Vegutløysing, av Per Hatlestad

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 20:03, 22 januar 2008 by Kaare (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Vegutløysing
Av Per Hatlestad.


Busetnaden i Bergsdalen hadde etter kvart teke til å festa seg. I eldre tider hadde gardane her skifta eigarar tidt og ofte. Ikkje alle heldt ut med det harde slitet og strevet det var, alltid å fara over aude fjell og vidder for turvande samkvæme med andre folk. Storparten av dei som reiste herfrå, fór til Amerika.

Men dei som vart att, hadde alt sett i andre bygder korleis køyrevegane der åt seg fram og letta samferdsla og levekår på ein mest eventyrleg måte.

Draumen om vegutløysing for Bergsdalen tok til å vakna, og vart stundom til samtaleemne der dei traska etter kløvhesten haust og vår, eller dei sleit i klabbeføre med ryggbøra om vetteren. Ein køyreveg til Evanger eller Bolstad ville vore til stor hjelp, men etter dalen måtte det òg koma vegsamband.

Det mest naturlege utgangspunktet for veg måtte verta frå Dale og langs etter heile dalen. Men der låg Storfjellet og stengde. Fjellet frå Dystingtoppen til elvebotnen med sine mange hundre meter loddrette stup, var det mogeleg å koma gjennom med veg der? Vegspørsmålet vart teke opp og drøfta på vidare plan.

Nede på Dale var kome industri i gang, og den var i framvokster. Jarnvegen Bergen-Voss hadde stasjon her, og det var kome handelsmann på staden. Det hende at folk nedst i Bergsdalen for ned her på handel, men det var ein tung og ikkje heilt fårelaus veg å fara.

I året 1882 sette amtstinget av pengar til vegparsellen Dale-Fosse, og i 1889 var bøndene i Bergsdalen samla for å skriva under ei kontrakt der dei batt seg til ta del i vegkostnaden med arbeid eller pengar.


Hardanger og Voss sorenskriveris pantebok, Voss, 1886-1893, fol. 255.

Ekstrathing 8d juni 1892


Kontragt. Vi undertegnede forpligte os herved til at overtage udredelsen af de af Brudviks herredsstyrelse under 19d. december 1882 garanterede udgifter ved det projekterede hovedveisanlæg Dale jernbanestation - Bergsdalens 1ste parsel, fra Dale jernbanestation til ovenfor øverste Storfos - nemlig foruden fri veigrund og gjerdehold som og den jordskade veianlægget foraarsager udenfor veilinien samt 1/10 af hvad amtskommunen bidrager til dette veianlæg. Opsidderne fra Bergsdalen overtager at svare af Bergsdalens ca. 21 skylddaler 14 dagsværk pr. skylddaler aarlig i 3 aar eller tilsammen 882 dagsværk, alle dagsværk beregnet til kr. 1.60 pr. dag. Skulde imidlertid de her lignede bidrag vise sig utilstrækkelige til den af Brudviks herredsstyrelse indgaaende garanti, saa forpligter vi samtlige opsiddere af Bergsdalen os til at tilsvare det resterende, saa at Brudviks kommune ingen udgifter skal have ved det her omhandlede veianlæg. De her saaledes indgaaede forpligtelser skal herefter hefte og paahvile undertegnede forpligtedes respektive brug eller eiendomme indtil forpligtelserne i alle dele ere opfylte. Gaarden Dale den 15de. august 1889 Anders H. Fosse. Anders H. Brække. Askel A. Rødland. Nils A. Rødland. Samuel S. Brække. Johannes N. Øie. Jørgen P. Smaabrække. Jakob B. Øie. L. A. Berge. Anders J. Lie. m. f. p. David N. Hatlestad, Enke Ingebjørg Kallestad m. f. p. Enke Torbjørg Solberg m. f. p. Haldor O. Hatlestad. Ole K. Berge. Nils J. Lie. Thormod Gullaksen Lie. Synneva Larsdatter Lie. Lars Magnesen Lie. Thorbjørn L. Fosse.

Rett utskrift.
Statsarkivet i Bergen, den 13. mai 1976.

Thorleif Hansen
e. f.


I 1891 vart vegarbeidet frå Dale til Bergsdalen sett i gang, og etter samanhangande arbeid var den 5,9 km lange vegen Dale-Fosse ferdig i 1895.

Kostnaden med denne vegstubben er oppgjeven til kr. 108.787,73. Av dette tok staten kr. 72.525,15, amtet kr. 32.636,32 og herada Bruvik og Evanger i lag kr. 3.626,26.

No vart det ein stogg i vegarbeidet vidare oppover dalen, endå amtstinget i 1895 sette av pengar til parsellen Fosse-Hamlagrø. I mars 1897 var bøndene i dalen atter samla for å underskriva eit garantidokument for denne parsellen.


Bilete s. 276 Fyrste arbeidslaget Bergsdalsvegen i 1891.


Hardanger og Voss sorenskriveris skøyte og pantebok 1893-1897, Voss, fol. 259b.

Vaarthing for Evanger
5 Mai 1897

Garantidokument. Undertegnede Gaardbrugere i Bergsdalen fra Fosse til Rødland forpligter os herved in solidum til efter Matrikulskyld at indbetale til Evanger kommune den Kvotedel, der af Amtet er betinget som Distriksbidrag for Anlæg og Oparbeidelse af Hovedvei gjennem Bergsdalen fra Fosse til Rødland. Indbetalingen til Kommunen skal foregaa i Terminer i samme Forhold som Herredets Udbetaling til Amtet maatte blive krevet. Ligesaa forbinde vi os til, at der af vore Jordeiendomme gives fri Grund, og at der heller ingen Erstatning for Grus eller anden Jordskade af os skal forlanges. Dersom Veibestyrelsen eller nogen af Gaardeierne i Bergsdalen forlanger Gjerdehold ved Veien, overtage vi selv dette uden Udgift for Amt eller Herred. Skulde vi ikke promte og regelmæssigt indfri vore Forpligtelser til Kommunen i Anledning Veianlægget, og Herredet saaledes kom til at staa i Forskud, eller der skulde opstaa nogen Misligheder med Indbetalingen eller nogen anden Ytelse, saa at Kommunen ser sig nødt til at ty til Rettens Hjelp, skal saavel Renter som andre Omkostninger in solidum overtages af os og skadesløs indbetales Kommunen. - I Tilfælde Søgsmaal har Kommunen, hvis en Bidragsyder er insolvent, Ret til at søge Regres for Restanser hos hvemsomhelst af os, uanseet om den enkeltes Forpligtelser er indfriet eller ei. Disse Forpligtelser skal hvile som Heftelser paa vore Gaardsbrug. Bergsdalen 25. Marts 1897. David Hatlestad. Askel A. Rødland. Nils A. Rødland. Knud J. Kaldestad. Jørgen P. Smaabrække. Haldor Hatlestad. Ole Berge. Lars Berge. Torbjørg A. Solberg. Magne L. Lie. Thormod G. Lie. Gullak L. Lie. Nils J. Lie. Anders J. Lie. Anders H. Brekke. Nils A. Brekke. Sjur L. Brekke. Johannes N. Øie. Peder J. Øie. Anders H. Fosse. Thorbjørn L. Fosse.

Rett utskrift.
Statsarkivet i Bergen, den 13. mai 1976.

Thorleif Hansen
e. f.


Vegarbeidet kom fyrst i gang att i 1901. No vart det arbeidd utan stogg, til den 17 km lange parsellen Fosse - Hamlagrøosen var ferdigbygd i 1909 (levert 1910).

Kostnaden med denne vegstrekkja er oppgjeven til kr. 140.942,57.

Av dette la staten kr. 93.961,71, amtet kr. 42.282,77 og herada Evanger og Voss i lag kr. 4.698,09. Korleis summane var delt mellom dei tri herada Bruvik, Evanger og Voss, veit me ikkje. Vegarbeidarane var ei samling frå nære og fjerne bygder, Ja, endå til svenske rallarar var å finna i laget. At dei kunne sine ting, vitnar dei mange, lange og høge veg- og støttemurar om. Murfoten er mange stader festa i ville flogberget, over fossestryk og glopurdar. Smeden spela ei viktig rolla i arbeidslaget. Var han dugande i faget, vart han snart kjend og etterspurd i vide krinsar. Smeden måtte kjenna fjellet og herda boren etter det. For det meste var det 7 sjumannslag i arbeid + oppsynsmann. Det var berre handverkty dei hadde å hjelpa seg med den tid, slik det var på alle mindre veganlegg fram til andre verdskrigen.

Fleire større og mindre bruer måtte byggjast. Ei av dei store var kvelvingsbrua på Hatlestad. Denne brua var mest eit sersyn so fint ho var fråseg gjort, og Torgeir Kyrkjeteig, Rødland, var meister for dette arbeidet. "KALDAA BRO 1905" stod det innhogt på ein av brustabbane.


I dag kan ein undrast over korleis ei lita grend med få og små hus kunne hysa ein arbeidsstokk på 50 i den tida. At alle fekk tak over hovudet kan vel berre gardsfolket takkast for. Dei sette slik pris på å få veg at dei trengde seg saman i buer og kott, låg på florslemmar og i høyet, og let "sluskane" få senga. Likevel hadde mange over ei halvmils veg å gå om morgon og kveld til og frå arbeidet, og både 10 og 12 timars dag var vanleg. For det meste hadde dei akkordarbeid, då kunne fortenesta svinga frå 2,50 til 3 kroner dagen. På daglønsarbeid hadde dei 2 kr. pr. dag. Maten fekk dei kvinnene på gardane til stella i stand, men dei skaffa han til rettes kvar til seg, for det meste.

Mange jenter or dalen, ti i alt, vart gifte med vegarbeidarar den tida. I Bergsdalen lever enno to av dei som var med og bygde vegen gjennom dalen, brørne Gulleik og Ingvald øye. Dei har det enno i friskt minne og kan fortelja stubbar og gloser frå den tid.

Som unge guter fekk dei vera med og slå finpukk på vegen. Betalinga vart rekna pr. strekkmeter veg, kr. 0,30 for vanleg breidd (2,5 m.) og kr. 0,40 for 3,5 m breidd (omkøyringar). Når ei høveleg lengd var


Bilete s. 279 Kaldå bru Hatlestad.


ferdigpukka, var det å køyra grus på. Dette var òg jobb for gutane, å køyra grus med hest og kjerra, og dei var med til vegen kom til Hamlagrøosen. Det heile vart avslutta med ein større vegfest på Rødland i 1910.

Eit storverk var gjort. Bergsdalen hadde fått vegutløysing. Men etter mykje kamp med "små" kommunepolitikarar, som hevda at det var langt billegare å kjøpa ut gardane i Bergsdalen enn å byggja veg åt dei. Om bøndene var storglade for vegen, so fekk dei han ikkje heilt til gjevandes. I mange år hadde dei "vegskatten" å betala på, etter kontraktar dei hadde bunde seg til føreåt. Kring 400-kroner vart det jamt over på kvart bruk, rekna etter skylda på bruket.


Men med vegen var levevilkåra i dalen straks betra. Med hest og kjerra, eller slede, kunne dei på ein dag no få heim det dei brukte ei vika på med kløvjing. Dette hadde mykfe å seia når det galdt husbygging og vøling.

Noko av det fyrste dei skaffa seg var arbeidskjerra med jarnskodde hjul og tippekarm. Sidan kom staskjerra (karjolen) med fjørar og sete. Den vart brukt til kyrkjeferd og skyssing av prest og lensmann,

doktar og dyrlækjar og tilfeldige ferdafolk og turistar. Etter kvart tok ungdomane til å få seg syklar, og no var det mest ikkje måte på kor fort dei kunne koma seg fram. Alle kyrkjelege handlingar vart lagde til Dale, endå om dette var eit anna prestegjeld. Dalen hadde òg fått eigen gravstad, so no kunne dei både leva og døy som folk, tykte dei. Vegen skulle òg ha sitt vedlikehald, og han vart oppdelt i grusroter, kvar på 2,5 km som bøndene gav tilbod på år om anna. Dette vart ei kjærkomen attåtinntekt for dei som hadde høve til å ta slikt arbeid. Vegen skulle grusast kvar vår, og lensmannen hadde tilsyn med at det vart gjort etter avtale. Grusen vart funnen i grustak attmed vegen, som regel eit for kvar rota, og køyrd på vegen med hest og kjerra.

Våren 1920 kom fyrste automobilen til Bergsdalen. Det var ein 1 1/2 tons Fiat lastebil med 24 hk. under panseret. Han kunne lett riggast om til personbil med skinnputar og kalesje, eller vera halvdelen av kvart når det trongst.

Til ljos hadde han karbidlykter, men desse vart det lite bruk for, då bilruta slutta ved mikkelstider kvar haust.

Det viste seg snart at vegen ikkje var bygd for slike køyrety. Der det var myrlendt, svikta underlaget fort. Mange svingar var for krappe, og mange stabbesteinar for nærsøkne, mange av desse fekk ein puff av bilhjulet og var vekke for godt.

Med små løyvingar frå fylket vart det år om anna sett i gang litt utvidingsarbeid på dei verste plassane. Eit 4-5 manns lag or dalen hadde arbeid med dette so langt pengane rakk. Ordre om utviding var 40 sm i tillegg til 2,5 m vegbreidd. Steinknusarverk vart oppsett der det var høveleg masse å finna, og maskinpukken hjelpte godt på vegdekket.

Frå 1935 vart det slutt med grusrotene i Bergsdalen, og alt som høyrde til Evanger herad vart eitt vedlikehaldsområde, med Anton Lid til vegvaktar. Biltrafikken auka år for år.

I 1959 vart Bergsdalsvegen knytt til utanomverda, med di vegen Hamlagrøosen-Hodnaberg vart opna for trafikk.

I 1964 vart atter eit omskifte i vegsektoren. Vegen gjennom Bergsdalen -Hamlagrø fekk då status som riksveg R 13, og vart frå same år forkøyrsveg. Per Hatlestad vart frå denne omskipinga tilsett som formann for vedlikehaldet.

Frå no av overtok staten alt maskin- og bilhald til vedlikehaldsarbeidet. Vegen vart heretter halden open for trafikk heile året. I 1973 fekk vegen fast oljegrusdekke, og dette avlasta mykje av det daglege vedlikehaldsarbeidet. Men før dette vart gjort, var det lagt ned eit omfatande arbeid med forsterkning av vegbana. I takt med tida og trafikken har det den siste tid vorte gjort mykje utbetringsarbeid på Bergsdalsvegen. Men enno står fjellskjeringar og ventar på boremaskin og dynamitt.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy