiftast tak.

Attåtarbeid utanfor garden kjenner ein lite til før kalkgruva på Skaftå kom i drift. Etter den tid har gruvearbeid vore både attåtyrke og hovudyrke for fleire av brukarane i Vik.


SKYLD, SKATT, FØDNAD, AVLING OG FOLKETAL

Gamalt matr.nr. 12 i Mjelde skipreide. I ei opplysning frå 1774 står det at Vik ikkje var nr. 12 i Mjelde skipreide, men nr. 12 mellom gardane som Lysekloster åtte i Nordhordland.

Nytt matr.nr. 23 i Mjelde skipreide. 1885: Matr.nr. Gnr. 2 i Bruvik Herad. Gamal landskyld 1 laup smør, 1 får. Skatteskyld 1 laup, 1 bismarpund 1838: Ny skyld 4 dl. 3 ort 12 sk. 1886: 8,57 skm.

1665 leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar: 5 mark 2 sk. Kandtiend 1 tunne. Småtiend 1 sk. 2 hvid. 1626: Leidang 6 merker smør, 2 geiteskinn, 1 kalveskinn.

Fødnad 1657: 1 hest, 12 kyr, 2 kviger, 18 geiter, 24 sauer. 1665: 20 storfe. 1723: 16 kyr, 4 ungfe, 25 småfe. 1863: 33 storfe, 73 småfe. 1865: 42 storfe, 114 småfe, 3 griser. 1875: 20 kyr, 6 ungfe, 80 småfe.

Sånad 1665: 4 tunner korn. Avling 10 tunner. 1723: Sånad 5 tunner havre, avling 18 tunner. 1863: Sånad 11 tunner havre, 15 1/2 tunner poteter. Avling: 57 tunner havre, 90 tunner poteter, 2550 våger høy, 283 våger halm. I slåttene hausta dei 510 våger høy. Den siste oppgåva er frå Herredsbeskrivelsen, eit matrikkelførearbeid, der også åker og engvidda er tekne med. Åkervidda var 21 1/4 mål. Av det var 9 mål god åker, 6 mål middels god, resten var ring. Engvidda var 99 1/2 mål 34 1/2 mål var god eng, 19 mål var middels god, resten var ring. 1875: Sånad 8 1/2 tunne havre, 12 1/2 tunne poteter.

Folketal 1801:21. 1865:40. 1875: 45.


Tunet i Vik i 1920-åra. Til venstre løa åt bnr. 5 og 6. Attom den ligg stova på bnr. 5. Mig på biletet stova på bnr. 1. Attom den ligg stova på bnr. 3. Lengst til høgre stova på bnr. 6.  Amatørfoto.
Tunet i Vik i 1920-åra. Til venstre løa åt bnr. 5 og 6. Attom den ligg stova på bnr. 5. Mig på biletet stova på bnr. 1. Attom den ligg stova på bnr. 3. Lengst til høgre stova på bnr. 6.

Amatørfoto.


EIGARAR

Lysekloster er den fyrste kjende eigaren av garden. Dette klosteret, som låg ved Lysefjorden i Os, var det eldste norske cisterciensarklosteret. Det var grunnlagt 1146. Klosteret fekk etter kvart store jordeigedomar. På det meste åtte Lysekloster kring 200 gardar. Mellom desse gardane var Vik og Skår på Osterøy og Romslo på andre sida av Sørfjorden.

Frå 1546 var Lysekloster i privat eige. Klosteret i Os vart meir og meir til nedfalls. Stein frå klosteranlegget vart m. a. nytta i Rosenkrantztårnet i Bergen. Noko av steinen vart ført til Danmark. Der brukte dei han m. a. i murane i Kronborg slott.

1670 vart konsul Hans Henriksson Formann i Bergen eigar av alle Lysekloster-gardane. Etter at Hans Formann var død, var det enkja Karen Rasmusdtr. f. Lindgård som åtte gardane. Ho gav skøyte 1759 til sonen Henrik Hansson Formann.

1765 fekk Hans Henriksson Formann, borgarmeister i Bergen, skøyte på gardane hjå far sin. Borgarmeister Formann døydde 1783, og sdottera Wilhelmine ervde Lyseklostergodset.

Wilhelmine Formann gifte seg 1796 med ein nær slektning, cand. jur. Henrik Henriksson Formann d. 1815. I skiftet etter han ervde sdottera Johanna 1/3 av Lyseklostergodset. Mellom desse gardane som Johanna ervde var også Vik. Johanna gifte seg med konsul Hans Nagell. Etter at Hans Nagell var død, gav enkja Johanna i 1855 skøyte til Knut Nilsson Stokke, Mons Johannesson Vik og Knut Bessesson Blindheim. Sjå bnr. 1,2 og 3.


BRUKARAR FØR 1760

Bjørn i Vik er den fyrste kjende brukaren. Han er fyrste gongen nemnd i landskattelista 1603. Der finn me han mellom 5 jordeigande bønder i Mjelde skipreide. Jorda som han eig er skyldsett til 1/2 laup smør, men det er ikkje oppgjeve kvar jordeigedomen ligg. Bjørn ser ut til å ha vore åleine brukar i Vik kring 1620. Han var leiglending under Lysekloster. 1612-13 finn me han i Sakefallsregisteret. Han fekk då ei bot på 20 dl. for lægermål. 1630-31 er Bjørn Vik oppført mellom 14 forarma husmenn i Mjelde skipreide som ikkje kunne betala skatt. Han hadde då truleg late garden frå seg.


1620 er Mons Vik oppført i skattelista mellom husmenn, øydejordsmenn og drenger for full Iøn. Det er uvisst om han var brukar her. Han kan ha vore dreng.


1630 og 1638 finn me brukaren Johannes i skattelista. Han er oppførd mellom leiglendingar som betalar full skatt. I landskattelista 1638 finn me også Anders Vik mellom drenger som tener for halv Iøn. Han har truleg vore dreng hjå Johannes.


1645 finn me for fyrste gong 2 brukarar. Gregorius Persson f. om lag 1607 var brukar her frå 1640-åra til om lag 1665. I manntalet 1666 er han oppførd som husmann og strandsitjar. Han hadde då late garden frå seg til versonen. Sjå nfr. 1657 hadde Gregorius ein fødnad på 1 hest, 6 kyr, 1 kvige, 9 geiter og 12 sauer. Gregorius og kona Karen hadde ei dotter, Anna f. om lag 1644, g.m. Johannes Gabrielsson, brukar her. Sjå nfr.


1666 hadde Johannes Gabrielsson overteke bruket åt verfaren. Johannes f. om lag 1638 d. 1713 og kona Anna Gregoriusdtr. f. om lag 1644 d. 1714 hadde desse borna:

  1. Kari f. om lag 1678 g.1.g. 1696 m. Knut Johannesson Kalland, g.2.g. 1705 m. Mons Monsson Vaksdal, g.3.g. 1707 m. Knut Tørresson Søre Myking, b. Myking.
  2. Gregorius 1684-,
  3. Johannes 1691-, brukar her, sjå nfr.
  4. Anna g.m. Anders Johannesson Ytre-Boge, brukar her, sjå nfr.
  5. Guri d. 1695,
  6. Gjertrud d. 1698.


1705 vart Anders Johannesson Ytre-Boge g.m. Anna Johannesdtr. Vik. Sjå ofr. Dei var leiglendingar her. Av tingbøkene går det fram at Anders reiste søksmål mot Mikkel Blom, for å få vederlag for ei ku som Mikkel hadde leigt. Kua vart så ussel at ho kreperte. Domen lydde på at eigar og leigar skulle dela skaden med kvar sin halvpart. Anders f. 1670 eller 1680 d. 1729 var legdsmann for Viklegda. Enkja Anna gifte seg 2.g. 1729 m. Johannes Eiriksson Blom. Sjå Haus s. 250.


Johannes Johannesson Vik 1691-, sjå ofr., overtok bruket som svogeren Anders Johannesson hadde hatt. Han overlet ein del av bruket 1756 til sonen Johannes. 1761 tok han kår.

Johannes var g.m. Anna Monsdtr. 1698-1763.

Born:

  1. Brita 1729-1813, g.m. Olav Monsson Løtveit, sjå Løtveit bnr. 1.
  2. Johannes 1730-, brukar her, sjå nfr.
  3. Anna g.m. Jakob Olsson Søre Myking, brukar i Vik, sjå nfr.
  4. Gjertrud 1740-, g.m. Olav Nilsson Vevle, sjå Gjerstad s. 424. (Det er ikkje samsvar mellom slektsopplysningane i Hausbøkene og hjå Langhelle når det gjeld Gjertrud. I Hausbøkene står det at Gjertrud, som vart g. til Vevle, var dotter åt Johannes Monsson Helle og 2. kona Gjertrud Johannesdtr. Nordre Askeland.)
  5. Johannes Johannesson 1730-1798 overtok jorda etter faren 1756. Johannes var g. 1755 m. Barbro Nilsdtr. Vevle 1730-. Frå 1758-1761 budde dei på Myking i Gjerstad. Verbror åt Johannes, Jakob Olsson Søre Myking, dreiv då jorda i Vik.


1761 overtok Johannes farsgarden i Vik og gav kår til faren. Kåret lydde på 1 tunne korn, 1 kufoster og naudsynt tilsyn.

Born:

  1. Sygny 1756-1758,
  2. Nils 1757-1758,
  3. Sygny 1759-,
  4. Brita 1762-, g. 1796 m. ekm. Johannes Monsson Solberg, Gjerstad. Sjå Gjerstad s. 298.
  5. Anna f. og d. 1765,
  6. Anna 1766-, g.m. Mons Monsson Hesjedal, brukar i Vik. Sjå bnr. 3.
  7. Johannes 1769-, b. i Bergen,
  8. Marta 1773-1792, ug., b. her.


1761 bygsla Jakob Olsson Søre Myking den jorda som verfaren og verbroren hadde hatt. Jakob 1705-1773 var g.m. Anna Johannesdtr. Vik 1712-1767. Sjå ofr. 1761 flytte dei attende til Myking og overtok eit bruk der. Huslydopplysningar: sjå Gjerstad s. 187. Ei dotter, Anna, f. i Vik 1759 er ikkje med i lista over borna deira der.


Den andre brukaren 1645 var Nils Torbjørnsson. Nils og kona Synneva er nemnde som brukarfolk 1645 og 1657. 1657 fødde dei 6 kyr, 1 ungfe, 9 geiter og 12 sauer.

Born:

  1. Knut f. om lag 1615-, sjå nfr.
  2. Marta,
  3. Mikkel f. om lag 1628, brukar her, sjå nfr.


1666 hadde Mikkel Nilsson overteke jorda etter faren. Mikkel f. om lag 1628 d. 1692 var gift, men namnet åt kona er ikkje kjent.

Born:

  1. Gjertrud 1659-1714,
  2. Gurid 1663-, g.m. Olav Olsson, brukar her, sjå nfr.
  3. Synneva 1671-1729, ug.


1701 hadde Olav Olsson Vik og kona Guri Mikkelsdtr. overteke bruket etter far hennar. Olav 1655-1741 og Guri 1663-1723 hadde desse born:

  1. Ingebjørg 1687-, g. 1723 m. Anders Monsson Revheim. Sjå Gjerstad s. 59.
  2. Marta 1693-, g. 1747 m. ekm. Lars Johannesson Hartveit. Sjå Gjerstad s. 327.
  3. Mikkel 1697-, sjå bnr. 5,
  4. Olav f. og d. 1700,
  5. Olav 1705-, g. 1737 m. enkja Anna Persdtr. Veo. Sjå Gjerstad s. 350.

BRUKARAR

BNR. 1

Gamalt løpenr. 5 i Mjelde skipreide. Nytt løpenr. 429.

Bnr. 1 vart samanføyd med bnr. 6 1956 og sletta av matrikkelen. Gamal landskyld 18 merker smør. 1838 ny skyld: 1 dl. 21 sk. 1886: 1,95 skm. 1905: 0,89 skm. 1956: 0,83 skm.

1863 var det på bruket 5 mål åker. 2 mål var god åker, 1 1/2 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 20 1/2 mål. 6 1/2 mål var god eng, 4 mål middels god, 10 mål var ring eng. Sånad: 2 1/2 tunne havre, 3 1/2 tunne poteter. Avling 14 tunner havre, 20 tunner poteter, 640 våger høy, 98 våger halm. I slåttene hausta dei 120 våger høy. Fødnad: 9 storfe, 18 småfe.

I folketeljinga 1865 finn me desse oppgåvene: Fødnad 9 storfe, 24 småfe, 1 gris. Sånad: 2 1/2 tunne havre, 3 tunner poteter.

1875: Fødnad 5 kyr, 2 ungfe, 24 småfe. Sånad 2 1/2 tunne havre, 3 tunner poteter.


Gregorius Knutsson Søre Myking var den fyrste kjende brukaren på dette bruket. Han var son åt Kari Johannesdtr. Vik, sjå ofr., og Knut Tørresson Søre Myking. Gregorius 1711-1781 g. 1729 m. Barbro Eiriksdtr. Blom f. 1695. Sjå Gjerstad s. 185 og Haus s. 249.

Born:

  1. Knut 1730-, g.m. Anna Josefsdtr. Øvste Mjelde. Sjå Indre-Bruvik, Husmannsplass.
  2. Eirik 1733-, brukar her,
  3. Gjertrud 1737 -, g.m. Baste Andersson Kyrkje-Bruvik, sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 10.


1775 bygsla Eirik Gregoriusson bruket som faren hadde hatt. Eirik 1733-1815 var g.m. Kari Monsdtr. Søre Myking 1736-1816. Sjå Gjerstad s. 186.

Born:

  1. Barbro 1767-, g.m. Lars Larsson Tyssen, brukar her. Sjå nfr.
  2. Mons 1770-1798, ug.


1794 bygsla Lars Larsson Tyssen. I bygselsetelen var det gjort merksam på at Lars skulle gifta seg med dottera åt den førre brukaren, Eirik Gregoriusson. Lars var då enkjemann. Namnet åt fyrste kona er ikkje kjent. Lars g.2.g.m. Barbro Eiriksdtr. Vik 1767-1832.

Born:

  1. Eirik 1796-,
  2. Ragnhild 1798-, g.m. Anders Haldorsson Dale, brukar her.
  3. Mons 1803-1821, ug.
  4. Magdeli 1805-1826, ug.


1818 bygsla Anders Haldorsson Dale.

Anders 1791-1878 var frå Dale bnr. 1, g.1.g.m. dotter åt den førre brukaren her, Ragnhild Larsdtr. Vik 1798-1848. Sjå Dale bnr. 1.

Born:

  1. Barbro f. og d. 1820,
  2. Mons 1821-,
  3. Kari 1823-,
  4. Haldor 1826 f.-, g. 1855 m. Marta Bastesdtr. Hammersdal f. 1827.
  5. Lars 1830-,
  6. Kari 1831-1858,
  7. Barbro 1834-,
  8. Lars f. og d. 1838.
  9. Eirik 1839-, b. Bø i Manger.

Anders g.2.g. 1849 m. Magdeli Olsdtr. Trengereiddalen 1809-1874. Sjå Haus s. 306.

Born:

  1. Olav 1850-, b. Askøy,
  2. Ragnhild f. og d. 1853.


1855 skøyte for 360 spd. til Nils Knutsson Stokke frå enkja Johanne Nagell.

1856 vart det tinglyst kårbrev til den førre brukaren Anders Haldorsson og kona Magdeli Olsdtr.

Nils Knutsson 1828-, var frå Stokke bnr. 1, g. 1856 m. enkja Brita Tomasdtr. Skaftå 1821-. Sjå Skaftå bnr. 4.

Born:

  1. Johannes 1860-1879,
  2. Anna 1867-, g.m. Olav Andersson Vaksdal, brukar her, sjå nfr.


1883 skøyte til Olav Andersson Vaksdal for 700 kr. og kår, verdsett til 500 kr. for 5 år.

Olav Andersson Vaksdal f. omlag 1862 var g.m. Anna Nilsdtr. 1867-, dtr. åt den førre brukaren her.

Born:

  1. Johanna 1884-.
  2. Nils 1886-.
  3. Anders 1889-.
  4. Anna 1891-.
  5. Sivert.
  6. Bernhard.
  7. Oluf.

Olav og Anna flytte med huslyden sin til Tveita i Valestrand kring 1901. Bruket vart seinare oppdelt og selt til fleire av dei andre brukarane. Sjå bnr. 2, 3 og 6.

På grunn av denne frådelinga gjekk skylda på bnr. 1 ned frå 1,95 skm. i 1886 til 0,89 i 1905.


1904 skøyte til Ole Johannesson på ein del av bnr. 1. Ole Johannesson f. 1844 var brukar i Vik på bnr. 6, son åt Johannes Tomasson Skaftå, bnr. 4 og 2. kona Brita Tomasdtr. Stavenes, g. 1870 m. Agate Nilsdtr. Vik bnr. 6. Dei fekk skøyte på farsgarden hennar 1889.

Born:

  1. Nils 1876-1877.
  2. Nils 1878-, brukar her, sjå nfr.
  3. Berta Malene 1881-, g.m. Johan Martin Borge, sjå bnr. 11.
  4. Johanna 1883-, g.m. Halyard Kalland, brukar her, sjå nfr.
  5. Kari 1886-, g.m. Bernt Hartveit, sjå Gjerstad s. 333.
  6. Ingeborg 1889-, g.m. Ole Kalland. Sjå Stokke bnr. 6.
  7. Martin 1892-, sjå bnr. 13 nfr.
  8. Johannes 1892-, sjå bnr. 18 og Stokke bnr. 7,
  9. Ragna 1894-, b. Radøy, g.m. Nils Kristoffer Korneliusson Sylta.


1912 skifteskøyte til Nils Olsson Vik 1878-1914, g.m. Olina Larsdtr. Eidsnes frå Hosanger. Ho busette seg på Leknes i Hosanger då mannen var død.

Born:

  1. Ågot, b. U.S.A.
  2. Olav 1912-, ug., b. Leknes i Hosanger.
  3. Betsy, b. U.S.A.


1914 skøyte til Halvard Kalland 1879-1952, gardbrukar, veg- og anleggsarbeidar, son åt Herborg og David Fyllingslid, Kalland bnr. 1. Halyard var g.m. Johanna Olsdtr. Vik bnr. 1 og 6, f. 1883. Sjå ofr. og Kalland bnr. 1.

Born:

  1. Olav 1905-, sjå bnr. 14 og 22,
  2. Hedvig 1906-, g.m. Knut M. Vik, sjå bnr. 12,
  3. Dortin 1908 -, sjå bnr. 20.
  4. Astrid 1910-, b. Ytre Arna, g.m. Bernhard Martin Skreien. Sjå Ytre Arna s. 179.
  5. Bergljot 1912-, b. Bergen, g.m. Olav Akselberg frå Evanger.
  6. Maria 1914-, g.m. Anders Martin Skjerping, brukar her, sjå nfr.
  7. Nils 19**-, telegrafist, Bergen, g.m. Else Bjørnsen.
  8. Håkon Johan 19**-, anleggsarbeidar, b. Mathopen, g.m. Edith Alfheim.
  9. Sverre 19**-, anleggsarbeidar, b. Arnatveit, g.m. Anna Skjerping.
  10. Osvald 19**-, sjåfør, b. Raknes, g.m. Ingrid Johannesdtr. Arne frå Dale. Sjå ættesoge for Dale..
  11. Birger 19**-, handelsbetjent, Øystese, g.m. Aslaug Johansdtr. Vik bnr. 3.


1948 skøyte til Anders Martin Skjerping 1904-, gardbrukar og gruvearbeidar, son åt Andreas Eiriksson Skjerping og kona Marta, g.m. Maria Halvardstr. Kalland 1914-, dtr. åt den førre brukaren her. Sjå ofr. og Gjerstad s. 347.

Barn:

  1. Valborg 19**-, g.m. Arne Langhelle, b. her, sjå nfr.


Arne Langhelle 19**-, bilreparatør, son åt Sofie Berentine og Nils Langhelle og kona Valborg Andersdtr. f. Skjerping 1941, er busette her. Sjå ofr. og Ytre-Bruvik bnr. 23.

Born:

  1. Ann Merete 19**-.
  2. Jan Egon 19**-.
  3. Åge Ronny 19**-.


BNR. 2

Daglegnamn: Buskaret.

Skilt frå bnr. 1, 3 og 5 1855. Løpenr. 429 b, 430 b og 431 b. Gamal landskyld 9 6/10 m. smør, ny skyld 2 ort 8 sk. Ved delings- og skyldsetjingsforretninga vart skylda på bruket sett til 1/10 av heile garden. 1886:0,81 skm. 1956: samanføyd med bnr. 8, skyld 1,40 skm. Buskaret var frå fyrst av eit husmannsplass. Den fyrste festesetelen var tinglyst 1825. Sjå nfr:


1863 var det på dette bruket 2 3/4 mål åker. 1 mål var god åker, 1/2 mål middels god, resten var ring. Engvidda var 11 mål. 6 mål var god eng, 3 mål middels god, 2 mål var ring eng. Sånad: 1 3/4 tunner havre, 2 1/2 tunne poteter. Avling: 7 tunner havre, 12 tunner poteter, 300 våger høy, 77 våger halm. I slåttene hausta dei 30 våger høy, stundom noko meir. Fødnad: 4 storfe, 12 sauer. Bruket var middels tungbrukt. Brendsel nok til husbruk, men det var lang veg etter det. Skogen gav ikkje hustømmer.


1855 skøyte for 150 spd. til Mons Johannesson Vik frå Johanne C. Nagell.


Skjøde

Jeg underskrevne J. C. sal Nagell med Laugverge, gjør herved vitterligt at have solgt, ligesom jeg herved sælger, skjøder og afhænder til velagte Mons Johannesson Viig det mig tilhørende Plads Baadskaret, under Gaarden Viig, beliggende i Nordhordlands Thinglaug, Haus Præstegjeld og Sogn, af aarlig Landskyld 9 6/10 f Smør, ny Skatteskyld 2 ort 8 sk. med Bygsel og Herlighed, saaledes som jeg har eiet, og han siden 22de April 1825 har brugt samme, for den Sum 150 Sp er et hundrede og femti Species, Alt i Overensstemmelse med den mellem os under 12te April d. A. oprettede Kjøbecontract, og da bemeldte Kjøbesum nu er mig betalt, saa skal det omhandlede Plads Baadskaret, med tilhørende Huuse og Herligheder, herefter følge og tilhøre Kjøberen og hans Arvinger, hvorhos jeg fraskriver mig min Odelsret til Pladset. Hviler der paa dette noget Føderaad, da forbeholdes Føderaadstageren samme.
Dette til Bekræftelse under min Haand og Segl i Overværelse of undertegnede 2de Vidner.

Bergen den 28de Septbr. 1855.

Til Vitterlighed Johanne C. sal Nagell
Nicolai L. Sontum. Som Laugverge
N. Nicolaysen Chr. Nagell.

Vi underskrevne Wilhelmine F. Nagell, Christopher Nagell og N. Nicolaysen, fraskrive os herved vor Odelsret til det ved dette Skjøde solgte Plads Baadskaret.

W. F. Nagell. N. Nicolaysen. Chr. Nagell.


Mons Johannesson 1798-1860 var frå Vik bnr. 5, g. 1825 m. Anna Jensdtr. Gjerstad. 1800-1886. Sjå Gjerstad s. 280.

Mons Johannesson var eldste son åt brukaren Johannes Johannesson på bnr. 5. Mons var 12 år då faren døydde. Mora gifte seg att, og stykfaren fekk bygselsetel på bnr. 5 1811. 1825 fekk Mons tinglyst bygselsetel på husmannsplasset Buskaret. Dette plasset var utvida ved delings og skyldsetjingsforretninga 1855. Skylda vart då sett til 1/10 av heile garden Vik.

Mons bygde hus i Buskaret, naust i Buskarvika, flor på Rivenessetra og steingard langsetter Rivenesfjellet.

Verfar åt Mons, Jens Johannesson Gjerstad, budde på dette bruket på sine eldre dagar. Han døydde her 1850, 72 år gamal.

Born:

  1. Johannes 1825-, b. Solbjørg i Gjerstad, g.m. Kristina Jensdtr. Antun. Sjå Gjerstad s. 300.
  2. Jens 1828-, sjå bnr. 7.
  3. Jakob 1830-, brukar her,
  4. Mons f. 1833-, d. før 1860.


1861 skøyte til Jakob Monsson på 5/6 av bnr. 2 for 225 spd. og kår til mora, Anna Jensdtr. 1/6 av bruket hadde Jakob fått utlagt ved skiftet etter faren.

Jakob Monsson 1830-, var g. 1862 m. Kari Jensdtr. Antun 1840-1929. Sjå Gjerstad s. 269.

Born:

  1. Mons 1863-, bygningsarbeidar og verkstadeigar, b .Bergen og Espeland.
  2. Brita 1865-1950, ug., syerske, b. Bergen.
  3. Jens Olai 1867-, skomakarmeister, b. Bergen, g.1.g.m. Ragna Malene Nilsen frå Os, g.2.g.m. Bergitta.
  4. Anna 1870-, ug., b. Bergen.
  5. Johannes 1873-, brukar her, sjå nfr.
  6. Johannes Martin 1876-, handelsmann, b. Bergen, g.m. Margit Hetnes.
  7. Marta 1879-, syerske, b. Bergen, g.m. postfunksjonær Peder Fure.


1897 skøyte til Johannes Jakobsson Vik 1873-1958. Sjå ofr. Gardbrukar og gruvearbeidar, g.m. Berta 1874-1941, dtr. åt Magdeli og Johannes J. Skaftå bnr. 1.

Born:

  1. Jakob 1895-, brukar her, sjå nfr.
  2. Johannes 1897-, sjå bnr. 23.
  3. Kirsten 1903-, ug., b. her.


1953 skøyte på bnr. 2 og 8 til Jakob Johannesson Vik 1895-1976, sjå ofr., g.m. Berta Andrea 1892-, dtr. åt Brita og Anders Barsnes, Sogndal.

Born:

  1. Borgfrid 19**-, b. Bergen, g.m. Reidar Larsen.
  2. Johannes Arnstein 19**-, brukar her, sjå nfr.


1959 skøyte til Johannes Arnstein Vik 19**-, sjå ofr., ug. ingeniør, b. her og i Bergen.


BNR. 3

Gamalt løpenr. 6 i Mjelde skipreide. Nytt løpenr. 430. Gamal landskyld 1 spann smør, 1/4 får. Skatteskyld 1 pund smør = 24 merker. Ny skyld 1838: 1 dl. 21 sk. 1886: 1,85 skm.

1863 var det på dette bruket 5 mål åker. 2 mål var god åker, 1 1/2 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 24 mål. 8 mål var god eng, 8 mål middels god, resten var ring. Sånad: 3 tunner havre, 3 1/2 tunne poteter. Avling: 15 tunner havre, 18 tunner poteter, 640 våger høy, 98 våger halm. I slåttene hausta dei 120 våger høy. Det vart selt om lag 180 våger høy. Fødnad: 7 storfe, 6 småfe. Desse tala er frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 finn me desse oppgåvene: Fødnad 9 storfe, 20 småfe, 1 gris. Sånad: 2 1/2 tunne havre, 3 tunner poteter. 1875: Fødnad 5 kyr, 2 ungfe, 17 småfe. Sånad: 2 1/2 tunne havre, 3 tunner poteter.


1791 bygsla Mons Monsson Hesjedal det bruket som verfaren, Johannes Johannesson Vik, før hadde hatt. Før Mons Monsson overtok farsgarden åt kona, hadde han vore brukar i Åsen, Hesjedal. Sjå ofr. og Hesjedal, Dale sokn brukarar før 1820.

Mons f. 1753 d. ca. 1805 var g.1.g.m. Anna Johannesdtr. Vik 1766-1793. Dei hadde ikkje born.

Mons g.2.g. 1794 m. Brita 1768-1844, dtr. åt Lars Nilsson Vatle og kona Marta Johannesdtr. Sjå Haus s. 141-142.

Born:

  1. Hanna 1795-,
  2. Mons 1799-, sjå Leigebuarar.


1808 bygsla Mons Johannesson Veseth 1776-1840, g. 1809 m. enkja etter den førre brukaren her, Brita Larsdtr. f. Vatle 1768-1844. Sjå Haus s. 31.

Born:

  1. Marta 1808-, g.m. neste brukar.
  2. Anna 1809-, g. 1854 m. ekm. Olav Haldorsson Hauge. Sjå Gjerstad s. 31.


1856 skøyte til Knut Bessesson Blindheim frå fru Johanne Nagell for 350 spd. Knut Bessesson hadde bygsla dette bruket 1833. Han var g.m. dotter åt den førre brukaren her, Marta 1808-1870. Knut, som var frå Blindheim i Åsane, døydde 1870.

Born:

  1. Brita 1830-, g.m. Jens Monsson Vik bnr. 7.
  2. Mons 1835-, sjå bnr. 4,
  3. Besse 1836-, brukar her, sjå nfr.
  4. Brita 1840-,
  5. Brita 1841-, g. 1863 m. Mons Johannesson Mele, Bø.
  6. Mons 1844-,
  7. Anna 1847-,
  8. Knut 1851-.


1859 skøyte til Besse Knutsson for 375 spd. og kår til foreldra. Besse f. 1836 g. 1864 m. Marta f. 1841, dtr. åt Hans Olsson Øvre Helland og kona Brita Rasmusdtr. f. Nåmdal. Sjå Øvre Helland bnr. 3, Modalen. 1883 selde dei dette bruket og flytte med huslyden sin til Bø i Hordabø.

Born:

  1. Knut 1865-,
  2. Olai 1868-1872,
  3. Olai 1873-,
  4. Martines 1876-,
  5. Berta 1879-.


1883 skøyte til Anders Olsson Herfindal 1829-, lærar og ordførar i Bruvik. Han var brukar på Vaksdal bnr. 6 frå 1861, dreiv ei tid garden Borge i Arna og busette seg seinare i Olen, Sunnhordland. Huslydopplysningar: sjå Vaksdal bnr. 6.


1891 skøyte til Olav Andersson Herfindal frå faren, Anders Olsson. Sjå ofr.


Vilkaarsbrev


Jeg undertegnede Ole Andersen Vik (senior) forpligter mig herved til, at svare til mine forældre Anders Olsen og Anna Olsd. af det mig ved Skjøde af Dags dato tilhjemlede Brug Gaards No 2 Brugs No 3 Matr. No 109 Løbe No 430, af skyld ny 1 M 85 Vik i Brudviks Thinglag for deres livstid følgende Aarlige føderaad eller vilkaar:

1 - skal de have den smaa stue de nu bebo med loft og sidekamre til fri afbenyttelse samt adgang til kjøken og kjeldere, rum i laden til det hø de selv afler i fjøset til nogle faar og i Nøstet til en færingsbaad, saa skal de have det fornødne Brændsel, tilsyn og pleie saavel i sunde som især sygdoms og Alderdoms dage.

2 - skal for dem fødes, rygtes og pleies Vinter og sommer 2, to kjør 4, fire faar paa den bedste maade og afdraatten af dem frit tilleveres dem.

3 - skal de have 6, sex voger havrekorn og 16, sexten skjepper Poteter hver høst ved Mikali tider begge dele af gaardens bedste Avl.

4 - skal de have brugen af en bøteig kaldet Næse med de 3 mindste deri liggende Agre og en liden udslaatte kaldet Bjørkhamrene samt en ditto ved Næsta Kvile.

Dette Vilkaar der er værdsat til kr. 120 aarlig udgjør for 5 Aar kr. 600, sex hundrede Kroner, skal herefter paahvile ovennevnte Brug med 1ste prioritets panteret indtil begge de Vilkaarstagende ved døden ere afgaaede. Naar den ene af de vilkaarstagende ved døden afgaar bortfalder brugen af bøteigen, agrene og udslaatterne.

Gaarden Vik den 2den November 1891.

Til Vitterlighed Ole A. Vik d. æ.
Jakob K. Vig
Ole A. Vik d. y.


Olav f. 1854 var g.m. Kari Jensdtr. Espeland 1859-1925. Dei kjøpte garden Ryen i Fjelberg og flytte dit saman med foreldra åt Olav.

Born:

  1. Anna 1885-,
  2. Andrea 1888-,
  3. Josefina f. og d. 1891,
  4. Anders 1892-,
  5. Jens 1897-, fylkesagronom i Rogaland,
  6. Sofia 1900
  7. Kirstina 1903 f. i Fjelberg


1903 skøyte til Olav Jakobsen Vaksdal, anleggsarbeidar og jarnbaneformann, son åt Jakob Fossdal og kona Siri. Sjå Jamne bnr. 7.

Olav 1873-1906 var g.1.g.m. Kari 1870-1899, dtr. åt Marta og Nils Hellestræ. Sjå Helle, husmenn. Dei budde på Helle før dei kom hit.

Born:

  1. Johan 1894-, brukar her, sjå nfr.
  2. Marta Johanna 1895-, g.m. David Jonsson Kalland, sjå Leigebuarar.
  3. Sigrid Malena 1897-, g.m. Anders Tomasson Midt-Mjelde. Sjå Haus s. 76.
  4. Kaia Oliva 1899-1914, ug.

Olav g.2.g.m. Brita Nilsdtr. Hellestræ 1860-1919. Ho var syster åt 1. kona. Sjå Helle, husmenn.

Barn:

  1. Nelly Karina 1901-, g.m. Magnus Vik bnr. 4.


1918 skøyte på bnr. 3 og 9 til Johan Olsson Vik 1894-, gardbrukar og gruvearbeidar, g.m. Anna 1893-, dtr. åt Magdeli og Jakob K. Vik bnr. 5.

Born:

  1. Kari 19**-, b. Ytre Arna, g.m. fabrikkarbeidar Leon Larsen.
  2. Margit 19**-, b. Oslo, g.m. fabrikkarbeidar Egil Liholt.
  3. Olav 19**-, skreddar, b. Oslo.
  4. Marta 19**-, b. Bergen, g.m. bygningsarbeidar Sivert Bjørnsen.
  5. Arne Jakob 19**-, sjå bnr. 5.
  6. Birger 19**-, brukar her, sjå nfr.
  7. Kåre Johan 19**-, ingeniør, b. Bergen,
  8. Alfred Johan 19**-, bygningssnikkar, b. Ytre Arna.
  9. Aslaug Marrgrete 1932-, b. Øystese, Hardanger, g.m. Birger Kalland. Sjå bnr. 25.


1958 skøyte til Birger Johanesson Vik f. 19**, oppsynsmann og gardbrukar, g.m. Inger Karlsen frå Danmark f. 19**.

Born:

  1. Reidun 19**-, hjelpepleiar, b. Bergen, g.m. Fernando Delgado frå Costa Rica.
  2. Kari 19**-, b. Vik, g.m. Terje Fredheim. Sjå bnr. 16.
  3. Einar 19**-.
  4. Anne 19**-.


BNR. 4

Daglegnamn Skaret.

Skilt frå bnr. 3 1867. Løpenr. 430 a b. Gamal skyld 1 4/5 merker. Ny skyld 10 skilling. 1886: 0,16 skm.

1875 var fødnaden på bruket 2 kyr og 7 sauer. Sånad: 1/2 tunne havre, 1 1/2 tunne poteter.


1867 skøyte til Mons Knutsson Vik for 50 spd. frå broren Besse Knutsson som var brukar på bnr. 3. Sjå ofr. Mons hadde 1865 fått grunnsetel for levetida for seg og kona på ei hustomt under bnr. 6.

Mons f. 1835 var g.1.g.m. Marta 1831-1893, dtr. åt garbrukar Johannes Mikkelsson Austad og 1. kona Kari Rasmusdotter, busette på Litun. Sjå Gjerstad s. 340.

Born:

  1. Knut 1858-1900, ug. røyrleggjar, b. Bergen.
  2. Johannes 1861-, b. Bergen,
  3. Kari 1861-,
  4. Kari 1866-, b. Bergen, g.m. Olsen. Sjå bnr. 21 nfr.
  5. Marta 1868-.
  6. Marta 1870-, b. Bergen, g.m. Olsen.

Mons g.2.g. 1893 m. Ingeborg 1865-1945, dtr. åt Anders Eide og kona Ingeborg f. Storset, Ostereidet.

Born:

  1. Magnus 1894-, brukar her, sjå nfr.
  2. Anders 1896-, bakar, b. Bergen, g.m. Astrid Birkeland. Sjå Stokke bnr. 19.
  3. Ingvald 1897-, ug., anleggsarbeidar, b. Vik.
  4. Knut 1900-, sjå, bnr. 12.
  5. Anna 1903-, b. Haugesund, g.m. Leif Vegge frå Tysvær.


1923 skøyte til Magnus Monsson Vik 1894-1969, gruvearbeidar, g. m. Nelly Karina 1901-, dtr. åt Olav Jakobsson Vaksdal og 2. kona Brita. Sjå bnr. 3.

Born:

  1. Bjarne 19**-, sjå Skaftå bnr. 34.
  2. Ingrid 19**-, b. Espeland, g.m. tekstilarbeidar Norvald Olsen. Sjå Arna s. 197.
  3. Magnhild 19**-, b. Tysvær, g.m. gardbrukar Åsmund Høyvik.
  4. Magnus 19**-, sjå nfr.


1974 skøyte til Magnus Magnusson Vik 19**-, fabrikkarbeidar, ug.


BNR. 5

Daglegnamn Ækro

Gamalt løpenr. 7. Nytt løpenr. 431. Seinare 431 aa. Gamal landskyld 1/2 laup smør, 1/2 får. Skatteskyld 2 pund smør. Ny skyld 1838:2 dl.1 ort 18 sk. 1856, etter at bnr. 6 var skilt var skylda 1 dl. 7 sk. 1886: 1,95 skm. 1956: 1,91 skm.

Før frådelinga av bnr. 6 1856 tilsvara bnr.5 halve garden. I Herredsbeskrivelsen 1863 blir jordvidd og høymengd frå utslåttene oppgjevne for bnr. 5 og 6 under eitt: 8 1/2 mål åker. 4 1/2 mål var god åker, 2 mål var ring, resten var middels god. 44 mål eng. 14 mål var god eng, 8 mål middels god, resten var ring. 240 våger høy frå slåttene. Høyavling for båe bruk under eitt: 970 våger, halm 100 våger. Sånad for bnr. 5:2 tunner havre, 3 tunner poteter. Avling: 8-11 tunner havre, 20 tunner poteter. Fødnad: 6 storfe, 17 småfe. Båe bruka tilsaman selde 90 våger høy.

1865 finn me denne oppgåva i folketeljinga: Fødnad 8 storfe, 23 småfe, 1 gris. Sånad: 2 1/2 tunne havre, 3 tunner poteter. 1875: Fødnad 6 kyr, 2 kalvar, 17 småfe. Sånad: 2 tunner havre, 3 tunner poteter.


1726 bygsla Mikkel Olsson Vik, son åt brukaren Olav Olsson. Mikkel 1697-1779 var g. 1723 m. Kari Monsdtr. Revheim 1696-1779. Sjå framanfor og Gjerstad s. 58 og 59.

Born:

  1. Olav f. og d. 1725.
  2. Olav 1726-, brukar på Skulstad. Sjå Haus s. 287.
  3. Mons 1731-, brukar her, sjå nfr.
  4. Magne 1735-, g.m. enkja Magdeli Larsdtr. Stokke, brukar på Stokke.


1757 bygsla Mons Mikkelsson halve farsgarden. I bygselkontrakta lova forvaltaren for Lysekloster, Henrik Hansson Formann, at Mons skulle få bygsla resten av farsgarden når Mikkel fall frå 1761 fekk han så bygsla den andre helvta.

Mons 1731-1821 g.1 .g. 1757 m. Marta Nilsdtr. Revheim 1733-1759. Sjå Gjerstad s. 58.

Born:

  1. Nils 1758-, sjå Ytre-Bruvik bnr. 5.

Mons g.2.g. 1760 m. Åsa Monsdtr. Jamne bnr. 12 f. 1737.

Born:

  1. Marta 1761-, g.m. Johannes J. Stanghelle, brukar her, sjå nfr.
  2. Mons 1763-, brukar på Olsnes bnr. 7.
  3. Anna 1765-,
  4. Lars 1767-,
  5. Mikkel 1770-1785,
  6. Kari 1777-,
  7. Kari 1786-1787.


1792 bygsla Johannes Johannesson Stanghelle bruket som verfaren hadde hatt. Johannes 1758-1810 var frå Stanghelle bnr. 1, g. 1793 m. Marta Monsdtr. Vik bnr. 5,1761-1824.

Born:

  1. Mons f. og d. 1794,
  2. Helga 1796-1797,
  3. Mons 1798-, sjå bnr. 2,

Johannes 1801-, g.1 .g.m. Marta Olsdtr. Fossmark, b. Solbjørg. G.2. g.m. enkja Brita Gudmundsdtr. Antun. Sjå Gjerstad s. 299.

Helga 1804-, g.m. Johannes J. Skaftå bnr. 1.


1811 bygsla Jakob Andersson Stokke, g.1.g.m. enkja Marta Monsdtr. Vik bnr. 5, sjå ofr. Jakob 1781-1858 var son åt Anders Knutsson Stokke i hans 1. ekteskap. Sjå Stokke Leigebuarar. Jakob var skarpskyttar og deltok i krigen mot Sverige 1811. Jakob og Marta hadde ikkje born. Jakob g.2.g. 1825 m. Magdeli Johannesdtr. Skaftå bnr. 1 1806-1827.

Born:

  1. Marta 1826-, g. 1850 m. Olav Olsson Sundland, b. Indre Takvam, sjå Haus s. 408.

Jakob g.3.g.m. Anna Halsteinsdtr. Ytre-Bruvik bnr. 7 f. 1807.

Born:

  1. Knut 1830-, brukar her,
  2. Magdeli 1831-, b. Hausvik, g.m. Anders K. Stokke, sjå Haus s. 188.
  3. Halstein 1833-, b. Nedste Mjelde, g.m. Sigrid Knutsdtr. Stokke. Sjå Haus s. 96.
  4. Inga f. og d. 1835,
  5. Anders 1836-1840.
  6. Kristina 1839-, b. Skulstad, g.m. Johannes K. Stokke. Sjå Haus s. 291.
  7. Anders 1842-, b. Vatle. Sjå Haus s. 149.
  8. Inga 1844-, b. U.S.A. g.m. Mons Knutsson Tysse.


1852 bygsla Knut Jakobsson 1830-. Kårbrev til foreldra Jakob Andersson og Anna Halsteinsdtr. vart tinglyst same året. 1856 fekk Knut skøyte for 330 spd. hjå enkja Johanne Nagell. Skøyte galdt berre halve farsgarden. Den andre helvta var frådelt og vart seld til Nils Johannessson Boge. Sjå bnr. 6.

Knut f. 1830 var g. 1852 m. Marta Johannesdtr. Skaftå bnr. 1 1830-1876.

Born:

  1. Helga f. og d. 1852.
  2. Helga 1856-, g. 1894 m. ekm. Johannes Olsson Eikefet. Sjå Sedalen bnr. 7.
  3. Anna 1860-, b. U.S.A.
  4. Jakob 1864-, brukar her, sjå nfr.
  5. Johannes 1869-1872,
  6. Johanna Malena 1873-, b. Bergen, g. 1907 m. verksarbeidar Lars Martinus Amundsen 1886-.
  7. Fostersdotter: Anna Olsdtr. Grøtå, b. Ytre Arna, g.m. Olav T. Stokke bnr. 5.


1893 skøyte til Jakob Knutsson Vik 1864-, skomakar og gardbrukar, g.m. Magdeli 1860-, dtr. åt lærar og ordførar Anders Herfindal og kona Anna f. Langhelle. Sjå Vaksdal bnr. 6 og Vik bnr. 3.

Born:

  1. Alfred f. og d. 1891,
  2. Knut Severin 1892-, brukar her, sjå nfr.
  3. Anna 1893-, g.m. Johan Vik bnr. 3,
  4. Anders f. 1895 d. om lag 1900.


1926 skøyte på bnr. 5 og 10 til Knut Severin Jakobsson Vik 1892-1974, gruvearbeidar og gardbrukar, g.1.g.m. Alma Vigemanse Kathinka Knutsdtr. Flåte frå Trondheim 1898-1964. Knut Severin g.2.g.m. Hanna Stranheim frå Sogn. Båe ekteskap var barnlause.

Knut Severin Vik var ordførar i Bruvik i 12 år, og var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Hordaland 10 år.


1962 skøyte til Arne Jakob Vik 19**-, anleggsarbeidar, son åt Anna og Johan Vik bnr. 3, g.m. Anna 1922-1972, dtr. åt Madli og Anders J. Ytre-Bruvik bnr. 5.

Born:

  1. Kjell 19**-, snikkar, b. her.
  2. Marianne 19**-, b. Oslo, ug.
  3. Berit 19**-, b. Florøy, g.m. Frode Pedersen.
  4. Ingrid 19**-.
  5. Linda 19**-.
  6. Johan Andreas 19**-.


BNR. 6

Daglegnamn: Skjerpingane.

Skilt frå bnr. 5 1856. Løpenr. 430 a b. Gamal skyld 21 3/5 mork smør, ny skyld 1 dl. 7 sk. 1886: 1,95 skm.

1863 var åkervidda på bruket 4 1/4 mål. 2 mål var god åker, 1 mål var ring, resten var middels god. Engvidda var 22 mål. 7 mål var god eng, 4 mål middels god, resten var ring. Sånad: 1 3/4 tunne havre, 3 tunner poteter. Avling: 6-10 tunner havre, 20 tunner poteter, 485 våger høy, 50 våger halm, 120 våger høy frå slåttene. Fødnad: 6 storfe, 17 småfe.

1865: Fødnad 8 storfe, 23 småfe. Sånad: 2 tunner havre, 3 tunner poteter.

1875: Fødnad 4 kyr, 1 ungfe, 19 småfe. Sånad: 2 tunner havre, 3 tunner poteter.


1856 skøyte frå Johanne Nagell til Nils Johannesson Boge for 330 spd. Nils og huslyden kom hit frå Indre-Boge bnr. 7. Nils var fødd på Skjerping i Gjerstad 1819, g.1847 m. Magdeli Johannesdtr. Litun 1820-1910. Sjå Gjerstad s. 340,341 og 345.

Born:

  1. Agate 1855-, g.m. Ole Johannesson Skaftå, brukar her, sjå nfr.


1889 skøyte til versonen Ole Johannesson Skaftå for 400 kr. og kår, verdsett til 500 kr. for 5 år. Ole f. 1844 på Skaftå bnr. 4 var g.m. Agate 1855-, dtr. åt den førre brukaren, sjå ofr.

1904 fekk Ole skøyte på Vik bnr. 1. Bnr. 1 og 6 har seinare hatt same eigar. 1956 vart bnr. 1 og 6 samanføyde. Bnr. 1 vart då sletta av matrikkelen. Skylda for bnr. 6 etter samanføyinga var 2,77 skm.

Huslydopplysningar: sjå bnr. 1.


BNR. 7

Solhaug.

Skilt frå bnr. 1, 2, 3, 5 og 6 1899. Skyld: 0,05 skm.

Dette bruket var frå fyrst av eit bygselplass, som dei kalla Buskarhaugen eller Revurda. Den fyrste festesetelen er frå 1864. Plasset låg ved grensa mellom Vik og Skaftå. Fødnaden var 1 ku og 4-5 sauer. Noko av plasset låg på Skaftå. Sjå Skaftå. bnr. 6.


1864 festesetel til Jens Monsson Vik på utmarkstykket Buskarhaugen. Jens 1828-, var frå Vik bnr. 2, g. 1855 m. Brita Knutsdtr. Vik bnr. 3, 1830-.

Born:

  1. Marta 1855-, g.m. maskinist Haldor Tomasson Dale. Sjå Dale bnr. 1.
  2. Anna 1864-, b. Laksevåg, g.m. garbrukar Nygård.
  3. Johanna 1867-, b. Laksevåg, g.m. bokhandlar Johan Magnussen.
  4. Johannes 1871-, sjå nfr. og Skaftå bnr. 6.


Neste brukar var Johannes Solhaug 1871-1950, småbrukar og gruvearbeidar, son åt Brita og Jens Vik bnr. 7, sjå ofr., g.m. Ragnhild Amalie 1881-1948, dtr. åt Amalie og Annanias Lille-Lindås, Lindås. Johannes Solhaug hadde også skøyte på Skaftå bnr. 6. Johannes kalla seg ei tid Skaftun, seinare Solhaug.

Born:

  1. Borghild 1907-, g.m. Kristian Kristensen, sjå nfr.
  2. Astrid 1908-, b. Dale, g.m. Johannes Rolland, sjå nfr. og ættesoge for Dale. .
  3. Jenny 1912-, b. Bergen, g.m. arbeidsformann Hilmar Monsen.
  4. Helga 19**-, b. Dale, g.m. Odd Solberg.
  5. Hjørdis 19**-, b. Ulvik, g.m. gardbrukar Andreas Lekve.
  6. Johan 1920-1937.
  7. Harald Martin død 1/2 år gamal.


1951 tinglyst grunnboksheimel til Borghild Kristensen for 1/5 og Johannes G. Rolland for 4/5 av dette bruket.

Borghild 1907-1976 var g.m. Kristian Kristensen, b. Stavanger.

Barn:

  1. Kirsten g.m. Hjalmar Knutsson Vik, sjå bnr. 24 nfr.


1974 skøyte på Vik bnr. 7 og Skaftå bnr. 6 til Rolf Solhaug 19**-, son åt Eilert Lund og Astrid f. Solhaug, g.m. Johannes G. Rolland, sjå ofr.


BNR. 8

Skilt frå bnr. 1 1901. Skyld 0,60 skm.

1901 skøyte til Johannes Jakobsson Vik bnr. 2.

1953 skøyte til Jakob Johannesson Vik bnr. 2.

1956 vart bnr. 8 og bnr. 2 samanføyd. Bnr. 8 vart då sletta av matrikkelen.


BNR. 9

Skilt frå bnr. 1 1904. Skyld 0,45 skm.

1918 skøyte til Johan Olsson Vik bnr. 3.

1956 samanføyd med bnr. 3. Bnr. 9 var då sletta av matrikkelen.


BNR. 10

Gamletun. Skilt frå bnr. 9 1909. Skyld 0,01 skm.

1926 skøyte til Knut Severin Jakobsson Vik på bnr. 10 og 5. Sjå bnr. 5 ofr.


BNR. 11

Hagen. Skilt frå bnr. 1 1920. Skyld 0,03 skm.


1920 skøyte til Johan Martin Andersson Borge 1886-1972, gruvearbeidar, son åt Ragnhild og Anders J. Borge. Sjå Gjerstad s. 83 og 85.

Johan Martin g.1 .g.m. Berta Malene Olsdtr. Vik bnr. 1 1881-1927.

Born:

  1. Astrid 1909-, g.1.g.m. Sjømann Jonas Sedal, Fana, g.2.g.m. Normann Boge.
  2. Arthur 1911-1929,
  3. Nils 19**-, sjå nfr.
  4. Olav 19**-, b. Hausvik, g.m. Aud Olsdtr. Mjelde. Sjå Haus s. 198.
  5. Ragnhild 19**-, b. Gjerstad, g.m. Olav Johansson Solberg. Sjå Gjerstad s. 308.

Johan Martin g.2.g.m. Katrina Larsdtr. Sabø f. ? d. 1936.

Born:

  1. Arthur 19**-, b. Borge i Gjerstad, gardbrukar og garveriarbeidar. Sjå Gjerstad s. 91.
  2. Maria 19**-, g.m. Simon Bertinson Revheim. Sjå Gjerstad s. 68.
  3. Kjellaug 19**-, g.m. Bjarne M. Hjelvik.


1958 skøyte til Nils Johan Borge 1915-1976, sjå Stokke bnr. 1.


1974 skøyte til Grete Gjerstad 19**-, dtr. til Nils J. Borge og kona Ågot, g.m. Erling Gjerstad 19**-, son åt Mina og Ingvald O. Gjerstad. Sjå Gjerstad s. 287.

Born:

  1. Jan Åge 19**-,
  2. Gro Elise 19**-.


BNR. 12

Fjellhaug. Skilt frå bnr. 3 1927. Skyld 0,01 skm.

1927 skøyte til Knut Monsson Vik 1900-, gruvearbeidar, son åt Ingeborg og Mons K. Vik bnr. 4, g.m. Hedvig Halvardsdtr. Kalland 1906-, sjå bnr. 1.

Born:

  1. Monrad 19**-, jarnbanearbeidar, g.m. Anna Bolstad frå Evanger, b. Thunes.
  2. Hjalmar 19**-, sjå bnr. 24.
  3. Ingeborg 19**-, b. Bergen, g.m. fabrikkarbeidar Rudolf Vangsnes frå Bergen.


BNR. 13

Øvsttun. Skilt frå bnr. 1 1933. Skyld 0,03 skm.

1933 skøyte til Martin Olsson Vik 1892-, gruvearbeidar, son åt Agathe og Ole J. Vik bnr. 1, g.m. Johanna Mathilda (Hilda) 1895-, dtr. åt Brita og Per J. Borge, b. Haugo. Sjå Gjerstad s. 33.

Born:

  1. Olav 19**-, ug., fabrikkarbeidar.


BNR. 14

Bjørkhaug. Skilt frå bnr. 5 1936. Skyld 0,01 skm.

1936 skøyte til Olav Kalland 1905-, gruvearbeidar, son åt Johanna og Hallvard D. Kalland, Vik bnr. 1, g.m. Marta Maria 1908-, dtr. åt Olina og Knut O. Litun. Sjå Gjerstad s. 342. Dei er barnlause.


BNR. 15

Nesheim. Skilt frå bnr. 5 1935. Skyld 0,02 skm.

1936 skøyte til Ansgar A. Vik og kona Marta. Ansgar 1898-, gruvearbeidar, son åt bakar Ole Andersen, Bergen, og kona Marie. Ansgar vaks opp på Vik bnr. 5. Marta 1896-, er dtr. åt Ingeborg og Anders J. Olsnes bnr. 1. Sjå Olsnes bnr. 1 og 7.

Born:

  1. Alf 19**-, tekstilarbeidar, Espeland, g.m. Inga E. Hekland. Sjå [[Skaftå] ] bnr. 33.
  2. Odd 19**-, kafestyrar, Arna, g.m. Frida Johannesdtr. Vik, sjå Stokke bnr. 7.


BNR. 16

Helleren. Skilt frå bnr. 3 og 9 1937. Skyld 0,02 skm.


1937 skøyte til Klaus N. Helle og kona Maria. Klaus 1887-1938, bygningssnikkar og kalkverksarbeidar, son åt Nils J. Helle bnr. 7 og 2. kona Ingebjørg f. Grimastad, g.m. Anne Marie Gunnarsdtr. Myren 1887-1961. Sjå Helle bnr. 7.

Born:

  1. Malvin ?
  2. Nils Gerhard 19**-, b. Kristiansand, sjå nfr.
  3. Marta 19**-, b. Kristiansand, sjå nfr.
  4. Ingeborg 19**-, b. Kristiansand, sjå nfr.
  5. Konrad Malvin 19**-, b. Australia.


1963 skøyte til Nils Gerhard Helle, Marta Helle, Ingeborg Unneland f. Helle og Konrad Malvin Helle.

1976 skøyte til Terje Fredheim og kona Kari f. 19**, dtr. åt Birger og Inger Vik bnr. 3.


BNR. 17

Fritun. Skilt frå bnr. 9 1938. Skyld 0,01 skm.

Selt av Johan O. Vik til Skaftå Arbeidarforening, Skaftå ungdomslag og Skaftå Idrettslag. På denne tomta ligg eit forsamlingshus.


BNR. 18

Solbakken. Skilt frå bnr. 6 1941. Skyld 0,01 skm.

1941 skøyte til Johannes Olsson Vik 1892-1971 Huslydopplysningar: Sjå Stokke bnr. 7.

1972 skøyte til Karl Hekland. Huslydopplysningar: Sjå Stokke bnr. 7.


BNR. 19

Fjellheim. Skilt frå bnr. 9 1945. Brukaren på bnr. 9, Johan O. Vik, hadde heimel fram til 1950, då vart bnr. 19 samanføyd med bnr. 9. Bnr. 19 vart stroke av matrikkelen.


BNR. 20

Solknaus. Skilt frå bnr. 2 1948. Skyld 0,01 skm.


1948 skøyte til Dortin Kalland 1908-1972, gruve- og anleggsarbeidar, son åt Johanna og Hallvard Kalland Vik bnr.1, g.m. Gudrun Marie 1905-1975 (?), dtr. åt Margit og Gjertin Knutsen, Vaksdal.

Born:

  1. Reidun 19**-, b. Laksevåg, g.m. Fritz Johannessen.
  2. Turid 19**-, b. Kronstad, Bergen, g.m. Torgil Thorsnes.


1974 skøyte til Malvin Hovden 19**-, son åt Lilly Maria og Magnus Hoyden, Gjerstad, g.m. Ingrid 19**-, dtr. åt Ingvald Bjerkan, Henne i Trøndelag, og kona Gjertrud f. Moe. Sjå Gjerstad s. 35.

Born:

  1. Edna Margretew 19**-,
  2. Arild 19**-.


BNR. 21

Langhaugen. Skilt frå bnr. 9 1950. Skyld 0,01 skm.

1958 skøyte til Øivind Iversen 1908-1975, målarmeister, g.m. Maria 1910-, dtr. åt Olsen, Bergen, og kona Kari Monsdtr. f. Vik. Sjå bnr. 4 ofr.

Born:

  1. Jan Øivind.
  2. Greta.


BNR. 22

Bjørkhaug II. Skilt frå bnr. 5 1952. Skyld 0,01 skm.

1955 skøyte til Olav H. Kalland 1905-, sjå bnr. 14 ofr.


BNR. 23

Haugane. Skilt frå bnr. 2 1952. Skyld 0,01 skm.

1953 skøyte til Johannes J. Vik 1897-, målarmeistar, son åt Berta og Johannes J. Vik bnr. 2, g.m. Karen 1897-1953, lærar, dtr. åt Brita og Anders Barsnes, Sogndal.

Barn:

  1. Jofred 19**-, lærar, Lonevåg, g.m. Berit 19**-, lærar, dtr. åt Nilla og Andreas Vatne, Seim.

Deira born:

  1. Jo Are 19**-,
  2. Kari 19**-,
  3. Norunn 19**-,
  4. Bjarte 19**-.


BNR. 24

Nytun. Skilt frå bnr. 1 1954. Skyld 0,01 skm.

1954 skøyte til Hjalmar Martin Vik 19**-, b. Stavanger, son åt Hedvig og Knut M. Vik bnr. 12, g.m. Kirsten 19**-, dtr. åt Kristian Kristensen, Stavanger, og kona Borghild f. Solhaug. Sjå bnr. 7.

Born:

  1. Terje 19**-, mekanikar, Stavanger, g.m. Evelyn.
  2. Inger Mari 19**-, g.m. Bjørn Ingebrigtsen.
  3. Bjørg Elen 19**-,
  4. Kari 19**-.


BNR. 25

Haugen. Skilt frå bnr. 3 1958. Skyld 0,01 skm.

1958 skøyte til Birger H. Kalland 19**-, avdelingsstyrar, Øystese, son åt Johanna og Halyard Kalland, g.m. Aslaug Margrete 19**-, dtr. åt Anna og Johan O. Vik. Sjå bnr. 1 og 3.

Born:

  1. Irene 19**-.
  2. Anita 19**-.
  3. Vibeke 19**-.


BNR. 26

Skarhaug. Skilt frå bnr. 5 1958. Skyld 0,01 skm.

1959 skøyte til tvillingsystrene Edith og Laila Flåte, Bergen. Dei er døtrene åt sjåfør Karl Torleif Knutsson Flåte frå Trondheim 1902-, og kona Kathrina Berentsdtr. Hartveit. Sjå Gjerstad s. 334.


BNR. 27

Langhaugen I. Skilt frå bnr. 2 1963, skyld 0,01 skm.

1964 skøyte til Øivind Iversen 1908-, sjå bnr. 21.


BNR. 28

Langåkeren. Skilt frå bnr. 2 1966. Skyld 0,01 skm.

1966 skøyte til Borgfrid og Reidar Larsen.

Reidar Larsen 1924-, innkjøpsjef, Bergen, son åt kommunearbeidar Arthur Larsen og kona Anna f. Austad, Skånevik i Sunnhordland, g. 1949 m. Borgfrid 1926-, husmor og fabrikkarbeidar, dtr. åt Brita og Jakob J. Vik bnr. 2.

Born:

  1. Bjørn Arne 19**-, sjømann, b. Bergen, g.m. Inger Marie Monsen.
  2. Jan Erik 19**-, sivilingeniør, Trondheim.
  3. Rune 19** -.


LEIGEBUARAR

1666 var Knut Nilsson tenar her.


1705 finn me Nils Vik i kyrkjeboka. Han var husmann og hadde ei dotter, Brita, til dåpen dette året. Fleire opplysningar om han har ein ikkje kjennskap til.

1720 budde Lars Vik her med huslyden sin. Namnet åt kona er ikkje kjent, men ein har opplysningar om 2 av borna: Simon 1722-, Dorthea 1728-, g.m. Torbjørn L. Skreien bnr. 3.


Mons Monsson Vik bnr. 3 1799-, g. 1827 m. Marta Andersdtr. Åsheim 1804-. Mons og Marta budde her dei fyrste åra dei var gifte. Seinare budde dei på Nedste Mjelde i Haus og i Biskopshamn, Bergen. Huslydopplysningar: sjå Haus s. 91.


Anders Olsson Trengereiddalen 1802-, g. 1829 m. Brita Hallsteinsdtr. Ytre-Bruvik bnr. 7 1813-. Sjå Haus s. 304 og 307.

Born:

  1. Lars 1830-1833,
  2. Kari 1831-1904, b. i Gjerstad sokn.
  3. Johannes 1834-,
  4. Barbro f. og d. 1835,
  5. Lars f. og d. 1836,
  6. Lars 1838-,
  7. Inga 1841-1897, g.m. ekm. Mons E. Njåstad. Sjå Gjerstad s. 230.


Johannes Hallsteinsson Ytre-Bruvik bnr. 7 1812-1855, teglverksarbeidar, på Vatle, g. seg 1844 m. Brita Knutsdtr. Blindheim. Dei budde til leige her ei tid. Huslydopplysningar: Sjå Haus s. 147.


Ole Kristian Olsen, jarnbanearbeidar, og kona Hilda Karoline Hanilla budde til leige her 1878, då dottera Kristofine Karoline var fødd.


Torkel Svensson Holten Saud, 26 år gamal, jarnbanearbeidar frå Nes, gifte seg i Bruvik 1879 med Olufine Davide Asbjørnsdtr. Hammerø, 21 år gamal.


Johan Andersson Blom frå Sverige, jarnbanesmed, og kona Berta Kristine Hansdtr. budde her 1879.

Barn:

  1. Karl 1879-.


Lars Olsson Torske, jarnbanearbeidar, og kona Brita Malene Andersdtr. budde her 1880 då dottera Anne Sofie var fødd.


Jarbanearbeidar Peder Andersson Lusnes d. v/ ulukke v/ Hana 1880, 30 år gamal, budde til leige her.


David Jonsson Kalland f. om lag 1897, anleggsarbeidar, budde til leige her 1915 til om lag 1925. Han budde seinare på Romslo og i Volda. David g.1.g.m. Marta Johanna 1895-1924, dtr. åt Olav Jakobsson Vaksdal og 1. kona Kari Nilsdtr. Sjå bnr. 3 og Haus II s. 334.

Born:

  1. Olav 19**-,
  2. Jon 19**-,
  3. Kjell
  4. Mari f. og d. 1924


Jernbanearbeidar Monrad Vik 19**-, son åt Hedvig og Knut M. Vik bnr. 12, g.m. Anna Brynjulvsdtr. Bolstad frå Evanger 19**-, b. Thunes, er nemnd i Haus s. 464. Då borna deira ikkje er nemnde der, tek me dei med her:

  1. Marianne 19**-, g.m. Terje Tunes, b. Garnes.
  2. Kurt 1952-1957,
  3. Solveig 19**-, b. Espeland, g.m. Svein Åge Svenheim,
  4. Berit Karin 19**-, b. Tunes,
  5. Kurt 19**-,
  6. Inge Steinar 19**-,
  7. Torild 19**.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy