Statuttane for jordbruksfondet i Bergsdalen

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 11:25, 24 oktober 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Statuttane for jordbruksfondet
i Bergsdalen


§ 1.

          Jordbruksfondet skal vera til framhjelp og utviding av gardsbruka i Bergsdalen, til nydyrking, bureising, kulturbeite, grøfting, skogplanting, vyrdsling av skog, jord, fremjing av feavlen, i det heile til å fremja jordbruket og dei næringar som stend i samband med dette.

§ 2.

          Dugande, strevsame bønder eller borni deira, som skal verta gardbrukarar, kan gjevast studnad av fondsrentone til å koma seg ut for å sjå og læra rasjonell gardsdrift. Det kan og gjevast studnad til dei som ynskjer gå kurs eller skular som gjev opplæring i jordbruk eller skogbruk.

§ 3.

          Fondsmidelen kan ikkje rørast, og han vert å setja ut slik som fastsett for midlar til offentlege stiftelsar.

§ 4.

          Dersom rentone eller ein del av dei innan ein tidsbolk av 4 -fire - år ikkje vert nytta, grunna at det ikkje er søkjarar, eller søkjarar som styret finn ikkje oppfyller fondet sine krav, vert rentone å leggja til fondet og vert då urørlege. Tildelingi skjer på beste måte, sovidt mogeleg med omsyn til trong og etter grunngjeven søknad, som vert å senda fondsstyret innan 1. januar kvart år.

§ 5.

          Det skal førast møtebok og serskild rekneskap for jord-dyrkingsfondet, og rekneskapen skal innan 1. juli kvart år i ettersett stand, saman med årsmelding, leggjast fram for heradsstyret til godkjenning.

§ 6.

          Jordbruksfondet skal styrast av 5 mann, valde av heradsstyret, derav 2 frå Bergsdalen, 1 frå jordstyret og 2 frå heradsstyret, dessutan 3 varamenn. Dei vert valde for 4 år om gongen og kan, om dei er viljuge til det, attveljast. Styret vel seg i millom formann, varaformann og kassastyrar. Styret skal kontrollera at dei tildelte midlar vert nytta i samsvar med vedtektene og etter planar godkjende av jordstyret. Styret er vedtaksført når 3 av dei møter. Ved likt røystetal har formannen 2 røyster.

§ 7.

          Desse vedtektene kan brigdast dersom Heitalet av fondsstyret finn det turvande, men brigde eller andre vedtekter kan ikkje gjerast gjeldande før dei er framlagde for heradsstyret og godkjende av Departementet.


Rett avskrift.
Evanger formannskap 1/10 1951.
ført inn i grunnboka den 20. oktober 1969
For ord.
N. J. Horvei.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy