Veo

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
('''BRUK 3''')
('''BRUK 3''')
Line 447: Line 447:
Born:
Born:
-
:Anna f, 1819 g.m. Sjur Davidsson Bukkstein, sjå [[Bukkestein|Bukkstein|Bukkstein]] bnr. 2.
+
:Anna f, 1819 g.m. Sjur Davidsson Bukkstein, sjå [[Bukkestein|Bukkstein]] bnr. 2.
:Maria f. 1823 g.m. Johannes Davidsson Bukkstein. Brukar her 1849.
:Maria f. 1823 g.m. Johannes Davidsson Bukkstein. Brukar her 1849.
:Ingeborg f. 1825 g.m. Olav Johannesson Kvamme, sjå [[Kvamme]] bnr. 1.
:Ingeborg f. 1825 g.m. Olav Johannesson Kvamme, sjå [[Kvamme]] bnr. 1.

Versjonen frå 17:24, 21 januar 2011

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Veo.


GNR. 23 VEO


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg på Osterøy ved Veafjorden om lag 8,5 km nord for Stanghelle. Næraste grannegard er Bukkstein 1,5 km lenger nord. Mellom desse gardane er det gongeveg.

Dei næraste grannegardane mot sør er Hesjedal og Grautå. Mellom Grautå og Veo er der ei 7 km lang strand med flogbratte berg som stuper ned i fjorden. Den einaste staden på denne strekningen der det synest å ha vore noko busetnad er i Nardalen 3,5 km sør for tunet. Her er ein stad dei kalla Jaraldtuftæ, men ingen veit kven som har butt her. Denne staden ligg nokså nær sørgrensa for garden, som tek til i fjorden ved Ljoshelleren. Derfrå går grensa til Klårebekken, Fjellnovæ, over Nardalsskaret til Høgafjellet. Frå Høgafjellet fylgjer gardsgrensa heradsgrensa nordover til Ljosavatnet. Om grensa mot Bukkstein, sjå under denne garden.

Gardnamnet var skrive i Vehom 1328, i Vehom, Veiar 1427, Weiar 1463, Vedaa 1563, Wede 1567, Vedaae 1610, 1611, Wede 1620, Wedaa 1667, Weaa 1723. Som familienamn vert det oftast skrive Vedå. Bygdemålsuttalen er vé'å. Namnet kjem av gn. V é n., som tyder heilag stad. Her må i eldre tid ha vore ein kultstad, der folk samlast til gudedyrking og ofring.

Kor gamal den faste busetnaden er, er det vandt å seia noko om, for her er ikkje gjort oldfunn. Ein gravhaug daterer grannegarden Bukkstein til vikingtida, og det er rimeleg å tru at Veo ikkje er yngre. Det eldste skriftlege vitnemålet er frå .1328 (sjå under eigarar).

1723 vert garden skildra slik: «ligger ved Søen 6 Mile fra Bergen, nogen farlighed undergiven ved fieldskred og tungvunden ...... lever af Qvægets avling og selger lit Brendeved.» 1863: «Ganske i høi grad udsat for Steen og Jordskred, floget skinlændt.»

Ovanfor tunet låg der før ein stein dei kalla Husafjellsteinen. Denne steinen hadde dei ein serskild otte for, og det vert fortalt at dei kvart år gav 6 merker smør til Hospitalet i Bergen for at denne steinen ikkje skulle gjera skade når han kom ned. Steinen flytte på seg, kunne dei merka, og vinteren 1923 kom han. Men steinen slo seg i betar og gjorde berre litt skade på småskogen.

Del gamle fortalde at der lenge var berre ein mann, men så vart garden delt mellom 2 syskin. Sidan vart han delt endå ein gong, slik at det var 4 bruk. Fyrste gongen me finn 2 brukarar nemnde er 1645. 1701 var her 3 brukarar og 1718 hadde det vorte 4. Alle bruka var jamstore. Bnr. 1 vart til vanleg kalla Nilsane, bnr. 2 Andersane, bnr. 3 Danielane og bnr. 4 Magnane. I seinare tid vert dette siste bruket kalla Knutane. 1893 vart bnr. 2 selt til brukarane på bnr. 1 og 4. Johannes Andersson som selde, fekk kjøpa dei 2 andre bruka sine partar i husmannsplasset Holo. Dette plasset vart no sjølveigande. (Sjå bnr. 5.) Ved skylddeling 1899 vart bnr. 2 delt i 2 like partar, bnr. 2 og bnr. 6. Bnr. 2 vart slege saman med bnr. 1 og bnr.nr. sletta av matrikkelen. Bnr. 6 vart slege saman med bnr. 4. 1919 vart ein part med skyld 29 øre utskilt frå bnr. 3. Denne parten vert driven saman med bnr. 5. 1921 vart det skilt frå ein part, bnr.nr. 8 Solbrotet, som vart seld til Bruvik skulekommune. Her vart det bygt lærarbustad for krinsen. Elles er det fråskilt rettar i Ljosavatnet og ei hustuft (sjå bnr. 9-13).

Den gamle 4-delinga av garden førde til mykje teigblanding. Alle brukarane budde i eit sams tun på søre luten av innmarka. Mellom tunet og fjorden var det beste åkerlendet, og der hadde kvart bruk sin løeåker og sin storåker. 3 av bruka hadde eldhusåkrar. Offentleg utskifting vart ikkje halden før 1946 då det var underutskifting. 1947 vart det halde overutskifting som vart gjort gjeldande frå 1948. Bnr. 3 flytte då ut or det gamle tunet og lenger nord på innmarka, medan bnr. I og 4 vart buande i det gamle tunet. Desse 2 bruka bytte løe etter utskiftinga avdi det vart laglegare.

Innmarka vart noko utvida om lag 1810, då dei flytte bøgarden opp under berget. Her rudde dei seg nye teigar, teig om teig innetter.

Der låg åkrar kring i teigane, slik som Steinåkeren, Sauhusbakkåkeren (der var det sauehus og lambhus).

Før hadde dei smier på kvart bruk. Dei låg eit stykke i frå tunet. I eldre tid hadde dei eldhus. Her skal ha vore eit stort eldhus som alle 4 bruk åtte i lag. Der var 4 turkeheller i dette eldhuset.

Nede ved sjøen er det ei oppkome som det flør oppi. Denne kjelda kallar dei Supakjeldo. Dei kan berre henta vatn her når det er fjøre sjø. Frå tunet opp til den gamle bøgarden var det ei geil som dei jaga beista gjennom.

1863 var her 18 1/8 mål åker. 8 1/2 mål var god åker, 4 2/3 mål middels god, resten var ring. Bøen var 49 1/3 mål. 8 mål var ring bø, 25 mål middels god og resten var god bø.

I utmarka er beitet sams, men dei har kvar sine skog- og slåtteteigar. I fleire teigar er det ulike eigarar til slått og skog. I fleire av slåtteteigane er der utløer. Det høyrer jamt over 4 utløer til kvart bruk. Bnr. 1 har løer i Ljosheldrane, Askaneset, Røyrbekken og Almhjellane. Til Ljosheldrane lengst sør på gardsområdet er der 1 times ror og 1/2 times gonge.

1661 hadde dei «Brendeschouff till Huus-behoff». 1703 vart skogen fredlyst (sjå under eigarar). 1723 vert det opplyst at dei kunne selja noko ved. 1863: «Skog nok til ved og hustømmer og never til husbruk.» I eit kårbrev frå bnr. 3 1899 står det at kårfolket kvart år skal ha eitt mål bjørkeved, 4 våger bork og 2 våger never. Borken som dei selde til garveri, skaffa truleg noko attåtinnkome. All skogen vert løypt til sjøs. Dei hadde skute til å føra veden på. Ostraskutene på Kallestad og Veo var dei siste som var i bruk. Dei kom vekk kring 1910.

Høyet frå slåttene vart 1863 rekna til 800 våger.

Om beitet heiter det 1863: «Hjemmehavn beliggende ved Gaarden, ringe af Beskaffenhed, ogsaa Sæterhavn omtrent 1/4 Miil borte tilsammen knapt tilstrækkelig.» Kyrne plar beita i heimste hagen 14 dagar og i ytste hagen 1 månad. Så er dei på sætra 6-8 veker og kjem nedatt kring 23. august. Sidan beiter dei ei stund i ytste hagen og 14 dagar i heimehagen til slutten av september. Her er ikkje vårflorar, men på ein stad dei kalla Stølen i kyrahagen var det lambhus. Der var ein liten innhegning som lamba kunne beita på. Geithusa låg lenger sør. På sætra er der 3 sæterhus. Det eine huset er dei 2 bruk i lag om. Dei slutta å vera på sætra om lag 1935. Budeiene gjekk heim kvar dag og bar med seg mjølk og rjome. Dei måtte og ofte bera borkbører. Når dei hadde bør, trong dei om lag 1 time på vegen,

Vassrettane i Ljosavatnet som ligg i nedslagsfeltet åt Tyssefalla, vart selde 1939. Det vart teke atterhald om at eigarane av hovudbruka skulle ha veide-og fiskerettane og at dei skulle vera med som arbeidarar i det arbeidet som kjøparen måtte setja i gang for å nytta ut vassrettane. Då skjeljagravinga tok til her i bygda kring 1890-åra, grov dei mykje ostreskjel til agn heilt fram til 1950-åra. I det siste har her vore lite skjeljagraving.

Veafjorden fekk elektrisk kraft kring 1952 og telefon i 1959.

Kvernstøe har dei i Holeelva. Der har og grannegarden Bukkstein sine kvernhus. Alle kvernhusa står enno, og eit par av dei er i brukande stand.

Ved Holeelva låg det gamle husmannsplasset Holo. Fyrste bygselsetelen vart tinglyst 1780, men truleg er plasset eldre. Plasset grensar til grannegarden Bukkstein, og det har beiterett i Bukksteinsmarka.

Gravferdsrota eller skyndarota omfatar berre Veo og Bukkstein. I dugnadsrota er også Kvåstad, Kvamme og Fylingslid på andre sida av fjorden med. Dei 5 gardane i Veafjorden var også eigen skulekrins.


SKYLD, UTREIDSLER

Gamalt matr.nr. 8 i Arna skipreide, nytt 1838 9. 1853 matr.nr. 138 i Haus tinglag. 1886 gnr. 34 i Bruvik.

Matrikkelen 1723: «Veaa. 4 Mand landskyld 2 pd. Smør Johannes Øfste Mielde tilhørende. Ingen (Huusmands Pladser). Intet Setter. Brendeveed af Birk. 1 flomqværn. Intet fiskerie» Landsskyld 1328 5 Månadsmatbol (= 5 laupar smør). 1590 1/2 laup smør. 1626 2 pd. smør. 1665 skatteskyld 1 l. smør. 1838 7 dl. 1 ort 8 sk. 1886 10,63 skm.

Leidang 1567 3 kalvskinn 1590-91 leidang 1 saueskinn, fredtoll kvart 8de år. 1665 leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1/2 rdl. 13 sk.

Småtiend 8 sk. Husdyrskatt 1657 1 mark 6 sk.

Folketal 1801 27. 1875 47.

Fødnad 1657 12 kyr, 5 ungfe, 13 geiter, 20 sauer. 1665 20 storfe. 1723 12 kyr, 8 ungfe, 30 småfe.

Sånad 1665 3 t. korn, avling 12 1/2 t. 1723 sånad 4 t., avling 12 t. korn. 1865 12 t. korn, 10 t. poteter, avling 67 t. korn, 56 t. poteter. (Holo er med i oppgåva over avling, men ikkje over sånad. 3190 v. høy, 800 v. høy frå slåttene.

1865 fødnad 42 storfe, 86 sauer, 51 geiter, 3 svin. Sånad 12 3/4 t. korn, 11 1/4 t. poteter. Fødnad 1875 33 kyr, 13 ungfe, 107 sauer, 8 geiter, 2 svin. Sånad 1875 15 t. korn, 16% t. poteter. 1959 var fødnaden 5 storfe, 2 ungfe, 25 sauer, 1 svin, 85 høns. Innmarka var på 102,4 mål.


EIGARAR

Eit diplom frå 1328 fortel om korleis Veo kom i eiga åt Munkeliv kloster. Diplomet som er prenta i Diplomatarium Norvegicum, Band XII, side 55 lyder slik i omsetjing:

«Alle menn som ser eller høyrer dette brev, sender bror Tordir abbet ved Jonskyrkja i Bergen, Arne Kolbeinsson, offieialis ved Kristkyrkja i Bergen, Bård Petersson, Gulatings lagmann, guds og si helsing. Det skal vera Dykk kunnigt at på Tomas-messedag det tiande styringsåret åt den vyrdelege herre Magnus konge over Noreg, svear og gotar, var me til stades og såg avtala (handarband) åt herr Heming abbet ved Munkeliv og brørne på den eine sida og sira Torbjørn korsbror ved Kristkyrkja i Bergen og Benedikt Romfararson på den andre sida ved den handel og avtale at sira Torbjørn gav og avhenda til herr abbeten ved Munkeliv til provtint for Benedikt 5 månadsmatabol i Veo som ligg i Stamnes kyrkjesokn i Oster, og 4 månadsmatabol i Sekse som ligg i Ullensvang kyrkjesokn for 40 gamle merker. Dertil skal han gjeva den førnemnde herr abbet 25 gamle merker i brødrelag. Herr abbeten skal råda for bygging og bol på dei førnemnde gardane heilt til dess dei vert innattløyste for same pengesum som før er nemnd. Men dersom dei førnemnde gardane ikkje vert frie og heimslege for klostret etter lova slik som før er avtala, då skal sira Torbjørn svara klostret all den skade som det kan verta av dette. For dette skal Benedikt ha fritt bord i Munkeliv alle sine dagar på den måten at han skal ha ein halv bolle av brørne sitt øl kvar dag med brød og matstell og all annan rett slik som andre lekbrør frå før (etter gamalt) har hatt ved Munkeliv. Det kan også bera til at Benedikt gjer eller seier eitkvart slag som herr abbeten ikkje vil tola. Då skal det klagast inn for officialen dersom dei ikkje vil semjast heime. Og til sant vitnesbyrd sette me våre segl og sira Torbjørn sitt segl saman med seglet åt herr Heming abbet på dette brevet som var skrive førnemnde dag og år.»

Klostret fekk altså eigedomsretten til garden mot at dei gav provent eller kår til Benedikt Romfararson. Men det synest gå fram av brevet at det ikkje er han, men Torbjørn Korsbror som har ått garden før. Seinare finn me Veo nemnd i jordebøkene åt klosteret 1427 og 1463. Ved reformasjonen vart Munkelivgodset drege inn under kruna, men det eksisterte som ei eiga godssamling og vert difor enno på 1600-talet omtala som Munkelivs gods. Kring 1670 vart mykje krungods selt til private. Slik gjekk det og med Veo. Den nye eigaren var stiktsskrivar Hermann Garman. Han åtte ei heil mengd med gardar i Nordhordland, m.a. Vaksdal, Jamne, Hana, Veo, Bukkstein og Kvåstad i Arne skipreide. Alle desse gardane hadde høyrt til Munkelivgodset. 1703 let Hermann Garman fredlysa skogen på Veo, Hana, Bukkstein og Kvåstad. Grunnen var den at leiglendingane skulle ha hogge meir enn dei hadde rett til etter lov og sed.

Straks etter hundreårskiftet skifte garden eigar på nytt. Lensmann Johannes Øvste Mielde hadde vorte eigar før 1712. Ved skifte etter han 1732 fekk sonen Johannes Johannesson på Søre Askeland skøyte på Veo. Men 1735 let Johan Garman o.fl. andre lysa for retten at dei hadde odelsløysingsrett til Veo, Bukkstein, Kvåstad, Helle, Stanghelle og Vaksdal. Johannes Askeland og Johan Garman gjorde semje og eit makeskifte, og 1744 fekk sorenskrivar Johan Garman skøyte. Garman d. om lag 1770, og enkja Engell vart attgift med hoffagent Hans Krohn i Bergen. Ved skifte etter han 1811 fekk sonen Dankert Krohn skøyte på Veo.

Dankert Krohn var forretningsmann i Bergen. Han pantsette Veo og andre gardeigedomar i 1820-25 for store summar. Brukarane såg no eit høve til å løysa inn gardane sine. Den munnlege tradisjonen på garden fortel at den fyrste som freista kjøpa var Mons Magneson på bnr. 4. Han ville visst kjøpa heile garden, men Dankert Krohn sa at dei måtte koma alle i hop. Brukarane på hovudbruka ville ikkje ha noko med plassmannen i Holo. Då dei rodde til byen var Ola i Holo på Fylo og vølte på ein gamal båt, men dei rodde framom utan å snakka til. Då dei kom til Krohn spurde han etter plassmannen. Dei svara at han bygde på ein båt borte på Fylo. Dankert Krohn høyrde tung. «Jaså, betler han,» sa han. Då trudde ikkje Krohn at husmannen var i stand til å kjøpa. Holo vart seld for 50 dl. og hovudbruka for 200 rdl. kvar.


BRUKARAR FØR 1740

«Oluff po Vedaa» er nemnd i skattelistene 1563. 1590-91 heitte brukaren også Olav, men om det er same mannen er uvisst.


Johannes var brukar frå om lag 1603-1630.


1645 finn me for fyrste gong nemnt 2 brukarar. Dei sat med kvar si helvt av garden. Johannes Johannesson var den eine. Han var f. om lag 1604 og g.m. Dordi. Dei var brukarfolk så seint som 1666. 1657 fødde dei 10 storfe, 17 sauer og 9 geiter.

Born:

Johannes f. oml. 1648. Brukar her.
Olav f. oml. 1653. Sjå husfolk.
Olav f. oml. 1656. Sjå husfolk. Anna g.m. Sevre Einvaldson Mo 1702. Busett Myking, Haus.
Anders f. 1675. Brukar her.


Johannes Johannesson vart brukar etter faren. Han hadde fyrst heile bruket, men 1705 fekk broren Anders bygselsetel på det halve, slik at dei no sat med kvar sin fjerdepart. Johannes f. 1648 d. 1717 var g. 1. g. in. Brita Johannesdtr. Hesjedal d. 1705. Johannes g. 2. g. m. Helga Monsdtr. Verpelstad.

Born:

Mons f. 1707 g. 1733 m. Siri Olsdtr. Elvik. Brukar på Eikefet i Hosanger.
Anna f. 1708 g.m. Nils Larsson, sjå bnr. 1.
Johannes f. 1713 d. 1731.
Brita f. 1713 g. 1748 m. Mons Vemundson Bernes.
Ingeborg f. 1716.
Marta f. oml. 1720.

Nils Knutson Hogven f. 1687 d. 1737 vart g.m. enkja Helga Monsdtr. d. 1737.

Dei fekk sonen:

Johannes f. 1720. Brukar i Toskedal.

Helga fekk eit barn medan ho var enkje, Nils f. 1719. Faren var Anders Nilsson Molvik frå Hosanger.


1705 fekk Anders Johannesson bygselsetel hjå Hermann Gartmarn. Anders er nemnd 1716 i samband med ei rettssak om ei sag i Haus. Han var parthavar i denne saga, men hadde ikkje betalt det han skulle skyta inn og vart stemnd for retten saman med fleire andre som heller ikkje hadde betalt. Anders f. 1675 d. 1759 var g. 1. g. m. Siri Monsdtr. Verpelstad d. 1734.

Born:

Ingeborg f. 1701 g.m. Magne Olsson Eide, sjå Eide bnr. 1.
Mons f. 1705 d. 1706.
Anna f. 1707 g.m. Olav Mikkjelson Langhelle, sjå Langhelle bnr. 1.
Helga f. 1709 g.m. Anders A. Mulen, Hosanger.
Mons f. 1712, bakar i Bergen.
Brita f. 1714 g.m. Lars Eirikson Padøy, Hosanger.
Simon f. 1717, busett på Litun, Haus.
Johannes f. 1720. Sjå husfolk.

Anders g. 2. g. m. Synneva Hansdtr. Eide (bnr. 3) f. 1707. Dei hadde fleire born, men berre 2 søner levde opp.

Det var:

Olav f. 1739 d. 1766.
Mons f. 1745 g. 1766 m. enkja Marta M. Havre.

I skiftet etter Anders 1759 var bruttosummen 49 rdl. og nettoen 29 rdl. 1 ort 8 sk. Anders var truleg brukar på bnr. 3 og broren Johannes på bnr. 1.På den andre helvta av garden sat 1645 brukaren Anders Eirikson. Han var f. oml. 1611 og g.m. Marta. 1657 fødde dei 7 storfe, 4 geiter, 3 sauer.

Born:

Anna g. 1709 m. Jon Johannesson Indre-Boge.
Ingeborg.
Eirik f. 1650.
Knut f. 1652. Brukar her.
Mons f. 1668.


1694 var det kome 2 brukarar på det bruket som Anders hadde hatt. Den eine var Knut Arneson d. 1694 g.m. Kari Rasmusdtr.

Born:

Anna g. 1717 m. Olav Gammersvik, sjå Gammersvik, bnr. 1.
Mons g. 1732 m. enkja Ingeborg Olsdtr. Leiro. Sjå Leiro, husfolk.


Mons Andersson Stamnes f. 1668 gifte seg 1696 m. enkja Kari Rasmusdtr. og fekk same året bygsla 1/4 av garden. Mons er også nemnd 1716 i samband med rettssaka om saga i Haus. Kari d. 1730 og Mons vart g. 2. g. m. Brita Olsdtr. Eide bnr. 1.

Born:

Kari f. og d. 1733.
Kari f. 1734, g.m. Lars Olsson Gammersvik, sjå Gammersvik, brukarar.
Anders f. og d. 1735.
Anna f. 1736 g.m. Jon Johannesson Straume, sjå Straume bnr. 1.
Anders f. og d. 1738.
Mons f. 1740 d. 1744.

Mons Andersson var truleg brukar på bnr. 2. Enkja Brita gifte seg på nytt. Sjå bnr. 2.


Knut Andersson f. 1652 d. 1697 sat med 1/4 av garden 1694. Knut og kona Marta Olsdtr. hadde ein son, Anders f. 1689 d. før 1704. Enkja Marta Olsdtr. gifte seg 2. g. 1698 m. Nils Helgeson Bukkstein f. 1673 d. 1737. Han var reservesoldat i Veo legd. Bruket dei sat med var truleg bnr. 4. Marta d. 1704 og Nils gifte seg 2. g. m. Brita Johannesdtr. Veo ca. 1638-1750.

Born:

Anders f. 1705. Brukar på Furnes bnr. 1.
Knut f. 1710. Brukar på Mysterbnr. 1-2.
Dorte f. 1717. Sjå husfolk.
Helge f. 1720. Sjå bnr. 4.
Ingeborg f. 1727. Sjå husmannsplasset Holo.

Brita Johannesdtr. fekk ei dotter, Kristi f. 1715, g.m. David Andersson Helle, husmann på Stanghelle. Far åt Kristi var Olav Johannesson Indre Boge. Han var tenestegut hjå Brita, og dei var skylde i 3dje ledd. Dette vart rekna for blodskam, og dei fekk streng straff. Olav vart dømd til å arbeida i Årdal koparverk i Sogn i 2 år. Brita skulle vera i «Børnehuset» i Bergen i 2 år. Dessutan vart dei publicabsolverte, dvs. dei fekk offentleg syndsforlating etter avlagt skriftemål. «En hex udi gjeldet» skreiv presten om Brita i kyrkjeboka.


BRUK 1


Bruksnamn: Nilsane, Nilsafolket eller Nils-Ola-folket. Gml. 1.nr. 7, nytt 1852 543. Gml. landskyld 12 m. smør. Skatteskyld 18 merker. Ny skyld 1838 1 dl. 4 art 2 sk. 1886 2,65 skm. 1956 2,96 skm.

1863 var her 4 7/15 mål åker, 2 1/3 mål var god åker, 1 1/3 mål middels, resten var ring. Bøen var 12 3/10 mål, 5 4/5 mål var god bø, 4 mål middels, resten ring. Sånad 3 t. havre, 2 1/2 t. poteter. Avling 16 t. havre, 13 t. poteter, 846 v. høy, 112 v. halm,200 våger høy frå slåttene. Ikkje dyrkingsjord. Beit, skav og tang før eitt ungfe årleg. Kan selja ved for netto 8 spd. årleg. I 1959 var innmarka på 23,7 mål.

1865 fødnad 10 storfe, 14 sauer, 14 geiter, 1 svin. Sånad 3 t. havre, 3 t. poteter. 1875 sånad 4 t. havre, 3 t. poteter. Fødnad 1 okse, 5 kyr, 2 ungfe, 16 småfe, 1 svin. I tillegg til dette kom 3 kyr og 8 småfe i kåret. I 1959 var fødnaden 1 ku, I ungfe, 8 sauer, 15 høns.


1737 fekk Nils Larsson bygselsetel på dette bruket, Nils Larsson f. 1712 vart g. 1. g. m. Anna Johannesdtr. f. 1708 d. 1748.

Born:

Lars f. 1738.
Johannes f. og d. 1740.
Mons f. 1742.
Johannes f. 1743. Brukar her.
Nils f. 1746.

I skiftet etter Anna er berre nemnt sønene Lars og Johannes. Dei andre var vel då avlidne før 1748. Nils g. 2. g. m. Brita Jonsdtr. Hesjedal bnr. 1.

Born:

Anna f. 1750, d, ug. 1822.
Jon f. 1752.
Helge f. 1753.
Marit f. 1756.
Jon f. 1760 g. 1789 m. Gjertrud Bertelsdtr. Eide bnr. 2.
Askjel f. 1763.


1772 bygsla Johannes Nilsson f. 1743 d. 1814. Han var g.m. Gunhild Olsdtr. Sandalen f. 1745 d. 1810.

Born:

Lars f. 1771 d. 1772.
Anna f. 1773 d. ug. 1800.
Nils f. 1777. Brukar her.
Kari f. 1779 d. 1805.
Brita f. 1783 d. 1784.
Brita f. 1785 g. 1808 m. Jakob Johannesson Eikefet, Hosanger.


1799 bygsla Nils Johannesson f. 1777 d. 1852. Foreldra tok då kår. 1829 fekk Nils skøyte hjå Dankert Krohn på bnr. 1 og 1/4 av plasset Holo for 200 spd. Han sat no som sjølveigar på bruket til 1835. Då tok han kår. Nils var g.m. Madli Olsdtr. Faugstad f. 1779 d. 1852.

Born:

Anna f. 1802 g.m. Anders Kvåstad, sjå Kvåstad brukarar.
Marta f. 1804 d. 1843 g.m. Johannes Olsson Leiro, sjå Leiro bnr. 1.
Olav f. 1807. Brukar på dette bruk 1835.
Johannes f. 1809 d. 1817.
Gunhild f. og d. 1812.
Gunhild f. 1813 g.m. Olav Andersson Kvåstad, sjå Kvåstad bnr. 1.
Kari f. 1816 d. 1869.
Brita f. og d. 1818.
Johannes f. og d. 1821.


1835 skøyte til Olav Nilsson f. 1807 d. 1888. Kjøpesum 250 spd. og kår. Olav var g.m. Brita Johannesdtr. Veo bnr. 2, f. 1816 d. 1854.

Born:

Nils f. 1836. Brukar på dette bnr. 1868.
Johannes f. 1838 d. 1868.
Olav f. og d. 1839.
Johannes f. og d. I841.
Johannes f. 1842 d. 1843.
Madli f. 1844.
Anna f. 1848 d. ug. 1895.
Marta f. 1852 g.m. Knut Olsson Hesjedal, sjå Hesjedal, Dale sokn bnr. 3.

I skiftet etter Brita vart jordegodset som høyrde til buet verdsett for 300 spd. Olav g. 2. g. m. Kristi Olsdtr. Stamnessund f. 1824 (sjå Stamnes bnr. 24).

Born:

Brita f. 1857 g.m. Olav Nilsson Grøsvik, sjå Stamnes bnr. 3.
Marta f. 1859 g.m.
Ingebrigt Hesjedal. Busette på Dale, sjå ættesoge for Dale.
Gunhild f. 1863 g.m. Ingebrigt Straume, fabrikkarbeidar på Dale, sjå ættesoge for Dale.
Olav f. 1864. Busett på Dale, sjå ættesoge for Dale.
Knut f. 1866.


1868 skøytte Nils Olsson f. 1836 d. 1924. Kjøpesum 275 spd. og kår. 1893 fekk han dessutan kjøpa halve bruk 2 av Johannes Andersson for kr. 1300. Denne parten har sidan vore driven saman med bnr. 1, og vart 1943 samanslegen med dette bruk under sams bruksnr. Nils var g.m. Agate Haldorsdtr. Øyo bnr. 1 f. 1844 d. 1927.

Born:

Brita f. 1870 g.m. Nils Johannesson Vedå bnr. 3.
Olav f. 1873. Brukar på dette bnr. 1903.
Brita f. 1877, d. ung.
Madli f. 1879 g.m. Lars Sæbø, Sæbø herad. Sjå Stamnes bnr. 44.
Haldor f. 1882 g.m. Anna f. Eknes. Orgelarb. i Bergen.
Johannes f. og d. 1887.
Johannes f. 1889 g.m. Elida f. Sylta. Bygn.mann, busett på Sylta, Hordabø.

Nils Olsson var roteforstandar og skattekrevjar. Han var og med i skulestyret og fattigkommisjonen.


1903 skøytte Olav Nilsson f. 1873 d. 1935. Kjøpesum kr. 1600 og kår til foreldra. 1915 fekk han skøyte for kr. 500,- på halve bnr. 2 som faren hadde kjøpt 1893. Olav var g.m. Ingeborg f. 1874, dotter åt Kari og Rasmus Hvidsten, Manger.

Born:

Nilsine f. 1897 d. ug. 1924.
Agate f. 1898 g.m. Anders Kvåstad, bygn.mann busett i Bergen.
Nils f. 1902. Brukar her.
Kari f. og d. 1902.
Ragnvald f. 1904 g.m. Oliva f. Gaustad. Anl.arb, busett i Mæland.
Ingvald Oliver f. 1907 d. 1938.
Erik Bertin f. 1908 g.m. Olga f. Kaland. Motorbåtførar, busett på Bruvik.
Kari Martine f. og d. 1910.
Klara Johanne f. 1911 d. 1912.
Håkon Nikolai f. 1914. Sjå Veo bnr. 13.
Johanna Bertine f. 19** g.m. Otto Ås. Sjå Stamnes bnr. 23.
Nilsine f. 1897 drukna 1924 på fjorden i nærleiken av heimen. Ei kastevindsrose fylte båten.

1947 skøytte Nils Olsson f. 1902. Kjøpesum kr. 2000 og kår til foreldra.


BRUK 2

Bruksnamn: Andersane eller Andersfolket. Gml. landskyld 12 in. smør. Skatteskyld 18 merker. Ny skyld 1838 1 dl. 4 ort, 2 sk. 1886 2,65 skm. Gml. l.nr. 8. Nytt 1852 544. 1863 vart det målt 4 4/5 mål åker. 2 mål var god, 1 mål middels, resten var ring. Bøen var på 11 2/3 mål. 4 1/2 mål god bø, 61/2 mål middels god, 1 1/2 mål ring bø. Ikkje dyrkingsjord. Sånad som på bnr. I, 3 t. havre, 2 1/2 t. poteter. Avling 16 t. havre, 13 t. poteter. 820 v. høy, 112 v. halm. 200 v. høy frå slåttene. fødnad 7 kyr, 2 ungfe, 39 småfe. Beit, skav og tang for eitt ungfe, Kan selja ved for årleg netto 8 spd. 1865 sånad 3 t. havre, 1 1/2 t. poteter. fødnad 10 storfe, 19 sauer, 14 geiter, i svin.


Knut Arneson d. 1694 og kona Kari Rasmusdtr. var truleg brukarfolk her. (Sjå ovanfor.) Kari g. 2. g. 1696 m. Mons Andersson Stamnes f. 1668. (Sjå ovanfor.) Mons g. 2. g. in. Brita Olsdtr. Eide bnr. 1. Då Mons var avliden gifte Brita seg att med neste brukar.


1740 bygsla Olav Eiriksson Faugstad f. 1719 d. 1794. Han gifte seg m. enkja Brita Olsdtr. Veo. Olav Eiriksson var i si tid den mest velståande av brukarane på Veo. 1764 var han den einaste av brukarane som vart rekna for «formuende» og ilagd ekstraskatt til dei fattige. Olav betalte 2 dalar, sume andre laut betala meir. Saman med Johannes Kvåstad åtte han 18 m. smør i Fylingslid.

Born:

Sigrid f. 1743 d. 1744.
Sigrid f. 1744 g.m. David Olsson Bukkstein, sjå Bukkstein bnr. 2.
Brita f. 1745 d. 1829 g.m. Mikkjel Johannesson Veo. Brukar 1781.
Synneva f. 1749.
Eirik f. 1754. Bygselmann på Ytre Bruvik.

Då Brita døydde, flytta Olav til Fossmark. Der budde han sidan som husmann. Han var g. 2. g. m. Marta Knutsdtr.

Born:

Marta f. 1764.
Anna f. 1766 g.m. Nils Danielsson Langhelle. Brukar på Veo bnr. 3.


1781 bygsla Mikkjel Johannesson f. på Veo bnr. 3 1757 d. 1817. Han var g.m. Brita, dotter åt Olav Eiriksson, og bygsla no det bruket som verfaren hadde hatt. Mikkjel var lagrettemann 1781.

Born:

Brita f. 1782 g.m. Anders Bukkstein, bygselmann på Blom, Haus, seinare busett på Langhelle og frå 1815 på Blom i Herdla.
Johannes f. 1783. Brukar her.
Marta f. 1787 d. ug. 1857.


1806 bygsla Johannes Mikkjelson f. 1783 d. 1863. Faren tok då kår. Johannes var g. 1. g. m. Brita Sjursdtr. Bukkstein bnr. 2 f. 1778 d. 1810. 1829 fekk Johannes skøyte på bnr. 2 og 1/4 av plasset Holo hjå Dankert Krohn for 200 rd.

Born:

Olav f. 1803 d. 1805.
Olav f. 1805 d. før 1810.
Mikkjel f. og d. 1806.
Mikkjel f. 1807.

Johannes var g. 2. g. m. Anna Andersdtr. Blom, f. på Langhelle bnr. 1 1792 d. 1854.

Born:

Anders f. 1814. Brukar på dette bnr. 1841.
Brita f. 1816 g.m. Olav Nilsson Veo. Sjå bnr. 1.
Siri f. 1820 g.m. Nils J. Kvamme, Mæle.
Brita f. 1822 d. før 1863.
Knut f. og d. 1825.
Knut f. 1826, g. 1870 m. enkja Marta Nilsdtr. Votlo. Busett Votlo, Haus.
Anna f. 1828 d. 1854.
Johannes f. 1831 d. 1854.
Marta f. og d. 1833.
Olav f. 1835 g.m. Anna Larsdtr. Stamneshagen. Sjå Stamnes bnr. 11
Marta f. 1838.


1841 skøytte Anders Johannesson f. 1814 d. 1854, Kjøpesum 250 spd. og kår. Anders var omgangsskulelærar. Han var g.m. Kari Davidsdtr. Bukkstein bnr. 2 f. 1816 d. 1876.

Johannes f. 1843 d. 1846.
David f. 1844 d. 1846.
Johannes f. 1846. Brukar her.
David f. 1847. Brukar på Votlo i Haus. Spelemann.
Ingeborg f. 1848 g.m. Johannes Olsson Kvåstad. Sjå Fylingslid bnr. 2 og Veo bnr. 5.
Anna f. 1850 g.m. Jakob Gudleiksson Fosse, Meland.
Sigrid f. 1852 g.m. Hans Knutsson Votlo, busett Votlo.

Anders og to av syskina døydde av smittsam nervefeber 1854. I skiftet fekk sonen Johannes skøyte på bnr. 2. Han var då berre 8 år gamal. Mora gifte seg att og ho og mannen pakta bruket ei tid.


1856-1868 pakta David Olsson Stamnessund f. 1825 d. 1898. Han var g.m. enkja Kari Davidsdtr. Veo. 1868 fekk dei kår.

Born:

Anders f. 1857.
Kari f. 1859 g.m. Johannes Rasmusson Sundland.
Olav f. 1861 g.m. Pernilla Knutsdtr. Votlo. Fabrikkarbeidar på Dale, sjå ættesoge for Dale.
Marta f. 1863 g.m. Jakob Johannesson Indre-Boge, sjå Indre-Boge bnr. 4.
Maria g.m. Johannes Johannesson Rivenes.


1855 skøytte Johannes Andersson f. 1846. Kjøpesum 250 spd. Han dreiv bruket sjølv 1868-93. Då selde han bruket til Nils Olsson, bnr. 1, og Johannes Magnesson bnr. 4, for kr. 2600, på det vilkår at han skulle få kjøpa deira partar i Holo. Sjå bnr. 5. 1903 selde han bnr. 5 og flytte til Votlo i Haus.

Johannes Andersson var med i heradstyret 1874, i fattigkommisjonen 1876, elles med i fattigstyre, likningsnemnd og skulestyre.

Johannes var g. 1. g. m. Anna Johannesdtr. Elvik f. 1846 d. 1891. Far hennar var husmann i Elvik. Seinare budde han på Kvåstad bnr. 2.

Born:

Kari f. 1867 g.m. Eiliv Askeland, b. Gaupås, Haus.
Karoline f. 1870 g.m. Gudmund J. Veo bnr. 5.
Johanne f. 1872 g.m. smed Johannes Bysheim, b. Ytre Arna.
Anders f. 1874, b. U.S.A. ug.
Anna f. 1877.
Jakob f. 1879. Farmar U.S.A.
Johannes f. 1881 g.m. Asta Bruvik, Kyrkje-Bruvik, sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 14 f. 1889.
Anna f. 1884 g.m. Mons Fossmark bnr. 5.
Sofie f. 1888 g.m. Ola J. Fokstad, Kyrkje-Bruvik, sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 3 f. 1888.

Johannes g. 2. g. 1895 m. Kari Jakobsdtr. Nordre Askeland.

Born:

Jakob Andreas f. 1896 d. 1919, fabnr.arb., ugift.
Severin f. 1898, busett Nordre Askeland, Haus.

Johannes flytte til Votlo, Haus 1894.


1893-1899 åtte Nils Olsson og Johannes Magnesson bnr. 2 i lag. Ved skylddeling 1899 vart bnr. 2 delt i bnr. 2 og bnr. 6, kvart med skyld 1,04 mark. Nils Olsson vart då eigar av bnr. 2.


1915 skøytte Olav Nilsson bnr. 2 og dreiv det saman med bnr. 1. 1944 vart dei to bruka slegne saman under sams bruksnr., som er nr. 1. Bruksnr. 2 vart då sletta av matrikkelen.


BRUK 3

Bruksnamn: Danielane eller Danielfolket. Gml. 1.nr. 9. Nytt 1852 545. Gml. landskyld 12 m. smør Skatteskyld 18 merker. Ny skyld 1838 I dl. 4 ort 2 sk. 1886 2,65 skm. 1919 2,36 skm. 1921 2,25 skm. 1941 2,08 skm.1863 var her 4 7/15 mål åker, 2 1/2 mål var god åker, 1 1/2 mål middels god, 4/5 mål ring åker. Bøken var på 12 3/10 mål. 5 4/5 mål var god bø, 4 mål middels, 2 1/2 mål ring jord. Ikkje dyrkingsjord. Sånad som på bnr. 1, 3 i. havre, 2 1/2 t. poteter. Avling 16 t. havre, 13 t. poteter. 788 v. høy, 112 v. halm. 200 v. høy frå slåttene. Fødnad 8 kyr, 3 ungfe, 40 småfe. Beit, skav og tang til eitt ungfe. Kan selja ved for årleg netto 8 spd. 1865 sånad 3 t. havre, 3 t. poteter. Fødnad 10 storfe, 18 sauer, 15 geiter, 1 svin. 1875 sånad 4 t. havre, 4 i. poteter. fødnad 8 kyr, 3 ungfe, 22 sauer, 3 geiter. I 1959 var fødnaden 1 ku, 1 ungfe, 6 sauer. Innmarka var 34,3 mål.


1758 bygsla Johannes Olsson Langhelle bnr.nr. 1, f. 1737 d. 1771 bruket. Johannes hadde vore skreppekar før han kom til Veo. Han var g.m. Marta Mikkjelsdtr. Skulstad, Haus.

Born:

Mikkjel f. 1757. Brukar på Veo bnr. 2 1781.
Anders f. 1759.
Synneva f. og d. 1762.
Anna f. og d. 1763.
Gunhild f. og d. 1763.


1773 bygsla Haldor Jakobsson Eide f. 1739 d. 1826. Haldor var lagrettemann 1789. Han var g. 1. g. m. Marta Mikkjelsdtr., enkja etter den førre brukaren. Han gifte seg oppatt in. Brita Olsdtr. Kallestad bnr. 1 f. 1750 d. 1838. Dei hadde ikkje born.


1792 bygsla Magne Johannesson Eide (sjå Eide, Husfolk) f. 1766. Han var g. 1787 m. Anna Helgesdtr. f. 1768. Borna deira, sjå bnr. 4. Magne døydde alt 1793, han vart ihelslegen av ein stein. Enkja gifte seg oppatt på bnr. 4.


1793' bygsla Nils Danielsson Langhelle f. 1775 d. 1854. Han ytte kår til Haldor Jakobsson som hadde vore brukar før. Nils var g.m. Anna Olsdtr. Fossmark f. 1766 d. 1864.

Born:

Daniel f. 1795. Brukar her.
Sigri f. 1801 g.m. Johannes Gudmundsson Grøtå.


1811 bygsla Daniel Nilsson f. 1795. 1829 fekk han skøyte på bnr. 3 og 1/4 av plasset Holo hjå Dankert Krohn for 200 spd. Daniel var g.m. Synneva Johannesdtr. Simenes f. 1794. Dei hadde 3 døtre, som alle vart gifte til jord. Dei fekk kvar si stor brurasylgje, kvar sitt sylvbelte og kvar sitt sylvkjede hjå foreldra. Maria budde her på bruket. Sylvbeltet hennar skal vera kome til Toskedal, men sylgja er på bnr. 3. Sylgja er av det slaget som ofte vert kalla agnestei, laga av ein dalar og tre 16-skillingar. Myntane har årstal 1714-1725.

Born:

Anna f, 1819 g.m. Sjur Davidsson Bukkstein, sjå Bukkstein bnr. 2.
Maria f. 1823 g.m. Johannes Davidsson Bukkstein. Brukar her 1849.
Ingeborg f. 1825 g.m. Olav Johannesson Kvamme, sjå Kvamme bnr. 1.


1849 bygsla Johannes Davidsson Bukkstein f. 1816 d. 1906. Samstundes vart det tinglese fråsegn frå verfaren Daniel Nilsson at Johannes skulle få skøyte på eigedomen når så langt leid. skøyte fekk han 1872 for 200 spd. og kår til verforeldra. Johannes var g.m. Maria Danielsdtr. f. 1823 d. 1900.

Born:

Daniel f. 1845 d. 1846.
Ingeborg f. 1847 g.m. Daniel Johannesson Helle, sjå Helle bnr. 4 og 5, Hellestræ.
Synneva f. 1850 g.m. Daniel Olsson Kvamme, sjå Kvamme bnr. 1.
Anna f. 1853 g.m. Anders Johannesson Toskedal, sjå Toskedal bnr. 2.
Daniel f. 1857. Brukar her 1899.
David f. 1860 d. 1889. Miste livet ved ulukke i skogen.
Nils f. 1862. Brukar her 1899.
Brita f. 1865 g. 1910 m. handelsmann Henrik Thomas Tobiasson Mo frå Bø, Vesterålen. Ved giftarmålet busett Hetlevik, Askøy. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
Maria f. 1868 d. 1902, g.m. Johannes A. Toskedal, sjå Toskedal bnr. 2.


1899 skøyte til Daniel og Nils Johannessøner. Kjøpesum kr. 1000,- og kår. Daniel d. ug. 1913. I skiftet 1918 fekk broren Nils skøyte for kr. 2000,- på den helvta av bnr. 3 som broren hadde ått. Nils stod no som eigar av heile bruket. Nils d. 1953. Han var g.m. Brita Nilsdtr. f. 1870 på bnr. 1 på Veo.

Born:

Marie, f. 1900 g.m. Sivert Kalvik, sjå Kallvik bnr. 1.
Johannes f. 1901 d. 1936. Spelemann (?).
Nils f. 1902 d. 1918.
Martin f. 1904. Brukar her 1947.
Anton f. 1906 g.m. Magnhild f. Raknes. Busett Hamre.
Olav f. 1907 g.m. Klara f. Birkeland. Busett på Raknes.
Daniel f. 1909 g.m. Nelsy f. Birkeland. Busett på Raknes.
Sofie f. 1910 g.m. Johannes Davidsson Bukkstein, sjå Bukkstein bnr. 2.
Anna Bertine f. 1913 g.m. Ansgar Sleire, busett Hamre.

Nils Johannesson var roteforstandar i 3 år.


1937 skøytte Martin Nilsson f. 1904. Kjøpesum kr. 2000,- og kår. Martin er g.m. Bertina Nilsine f. 1908, dtr. til Rasmus Gundersen Sture og kona Berta Malene f. Bertilsen, busett Hjelma.

Born:

Betty Margrete f. 19**.

Martin har vore med i skulestyret og fattigstyret og har vore skattekrevjar. Han har styrt brevhus på Veo i 10 år.


BRUK 4

Bruket heitte før Magnane. No vert det også kalla Knutane. Gml. 1.nr. 10. Nytt 1852 546. Gml. landskyld 12 m. smør. Skatteskyld 18 merker. 1838 ny skyld 1 dl. 4 ort 2 sk. 1886 2,65 skm. 1905, etter at halve bnr. 2 vart stege saman med dette bruk, 3,40 skm.

1863 var her 4 4/5 åker. 2 mål god åker, 1 mål middels, resten ring. Bøken var på 11 1/2 mål. 4 1/2 mål god bø, 6 1/2 mål middels god, 1 1/2 mål ring bø. Ikkje dyrkingsjord. Sånad som på bnr. 1. 3 t. havre, 2 1/2 t. poteter. Avling 16 t. havre, 13 t. poteter. 736 v. høy, 112 v. halm, 200 v. høy frå slåttene. Beit, skav og tang for 20 v. høy. fødnad 6 kyr, 3 ungfe, 42 småfe. Kan selja ved for 8 spd, netto årleg,

1865 sånad 3 I. havre, 3 t. poteter. fødnad 8 storfe, 12 sauer, 8 geiter.

I 1959 var fødnaden 1 ku, 5 sauer. Innmarka var 25 mål.


1738 bygsla Helge Nilsson f. 1720. Han var son åt Nils Helgeson som var mellom brukarane her 1701. Helge g. 1. g. m. Anna Nilsdtr. Kallvik f. 1706 d. 1763. Dei hadde ikkje born, men 1755 fekk Helge dom for at han hadde fått barn med tremenningen sin, Marta Johannesdtr. Stamnes. På denne tid vart eit samband mellom to så nærskylde rekna som blodskam, og dette var det sett dødsstraff for. Helge var dessutan gift og hadde kona i live, men Anna som var 14 år eldre enn mannen sin, og helseveik, gjekk i forbøn for han, slik at han vart straffa så mildt det var råd, men 5 år etter hadde Helge og Marta fått endå eitt barn og vart dømde for retten på nytt. I rettsprotokollen heiter det m.a. (Langhelles avskrift):

«Den 17de marti blev ting igien sadt paa nedre Mielde for Arne skibrede til paadømmelse af Helge Nielsen Veaae. Ifølge Deres Mayst. allernaadigste lovs 6te bogs 13de cap. 19 art. at miste og straffe paa hands liv og efter forordningen av aug. 1737 at hendrettes med sverd og hans legeme uden ceremoni at begraves i kierkegaarden, samt hans hovedlod, som efter den fremlagde registrationsforretning beløber til 8 rd. 4 mrk. og 14 skill. at være til Kongens casse henfalden. »

Denne domen vart ikkje sett i verk. Helge vart teken til nåde, og var enno brukar på Veo i mange år. 1775 var han endå til lagrettemann. Kona Anna d. 1763 og 1764 var Helge g. 2. g. m. Kari Simonsdtr. Grøsvik f. 1736 på bnr. 1.

Born:

Nils f. 1765.
Brita f. og d. 1767.
Anna f. 1768. Sjå neste brukar.
Brita f. og d. 1771.
Nils f. 1772 d. 1773.
Dordi f. 1774 g.m. Rasmus Johannessen Furnes, sjå Furnes bnr. 1.
Simon f. 1777 d. 1790. Brita f. 1781 g.m. Bertil Jakobsson Eide, sjå Eide bnr. 2.
Brita f. 1779 g.m. Gudleik Olsson Sandalen.


1781 bygsla Magne Monsson f. 1753 d. 1811. Han vart g.m. Anna Helgesdtr. f. 1768 d. 1846. Ho hadde før vore g.m. Magne Johannesson på bnr. 3.

Frå fyrste ekteskap hadde Anna desse borna:

Mons f. 1790. Brukar her 1818.
Kari f. 1793 g.m. Lars Johannesson Furnes bnr. 1. Paktar på Nedste Mjelde, Haus, sidan på Haus prestegard.

Magne Monsson og Anna hadde desse born:

Helge f. 1795 d. 1796.
Helga f. og d. 1797.
Marta f. 1798 g.m. Olav Davidsson Hauland, husm. i Stamnessund.
Brita f. og d. 1801.
Brita f. 1804 d. ug. 1838.


1818 bygsla Mons Magnesson f. 1790. Mora var då enkje og tok kår. 1829 fekk Mons kjøpa bnr. 4 og 1/4 av husmannsplasset Holo av Dankert Krohn for 200 spd. Mons var g.m. Anna Johannesdtr. Simenes f. 1795 d. 1854. Mons fekk den spedalske sykja og laut leggja seg inn på St. Jørgens Hospital i Bergen 1835. Der døydde han året etter.

Born:

Magne f. 1819. Brukar her.
Johannes f. 1821.
Maria f. og d. 1824.
Anna f. 1825 g.m. Nils Johannesson Dalseid, sjå Dalseid bnr. 1.

Enkja Anna Johannesdtr. g. 2. g. m. Olav Olsson Bukkstein bnr. 1 f. 1809 d. 1890. Han kjøpte seg kår hjå styksonen Magne for 100 spd.

Born:

Olav f. 1837 d. 1838.
Olav f. 1839 d. 1840.


1835 skøytte Magne Monsson f. 1819 d. 1897. Kjøpesum 200 spd. og kår. Magne var g.m. Brita Andersdtr. Kvåstad f. 1814 d. 1905. Ho var frå plasset Stølane under Kvåstad.

Born:

Anna g.m. Jakob Jonsson Grøsvik, sjå Grøsvik bnr. 1.
Johannes f. 1846. Brukar her.
Mons f. 1849. Sjå Dale bnr. 20.
Synneva f. 1851 g.m. Nils Monsson Helle, sjå Helle bnr. 1.
Maria f. og d. 1858.


1880 skøytte Johannes Magnesson f. 1846 d. 1914. Kjøpesum kr. 1200 og kår til mora. 1883 kjøpte Johannes halve bnr. 2 for kr. 1300. Det vart slege saman med dette bruk. Johannes var g.m. Anna Johannesdtr. f. 1849 d. 1891 frå Stamnes bnr. 1.

Born:

Brita f. 1876, døydde ung.
Brita f. 1877 g.m. Ingvald Brekke, b. i Arna, Haus.
Johannes f. og d. 1880.
Magne f. 1882 d. 1889.
Marta f. 1886. Sjå neste brukar.
Malene f. 1890 g.m. Johannes A. Stamnesfet.
Johannes f. 1893 d. 1904.

Johannes Magnesson var kyrkjeverje i Stamnes og var med i kyrkjetilsynet. Han var elles nytta som skjøns- og meddomsmann, utskiftingsmann, lagrettemann og branntakstmann.


1923 skøytte Marta Johannesdtr. f. 1886 og mannen Knut Olsson Vedå f. 1882 d. 1961. Knut er son åt Olav Olsson Toskedal og kona Agate, sjå Stamnes bnr. 33. Knut var anleggsarbeidar før han gifte seg og busette seg på Veo.

Born:

Anna f. 19**. B. i Arna.
Johannes f. 19**. Motorbåtførar,
Olav f. 19**. Smed, b. i Ytre Arna. G.m. Nora f. Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 35-37.
Arne f. 19**. Brukar her.
Bjarne f. 19**. B. Stamnesleiro. G.m. Erna f. Johnsen. Sjå Stamnes bnr. 70-71.


1954 feste til Arne Knutsson Vedå på bnr. 4 i 50 år mot å svara kår. Arne f. 1924 d. 1960 g.m. Marta Eikefet, Hosanger f. 19**.

Born:

Irene f. 19**.

Arne bleiv då motorfartyet «Kveldsol» sokk, lasta med sand, på tur frå Samnanger til Bergen.


BRUK 5 OG 7 - GROLID

Dette bruket var frå fyrst av husmannsplass og heitte Holo. Det ligg ved Holeelva ved nordgrensa åt garden og har truleg vore oppteke i sams utmark. Plasset låg under alle 4 bruk, og bygselsetlane var utferda av alle dei 4 brukarane. Då dei fekk løysa inn bruka sine og vart sjølveigarar 1829, vart det skrive i kvart skøyte at 1/4 part av plasset Holo høyrde med under vedkomande bruk. 1863 var her 1,8 mål ring åker, 3 mål god bø, 4,6 mål ring bø. Her vart avla 3 t. havre og 4 t. poteter, og fødnaden var 3 kyr og 12 sauer. 1865 var sånaden 3/4 t. havre, 3/4 t. poteter. fødnaden: 3 kyr, 23 sauer. 1875 sånad 1/2 t. havre, 1 1/2 t. poteter. fødnad 3 kyr, 8 sauer. Bygselsummen var 1863 40 spd. og den årlege avgifta I spd. 3 art. 1 1959 var fødnaden 2 kyr, 6 sauer, 1 gris, 70 høns. Innmarka var 19,4 mål.


1780 bygsla Gudmund Olsson Elvik og kona Ingeborg. Ingeborg var dotter åt Nils Helgeson Veo. Ho var g. 1. g. 1748 m. Olav Johannesson Eide f. 1721. Dei var husfolk på Veo.

Born:

Johannes f. 1749, husmann, g.m. Brita. 2 born på Veo.
Ågota f. 1770
Ingeborg f. 1773.
Kari f. 1752 d. 1825 g.m. David Johannesson Toskedal, busett Breisteinsli, Haus.
Kristi f. 1754.

Då Ingeborg gifte seg oppatt med Gudmund Olsson Elvik, fekk ho og mannen bygsla Holo. Ingeborg var noko storvaksen, og vart kalla «Stor-Ingjeber». Det var fortalt at ho stengde beitet så Vea-kalvane ikkje kom over elva. Bukkstein-mennene mukka om at Ingeborg får kring mellom liane og raska og høya ein heil del. Ingeborg fekk då ein frå Toskedal med seg til Bergen til Dankert Krohn, og fekk sett til i bygselsetelen at ho skulle ha havnegang på Bukkstein. Gudmund t. 1725 d. 1805 og Ingeborg f. 1727 d. 1816 hadde ein son, Olav f. 1770, bygselmann her.


1799 bygsla Olav Gudmundson f. 1770 d. 1843. Kona Kari Johannesdtr. var frå Grautå, f. 1783 d. 1824.

Born:

Gudmund f. 1805 d. 1828.
Brita f. 1807 g.m. Johannes J. Stamnes, sjå Stamnes bnr. 1.
Johannes f. 1809 d. 1810.
Ingeborg f. 1811 g.m. Olav O. Toskedal, sjå Toskedal bnr. 2.
Johannes f. og d. 1814.
Johannes f. 1816, bygselmann her.
Magne f. 1819 d. 1821.
Magne f. og d. 1822.

Olav var g. 2. g. m. Maria Haldorsdtr. Dale bnr. 1 f. 1786 d. 1861. Ho fekk kår på plasset.


1844 bygsla Johannes Olsson f. 1816 d. 1897. Han skulle svara kår til stykmora Maria Haldorsdtr. Festesetelen vart tinglyst på nytt 1883. Johannes var g.m. Guri Ivarsdtr. f. 1823 frå Rossvikaneset under Bukkstein.

Born:

Kari f. 1849.
Olav f. 1851. Busett på Borge i Gjerstad.
Ivar f. 1853.
Gudmund f. 1855. Brukar i Elvik bnr. 1.
Jakob f. 1857. Smed på Vaksdal. Busett på Boge.
Guri f. 1860 d. oml. 1877.
Olav f. og d. 1863.
Maria f. 1864 g.m. Besse Jonsson Straume, busett på Dale, sjå ættesoge for Dale.
Olav f. 1867 d. oml. 1881.
Ingeborg Bertina f. 1871. Busett på Dale gamleheim.

Johannes og Guri var siste plassfolket i Holo. Guri var busett hjå dottera Maria Strømme på Dale då ho døydde 1907.

Denne forteljinga gjeld truleg Gudmund Olsson som bygsla 1780: Han var med i krigen og berga då ein general. Til takk for det fekk han ein stor dalar med sylvkjede og kross. Denne ordenen finst no hjå Olav Verlo i Indre Arna. Maria Strømme f. i Holo 1864 fortalte at i hennar barndom var det i Holo ei stove med noko stort sidekammers, kjøken og gang i eitt med grue. I grua hekk ein koparkjel i skjering, på vinstre sida låg bakstehella. Innåt kjøkenet var det bygt ei bu. Det var tropp opp og lem. På bualemmen var det fleire senger. Der var kistene og alle kyrkjekleda. På stovelemmen låg borna. Det var Johannes, far hennar, som hadde bygt stova, men bua var gamal. Nyestova var bygt på same tuft som den gamle stova, som visstnok Gudmund hadde bygt.

1893 vart det halde skylddeling, og dei partane i Holo som hadde høyrt til bnr. 1, 2 og 4 vart skilt ut som sjølvstendig bruk, og fekk bnr.nr. 5. Skylda på kvar part 29 øre, skyld på bnr. 5 er no 1,10 skm. Bnr.nr. 7 er den parten av Holo som høyrde til bnr.nr. 3. Denne vart utskilt 1919. Skyld 29 øre.


1893 skøyte til Johannes Andersson på dei partane av Holo som høyrde til bnr. 1 og 4 for kr. 600,-. Den parten som høyrde til bnr. 2 åtte han frå før, meddi han hadde site som eigar av bnr. 2. Ved salet vart det teke unna at bnr. 4 skulle ha rett til kvernhustomt og vassleidingsrenner.


1903 skøyte til Daniel Johannesson for kr. 2000,-. Daniel åtte også halve bnr. 3. I skøytet vart nemnt den gamle beiteretten som Holo hadde i Bukksteinmarka. Med i salet fylgde mellom anna eit kvernhus på det tidlegare bruket åt kjøparen (bnr. 3). Daniel Johannesson d. ug. 1913.


1918 skøyte til Nils Johannesson Fylingslid i skifte etter Daniel Johannesson for kr. 2000,-. 1919 fekk han skøyte på bnr. 7 Grolid, for kr. 500,-. Han eig også Fylingslid. Foreldra Johannes Olsson Kvåstad og kona Ingeborg Johannesdtr. f. Vedå budde her på sine gamle dagar. Dei fekk feste på ei tuft under bnr. 4, festenr. 1. Nils f. 1885 d. 1962 var g.m. Ingeborg Danielsdtr. Kvamme f. på bnr. 1 1883 d. 1956. Nils har drive laksefiske og har vore aktiv i bygdestyringa. Han har m.a. site i skulestyre, heradstyre og formannskap.

Born:

Synneva Dagnilla f. 1907. Husmor her.
Johannes f. 1910. Brukar her.
Daniel f. 1910 d. 1911.
Ingvald Johan f. 1913. Fiskar og gardsarb.
Daniel f. 19**. Fiskar og gardsarb.
Klara f. 1921 d. 1927.
Alfred Laurits f. 19**.

Bnr. 4 har rett til kvernhustomt og vassrenner; husa i Holo skal tilhøyra husmannen etter skøyte 1893.


BRUK 6

Skyld 1,4 skm. skilt frå bnr. 2 1899, samanslege med bnr. 4 1900. Bruksnr. sletta av matrikkelen.


BRUK 7

Sjå under bnr. 5.


BRUK 8

Skyld 0,54 skm. skilt 1921 frå bnr. 1-5.

Selt 1922 til Bruvik skulekommune for kr. 3200,-. Rett til landslut eller laksefiske fylgjer ikkje med eigedomen, heller ikkje beiterett i hamnegangen eller eigedomsrett i kvernhusa. Her er bygt lærarbustad.


BRUK 9, 10, 11 og 12, LJOSEVATN I-IV

Skyld 64 øre, skilt frå bnr. 1-4.

Selt 1939 brukseigar Sigurd Hille for kr. 3200,-. Det vart teke atterhald om at brukseigarane på hovudbruka på Veo skulle ha veide- og fiskerettane, og at dei skulle vera med som arbeidarar i det arbeidet som kjøparen måtte setja i gang til å nytta ut vassrettane. Ljosevatn ligg i nedslagsfeltet åt Tyssefalla. Bruka vart selt 1942 til Nordhordland komm. kraftlag.


BRUK 13

Sjøtun, skyld 3 øre, skilt frå bnr. 1 og 3.

Selt 1941 til Håkon Nikolai Olson Vedå for kr. 300,-. Håkon er f. på bnr. 1 1914. Han er forsikringsinpektør og busett i Laksevåg, g.m. Ragna f. Skodvin.

Born:

Bjørg f. 19**.
Inger Olaug f. 19**.
Marit f. 19**.
Liv Ragnhild f. 19**.


HUSMANNPLASSET HOLO

Sjå bnr. 5 og 7 Grolid, der soga om plasset er teken med.

HUSFOLK

Nemningane husfolk og husmenn vert i dei eldre kjeldene nytta om 3 ulike kategoriar: leigebuarar i eit av husa åt brukaren, dei vert også ofte kalla innerster. Den andre kategorien er dei som me no helst kallar husmenn eller plassfolk. Dei åtte sjølve huset dei budde i, men det stod på bygsla jord. Kårfolk vert også kalla husmenn i sume av dei eldre kjeldene. I denne boka nyttar me nemninga husfolk om innerster, og denne bolken fortel først og fremst om dei, men det kan henda at sume av dei som er nemnde har vore husmenn eller kårfolk.


1603 finn me i skattelistene ein husmann, Peder Wede. Det går ikkje fram av lista om han høyrer til i Arna skipreide, så han har kanhenda budd på Veo i Gjerstad sokn, Haus.

1645 finn me i koppskattemanntalet huskona Inger og sonen hennar Jon. I folketeljinga 1664 og 1666 finn me desse husmenn og husmannssøner: Haldor Monsson f. 1602, Nils Johannesson f. 1647, Nils Rasmusson f. 1649.


1701 var her ein husmann, Olav Johannesson. Truleg son åt brukaren Johannes Johannesson. Olav f. om lag 1650, d. 1721 var g.m. Brita Olsdtr. f. i Kallvik 1664 d. 1721.

Born:

Marit f. 1700.
Eit barn f. 1702, som det ikkje står namn på i kyrkjeboka.


1701 budde Sjur Magneson Romarheim og kona Ågota Jonsdtr. f. Eide her. Dei vart gifte 1696 og 1703 d. Ågota og barnet deira. Sjur flytte då attende til Romarheim, der det enno skal vera slekt etter han.


1730 om lag kom Johannes Eirikson og kona Ågota Johannesdtr. hit frå Kvåstad. Dei flytte seinare til Fylingslid og var husfolk der.


Johannes Andersson og kona Synneva Johannesdtr. f. Eide var husfolk her kring 1740. Far åt Johannes var ein av brukarane her 1711. Johannes og Synneva var g. 1739, og var først husfolk på Eide. Dei flytte frå Veo til Skjerping i Gjerstad.

Born:

Johannes f. 1740.
Jon f. 1743.


1747 fekk Nils Olsson Mellesdal og Dordi Nilsdtr. Veo ein son. Dei ville gifta seg, men foreldra og presten sette seg imot. Nils var soldat, og dei militære styremaktene var dei einaste som gav sitt samtykke. Sonen Olav f. 1747 var busett i Toskhelleren.


1748 vart Olav Johannesson Eide f. 1721 g.m. Ingeborg Nilsdtr. Veo f. 1727. Dei var husfolk her.

Born, sjå bnr. 5 og 7.

Ingeborg g. 2. g. 1770 m. Gudmund Olsson Elvik. Sjå bnr. 5 og 7 ovanfor.


Johannes Johannesson Straume og kona Brita Pedersdtr. f. Ytre Arne var husfolk her ei tid.

Døtrene fødde her:

Ågota f. 1770.
Ingeborg f. 1773.

1779 vart det halde skifte etter huskona Inger Knutsdtr. Ho var f. på Bolstad, og var truleg ugift. Nettoen i buet var 33 rdl. 4 ort og 12 sk. Mellom dei som stod i gjeld til buet var Johannes 0. Veo med 9 rdl. Arvingane etter Inger var brørne Mons Knutson Steinsland og Anders Knutson, tenar på garden Otterstad, og heilsystrene Helga Knutdtr. g.m. Eirik Nilsson Sæterdal, Maria Knutsdtr. g.m. Jon Jakobson Jørnevik og Marta Knutsdtr. g.m. Olav Flatekvål. Halvbrørne og heilsystrene fekk lik arvelut, 6 rdl. 4 ort og 9 sk. kvar.


1820 vart Olav Davidsson Haugland g.m. Marta Magnesdtr. Veo bnr. 4. Dei var husfolk her ei tid, og Olav var då lønsarbeidar. Seinare flytte dei til Stamnessund og fekk plass der. Fleire av borna deira kom attende til Veo, sjå bnr. 1 og 2.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy