Tvist om ein høystakk, av Åsmund Hatlestad

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 11:20, 24 oktober 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Tvist om ein høystakk
Av Åsmund Hatlestad


Utskrift av Nordhordland sorenskriveri si tingbok nr, 49.

"Aar 1806 den 3de Novbr. blev det almindelige Høste- Sage- og Skatteting for Watzværen Tinglaug, og blev Retten administreret af den const: Sorenskriver Georg Jacob Bull, tillige med de 4e eedsvorne Laugrettesmænd Mons Larsen Strømme, Niels Sjursen Breche, Ion Larsen Lie og Niels Knudsen Boelstad."


Slik tek den godt 170 år gamle tingboka til, der ho omhandlar ei eigedomssak mellom gardane Kaldestad og Hatlestad.

Eigedomsgrensene mellom gardene har truleg ikkje den gongen vore so klårt fastlagde, men utmarkslått hadde stort verde. Hendingsgangen i soga synest vera nokolunde slik: Aamund Sjursen Kaldestad var son til eigaren og brukaren på Kaldestad. Han var gift med Brita Pederdtr. f. Bolstad, og dei hadde nokre born. Aamund (dei sa Oddmund) vart rekna som inderst. (d.e. ein som ikkje eig jord, men har eigen hushaldning og tek leigearbeid når høvet byd seg).

Det synest som Aamund har teke seg til rette og slege ein utmarkteig som grensar til Bergsvatnet mot vest og mot Oddmundsdalselva mot sør, og sett høyet i stakk der. Grannen Arne Trondson Hatlestad såg seg som eigar av denne marka. Arne var komen frå Bolstad og hadde i 1783 bytt til seg Hatlestadgarden, som den gong var einbølt. Kring 1786 hadde Arne sett opp ein risgard langs Oddmundsdalselva for å hindra krøter frå Berge å koma innpå denne teigen. Likeso hadde han gjeve ein mann lov til å hogga skog der, og ein annan mann lov til slå der eit par gonger. Aamund hadde nok ikkje spurt om lov å slå der, og heller ikkje vedkjende han for Arne at det var han som var gjerningsmannen. Dette vart Arne arg på, og gjorde ein avtale med Arve Sjurson Rødland at han skulle køyra vekk høystakken om vinteren. Dette vart gjort, og Mons Ellingson Småbrekke tok hand om høyet. Arne sa at han gjorde dette for å få greie på kven som hadde slege marka. Aamund Kaldestad stemnde då Arne Hatlestad for bortføring av høyet. So møttest dei i "Forligelses Commissionen" på Voss, men vart ikkje forlikte. Då gav Arne inn kontrastemning på Aamund for å ha slege annanmanns mark. Slik møttest dei på hausttinget på Bolstad 1806 for om mogeleg få saka avgjord.


"For contra citanten (Arne Hatlestad) hans svigersøn David Pedersøn Atlestad og fremstillede som godvillig mødende Vidner Arve Sjurson Rødland, Halver Magneson Berge, samt Knud Sjurson (bror til Arve Rødland) og Mons Ellingson Smaabrekke, hvilke han begiærede paaraabte og afhørte".

Fyrste vitnet var Arve Sjurson Rødland. Han sa seg 48 år gamal, og ikkje i slekt med nokon av partane. Vitnet sa at han aldri hadde høyrt anna enn at Arne Hatlestad åtte markstykket det var tvist om. Og 17-18 år tidlegare fekk vitnet lov av Arne Hatlestad til å hogga 7 lass ved på denne teigen, utan protest frå nokon av grannane. Vidare stadfeste vitnet at systermannen hans, (Tormod Ukvitne) med løyve frå Arne Hatlestad, hadde slege det omstridde markstykket i to år. Likeso forklara vitnet at den bortkøyrde høystakken var nytta av Mons Småbrekke. På spørsmål forklåra vitnet at han var oppvaksen på garden Rødland, omlag "en Fjerding saavel frå gaarden Atlestad som fra det sted den omtvistede Mark liger,"

"Som 2det Vidne fremstod Halvard Magnesen Berge som sagde sig 50 Aar gl, og ej i Slækt med nogen af Parterne." Vitnet forklåra at han ikkje for visst kunne seia kven marka tilhøyrde, "men efter Vidnets Formodning skulle samme tilhøre Gaarden Atlestad." Vitnet forklåra på spørsmål vidare at han var oppvaksen på "Naboe Gaarden Berge som ligger omtrent 1/3 Fiærding fra Gaarden Atlestad og en halv Fiærding fra Marken qvæstionis (den omhandla mark). Vidare forklåra vitnet at den omhandla marka tidlegare var nytta felles av gardane Hatlestad og Berge. Kvar hadde sin part, men krøtera hadde stundom beita om ein annan, til for omlag 20 år sidan. Då hadde Arne Hatlestad sett opp eit gjerde som skulle hindra krøter frå Berge å koma inn på dette stykket. Dette hadde skjedd utan protest frå nokon av grannane. Han hadde òg høyrt at det var Aamund Kaldestad som hadde slege og sett høystakk, og at det var innanfor det omtala gjerde. Tridje vitnet var Knut Sjurson Småbrekke. Vitnet sanna òg at systermannen hans (Tormod Ukvitne) hadde slege den omhandla marka i to år, med løyve av Arne Hatlestad og med Aamund Kaldestad sitt vitande utan innvendingar. Vitnet sa òg at Arne Hatlestad hadde sagt til vitnet at han let høystakken køyra vekk for å få vita kven som hadde slege der. Noko han etter eige utsagn ikkje visste. Som fjerde vitne kom Mons Ellingson Småbrekke. Han forklåra at det stadig hadde vore tvist mellom Kaldestad og Hatlestad kven den omhandla marka skulle tilhøyra. Men elles hadde han høyrt ein gamal mann seia at marka tilhøyrde Hatlestad. Og etter som vitnet hadde høyrt var det Aamund Sjurson Kaldestad som hadde slege og sett opp den omstridde høystakken. Elles hadde aldri vitnet høyrt at Aamund Kaldestad hadde påtala Arne Hatlestad sitt bruk av den omstridde marka i dei 19 år vitnet hadde budd i dalen. Og då ingen hadde meir å spørja vitnet om vart han dimittert.

David Pederson Hatlestad ville på vegner av svigerfaren Arne Hatlestad ha saka fram til doms, og såg seg på grunn av vitneføringa frifunnen for søksmålet frå Aamund Kaldestad, og at sakskostnadane, 14 riksdalar, måtte falla på Aamund Kaldestad. Aamund Kaldestad bad om saka utsett til neste sumarting for å føra fram fleire vitne. Utsetjinga vart imøtekomen.

År 1807 3. juli var det sumarting på Bolstadøyri. Dei stridande partane frå hausten føreår var frammøtte, og gav til kjenne at dei innbyrdes var einige om forlik. Dei sa seg villig til dela likt sakskostnadane. "Dette deres Forlig begiærede de Protocollen tilført samt bekræftede det med deres Hænders Underskrift."

                                                                      Aamund Siursen Kallestad - David Pedersen Hatlestad
                                                                                     Arne Trondsen Hatlestads Vegne

                                                                                          begge med paaholden Pen.


Ved å samhalda utdraget av dennne rettsaka med eigar- og brukar-soga frå same tid, vil ein kunne gjera seg eit klårare bilete av folkelivet i Bergsdalen slik det var då.

Av gardane som er nemnde var Berge, Hatlestad, Kaldestad og Rødland sokalla einbølte gardar (ein brukar). I Småbrekke var to brukarar då, Mons Ellingson Småbrekke hadde selt halve garden til Knut Sjurson Rødland. Etter alt å døma delte dei både gard og hus.

Knut Sjurson selde sidan sin part til Elling Monsson då denna overtok bruket etter far sin. Knut kjøpte seg gard att, det var Rørbakken i Rasdalen.

På Rødland sat Arve Sjurson med garden. Det var hans bror, Mats, som fall i svenskekrigen 1809.

Kristi Rødland som er omtala i huldesoga til Th. S. Haukanæs annan stad i boka, var syster deira. Ho vart gift med Tormod Ellingson Ukvitne. Dei var ei tid busette på Hatlestad som jordlause husfolk, men flytta sidan til Haugland i Haus.

På Kaldestad sat Sjur Henrikson med garden. Sonen Aamund eller Oddmund som dei sa her, vart ikkje gardeigar. Oddmund og kona hans, ho Brita, saman med Halvard Magneson Berge, sette alle livet til då dei fekk snøstøkk på seg i Bergsgjelet i 1809.

Etter dette delte Sjur Kaldestad garden mellom sonen sin, Mons, og to av sønene etter Oddmund og Brita. Dei var då gutungar og heitte Sjur og Peder.

Dei to Sjur'ane (farfar og soneson) kom bort på fjellet på ei ferd dei gjorde til Hardanger vetteren 1816. Gamle-Sjur var bort imot 70 år, den unge var berre 13. Soleis omkom fire av same huslyden i fjellulukker på ein sjuårsbolk.

Peder Oddmundson arva då gardparten etter bror sin. Peder selde sidan garden til Jakob Knutson Bolstad og tok seg arbeidskår. Sistnemnde var stamfar til dei som fram til 1972 sat som brukarar på Kaldestad.

Det er truleg at denne tvisten om ein høystakk som enda i retten, var ei oppskakande hending i ei stille avsides fjellbygd i dei dagar. Det er òg tenkjeleg at det er namnet til Oddmund Kaldestad som etter denne hendinga er knytt til Oddmundsdalen -elva og -vatnet for ettertida.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy