Stamnesleiro

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
(HUSFOLK)
('''BNR. 1''')
Line 66: Line 66:
-
'''1776''' kom '''Hallstein Johannesson''' og kona Kari Johannesdtr. hit, truleg frå Voss. Same året fekk Hallstein skøyte hjå Nils Monsson Våge for 66 rdl. Hjå von Holc fekk han same året skøyte på husa som stod her og 4 kyr, 6 geiter og 6 sauer m.m. for 350 rdl. Hallstein dreiv også gjestgjeveri, men 1776 og 1798 vart det opplyst på tinget at han berre hadde øltapperi. Han døydde 1825 87 år gamal.
+
'''1776''' kom '''Hallstein Johannesson''' og kona Kari Johannesdtr. Hallstein var fødd 1730 på Berge i Vetsbygda, Bulken. Kari var fødd 1742 på Lidsheim i Vestbygda, Bulken. Sjå [http://www.ullstad.com/index.htm?/vossaboki/vossaboki_volume_2.htm Vossaboki ]. Same året fekk Hallstein skøyte hjå Nils Monsson Våge for 66 rdl. Hjå von Holc fekk han same året skøyte på husa som stod her og 4 kyr, 6 geiter og 6 sauer m.m. for 350 rdl. Hallstein dreiv også gjestgjeveri, men 1776 og 1798 vart det opplyst på tinget at han berre hadde øltapperi. Han døydde 1825.
Born:
Born:
Line 155: Line 155:
<center>
<center>
 +
==='''BRUK 2, ALMELUND'''===
==='''BRUK 2, ALMELUND'''===
</center>
</center>

Versjonen frå 19:03, 10 juni 2015

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Stamnesleiro.


GNR. 46 STAMNESLEIRO


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg i austre delen av innmarka åt Stamnesgarden ved den gamle lendeplassen Leiro, der det var ei god hamn som vart mykje bruka både av gardsfolket og dei som for etter fjorden. Her var utmark og beitemark til ikring 1750, då det vart teke opp eit husmannsplass.

1760 fekk bygselmannen i Stamnesleiro kongeleg løyve til å driva gjestgjeveri. Føremålet skulle vera å gje «Reysende saavelsom andre Behøvende Logementer samt Spise og Drikke til Nødtørftighed for en billig Penge». 1776 og 1798 vart det opplyst på tinget at her berre vart drive øltapperi. Om gjestgjevarar, sjå nedanfor under brukarar.

1776 vart det halde skyldsetjing og Stamnesleiro vart skilt ut som sjølvstendig gard med gnr. 89 i Vatsværn Thinglag. Ved matrikuleringa 1838 fekk garden matrikkelnr. 2 l.nr. 5 og skylda vart sett til 1 ort 15 sk. Revidert 1853: 2 ort 1 sk. 1886 vart skylda gjort om til 0,60 skin. Garden hadde frå då til 1964 gnr. 57 i Bruvik herad.

Gardsnamnet vart skrive: Leyreth 1762, Stamnes-Leiren 1778, Stamnæsleiren 1846. Bygdemålsuttalen er Stabbnæsleiro.

Grensene vart skriftfeste ved skyldsetjinga 1776 og seinare ved minneleg utskifting 1837 og utskifting på Øyo, tinglesen 1917. 1944 vart det tinglese grensegangsforretning mellom bnr. 1 på denne garden og bnr. 7 og 13 på Stamnes.

Leiro grensar i vest mot Stamnes bnr. 13. Grensa fylgjer her gardsvegen til Stamnes. Mot nord er grensa ei bein line. På andre sida av grensa eig bnr. 7. Mot aust fylgjer grensa ein bekk som kjem frå fjellet. Der er ikkje utmark til bruket.

1863 vart åkervidda mælt til 2 2/5 mål. 1 1/3 mål var god åker, 4/5 mål, middels god, resten var ring. Bøen var på 8 3/1 mål. 6 4/5 mål var god bø. Resten var middels god. Her var ikkje dyrkingsjord. Sånaden var 2 1/2 t. havre, 2 t. poteter og dei hausta 9 t. havre, 8 t. poteter, 300 v. og 63 v. halm. I tillegg til dette kom avlinga på Vik bnr. 2. Fødnaden var på 3 kyr, 1 ungfe og 12 sauer. Garden var godt dyrka. Her var lettbrukt, men skinlendt.

1963 var det på dette bruk og på Vik bruk 2 18 mål innmark. Fødnaden var 2 kyr, 1 ungfe, 5 sauer, 1 gris.

Jordsmonnet på innmarka er sand og leir. Jordvidda er om lag 13 mål. I tillegg til dette kjem Vik bnr. 2, som brukaren i Leiro kjøpte 1846. Der er det om lag 5 mål innmark, nokre skogteigar og ein del utmark.

Gnr. 46 femner ikkje om heile det området som frå gamalt er kalla Leiro eller Stamnesleiro. Om fleire av dei bruksnummer som høyrer under Stamnes, vert det vel til dagleg sagt at «dei ligg i Leirene». Dette gjeld vel Stamnes bnr. 2 Leirehaugen og bnr. 52 Leirtun og kanskje nokre fleire

Stamnesleiro har beiterett både i heimehamna og fjellhamna åt Stamnesgarden. Dei har sæterhus på Øyadalen saman med bnr. 7. Kvernstøe hadde dei i eldre tid i Kvernhusdalen. Fiskerettar høyrer bade til dette bruk og til Vik bnr. 2. Fiskeretten i Leiro vert no ikkje nytta. Det vert derimot fiskeretten på Vik. Sjå Vik bnr. 2. Der vert det også teke ut sand. 1893 vart det tinglyst ei fråsegn, der brukaren i Leiro gav Hjelmås Teglverk rett til å byggja transportbane og lastebryggje.

Garden var udelt til 1934, då det vart fråskilt ei hustomt. Sjå bnr. 2 Almelund. Seinare er det fråskilt fleire mindre stykke, men det eine av dei, bnr. 3, er samanføyd att med bnr. 1, som 1956 har 0,58 skm.

Brukarane har vore sjølveigarar frå 1776 då Nils Monsson Våge i Samnanger gav skøyte til brukaren Hallstein Johannesson. Nils Våge var ein av dei som åtte part i Stamnesgarden. Sjå Stamnes. 1775 vart det tinglyst skøyte frå Hallstein Johannesson Stamnesleiro til Mons Nilsson Vågen på ein rydningsplass. Dersom dette skøytet gjaldt Stamnesleiro, må salet ha vore gjort omatt ved skøytet 1776.


BRUKARAR

BNR. 1


Dei fyrste som burette seg her var Johannes Olsson Toskedal og kona Gjertrud Nilsdtr. Stamnes. 1711 og 1718 er dei oppførde som leiglendingar på garden. Sjå ovanfor. 1759 åtte dei eitt hus og eit naust som stod her i Leiro. Dei døydde båe 1763.


1759 vart det tinglyst bygselsetel frå Nils Monsson Våge, Samnanger, til løytnant Frederick Christian von Holc. Han vart g. 1753 i Evanger kyrkje med jomfru Anna Dorthea Barklay de Tolli, dotter åt major Barklay som då budde på Voss. Bygselbrevet gav von Holc rett til å rydja plasset her og setja seg opp naudsynte bustadhus, ei borgstove, eit eldhus, eit stabbur, ein flor med løe, naust og «en Urtehave til Fornødenheå». I den sams fehagen åt Stamnesgarden skulle han ha beiterett åt 2-3 kyr og 6 geiter eller sauer, men ikkje meir. Han skulle skaffa seg ved sjølv, og ikkje hogga i skogen utan serskilt løyve. Grunnleiga skulle vera 4 danske mark for året. Det vart dessutan gjeve fråsegn om at så snart bruket åt Johannes Johannesson Stamnes vart bygselledig (truleg bnr. 1) skulle von Holc ha fyrsteretten til å bygsla dette bruket. Leiglendingane og husmennene på Stamnesgarden måtte ikkje leggja vanskar i vegen for herr løytnanten, men heller hjelpa han med rydja opp plasset, som også var til beste for garden.


1760 fekk von Holc gastgjevarløyve, og same året fekk han skøyte på Stamnes kyrkje for 60 rdl. hjå smedmeister Ole Blege, Bergen. Han sette opp ei kontrakt med ombodsmennene åt kyrkja, der han tok atterhald om fri stolestad i kyrkja og fri gravferd i koret åt seg, kona og born. 1765 vart von Holc kaptein og sjef for det vossiske kompani. Same året lånte han noko pengar mot pant i husa sine i Leiro. Desse husa var eit bustadhus med kammers, ein for og løe og eit geithus. Stamneskyrkja selde von Holc 1768. Noko seinare kjøpte han Myking Annekskyrkje. 1776 selde von Holc rydningsretten, husa og krøtera sine her, og flytte til Bergen der han døydde 1777 63 år gamal. Kona døydde 1806 70 r gamal.

Born:

Fredrich Christian f. 1762 d. 1791.
Morten Pruns f. 1763.
Susanne Dorthea f. 1767.
Anna Christina f. 1769.
Jakob Andrene f. 1771 d. 1846. Skippar.

Her skal og ha vore tingstad. Tett ved Leiretunet var herbyrgestova åt presten som han tok inn i når han kom inn til Stamnes og skulle halda messe. (Sjå soga om Stamneskyrkja s. 98f.).


1776 kom Hallstein Johannesson og kona Kari Johannesdtr. Hallstein var fødd 1730 på Berge i Vetsbygda, Bulken. Kari var fødd 1742 på Lidsheim i Vestbygda, Bulken. Sjå Vossaboki . Same året fekk Hallstein skøyte hjå Nils Monsson Våge for 66 rdl. Hjå von Holc fekk han same året skøyte på husa som stod her og 4 kyr, 6 geiter og 6 sauer m.m. for 350 rdl. Hallstein dreiv også gjestgjeveri, men 1776 og 1798 vart det opplyst på tinget at han berre hadde øltapperi. Han døydde 1825.

Born:

Anders f. 1767. B. Hesjedal, Dale sokn i Bruvik.
Styrk f. 1772. Sjå Kvamme bnr. 2.
Johannes f. 1774. Bygsla Vetla Hornve på Voss 1817.
Barbro f. og d. 1776.
Barbro f. 1777 d. 1781.
Olav f. 1779. Brukar her.
Barbro f. 1781 d. 1782.
Barbro f. 1883 d. 1826.
Kollbein f. 1786 g.m. Anna Larsdtr. Kallestad. B. på Nedre Mjelde i Haus. SA p1. Vikehagen under Vik, St.


1805 odelsskøyte til Olav Hallsteinson på garden med gjestgjevarstad m.m. Same ret gav han kår til foreldra. 1811 vart det tinglyst gastgjevarløyve for Olav. Han var lagrettemann 1819 og 1837, han var ein av skjønsmennene ved utskiftinga på Kvåstad. Olav f. 1779 d. 1859 var g. 1809 m. Brita Larsdtr. Verpelstad f. 1773 d. 1861.

Born:

Johannes f. og d. 1809.
Hallstein f. 1811. Brukar her.
Lars f. 1813 d. 1814.


1837 skøyte til Hallstein Olsson for 100 spd. og kår til foreldra. 1846 fekk han skøyte på Vik bnr. 2, som sidan har fylgt dette bruket. Hallstein f. 1811 d. 1877 var g. 1. g. 1831 m. Eli Bessedtr. Stamnes bnr. 7 f. 1811 d. 1846. Ved skiftet etter Eli vart Stamnesleiro verdsett til 200 spd. og Vik bnr. 2 saman med lausøyre vel 87 spd. Nettoen i buet var 115 spd. Garden vart utlagd til enkjemannen.

Born:

Brita f. 1831. Sjå husfolk.
Olav f. 1833 d. 1834.
Guri f. 1835 g.m. Anders O. Kvåstad, sjå Kvåstad bnr. 1.
Olav f. 1837. Brukar her.
Besse f. 1839 d. 1840.
Besse f. 1840 d. 1919.
Lars f. 1843.
Eli f. 1843. Sjå husfolk.
Eli f. 1847 d. 1920. Sjå Stamnes festenr. 1 under bnr. 2.

Hallstein g. 2. g. m. syskinbarnet sitt, Kari Kolbeinsdtr. Nedre Mjelde f. 1822 d. 1911.

Born:

Olav f. 1849. Handelsmann i Bekkjarvik, Austevoll.
Kolbein f. 1850 d. 1851.
Anna f. og d. 1852.
Johannes f. 1853.
Anna f. 1855 g.m. Olav A. Stamnes, sjå Stamnes bnr. 2.
Hallstein f. 1849. Sjå husfolk.
Kolbein f. og d. 1863.


1871 skøyte til Olav Hallsteinson for 300 spd. og kår verdsett til 150 spd. i 5 r. Olav f. 1837 d. 1915 vart g. 1863 m. Maria Johanncsdtr. Kvamme bnr. 1 f. 1838 d. 1928.

Born:

Eli f. 1864.
Anna f. 1864 g.m. Jon J. Myster. Sjå Stamnes bnr. 52.
Hallstein f. 1866. Brukar her.
Dorte f. 1869 g.m. O. K. Dyvik, Stamnes bnr. 4.
Karoline f. 1871 g. 1. g. m. Askjel A. Kvåstad bnr. 2, g. 2. g. m. Haldor Kvåstad.
Johannes f. 1873. Sjå Kallvik bnr. 2.
Brita f. 1875 g.m. fabrikkstyrar Hans Hansen, Grorud.
Olav f. og d. 1876.
Maria f. 1877 g.m. Besse B. Stamnes bnr. 7.
Olav f. 1879 g.m. Brita Magnesdtr. Sandal. B. i Canada.
Karl f. 1881. Farmar i Canada.
Nils f. 1883. Sjå Stamnes bnr. 32.


1888 skøyte til Hallstein Olsson for kr. 1.300,- og kår. Attåt gardsdrifta dreiv han som jekteskippar. Han var med i heradstyret og møtte i sjøretten som kunnig i skipsføring og sjømannskap. Hallstein f. 1866 d. 1934 var g.m. Ingeborg Matiasdtr. Brørvik f. 1870 d. 1953.

Born:  :Maria f. 1897. Sjå husfolk.

Ingebjørg f. 1900 d. 1910 ved drukningsulukke.
Dagny f. 1902 d. 1923.
Olav f. 1903. Brukar her.
Margreta f. 1905 g.m. Anders Kvåstad, Stamnes bnr. 24.
Borgny f. 1906 g.m. gardbr. Knut Simmenes.
Mathias f. 1908. Sjå bnr. 5.
Håkon f. 1910. Sjå bnr. 4.
Gunnar f. 1912. Disponent, g.m. Magda f. Evensen. B. i Fana.
Sverre f. 1913. Fartyeigar, g.m. Olga f. Magnussen. B. i Fana.
Erling f. 19**. Sjå Vik, Stamnes bnr. 11.


1944 skøyte til Olav Hallsteinsson Leiren for kr. 4.000,— og kår til mora. Han eig også bnr. 3. Olav f. 1903 er gardbrukar og fiskar. Har vorc med i heradstyret, likningsnemnda og ymse andre kommunale nemnder. Er g.m. Kristina f. 1911, dotter åt gardbrukar Mikal Hisdal, Samnanger f. på Kyrkje-Bruvik og kona Madli f. Stanghelle.

Born:

Irene f. 1943 d. 1944.
Hallstein f. 19**.
Magnar f. 19**.
Anfrid Irene f. 19**


BRUK 2, ALMELUND

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1 1934 .

Selt 1950 til Olav Hallsteinson Leiren for kr. 5.000,—.


BRUK 3

Skilt frå bnr. 1 1936, men samanføyd att same året.


BRUK 4, STRANDVOLL

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1 1942 og selt til Håkon Hallsteinsson Leiren for kr. 3.000,—. Håkon f. 1910 er snikkar, b. i U.S.A. g.m. Anna Hagen frå Vik bnr. 4 f. 1911.

Born:

Hall,
Mildred,
Terje,
Bjørn Dag,
Jon Stig.


1949 skøyte til Mathias H. Leiren for kr. 6.000,— Sjå Stamnes bnr. 52.


BRUK 5, STRANDVOLL

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1 1949.

Selt til Mathias Hallsteinson Leiren for kr. 400,—. Sjå Stamnes bnr. 52.


HUSFOLK

1852 vart Styrk Hallsteinson Fylingslid f. 1827 g.m. Brita Hallsteinsdtr. Stamnesleiro f. 1831 d. 1862. Dei budde her så nær som 1 års tid då dei pakta gard på Mo.

Born:

Eli f. 1852.
Marta f. 1854.
Guri f. 1859.

Styrk g. 2. g. m. syster åt Brita, Eli Hallsteinsdtr. f. 1843.


Jekteskippar Kornelius Ivarsson Stokdal og kona Maren Serine Larsdtr. budde her:

Dei hadde ei dotter:

Lina Marie f. 1879.


1885 vart Hallstein Hallsteinsson Stamnesleiro f. 1859 g.m. Maria Andersdtr. Stamneshagen, Stamnes bnr. 21 f. 1863.

Dei hadde desse borna:

Hallstein f. 1885 g., b. i U.S.A.
Brita f. 1887, g., b. i U.S.A.
Karoline f. 1890, ug., b. Dale.
Ingeborg f. 1892 g.m. Hilmar Sellevold. Sjå ættesoge for Dale., ættesoge.
Amanda f. 1895 g.m. Ole I. Hesjedal. Sjå ættesoge for Dale., ættesoge.
Konrad f. 1900 g.m. Johanna Olsnes, b. Dale.
Hjalmar f. 1904 g.m. Hjørdis Meyer. Sjå ættesoge for Dale., ættesoge.


1916 vart motormaskinist Berge Ingebrigtson Tysse f. 1890 g.m. Maria Hallsteinsdtr. Stamnesleiro f. 1897. Dei flytte sidan til Fjellskålnes der dei kjøpte gard.

Born:

Harald f. 19**.
Halstein f. 19**.
Ingrid f. 19**.
Ivar f. 19**.
Trygve f. 19** g.m. Aslaug Olsdtr. Hesjedal. B. Stamneshagen.
Konrad f. 19**.
Håvard Knut f. 19**.
Ingebjørg f. 19**, g. og b. i USA.
Signe f. 19** g.m. Anfinn Hopsdal, b. Fjellskål i Hosanger.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy