Stokke

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald


Gards og ættesoge for Stokke.


Stokke 1956. Midt på biletetden gamle tunstaden med husa åt bnr. 5. Til venstre ligg bnr. 1. Lengst til venstre ved sjøen ligg bnr. 4 Stokkaneset. Lengst til høgre bnr. 3 Naustdalen. Opp ved vegen ligg bnr. 2. I bakgrunnen til høgre ligg Vik bnr. 6 Tveitæ. Foto Widerøe’s Flyveselskap A/S 1956.
Stokke 1956. Midt på biletetden gamle tunstaden med husa åt bnr. 5. Til venstre ligg bnr. 1. Lengst til venstre ved sjøen ligg bnr. 4 Stokkaneset. Lengst til høgre bnr. 3 Naustdalen. Opp ved vegen ligg bnr. 2. I bakgrunnen til høgre ligg Vik bnr. 6 Tveitæ.

Foto Widerøe’s Flyveselskap A/S 1956.


GNR. 147 STOKKE


Innhaldsliste

INNLEIING

Stokke ligg på Osterøy lengst sør på Bruvikstranda. Stokke var den sørlegaste av gardane i den gamle Bruviksokna. Grensa mellom Stokke og grannegarden Vimmelvik var soknegrense mellom Haus og Bruvik kyrkjesokner. Eit nes i den sørlege delen av gardsområdet, Stokkaneset, er eit kjent siglemerke med fyrlykt.

Dei næraste grannegardane på fastlandet er Rødberg og Hana. Mellom det gamle tunet på Stokke og tunet i Rødberg er fråstanden 1,5 km i luftlinje. Fråstanden til Hana er vel 2 km. Dei næraste grannegardane på Osterøy er Vimmelvik og Vik. Fråstanden til Vimmelvik er 1,1 km i luftlinje, men bygdevegen mellom dei to gardane er mykje lengre. I eldre tid var det sjøvegen dei nytta. Ca. 1965 kom det køyreveg mellom gardane. Næraste grannegard mot nord er Vik. Fråstanden mellom tuna er omlag 600 m. Bygdevegen nordover til kyrkjestaden Bruvik var ferdig omlag 1930.

Grensa mot grannegardane vart skriftfest ved ein utskiftningsforretning i mai 1827. Grensa mot Vik tek til ved sjøen ein stad dei kallar Stien. Der er det hogge inn kross i ein stor stein. Frå denne steinen går grensa i nord/nordvest til Utløebrotet, 694 alen frå sjøen. Frå UtIøebrotet går det ei skrålinje 350 alen nordover under fjellet Nipegjela. Derifrå går grensa oppetter Nipegjela til fjellsbrunet i ei fjellklype der det er hogge inn ein kross. Derfrå går grensa til Småtodalshaugen, der det er sett ned merkestein. Her sluttar grensa mellom Vik og Stokke. Deretter kjem ei strekning på 45 alen som er grense mellom Stokke og garden Skjerping i Gjerstad. Denne grensa sluttar ved ein bergnakke, der det er innhogge ein kross. Her tek grensa til mellom Vimmelvik og Stokke. Ho går fyrst 1500 alen i syd/sydvest til ein stad i fjellenden som dei kallar Varden. Deretter går ho til Nedste Furebotnen, der det er sett ned merkestein. Denne merkesteinen står 700 alen frå Varden. Frå Furebotnen går grensa 596 alen i syd/sydvest ned til sjøen ved Kinndalen. Her er det hogge kross. Strandlinja frå Kinndalen i sør til Stien i nord vart rekna til 2180 alen. Samla lengd på denne gardsgrensa som er skildra i utskiftningsforretningen 1827 var 7535 alen.

Stokke ligg i ei bratt, austvend li. Dei høgste punkta i gardsområdet er Stokkhella, 596 m.o.h., og Vindstallane, 600 m.o.h. I ei høgd på 250-300 m.o.h. ligg Stokkurda, ei av dei største urdene i Nord-Europa, med digre steinblokker.

Jordsmonnet på garden er noko myrjord og mykje forvitringsjord av leirglimmerskifer.

Gardsnamnet vart skrive pa Stockom 1502, Stocke 1563 og 1620 Stoche 1667 og 1723. Bygdemålsuttalen er stå'kkå. Namnet kan vera fleirtal dativ av hankjønnsordet stokk. Stadnamngranskaren Magnus Olsen skriv i Norske Gårdnavne at det er uråd å seia noko visst om kva tyding dette namnet kan ha hatt frå fyrst av. Ordet stokk finn ein i stadnamn mange stader i landet. Fleire stader har det vore namn på sund eller elvar. Namnegranskaren Oluf Rygh skriv i innleidinga til Norske Gårdnavne s. 79 at sume av desse namna kan vera avleidde av verbet støkka. I Hordaland er dette verbet ofte brukt om snøras eller steinras. Det synest difor ikkje urimeleg å tru at store steinras kan vera opphavet til gardsnamnet.

Det er uvisst kor gamal denne garden er. Her er ikkje gjort fornfunn som kan fortelja noko om alderen. Stokke synest vera eldre enn grannegarden Vik. Truleg budde det folk på Stokke i dei fyrste hundreåra etter Kr.f., kanskje endå tidlegare. Busetnaden synest å ha vore samanhangande gjennom heile mellomalderen. Det er ikkje noko som tyder på at Stokke vart øydegard etter Svartedauden.

I matrikkelen 1723 heiter det om garden: "Stoche ligger ved Søen, tungvunden og Aarvant, steenigt, ligger 3 3/4 Miil fra Bergen. Sætter 1/2 fierding fra Gaarden. Skoug til Brendeveed. Intet fiskeri. Har ingen andre Næring end af Qvæg."

I herredsbeskrivelsen 1863 heiter det om lægjet og driftstilhøva: "Bequemt ved Søen 3 5/8 Miil til Bergen, 1 Miil til Arne Fabrik. Tungt med Hensyn til Slaatterne, forøvrigt letbrugt. Almindelig godt dyrket. Tangstrand for 1 Spd. netto."

På 1500-talet og fyrste delen av 1600-talet hadde garden 1 brukar. Kring 1630 vart garden delt i 2 jamstore bruk. 1740 vart det eine av desse bruka delt i to jamstore partar. Sjå bnr. 3 og 5. Det andre bruket synest å ha vore delt kring 1790, men den endelege delinga skjedde 1832. Sjå bnr. 1 og 2. Delinga i 4 jamstore bruk varde til 1868. Då vart bnr. 4 skilt frå bnr. 3.

Bnr. 1 vart i daglegtalen kalla Knutane, seinare Raunevollbruket. Bnr. 4 heitte Stokkaneset eller Neset, bnr. 5 Tomassane. Bnr. 2 kalla dei Larsane, seinare Nilsane.

I utskiftningsforretningen 1827 vart det gjort greie for korleis grensene går mellom dei ulike bruka. Bnr. 1 og 2 var då i eitt bruk. Til dette bruket høyrde Husateigen, Stormyrteigen og Åleteigen. Husateigen tok til ved sjøen i Skalkevika, og gjekk opp til bøgjerdet. Stormyrteigen tok til ved sjøen ved Indreskjærsenden, og gjekk opp til bøgjerdet. Åleteigen tok til ved sjøen i Naustdalen, og gjekk opp til Blautmyra. Ein fjerde teig, Blautmyrteigen, tok til ved brua og gjekk opp til bøgjerdet.

Bnr. 3 hadde desse teigane: Havneteigen tok til ved sjøen ved søre havna, og gjekk opp til Tresåkeren, som låg utanfor bøgjerdet. Husateigen gjekk frå sjøen ved den indre Skjærsenden, og i bein linje langs ein rennande bekk til husa åt bnr. 3. Botneteigen tok til ved sjøvegen ved ein stad dei kalla Brattegota og gjekk etter nedsette merkesteinar til den vanlege vegen nord for husa opp til Blautmyra. Kvernhusteigen tok til ved elva i Naustdalen og gjekk etter nedsette merkesteinar opp til Lebakkhaugen.

Bnr. 5 hadde desse teigane: Havneteigen tok til ved sjøen ved havna og gjekk i bein linje opp til Løhaugen, derfrå til Tresåkeren. Husateigen tok til ved sjøen frå midten av skjeret som ligg ved Stokkelandet og gjekk opp til husa i ei bein linje. Stormyrteigen tok til ved sjøen ved Vesleskjæret og gjekk etter nedsette merkesteinar til den vanlege vegen nord for husa, og derfrå opp til Blautmyra. Naustdalsteigen tok til ved sjøen ved enden av elva i Naustdalen, og gjekk etter nedsette merkesteinar opp til den vanlege vegen. Bnr. 5 hadde også ein liten teig, 5 alen lang og 30 alen breid, som grensa mot bnr. 3 i sør og mot 1 og 2 i nord.

1853 vart det tinglyst ein grensegangsforretning mellom Stokke, Rivenes og Skjerping.

Oppdelinga av garden i 1/4, 1/4, 1/4, 1/8 og 1/8 varde frå 1868 til 1919. Då vart mesteparten av bnr. 3 skilt ut som eige bruk. Sjå bnr. 6. 1925 til 1974 vart det fråskilt ein del husgrunner og hyttetomter. Sjå bnr. 7-20.

1909 vart det halde offentleg utskifting på innmarka. Bnr. 4 fekk innmarka si lengst sør, frå Stokkaneset nordover mot Leitet. Deretter kjem innmarksteigane åt bnr. 1, 5, 2 og 3. Bnr. 6, som var utskilt frå bnr. 3, har den nordlegaste delen av innmarksområdet, Vikaneset og Heiæ.

Det gamle tunet låg omlag midtveges mellom nordgrensa og sørgrensa åt garden. Husa åt bnr. 5 ligg framleis på denne tunstaden. Før budde alle brukarane her. Nils Stokke bnr. 1 f. 1877 fortalde 1956 om det gamle tunet:

"Husa stod i tette rekkjer, så nær kvarandre med gavlveggane at det knapt var plass til å gå imellom. Tunet låg heilt oppunder bøgarden. Dei fleste løene låg i den nedre delen av tunet. Der var det ei høgd som dei kalla Borgjæ. Under Borgjæ stod det 3 løer i ei rekkje. Nokre løer låg oppom bøgarden i utmarka. Alle løene var grindabygde, kledde med brake og tekte med gråsteinsheller og panner. Takhellene henta dei i si eiga utmark. Eitt av hellebrota var i Revaberget. Det låg tett oppom dei øvste løene. Mellom dei nedste løene og bøgarden var det ei geil som dei brukte når dei hadde beista oppom bøgarden."

Bnr. 3 og 4 var eitt bruk til 1868. Den fyrste tida etter delinga hadde dei løe og flor i lag. Dei hadde også naust og kvernhus i lag. Desse bruka var dei fyrste som flytte ut or tunet. Det skjedde truleg i 1870-åra. Bnr. 4 flytte til Stokkaneset, bnr. 3 flytte nord til Naustdalen. 1880 flytte bnr. 1 ut av gamletunet. Dei flytte litt lenger ned og sør på innmarka.

Innmarka har vore utvida fleire gonger sørover mot Stokkaneset. Alle bruka hadde teigar på desse nydyrkingsfelta. Det som fyrst var dyrka kalla dei Inngjerdet. Like sør for Inngjerdet ligg eit nes dei kalla Udgjerdsneset. I byrjinga av 1880-åra flytte dei bøgarden endå ein gong. Då dyrka dei sørover mot fyrlykta på Stokkaneset.

Om skogen heiter det 1863: "Blot til Brænde og sparsom Huseveed." Utmarka åt garden fell i 2 deler, Heimehagen og Fjellhagen. Heimehagen ligg innanfor det området som er skildra i grensegangsforretningen frå 1827. Sjå ofr. Fjellhagen ligg lenger inne på øya. Her er det sambeite mellom Vik og Stokke. Det har funnest eit gamalt skinnbrev om eigedomstilhøva i fjellet, men dette brevet er visstnok bortkome. 1853 vart det tinglyst merkeskilsbrev mellom Stokke, Rivenes og Skjerping. Dette gjeld truleg grenser for fjellhagen. 1873 vart det tinglyst forlik mellom eigarane på Stokke, Vik, Skaftå og Hekland og Ytre-Bruvik om ikkje å ta framande krøter til hamnegang. I fjellet grensar Stokke også til Vimmelvik, Litun, Teigland og Skjerping.

Om beitet finn ein dette i Herredsbeskrivelsen 1863: "Deels ved Gaarden og deels særskildt og tilfjelds, endeel farefuld, men omtrent tilstrækkelig."

Stokke har aldri hatt seter eller uteflorar, så vidt folk kjenner til. Var det ruskever når kyrne gjekk i heimehagen, hende det at dei batt dei inn i florane heime i tunet. Elles mjølka dei ute, både når kyrne gjekk i heimehagen og når dei gjekk i fjellhagen.

Unnahagen kallar dei eit område i nordste delen av garden ved grensa mot Vik. Det var gamal beistehage, men den har ikkje vore brukt til beite så lenge folk minnest. Det var utslåtter i Ynnahagen. Men mesteparten av dei gamle utslåttene var sørover mot Stokkaneset. Då området her vart innteke og dyrka, minka det med utslåtter. Ein del slåtter låg i fjellet ovanfor garden. Desse slåttene var bratte og vonde å koma til. Det vert fortalt om ein av dei gamle brukarane på bnr. 2, Lars Knutsson f. 1835, at han overnatta i marka når han slo eit retteleg bratt slåtterenne. Eit år gjekk kona opp til han med olsokgrauten. Ho meinte at den skulle han ha same om han ikkje kunne koma heim. Han hadde funne seg ei hole med noko skog omkring, og han hadde tog på seg medan han sov. Når kona var med i desse slåttene hadde ho stølabyttet med seg for å sleppa å gå heimatt før ho gjekk innover fjella til beista. I 1860-åra henta dei omlag 380 våger høy i slåttene. Dette var før Stokkaneset var oppdyrka. Høymengda på bøen (eller den totale høymengda) var 2180 våger.

Det var brukt noko tang til for i eldre tid, men det attåtforet som dei hadde mest av, og som vart brukt lengst, var lauv og skav. Skavet tilsvara 40 våger høy i 1860-åra. Lauvet var helst askelauv som dei plukka av stuven og hadde i eit særskilt lauvstål eller opp på skukkane i løa. Bork av ask og raun skov dei om vinteren. Bork av selje og alm tok dei helst om våren, når desse treslaga loste borken. Då kunne dei flekkja borken av i lange remser og skjera det smått til det var høveleg til krøterfor.

Byteslått er kjent frå ein teig lengst nord ved grensa mot Vik, Tveitastykket. Bnr. 1 og 2 slo teigen det eine året, og bnr. 3 og 4 slo teigen det andre året.

Dei gamle naustgrunnane var i Naustdalen i den nordre delen av innmarksområdet, der bnr. 6 no ligg. Der er også naustgrunnar nedanfor det gamle tunet. Her har bnr. 2 og 5 naustrett på bnr. 1.

Matrikkelen 1723 gjev den eldste opplysninga om kvernane: Her var det 2 flaumkvernar, 1 til kvart av dei 2 bruka. Kvernhusa låg ved Stokkelva. Her var 4 kvernhus. Bnr. 1, 2 og 5 hadde kvar sitt. Bnr. 3 og 4 hadde kvernhus i lag. Kvernhusa var i bruk til omlag 1912. Seinare rodde dei over fjorden til Risnes-sida når kornet skulle malast. Kvernhusa kom til nedfalls då dei ikkje var i bruk lenger. I 1950-åra var det berre grunnane som stod att.

Det har ikkje vore husmannsplassar på Stokke som nokon kjenner til.

Stokke, Vimmelvik og Vik var saman i ei gravarote. Dugnadskrinsen var Vik, Stokke og visstnok Skaftå. Det var helst når hus skulle tekkjast eller flyttast at dei gjorde dugnadsarbeid. Bytesarbeid var også brukt. Eitt av bruka gjorde bytesarbeid med eit bruk inne på Skaftå. Det var slektskap mellom huslydane på desse to bruka, og dette gjorde sikkert mykje til at det var samarbeid.

Sidan siste århundreskiftet har dei fleste bruka på Stokke vore kombinasjonsbruk. Den viktigaste arbeisplassen for attåtarbeid var gruvene på Skaftå. På bnr. 6 har dei drive båtbyggjeri sidan 1920-åra.

1879 hende ei syrgjeleg ulukke på Stokke. Olav Tomasson Stokke var ute på slåttarbeid saman med bror sin. Olav og kona hans hadde med seg sonen Tomas, knapt 3 1/2 år gamal. Før dei tok til med slåtten, sette dei guten frå seg på ein trygg stad. Då dei kom for å sjå om barnet, fann dei det ikkje. Dei tok straks til å leita omkring utan å finna noko anna enn ein barnesko. Ei tid etter var ein mann ute og leita etter revebøle i Stokkurda. Der fann han rester etter det bortkomne barnet. Restane vart tekne heim og lagde i vigd jord. Folk på Stokke hadde sett ei ørn som flaug over den staden der dei fann restane av barnet. Ingen hadde sett ørna ta barnet, men alle tyktest vera visse om at barnet hadde vorte teke av ørna og ført bort. Olav Tomasson Stokke flytte seinare til Ytre Arna og busette seg der. Me finn han og huslyden på s. 55 i Ytre Arna. Kona Anna var sdotter åt Olav Gudmundsson Grautå, sjå Grøtå bnr. 3.


SKYLD, SKATT, FØDNAD, AVLING OG FOLKETAL

Gamalt matr.nr. 74 i Mjelde skipreide. 1838 nytt matr.nr. 76 i Mjelde skipreide. 1853 nytt matr.nr. 108 i Mjelde skipreide. 1886 gnr. 1 i Bruvik Herad. 1965 gnr. 147 i Osterøy Kommune. Landskyld 1626 1 laup, 3 merker smør. 1644: 1 1/2 laup, 1 spann smør. 1647: 1 laup smør, 1 får, 1 mele malt. Den siste landskyldtaksten ser ut til å ha vore fast frå 1647 til 1838.

Matrikkeltakst 1665: 1 laup, 1 pund, 9 merker smør. Ut frå denne taksten vart skatteskylda rekna fram til 1838. 1838 ny skyld 5 dl. 2 ort. 1886: 8,68 skm.

Leidang 1567 6 merker smør, 1 geiteskinn, 1 kalvskinn. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd og vedpengar 5 mark, 9 sk. Småtiend 11 sk. 2 hvid. Kandtiend 1 tunne (?).

Fødnad 1657: 1 hest, 10 kyr, 1 kvige, 11 geiter, 11 sauer. 1665: 1 hest 23 storfe. 1723: 18 kyr, 4 ungfe, 24 småfe. 1863: 32 storfe, 74 småfe. Dei siste tala er fra Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 finn me desse tala: 36 storfe, 90 småfe, 2 griser.

Sånad 1665: 4 tunner, avling 10 tunner. 1723: Sånad 4 tunner korn, avling 14 tunner. 1863: Sånad 11 tunner havre, 10 tunner poteter. Avling 54 tunner havre, 60 tunner poteter. 2180 våger høy, 378 våger halm. Skav tilsvara 40 våger høy. Frå slåttene fekk dei 380 våger høy. 1863 var det på garden vel 19 mål åker, 9 mål var god åker, 5 mål var middels god, vel 5 mål var ring åker. Engvidda var 91 1/3 mål. 32 mål var god eng, 15 1/3 mål var middels god, 44 mål var ring eng, eller god skrapbø. Garden hadde ei tangstrand som gav 4 spd. netto inntekt for året. Dei kunne ikkje selja ved eller tømmer, men på det eine bruket selde dei noko høy.

Sånad 1865: 11 tunner havre, 12 tunner poteter. 1875: Sånad 12 tunner havre, 10 tunner grønfor, 12 tunner poteter.

Fødnad 1875: 1 okse, 26 kyr, 7 ungfe, 87 småfe.

Fødnad 1608:5 kyr, 1 kvige, 6 geiter, 2 sauer.

Folketal 1801: 20. 1865: 33. 1875: 38.


EIGARAR

Domkyrkja i Bergen er oppførd som eigar på 1600-talet. Domkyrkja har truleg vorte eigar av garden i mellomalderen. Den residerande kapellanen ved Domkyrkja skulle ha leigeinntektene av garden som ein del av løna si.

Stokke var det ein kalla beneficert gods. Det vil seia jordeigedom som ligg til eit embete, og som embetsmannen sjølv brukte eller hadde leige inntekter av. Uttrykket beneficert gods blir særlig bruka om gods som dei geistlege hadde inntekter av. Dette vart også kalla prestebordsgods.

Ved reformasjonen var vel 10 % av all jordeeigedom i landet prestebordsgods. Prosenten heldt seg så godt som uendra til etter 1800. 1821 og 1827 kom det lover om sal av det beneficerte godset. Hovudregelen i lova av 1821 var at leiglendingsbruka heretter skulle seljast ved auksjon så snart dei vart bygselledige. Til vederlag for landskyld og andre jordeigarretter skulle den geistlege ha ei årleg jordavgift avgarden. Salssummen skulle gå til Opplysningsvesenets Fond.

Brukarane på Stokke fekk kongeskøyte på bruka sine 1832. Her fylgjer teksten på kongeskøytet åt brukaren på bnr. 1. Bnr. 1 svara den tid til halve garden.

"Vi Carl Johan, af Guds Naade Konge til Sverige og Norge, de Gothers og Venders: Gjøre vitterligt:

At eftersom Leilænding Knud Knudsen, i Medhold af Lovene om det beneficerede Gods af 20de August 1821 og 4de August 1827, for den Bergens Domkirkes residerende Capellanie beneficerede Gaard STOKKE, Matr. No. 74, i Hougs Præstegjeld, Nordhordlehns og Voss Fogderie, Bergens Stift, af Skyld 1/2 Løb Smør, 1/8 Tønde Malt, 1/2 Faar, underhaanden har budet den Summa 500 Spdlr., skriver Fem Hundrede Specidaler, og dette Bud naadigst er approberet, saa meddeles ham, hans Hustrue og Arvinger, i Henhold til de Conditioner, som have været ham forelagte og af ham ere antagne, herved lovligt Eiendoms-Skjøde paa bemeldte Gaard Stokke, af hvilken for bestandig og uden nogensomhelst Forandring, hvad enten dens Skyld ved en ny Matriculering i Riget forøges eller formindskes, bliver at udrede, overeensstemmende med forbemeldte Love i aarlig Jordafgift 1 (een) Tønde og 5 (fem) Skjæpper Byg, hvilket Byg beregnes i Penge for hvert Aar efter Middeltallet af de sidste 10 Aars Capitulstaxter for Bergens Stift. Denne Afgift hæfter stedse paa Gaarden i hvis Eiendom eller Besiddelse den end maatte komme, og erlægges aarligen til Bergens Domkirkes residerende Capellanie.

Dette Skjøde, der formedelst Omstændighederne er, i Overeensstemmelse med naadigst Resolution af 2den August 1822, som dispensere i dette Tilfælde fra Bestemmelsen i Forordningen af 25de Mai 1804 § 18, udstedt paa ustemplet Papir, maa ikke antages til Thinglæsning, forinden det er bleven bilagt med et behørigt Stykke stemplet Papir efter Kjøbesummens Størrelse, hvilket under vedkommende RettensBetjents Segl vedhæftes og forsynes med dennes Paategning om, til hvilket Skjøde Papiret er forbrugt: heller ikke maa det thinglæses førend Kjøberen enten fremlægger Qvittering for at have betalt Kjøbesummen, eller hans for Kjøbesummen udstedte Panteobligation fremkommer til Thinglæsning.

Givet i Christiania den 17de Februar 1832.
Under Rigets Segl.

Efter Hans Majestæt Kongens naadigste Befaling.

Jonas Collett. Diriks. J. Fasting. N. S. Krog. ............ Sibbern.

++________________


L........... Platen


Kjøbesummen 500 skriver Fem Hundrede Speciedaler, ere mig betalte. Mjelde 13. Martii 1832. Berg.


Berg

..........Foged.


Underdanigst læst inden Retten ved Sommerthinget for Mjelde Skibrede paa Thingstædet Mjelde den 22de Mai 1832, i Justits-Protocollen extraheret og i Pantebogen fol. 73 ordlydende indført: hvorfor betalt 1 Spd. 1 Ort (siger een Speciedaler een Ort) testerer Stang.

.........

Dette Stykke stemplede Papiir henhører til medhæftede af den Kongelige Norske Regjering til Knud Knudssøn under 17de Februar dette Aar udstædte Skjøde paa en Anpart af Gaarden Stokke, matr. No. 74 i Mjelde Skibrede, af Landskyld 1/2 Løb Smør, 1/8 Tønde Malt og 1/2 Faar, Bergens Domkirkes residerende Capellanie beneficeret, for Kjøbesumma 500 Spd. - testerer


Thingstædet Mjelde den 22de Mai 1832. Stang. --


Extraheret i Fogderiets Selvejer-Mandtall den 13. Martii 1832, hvorfor betalt 2 ort er to Ort. .....

Berg

constit. Foged.


Jordavgifta vart overførd frå Domkyrkja til Hillestad soknekall. Soknekallet hadde denne jordavgifta som ei årleg inntekt.

Etter 1848 var det høve til å løysa inn den årlege jordavgifta med ein eingongssum. Dette nytta også brukarane på Stokke seg av. Brukaren på bnr. 2 løyste inn jordavgifta etter 1900 med kr. 400. Dette tilsvara 20 gonger den årlege avgifta, som då var 20 kr. året.


BRUKARAR FØR 1832

Den fyrste kjende brukaren heitte Mons eller Mogens. Han er nemnd i eit manntal 1519, og i ei liste over tiendpengeskatt 1522. 1563 finn me brukaren Johannes.


Biønne på Stocke er nemnd i 2 lister 1563. Fyrst i ei liste over landskylda åt jordeigande bønder, deretter i ei liste over skatten åt lauskarar og husmenn. Det er rimeleg å tolka dette slik at Biønne eller Bjørn budde til leige på Stokke, men at han åtte jord ein annan stad.


Johannes var åleine brukar på garden på slutten av 1500-talet. 1590-91 heiter det i leidangslista at han er fri for leidang av di han var "ledingsstuffue".


Knut Olsson var åleine brukar i byrjinga av 1600-talet. Han er nemnd i landskattelista 1603 og 1611 mellom leiglendingar som svarar 1 dl. i skatt. I futerekneskapane 1608 er det oppgjeve at han hadde ein fødnad på 5 kyr, 1 kvige, 6 geiter og 2 sauer.


1620 var det 2 brukarar på garden, Knut og Fabian. Ein husmann, Olav, er nemnd i landskattelista 1611.


1630-31 er Fabian og Johannes brukarar på Stokke. Fabian betalar full skatt. Johannes berre halv skatt.


Olav Stokke er oppført mellom dei 14 husmennene i Mjelde skipreide som var så forarma at dei ikkje kunne betala skatt 1630-31.


Delinga av garden i 2 bruk ser ut til å ha gått føre seg kring 1620. Brukaren Fabian kom då inn ved sida av Knut Olsson, som hadde vore åleine brukar frå byrjinga av 1600-talet. Fabian er nemnd siste gongen 1631.
Frå slutten av 1630-åra heiter dei 2 brukarane Johannes Knutsson og Olav Knutsson. Båe var truleg sønene åt Knut Olsson, som hadde vore åleine brukar her ved byrjinga av 1600-talet, då Johannes og Olav var fødde.


Johannes Knutsson f. 1601 var brukar på den helvta av garden som no er bnr. 1 og bnr. 2. Johannes er nemnd fyrste gong som brukar 1630, siste gong 1666. I husdyrmanntalet 1657 er fødnaden på bruket hans 5 kyr, 1 kvige, 1 okse, 5 geiter og 9 sauer.

Johannes og kona Kari hadde desse borna:

  1. Olav 1647-,
  2. Edvard 1659-,
  3. Johannes 1663-,


1694 var Anders Johannesson brukar på det bruket som Johannes Knutsson hadde hatt før. 1734 var Anders kyrkjeverje i Bruvik sokn. Anders Johannesson 1655-1748 var g.m. Marta Monsdtr. 1658-1748. Det vart halde skifte etter dei 6. mai 1748. Nettoen i buet var 8 rdl. 3 mark 1 sk. Dotterdottera Marta Nilsdtr. Midt-Mjelde f. 1722 er oppførd som einearving. Dette synest merkeleg. Der var fleire etterkomarar etter dei.

Born:

  1. Marta 1682-, g. 1702 m. Nils Larsson Hundhamar, sjå Haus s. 239,
  2. Kari 1686-1744, g.m. Nils Fabiansson Midt-Mjelde, sjå Haus s.65,
  3. Gjertrud 1698-, g.m. Knut Nilsson Havrå, brukar her, sjå nfr.


1730 bygsla Knut Nilsson Havrå 1/4 av garden. Knut Nilsson 1698-1762 var g.1 .g. 1728 m. Gjertrud Andersdtr.Stokke 1698-1740. Gjertrud var dotter åt den førre brukaren. Ho og mannen fekk bygsla halvparten av farsgarden hennar. 1742 fekk Knut bygsla den andre helvta av garden som verfaren hadde hatt. 1733 fekk Knut skøyte på ein part i Havrå i Haus. Gerdt Gelmeyden hadde gjeve skøyte på denne parten 1732 til Henrik Olsson Hekland. Henrik selde parten vidare til Knut. Knut vart likevel verande som leiglending på Stokke. Han bygsla bort parten som han åtte på Havrå.. Sjå Haus s. 263.

Born:

  1. Nils f. og d. 1728,
  2. Marta 1729-1750,
  3. Anders f. og d. 1730,
  4. Anders f. og d. 1732.

Knut g.2.g. 1740 m. Magdeli Larsdtr. Reigstad 1721-1820, Hamre.

Born:

  1. Nils f. og d. 1744,
  2. Marta f. 1748 d. før 1762,
  3. Marta 1751-, g. 1774 m. Anders Albrigtsson Kvamme. Sjå Arna s. 551,
  4. Gjertrud 1751-, g. 1773 m. Sjur Johannesson Litun, b. på Revheim. Sjå Gjerstad s. 61.
  5. Guri 1755-, g. 1780 m. Olav Monsson Hundhamar. Sjå Haus s. 240,
  6. Anders 1758-, sjå leigebuarar nfr.
  7. Knut 1762-, brukar her, sjå nfr.

I skiftet 1762 etter Knut Nilsson var bruttosummen i buet 232 rdl. 5 mark og 8 sk. Til frådrag kom 15 rdl. Nettoen var 217 rdl. 5 mark 8 sk. Jordegodset i Havrå, knapt 8 merker smør, vart verdsett til 13 rdl. og delt likt mellom sønene Anders og Knut. Sylvet i buet var verdsett til 37 rdl. 5 mark, koparen til 34 rdl. 3 mark, og krøtera til 47 rdl. 2 mark 8 sk. Enkja Magdeli ervde helvta. Arveluten åt sønene var vel 31 rdl. Arvelutene åt døtrene 15 1/2 rdl.


1763 bygsla Magne Mikkelson Vik den helvta av garden som Knut Nilsson hadde vore brukar på. Magne 1735-1795 g. 1763 m. enkja etter Knut Nilsson, Magdeli Larsdtr. Stokke 1721-1820. Magne og Magdeli hadde ikkje born. Ved skiftet etter Magne 1795 var bruttosummen i buet 522 rdl. 5 mark 15 sk. Nettosummen var 457 rdl. 1 mark 2 sk. Lausøyret var verdsett til vel 227 rdl. Inngjeld som kom buet til gode var 122 rdl. 5 mark 1 sk. og der var i reide pengar 55 rdl. 2 mark 8 sk. Magne og Magdeli må såleis ha vore særs velståande. Magdeli fekk utlagt halve bruket. Den andre helvta vart delt mellom bror åt Magne, Mons Mikkelson Vik, og dei 5 borna etter ein annan avdød bror, Olav Mikkelson Vik.


1791 bygsla Knut Knutsson 1/4 av garden, det vil seia halvdelen av den jorda som faren hadde hatt. Knut fekk no overlate helvta av bruket frå mora Magdeli Larsdtr. og stykfaren Magne Mikkelsson. Dei fekk tinglyst kårbrev 1791.
1796, då Magne var død, fekk Knut Knutsson bygsla halve garden. Mora Magdeli fekk tinglyst kår.


1832 fekk Knut Knutsson kongeskøyte for 500 spd. Sjå ofr. under eigarar.
Knut Knutsson hadde ved skiftet etter faren 1763 ervt ein part i garden Havrå på 7 7/8 merker smør. 1784 er han registrert som eigar av 15 3/4 merker smør i Havrå. Han må da ha fått kjøpa det som broren Anders hadde fått utlagt i skiftet etter faren. Knut selde parten i Havrå 1788 til Anders Larsson Haukeland, g.m. enkja Marta Andersdtr. Havrå. Sjå Haus s. 265. Ved skiftet etter Anders Larsson fekk Knut utlagt ein part i Havrå, men denne selde han året etter til enkja Marta. Jorda på Stokke delte Knut mellom sønene Knut og Nils 1832, same året som han hadde fått skøyte. Knut og kona Sigrid tok då kår. I skiftet etter Sigrid 1835 var bruttoen i buet vel 46 spd. Nettoen 5 spd. 2 mark 22 sk. I skiftet etter Knut 1837 var nettoen 5 spd. 3 mark 8 sk.

Born:

  1. Magne 1794-, brukar på Ytre-Bruvik bnr. 1,
  2. Brita 1795-, d. før 1835,
  3. Magdeli f. og d. 1798,
  4. Knut 1799-, sjå bnr. 1,
  5. Nils 1803-, sjå bnr. 2,
  6. Magdeli 1811-, g.m. Anders J. Skaftå, b. Indre-Bruvik bnr.1.

På den andre helvta av garden var Olav Knutsson og kona Ågot leiglendingar 1645. Berre eitt av borna er kjent: Knut f. 1625, brukar her, sjå nfr.


1657 var Knut Olsson brukar på den helvta som faren hadde hatt. På bruket fødde han 5 kyr, 1 kvige, 6 geiter, 2 sauer. Knut er nemnd som brukar 1666, og var truleg brukar til kring 1680.

Born:

  1. Lars 1655-, brukar her, sjå nfr.,
  2. Nils 1657-,
  3. Olav 1663-,


1694 var Lars Knutsson brukar på den helvta av garden som faren og farfaren hadde hatt. Lars Knutsson 1655-1732 var g.m. Magdeli Askjelsdtr. 1655-1725.

Born:

  1. Nils 1685-,
  2. Askjel 1696-,

Ættegranskaren Nils J. Langhelle fører også opp ein annan huslyd som budde på Stokke kring 1700. Mannen var Lars Olsson Stokke. Kona Magdeli døydde 1725,69 år gamal.

Fylgjande born er oppførde:

  1. Nils g. 1715 m. Brita Olsdtr. Nordre Veset.
  2. Dordi 1689-1724, g.m. Olav Simonsson Dale, Sjå Fossmark bnr. 1.
  3. Synneva 1688-, g.m. Tomas Olsson Sandvik, sjå Sandvik, Brukarar før 1808.
  4. Marta 1692-, g.m. Anders Simonsson Dale, brukar her, sjå nfr.
  5. Brita g.m. Lars Johannesson Veo, b. Rødberg, sjå Rødberg, Brukara før 1745.
  6. Sigrid g.m. Anders Veo.
  7. Olav.

Olav hadde ei dotter, Marta. Alle hennar born var busette utanfor Bruvik. Denne huslyden er kjend frå skiftet i Sandvik 1830.


1727 bygsla Anders Simonsson Dale halve garden. Anders Simonsson 1696-1765 var g. 1727 m. Marta Larsdtr. Stokke 1692-1764:

Born:

  1. Simon f. og d. 1728,
  2. Magdeli 1729-1742,
  3. Lars f. og d. 1731,
  4. Simon 1733-, brukar her, sjå nfr.


1744 bygsla Besse Tørresson Skreiæ 1/4 av Stokke. Kring 1750 flytte han heimatt til Skreiæ og vart brukar der. Huslydopplysningar: Sjå Skreiæ, brukarar før 1774.


1750 bygsla Johannes Johannesson Stamnes den 1/4 av garden som seinare vart bnr.5. Johannes 1713-1777 var g. 1748 m. Anna Johannesdtr. Stanghelle bnr. 3 1717-1789. Sjå Stanghelle bnr. 3. og Stamnes brukarar før 1750.

Born:

  1. Gjertrud f. 1750 d. før 1772,
  2. Dorthea 1759-, g.m. Johannes Monsson Lohne. Sjå leigebuarar.

Det vart halde skifte etter Johannes Johannesson 1777. Bruttosummen i buet var vel 118 rdl. Nettoen var vel 107 rdl. Arven vart delt likt mellom enkja og dottera Dortea. Mellom lausøyret i buet var det eit sylvstaup verdsett til 3 rdl. 3 mark, og eitt sylvbelte verdsett til 10 rdl.


1761 bygsla Simon Andersson Stokke bruket som faren hadde hatt. Det var det bruket som seinare fekk bnr. 3. Simon var lagrettemann 1771. Simon Andersson 1733-1786 var g. 1762 m. Anna Fabiansdtr. Vatle 1727-1798. Sjå Haus s. 141. I skiftet etter Simon 1787 var bruttosummen i buet 51 rdl 5 mark 2 sk. Nettosummen 24 rdl. 4 mark 4 sk. Enkja ervde halvparten. Den andre helvta vart delt mellom døtrene Magdeli og Kari.

Born:

  1. Fabian f. og d. 1763,
  2. Magdeli 1764-, b. Havrå, g.m. Johannes Olsson Hana. Sjå Haus s. 266,
  3. Kari 1766-, g.m. Baste Olsson Løtveit, brukar på Stokke bnr. 3. Sjå nfr.


1777 bygsla Johannes Johannesson 1/4 av garden. Det var truleg den parten som svarar til bnr. 5. Brukaren her, Johannes Johannesson Stamnes døydde 1777. Endå om det kunne synast rimeleg at den nye leiglendingen var son åt den gamle, ser det ikkje ut til å vera slik. Ved skiftet etter brukaren Johannes Johannesson var det ingen son mellom ervingane. Det ser ut til at den nye leiglendingen berre har budd på garden ei stutt tid. Sjå neste bygselsetel.


1780 bygsla Thomas Knutsson Ytre-Boge 1/4 av garden. Det var den parten som svarar til bnr. 5 Tomas Knutsson 1748-1823 var g.m. Brita Knutsdtr. Rødberg 1755- 1829.

Born:

  1. Anna 1776-, g.m. Olav Johannesson Hekland, sjå Hekland bnr. 1
  2. Brita 1781-, g.m. Johannes Andersson Skaftå, sjå Skaftå bnr. 1,
  3. Knut f. og d. 1788,
  4. Knut 1792-, sjå bnr. 5.

BRUKARAR

Stokke 1956. Bnr. 1 til venstre og bnr. 5 til høgre. Foto Widerøe’s Flyveselskap A/S 1956.
Stokke 1956. Bnr. 1 til venstre og bnr. 5 til høgre.

Foto Widerøe’s Flyveselskap A/S 1956.


BNR. 1

Daglegnamn: Knutane, seinare Raunevollen.

Gamalt løpenr. 216 i Mjelde Skipreide. Seinare 216 a. 1853 nytt løpenr. 425. Gamal landskyld 18 merker smør, 3 kanner malt og 1/4 får. Skatteskyld 26 1/4 mark smør. 1838: 1 dl. 1 ort 18 sk. 1886: 2,17 skm. 1956: 2,14 skm.

1863 var åkervidda 4 2/5 mål. 11/2 mål var god åker, 1 1/2 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 21 mål. 7 1/3 mål var særs god eng, 3 2/3 mål var middels god eng, 10 mil var god skrapmark.

Sånad: 2 1/2 tunne havre, 2 tunner poteter. Avling 12 tunner havre, 12 tunner poteter, 560 våger høy, 84 våger halm, skav som svara til 10 våger høy. I slåttene hausta dei 90 våger høy. Verdet av tangstranda som høyrde til bruket vart sett til 1 spd. netto for året.

Fødnad: 8 storfe, 22 sauer. "Godt fødet og Foderutkomme" heiter det i Herredsbeskrivelsen, som desse opplysningane er henta frå. Matrikkuleringskommisjonen, som henta inn desse opplysningane, fann ikkje noko udyrka jord som var skikka til oppdyrking.

I folketeljinga 1865 finn me desse opplysningane: Fødnad 8 storfe, 22 småfe, sånad 3 tunner havre, 3 tunner poteter.


1832 skøyte til Knut Knutsson for 200 spd. og kår til foreldra Knut Knutsson og Sigrid Nilsdtr. Sjå ofr.

Knut Knutsson 1799-1885 var g. 1817 m. Anna Tørresdtr. Ytre-Bruvik bnr. 1 f. 1799.

Born:

  1. Knut 1819-1820,
  2. Knut 1822-, brukar her,
  3. Tørres 1825-, brukar på Loftås, sjå Gjerstad s. 5,
  4. Nils 1828-, sjå Vik bnr. 1,
  5. Anders 1830-, b. Hausvik, g.m. Madli Jakobsdtr. Vik bnr. 5, Sjå Haus s. 188,
  6. Sigrid 1833-, g.m. Halstein Jakobsson Vik, b. Nedste Mjelde. Sjå Haus s. 96.
  7. Johannes 1837-, gardbrukar på Skulstad, g.m. Kristina Jakobsdtr. Vik. Sjå Haus s. 291,
  8. Magdeli 1840-,
  9. Anders 1841-, brukar her,
  10. Tomas 1843-1845.


1855 skøyte til Knut Knutsson for 250 spd. og kår til foreldra.

Knut Knutsson f. 1822 var g.m. Katrina Monsdtr. Herfindal bnr. 5 1820-1881. 1885 gjorde Knut skriftleg avtale med broren Anders om at han skulle overta bruket. I kontrakta er det teke inn at døtrene Marta og Anna fråskreiv seg odelsretten sin. Den eldste fekk ei godtgjerdsle for dette på 250 kr.

Born:

  1. Marta 1853-, g. 1885 m. Anders Tørresson Loftås. Sjå Gjerstad s. 6.
  2. Anna 1860-.


1885 skøyte til Anders Knutsson frå broren Knut for 2000 kr. og kår verdsett til kr. 400 i 5 år.

Anders Knutsson 1841-1889 var g.m. Anna Johannesdtr. Indre-Bruvik bnr. 1 1837-1935. Dei hadde budd på Raunevollen, Nedste Mjelde, før dei kom hit. Namnet Raunevollen vart seinare knytt til bnr. 1 på Stokke. Sjå Haus s. 97.

Born:

  1. Katrina 1867 - 1958, g. m. Anders J. Bruvik, sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 2.
  2. Anna 1869-1957, g.m. Johannes Thomasson Stokke, sjå bnr. 5, festenr. 1.
  3. Margreta 1872-1956, g.m. Olai Thomasson Stokke, b. Trengereiddal. Sjå Haus s. 306.
  4. Johannes 1874-1947, brukar her, sjå nfr.
  5. Magdeli 1879-1954, b. Yre-Arna, g.m. lagerformann Martin Andreasson Litle-Bergen. Sjå Ytre Arna s. 119.
  6. Josefina 1882 -, ug., butikkdame, sjå bnr. 5, festenr. 1.


1907 skøyte til Johannes Andersson 1874-1947, g.m. Marta 1875-, dtr. åt Johannes Andersson Skaftun og kona Ingebjørg Thomasdtr. Rødberg, b. på Øvste Mjelde. Sjå Haus s. 52. Johannes og Marta Stokke hadde ikkje born, berre forsterborn.


1948 skøyte til Nils J. Borge, son åt Berta og Johan Borge. Sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 11 og Gjerstad s. 85.

Nils Borge 1915-1976 var g.m. Ågot 19**-, dtr. åt Odd Høylund Olsen og kona Borghild Jakobsdtr. Skaftun. Sjå bnr. 4.

Born:

  1. Kjell 19**-, sjå nfr.
  2. Grete 19**-, g.m. Erling Gjerstad. Sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 11.


1974 skøyte til Kjell Nilsson Borge f. 19**, sjå ofr., platemontør, g.m. Kjellfrid Anny 19**-, dtr. åt Ottar Hilleskår, Sogndal, og kona Aslaug f. Sandvik.

Born:

  1. John 19**-,
  2. Geir 19**-.


BNR. 2

Daglegnamn: Larsane, seinare Nilsane.

Gamalt løpenr. 216 b. 1853: Nytt løpenr. 426. Gamal landskyld 18 merker 3 kanner malt, 1/4 får. Skatteskyld 1/4 mork smør. 1838: Ny skyld 1 dl. 1 ort 18 sk. 1886: 2,17 skm. 1956: 2,15 skm.

1863 var åkervidda på bruket 4 2/5 mål. 1 1/2 mål var god åker, 1 1/2 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 21 mål. 7 1/3 mål var god eng, 3 2/3 mål var middels god, resten var ring. Sånad: 2 1/2 tunne havre, 2 tunner poteter. Avling: 12 tunner havre, 12 tunner poteter, 520 våger høy, 84 våger halm, skav som svara til 10 våger høy. I slåttene hausta dei 90 våger høy. Tangstranda på bruket gav ei nettoavkasting på 1 spd. for året. Fødnad: 8 storfe, 16 småfe. "Middels fødet. Godt Foderudkomme". Desse opplysningane er frå Herredsbeskrivelsen 1863. I folketeljinga 1865 finn me desse tala: Fødnad 8 storfe, 17 småfe, 1 gris. Sånad 2 1/2 tunne havre, 3 tunner poteter.


1832 skøyte til Nils Knutsson| for 200 spd. og kår til foreldra. Dei hadde vore brukarar på halve garden, sjå ofr. Når dei no delte garden mellom 2 søner, fekk dei kår både av bnr. 1 og bnr. 2.

Nils Knutsson 1803-1860 var g.m. Brita Olsdtr. Risnes 1805-1881. Sjå Haus s. 331.

Born:

  1. Brita 1827-, g.m. Johannes Magnesson Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 2.
  2. Kristi 1833-1834,
  3. Olav 1835-, død ved drukningsulykke.
  4. Sigrid 1837-, g.m. neste brukar,
  5. Marta 1843-, g.m. Johannes T. Skaftå, sjå Skaftå bnr. 4.


1858 skøyte til Lars Knutsson for 300 spd. og kår til verforeldra, verdsett til 135 spd. for 5 år. Kårbrevet har denne ordlyden:

"Jeg undertegnede Lars Knudsen Stokke med Curator forpligter mig herved til at svare af det mig ved Skjøde af D.D. hjemlede Brug i Gaarden Stokke Mtr. No. 108, Løbe No. 426 i Haus Thinglag af Skyld: 1 Daler 1 Ort 18 Skilling, til Nils Knudsen Stokke og Hustru Britha Olsdatter Stokke følgende aarlige Ophold for deres Livstid: 1 - Skal de have frit Huus med Lys og Brænde samt den fornødne Pleie, Tilsyn og Opvartning saavel i friske som i Sygdoms Dage.

2 - Skal for dem fødes, rygtes og tilsees, lige med Gaardens øvrige Kreature, 2 - to - Køer, 6 - sex - Smaler, og Afdrotten frit tilleveres dem. 3 - Skal, aarligen ved Michaelitid frit tilleveres dem af Gaardens bedste Avl 9 - ni - Voger Korn. 4 - Skal de have brugen af en Ager, kaldet "Trædsagren", hvortil jeg leverer den for-nødne Gjødsel, samt af Slaattestykket "Udgjærdet". Naar den ene af Kaarfolkene døer, bliver Kaaret uforandret at svare til den længstlevende, saafremt Gaarden da eller senere maatte kome i en Andens Besiddelse, men forsaavidt jeg da fremdeles maatte være Gaardens Eier, skal af Ydelserne til den Længstlevende bortfalde 3 - tre - Smalefoster, 3 - tre - Voger Korn samt Brugen af Udgjærdet. Dette Kaar værdsættes for 5 Aar til 135 Spdlr. og skal herefter med panteret paahefte indbemeldte Brug.

Nordhordlands Sorenskriverkontor.
Mjælde 3. Juni 1858.


Til vitterlighed: Lars Knudsen Stokke
Beyer. Loose. m.p.P.

Som Curator:
Knud Thomassen Stokke
m.p.P.
Skrivning: 4 ort 16
Thinglæsning 3 8
Erindring 1 16
--------------------------
1 Sp 4 ort 16 s
Betalt een Spd. fire Ort
sexten Skill. 3/6 58.
For Sorenskriveren
Beyer

Læst inden Retten ved Sommerthinget for Haus Thinglag den 4. Juni 1858 i Justitsprotocollen extraheret og i Pantebogen ordlydende indført fl. 428 hvorhos erindres, at paa indbemeldte Brug, hvoraf svares Jordafgift til Domkirkens Capellani 6 Skpr. (?) 2 Fjdkv. (?) Byg aarlig, hefter uaflæst:

Kaarbrev til Magdeli Larsdotter, dat. 23. thl. 24. Mai 1796, Udskiftning i mindelighed afholdt 22 Mai thl. 28. November 1827, Kaarbrev til Knud Knudsen og Siri Nilsdatter, dat. 21. thl. 22. Mai 1832, Markeskjelsbrev mellom Rivenæs, Skjærping og denne Gaard, thl. 22. Octbr. 1853, test.

Bøgh.



Lars Knutsson 1835-1904 var frå Stokke bnr. 5, g. 1858 m. dotter åt den førre brukaren her, Sigrid 1837-1916.

Born:

  1. Olina 1859 -, g.m. lærar og klokkar Anders A. Boge, Indre-Bruvik bnr. 2.
  2. Brita 1861-.
  3. Brita 1864-, g. 1884 m. gardbrukar Nils Haldorsson Risnes, b. Steinestø. Sjå Haus s. 331-332 og 339.
  4. Malena 1867-.
  5. Nils f. og d. 1869.
  6. Kristina 1870-, g.m. Sjur Thomasson Vaksdal, sjå Vaksdal bnr. 28.
  7. Sigrid 1873-, ug., b. Bergen, d. omlag 1938.
  8. Nikoline 1875-1923, ug., b. her og på Vaksdal.
  9. Andrea 1876 - 1929, g.m. gardbrukar Johannes Dale, Meland.
  10. Nils 1877-, brukar her, sjå nfr.
  11. Katrina 1880-1955, b. Hop, g.m. bygningsmann Olai Bjørndal.


1904 skøyte til Nils Larsson 1877-1956. g.m. Karolina Olsdtr. Stokke bnr. 4 1879-1950.

Born:

  1. Lars 1902-, brukar her, sjå nfr.,
  2. Olav 1904-1963, ug., b. her,
  3. Sigvald 1907-, motorbåtførar, b. Stavenes bnr. 17,
  4. Margit 1912-, b. Bergen, g.m. sjåfør Henrik Henrikson,
  5. Alvhild Hilma Målfrid 19**-, g.m. Arthur Vik, sjå bnr. 19 nfr.


1946 skøyte til Lars Nilsson Stokke 1902-1965, ug., gruvearbeidar og gardbrukar.


1967 skøyte til Kari Ann Vik etter testamente frå den førre brukaren Lars N. Stokke.

Kari Ann Vik f. 19** er dotter åt Alvhild og Arthur Vik, g.m. sjåfør Terje Bruvik 19**-, son åt Anna og Alfred Bruvik. Sjå bnr. 19 og Indre-Bruvik bnr. 26.

Born:
  1. Elin Margrete 19**-,


BNR. 3

Gamalt løpenr. 217. 1853 nytt løpenr. 427. Gamal landskyld 18 merker smør, 3 kanner malt, 1/4 får. Skatteskyld 26 1/4 mork smør. 1838: Ny skyld 1 dl. 1 ort 18 sk. 1868, etter at bnr. 4 var skilt frå, gamal skyld 13 1/8 mork smør, ny skyld 3 ort 9 sk. 1886: 1,08 skm. 1956: 0,18 skm.

1863 var åkervidda på bruket 5 1/6 mål. 3 mål var god åker, 1 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 24 2/3 mål. 8 2/3 mål var god eng, 4 mål middels god, resten var ring. Sånad: 3 tunner havre, 3 tunner poteter. Avling:15 tunner havre, 18 tunner poteter, 560 våger høy, 105 våger halm. Skavet svara til 10 våger høy. I slåttene hausta dei 100 våger høy. Fødnad: 9 storfe, 16 Sauer. Desse tala er frå Herredsbeskrivelsen, eit førearbeid til matrikkelen 1886. I folketeljinga 1865 finn me desse oppgåvene: 9 storfe, 18 småfe, 1 gris, sånad 3 tunner havre, 3 tunner poteter.


1787 bygsla Baste Olsson Løtveit bruket som Simon Andersson hadde hatt før. 1833 fekk Baste kongeskøyte for 300 spd. og årleg jordeavgift 7 skippund og 2/3 fjerdingkar bygg.

Baste 1760-1845 var frå Løtveit bnr. 1, g. 1788 m. Kari Simonsdtr. Stokke 1766-1845. Ho var dotter åt den førre brukaren. Sjå ofr. Ved skiftet etter Baste og Kari 1845 var bruttoen i buet vel 56 spd. Nettoen var 9 spd.

Born:

  1. Marta 1789-1802.
  2. Anna 1791-1823. ug.
  3. Dortea 1793-, g.m. Thomas Olsson Stavenes, sjå Stavenes bnr. 1.
  4. Brita 1796-, g.m. Knut Nilsson Dale, sjå Ytre-Bruvik bnr. 8.
  5. Simon 1797-, sjå Leigebuarar.
  6. Olav 1800-, d. før 1845, b. i Os, 4 born,
  7. Mons 1804-, brukar her, sjå nfr.
  8. Anders 1806, b. på Brattetaule, Radøy.
  9. Marta 1810-, g.m. Mons M. Herfindal, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  10. Baste 1813-.
  11. Baste 1816-1835.


1833 skøyte til Mons Bastesson for 200 spd. og kår til foreldra.

Mons 1804-1880 var g.1 .g.m. Brita Josefsdtr. Løtveit 1799-1838. Sjå Hosanger I del 1 s. 566-567. Ved skiftet etter Brita 1838 var dette bruket verdsett til 270 spd. Mellom lausøyret i buet var det nokre sylvsaker, m.a. ein forgylt drakering med 3 lauv, verdsett til 2 ort, og eit jomfruspenne verdsett til 3 ort. Bruttosummen i buet var 327 spd.Nettoen var 5 spd. Dette bruket vart utlagt til enkjemannen for taksten 270 spd.

Born:

  1. Josef 1830-, brukar her.
  2. Baste f. og d. 1832.
  3. Anna 1834-.
  4. Baste 1835-, b. på Reigstad i Hamre.
  5. Jon 1837-, g. 1862 m. Agate Johannesdtr. Indre-Bruvik. Sjå Skaftå bnr. 5.

Mons g.2.g.m. Ingebjørg Knutsdtr. Ytre-Bruvik bnr. 10 1807-1885.

Born:

  1. Knut f. og d. 1840.
  2. Knut f. og d. 1841.
  3. Olav 1842-, sjå bnr. 4.
  4. Brita 1845-.
  5. Anders f. og d. 1848.
  6. Kari f. og d. 1850.
  7. Mons f. og d. 1851.

Mons Bastesson delte bruket sitt 1868 mellom sønene Josef og Olav. Sjå nfr. og bnr. 4.


1868 skøyte på halve farsgarden for 100 spd. til Josef Monsson. Han skulle svara halvt kår til foreldra. Dei fekk også kår av bnr. 4. Josef Monsson 1830 - 1922 var g.1 .g.m. Anna Olsdtr. Vassdal bnr. 4 1824 -1894.

Born:

  1. Brita 1855 -, b. Bergen, g.m. bygningsmann Heldal.
  2. Mons 1857-, brukar her, sjå nfr.
  3. Ivar 1860-, b. Bergen g.m. Elevina Berg,
  4. Ingebjørg 1865-, g.m. Johannes Skaftå, sjå Skaftå bnr. 2.

Josef g.2.g. 1901 m. Agot Olsdtr. Langhelle 1848-. Dette ekteskapet var barnlaust.


Mons Josefsson var neste brukar. Han var også fabrikkarbeidar i Ytre Arna. Sjå Ytre Arna s. 61.

Mons 1857-1923 var g.1.g. 1876 m. Ingebjørg Amundsdtr. Grønås 1853-1899. Sjå Arna s. 556.

Born:

  1. Johannes Martin 1876-1877,
  2. Agot 1877-1903, ug. tekstilarbeidar, b. Ytre Arna,
  3. Anna Josefina 1881-, meierske, b. Vossestrand, g.m. Lars Larsson Vinje.
  4. Magnhild 1885, g.m. Lars Johan Rønhovde, brukar her.
  5. Inga 1887-1889,
  6. Andreas 1890, b. U.S.A.
  7. Inga 1893-1977, b. Ytre Arna, g.m. Sjur Olsson Vinje frå Vossestrand, Mons g.2.g.m. Karolina Reigstad frå Valestrand. Dette ekteskapet var barnlaust.


1912 skøyte til Lars Johan Rønhovde 1883-1960, gruvearbeidar og gardbrukar, son åt gardbrukar og skreddar Mikkel Rønhovde og kona Sygny, Valestrand.

Lars Johan g.1.g.m. Magnhild Monsdtr. Stokke bnr. 3 1885-1926.

Born:

  1. Ingeborg 1905-, b. Samnanger, g.m. Sverre Nytveit.
  2. Signe 1907-1977, b. Ski, g.m. Olav Revheim.
  3. Signe 1911-, brukar her, sjå nfr.
  4. Mons 1914-, ug. verkstadeigar, Indre Arna.
  5. Malvin 1916-1975, gardbrukar og snikkar, b. Skår, Osterøy, g.m. Alvhilda Skår.
  6. Lars Johan g.2.g.m. Brita Tomasdtr. Stavenes bnr. 1 1883. Dette ekteskapet var barnlaust.


1961 skøyte til Mons Larsson Rønhovde 1911-1961, forretningsmann, b. i Bergen, g.m. Madli Valle f. 1910.

Born:

  1. Leif Magnus 19**-, sjå nfr.,
  2. Liv 19**-, b. U.S.A.
  3. Marit 19**-, b. Bergen.


1966 skøyte til Leif Magnus Rønhovde f. 19**, b. Bergen, g.m. Marie.


BNR. 4

Stokkaneset, eller Neset. Skilt frå bnr. 3 1868. Løpenr. 427 b. Gamal skyld 13 1/8 mork smør. Ny skyld 3 ort 9 sk. 1886: 1,09 skm.


1868 skøyte til Olav Monsson for 100 spd. og halvt kår til foreldra Mons Bastesson og Ingebjørg Knutsdtr. sjå bnr.3. Heile kåret var verdsett til 165 spd. for 5 år.

Olav Monsson f. 1842 var g. 1865 m. Marta Johannesdtr. Mele f. 1842. Sjå Gjerstad s. 389 og 391.

Born:

  1. Brita 1866-,
  2. Peder 1866-, b. i USA
  3. Ingebjørg 1867-, b. Brooklyn, U.S.A., g.m. Nils Bruvik, fosterson åt Olav Grøttå, Indre-Bruvik.
  4. Johannes 1870-, kommunearbeidar, b. Bergen, g.m. Maria Håland frå Hordabø.
  5. Mons f. og d. 1873.
  6. Mons 1874-, b. U.S.A.
  7. Berta Maria 1877-, b. Bergen, g.m. Olav Takvam.
  8. Karolina 1879-, g.m. Nils Larsson Stokke bnr. 2.
  9. Andreas 1882-1914, emissær, g.m. Sofie Mikkelsdtr. Mjåtveit frå Meland.
  10. Jakob Martin 1888-1889.


1923 skøyte tgl. 1928 til Jakob J. Skaftun f. 1870, gruvearbeidar og gardbrukar, son åt Marta og Johannes J. Skaftå bnr. 2, g.m. Agot 1874-1939, dotter åt Brita og Ole J. Fossmark, sjå Fossmark bnr. 5.

Born:

  1. Margit 1895-, b. Indre Arna, g.m. Adolf Rasmussen.
  2. Borghild 1897-1935, b. Bergen, g.m. Odd Høylund Olsen. Sjå bnr. 1.
  3. Agot 1899-, b. U.S.A., g.m. Odin Mellie.
  4. Johannes 1901-, fiskar, b. U.S.A.
  5. Helga 1903-, b. U.S.A., g.m. Herman Wilos frå Estland.
  6. Ole 1905-, brukar her, sjå nfr.
  7. Einar 1907-, tekstilarbeidar, b. Stanghelle, g.m. Agnes Møster.
  8. Ester 1910-, g.m. Olav Solhaug, sjå bnr. 14 og 18.
  9. Rolf 1912, b. U.S.A.


1951 skøyte til Ole Jakobsson Skaftun 1905-, gruvearbeidar og gardbrukar, g.m. Signy 1910-1973, dotter åt smed Anders Tysse, Osterøy, og kona Andrea f. Rønhovde. Sjå Hosanger I del 2 s. 120-123.

Born:

  1. Åge Jan 19**-, sjå nfr.
  2. Harald 19**-, sjå nfr.


1974 skøyte på bnr. 4 og 10 til Åge Jan og Harald. Åge Jan f. 19**, flymekanikar, er g.m. Turid Håkonsdtr. Jørsrud frå Trøndelag f. 19**.

Born:

  1. Frank 19**-,
  2. Stig 19**-.


Harald Skaftun f. 19**, mekanikar, er g.m. Sigrun Johanna f. 19**, husmor og kasserar, dotter åt gardbrukar Karl H. Solberg og kona Bergit f. Revheim. Sjå Gjerstad s. 308.

Barn:

  1. Helge 19**-.


BNR. 5

Daglegnamn: Tomasane.

Gamalt løpenr. 218, nytt løpenr. 428. Gamal landsskyld 18 merker smør, 3 kanner malt, 1/4 får. Skatteskyld 26 1/4 mork smør. 1838: Ny skyld 1 dl. 1 ort 18 sk. 1886: 2,17 skm.

1863 var det på bruket 5 1/6 mål åker. 3 mål var god åker, 1 mål middels god, resten var ring. Engvidda var 24 2/3 mål. 8 2/3 mål var god eng, 4 mål middels god, 12 mål var ring eng. Sånad: 3 tunner havre, 3 tunner poteter. Avling :15 tunner havre, 18 tunner poteter, 560 våger høy, 105 våger halm. Skavet svara til 10 våger høy. I slåttene hausta dei 100 våger høy. Fødnad: 7 storfe, 20 sauer. Desse tala er frå Herredsbeskrivelsen, eit matrikkelførearbeid. I folketeljinga 1865 finn me denne oppgåva: Fødnad 8 storfe, 22 sauer. Sånad 2 1/2 tunne havre, 3 tunner poteter.


1832 kongeskøyte til Knut Tomasson for 603 spd. og årleg jordavgift 7 skjepper og 2/3 fjerdingkar bygg.

Knut 1792-1862 var son åt brukaren Thomas Knutsson som kom hit frå Ytre-Boge bnr. 4. Sjå ofr. Knut var g.m. Magdeli Olsdtr. Hundhamar 1796-1871. Sjå Haus s. 240.

Born:

  1. Tomas 1819-, brukar her,
  2. Brita 1822-, g.m. Tomas Johannesson Skaftå, sjå Skaftå bnr. 4.
  3. Olav 1825-1843.
  4. Knut 1831-, g.m. Margreta Johannesdtr. Indre-Bruvik bnr. 1,b. Spjeld, Askøy.
  5. Lars 1835-, sjå bnr. 2.
  6. Guri 1838-, g.m. Hans Johannesson Indre-Bruvik bnr. 1, sjå leigebuarar.
  7. Anders 1842-, sjå leigebuarar.


1859 skøyte til Tomas Knutsson for 500 spd. og kår til foreldra. Den vesle kårstova var ikkje med i salet.

1842 bygsla Tomas slåtteteigen Ravneberget under Rødberg på andre sida av fjorden.

Tomas 1819 - 1896 var g.1.g.m. Katrina Johannesdtr. Indre-Bruvik bnr. 1 1819-1866. Ved skiftet etter Katrina vart dette bruket verdsett til 400 spd. og utlagt til enkjemannen. Nettoeiga i buet var 90 spd.

Born:

  1. Brita 1844-1845,
  2. Olav 1846-, sjå Ytre Arna s. 55.
  3. Johannes 1849-, brukar her, sjå nfr.
  4. Tomas 1854-, tekstilarbeider, Dale, sjå ættesoge for Dale..
  5. Olav 1858-, tekstilarbeider, Dale, sjå ættesoge for Dale..

Tomas Knutsson g.2.g.m. Agot Olsdtr. Langhelle frå plasset Sauviksneset, 1830-1903.

Born:

  1. Anders 1867 -, g.1.g.m. Brita Teigland. G.2.g.m. Eugenia. Busett i U.S.A., i Vestfold og på Trengereid.
  2. Katrina 1870-, g. og b. på Taule, Radøy.
  3. Olai 1871-1954, g.m. Margreta Andersdtr. Stokke bnr. 1, b. Trengereiddal. Sjå Haus s. 306.


1882 skøyte til Johannes Tomasson for kr. 2400 og kår, verdsett til kr. 600 i 5 år.

Johannes Tomasson 1849-1925, steinarbeidar og gardbrukar, g.1.g. 1876 m. Brita Olsdtr. Stavenes 1847-1896.

Born:

  1. Tomas 1877-, brukar her, sjå nfr.
  2. Berta 1879-, b. Bergen, g.m. Andreas Øen.
  3. Katrina f. og d.1881.
  4. Katrina 1883-, b. Vikøy i Kvam, g.m. lærar Anders Rosseland.
  5. Ole 1885-1938, maskinsjef, b. Bergen, g.m. Olufine Olsen.
  6. Agathe 1890-1891.
  7. Olai Bertin 1892-1942, maskinist, b. Tertnes i Asane, g.m. Bergit f. Nilsen, enkja etter halvbroren Alfred, sjå nfr.

Johannes g.2.g. 1898 m. Anna Andersdtr. Stokke bnr. 1 1869-1957. Sjå bnr. 8 nfr.

Born:

  1. Berta 1898-, lærar, g.m. Anders M. Vaksdal, sjå Skaftå bnr. 7.
  2. Alfred 1900-1933, sjømann, b. Stavanger, g.m. Bergit Nilsen.
  3. Magnus 1901-, handelsbetjent, sjå bnr. 8 og Indre-Bruvik bnr. 33.
  4. Ingvald 1903-, sjå bnr. 8 og 11.
  5. Anton 1904-, sjømann, b. Sortland i Bremnes, g.m. Johanna Nilsen.
  6. Oliva 1911-, sjå festenr. 1.


1902 skøyte til Tomas Johannesson 1877-, gardbrukar og jarnbanearbeidar, g.m. Berta Olina 1877-1953, husmor, dotter åt gardbrukar Olav Mikkelson Litun og Maria Nilsdtr. f. Rongved. Sjå Gjerstad s. 341.

Born:

  1. Johannes 1901-, sokneprest i Bruvik, g.m. Sofie Hegnar frå Oslo.
  2. Olav 1903-, brukar her, sjå nfr.
  3. Malvin 1905-, sjå bnr. 12.
  4. Bertin 1908-, sjå bnr. 15.
  5. Maria 1910-, sjukepleiar, Farsund, g.m. Henry Gabrielsen.
  6. Borghild 1912-1914.
  7. Tomas 19**-, b. Ytre-Bruvik bnr. 20.
  8. Normann 19**-, b. Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr.15.
  9. Borghild 19**-, husmorvikar, Tromøya, Arendal, g.m. Arne Heier.


1948 skøyte til Olav Tomasson 1903-,ug. gruvearbeidar og gardbrukar.


FESTENR. 1 UNDER BNR. 5

1916 feste Johannes Thomasson Stokke og kona Anna Andersdtr. ei hustomt for si levetid mot avgift ein gong for alle kr. 100.


1961 tinglyst nytt bygselbrev til Olivia Johannesdtr. Stokke f. 1911 på bnr. 5 og Josefina Andersdtr. Stokke f. 1882 på bnr.1, ug. tenar, b. her.


BNR. 6

Dallund.

Skilt frå bnr. 3 1919. Skyld 0,87 skm.


1919 skøyte til Ole Johannesson Kalland, bonde og båtbyggjar, son åt Johannes Olsson Stamnes og kona Kari Davidsdtr. g.m. Ingeborg 1889-1967, dotter åt Agathe og Olav J. Vik bnr. 1. Sjå Kalland plasset Langaneset.

Born:

  1. Olga 1911-, b. Bergen, g.m. Bertin Olsson Vedå f. 19**. Sjå Veo bnr. 1.
  2. Klara 1912-1976 ug., fabrikkarbeidar, Ytre Arna.
  3. Agnes 1914-, b. Stamnes, g.m. Øystein Johnsen. Sjå Stamnes bnr. 70.
  4. Alma 19**-, g.m. Georg Martin Hilland, sjå Ytre-Bruvik bnr. 1,
  5. Judith 19**-, b. Ulvik, g.m. sjåfør Malvin Gjerde.
  6. Olly Nora 19**-, b. Årdal, g.m. Sverre Flage.
  7. Inga 19**-, b. Indre-Bruvik bnr. 46, g.m. Bjarne Olsnes.
  8. Roald 19**-, brukar her, sjå nfr.


1967 skøyte til Roald Olsson Kalland f. 19**, sjå ofr., båtbyggjar, g.m. Ingrid 19**-, dotter åt Ivar Grøtte, Lærdal i Sogn, og kona Margit Steine frå Gulen.

Born:

  1. Rolf Inge 19**-, mekanikar, b. her.
  2. Irene 19**-.
  3. Magnar 19**-.
  4. Bjørn 19**-.
  5. Ove 19**-.


BNR. 7

Bjørkelund.

Skilt frå bnr. 6 1924. Skyld 0,02 skm.


1925 skøyte til Johannes O. Vik, son åt Agathe og Ole Vik bnr. 1. Johannes hadde også skøyte på Vik bnr. 18 og var medeigar i Stokke bnr. 9.

Johannes 1892-1971 var g.m. Berta Pernilla 1890-, dotter åt gardbrukar Per Johannesson Borge og kona Brita Olsdtr. Sjå Gjerstad s. 33.

Born:

  1. Frida 19**-, b. Arnatveit, g.m. kafestyrar Odd Vik.
  2. Annlaug 19**-, b. her, g.m. Karl Hekland, sjå nfr.
  3. Bjørge 19**-, b. Indre-Bruvik bnr. 47, g.m. Ole M. Olsnes.


1972 skøyte til Karl Hekland 19**-, snikkar, son åt Maria og Ingvald Hekland, g.m. Annlaug 19**-, dtr. åt Berta Pernilla og Johannes Olsson Vik. Sjå ofr. og Skaftå bnr. 33.

Born:

  1. Johnny 19**-, mekanikar,
  2. Idar 19**-, telegrafist, g.m. Anna Kristin Erstad,
  3. Arve 19**-, fabrikkarbeidar, Espeland.


BNR. 8

Nordhaug.

Skilt frå bnr. 1 1926, Skyld 0,03 skm.

1926 skøyte til Anna A. Stokke, enkja etter Johannes Thomasson Stokke. Sjå bnr. 5 ofr.

1962 skøyte til Magnus J. Stokke f. 1901. Sjå Indre-Bruvik bnr. 33.

1973 skøyte til Ingvald Stokke. Sjå bnr. 11.


BNR. 9

Naustdalsneset.

Skilt frå bnr. 6 1928. Skyld 0,01 skm.

1929 skøyte til Johannes og Martin Olsson Vik.

Huslydopplysningar om Johannes Vik finn ein under bnr. 7. Versonen Karl Hekland overtok hans ideelle halvpart i bnr. 9 ved skøyte 1972.

Martin O. Vik 1892-, gruvearbeidar, er son åt Agathe og Ole Johannesson Vik bnr. 1, g.m. Johanna Mathilda 1895-, dtr. åt Brita og Per J. Borge. Sjå Gjerstad s.33.

Born:

  1. Olav 19**-, ug. fabrikkarbeidar, b. her.


BNR. 10

Utgjerdsneset.

Skilt frå bnr. 4 1936. Skyld 0,02 skm.

1936 skøyte til Ole J. Skaftun. Han fekk skøyte på bnr. 4 1955. Bnr. 4 og 10 har seinare hatt same eigarar.

1974 skøyte til Åge Jan Skaftun 19**-, og Harald 19**-, på bnr. 4 og 10. Huslydopplysningar: Sjå bnr. 4.


BNR. 11

Vårtun.

Skilt frå bnr. 2 1936. Skyld 0,02 skm.

1937 skøyte til Ingvald Johannesson Stokke og kona Olaug.

Ingvald 1903-1977 var frå Stokke bnr. 5. Olaug f. 1907 er dtr. åt gardbrukar og tekstilarbeidar Andreas Kvåle, Sogndal, og kona Marta f. Menes frå Hermansverk.

Born:

  1. Jostein 19**-, styrmann.
  2. Magnbjørn 19**-.
  3. Arnhild 19**-.


BNR. 12

Solbø.

Skilt frå bnr. 5 1937. Skyld 0,02 skm.

1937 skøyte til Malvin Thomasson Stokke og kona Ragna Kathinka. Malvin f. 1905-, gruvearbeidar, er frå Stokke bnr. 5. Ragna Kathinka f. 1905 er dtr. åt Rasmus Eriksen, Vaksdal, og kona Kari Thomasdtr. f. Jamne. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne og Jamne bnr. 7.

Born:

  1. Ester 19**-, g.m. kontorfullmektig Helge Hekland.
  2. Oddvar 19**-, mekanikar, b. Valestrandsfossen, g.m. Bjørgny.
  3. Ruth 19**-, b. Voss, g.m. Ivar Tvilde.


BNR. 13

Gamletunet.

Skilt frå bnr. 4 1962. Skyld 0,01 skm.


1963 skøyte til Margit Rasmussen f. 1895, dtr, åt Ågot og Jakob Skaftun på Stokke bnr. 4, g.m. Adolf Rasmussen 1902-, sjåfør, Indre Arna, son åt skomaker Nils Rasmussen, Bergen.

Born:

  1. Ruth 19**-, g.m. Torleif Tyssedal, sjå nfr.


1972 skøyte til Ruth Tyssedal 19**-, dtr. åt Margit og Adolf Rasmussen, sjå ofr., g.m. Torleif Tyssedal 19**-, snikkar, son åt Guri og Søren Tyssedal.

Born:

  1. Geir 19**-.
  2. Ståle Atle 19**-.
  3. Terje 19**-.
  4. Rune 19**-.


BNR. 14

Neshaugen.

Skilt frå bnr. 4 1963. Skyld 0,01 skm.

1973 skøyte til Ester Solhaug på bnr. 14 og 18.

Ester f. 1910 er dtr. åt Ågot og Jakob Skaftun, Stokke bnr. 4, g.m. Olav Solhaug 1912-, son åt frakteskippar Johannes Leiren, Stamnes, og kona Ingeborg f. Brørvik. Sjå Kallvik bnr. 2.

Born:

  1. Elin 19**-, kontorfullmektig, g.m. Hans Svarstad.
  2. Tor 19**-, ingeniør.
  3. Marit 19**-.


BNR. 15

Nesjahaug.

Skilt frå bnr. 2 1968. Skyld 0,01 skm.

1968 skøyte til Bertin Stokke 1908-, lærar, b. Bergen, son åt Berta Olina og Thomas J. Stokke bnr. 5, g.m. Petra 1907-, dtr. åt Arne Devik, Gloppen i Nordfjord, og kona Anna f. Eide frå Hosanger.

Born:

  1. Tor 19**-, assurandør, b. Bergen, g.m. Gullborg Alise f. 19**.
  2. Per Otto 19**-, kokk og avdelingsleiar, b. Stend, g.m. Inger Elise f. 19**.


BNR. 16

Einetun.

Skilt frå bnr. 1 1968. Skyld 0,01 skm.

1968 skøyte til Jan Henrik Høylund Olsen 19**-, og kona Frida 19**.

Jan Henrik er son åt Odd Høylund Olsen. Sjå bnr. 13 ofr.

Born:

  1. Ruth 19**-, b. Bergen, g.m. Henrik Varberg.
  2. Anne Berit 19**-.


BNR. 17

Bjørkhaug.

Skilt frå bnr. 1 1968. Skyld 0,01 skm.

1968 skøyte til Ingvald Ukvitne 1914-, og kona Erna 19**-.

Ingvald er frå Odda, politibetjent i Bergen. Erna er sjukepleiar og husmor, dtr. åt Sigrid og Anton Nilsen, Odda.

Born:

  1. Sigrid 19**-, g. og b. på Utne i Hardanger.
  2. Ivar 19**-, lærar, b. Bergen.


BNR. 18

Neshaugen.

Skilt frå bnr. 4 1969. Skyld 0,01 skm.

1973 skøyte på bnr. 18 og 14 til Ester Solhaug 1910-, sjå bnr. 14.


BNR. 19

Træet.

Skilt frå bnr. 2 1972.

1973 skøyte til Arthur Vik 19**-, bussjåfør, son åt bakar Anders Vik, Bergen, og kona Astrid f. Birkeland, g.m. Alvhild Hilma Målfrid 19**-, dtr. åt Karolina og Nils Stokke. Sjå Vik bnr. 4 og Stokke bnr. 2.

Born:

  1. Kari Ann 19**-, g.m. Terje Bruvik, sjå Stokke bnr. 2.


BNR. 20

Remane-Nipeli.

Skilt frå bnr. 3 1974. Skyld 0,02 skm.

1974 skøyte til Åge Jan Skaftun 19**-, og Harald O. Skaftun 19**-.

Dei eig også bnr. 10.


LEIGEBUARAR

1611 finn me i landskattelista for husmenn Olav Stokke. Olav Stokke er også nemnt 1629-30. Han var då stemnd til å møta på tinget, men møtte ikkje. Han fekk ei pengebot på 1/2 dl.

Ein annan leigebuar på Stokke Lars Monsson, møtte også for retten 1629-30. Lars var lausekar, og hadde drive med ulovleg linefiske. "Laurids Mogensøn en Løs Dreng laa Paa Stocke og brugte Linner mod forbudt bød derfore penge - 2 Dr. Oluff Stocke war Steffnd Till Tings møte iche bød derfore Penge -1/2 Dr."


Olav Olsson Stokke og kona Anna d. 1704 budde til leige her på 1600- talet.

Born:

  1. Johannes f. 1639-.
  2. Lars 1650-, sjå nfr.,
  3. Ei dotter d. 1695.


Lars Olsson Stokke f. 1650 d. før 1701 budde til leige her med huslyden sin på slutten av 1600-talet. Samstundes heitte ein av brukarane Lars Knutsson. Det er vanskeleg å halda i frå einannan borna åt Lars Olsson og Lars Knutsson med dei sparsame kyrkjebokopplysningane som finst. Sjå ofr. under brukarar før 1832.


1745 budde Lars Nilsson Stokke og kona Marta her. Sonen Johannes var døypt det året. Dei har truleg vore tenestefolk. Me vantar fleire opplysningar om dei.


1777 vart Johannes Monsson Lone g.m. Dorthea Johannesdtr. Stokke.

Dei budde her dei fyrste åra dei var gifte.

Born:

  1. Mons 1778-.
  2. Johannes 1779-.


Anders Knutsson Stokke f. 1758, var son åt ein av brukarane her, Knut Nilsson Havrå og 2.kona Magdeli Larsdtr. Stokke. Anders var gift 2 gonger. Namnet åt fyrste kona ikkje kjent. Dei hadde ein son, Jakob 1781-, brukar på Vik bnr. 5.

Anders g.2.g. 1797 m. Synneva Magnesdtr. Hekland bnr. 1.


Simon Bastesson Stokke bnr. 3 1797-, g. 1820 m. Brita Andersdtr. Kyrkje-Bruvik bnr. 2 1789 -, Simon var lønsarbeidar då han budde her. 1831-33 hadde han ein tinglyst pantobligasjon i Rødberg for 150 spd. Han flytte med huslyden sin til Brattetaule på Radøy i midten av 1830-åra.

Desse borna var fødde på Stokke:

  1. Anders f. og d. 1821.
  2. Kari 1822-.
  3. Kristi 1825-.
  4. Marta 1828-.
  5. Brita 1830-.
  6. Anders 1834-.


Anders Knutsson Stokke frå bnr. 5 1842-1889 og kona Anna Johannesdtr. budde her kring 1870.

Born:

  1. Anna 1869-.
  2. Margreta 1872-.


1877 budde jarnbanearbeidar Jan Erik Finne og kona Brynhild Torsteinsdtr. her. Dei fekk då ei dotter, Anna 1877-, døypt i Bruvik.


Nils Nilsson, jarnbanearbeidar, og kona Anna Sofie Nilsdtr. hadde ein son, Hans, til dåpen 1878.


Hans Johannesson Indre-Bruvik bnr. 1 1827-, g. 1863 m. Guri Knutsdtr. Stokke 1838 på bnr. 5. Hans er oppført som dagarbeidar utan jord i folketeljinga 1865. Likevel fødde dei 2 kyr og 5 sauer. Hans og Guri skal seinare ha busett seg på Vikno i Haus. Born:

  1. Malena 1862-.
  2. Margreta 1865-.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy