Til Bergsdalen, song av Helena Øye og Martin Bruvik

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 10:53, 24 oktober 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


TIL BERGSDALEN


Dalen er fager som høgsumarkvelden,
fredfull og blidleg, so lun og so fin.
Hjarta mitt brenner av heimkjærleikselden
for denne dalen med heimen min.
Her levde mor og far,
her dyrka dei vår gard.
Og Gud det laga soleis at grøda nok han bar.


Grønkledde skogon som svagar i vinden
bylgjande varleg frå botn til tind.
Solgull som gyller til høgaste tinden,
blomeduft rundt meg og fullt i mitt sinn.
Den glade fuglesong
so mang ein, mang ein gong
tolkar min høgste og innarste trong.


Elvi som strøymer so breid gjennom dalen
stundom kjem still millom øyar og kjerr,
stundom i fossar vert masa og malen,
medan ho brumlar og burar og lær.
I vatni store små
ho ofte kvila må.
Og desse fine vatni dei speglar himlen blå.


Langt opp i lidi der buskapen lever
er det so livfullt ein høgsumarkveld.
Hauking og song utav jenter som sviver
rundt ikring haugar og dalar og fjell.
Og bjøllene som kling
og sauene som spring.
Haren og ikornet dansar i ring.


Fager var dalen om vetren då snøen
fylte kvar hola og jamna kvar lid.
Skibakken nådde frå toppen til bøen
lokka ut guter og jenter på ski.
Men slik som sumarkveld
det var då ikkje lell.
Finast er dalen med grønkledde fjell.


Av Helena Øye og Martin Buvik


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy