Trefall, Kari Nilsdotter, f. 1893

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search


Bilete Person
Bilete Kari Nilsdotter Trefall
Yksendal
Født / Død
Født dato og år: 1893
Gard og Bruk: Trefall 2
Død dato og år: 1984
Død stad: USA
Foreldre
Far: Ekse, Nils Jonson, f. 1859
Mor: Trefall, Anna Johnsdotter, f. 1868
Ektefelle
Ektefelle: Yksendalen, Rasmus Nilsson, f. 1884
Gift dato og år: 28.juni 1913
Brukar gard/bruk:
Born
Anna
Utvandra til/dato/år: Nord Dakota USA 22.august 1913
Utvandra frå Hosanger via Bergen
Internettside(r): Kari-'s historie

Rasmus Nilsson Yksendalen

Trefall/Ykendal til USA 1913.

Om Kari Nilsdotter f. Trefall

Kari blei født på garden Trefall i Eksingedalen. Hennar framtidige mann, Rasmus Ykesndal, hadde fleire brør som var reiste til Amerika. I 1905 kom ein av brørne, Nils, tilbake til gamlelandet for å samla fleire til å utvandra. Rasmus var ein av dei som drog i 1905. Tilbake i Norge i 1909 er han "skreppe-kar" og møter på denne måten Kari, som steller heime på garden til foreldra på Trefall.

Rasmus og Kari med fyrste barnet Alice i Amerika
Rasmus og Kari med fyrste barnet Alice i Amerika

Dei gifter seg 28. juni 1913, og etter eit kort opphald i Yksendalen, der ho synest "alt er berre oppoverbakke", dreg dei frå Bergen alt 22. august, til Nord Dakota. Fyrst til broren Nils, seinare kjøper dei eigen farm. I 1920 åra lever dei godt, men så kjem 30-åra og depresjonen. Dei må gå frå garden, og havnar etter kvart opp i Spokane i staten Washington der Rasmus arbeidar på eit hotell. Kari dør 91 år gamal i 1984, Rasmus døydde 15 år tidligare, i 1969. Dei var aldri heime i gamlelandet att etter dei drog til Amerika. Dei hadde 3 døtre og 3 søner.





Mogeleg alternativ-namn: Yksendalen, Kari Nilsdotter, f. 1893

Artiklar der Trefall, Kari Nilsdotter, f. 1893 er nemd.

Personlege verktøy